lørdag, februar 28, 2009

Agilitykurs, lørdag. Praksis.




På bildet: Dette var dessverre ikkje beskrivande for korleis Ayla oppførte seg i dag.

Eg trur at eg aldri har hatt så mykje godbitar med meg på kurs før, for eg skulle verkeleg ikkje gå tom i dag. Fiskekaker, heimelaga, pølser, tuber, Frolic, lever you name it.

På nederste bildet: Kristin hadde eit eller anna VELDIG godt, og ho stilte seg i enden av ein hinderserie på tre vanlige låge hinder. Her forsøker eg å få Ayla med meg tilbake. :-) Og Ayla ser ikkje særleg berørt av å bli holdt i halsbandet. Det hjalp verkeleg å ha trent på dette her, sjølv om ikkje agility akkurat har vore formålet med akkurat den treninga. :-)



Dagen starta med litt teori, ca ein halvtimes tid før me skulle hente hundane og starte på hindera. Me er fire på mi gruppe; ein boxer, ein BC, og ein kvit gjeterhund. Alle hannhundar. Ja, og Ayla då. 

Det første som skjedde, var at eg skulle hjelpe til med å halde pølsa åpen, og bandt Ayla ved gjerdet. Ho blei litt VEL ivrig i hopping og spretting og klarte å slite halsbandet tvers av. Ho sprang rett bort til boxeren som sjølvsagt brølte tilbake, og stakkar eigaren skulle redde hunden sin fra den frådande rottweileren og tviholdt i bandet til hunden sin. Kristin ropte at ho berre måtte sleppe bandet, og då fekk dei snakka samen på hundevis. Etter mykje om og men fekk me kontroll over kvar vår hund, og eg gjekk mot bilen og skulle sette henne i buret. Så kom eg på at dette ikkje skulle vera det siste som skjedde på banen før pause, og knytta bandet provisorisk rundt halsen hennar og trente litt vidare.

Dagen har brakt blanda følelsar, og ho har reagert på mykje: andre hundar, tre gonger på folk, til tider ikkje kjempegod kontakt, men det VAR mykje som skjedde på banen i dag. Tretten hundar som ganske så ofta prata høglydt saman til kvarandre, og det blei få pausar for henne. Det skal eg forandre på i morgon.

Når det gjeld hindera, gjekk alt greit, unntatt vippa. Den blei eklare og eklare, så om eg skulle jobba vidare med den, ville eg nok begynt veldig rolig og shapet inn høgare og høgare kriterier. Det gjekk nok litt for fort for Ayla akkurat der.

Neste utfordring var hjulet. Til å begynne med gjekk det også heilt greit, så snudde me over til store hundar, og første gong gjennom gjekk så det suste. Andre gongen klarte ho å velte heile greia over seg, og dermed ville ho ikkje gjennom etterpå.
Det hjalp å snu det over til den låge innstillinga igjen, og så fekk me nokre repetisjonar der ho hoppa gjennom likevel.


Dersom du ikkje klarer å sjå filmsnutten av Ayla på bommen, klikk her.


Mønet, Bommen, Lengdehopp, Hinder, Pølsa. Desse gjekk heilt flott, og det var veldig kjekt! Eg har sprunge og lekt og herja og svetta og blitt kald og storkost meg på kurs! Agility er knall! :-)

På bildet: Eg har nett kome heim, og då kom Legolas og la seg på magen min. Det fins knapt meir avslappande lyd enn ein malande katt. :-)

På desse to siste bildene: Eivind, ein av instruktørane, viser med Dewey korleis hindera SKAL gjerast. For eit tempo!! :-)

fredag, februar 27, 2009

Agilitykurs, fredag.

Tretten deltakerar, frå pomeranian blant dei minste, via bichon og jaktlabrador, og lagotto romagnolo og sjølvsagt border collie og til Ayla som den absolutt tyngste.

Me gjekk gjennom læringsteori, belønningar, historikk, om SBK, hindera, hundespråk og menneskekroppsspråk etc.

Som nybakt instruktør merker eg at eg ikkje utelukka klarer å ta inn deltakarinntrykk. Eg bit meg merke i instruktørting også, noko som gjorde at eg gjekk i frå kurset den kvelden med ganske så mange inntrykk i hovudet.
Teorien skulle vare i to timar, men varte i to timar og førti minutter. Når ein er innstilt på to timar, blei det i lengste laget for meg. Eg var heilt gåen på slutten. :-) Eller kanskje det er alderen på deltakaren og ikkje varigheten på kurset som var skuld i akkurat den kjensla... Sikkert det siste.. jada...

