torsdag, oktober 30, 2008

Dårlig til å oppdatere for tida....

Det er lite som skjer for tida. Vel, på hundefronten, i alle fall. Jobbmessig har det vore særdeles travelt, og overskuddet har mangla i det siste.

Derfor har eg meldt meg på kurs i rallylydighet som skal gå sju mandagar framover, og det begynner på mandag. Håper å få ny inspirasjon og lyst derifrå. :-)

Ellers har me merka endring hos begge hundane etter besøk hos dyretolk i forrige veke. Joey er piggare, mjukare i kroppen, og meir MED, liksom. Han får ikkje dei lengste turane lenger, og ser ut til å trivast med det.

Ayla er roligare. Littegranne, i allefall. Ho har hatt litt matvegring dei siste vekene, og etter at me var hos dyretolken som sa ho var øm i gommane, har me bløyta maten heilt opp til henne. Tidlegare har dei fått tørrforkulene i skåla med litt vatn oppi, og så har dei nærmast slukt det. Men altså ikkje Ayla dei siste vekene.
Det første måltidet med heilt oppbløtt mat slukte ho. Og det neste, og det neste og så vidare. Så kan ein dømma sjølv om dyretolken hadde rett i ømme gommar eller ikkje. :-)

Når det gjeld atferda til Ayla, så fekk eg besøk av ei venninne på helgebesøk i dag. Ayla har ikkje sett henne på eitt år, og eg var mildt sagt tvilande til korleis dette skulle gå. Det gjekk heilt glimrande! Ute på tur seinare på ettermiddagen traff me ein del folk, og alle passeringane gjekk gullgodt, sjølv om eg feiga ut og stilte meg ein meter vekk frå stien i staden for å passere i fart. Me kjem dit... berre ikkje i dag...

Neste år har eg veeeeeldig lyst til å melde meg på sommerleir på Troll Hundeskole. Den er driven av Anne Lill Kvam som har skrive "Nesearbeid for hund" 

Ellers trur eg planen neste år må bli å halda ein del kurs sjølv, etter at eg har gjort ferdig dei to siste helgene på Fjellanger si instruktørutdanning.

Og nå gledar eg meg til å starte på eit kurs der eg har praktisk talt ingen forkunnskaper frå før! :-) Det blir kjekt!!!

fredag, oktober 24, 2008

Besøk hos dyretolk. Ayla.

Ayla fra tur i dag. Det blåser opp til storm.


Kaos i hovudet.

Stressa. Nesten hyperaktiv.
Kva er vitsen med oppdragelse? Eg gjer som eg vil.
Stiv i krysset
Vondt i hovudet
Litt vondt i halsen
Stram i muskulaturen
Usikker på folk. Veit ikkje kor ho har dei.
Der eg er, er det greit å vær å trene og helse på folk.
Føler meir tilhøyrighet til meg. 
Ho føler at me forstår henne, men ho forstår ikkje alltid oss. 
Ho er ikkje alltid sikker på at me kjem tilbake når me går. Ho liker seg ikkje åleine.
Travelt i hovudet.
Det virker som om tarmtottane ikkje er heilt som dei skal vera..Dette kan kvitløk hjelpe mot.
Ho er øm i gommane, som om ho har gnagd mykje bein, men det kan også vera av stresset.
Ho blir glad når ho får noko til. 
Ho likar å gå spor og bruke seg sjølv. Men ho er ikkje alltid heilt sikker på kva ho skal gjer.
Joey har fortalt at andre hundar er skumle, og at mennesker var lurt å vera skeptisk til. 
Ho er født stressa.Rødt gir for mykje energi, og me blei råda til å IKKJE ha raudt halsband på Ayla. Ho liker grøne eller rosa fargar.

Ho er ikkje spesielt plaga av dei innbilte drektighetane ho har vore gjennom, og ønsker ikkje kvalpar.  Det kan godt hende at etter healing vil ho ikkje lenger oppleve dei innbilte drektighetane lenger.
Ayla kjenner Olaug frå tidligare liv. ”Ho har vore mor mi”.Ho er spesielt glad i far.Ho kan også få ingefær mot leddsmerter. Og magnesium mot uro. Antioksidanter mot stress. Begge knea bak har plager.Kan få massasje av øyrer. 45 grader rett ut. To-tre gonger til dagen.


