torsdag, juli 29, 2010

Når villdyret våkner.. i form av vakthunden Ayla..

Her me har flytta til er det ein god del ungdommar (og sikkert andre også) som råner. Dei er glade i spesielt Volvoar, og helst skal dei vera lakka i gullfarge. GullVolvogjengen, kallar Vetle og eg dei. Dei køyrer forbi på vegen her med høg DUNK-DUNK musikk som kanskje er køntri, kanskje er hip-hop, kanskje er gospel, det veit eg ikkje. Me høyrer berre bilduren og dunk-dunk når dei passerer.

Nå høyres det ut som om me bur nært vegen, og det gjer me. Det er omtrent 40 meter frå verandaen og ned til vegen. I starten la eg merke til kvar einaste bil som køyrde forbi, og lurte på korleis dette ville gå. Der me budde før såg me knapt andre bilar enn husvertane og naboane sine. Nå, to månadar etter innflytting, er det berre ein og annan eg faktisk legger merke til.

Nokre gonger når GullVolvogjengen køyrer forbi, bjeffer både Ayla og Emil eit par gonger før bilen har passert og lyden ikkje høyres lenger.

I går kveld. Nei, i går NATT faktisk, for Vetle hadde forlengst gått og lagt seg sidan han ikkje har ferie i lag med meg i år, sat eg her og kikka på TV og surfa litt på laptopen. Så høyrer eg bildur i lag med dunk-dunk, og forventer at den skal forsvinne i løpet av to sekunder. Det er så lang tid det tar ein bil å passere.

Men ikkje denne gongen. Det høyrdes ut som om dei hadde stoppa nede i vegen og var på tur inn i innkjørsla. Eg blei forviten og gjekk til verandadøra. Eg kunne ikkje sjå noko, for her er jo aldeles mørkt om natta. Ingen gatelys langs vegen, og me hadde ikkje slått på utelyset.
Dermed opna eg verandadøra, og ut sprang Ayla og Emil. Brølande. I løpet av nokre sekunder registrerte eg at det stod ein bil nede ved vegen, at det var menneske utanfor bilen, eg høyrde stemmer, dunk-dunk, og såg to brølande skuggar nedover mot bilen.

Emil stansa halvveis, og slutta å bjeffe.

I løpet av dei neste sekundene registrerte eg vidare at dei som stod der nede sto og ... ja.. tissa. To eller tre av guttemennene sto ved grøfta og haldt i tissemennene sine mens Ayla sprang rundt og brølte på dei. Korleis dei fekk utført ærendet sitt er for meg ei gåte..

Eg stod oppe i bakken og ropte på henne, men ho reagerte ikkje. Eg rekna med at ho ikkje høyrde meg over dunk-dunk, motordur, seg sjølv og guttemennene som forsøkte å fortelle henne at alt var greit. Eg kunne ikkje sjå henne, så eg visste ikkje kor i mørkret ho eller guttemennene var. Så tok eg i, og brølte deg eg klarte (og det er HØGT), og då ho bevegde seg oppover mot meg, kunne eg skimte at ho kom frå botnen av bakken. Bilen og gutemennene stod tre-fire meter i frå henne. 
Eg skrøyta veldig av henne og tok med meg hundane opp mot altanen igjen, og såg at Vetle hadde vakna og kome ut for å sjå kva som føregjekk. Nede frå vegen kom det spakt: "Beklager at me forstyrra dykk"
Inni meg bobla eg av latter og lettelse og svarte at det var heilt i orden, og lurte inni meg på kvifor dei ikkje hadde blitt  sinte eller redde eller noko.