Hindera ser spennande ut, og eg håper me får litt problemer med nokre av dei. Kvifor? For å få noko å bryne oss på, og då særleg eg. Eg har funne ut at eg har fått altfor mykje gratis ved at Ayla tar ting så kjapt, og at ho berre klarer ting sånn nesten heilt av seg sjølv.  
Eg forsøkte litt slalåm med henne i dag (Vetle hadde vore på FK og kjøpt gjerdepinner i plast for strømvaier), og ho fant inngongen av seg sjølv og sprang gjennom som ho aldri hadde gjort anna! 
Om eg ikkje husker feil, så består hindera av: Hjulet, Bordet, Slalåm, Mønet, Tunnel, Lengdehopp, Hinder, Pølse, Vippe, Bommen, og muligens nokre til som eg ikkje husker.
Det eg trur kan bli utfordring for oss er hjulet og mønet og muligens bommen og vippa. Eg er spent på tunnelen og slalåmen, mens dei andre vil nok gå greit. Trur eg idag.

Ellers kjøpte eg meg bil i dag! Ein nesten flunkande ny Peugot Partner (2005 modell) varebil som faktisk er endå sprekare enn Mazdaen min! Og denne gongen BLIR det bilkjøp! Juhu!!!

mandag, februar 23, 2009

Åååå, denna trengt'eg!! :-D

Heile helga har me vore inne pga helsa. Det vil seie, eg jaga Vetle ut med Ayla på ein kort tur på lørdag i øs pøs regnvær ;-)

Derfor var det ikkje ein veldig lang tur eg planla då eg putta ein neve Frolic/tørrfor godbitar i kvar lomme + to fiskekaker som slapp unna middagsgryta i dag. 

I det siste har eg tvingt meg sjølv til å trene på laust band, så me tok ikkje på sele eller hadde med fleksilina i dag heller.
Då me var vel komne ut, var været så deilig at eg bestemte meg for å gå til sentrum, så kunne eg heller ringe til Vetle om Ayla var for ille. Ho har jo vore så reaktiv i det siste, så eg må alltid alliere meg med Vetle når ho og eg er på tur åleine.

Det gjekk ikkje lange tida før me traff ei dame på ein hest. Idet me passerte, sa eg LA VÆR (som betyr: "ka du enn har lyst til, ikkje gjer det, sjå heller på meg"), og me passerte som om me fekk betaling for det. Det fekk me jo.. Ayla i form av godbitar, og eg i form av ei god passering.

Så fekk ho gå litt laus langs vegen. Eg har vore ganske streng på at me held oss til ei side av vegen, så når ho er laus, går ho langs venstre sida. Ho gjekk og snuste og såg ikkje dama og dalmatineren som kom mot oss langt vekke. Eg fekk kopla henne, og me nådde akkurat ei innkjørsel før dei andre passerte. Då hadde eg funne fram fiskekaka, og ho var SÅÅÅ fornøyd!

Me hadde ikkje gått så langt før me såg ein kar som luska rundt ein garasje. For sikkerhets skyld gjekk eg over på andre sida av vegen. Me "fiskekaka" oss forbi, og eg lot henne sjølvsagt sladre før ho fekk fiskekake.

Så var det litt jogging mellom lyktestolpane med laus Ayla, før me traff to joggande damer. Ho sladra, og dermed begynte fiskekakeforing i sitt og bli til damene hadde passert. 
Eit stykke til, og så skjedde mykje med kort mellomrom. Først ein kar med to hundar, så ei dame, og så ein ung ung mann som brått kom ut frå ein hekk like foran oss. Då gjekk siste bit av fiskekake nummer to, og eg håpte inderlig at me ikkje skulle treffe fleire på veg heim.

Det gjorde me, men eg hadde visst ein liten bit igjen i eine lomma, og eit eldre ektepar fekk passere mens Ayla sat i sitt og bli og fekk halvparten av det eg hadde igjen av lever, Frolic og tørrfor. 
Det var rett før eg ringte Vetle og ba han hente oss, sånn at me garantert ikkje skulle oppleve noko negativt på det litle stykket med hadde igjen før me var heime, men eg lot det bli med tanken.
Dei siste par km heim, tok eg meg i å gløyme at eg hadde Ayla med. Ho gjekk berre med laust band, rett ved sida av meg, og svart som ho er, ekstra svart i mørkret, såg eg henne ikkje i sidesynet mitt, heller. 

