onsdag, oktober 12, 2011

Kennelhoste i heimen.

Jepp, då har me kennelhoste i heimen. Dette er Ayla sin andre gong, og Emil sin første.

Smitten skjedde på runderingskurs, og det var ikkje direkte smitte. Kildehunden som var sjuk helste ikkje på Emil, men eg var figurant for hunden, og eigaren til hunden var figurant for Emil. Altså skjedde smitten via leiker og hender. SÅ smittsomt er kennelhoste!

7-8 dagar etter han vart utsatt for smitte, byrja han å hoste, og Ayla starta tre dagar etter det igjen. Inkubasjonstida er ulik frå hund til hund, nemlig, og smittefaren er størst tre dagar før utbrot. Kildehunden starta å hoste tirsdagen etter kurset.

Heldigvis rapporterer eigaren av kildehunden at det er ein mild variant av sjukdommen, noko eg er særs glad for då korkje Emil eller Ayla har oppdaterte vaksiner i år.

Her er ein liten filmsnutt av korleis dei høyres ut når eg står opp om morgonen. Emil har hatt det i fire dagar, og Ayla to.


mandag, oktober 03, 2011

Runderingskurs

Pausehund 
Fanghunden Emil etter ei fantastisk økt med flying og leiking. Fotograf: Lisa M. Havro.

Dag 1.

Me begynte med litt teori om kva rundering er og litt generelt om brukshundsporten. Deretter tok me ut ein og ein hund som figurantane leika med etter tur. Emil gjekk rett i leik med den første, men dei andre måtte faktisk jobbe litt meir. Eg hadde jo tonnevis med godbitar med meg, så eg var ikkje så redd for at eg ikkje ville ha god nok belønning der ute i skogen.

Gong nummer to han var ute, fekk han fly mellom figurantane. Mens han var hos den eine, stilte eg meg med ryggen til for å hjelpe han på veg mot den andre når nummer ein stilte seg passiv. Dette føregjekk ved bilane, så her gjekk det fint å leike.

SAM_2005b
Katla flyr til figurant

Økt tre var flying mellom figurantar lenger oppe i skogen. Her ville han ikkje ta leika i det heile så me gjekk over på mat. Emil er ikkje akkurat typen til å sakke farten sjølv om han blir belønna amed mat, så dette fungerte fint. I starten sprang han forbi figurantane som sat høflig vendt vekk frå  han. Då eg instruerte figurantane til å reise seg opp og vende seg mot han som om dei hadde ropt på han, auka interessa hans betraktelig!

Så var det lunsj, og bålbrenning og eg hadde med meg pinnebrøddeig og pølser. Eg hadde også med litt sukker og kanel i ein pose, og kunne dermed steike meg dessert! Dæsken, det var godt!! I morgon trur eg at eg vil ha med meg marshmallows.. Eit par stykker, i alle fall!  (schlurp!)

SAM_2008b

Gong nummer fire gjekk me eit GODT stykke opp i skogen, og Emil fekk fly frå figurant til figurant med oppbløyta hundemat som belønning. Denne blei servert oppi avskårne kaffekoppar, både for å skåne hendene til figurantane, men også fordi Emil likar veldig godt å ete FRÅ noko.

Gong fem gjekk det endå betre, då fauk han som han nesten ikkje hadda gjort anna, og siste slaget var figuranten heilt gøymt, og langt vekke. Han måtte til og med krysse ein bekk for å komme dit. Då hadde han flydd mange gonger att og fram, og eg hadde suksessivt klart å gjera det vanskeligare for han. Ein heilt fantastisk dag!!

Vel heime kikka eg litt på kartet og fant ut at eg hadde gått over 9 km tilsaman for å hente og sette tilbake Emil når det var min tur. I tillegg kom all springinga som figurant. Ikkje verst! Smilefjes

Dag 2

Eg hadde bestemt meg for å ta med meg marshmallows i dag, og hadde dessutan planlagt å komme før dei andre, slik at eg kunne køyre lenger inn på vegen enn dagen før. Då eg hadde kom eeit godt stykke nedover mot Samkom, oppdaga eg at eg hadde gløymt marshmallowsen, og vurderte litt att og fram om eg skulle snu og hente dei. Det gjorde eg, og tenkte at det fekk våge seg om eg måtte gå langt i dag også.

