mandag, januar 31, 2011

Rallydommarkurs

Torsdags morgon stod eg opp tidleg for å pakke ut i bilen og rekke å shamponere Ayla før eg starta på køyreturen til Oslo og Nydalen Hotell. Sjølve turen var heilt udramatisk, men veldig lang. Eg er glad eg slapp å tenke på hundeluft i tillegg til å følge med på GPS dama mi og lydboka.

Og ved hjelp av GPS dama kom eg meg heilskinna fram til hotellet, og fekk installert meg på rommet. Gaaaanske så tacky innreda rom, syns eg. MEN eg bestilte enkeltrom via Coop Hotellkupp, og fekk dobbeltrom, så eg skal ikkje klage.
CIMG5174
Glassvasedings oppå headboardet
Headboardet og lampe med perleremser nederst
Hyllesak som tv og minibar står i
plastikkperleremser fra taket
Bilde som ikke går helt ut i rammen

Fredagen var eg rundt og kjørte litt, bl.a for å finne bursdagsgave til niesa mi Elisabeth som nettopp har fylt heile TI år :-) Etter ein vellukka shoppingtur bar det tilbake til hotellet igjen før det var tid for årsmøte i Norsk Rallylydighet. Eg fant greit fram, og tolv medlemmer hadde møtt opp på Veitvet Bowling. Her blei det ein god del diskutering, avgjersler, og dessverre måtte eg gå før møtet var ferdig. Då hadde eg allereie vore ute og lagt på meir parkeringspenger, og var så stuptrøtt at eg faktisk ikkje var sikker på om eg ville klare turen tilbake til hotellet utan å sovne.

Lørdagen starta altså dommarkurset klokka ni, og i løpet av dagen gjekk me gjennom dommarmanualen, poengtrekk og diskar, baneteikning, og litt dømming. Det blei også mykje diskusjon, definering av kva som er kva, og jammen blei det pizza til lunsj! Luksus!! :-)
Då eg reiste heim, var det med ei ganske sterk kjensle av at eg eigentleg ikkje hadde noko på det kurset å gjera. Dei andre var så mykje flinkare enn meg til å sjå detaljer og kjente øvelsane betre, og eg hadde aldri så mykje som SETT ein Elitebane, eingong.
Vel attende på hotellrommet, leita eg difor opp ein haug med rallyfilmar og kikka gjennom dei for å øve meg litt. Heldigvis skriv dei fleste kor mange poeng dei fekk, sånn at eg hadde noko å samanlikne med.
Eg kikka blant andre på Ayla sine, og blei så utruleg lei meg! Eg såg ei frisk og rask Ayla som OSTE glede gjennom heile banen, og tenkte på kor urettferdig eg syns det er at ho har vonde korsbånd på begge bein! Ayla skulle vore ung og frisk og godt i gong med siste nappet til Eliteklasse Rally.
Uansett, eg fann ein del videoar som eg fekk prøvd meg på, i tillegg sat eg og forsøkte å pugge litt på forkortingane og nøyaktig kva som er trekk.

CIMG5185
Det var luksus å vera innandørs, for ute var det KALDT!!


CIMG5181
Været ute var sol og fint, men som sagt, veldig kaldt.

CIMG5183
Baneteikning på høgt plan.

Søndagen gjekk me først gjennom resten av regelverket, tillegget til dommarmanualen og kritikkskjemaet før me skulle dømme fleire klasse 1 ekvipasjar. Det eg merka i dag, var at det hjalp VELDIG at det var kjende øvelsar, og at fordi eg ikkje hadde laga banen sjølv; briefte banen grundig først. Etterkvart som ekvipasjane gjekk, syns eg det gjekk betre og betre, og HELDIGVIS var det ikkje utelukkande superdrevne hundar som gjekk, og dermed fekk me erfart dei fleste trekka og nokre av DISKane.
Eit par øvelsar er ganske vanskelige å dømme, så nå når eg teiknar banane, har eg endå fleire momenter å hugse på. Ikkje berre skal eg gjera banen interessant å gå for ekvipasjane, men eg skal gjer det enklast mogleg for meg sjølv å dømme i tillegg. I allefall i starten.

