søndag, mai 31, 2009

Dag 2,5 etter sterilisering

Første natta blei det lite søvn. Ho var urolig og vandra rundt på golvet her. Dyrlegen hadde sagt at ho ikkje trengte smertestillande den første kvelden og natta, så då ga me ingenting heller.

Lørdagen blei ho roligare etter frokost og medisin, men etter få timar kom smertene igjen. Eg tok ein sjefsavgjerelse etter litt rådføring med forskjellige folk :-) og ga henne ein halv tablett i kveldinga. Beskjeden var at ho skulle ha ein Metacam morgon og ein kveld. Eg har fått den same typen smertestillande til Joey, og han skal ha halvannan tablett ein gong til dagen.

Eg tenkte litt over den forskjellen, men det blei ikkje noko meir enn å tenke. 

Søndagsnatta blei rolig og fin, men forholdsvis lite søvn på meg. Sofaen er god å ligge på, for all del, men den er ikkje senga mi.

På morgonturen gjorde ho eit par galloppsteg etter at ho var på do, og det trur eg er årsaken til at ho ramla ut på eit smertehelvete som skulle vare i over åtte timar. 
To timar etter morgonturen og frokosten (med medisiner som ikkje såg ut til å virke), ringte eg veterinærvakta. Der kom det fram heilt tilfeldig at me har misforstått medisineringa. Ho skulle ikkje ha ein tablett morgon og kveld, ho skulle ha to tabletter ein gong om dagen. 

Det er lenge sidan åtte timar har vart så lenge som i dag. Eg måtte passe på HEILE tida så ho ikkje skulle slikke på såret, og ho ville ikkje legge seg. Alt gjorde vondt. Ho stod og peste, gjekk og peste, satt og peste, og om ho forsøkte å legge seg, var det som om ho nærmast stakk seg og ikkje turte å prøve å legge seg der igjen.

Når ho først sovna, så sovna jammen eg også. Eg var heilt utslitt!

Nå i kveld har ho fått sove meir, og eg håper natta blir rolig så eg også får sove litt. Heldigvis skal eg ikkje på jobb før om tre veker, for eg merker allerede nå at dette kjem til å bli slitsomt. Dårlig samvittighet og lite søvn er ikkje ein god kombinasjon.

fredag, mai 29, 2009

Svart samvittighet, og tre veker fri!!!


Ja, nå er det gjort. Ho ligg på puta si og sover ut narkosen. 
Ho fekk epidural og er heilt lam i bakparten, noko ho kjem til å vera nokre timar. 

Operasjonen gjekk bra, men eg slit framleis med dårleg samvittighet. Det går seg vel til etterkvart, og kampen vil nok stå om å holde henne lenge nok i ro. 

Stakkars Gullet mitt.. 

Sånn ellers har eg fått meg fast jobb, og hadde siste dag på gamlejobben i dag. Ny jobb begynner om tre veker, og eg skal verkeleg benytte dei tre vekene til å ta vare på Ayla :-)

onsdag, mai 27, 2009

Forsømmelsens sure erkjennelse.

Drog på lydighetstrening for første gong i går, og visste der kom til å vera ukjente hundar der. Der var MANGE! 
Eg venta til halvparten hadde gått, og så tok eg ut Ayla. 
Det første som skjedde var at me måtte gå laaaaaaaaangt vekk frå dei frekke hundane som stod for nære kvarandre eller som hadde leikestund med eigaren, eller hadde pels som flagra. Me fekk trent oss ned på asfalten igjen, og fekk tatt eit par innkallingar og litt FVF før to hundar snuste på kvarandre igjen. 
Ho var heilt på tuppa, og eg endte opp med å gå opp på grusbanen. Der gjekk ho sjølvsagt heilt perfekt, men der var heller ikkje andre hundar som var kjekkare å sjå på enn meg. 

