søndag, desember 18, 2011

Ei skrekkens oppleving!

I helga har me hatt så utruleg fint vær her i Iveland, at eg valde vekk julegavelaging i går, lSAM_2262ørdag, og pakka sekken med følgande saker:

  • Jetboil
  • Opptenningsved
  • Ved
  • Sticky bun
  • Ein liten skalk urtebrød
  • To kyllingpølser
  • To svææææære marshmallows
  • Lighter
  • Sitteunderlag
  • 11/2 liter vatn

Eg og Emil rusla avgårde i to-tida, og han sprang og sprang og sprang som han bruker å gjera i starten av turen og forsåvidt heile resten av turen også. Då me var nesten oppe ved bakketoppen, gjorde han noko han aldri før har gjort på våre turar, han hoppa opp i ei veldig bratt skråning, og sprang litt oppe i skogen der.

Så var han brått på full fart nedover mot eit område der det ikkje er noko naturleg sti/veg ned til grusvegen – men i stadenfor er det stup rett ned. Alt skjedde veldig fort, men eg tenkte at han sikkert hadde vett til å stoppe før stupet og finne ein annan veg ned. Halvparten av dei tankane var korrekte, og det var ikkje siste halvdelen.

Joda, han stoppa, men så HOPPA han pinadø!! Han svevde leeeenge, og sprella i lufta, og eit av mine største mareritt skjedde rett framfor augene mine! Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vakna forskrekka og fortvila over mareritt som går på at ein av hundane mine faller utfor eit stup..
Medan han svevde, tenkte eg at det var den turen, og nå må eg bære han heim, og kanskje har han ødelagt seg så stygt at han må avlivast. (Dramadronning, eg? Næsjda)
Han landa med alle beina under seg, som ei pannekake nesten,  og eg var heilt overbevist om at han snart ville begynne å hyle og kreke seg opp frå grøfta. Eg fekk ikkje fram eit ord, eg stod berre skrekkslagen og venta på at stillheten skulle brytast av smertehyl. Som aldri kom. Han sprang opp or grøfta og ned mot der eg stod, og eg kunne ikkje sjå halting kor hardt eg enn prøvde.

SAM_2271
Emil står der han landa, og han hoppa omtrent frå den vesle busken/treet eg peiker mot.

Turen vidare innehaldt Innkalling med stå – trening, innkallingstrening, fartstrening, funn av elgespor eit par fotostopp, før me kom til endes av vegen der me skulle tenne bål og grille pølsene.

Bålet brant liflig, og eg forsøkte meg på marshmallowen først. Eit håplaust prosjekt når det er minusgrader, så dei måtte eg berre legge i sekken igjen. Fram med pølsene. Ikkje heilt bra resultat der, heller, for halve pølsa blei kald medan den andre halvdelen blei grilla. Urtebrødskalken og Sticky Bun’en blei varma i nærheten av glør, og smakte fortreffeleg!

 

SAM_2247













 

 


 

 

 










Han er vakker, hæ?


SAM_2259

Luksus i ei travel førjulstid.

 

SAM_2263
Bålkos for dei som ikkje har anna å gjer siste lørdag før jul.

 

Då me omsider kom oss inn dørene heime, hadde me vore vekke i tre timar. Seinare på kvelden dukka det opp ei ørlita halting på høgre bakfoten, men den var vekke i morges.

I dag tok me med oss begge hundane for å vise Vetle kor det var Emil hoppa frå, og på veg heim, hadde begge to funne ut at eg hadde ball i lomma, og då ser turane våre ofte slik ut:

SAM_2278
Begge vil gjerne gå innerst

SAM_2276
FVF i plenum.

SAM_2282
Ball er verdt å gjer mykje rart for!

torsdag, desember 15, 2011

Bilder av bror til Emil!