Kursdagen var over klokka fire, og då hadde eg nærmare 34 mil framføre meg før eg kunne parkere bilen i innkjørsla og bli overfalt av ein overlykkelig Emil. Han hoppa inn i bilen og trippa over heile meg, og ville helst krype inn i meg, så glad var han! Eg har jo aldri vore vekke fra han i tre heile dagar, eg! :-)
Ayla kom også ruslande, og eg var veldig nysgjerrig på om huden oppå ryggen hadde blitt bedre etter to shamponeringar. Det var den ikkje, og eg syns nesten det hadde blitt meir. I tillegg har Legolas klart å skade seg, så han går rart og reiser ikkje opp halen. Fredag stod han ikkje på foten, så han har blitt betre, men han har vondt, han også. Då er det berre Emil som er frisk av dei tre dyra våre...

Inntrykka eg sit att med etter ei slik helg er mange. Først og fremst har eg fått meg planar og draumar. Draumane går ut på å skape eit rallymiljø i Vennesla likt det me fekk til i Stavanger før eg flytta, og så stelle i stand stevner, både her nede og der oppe. Kanskje til og med få besøk fra andre klubbar som ønsker å delta på stevnene våre :-) Og når eg er ferdig utdanna dommar, kan jo både eg og Ghita få konkurrere med eigne hundar.
Men, for å få til eit miljø her nede, må eg halde kurs, så nå har eg starta planlegging av helgekurs her nede. Om eit par år er eg kan hende i mål med draumane om rallymiljø :-) Eg drøymer ikkje smått, det skal eg ha! ;-)

tirsdag, januar 25, 2011

Ayla og rar hud, og stresset hos Emil.

Me fekk filma dei første minuttene av korleis Emil ser ut når han kjem ut or bilen. Denne gongen var me nede ved Tveit Dyreklinikk, der me var og gjekk utanfor gjerdet like over nyttår i år. Slik som dette ser det ut:

 

Heilt elektrisk, altså.. og HØØØØGT oppe...

_______________________________________

Før helga la eg merke til at pelsen til Ayla sto opp litt i folder på ryggen. Då eg undersøkte, kjente eg at det var hard hud der, og det kjentes klumpete ut. Først  tenkte eg at det kanskje kunne vera ein reaksjon på noko ho hadde ete og at det difor ville gå over snart. Fredags ettermiddag syns eg det hadde blitt litt verre, så eg bestilte tid hjå dyrlegen på mandags ettermiddag.

Då mandags ettermiddag kom, var eg veldig glad me hadde fått oss time, for ho blei verre over helga. Eg fann meir av denne harde klumpete huda oppe ved halsen. Området var då ca 20x40 cm totalt.
Veterinæren tok ein rask kikk inn i pelsen og konstaterte betente hårsekker. Superfisiell follikulitt, på godt norsk. Me fekk ein shampo som skulle brukast to gonger i veka, og så time for ny kontroll om tre veker. Grunnen til denne betennelsen var nok at kortisonen har svekka immunsystemet hennar... stakkars gullet mitt...

Eg spurte også om kva som kunne vera årsaka til at Ayla har sunke så inn i ansiktet.. Det ser ut som om beina stikker meir ut, men det er visst tyggemusklane som visner hen. Veterinæren kunne ikkje seie noko om årsaka, men ho blei veldig interessert, fordi dei nettopp hadde hatt ein annan hund inne med like symptomer. Det første bildet under er tatt i august 2009, det andre 13 månadar seinare. Det ser nesten ikkje ut som om det er same hunden, tykkjer eg..