Den siste godbiten fekk ho idet me trødde føtene inn på grusveien som fører ned til huset.

Ein nydelig tur! :-)

Eg oppdaga at eg ikkje lenger treng å belønne med godbitar når me trener på laust band. Det er nok for henne å få komme framover. Ho får jo godbitar når bilane har passert, eller når ho kjem innom meg når ho går laus. 

Til helga skal me på Agilitykurs! Wææææ!!! :-)

torsdag, februar 19, 2009

Til Joey


Når blikket mitt
møter ditt,
ser eg ungdomen
i sjela di.
Kroppen din lyg
til meg.
Du er ikkje gamal.
Sjela di er ung
og har mykje liv
att å leva.

Minna strøymer på,
av deg i graset
om morgonen
då kroppen din var ung.
Høge byks
for å skremma
mus og fuglar.

Deg ved sida av meg
på konkurranse
med logrande hale,
stolt marsj
over lydighetsbanen.

Dårleg samvit
blandar seg inn.
Rister det av meg.
Eg gjer ikkje slikt
no lenger.

Deg i skogen,
hit og dit.
Nasen like over bakken.
Kløven på ryggen,
så kry over jobben
du har fått.

Deg i armane mine
når eg hadde det vondast.

Tårene mine
som trillar nedover
pelsen din.
Lyden av deg
når du prøver ut
kva slag type bjeff
som får meg opp
av stolen den kvelden.

Du kjem springande
mot meg
i den høgaste farten du kan klare.
Langt vekke frå
liknar du den
du ein gong var.

Då ser eg glimt
av den du er
inni deg.

Gleda ved å vera
i livet,
trass i smerter og sjukdom.

Og når du kjem
heilt bort til meg,
seier augene dine
”Takk.
For at eg får komme
i mitt eige tempo.
For at du ventar
på meg.
For at eg nok ein gong
får kjenne tårene dine
i pelsen min”

onsdag, februar 11, 2009

Påvirka av reklame?

Eg er ikkje gal, bare veldig veldig hekta... (fritt sitert etter reklame for Miljoagentene.no)

Til mitt forsvar så er eg jo veldig interessert i det som har med førarhundar og servicehundar og hundar generelt å gjer... :-)

mandag, februar 09, 2009

Tur, rallylydighet og eit bittelite utfall. Oppdatering Joey.






Det blir lite oppdateringar i bloggen for tida av den enkle grunn at Ayla og eg ikkje har vore venner på ei stund. Ho har vore reaktiv, eg har vore sliten (samanheng? You bet!), og me har begynt å snakke litt saman igjen.

Men først oppdatering om Joey. Han blir visst frisk igjen, seier dyrlegen. I går fekk han den siste tabletten, og på fredag var han til kontroll. Den eine sida var heilt fin, og den andre var det bare litt igjen på, sa ho. Han er seigliva, den gamle karen vår :-) Heldigvis og takk og pris for det! Han syns ikkje lenger at dyrlegar er kjekke, og det forstår eg godt. Det må vera så sinnsjukt vondt og ubehagelig å få betente analkjertlar tømt!

Så til Ayla.
Me gjekk tur rett etter middag i dag. Eg tenkte eg skulle prøve noko nytt, nemlig tur FØR trening. Tidlegare har eg tenkt at eg ville spare energien hennar til trening, så på treningsdagar har me ikkje gått tur før. Joey blei med og fekk dekken på seg. Han ser ut til å trives godt med det.

På tur koste ho seg heilt sinnsjukt, og Joey også, altså, men Ayla syns verkeleg turen var heilt topp! Frå ho var lita har me latt henne jobbe for maten, ho må nemlig bære inn dei der dingsane me setter grytene på - inn til kjøkkenet. Då seier eg: "Gå til Vetle" og gir henne dingsane, og hos springer inn på kjøkkenet med dei og bytter dei mot eit par kuler kattemat eller noko.