Eg fant bilder av bror til Emil: Pearl Jam!

image                                   image
Pearl Jam   (henta frå www.actualis.se)                   Pearl Jemil

Her er fleire bilder: http://www.actualis.se/fotogalleri/prima-acer/prim-acer.htm

mandag, desember 12, 2011

På tur med Kairos

Denne hausten har Emil fått seg turkamerat i storpuddelen Kairos, og i dag skulle me ut på ny tur.  Det hadde regna heile morgonen, og brått skein sola og det dukka opp ein rar blå farge på himmelen…

SAM_2208

Like etterpå dukka Hilde og Kairos opp, og turen kunne starte. I dag ulte faktisk Emil i forventning, og me gjorde som me har gjort dei par siste gongene, Kairos gjekk framføre oss. Emil såg ikkje ut til å bry seg veldig med Kairos, men noko interesse er der nok.

SAM_2210

Kairos blir flinkare og flinkare til å gå ved sida av Hilde i starten av turen, berre sjå her:

Både Emil og Kairos er veldig… nei, VELDIG glad i ball, og heldigvis har ingen av dei ressursforsvar overfor ballen.
Her står dei og venter på at eg skal hive ballen:

SAM_2214
Finaste guttane på tur!

På veg heimover fant me på noko nytt å trene på: Emil i band og Kairos laus. Emil trener på å gå i band med laus hund rundt seg, og Kairos trener på at når Emil er i band blir det ikkje leik. Då Kairos kom bort til oss, stoppa me opp og blei kjedelege, og når Kairos så pilte til Hilde, fekk han ball som belønning. Dette funka VELDIG godt! På den måten fekk me i praksis gått ned hundane etter heftig springing OG lagt inn fornuftig trening med formål i tillegg.

Då me kom inn etter nesten halvannan time på tur, var både eg og Emil strålande nøgde! Smilefjes

fredag, november 25, 2011

Gi deg til kjenne, og vinn premie!



Kven er du som leser bloggen min? Er du innom heilt tilfeldig ein gong og aldri meir? Eller kjem du att med jevne eller ujevne mellomrom? Eg hadde blitt SÅ glad om dei som leser kunne lagt igjen ei lita helsing så eg får sjå kven som er innom. Smilefjes

Gi deg til kjenne, så kan det hende DU blir trekt ut til å vinne ein heimelaga premie. Har du ikkje hund, er premien noko heimelaga og personleg. Om du har hund, syr eg personleg halsband til hunden din. Du vil få mulighet til å påvirke litt korleis det skal sjå ut. Emil og Ayla sine ser slik ut:
100MEDIA_IMAG0064IMAG0066

 


Her er band eg har laga til andre:
SAM_1777Halsbånd 001
Eg har mange variasjonsmuligheter, så du kan få eit heilt unikt halsband Smilefjes


Halsbånd 008

 

Her følger bruksanvisning for korleis du legger igjen kommentar.
ScreenHunter_22 Nov. 25 12.12
Nederst i innlegget ser det alltid slik ut. Klikk på der det i grønt står kor mange som har kommentert.

 

 

ScreenHunter_23 Nov. 25 12.13
Skriv kommentaren din i det store feltet, skriv inn bokstavkoden som er unik for kvar gong, og velg Identitet; “Navn/nettadresse” dersom du ikkje har registrert deg med eigen blogg.

 

 

ScreenHunter_25 Nov. 25 12.31
Skriv inn navnet ditt og eventuelt ei heimesideadresse om du har det. Og trykk deretter på den oransje knappen som heiter “Publiser kommentaren din”

Deretter er det berre å vente på at tidsfristen går ut om tre veker, den 16. desember. Trekningen kjem til å vera heilt og fullstendig tilfeldig og rettferdig Smilefjes som blunker

torsdag, november 24, 2011

Trening på hundeklubben.

