torsdag, juli 23, 2009

Snart ferie

Ferien står for døra, og det kjennes litt annleis ut i år. Me reiste på ferie utan Joey i fjor også, men då visste me at han var på Ålgård og hadde det gullfint. I år skal Ålgårdsfolket vera me oss opp på hytta, og likevel kjem ikkje Joey til å vera der. Vemodigt... Kvardagen utan Joey går framleis greit, og nå har me begynt å merke kor mykje hensyn me tok til han. Her ein kveld hadde Vetle tatt seg ein tur ut, og Ayla og eg var heime åleine. Eg sat og var rastlaus og hadde lyst til å gå tur med Ayla, men tenkte at eg måtte vente til Vetle kom heim igjen. Ein vanlig tanke gjennom dei tre-fire siste åra. Brått slo det meg at eg faktisk ikkje trengte det lenger. Me kunne berre kle på oss og gå ut! Det var ein merkelig opplevelse.

Ikkje nå på onsdag, men neste onsdag (bursdagen til Vetle), skal me køyre frå Treungen ned til Kongsberg og installere Ayla og meg på brukshundleir på Troll Hundeskule i fire heile dagar. Der skal me ha om spor og nasearbeid i altså FIRE heile dagar!! ÅÅÅÅÅ som eg gler meg!! Snille Vetle som syns det er heilt greit at eg bruker ferien min på slikt! :-)
Ayla har fått begynt å gå små og rolege turar i nærområdet nå, og det ser bra ut enn så lenge med tanke på haltinga. Ho har knapt sett anna enn grusveien og Vistnestunet dei siste to mnd, og storkoser seg når me nå altså har begynt å bevege oss litt lenger. Eg vil ikkje begynne for hardt, heller, for eg er så redd for at ho skal begynne å halte igjen nå når me har vore så flinke til å bruke band og halde henne i ro. Eg ser på henne at ho verkeleg har lyst til å bruke kroppen og springe villmann og herje vilt, så det er ikkje alltid så lett (med tanke på samvitet mitt) å kople på henne bandet.

I Joey sitt fravær har ho vore veldig oppmerksom på både Vetle og meg, og ho søv mykje meir enn før. Han hadde jo middels separasjonsangst og måtte sjå kor me var til ei kvar tid (før var det nok å høyre oss, men etter som hørselen svikta, måtte han altså sjå oss for å vite at han ikkje var åleine), dermed vakna Ayla også og rusla etter. No kan ho ligge i stolen eller på puta og sove og me kan gå på kjøkkenet eller badet eller ut i gongen utan at ho registrerer det.

Eg er ganske så spent på korleis det vil gå på hytta, når ho skal halde orden på fire vaksne, tre mellomstore born og ei lita på to år pluss Tanja. Eg fryktar at det vil gå litt i surr for henne, og at ho kjem til å varselbjeffe på dei fleste av oss som kjem inn etter å ha vore ute eit ærend. I tillegg vil det altså vera fire born ho skal passe på (ho bli ekstra vaktsom når ungane er med oss), så eg håper ho ser at dei eldste klarer seg sjølv og at det kun er Lea som treng pass. Og hvis vatnet på hytta er varmt nok til at eg klarer å bade i det, så skal Ayla få svømme litt også. Høhø...

Ellers er det framleis lite me trener på. Me har tatt lang sommarferie, og eg har nesten ikkje rørt klikkeren på fleire mnd nå. Ayla er så treningssugen, stakkars, og ho er så tapper og tålmodig at eg får heilt vondt. Me skal satse for fullt når eg bare ser at foten held seg frisk og eg ikkje treng ta hensyn til den lenger. Der er NULL overtid i den nye jobben min, så då er der ingenting som stopper oss fra å trene og trene og trene! :-)
Ingen komplikasjonar etter sterilisering, og Ayla skulle begynt å få løpetid i desse dagar. Eg må innrømme at det skal bli deilig å sleppe...

Vetle har endelig fått seg flott speilreflekskamera, og dei bildene han allerede har tatt, har blitt knallflotte! Gu, så eg gler meg til feriebildene i år! :-)

søndag, juli 19, 2009

To dagar utan Joey.