Då me kom inn i stova, roa begge hundane seg med ein gong, og eg såg føre meg dei som stod nede ved vegen og tissa og ante fred og ingen fare og brått kjem to skuggar bjeffande og brølande mot dei mens dei står og held på det mest dyrebare dei har. Eg fekk meg ein god latter, og Vetle også.  Og me var heilt enige om at det verkeleg ikkje er nokon fare for at Ayla skal bite, og at ho er ein fantastisk vakthund. Det siste ville vore irriterande om me budde i eit byggefelt, men når me nå bur slik me gjer her, og eg er så mykje åleine pga Vetle jobber overtid, kjennes det veldig betryggande å ha Ayla her. tissepause

tirsdag, juli 27, 2010

Ayla 5 år i dag! Litt tilbakeblikk, refleksjonar og framtidsutsikter.

DSC07573I dag fyller Ayla 5 år, og det er på tide med litt tilbakeblikk, refleksjonar og framtidsutsikter. Eg har grua meg til dette innlegget ei stund, for tilbakeblikk betyr som regel at eg må revurdere framtidsutsiktene alt etter kor langt me har kome etter planen.

I fjor på denne tida sat me på hytta og det var ti dagar sidan me hadde tatt farvel med Joey. Ho var fin i bakbeina, og me gjekk lange spor og koste oss veldig. I starten av august var me på brukshundleir hos Anne Lill på Troll Hundeskole, og sjølv om me hadde bekymringar då også, skulle eg meir enn gjerne ha bytta med dagens    bekymringar. 

Akkurat nå føles det som om heile hausten, vinteren og og nå store deler av sommaren har gått med til å ta hensyn og passe på og bekymre seg og grine og vurdere avliving og undersøke operasjonsmuligheter. Slikt er trøyttande og vondt, og eg føler ikkje me får kost oss saman slik me burde, Ayla og eg.

Då me bestemte oss for å få Emil i hus, var det fordi at Ayla kanskje ikkje ville oppleve femårsdagen sin, og at me muligens måtte belage oss på å ta farvel med henne også så kort tid etter Joey. Som eg har nevnt før i bloggen, så har eg bestemt meg for å ha eit hundehald der ting skjer på hundane sine premisser, og at eg ikkje skal medisinere i det vide og det breie for å halde DSC07572dei i live, og at eg skal ta den tunge avgjersla når eg må. Eg ønsker ikkje at Ayla skal gå og ha vondt i lange tider fordi eg ikkje klarer å ta farvel. Difor går ho på kortison nå. Sakte men sikker har ho blitt betre av haltinga, og sjølv om det til tider er umulig å halde henne i ro, har ho simpelthen blomstra av å ha eigen hage å få godbitsøk i. Håpet er at ho skal bli heilt haltefri og god nok til å vera med på skogsturar igjen.

Når det gjeld framtidsutsikter, har eg pleid å legge planar eit år fram i tid, men det vågar eg ikkje i år. På Ayla sin femårsdag må eg planlegge tre månadar fram i tid. Og om tre månadar står helsa hennar i første rekke. Alt anna kjem i skuggen av det. Eg håpar og ynskjer og trygler om at ho fortsatt lever, og at me har fått starta heilt på scratch med å takle folk igjen.


DSC07574

Ho er så vakker!! Femåringen min :-)

søndag, juli 18, 2010

Helgebesøk

Fredag føremiddag reiste Olaug og jentene opp til hytta, og eg fekk ettermiddagen på meg til å gjere klart for neste runde med besøk. Denne helga var nemlig satt av til Carita og Oliver for lenge sidan! :-)

Dei kom ca åtte, og då hadde eg laga ferdig middagen. Emil og Oliver møttes ute, og fant tonen rimelig kjapt. Dei har treft kvarandre to gonger tidlegare, men sist var i slutten av april.
Slik såg det ut første gong dei møttes, i slutten av mars
image

Slik såg det ut sist
image

Denne gongen kunne Oliver gå under magen på Emil:

DSC07716
Oliver fant ut at om han stod under Emil og beit Emil i beina, fekk ikkje Emil tak i han med kjeften

 