I det siste har eg funne ut at eg kan sei "Gå til Vetle" uavhengig om ho har noko i munnen eller ikkje. På tur i dag klarte eg ikkje å dy meg:



Vel heime rakk me såvidt å lage ein termos med solbærte og hakke godbitar før det var på tide å rusle avgårde til Rallytrening. I helga laga eg eit par små banar, og hadde avklart med Ghita at eg kunne få sette opp den eine.

Alle var med og hjalp, og plutselig var banen oppe. :-)
Elleve skilt i Nybegynnerklassen.
Eg hadde gjort ein feil, og det var at når eg bruker temposkilt (sakte eller springmarsj) må ALLTID eit Vanlig marsj skilt komme etterpå. Ellers skal jo i teorien heile banen gåast i det tempoet.

Då eg tok ut Ayla, trur eg at eg kunne merke at ho var litt roligare enn ho plar vera. Ikkje fullt så oppmerksom på omgivelsane. Me gjekk banen ein gong, så tok eg eit par innkallingar før eg stilte meg opp og prata litt med dei andre. Kristine hadde Kira der, og det gjekk i grunnen heilt fint.

Anja fekk låne Ayla gjennom banen ein gong, og eg må jo få sei sjølv at Ayla går "grævla fint!" :-)

Så ba eg om hjelp til Stå - Gå i fra - Berør, og Anja hjalp meg. Eg fekk filma EIN gong, og det skulle sjølvsagt vera DEN eine gongen ho ikkje skulle stå i ro. Men slik er det jo...



Eg fekk i tillegg hjelp fra Ghita med tannvisningar. Ayla sit dønn i ro, og viser ikkje teikn til å reise seg. Veldig bra!

Mens me rydda inn skilta, låg Ayla og Mira i fellesdekk. Kira reiste seg, og Kristine skulle inn og legge henne igjen. Då spratt Ayla opp og sprang bort til Kristine og bjeffa ein gong mens ho busta. Kristine stoppa heilt opp, og eg gjekk og henta Ayla og la henne i dekk igjen.

At ikkje Kira reagerte!?

Anyway, eg ba Kristine gå tilbake før meg eit par gonger, sånn at eg fekk belønne Ayla for å ligge i ro mens andre gjekk inn til sine hundar. Kan jo ikkje ha det slik?!! Ho låg dønn i ro resten av fellesdekken, og eg fekk belønna mange gonger for at Kristine gjekk inn til Kira.

Kva meir er der å fortelje? Jo, eg skal forsøke å bli Rallyinstruktør! :-)

tirsdag, februar 03, 2009

Mandag og rallytrening

I går kveld var det såvidt eg møtte opp på trening. Ayla har vore reaktiv i det siste, og eg trur nok det er ein kombinasjon av lite trening/aktivisering og løpetid. Det hadde vore særdeles enkelt å skylde på jobb og månedsavslutning og gitt beskjed om at me ikkje kom, men "den enklaste utveien" er for pyser. 

Me kom ti på sju, og då var jo allereie Ghita der med eit anna kurs, og Anja hadde tatt Oscar ut for å trene litt. Anja og eg fekk lov til å boltre oss med skilt og oppsett til bane og sette opp ein Avansertbane som tydeligvis hadde blitt brukt i Trondheim ein gong. Det var ikkje bare bare å sette den opp, men det var kjekt å få gjer det og få den erfaringen også. :-)

Etterkvart kom det fleire og fleire til, og når eg rekner etter, så trur eg me blei sju eller åtte.
Eg hadde ikkje lyst til å ta Ayla ut av bilen, for nokre av hundane lekte og bjeffa litt, og slikt tålererer jo ikkje ho, må vite. 

Eg mota meg opp til slutt, og gjekk og henta henne i bilen. Då ho hoppa ut or bilen, hadde ho knapt landa før ho snudde seg og ga meg kontakt. Ho var heilt SJUKT på denne kvelden, og me fekk trent på stå under marsj, vendingar, stå fra sitt, innkalling til sitt i front, stå-under-marsj-avslutningar.

Då det var vår tur til å gå banen, syns eg ho jobba utrulig bra. Eg tok om igjen EITT skilt fordi eg somla oss vekk, ellers gjekk ho knallgodt! Eg trur faktisk me kunne klart oss gjennom ein Avansertbane på konkurranse også! 
Heilt til slutt fekk eg unnagjort ein spontan fellesdekk saman med ei cairntispe. Knallkveld! :-)