Må berre smake litt på den overskrifta. Trening på hundeklubben. Jo, det kjennes rett. Det faller liksom naturleg å seie dette nå. Trening på hundeklubben. Eg er altså med i ein hundeklubb, ein lokal hundeklubb, som har et opplyst treningsområde der dei nå har starta organiserte treningar annankvar torsdag, og dei andre torsdagane er det opp til kvar og ein.  Eg begynner å kjenne tilhøyrighet, og det er jo kjekt! Smilefjes

Så, i kveld var det trening på hundeklubben.
Det fungerte så godt sist torsdag med å bruke vom og hundemat, så eg tok med meg det i kveld også. Halvparten bakte eg i ovnen, for å ha NOKO “tørt”, og då det var ferdig, STINKA det verre! Hevd, lukta det, faktisk! Heilt seriøst!

Eg hadde bestemt meg for å trene på Ruta denne kvelden, og belønne med ballkastar. Emil har blitt ein mester på å returnere ballen til meg i det siste, og i kveld fekk det bære eller briste. Eg sette opp ruta slik at den vendte vekk frå der dei andre hundane skulle trene (det får vera grenser på overmot og vanskelighetsgrad), og ganske nært skogskanten. Det siste momentet  ville bli stor nok utfordring for jyplingen, tenkte eg. Det var faktisk ganske stor sjanse for at han ville bli hormonell og drite i ballen og gå langs kanten og snuse og markere.

Meeeeen, første gong eg sendte til ruta, suste han avgårde, og eg fekk belønt korrekt. Ballen havna ut i skogen, og Emil leita den opp igjen og returnerte  som et olja LYN, slapp ballen i hånda mi og kom inn i utgangsstilling og var klar for ny repetisjon.

Han sprang og sprang og sprang og leita opp ballen, det var LIKE stor belønning for han å springe i skogkanten og leite etter ballen som å klare å nå den igjen FØR den havna i skogen.
Et par gonger testa eg STÅ, altså når eg måtte sei (rope) det, og kor lang tid han brukte på å stoppe. Ein gong ba eg han legge seg, då kom han springande tilbake til meg. Neste gong eg sa LIGG, la han seg og blei liggande til eg heiv ballen.

Då eg skulle endre retning eg sendte han ut frå, kokte det litt over for han. Han sprang utanom ruta og rett bort der han vanligvis hadde fått auge på ballen, så då måtte det litt justeringar til, og så klarte han det.

Eg må seie at eg blir stadig overraska over kor mykje energi han har, denne gule svensken min. Tru om eg må begrense han, eller om han KAN bli så sliten at han begrenser seg sjølv?

Eg fekk hjelp av ei av dei andre på trening til å ta ein tannvisning på han, og ho agerte både “dreven dommar”, “usikker dommar”, og “grundig dommar”. Emil bestod på alt Smilefjes

Det var ikkje mykje lyd frå han i kveld, og eg er VELDIG fornøydd med kvelden!

Det er mykje mogleg at ein ørliten gnist er tent igjen, og det hadde jo vore kjekt å debutere i ringen snart!

søndag, november 20, 2011

Diverse om diverse.

Oy, nå er det lenge sidan eg har blogga! Halvannan månad sidan sist, og då var det kennelhoste eg skreiv om.

Ei kennelhoste som forøvrig sat i lenger enn eg først trudde den skulle gjer! For først blei dei hostefrie, begge to, og så etter nokre dagar utan hoste, starta dei å få bevege seg litt igjen. Då kom hosten tilbake, og me måtte bl.a avlyse tur i lag med Kairos. Nokre dagar til med sporadisk harking, og så gjekk det over. Dagar og veker gjekk, me har starta oppussing av eit rom i kjellaren som skal ende opp som mitt hobbyrom, og eg har brukt ein god del tid på å planlegge det. Eg har sagt at eg vil jobbe mest mogleg sjølv, men at Vetle nok må trø til som muskelkraft.
Det går seint, for håndledda mine er ikkje glad i harde påkjenningar.