Då eg var komen nedanfor Birkeland, skjøna eg kvifor eg hadde snudd og henta marshmallowsane, for der hadde ein bil køyrt av vegen og krasja med eit tre nedi ei skråning. Hadde eg valgt annleis, hadde eg med stor sannsynlighet vore den første som kom til ulukka. No kunne eg berre køyre forbi og tenke at eg nok ein gong fekk bevis på at alt her i verda har meining…

Då eg kom fram til kursstaden, viste det seg at eg VAR tidleg nok til å køyre lenger innover vegen likevel! Juhu!

Første gongen ute var Mister Operasongar med meg. Han ulte pinadø heile vegen frå bilen og opp til runderingsløypa!
I dag hadde eg to splitter nye figurantar, og ba dei gå ut av sitt gode skinn for å få Emil til å leike, noko dei verkeleg prøvde på! Eg blir heilt rørt når eg tenker på innsatsen deiras i dag!

SAM_2020b
Sigrid har sendt ut Reina til Maria, og instruktør Elin held oppsyn.

Dei to-tre første slaga ville han leike, men så var det stopp. Eg trur det var ein kombinasjon at det var vanskeleg terreng og at han ikkje visste korleis han skulle forsere fjellnabbene muligens også at det blei for store avstandar for fort.

Emil har tydelegvis litt hang-up når det gjeld haugar i terrenget, så det MÅ me trene på.

Andre gongen han var ute, blei Operasongaren igjen i bilen, og eg hadde kun med meg Emil opp. Denne gongen leverte eg fyrtårnet til Maria og rød pelsdings til Lisa. Sendte ut til Lisa, og Emil ville leike!! Lisa gjekk verkeleg heilhjerta inn for å halde han i leik, og ho klarte det også!
Då han kom over til Maria, og ho serverte han fyrtårnet, gjekk han visst ein smule bananas. Stakkars Maria blei reven overende og måtte sette seg ned, for han var både sterk og ivrig!

Heile denne runden kunne figurantane leike med han, og leike så lenge som den andre figuranten trengte for å komme seg på ny plass. Det vil seie, bortsett frå siste slaget. Då var han trøytt og sliten, og eg ba figuranten finne fram posen med mat. Merkeleg korleis han har gøymde reservar å hente frå av og til Smilefjes som blunker

Deretter var det lunsj, og Emil fekk vera pausehund. Han gjorde ein fin jobb, var roleg og sjarmerande, og smiska seg til litt kos hjå Sigrid som nok var litt småforelska tilbake Smilefjes

SAM_2009bSAM_2012b

Siste økta tok me nede ved bilane, og då skulle me kikke litt på innlæring av melding.

Av ein eller annan grunn som eg ikkje kan forklare, så er hold-fast-trening noko eg ikkje kan fordra å halde på med, så eg har berre latt vera. 
I dag fekk eg tips om å trene opp tre godbitar i slengen, og det skal til og med EG klare! Nå først skal eg lære han å halde lausbittet fast. Så skal eg sleppe det ein augneblink før eg grip tak i det igjen. Dersom han slepp det, napper eg det til meg, og gjer eit stort nummer av det. Dersom han held det så laust at eg kan nappe det or munnen hans, skal eg gjer eit stort nummer av det også.
Vidare skal eg jobbe med å få han inn på plass med det i munnen.
Eg kan legge lausbittet på bakken, få han til å hente det, ta imot det, og sende han ut til leike etterpå.
Eg kan be Vetle sitje i vegkanten med lausbitt og leike, og sende Emil ut til han for først å hente lausbitt, og så tilbake for å leike.

SAM_2029b
Katla, mallinois


SAM_2033b
Reina, spansk vannhund

SAM_2038b
Mikke, kelpie

SAM_2047b
Opsis, kelpie

Helga oppsummert:
Fint vær. God bålmat (VELDIG viktig!). Langt å gå(!). Veldig veldig kjekt! Lærerikt! Motiverande! Flink instruktør! Og det viktigaste av alt: fabelaktige figurantar!

 

P.S. Eg får meir og meir sansen for Kelpie!