August 2009 bDSC08904 

 

Og så til noko langt hyggeligare:
Vetle har laga ei justerbar agilityvippe til meg, og eg var jo på kurs med Ayla i forfjor. Då ville ho ikkje over vippa om det smalt! Me måtte legge den flatt på bakken, og då fekk eg til slutt klikka henne over.
I går, då Vetle var ferdig med den, prøvde me ein gong med begge hundane, men ingen av dei ville over.
I dag gjekk eg ut igjen, og trur du pinadø ikkje Ayla klarte det! På det lågaste hakket, men ho gjekk over, lot vippa smelle i bakken, og gjekk nokonlunde roleg og konsentrert av igjen :-)

onsdag, januar 19, 2011

Har me sett lyset, tru?

Eg har både den engelske og den norske utgaven av boka til Leslie McDevitt. På engelsk heiter den "Control Unleashed", og på norsk "Slipp kontrollen løs". Då den norske kom, lånte eg vekk den engelske, og no lurer på om eg heller skulle lånt vekk den norske. Makan til dårleg vaska bok har eg aldri vore borti, og eg har lese mange tusen bøker, og ikkje fullt så mange hundebøker, både på norsk og engelsk. Der er direkte skrivefeil, ein haug med slurvefeil, og grammatikalske feil spredd utover alle sidene eg har lest. Eg finn med jevne mellomrom svenske måtar å setje saman ord på, og må mange gonger lese setningar fleire gonger for å skjøne kva poenget er pga manglande teiknsetjing eller nokre av dei andre problema. Petimeter, eg? Ja, eg innrømmer det...

Når eg leser ei fagbok, forventer eg korrekt norsk, gode uttrykk og minimalt med slurvefeil. Når boka ikkje fyller desse krava, må eg bruke lang tid på å lese henne, elles får eg ikkje med meg kva eg les. Då berre irriterer eg meg over alle feila eg finn.

Uansett, eg leser litt her og der i Slipp Kontrollen Løs, og stanser når eg henger meg opp i feila.
Og sjølv om boka ikkje direkte seier det i reine ord, har eg lese meg til ei forståing av noko eg har gjort feil både i Prosjekt Brumlebasse OG den jobben eg har gjort med tanke på kor stressa Emil blir i urbane miljø.

Eg har rett og slett vore for utålmodig. Eg har ikkje innsett kor seint dette må gå. Eg har forventa for mykje for raskt.
Dette er ein skjellsettande åpenbaring for meg, den siste brikka i puslespelet.
Og det er difor eg heile tida må vende tilbake til Start og ikkje kjem vidare. Eg har klokketru på at dette er ÅRSAKA til at framgongen har latt vente på seg.  For eg ynskjer ikkje å trene han til å takle det som stresser han, eg ynskjer å trene vekk at han blir stressa i utgangspunktet.

Med dette i tankane, køyrde eg ned til sentrum i dag - utstyrt med Godbitpølse og Frolic - og med EITT mål for auga; Stå utanfor Rimi og ikkje gå derifrå før Emil var avslappa.
Frå bilen og bort til Rimibutikken er det ti meter, og det var alt han bevegde seg i sentrum i dag. Eg stilte meg opp, og han begynte å mase litt med lyd og rastlause rørsler i kroppen. Eg sette meg på huk, og haldt ein godbit i handa som han måtte ta roleg. Han sette seg difor ned, og konsentrerte seg veldig om denne godbiten.
Så kom det ei dame ut frå butikken, og han snudde seg for å sjå. Eg klikka, og han fekk godbiten. Han tok den med hard munn, og eg måtte kikke på tommelen min etterpå for å sjå om den var like heil.

Derifrå gjekk det heilt perfekt; han fekk klikk og godbit for kvart blikk på andre enn meg. Når han konsentrerte seg om meg, trente me vidare på å sitte fint og vente på godbiten til den kom heilt bort til han. Det kan høyras ut som om eg lokka han til å sitje og konsentrere seg om meg, men denne treninga har me gjort ein del av heime også. Han har vore så grusom til å gnage på fingrane mine, nemlig. Etter ei stund kunne eg trappe ned på underhaldninga, og han kikka rundt seg meir og meir avslappa.