Torsdag som var, var det sju veker sidan sist Emil hadde sett andre hundar enn Ayla, og då pakka eg med meg diverse snaddergobitar og RÅ vom og hundemat og køyrde ned til Vennesla Hundeklubb sitt område for å trene i lag med ei nyoppstarta lydighetsgruppe der. Eg forventa vel ikkje all verda av Emil denne kvelden, men han likte VELDIG godt V&H! Den viste seg faktisk å vera to hakk meir stas enn det som tidlegare har vore den ubestridte einer i heimen her; nemlig hans eigen oppbløytte hundemat. Då eg tok fram V&H, slutta alt anna enn Emil og meg å eksistere.

Under kvelden trente eg utan band på FVF, stå under marsj, innkalling, fellesdekk MELLOM TO HUNDAR(!!), og bare vera roleg og sjå på dei andre hundane (viktig trening, det også).
Under fellesdekken låg han mellom ein schæfer og ein spaniel, og det kom litt lyd mot schæferen. Eg stod jo ikkje lenger vekke enn at eg hadde FULL kontroll på han, så då gjekk eg berre eit lite steg mot han til han såg på meg og så gjekk eg tilbake igjen. Eg vågde til og med å sleppe bandet nokre sekunder!! Juhu!!

EIt par gonger murra han litt, men ingen bjeff denne kvelden.  Og allereie då bestemte eg meg for at eg ville opp til Øvrebø på søndagen og trene i nærleiken av dei som skulle gå Sørlandsappellen der. Med 39  påmeldte ville det sikkert bli litt av kvart.

Som gjort, så tenkt, så eg pakka V&H igjen og tvingte med meg Vetle opp som (film)fotograf. Lokka med hundeklubben sine snaddervafler og ein kopp kaffe, og då var han ikkje så veldig vanskeleg å be med…

Trening på fotballbanen 2
Begge to konsentrerte på veg mot LP ringane.


Stå under marsj
Litt stå under marsj trening medan eg jobber Emil litt ned i stressnivå. Me har framleis ikkje kome bort til LP ringane.


Trening på fotballbanen
Det kom fleire hundar ut på grasbanen, så me blei ståande der ei stund før me bevegde oss mot LP ringane.


Ved kiosken
Me har vore heilt borte ved ringane, og ikkje forstyrra nokon, og her har me fått oss vafler og brus og kaffe og kakao i kiosken. Vennesla Hundeklubb har heilt FANTASTISKE vafler!! Nam!!


Ballbelønning 2
Gul ball er for tida det som er enklast å belønne med når eg vågar å sleppe bandet. Her er me eigentleg på veg bort til bilen igjen.

ballbelønning
Hohoi, som det går!


Den aller første sekvensen i denne snutten viser tydeleg humøret til Ayla for tida. Ho er rett og slett blitt litt fantete! Rampete og full av f… , faktisk. Smilefjes We like it alot!!!!
Ho har ikkje fått smertestillande sidan starten av oktober, og får bli med på lenger og lenger turar, leite i skogen etter ballar, og også springe ut på myra og leite der også. Alt i hennar tempo, så klart. Eg presser henne ikkje, men hindrar henne MINIMALT. Sjølv om det ikkje såg slik ut i fjor, så kan det faktisk hende at ho ikkje har det så travelt med å takke for seg Smilefjes Juhuuu!!!

onsdag, oktober 12, 2011

Kennelhoste i heimen.

Jepp, då har me kennelhoste i heimen. Dette er Ayla sin andre gong, og Emil sin første.

Smitten skjedde på runderingskurs, og det var ikkje direkte smitte. Kildehunden som var sjuk helste ikkje på Emil, men eg var figurant for hunden, og eigaren til hunden var figurant for Emil. Altså skjedde smitten via leiker og hender. SÅ smittsomt er kennelhoste!

7-8 dagar etter han vart utsatt for smitte, byrja han å hoste, og Ayla starta tre dagar etter det igjen. Inkubasjonstida er ulik frå hund til hund, nemlig, og smittefaren er størst tre dagar før utbrot. Kildehunden starta å hoste tirsdagen etter kurset.