Så datt det ned i meg: Eg kan jo ikkje forvente at ho skal vera superkonsentrert når me knapt har sett andre hundar sidan me gjekk Rallykurset i november/desember! Å trene heime på parkeringsplassen med Joey, Legolas og kråka svirrande rundt er IKKJE det same som å trene med fem-seks ukjente hundar på ein basketballbane i Tananger. 

Eg må rett og slett fire på krava. Surt, men sant.

Me er forresten oppe i ett minutt på "fellesdekk med ein hund".

Og i dag blei det bestilt time til sterilisering på fredag. Eg har tenkt lenge og hardt på dette her, og har kome fram til at dette er den beste løysinga. Målet er at ho skal bli jevnare i humøret gjennom året, istadenfor slik det er nå, der ho er ganske så reaktiv i forbindelse med løpetida og innbilt drektighet. Eg har rådført meg med kompetente personar, og ser at det er nå me må gjer det. Neste sjanse er i november/desember, og eg ser føre meg at det er betre å gjer slike ting på sommaren. Nå er det dessuten meldt fint vær framover, og eg slutter i jobben min nå på fredag - og får dermed sjansen til å vera heime med henne den første tida. 

Eg har ingen som helst førestillingar om at dette skal vera nokon mirakelkur, for det er det berre trening som kan vera. Risikoen for forverring fins, men det skal IKKJE skje oss! :-)

Dette betyr nok at apellprøven den 9. juni ikkje blir noko av, sannsynligvis, høgst truleg. Rallykonkurransen spøker det også for, me får sjå kor mykje me rekk å trene og kor rask rekreasjon ho har etter operasjonen. 

Britt sa i melding i dag: "Du gjør alt du kan for Ayla, det må du alltid huske på!" 
Eg syns det var litt rart utsagn der og då... heilt til eg kom heim.. og tenkte på kva Ayla skal gjennom.. Det står jo ikkje akkurat om liv og helse som ved ein livmorbetennelse eller noko, og kjente den svartaste samvittigheten eg har hatt på leeeeeenge komme krypande nedover og innover meg. :-S 
Sidan då har eg messa for meg sjølv: Det er til hennar beste, det er til hennar beste, det er til hennar beste, det er til hennar beste. Det må eg huske på!

onsdag, mai 20, 2009

Om å snakke saman

Dette innlegget handlar om å snakke saman, og er inspirert av Anja sine siste erfaringar innan det å eige ein hund med utfordringar.

Det å snakke saman er viktig på så mange nivå, og eg skulle ønske me alle var flinkare til nettopp det. Mange søvnlause timar kunne vore unngått om me bare hadde vågt å sette ord på nokre av tankane me går rundt med i kvardagen. Sidan dette er ein hundeblogg, skal det vidare dreie seg om hund. Om problemene me støter på i hundekvardagen vår. Men dette gjeld eigentleg alt me går rundt og sliter med på eigahand. 

Når eg er rundt i bloggar og leser om store og små gleder, store og små sorger, då lærer eg noko kvar gong. Oftast starter tankane å kverne på korleis eg kan bruke andre sine dyrekjøpte erfaringar i mitt eige hundehald. Mange gonger har eg notert ned litt av det eg har lest, og om eg ikkje har bruk for det sjølv, kan det hende eg kan formidle det vidare til ein kurselev eller folk eg trener saman med og som velger å lufte problemene sine til meg. 

Eg syns heile situasjonen til Anja er utruleg trist,og verre syns eg det blei når eg leste kommentaren hennar om at ho bevisst hadde valgt å tie med kor ille det var i frykt for å få høyre endå ein gong at ho måtte avlive kameraten sin. Eg kan ikkje hugse å ha fått den kommentaren ein einaste gong frå dei eg har valgt å lette hjertet mitt til, og glad er eg for det. Eg har nevnt det sjølv eit par gonger, men det betyr ikkje at andre har lov til å foreslå det. 