Eg forsøkte å legge merke til korleis han såg ut, om han fekk rynker i panna eller munnvikane blei strame, eller om busta begynte å reise seg. Nei til alt. Folk passerte like ved oss, og rett bak Emil, men han sat like fint. Ei eldre dame stoppa opp og snakka med oss, og Emil reiste seg for å gå bort til henne. Eg klikka, og han kom tilbake til meg. Han returnerte, og skulle akkurat til å hoppe på henne, og så klarte eg å klikke idet framføtene letta frå bakken. Han snudde i lufta, og returnerte til meg, og dama var like blid.

Emil blei roligare og roligare, og då eg begynte å gå tom for godbitar, var han heilt avslappa og kul. Han sat meir bakpå rumpa enn han pleier, og ansiktet var heilt avslappa. Han tok godbitar fint og roleg, og me kunne gå tilbake til bilen uten hopping eller biting i bandet.

Og ved hjelp av SKL boka, har eg altså innsett at det faktisk er så langsomt eg må gjer dette her. Sannsynligvis med Prosjekt Brumlebasse også. Om me er på trening i lag med andre hundar, er det viktig å halde han under terskelen for det han klarer. Om det einaste me oppnår er at Emil ikkje bjeffer på dei andre hundane, så er det ein vellykka kveld.

Eg reknar ikkje med at dette er av interesse for nokon, men for min eigen del vil eg skrive det ned. Stort sett er det jo difor eg skriv blogg i utgangspunktet. Eg har fatta nytt håp, og ser lys i tunnelen (åh, at eg aldri husker korleis det ordet skrives!), og det er ei GOD kjensle!

tirsdag, januar 18, 2011

Emil er eitt år!

DSC00398

I stamtavla hans står det at han er født 17. januar, men han er altså født 18. januar. . Eg VEIT han er født 18. januar 2010, for den dagen starta eg det siste rallykurset eg haldt i Tananger. Eg har tenkt fleire gonger seinare, at det var mykje kjekt som skjedde den dagen, for WOW for nokre kursdeltakarar eg fekk gleda av å følgje dei neste to månadane!

Men, attende til Emil. Den litle gule skjønnasen min. Min! Som blei min fordi nokon andre ombestemde seg. Eller, Vetle eig han jo også, så det er eigentleg VÅR hund, men det er min hund. ;-) Berre ikkje sei noko til Vetle om det ;-)
12032010887
Første dagen hos oppdrettar.


Her har han vore hjå oss i to dagar. Halsbandet har eg faktisk laga sjølv ved å makramea over ei remse fleecepledd. *Smeeeelt*

 

Eg har gjort meg mange erfaringar sidan han kom i hus, og ein av dei viktigaste må vera at eg aldri kjem til å få meg hund midt i flytting. Never ever again! Kvalpen fortjener all fritid, og fordi me flytta til Sørlandet (det er framleis rart å sei at me nå bur på Sørlandet, sjølv etter åtte månader her) etter at Emil hadde vore hjå oss i to månadar, blei pakking og utpakking noko sporadisk. Eg syns likevel han har takla flyttinga godt, og fann seg raskt til rette i det nye huset.

CIMG4321

Den første tida var det veldig skummelt å ferdas i skogen, og han hoppa mykje på meg medan me var ute og utforska det me må kalla nabolaget. Dette endra seg gjennom sommaren, og før det første snøfallet kom i slutten av oktober, rakk han å bli særdeles varm i skjorte ute i skogen.
Han lærte seg å svømme og verkeleg KOSE seg i vatnet, og han har hatt besøk av Thassie, Tanja, Oliver, og Jesper. Ja, og eit kort, men hyggeleg besøk av redningshunden Isi

IMG_5519

Ayla har sine uvanar som eg ikkje har klart å unngå at ho har overført til Emil. Ho har vist han korleis ein god vakthund oppfører seg når ukjente kjem inn på tomta. Det er heilt greit for meg, for me bur avsides til, og eg kan godt bli varsla om ting eg ikkje høyrer sjølv. Skilnaden mellom Ayla og Emil er at Emil vil helse når han får sjansen. Ayla vil fortsetje å bjeffe til den ukjende er jaga vekk.