Heldigvis rapporterer eigaren av kildehunden at det er ein mild variant av sjukdommen, noko eg er særs glad for då korkje Emil eller Ayla har oppdaterte vaksiner i år.

Her er ein liten filmsnutt av korleis dei høyres ut når eg står opp om morgonen. Emil har hatt det i fire dagar, og Ayla to.


mandag, oktober 03, 2011

Runderingskurs

Pausehund 
Fanghunden Emil etter ei fantastisk økt med flying og leiking. Fotograf: Lisa M. Havro.

Dag 1.

Me begynte med litt teori om kva rundering er og litt generelt om brukshundsporten. Deretter tok me ut ein og ein hund som figurantane leika med etter tur. Emil gjekk rett i leik med den første, men dei andre måtte faktisk jobbe litt meir. Eg hadde jo tonnevis med godbitar med meg, så eg var ikkje så redd for at eg ikkje ville ha god nok belønning der ute i skogen.

Gong nummer to han var ute, fekk han fly mellom figurantane. Mens han var hos den eine, stilte eg meg med ryggen til for å hjelpe han på veg mot den andre når nummer ein stilte seg passiv. Dette føregjekk ved bilane, så her gjekk det fint å leike.

SAM_2005b
Katla flyr til figurant

Økt tre var flying mellom figurantar lenger oppe i skogen. Her ville han ikkje ta leika i det heile så me gjekk over på mat. Emil er ikkje akkurat typen til å sakke farten sjølv om han blir belønna amed mat, så dette fungerte fint. I starten sprang han forbi figurantane som sat høflig vendt vekk frå  han. Då eg instruerte figurantane til å reise seg opp og vende seg mot han som om dei hadde ropt på han, auka interessa hans betraktelig!

Så var det lunsj, og bålbrenning og eg hadde med meg pinnebrøddeig og pølser. Eg hadde også med litt sukker og kanel i ein pose, og kunne dermed steike meg dessert! Dæsken, det var godt!! I morgon trur eg at eg vil ha med meg marshmallows.. Eit par stykker, i alle fall!  (schlurp!)

SAM_2008b

Gong nummer fire gjekk me eit GODT stykke opp i skogen, og Emil fekk fly frå figurant til figurant med oppbløyta hundemat som belønning. Denne blei servert oppi avskårne kaffekoppar, både for å skåne hendene til figurantane, men også fordi Emil likar veldig godt å ete FRÅ noko.

Gong fem gjekk det endå betre, då fauk han som han nesten ikkje hadda gjort anna, og siste slaget var figuranten heilt gøymt, og langt vekke. Han måtte til og med krysse ein bekk for å komme dit. Då hadde han flydd mange gonger att og fram, og eg hadde suksessivt klart å gjera det vanskeligare for han. Ein heilt fantastisk dag!!

Vel heime kikka eg litt på kartet og fant ut at eg hadde gått over 9 km tilsaman for å hente og sette tilbake Emil når det var min tur. I tillegg kom all springinga som figurant. Ikkje verst! Smilefjes

Dag 2

Eg hadde bestemt meg for å ta med meg marshmallows i dag, og hadde dessutan planlagt å komme før dei andre, slik at eg kunne køyre lenger inn på vegen enn dagen før. Då eg hadde kom eeit godt stykke nedover mot Samkom, oppdaga eg at eg hadde gløymt marshmallowsen, og vurderte litt att og fram om eg skulle snu og hente dei. Det gjorde eg, og tenkte at det fekk våge seg om eg måtte gå langt i dag også.

Då eg var komen nedanfor Birkeland, skjøna eg kvifor eg hadde snudd og henta marshmallowsane, for der hadde ein bil køyrt av vegen og krasja med eit tre nedi ei skråning. Hadde eg valgt annleis, hadde eg med stor sannsynlighet vore den første som kom til ulukka. No kunne eg berre køyre forbi og tenke at eg nok ein gong fekk bevis på at alt her i verda har meining…

Då eg kom fram til kursstaden, viste det seg at eg VAR tidleg nok til å køyre lenger innover vegen likevel! Juhu!