To dagar utan Joey, og det kjennes veldig veldig rart. På lufteturar med Ayla tar me oss i å snu oss for å sjå om han kjem snart. Her heime ventar eg at han skal kome etter meg når eg går inn i eit anna rom, og eg ventar å sjå han sovande i stolen. Snorkande. Drøymande. Og det er veldig uvant å prate med normal stemme når me skal ut og lufte. Ayla ser ut til å merke at ho er åleine, men eg ser ikkje det saknet som Joey viste etter at Tinka døydde.  Eg håpar det vil forsetje slik.

Dei siste to nettene sov eg på gjesterommet med hundane. Dei fekk sove i senga med meg, og Joey likte alltid å krølle seg saman med ryggen inntil magen min. Eg sov nesten ikkje den siste natta, og kvar gong eg vakna, tenkte eg at eg kunne sove seinare, for eg hadde berre desse få dyrebare timane med han. Heile torsdagen var eg ikkje vekke frå han anna enn når eg var på badet. Ellers sat eg ved sida av stolen og koste med han. Han fekk massevis med godbitar, og til kvelds fekk han nesten ein heil kyllingkjøttdeig i maten. Han slukte det! 

Dei siste dagane blei han dårligare og dårligare. Han ville ikkje gå bort til lyktestolpen lenger, og han hosta oftare. Nå i ettertid ser eg at han faktisk kunne fått sleppe endå tidlegare enn han gjorde, for det gjekk verkeleg fort nå den siste tida. 

Fredag tilbrakte me store deler av morgonen og føremiddagen ute på plenen. Han var så glad i det, så då fekk han ligge med snuta i veret og ta inn inntrykk slik han elska å gjere. Olaug hadde fått tilbud om å vera med til dyrlegen, og det hadde ho takka ja til. Ho var her i god tid før me måtte dra, så ho fekk tatt nokre nydelege bilder av han og oss.

Då det var tida for å dra, og eg løfta han inn i bilburet, knakk eg saman. Dette var siste gongen labbane hans skulle røre bakken her heime. Siste turen i bilen. Siste gongen han var i bilen, siste gongen alt. Eg syns Vetle køyrde altfor fort herifrå, men eg fekk ikkje sagt det, for eg grein sånn.
Omtrent halvveis ned dit, klarte eg å ta meg saman, og då me kom fram, gjekk eg inn og fekk ordna med valg av urne og betaling og sånt utan å begynne å grine. Me var litt tidleg ute, så han fekk seg ein liten luftetur før me gjekk inn. Denne lufteturen varte ikkje meir enn 7-8 minutter, men han blei andpusten av det. Han fekk i det minste annonsert at han hadde vore der :-)

Vel inne på undersøkelsesrommet var han heilt roleg. Den første sovesprøyta blei satt i nakken, som ei vaksinesprøte. Det tok litt tid før den virka, og i mellomtida fekk me snakka litt med veterinæren som sat med oss stort sett heile tida. Eg fortelde at eg hadde vore bekymra for at ho ville føreslå medisinering og livsforlengande tiltak. Ho svarte at ho kjente oss jo, og visste kva me stod for, og stolte på at når me hadde kome til den konklusjonen at han skulle få sleppe, så visste me kva me snakka om. Eg sa vidare at eg var redd for å seie i ettertid at me gjorde det for seint, og ho syns altfor få gjorde det tidleg nok. 

Då den første sprøyta begynte å virke, la Joey hovudet sitt i fanget mitt. Pusten var veldig grunn, og eg frykta nesten at han skulle dø før den siste sprøyta blei satt. 

Det heile gjekk fort, fredelig og verdig for seg, og det einaste som "bøgga" meg, var at etter all grininga var nasen min for tett til at eg fekk snust inn lukta hans ein siste gong før me skildes for godt. 

Tankane har vore hjå Joey stort sett heile tida etterpå, men det har vore lettare enn eg hadde frykta. Det seier meg at tida var rett. Eg merker også at ting vil bli enklare nå. På alle vis. Vetle er ikkje lenger så bunden heime når eg og Ayla er ute på noko, og dersom Vetle og eg skal noko, ER det jo unektelig enklare å ta med ein hund som elskar bilburet. I ferien, etter at eg har vore på brukshundkurs i august, skal me ta turen til Sverige! Det var heilt utenkeleg med Joey, sidan han mislikte så sterkt å opphalde seg i bilen. 