Emil er framleis miljøberørt, og har høgt stressnivå når han kjem ut or bilen, uansett kor me er. Dette viser han ved å hoppe på meg og bite i bandet, og pese om det er riktig ille.

Ein annan erfaring er at å jobbe med ein miljøberørt hund kan vera vel så utfordrande som å jobbe med ein hund som er usikker på folk.
DSC06887

Tradisjonen tru vil eg fortsetja på same vis som eg har gjort på Ayla sine bursdagar.

Eit år gamal kan Emil følgande:
Vente i buret uten å mase
Glad i å kjøre bil
Komme på innkalling
Sitter utanfor kjøkkenet mens eg lager i stand maten hans
Gå fint i band
Han leiker intenst
Eter alt av mat og godbitar og er generelt enkel å belønne
Veit kva han skal gjera med eit spor
Veit sånn halvveis kva LIGG, SITT, VÆR DER betyr (eg er generelt dårlig på å setje signal på atferder)
Kan svømme og hente ting i vatn
Har ein fin, men ikkje perfekt, innkomst som han tilbyr som defaultatferd
Flink til å finne roen sjølv, også på framande stader
Søker lenge utan å gi opp
Og sikkert endå meir som eg ikkje kjem på akkurat nå.

Om eit år ønsker eg at han kan:
Passere andre hundar utan å bjeffe
Nok øvelsar til å kunne konkurrere enten i rally eller vanleg lydighet, eller aller helst begge
Konsentrere seg om trening i lag med meg medan andre hundar trener i nærleiken
Plukke gjenstandar i sporet og komme tilbake til meg med dei
Komme tilbake med leikene han får som belønning
Feltsøk
Rundering, i alle fall at me har starta innlæring av det

Og så, størst av alle ønsker, ønsker eg at han er HD og AA fri, og at han ellers er frisk og sunn.

Til slutt ein liten videosnutt frå 17. januar. Eg brukte fire økter og tilsaman ca 40 minutter på å få til denne rullen, inspirert av Olaug som dagen før forsøkte å lære Thassie å rulle rundt og fekk nokre tips av meg som eg sjølv altså prøvde ut i går:

søndag, januar 02, 2011

Prosjekt Brumlebasse, nytt år - nye muligheter.

Litle Nyttårsaften skulle me til Vetle si mor og ete middag, og hadde med oss begge hundane. Av diverse årsaker skulle eg køyre min bil ned til der Vetle arbeider, og så skulle me køyre derifrå i hans bil i lag.

resize_image_-1392457433Eg har berre eitt bur i bilen, og valde å ha Ayla der. Difor måtte Emil sitje framme med meg på passasjersida. Eg er ikkje tilhengar av å ha hund laus i bil, men tenkte at om han sit i ro på golvet på passasjersida, så han i det minste trygg om eg skulle måtte bråbremse. Og eg frykta bittelitt at han skulle sitje og stresse og ville opp på fanget og maset heile turen, men den gong ei. Etter eit kvarters køyring, la han hovudet på setet og sovna nesten. Etter ytterligare fem minutter, la han seg til på golvet og sovna, og sov der til eg var framme ved der eg skulle parkere bilen.

Vetle kom etter kun kort tid, og derifrå køyrde me altså til Grimstad. Då Emil skulle opp trappene opp til svigermor si leilighet, ville han ikkje. Den er åpen og glatt, og Vetle måtte ned og bære han opp. NOK ein ting me må trene på, altså...

Eg seier nok ein ting, for eg har sett meg lei på såre fingrar nå. Emil har det skrekkelig travelt med å ta i mot godbiten, og skraaaaaper fingrane mine reine for kvar minste smule. Flinke, perfekte Ayla bruker bare leppene, ho... Aldri tenner, og har god tid uansett.