Første gongen ute var Mister Operasongar med meg. Han ulte pinadø heile vegen frå bilen og opp til runderingsløypa!
I dag hadde eg to splitter nye figurantar, og ba dei gå ut av sitt gode skinn for å få Emil til å leike, noko dei verkeleg prøvde på! Eg blir heilt rørt når eg tenker på innsatsen deiras i dag!

SAM_2020b
Sigrid har sendt ut Reina til Maria, og instruktør Elin held oppsyn.

Dei to-tre første slaga ville han leike, men så var det stopp. Eg trur det var ein kombinasjon at det var vanskeleg terreng og at han ikkje visste korleis han skulle forsere fjellnabbene muligens også at det blei for store avstandar for fort.

Emil har tydelegvis litt hang-up når det gjeld haugar i terrenget, så det MÅ me trene på.

Andre gongen han var ute, blei Operasongaren igjen i bilen, og eg hadde kun med meg Emil opp. Denne gongen leverte eg fyrtårnet til Maria og rød pelsdings til Lisa. Sendte ut til Lisa, og Emil ville leike!! Lisa gjekk verkeleg heilhjerta inn for å halde han i leik, og ho klarte det også!
Då han kom over til Maria, og ho serverte han fyrtårnet, gjekk han visst ein smule bananas. Stakkars Maria blei reven overende og måtte sette seg ned, for han var både sterk og ivrig!

Heile denne runden kunne figurantane leike med han, og leike så lenge som den andre figuranten trengte for å komme seg på ny plass. Det vil seie, bortsett frå siste slaget. Då var han trøytt og sliten, og eg ba figuranten finne fram posen med mat. Merkeleg korleis han har gøymde reservar å hente frå av og til Smilefjes som blunker

Deretter var det lunsj, og Emil fekk vera pausehund. Han gjorde ein fin jobb, var roleg og sjarmerande, og smiska seg til litt kos hjå Sigrid som nok var litt småforelska tilbake Smilefjes

SAM_2009bSAM_2012b

Siste økta tok me nede ved bilane, og då skulle me kikke litt på innlæring av melding.

Av ein eller annan grunn som eg ikkje kan forklare, så er hold-fast-trening noko eg ikkje kan fordra å halde på med, så eg har berre latt vera. 
I dag fekk eg tips om å trene opp tre godbitar i slengen, og det skal til og med EG klare! Nå først skal eg lære han å halde lausbittet fast. Så skal eg sleppe det ein augneblink før eg grip tak i det igjen. Dersom han slepp det, napper eg det til meg, og gjer eit stort nummer av det. Dersom han held det så laust at eg kan nappe det or munnen hans, skal eg gjer eit stort nummer av det også.
Vidare skal eg jobbe med å få han inn på plass med det i munnen.
Eg kan legge lausbittet på bakken, få han til å hente det, ta imot det, og sende han ut til leike etterpå.
Eg kan be Vetle sitje i vegkanten med lausbitt og leike, og sende Emil ut til han for først å hente lausbitt, og så tilbake for å leike.

SAM_2029b
Katla, mallinois


SAM_2033b
Reina, spansk vannhund

SAM_2038b
Mikke, kelpie

SAM_2047b
Opsis, kelpie

Helga oppsummert:
Fint vær. God bålmat (VELDIG viktig!). Langt å gå(!). Veldig veldig kjekt! Lærerikt! Motiverande! Flink instruktør! Og det viktigaste av alt: fabelaktige figurantar!

 

P.S. Eg får meir og meir sansen for Kelpie!

torsdag, september 22, 2011

Å våge…

Sidan forrige innlegg har det ikkje blitt fleire spor på Emil og meg, men me har ikkje gitt opp. Dagane raser avgårde, og av og til må eg ha rolege dagar pga at armen er så vond, men så er det på’an igjen for fullt.

SAM_1884 
På langtur i heia.