Men det er tomt her heime. Stille. Han var den aller første hunden eg hadde på eigahand, og han kom inn i livet mitt året etter at eg hadde opplevd noko ufattelig vondt. Me har vore i lag i over tretten år, og det kjennes som ein æra er over. Han har liksom alltid vore der, og nå er han der ikkje lenger. Aldri meir. 

I skrivande stund har eg bestemt meg for at Ayla skal få vera åleine ei stund. Eg trudde eg ville ha kvalp ganske snart, men akkurat no kjennes det meir rett å la henne få all tida vår ei stund framover. Jepp, det er planen. Enn så lenge... 




Bildet er tatt for fire år sidan. Eg kan ikkje hugse sist eg såg Joey så rett i ryggen. Ayla er her 3-4 mnd gammal.

Joey som makulator. Hans favorittsyssel. Han fekk kose seg med ei heil avis torsdagskvelden.
Dei neste bildene blei tatt på fredag.  





Nydelege Joey!

fredag, juli 17, 2009

Kvil i fred, kjære Joey.

Joey.
18 desember 1995 - 17. juli 2009




Elskede Joey!
I dag er hjarta mitt tungt og trist
Ei varm og flott sjel har gått bort
Alle som kjente deg, skjønte så visst
at tida di nærma seg fort.

Godt over tretten år gjekk me i lag
på vegar me knapt kunne sjå.
Du stolte på meg, og bar aldri nag,
og var alltid snill med dei små.

År og månader blei veker og døgn.
Eg skulle så gjerne hatt meir!
At tida står stille er berre løgn,
dagane kunne gjerne vore fleir.

I dag svingte vegen din bort frå meg.
Til Regnbogebrua gjekk du.
Der skal me treffas igjen, du og eg.
Og gleda blir stor, kan du tru.

Gjennom vanskar og leik, latter og gråt
var du den som trøysta så raust
Når tårene mine gjor’ pelsen din våt,
kikka du opp så makteslaust.

Det er ikkje mykje du ikkje har sett.
Du har vore med over alt!
Du var alltid nøgd, ja, glad, rett og slett
så lenge du slapp ligge kaldt.

Tilgi meg, Joey, eg ville deg godt.
Eg tenkte på deg til det siste.
Kvila kom til din gamle skrott.
Og det er ikkje få som nå er triste.

Kvil i fred, kjære kjære Joey. Me treffes igjen!













tirsdag, juli 14, 2009

Grinetur til sjøen.

Tok med meg Joey ut åleine i kveld, og tenkte at me skulle rusle litt rundt Vistnestunet. Då me først kom ut, var det så deilig temperatur, vinden var så mild, at eg bestemte meg for å rusle ned mot sjøen.

Joey storkoste seg der han trava og snuste og markerte om kvarandre. Han var rett og slett skikkelig pigg og frisk!
Tankane kom inn på muligheten for at det kanskje bare var varmen som gjorde at han var så dårleg. Kanskje me verkeleg kunne utsetje avskjeden til ei stund etter ferien? Me kunne jo bare ta det med ro på hytta, og ta mange pauser på veg bort dit. Så kunne me passe på at ikkje ungane brydde han og at dei lot han ligge i fred. Han var jo heilt tydelig frisk som ein fisk, det kunne eg jo sjå med eigne auger! Og det er jo ikkje noko dødssynd å vera gamal!
Dessuten var eg heilt sikker på at eg nok ikkje ville bestemt meg for dette nå, dersom me ikkje skulle på ferie. Då ville han fått leve nokre veker, kanskje månadar til! Og eg var då visselig ikkje ein slik person som prioriterer ferie framfor hundane! Så sant me held oss i Norge, skal hundane vera med der me er.