Dette med stress kan eg så absolutt kjenne igjen. Det er ikkje første gongen eg har fått den kommentaren.

Kaos i hovudet kjenner eg også igjen. Det kan godt hende det er derfor ho har problemer med å skille på mine signalord. Kanskje eg skal introdusere signalord inne først, i stadenfor ute. 

Besøk hos dyretolk. Joey.

I går var endelig tida inne for at me hadde time hos dyretolk. Eg har gått og grugleda meg i vekesvis nå, og tida har gått sååååå seint!! :-)

Først ute var Joey. Og for å seie det slik, om eg hadde hatt det minste tvil på førehand, ville den forsvunne umiddelbart då dyretolken begynte å snakke.

Joey er sliten. Han har vondt i kroppen. Men vil ikkje vise det. Han har ei "oppdragarrolle i heimen ovanfor 'dei små' ".
Han har lyst til å gå kortare turar, men lese avisa meir. Han fekk for korte turar då han var yngre.
Og han vil ligge på eit lysegrønt teppe (er ikkje det HÅPETS farge? Kari Anne)
Han høyrer og ser nesten ingenting på venstre side, og har også selektiv hørsel. Vender av og til det døve øyre til.
Litt begynnande lett alzheimers, så han kan rutle litt. Seier han savner den litle, og då fekk dyretolken opp bilete av ein liten, dachsliknande hund (som ikkje me veit kven kan vera. Ho sa at det kan hende han vaste litt, men at biletet var klart.)
Og ja, han går med vilje bort til Vetle og tørker leppene etter at han har drukke vatn.
Når me går heim om kveldane etter lufteturar, ser han seg mykje tilbake til der me nettopp var og lufta dei. Han ser etter dei tre hundesjelene som springer på jordene hos oss. (eg og Vetle har ofte lurt på om det er Tinka, den forrige rottweileren vår, som er der, og det kunne dyretolken bekrefta.)
Han er ikkje heilt god i magen. Vond i krysset. Kan få kaldpressa olivenolje på maten. Vil ha meir kjøt. (vil ikkje alle hundar det, da, tenker du kanskje?? Men Ayla sakna ikkje noko i maten, så det virker ikkje slik...)
Han er glad for at me forstår han. Eg leser han godt.
Han vil leike meir med ball.
Han blir kvalm og uvel i bil, og liker det derfor ikkje.
Når me går frå han, veit han med sikkerhet at me kjem tilbake. Han stoler på oss fullt og heilt.
Når Joey viser at han er sliten, så er han veldig veldig sliten og vond.
Svakt hjerte. Plager med nyrene.
Det kan virke som om ein murstein har truffe han på halen, og der var det ømt og vondt. (klumpen som me fekk operert vekk for snart eit år sidan var jo veldig stor og tung).

Og det beste av alt: Han hadde fremdeles stor livsvilje, og var ikkje klar til å dra endå. :-)

Eg fortalte ingenting om Joey på førehand. Eg sa kor gammal han er og at me var der fordi me var nysgjerrige på kva han eventuelt hadde å seie.

Det kan hende eg ikkje hugser alt akkurat no, og at dette innlegget vil bli oppdatert.
Ayla sitt samandrag kjem når eg har kome heim frå jobb i ettermiddag/kveld.
Men sånn for å vekke nysgjerrigheten, så sit eg igjen litt motlaus. Rådlaus, til og med.

Både Joey og Ayla fekk healing.

tirsdag, oktober 14, 2008

Anti-hoppetrening med klikker.

Har du ein hund som hopper opp på deg sjølv eller andre? Og vil ha ein slutt på det?
Look no further, for her kjem oppskrifta for dei av oss som bruker klikker til innlæring:

Finn fram hund, klikker, og ein haug med godbitar.

Still deg på stovegolvet med hunden framføre deg, og bestem deg for å klikke KUN når alle fire føtene har kontakt med bakken samtidig. Du må følge godt med!

Når du ser at hunden definitivt har skjønt kva den blir klikka for, kan du forsøke å lokke litt på den. Dersom hunden faller for fristelsen og hopper opp, (og dette er særdeles viktig!) skjer ingenting. Ikkje snu deg vekk, ikkje dytt ned igjen, bare bli heilt passiv. Når hunden sklir ned igjen og alle potane er i kontakt med golvet, klikk og belønn godt.
Fortsett lokkinga og gjer det gradvis vanskeligare.