Kvifor skal det vera slik, at me kvier oss for å fortelje kor ille me har det i hundekvardagen vår, istadenfor å snakke om det og dermed få støtte og hjelp frå andre som anten har det på same måte sjølv, eller har hatt det slik tidlegare? 

Eg trur dei aller fleste har noko dei slit med, i større eller mindre alvorlighetsgrad, og det betyr ikkje at me er dårlege hundeeigarar. Det betyr ikkje at me har gjort ein feil, eller latt vera å gjer rett! Det betyr berre at noko ikkje er slik det skal vera, uansett kva årsak det har. 

Som instruktør veit eg at eg blir dømt etter korleis hundane mine er. Og det ansvaret merker eg kvar gong eg tar Ayla ut or bilen. Det kan ikkje vera lett for ein fersk hundeeigar å forstå at eg kan seie meg særdeles fornøydd sjølv om Ayla ikkje setter seg på signal, eller trekker i bandet, så lenge ho ikkje reagerer negativt på folka som står rundt. :-) Dei ser jo ikkje atferd som ikkje er der, sjølvsagt, mens det å ikkje sette seg på ”kommando” er tydelig for dei aller fleste.

Mang ein gong har eg fått høyre at det ikkje er til å tru at eg slit med noko som helst når det gjeld Ayla. Og sjølv om det er kjekt å få høyre slikt, så kan det kjennes litt tungt av og til også. Som om ein må overbevise om at det ER eit problem. "Jo, det ER sant, altså!"

Nokre gonger, når ein lufter eit problem for ein annan person, hender det at problemet blir mindre etterpå. Det skjer ikkje alltid, men av og til. Andre gonger, utan at me veit om det, kan det me forteller føre til at nokon andre innser at det dei slit med ikkje er så ille som dei trudde likevel. Andre gonger igjen kan våre erfaringar hjelpe eit medmenneske til å innsjå at problemene deira er verre enn dei tidlegare har klart å innsjå. Eller hjelpe den andre å finne ei løysing dei sjølve ikkje hadde tenkt på eller visst om tidlegare.
Det treng ikkje vera alvorlege problemer. For min eigen del har det vore ting som å lære Ayla å ligge i ro på teppet eller i stolen når me har besøk, eller å lære at rottweileren som rase lager mykje lyd og er kontrollerande ovanfor omgivelsane sine. Ofte, når eg har snakka om Ayla si utagering til folk, fortel andre om sine usikre hundar, og dermed kjenner dei seg ikkje så åleine, og det gjer ikkje eg heller. Det kan virke som om folk flest treng å få det litle pushet.

Det å snakke om problemhundane våre kan til og med føre til vennskap fordi ein finn saman i noko ein har felles.  

Me veit aldri kva effekt våre erfaringar vil ha på andre, men personleg er eg veldig glad for at andre har delt og deler sine erfaringar med meg. 
Eg håper det blir litt enklare framover å prate om det me ser på som nederlag også, i stadenfor berre skrytehistoriar. Det er jo ikkje suksessane me lærer mest av. :-) 


tirsdag, mai 19, 2009

Litt av kvart.

I går var det tid for rallykurs igjen, og sjølv om eg var i starten av ein stri forkjølelse, gleda eg meg, for eg skulle trene Ayla etterpå. Me har vore vekke frå trening i to veker pga haltinga hennar, og eg var ikkje sikker på koss det skulle gå i går heller.

Då eg kom på kurs, hadde Ghita veldig veldig triste nyheter å fortelle. Eg skjønte ikkje kva ho sa med ein gong, og trudde ho fortelte om nokon eg knapt kjente. Så begynte det å demre... Og tristheten sank innover meg. Anja hadde måttet ta ein tung avgjerelse etter at Oscar hadde gjort utfall mot ein mann på tur, og eg forstår valget hennar godt.