Så skjedde det.
Halve vegen frå Tunet og ned til sjøen, altså cirka 3-400 meter, begynte han å pese frå magen. Så stoppa han for å snuse på noko, og då han skulle gå vidare, snubla han. Då knakk eg saman og begynte å grine. Så kikka eg meg panisk rundt for å sjå om det var andre folk rundt meg, men eg var heilt åleine. Joey rusla eit stykke framføre meg, og eg sette meg på ein stein og lot tårene renne fritt. Han stoppa og kikka etter meg, og så kikka han nedover mot sjøen igjen.
Eg hadde eigentleg tenkt å snu der, sidan han var så sliten, men så var det jo berre 8-10 meter igjen ned. Så slo det meg at dette ganske sikkert var hans siste "langtur", og dermed siste sjanse til å komme ned til sjøen. (treng eg nevne at den tanken fekk meg til å hulke?)

Han trava lukkeleg og pesande ned til sjøen, og hadde det svært så travelt med å lese avis og fortelle sitt siste nytt. :-) Eg grein og han snuste.
Etter ei lita stund rusla me heimover igjen, og då gjekk han som om han var klistra til foten min. Eg gjekk og hulkegrein oppover vegen, og kikka gjennom tårene ned mot den skjønne glade hunden min som gjekk og venta på at eg skulle finne leverposteituba og klemme ut litt til han. Han mangla ikkje viljen i kveld, i alle fall! Titt og ofte kikka han bak seg, og eg med mitt humør tenkte at han visste at det var siste gongen han var der nede, og at han ville memorere korleis det såg ut. Og så grein eg endå meir.

Turen gjorde godt fordi den fjerna den tvilen eg hadde.

Turen gjorde vondt fordi den fjerna den tvilen eg hadde.

To og ein halv dag igjen, og dei siste nettene skal eg sove i stova med hundane. Kan jo ikkje kaste vekk den tida eg har med han. :-)

Opp og ned. Og opp...

I dag er eg ikkje i tvil. Det er det rette.
Han vil rett inn igjen etter å ha vore på do. Inn og sove. I dag snudde han seg dessuten vekk fra kos i stolen. Han ville vera i fred.

Det kjem over meg i bølger. Det er slik med sorg. Eg har ikkje eingong skrive ferieliste, og det er halvanna veke til me skal reise! Eg, som er liste-menneske på min hals! Eg skriv liste for alt i god tid! I fjor starta eg lista to mnd før me skulle dra.

Me hadde eigentleg billettar til Harry Potter premiere på fredag klokka seks, men dei har eg fått annullert. Det tar seg ikkje ut for eit vakse menneske å sitje å grine på Harry Potter film. :-)

mandag, juli 13, 2009

Ventetidvakuum.

Ja, så går me her og ventar på at fredagen skal kome. Timane sneglar seg avgårde mot det uunngåelige. Eg vekslar veldig i humøret, og vipper fra å vera 150% sikker på at det er rett - til å heilt og holdent ville ombestemme meg.

Han får Metacam. Skulle hatt halvannan, men får to. Han ser ikkje ut til å ha så veldig vondt. I kveld, ute på tur, gallopperte han heim etter at eg hadde sagt at det var mat inne. Han sover like mykje, har like vondt for å reise seg, men er livligare ute. I alle fall av og til. Svigermor seier ho ser stor skilnad mellom slik han er nå og slik han var ved juletider.

Tvilen river og sliter i meg, for når han står og svaier på golvet, slik han gjer akkurat no når eg sit og skriv dette innlegget, så kjennes det ut som om det fredagen ikkje kjem raskt nok. Ute, i stad, då han gallopperte inn dørene med iver og glede i blikket fordi det venta mat inne, då var eg ikkje like sikker.

Eg trur at uansett kor sjuk eller frisk han hadde vore, hadde eg ikkje hatt direkte lyst til å ta farvel. Eg VIL jo ikkje dette, innerst inne. Men eg unner han å få sleppe å bli så veldig veldig dårleg. Eg må berre hugse på at han faktisk går på smertestillande no. Kvar dag. Høgare dose enn han skal ha. Nettopp for å gi han ei så fine siste veke som mogleg.

Eg må innrømme at eg sover dårleg. Midt på natta vaknar eg og husker kva som skal skje, og så får eg ikkje sove på ei stund. Når eg først sover, er det uroleg. Det første eg tenker på når eg vaknar, og det siste eg tenker på før eg sovnar er at denne veka mister eg Joey. Det skremmer meg slik!

fredag, juli 10, 2009

Eit planlagt farvel.