Emil er van med å "leike" med Ayla, men det kjipe med det, er at Ayla er særdeles robust og tåler ekstremt mykje frå Emil. Når han insisterer på å få reaksjon frå henne, kan han ta 5 til 10 meters fart og springe rett på Ayla utan at ho så mykje som rikker på seg. Ho er som ei støtte, og lar seg ikkje provosere. Så forsøker Emil seg på litt hasebiting, og får heller ingen reaksjon. Men gir seg ikkje. Neida, då tar han endå større rennfart og forsøker å sikte på hovudet hennar. Til slutt blir ho drittlei, og brøler til han, og dermed har Emil fått det som han ville. Kvifor eg ikkje stopper det tidlegare? Fordi dette skjer lynkjapt! Han er ein sprinter uten like, denne svensken min, nemlig! 

DSC07639Men i helga møtte han sin overmann. Oliver, blanding mellom Papillon og Tibetansk spaniel på halvanna år. Han er kjapp som ein floge, og fintar betre enn det brasilianske landslaget kombinert, og har kondisen til ein maratonløpar!  Difor nytta ikkje Emil sin taktikk på Oliver. Han måtte finne på noko nytt, og det var "å leike slik normale hundar leiker som ikkje har eit fjell av ein rottweiler å røyne seg på". Etter å ha funne ut litt meir av kvarandre, enda dei opp på stovegolvet og nærmast danseleika utan lyd. For ein forandring! Ingen lyd, bruke rumpa til å dytte i den andre, Oliver som gjekk under magen til Emil for å bite  han i beina, Emil som la seg ned på golvet og lot Oliver klyve og hoppe som han ville, og Emil som godtok utan protester å bli lagt i buret når dei begge trengte litt kvile.

Fredagen gjekk stort sett med til middag og dessert med tilhøyrande x antal glas fantastisk vin og masse tatling til dei seine nattetimane. Sidan Emil ikkje er van med å sove åleine, fekk han sove på golvet på soverommet i lag med meg. Eit par gonger ville han opp i senga, noko eg tillot for å få fred, men han sov faktisk til 11:00 og eg sjølv vakna og ville stå opp!

Lørdagen køyrde me ned til Agder Forsenter for å handle sele til Emil, og det blei vel nokre andre ting også, kanskje.. Så køyrde me opp til Vennesla sentrum og rusla litt i gågata. Emil var knallflink og beit berre bittelitt i bandet. Då me hadde pause på benken, sat han og kikka rundt seg og var heilt avslappa og nydeleg :-) *smelt*

Så køyrde me heim her og trente litt innkalling med begge hundane før me tok ein matpause og lot hundane lade opp til sportrening. Eg fekk starta med grustrening, men eg gjorde det sikkert ikkje rett. Må nok lese litt om slikt før eg prøver meg igjen. Oliver fekk eit skogsspor, og då såg eg at det var dukka opp masse modne blåbær i skogen over bekken! Nam nam, sa både Oliver og Emil! :-)

Resten av ettermiddagen og kvelden slappa me stort sett av, både firbeinte og tobeinte, for det tar på å trene hund!
Det vil sei, dei firbeinte likte kvarandre betre og betre, og gjorde eit utal rare krumspring på golvet her:

DSC07686

 DSC07662

DSC07666

 DSC07670

 DSC07672

 DSC07678

 DSC07682

Utover kvelden trengte hundane litt ro, så då fekk Oliver eit nyinnkjøpt tidsfordriv frå Agder Forsenter, og Emil fekk kvile litt ved sida av stolen min. Etterkvart fatta han interesse for det Oliver hadde og rusla bort til teppet der Oliver låg og koste seg med beinet sitt. Han nærma seg veldig langsomt, og eg forventa at Oliver skulle seie frå om kor frekk Emil var. Men Emil kom seg så langt at han fekk inn eit slikk på beinet uten at Oliver sa frå.
DSC07694
However, naive Oliver trudde vel ikkje heilt at det gjekk an å bli så frekk og freidig som svensken Emil viste seg å vera, så neste gong Emil forsøkte å stjele beinet, reagerte Oliver.
 DSC07697

DSC07698

 DSC07702

DSC07700

  DSC07704
Best å holde seg på avstand, tenker nok Emil her.