Det første som slo meg var at eg ikkje visste heilt kva han sleit med, for eg har heile tida trudd at det var andre hundar som var problemet. Det er verkeleg ikkje alltid lett å oppdage kor mykje som ligg bak, slik dei fleste seier om Ayla også; nemlig at dei ikkje kan tru at me har dei problemene me har når dei ser henne på trening. Slik tenkte eg om Oscar også. Eg minnes han som ein sosial og avbalansert kar som ikkje syns det var så kult når andre hundar kom for nært.


Eg har tenkt og tenkt, og kjenner veldig på at dette kunne vore meg og Ayla. Og eg berømmer Anja som tok den vanskeligaste og klokaste vegen vidare etter at dette skjedde. Eg trur nok, som Anja også skriver, at Oscar er på ein trygg og god plass nå. Og han vil for alltid bu i hjertet til dei som kjente han.


For meg blei både kurset og treninga etterpå veldig prega av denne triste nyheten, men tok ut Ayla for å gå banen me hadde laga til kursdeltakerane. Tøff i trynet som eg er, sa eg til dei at hvis dei satte hundane i bilen, kunne dei sjå på når eg gjekk banen.

Utan å varme opp, og nesten utan å briefe, starta me. Jadda. To-tre veker heilt utan trening merktes godt, og eg gjekk til og med feil på eit skilt og ville dermed ha diska om det hadde vore prøve. Eg hadde gått og mast om å snakke til hunden når ein skal vidare etter stopp, og gløymde det sjølv. I tillegg datt ho heilt ut under transport strekkene. Pluss at ved skilt, skal ho prøve ut target i alle mulige variantar.

Jaja, så fekk deltakarane sjå at instruktørane også gjer feil og har ting å jobbe med, og at kommentarer frå sidelinja er særdeles hjelpsomme :-)

Då me skulle trene, stansa eg opp ved eit skilt og tenkte at eg skulle la henne bli lei av å teste ut kva slag target eg ville fram til. Ho forsøkte verkeleg ALT! Potetarget, haketarget, stå med sida inntil det, gå rundt det, hoppe over det (men landa midt oppå, stakkar.. ikkje at det hindra henne i å forsøke vidare), og til slutt velta ho det. Eg ville gå vidare til eit anna skilt for å jobbe vidare der, men då gjekk ho OPPÅ det som låg velta, og dreiv og jobba med å få alle fire føtene oppå. Då måtte eg berre le, og klarte ikkje å konsentrere meg om kva eg skulle gjer. Ho såg heilt teit ut! :-

Det endte til slutt bra, og me satt oss ned i skråninga og såg på mens dei andre gjekk banen. Ho reagerer fortsatt STERKT dersom andre hundar er så frekke at dei leker og helser på kvarandre. Og hvis ein annan hun bjeffer, så støtter ho opp, sjølv om ho ikkje heilt er klar over kva den andre bjeffer på. Det skal vera ro i rekkene, må vite!

Då eg kom heim, hadde snille snille snille Vetle (eg veit han leser bloggen, nemlig) begynt å gjer ferdig skiltholderane mine! :-) Ikkje mindre enn åtte stykker hadde han gjort ferdig! :-)




I kveld har eg fått lov til å bli med på LP treninga til Ghita og Kristin, og kjem til å gå på det i allefall fram til bronsemerkeprøven. Det blir bra! :-)

mandag, mai 18, 2009

Bronsemerkeprøve OG rallylydighetkonkurranse!

Bronsemerkeprøve:

Øvelse 1: Visning av tenner
Denne er i boks. Ho kjem til å sitte i ro.


Øvelse 2: Lineføring
Her må me trene på å strekke øvelsen, og jobben inn ein god belønning med at eg ruskerleiker med henne.


Øvelse 3: Fri ved foten
Det same her som ovanfor. Strekke øvelsen.


Øvelse 4: Dekk fra holdt
Neddekken er kjapp nok, men må trene på å gå i fra og inntil igjen.