IMAG0116
Tepause

Me har vore på ein langtur, eg og Emil, og forrige helg var svigermor Tove her og passa hundane og kattane mens Vetle og eg var i Gøteborg ein tur i forbindelse med bursdagen min. Helga hadde gått heilt fint her heime, til tross for at bekken hadde flaumt laaaangt over sine bredder, og det hølja ned med regn heile helga.
Det er LUKSUS å ha Tove som hundepassar!

SAM_1895

SAM_1942
Inne på Universeum der apekattane gjekk laus


SAM_1947
Gøteborghjulet

SAM_1977
Meg i Gøteborghjulet

I dag hadde eg og Hilde avtalt at me skulle trene litt, og i siste liten blei me med litt nøling enige om at me skulle introdusere Emil og Kairos for kvarandre. Planen var at me skulle gå med dei i band det første stykket, og så når begge to var rolege nok, så skulle me sleppe dei. Me gjekk innover mot Fiskelausvatn og starta 60-70 meter frå kvarandre.
Nesten inne ved vatnet bestemte eg oss for at me skulle sleppe dei, så Hilde gjekk heilt i botnen av bakken før ho slapp Kairos.
Han sprang ikkje rett opp til Emil, og det var jo positivt. Når dei til slutt helste på kvarandre, gjekk det først greit, men så brått var det eit crescendo av brøling og tenner, før det like brått var over.
Etter det gjekk det så fint, atte Smilefjes

SAM_1979SAM_1980

Emil var i grunnen ikkje fullt så fascinert av Kairos som det Kairos var av Emil, men Emil har tydeleg språk og Kairos skjøna kva han sa. Me passa på å halde oss i bevegelse heile tida, og snudde like før me kom til endes av vegen.
Eit stykke av heimvegen gjekk Emil i band og Kairos var laus, og då lot han Emil få gå i fred. Knallbra!

SAM_1978

Då me var på veg oppover den brattaste vegen, valde me å ta hundane i band for å trene litt båndtrening medan dei var gode og slitne. Takk og pris for at me gjorde det, for laaaangt oppe i bakken kom det ein laus elghund ruslande. Han forsvant inn i skogen der oppe, men det var ingen eigar som fylgde han. Eg gjekk først med Emil, og tanken min var at det var betre at Emil tok den eventuelle støyten åleine, enn at det skulle vera TRE hundar som skulle finne ut av kvarandre.

Emil såg elghunden og reiste bust heilt til me kom opp dit den forsvant i skogen. Me trudde me hadde unngått eit møte med den, men så kom den attende. Då gjekk Hilde og Kairos eit stykke framføre oss, så eg valde å sleppe Emil medan ho og Kairos sprang vekk. Elghunden var berre måteleg interessert i Emil, men stod og flekka tenner då Emil kom bort. Eg gjekk motsatt retning, og høyrde murring frå ein eller begge to.
Til slutt heiv eg ein neve godbitar over dei, og då starta elghunden å snuse på bakken og åt godbitane. Eg fekk kalla Emil inn til meg, og så brukte me teknikken frå passeringskurset til å komme oss forbi. Elghunden fylgde heldigvis ikkje etter oss.

Hadde det vore ein annan rase enn typisk jakthund, ville eg løyst situasjonen på anna vis, men mine erfaringar tilseier at jakthundar generelt er fornuftige og konfliktsky når dei treffer på mine hundar. Og det viste seg å stemme denne gongen også! Juhu!

Alt i alt var det ein nydeleg tur, me hadde sol og ikkje så mykje vind, og me var skjønt enige om at dette ville me gjenta om kun kort tid. Smilefjes 
Eg er stolt over kor tydeleg Emil var i språket sitt, og at han ikkje tydde til håndgemeng kvar gong Kairos blei litt vel intim for han. Og eg er veldig glad for at Kairos forstod kva Emil sa og at Kairos svarte han så tydeleg. Nok ein løøøøvli tur!