Det er særdeles viktig under denne treninga at godbitane kjem frå den som holder klikkeren.

Det er også veldig viktig at dersom hunden gløymer seg ut og dermed hopper, skjer det overhodet ingenting.
Dette får hunden veldig mykje informasjon frå, så sjølv om det frister å snu seg når hunden hopper, stå heller heilt i ro.

Hvis ein gjer denne treninga på rette måten, kan ein få ein hund som setter seg pladask når nokon ser ut til å ville helse.

Vanskelighetsgrader:

  • Med annan person (gjerne ein i familien som ikkje er redd hunden, eller nokon du trener saman med)
  • På andre stader
  • Med "framande"
  • Med ungar (viktig å vente til hunden har lært at det lønner seg å ha beina i bakken, sjølv om den blir forsøkt lokka til å hoppe)
  • Person som held mat

Når ein skal trene på dette med enten nye folk eller på ein ny stad, må ein gå tilbake litt på kriteriene. Kanskje heilt tilbake til byrjinga. Men sidan hunden har gjort dette her før, vil progresjonen vera mykje raskare.

Spør alle du kjenner om du kan få trene antihopping, og fortell dei kva treninga går ut på - og førebu dei på at hunden KAN finne på å hoppe opp, men at dei då berre skal stå i ro.
Det går også an å gå så forsiktig fram at hunden lykkes heile tida, og me dermed framstår som perfekte hundetrenarar. (det er jo aldri dumt :-)

Denne treninga går MYKJE fortare når ein er konsekvent og aldri belønner hopping. Husk at hunden ikkje treng pølsebitar for å bli belønna. Det kan vera belønning nok at mennesket tar i hunden for å skyve den ned, sjølv om ikkje ME meinte at det skulle vera nokon belønning. Det beste i denne øvelsen er at INGENTING skjer når hunden hopper.

Denne øvelsen kan ende opp med ein hund som sit ved sida av deg og venter på lov til å gå og helse på folk, men det kan eg skrive om ein annan gong.

Mandagstrening

Igjen tid for mandagstrening, og denne kvelden blei me berre tre stykker. Før dei andre kom, fekk eg trent litt på dekk fra utgongsstilling, fri ved foten og innkalling på grusbanen. Og eg syns eg kan strekke den ganske langt nå. Nå er det bare å introdusere forstyrrelsar gradvis, og strekke endå meir, og bli kommandert.. Bare bare...

Då Ellen Beate kom, sat Ayla med rumpa klistra i bakken, til og med då eg spurte om ho ville helse!! Så endelig fekk me til at Ayla sit i ro når Ellen Beate skal ta tannvisning! Juhu!!! Flinke Ayla og flinke EB! :-)

Då Veslemøy også kom, fekk me tatt ein fellesdekk med særdeles bra resultat for min del.

Ellers har eg begynt på det som til slutt skal bli: "Kan du gå og vekke gamlefar?" der Ayla går bort og dulter i Joey så han våkner. Han er nemlig ikkje alltid like enkel å få våken, sidan han ikkje høyrer, så om ho er borti han med snuten kjapt for å komme tilbake til oss for belønning, så sparer me oss for mykje gaping. :-) Me høyres nok mykje ut som om me kjefter på han, men me er nøydde til å snakke høgt for at han skal høyre oss.
Eg syns nemlig det ser ut til at når eg snakker inn i øyra hans, og han høyrer stemmen min, så blir han så glad og fornøydd. Eg har sikkert nevnt det før, men det kan nesten virke som om han går rundt og trur at me nærmast overser han fordi me aldri snakker til han lenger. Me gjer jo det, berre at han ikkje høyrer det. :-)

Og så har eg bestilt time hos dyretolk til både Joey og Ayla. DET er eg spent på!!

tirsdag, oktober 07, 2008

Dekk fra holdt.

I forrige innlegg var eg ganske irritert på meg sjølv, at eg hadde klart å vase Dekken til så grundig.

Det ser nå ut til å ha løyst seg, og løysinga var ganske enkel, viste det seg.
Pinlig enkel, faktisk.

Så pinlig enkel at det er flaut å skrive det...


Eg måtte bare klikke for dei dekkane eg var fornøyd med...