Me har altså avtalt time hos veterinæren for å ta farvel med Joey. Han har blitt så svak i bakbeina og snublar litt heile veien. Dette utslettet han begynte å få seint i fjor haust, har bare blitt verre. Me har medisinert for det også, men veterinæren har sagt at det ikkje er meir å gjer for å hindre spreiing. Etter den alvorlige analkjertelbetennelsen tidlegare i år, har han slikka seg mykje bak, og då særleg utpå knoklane på hoftene.

Når me er ute og lufter, har han ikkje alltid lyst til å bli med heilt bort til lyktestolpen, og det er berre knappe 80 meter bort. Han likar heller ikkje å gå på for ujevnt underlag, for då snublar han ofte med bakbeina, og det syns han er ekkelt, forståelig nok. Når han får godbitsøk på plenen, står han på ein slik måte at han nesten ikkje legg vekt på bakparten i det heile.

Det er altså ingen "DET er det som er gale", men mange små kombinert. Han går på smertestillande medisiner nå, og har blitt litt betre av det, men ikkje veldig.

Andre eg har snakka med eller lest om, fortel om gamle hundar som ikkje er reine inne, som må matas liggande, som har gått på medisiner for det eine og det andre og har vore nøydde til å få medisiner mot biverknader av dei førstnevnte, hundar som har slept seg etter frambeina for dei har mista kreftene i bakparten, hundar som ikkje kjenner att folka sine, eller som på andre vis har endra atferd.

Då tenker eg at kanskje eg har tatt valget for tidleg? Han er jo frisk i forhold til desse hundane!

Så tenker eg at eg har ikkje lyst til å bli ei av dei som fortel kor skrekkelig sjuk Joey var før me lot han sleppe. Eg har ikkje lyst til at det skal bli dei siste minna eg har av han. Han treng jo ikkje falle fullstendig saman før han får sleppe fri for smertene sine. Det står også fleire plasser at når ein gamal hund viser at den har smerter, er det nok ganske mykje verre enn me trur. Å vise smerter er eit teikn på svakhet, og overlevelsesinstinktet til hunden, sjølv den gamle hunden, seier at å vise svakhet ikkje er lurt. Det står også at der obduksjon har blitt utført etter avliving av gamal hund, viser det seg ofte at hunden må ha vore veldig plaga av både det eine og det andre. Kor langt skal ein gå for å forlenge livet til ein hund? Tretten år og sju månader er lenge til å vera såpass stor hund. Han har hatt eit godt liv i heimen vår.

Eg har lyst at Joey skal kunne gå inn til veterinæren sjølv. At han skal få sleppe å bli så dårleg at me ikkje lenger har noko valg. At han skal få døy med verdigheten i behald. Aller helst har eg lyst til å skru tida tilbake og få endå fleire år med han, for han er i sannhet ein herlig hund!

Slik det er no, så er eg i tvil når eg er vekke frå han. Er det berre det at han er gamal som feiler han?
Når eg kjem heim og ser korleis han faktisk er, forsvinn tvilen med ein gong. Han ER gamal, men han har også vondt. Kvar dag har eg spurt meg sjølv: "Hvis eg hadde kunne sjå eit år fram i tid, i fjor, kva ville eg ha sagt til meg sjølv nå då?" I fjor på denne tida var han med på lavvotur til Hønedalen, og eg syns han var svak sjølv då. I år ville han knapt ha orka å gå halvveis, og ville uansett ikkje klart off-road biten bort til teltplassen eller vore med bort dit eg og Silje stoppa for å lage tomatsuppe på veg heim. Eg måtte ha løfta han over den vesle bekken og opp på andre sida. I fjor ville eg ha sagt til meg nå at det er på tide å la han fare.

Eg fryktar at veterinæren skal seie at me gjer det altfor tidleg, men dette er ikkje noko impulshandling. Verkeleg ikkje. Kan hende han ville haldt ut ein eller to månader til, men kva har det å seie? Eg veit korleis formen hans er nå, og det har gått raskt nedover det siste halve året. Veldig raskt. Og nå får me tid til å nyte denne siste veka me har saman, me får sjansen til å seie farvel. Eit planlagt farvel.