Og så til Prosjekt Brumlebasse. Han bustar og brumlar og girer seg så opp når han ser andre hundar for tida, og det ser ikkje ut til å bli betre, heller, så noko gjer eg gale. I dag skulle me sjekke ut eit inngjerda område der folk samles for å sleppe hundane lause, og tok med oss begge hundane i bilen. Ayla blei så rørande glad då ho fekk på seg selen og forstod at ho skulle få vera med :-)

Då me kom fram, viste området seg å vera ganske lite - samanlikna med f.eks Åsen i Stavanger, og det var 13-14 hundar i alle størrelsar frå Jack Tussel terrier til Grand Danois. Eg bestemte meg for at eg ikkje ville inn med ein gong, for han stressa sånn at han bjeffa på ein bossdunk som stod der då han kom ut or bilen.

Eg blei satt på tanken om LEIK av Renate som har Tinka. Tinka har hatt ein del av Emil sine reaksjonsmønster ved ulike hendingar, og Renate fortelde at ho hadde nytta leik under deler av Nyttårskvelden for å døyve Tinka sin redsel for rakettlydane. Dette fekk meg altså på tanken om å ha med meg ei av favorittleikene til Emil i dag. Med ein gong han kom ut or bilen, rakk han altså å bjeffe på denne søppeldunken før eg inviterte til leik. Han har vel aldri leika meir halvhjerta enn dette, men eg ga meg ikkje. Eg skulle ha han hengande i leika før me bevegde oss vidare.  Til slutt hang han der og ville ikkje sleppe, så då kunne me gå bort til vegen som gjekk nokre meter frå gjerdet der dei andre hundane sprang lause og leika og bjeffa.

Først såg Emil slik ut:
 DSC00553
Han buster over skuldrene og rumpa og på halen.


DSC00554 

DSC00560
For dei som er interesserte i hundespråk: Her har Emil bust over skuldrene, rumpa og på halen. I tillegg er munnen veldig stram, holdninga stiv, blikket retta mot dei andre hundane, øyrene framover, og det var like før han senka hovudet og murra.


DSC00559
Han får Frolic når han ser på dei andre, uavhengig av om han lagar lyd eller bustar eller ser på meg. Eit par gonger inviterte eg til leik der på vegen, og det gjekk raskare og raskare å få han til å leike intenst.


DSC00565
Eit par-tre minutter seinare hadde han tid til å snuse, han senka busten, var ikkje så oppteken av hundane innanfor gjerdet, og leikte endå meir intenst med meg.
DSC00564
Her er busta heilt nede.


DSC00569 
Etter tolv minutter var dette slik han gjekk sjølv om ei av hundane stod ved gjerdet og bjeffa.

Etter eit kvarter var han veldig roleg og avslappa, sjølv om han var interessert i dei andre, og eg hadde VELDIG lyst til å gå innanfor gjerdet og la han springe med dei andre hundane. Innan den tid var det berre fire-fem hundar att inni der, men valde likevel å IKKJE gå inn. *klikk* til meg for det :-)

Framover vil eg forsøke å oppsøke den plassen oftare, og bruke leik endå meir enn eg har gjort. Eg har heile tida tenkt at leik øser opp og godbitar roer ned, men ser at det ikkje nødvendigvis er slik for Emil.




 DSC00574
På veg heim, stoppa me for at Ayla også skulle få seg litt luft. Me rekna ikkje med å treffe folk, så korkje Vetle eller eg hadde nok godbitar med oss til det som skulle inntreffe. Det kom nemlig springande ein JOGGAR på fortauet!

Eg overlot Emil til Vetle og ba dei gå eit godt stykke i forvegen, og så gjekk eg og Ayla inn på ein liten "møteplass" på fortauet, ba henne sitje, og lot som om ho skulle få noko skikkeleg snadder øyeblikk. Joggaren passerte, og fram kom leika. Ho hang som berre tusan i den, då kjende eg at det er veldig lenge sidan eg har leika med henne, for eg gløymde reint at eg berre kunne seie Slepp, og så slapp ho :-) Nydeleg! Flinke, herlige, skjønne Aylaen min!!
DSC00571