Seinare på kvelden trengte ingen av dei i bur eller tvingas til å kvil, det klarte dei heilt på eiga hand. Dette var, etter Carita sitt utsagn, første gong Oliver slappa av saman med ein annan hund. Dermed trur eg Oliver også lærte noko verdifullt denne helga :-)
DSC07773

 

Søndagen var heimreisedag, så det blei ikkje så mykje tid til trening og slikt, men me fekk oss ein skikkelig koseleg tur inn til Fiskelausvatn der Emil fekk bada, og Oliver prøve seg som vakker fotomodell :-)

 DSC07805

DSC07808

 DSC07809

 DSC07813

 DSC07816

 DSC07817

 DSC07818

 DSC07828

 DSC07830

 DSC07836

 DSC07838

 DSC07840

torsdag, juli 15, 2010

Feriegjester, hyttetur og spor.

Denne veka har me besøk frå Ålgård igjen. Heile gjengen; to voksne, fire ungar og to hundar, er her på nokre dagars ferie, og medan dei er i Badeland og Dyreparken, er eg hundevakt for Thassie mellompuddel 3,5 mnd og Tanja toypuddel 9 år. Ja, og Emil og Ayla sjølvsagt.

Eg var spent på korleis dette skulle gå, sidan Emil jo berre van til svære robuste Ayla som tåler å bli brukt som fartsdempar. Thassie og Tanja kombinert veger knapt nok like mykje som hovudet til Ayla, men det går faktisk greit med alle fire saman. Emil syns Tanja er kjekkast å terge, for hjå henne klarer han å framprovosere reaksjon berre ved å stå ved sida av henne. Ho er redd for knea sine, og ønsker naturlig nok ikkje å ha Emil hengande rundt seg, så då forsøker ho  å jage han vekk, noko han syns er hysterisk morosamt. Stort sett er det roleg her, og eg syns alle hundane er flinke og sosiale.

Når eg observerer Emil rundt dei to "framande" hundane, syns eg han er høfleg, roleg, nysgjerrig og litt fanten. Får han seg ein raptus, er han utruleg dyktig til å unngå å springe på dei, men når mat er med i biletet, ser han ikkje anna enn maten, og kan dermed tråkke på ein av dei små.


Sjølv med fire ungar i hus ser ikkje Emil ut til å bli overvettes stressa eller uroleg. Me kjøpte eit firkanta gitterbur til han i forrige veke, og me har såvidt trent bittelitt burlek. Både han og Ayla går meir enn gjerne inn der og legg seg for å få fred, og eg håpar at han ikkje kjem til å vokse frå dette buret. Veksten ser ut til å ha stagnert bittelitt nå, men samanlikna med Thassie, så ser han nesten utvokst ut :-)  Og Thassie, som har vore så småeten, har fått smake maten til Emil, og den går ned på høgkant! Dobbel porsjon av det ho vanlegvis får ned - sluker ho i seg og takker ja til meir! Artig!
Ansiktet til Emil har blitt så vaksent i det siste, og heile han har fått ei ny ro over seg som han ikkje har hatt før. Han har blitt meir sjølvstendig når me er ute i skogen og går, og han blir meir interessert i å snuse etter at Ayla har vore på do. Han sitter framleis når han tisser, HELDIGVIS, og det hadde vore interessant å få vegd han igjen. (Lagt til innlegget 16. juli: Han veger pr i dag 23,6 kg)


Forrige helg var me på hytta, Emil sin første gong der. Der fekk me lagt eit spor på ca 200 meter, tre gjenstandar, over grusveg, og nærmare to timar gammalt. Det eg lærte av det sporet, var at me må trene på grusspor. Nå til helga kjem Carita og Oliver på besøk, så då kan eg kanskje få trent på grusspor. Eg har ALDRI gjort det før, så dette blir spennande...
I allefall, Vetle låg i enden av sporet og var KJEMPEbelønning for Emil :-)
DSC07464
DSC07477
DSC07478
DSC07479
Emil har funne Vetle! :-)