Øvelse 5: Innkalling fra sitt
Terpe på beine innsittar. Farten er der. Sitt og bli også.


Øvelse 6: Stå under marsj
Denne er nok i boks, men kan nok terpe på det å gå ifra.


Øvelse 7: Enkelt dekk 2 minutter
Blæh. Drittøvelse. Her må me jobbe masse med å strekke tida.
Masse masse masse. Trene kvar dag?


Øvelse 8: Helhetsinntrykk
Denne er jo soleklar, dah! :-)




Den ruskeleikinga har eg allerede starta med, og slik ser eg ut på armen etterpå. Og då er ho verkeleg ikkje hardhendt, eller hardbiten, men eg kjem borti tennene hennar med armen. Dei ytterst få gongene ho er så uheldig at det er ho som kjem borti, hyler eg til og så stopper leiken. Ho blir heilt fra seg og prøver å slikke meg og "gjer det godt igjen", men eg er skikkelig snurt og furten og det funker veldig bra :-D




Rallykonkurranse:

Her må eg bare begynne å våge å trene med henne heilt laus. Heilt utan band. Ikkje halsband, eingong. Oæææææ....


Og så må eg lære meg skilta, sånn at eg ikkje leser og gjer feil i banen.


Sånn bortsett fra det, ser eg at ho fortsatt avlastar høgre bakfot, men eg tar henne med på trening i dag. Først er det jo kurs, og så får eg sjå koss ho er i form etterpå. Eit eller anna får me vel trent på, vel?

Og så gløymte eg jo heilt å skrive at eg var på helikoptertur på fredag! I eit irsk redningshelikopter som skulle ut på testetur! Juhu!!! Me fauk i sløyfe bort til Solastranda, over Tananger, innover Lysefjorden, snudde ved Lauvvik/Oanes og fauk nesten same vegen tilbake.

Det rista heilt vanvittig, og bråka ganske så ille! Me hadde pluggar OG hørselvern på, og likevel durte det godt! I tillegg lukta det veldig flybensin under heile turen, men det som var aller rarast ved heile opplevinga, var at då me kom til rullebanen - før me skulle lette - auka me ikkje farten slik eg er vane med at flya gjer, nei, me stoppa heilt opp og SÅ letta me! :-)

Etter helikopterturen bar det rett avgårde i jobbintervju, og denne veka får eg svaret :-)

lørdag, mai 16, 2009

To vekers oppdatering.

Ein kjapp oppdatering, bare. 

Det har blitt særdeles lite trening på Ayla og meg sidan sist innlegg. Forrige veke var det pga jobbing frå sju om morgon til 8,9,10,11,12 om kvelden. Jepp. Då var det liksom ikkje så mykje tid att av dagen til trening.

Denne siste veka har eg haldt henne i ro pga ho var med Vetle ut på ein roleg tur sist lørdag, og på kvelden begynte ho å halte svært tydeleg på høgre bakfoten. Ho haltar ikkje når ho er i bevegelse ute, men når ho kjem inn og har kvilt, er det heilt tydelig at foten er vond.

For to veker sidan var me på hyttehelg i Matre, saman med Olaug og familien. Der skjedde det ganske mykje som ikkje passer seg på ein offentlig blogg, men det blei ein hastetur til legevakta på Husnes på lørdagen. 
Bortsett fra det, var helga skikkelig fin, med MYKJE god mat og kos og gitarspel og skrøner og leik.

Hytta var like vied sida av eit beite med mange sauer og lam. Eg greier ikkje å sjå meg mett på lam (ja, ikkje slik meint, altså)!


Det er ikkje så ofte Joey og Ayla ligg saman på same teppet, så når dei først gjer det, må me jo foreviga augneblinken.


Lea og Ayla i det flunkande nye Variocageburet vårt! Både Lea og Ayla kraup inn sjølv!


Det går fint an å vera tante OG trene hund på same tida :-)