I dag er feriegjestene i Dyreparken, og eg er heime med alle fire hundane. Thassie, som er 3,5 mnd, får meg til å innsjå at Emil faktisk ikkje er fullt så kvalp lenger. Og det er litt nUdelig :-) I går var eg også hundevakt, og gjorde mitt beste for å hindre Thassie i å interiørdekorere FOR mykje, men måtte gi opp då eg såg at Ayla berre trengte å gå bort og STÅ ved sida av Thassie og så slutta Thassie å bite i gardina. Bare ved å STÅ der! Dermed lot eg Ayla ta heilt over å passe på Thassie, og det fungerte gullfint! I dag har ikkje Ayla trengt å bevege seg for å stoppe Thassie i teppebiting eller liknande, ho (Ayla altså) har berre trekt pusten frå der ho ligg, og så slutter Thassie. Den makta skulle eg også likt å ha! ;-)
I dag vågde eg meg på ein liten bandlaus tur med heile gjengen, og slik fortona det seg: (eg forsøkte først på plenen korleis dei gjekk saman ute, og det gjekk så fint at me rusla innover grusvegen så langt som knea til Ayla og Tanja tillet) 

  DSC07503
DSC07510
DSC07536
DSC07540
DSC07551
DSC07580
DSC07555
DSC07559
DSC07569
DSC07579
DSC07577

torsdag, juli 08, 2010

Feriemodus

Me er så absolutt i feriemodus for tida, og dagane går omtrent i kvarandre. Eg går på tre veker fri i morgon, men Vetle fekk ikkje ferie samtidig som meg, så då blir det til at eg går heime og daller med hundane. Ikkje verdens dummaste ferie, det, altså, men det hadde jo vore kjekkast om Vetle fekk dalle saman med oss.

Huset og hagen blir langsomt flytta inn i. I helga skal me begynne arbeidet med å gjerde inn deler av hagen, sånn at me ikkje treng å vera redd for at hundane skal gå til vegen. Det blir det første store prosjektet vårt, og hverken eg eller Vetle har satt opp eit gjerde før.

Neste helg får me besøk av Carita og Oliver, og planane er å gå spor og kose oss med hundane i skogane her. Vetle og Ayla stikker på hytta ein tur då, så slepper ho å øydelegge den gode framgongen ho har hatt i føtene den siste tida. Ho haltar nesten ingenting nå, berre avlaster venstre bakfoten litt av og til. Dermed kan det faktisk sjå ut til at eg får behalde henne ei stund til, godjenta mi :-)

Emil er snart seks mnd, og ser meir voksen ut nå. Han har mange trekk som er like Joey sine, og somme tider når han ligg og søv, er det som om Emil glir til sides og så dukker Joey opp. Nokre sekunder seinare glir Emil tilbake igjen og Joey forsvinn. Det er ei underlig kjensle når det skjer, men også veldig veldig godt. Det nærmer seg eitt år sidan me tok farvel med Joey nå, og saknet er framleis STORT! Det går ikkje ein einaste dag utan at eg tenker på han og ønsker at han hadde fått oppleve å flytte i eige hus og hage. Han hadde stortrivdes her nede...

Katten Legolas lever herrens glade dagar her, og jaktar på både fuglar, muser, rotter og stålormar. Eg har klart å redde ein stålorm fra drapskatten, og har funne tre-fire små muser og ei rotte(om ikkje det var rotte, så var det i alle fall ei himla svær mus).

Når eg finn ladaren til kameraet mitt kjem fleire bilder, og kanskje ein liten videosnutt, men enn så lenge er den borte vekk.
Med andre ord; me lever i beste velgåande. :-)