mandag, februar 22, 2010

Nye kvalpebilder av Emil.

Nye kvalpebilder er lagt ut, og nå veit eg at dei to lysaste er hannane. Det er nå derfor 50/50 sjanse for at Emil er den eg ser føre meg.. Nemlig han det står "Omärkt hane" på. Den aller lysaste av dei to lysaste :-)
Kennelnamnet er dessutan også klart, og han heiter Searover Pearl Jemil. Eg syns det var SÅ stilig at oppdrettar har innlemma kvardagsnamnet hans inni kennelnamnet!! Mysigt! (må jo begynne å øve meg på å snakke svensk nå den første tida til han lærer norsk ;-)

Ein av desse to skjønnasane er Emil.



Han her er det eg trur kjem til å bli vår. Tida vil vise om eg får rett ;-)



Men han her er også til å ete opp!!!

Alle desse bildene er ærleg og redelig stjelte herifrå:
http://www.searover.nu/valpsida%20prima%20acer.htm

Og nå er det atten dagar igjen! :-)

Ayla kan framleis imponere.

I dag kom Olaug og Lea og Thassi på besøk, og eg var veldig spent på korleis dette skulle gå. Ayla har ikkje sett andre hundar på mange månadar, og Emil er nå Emil, han..

Eg helste først på Thassie heilt åleine, og ho var akkurat slik eg trudde ho kom til å vera: Deilig og glad kvalp :-) *smelt* Så henta eg Emil ut, og hadde han i band den første stunda, for Thassie var redd han med ein gong. Når det då såg ut til å gå greit, løysna eg Emil og det blei litt i meste laget for Thassie som gjekk og gøymde seg i Ibsens ripsbuskar og andre buskvekster.

Så ba eg Olaug gå inn til Ayla og seie hei så ho ikkje skulle bjeffe når ho kom ut, og Olaug kom ut igjen og fortalte at Ayla hadde begynt å grine då ho helste på henne. Ayla har alltid vore EKSTREMT glad i Olaug og kan nesten ikkje få nok av henne, så då me kom ut i hagen, der Olaug, Lea, og Thassie stod og venta. Lea var den første som fekk smake Ayla sin entusiasme, og fekk seg eit slikk både her og der. Så oppdaga Ayla at Olaug stod der, og blei heilt frå seg av glede igjen, sjølv om ho jo nettopp hadde helst på Olaug inne i huset.

Deretter blei Thassie oppdaga. Det var heilt greit og spennande dei tre første minutta, men så tok gjensynsgleden for Olaug overtaket igjen. Me rusla litt innover grusvegen i lag med dei, og Ayla brydde seg ikkje om Thassie overhodet. Det DIGGA Thassie, og då eg slapp Ayla og lot bandet henge etter, syns Thassie dette var heilt strålande leiketøy!
Ayla var med andre ord perfekt sosialiseringshund for Thassie, i og med at ho ikkje brydde seg det døyt om den litle sjarmørjenta som sprang i hælane hennar :-) *smelt*

Seinare på kvelden gjekk det seg til for alle saman, og dei sovna lett henslengt utover golvet, heile den firbeinte gjengen.

mandag, februar 15, 2010

Mine håp og draumar for Emil. Del 1

I helga då eg gjekk tur med dei kjekke rottweilerane til Krissi, tenkte eg for alvor over korleis eg ønsker at Emil skal vera. Då kom eg fram til at dei to viktigaste tinga berre er noko som enten er der eller ikkje:
1. God psyke. Sterk og trygg og sosial mot folk.
2. God helse.

Vidare kjem nokre ting me berre halvveis kan gjera noko med:
3. Enkel å belønne.
4. Full av treningsiver.
5. Godt kvilehjarte.
6. Av- og Påknapp.


Lenger ned på lista kjem slike ting som me har så og seie full råderett over, og som kan oppnås ved hjelp av rett trening:
7. Miljøsterk.
8. Sosial mot hundar
9. Opptatt av oss.
10. Roleg inne på besøk.

Lengst ned på resten av lista kjem treningspunktene som flink i band, innkalling, bli, doggie-zen, ikkje hoppe på folk, roleg i bilen, roleg om eg går frå han kor det måtte vera, glad i buret sitt, lågt stressnivå, grundig i sporet, glad i å apportere o.s.v.

Sjølv om innkalling sannsynligvis kjem som nummer 11 på lista, anser eg likevel det som ein av dei enkle tinga å lære ein kvalp. Ein berre hjernevaskar den vesle knotten på at alt godt skjer rundt beina våre, og så gjenstår det å sjå om eg må ete orda mine etter at Emil kjem i hus. Eg hugsar framleis korleis me gjorde dette med Ayla, og ho er heilt PERFEKT når det gjeld innkalling og det å halde oss under oppsikt når me er på tur og ho går laus.

Kan hende det fins fleire punkter som burde vera viktige, men som eg ikkje kjem på her og no. Eg trur at ein laus plan over dei første månadane, kva han skal få oppleve, kor me skal dra på besøk, kven som skal kome på besøk til oss, kva hundar me skal treffe, miljø han skal få oppleve o.s.v. kan vera ein god ting.
Endå er det forholdsvis god tid, men me må nok ikkje somle altfor mykje, heller.

Og så har eg fundert på om Emil skal få sin eigen blogg, men eg trur han og Ayla skal få dele denne.

lørdag, februar 13, 2010

Balsam for sjela

Fredag hadde eg fri frå jobb, og hadde avtalt med Krissi at eg skulle komme ned på filmkveld. Me skulle lage snadder mat og kose oss med film. Så skulle eg få gå tur med rottweilerane hennar.
Etter over fire år med Ayla, tenkte eg at det ville bli spennande å sjå kor grundig ho har prega meg.

Første hund ut var Snuppa Redningshund. Eg VEIT jo at ho elskar folk, og at alt ville gå bra. Likevel, då me tok att ei eldre dame på stien me hadde valgt oss, kjente eg ein tung klump i magen, og så stoppa eg der, snudde og gjekk tilbake igjen. Eg vågde ikkje passere dama. I ettertid har eg forsøk å finne ut kvifor eg snudde, og ein av tankane som gjekk gjennom hovudet mitt var at kanskje, hvis eg går forbi og samlar inn bandet idet me passerer, så vil Snuppa begynne å få negative assossiasjonar til eldre damer. HALLO!!! Det heng ikkje på greip, men midt i ein slik situasjon tenker ein ikkje alltid like rasjonelt.
 Men det var ein deilig tur, uansett :-)




Neste hund ut var Lara. Ho er døv, men eg merka kjapt at ho hadde full kontroll på kor eg var og kor eg gjekk.Ho sendte meg eit kjapt sideblikk og observerte tydeleg kva retning føtene og kroppen min var vendt mot, og så gjekk ho også dit. Snøbadenymfe uten like!! :-)
Me traff ei mann med to schæferar og gjekk litt til sides så dei kunne passere. Ikkje ein lyd, og knapt interesse ein gong. Fantastisk!!


Resten av fredagskvelden blei via til godt selskap, snadder middag og dessert, god vin, og ikkje mindre enn TRE filmar før eg kollapsa ein gong i totida.


I dag blei eg servert snadder frokost, og etter at den var fortært saman med eit par koppar te, bestemte eg meg for at eg ville ut og prøve tur med hundane igjen. Denne gongen blei eg briefa av Krissi, og kjente meg mykje tryggare då eg gjekk ut. Med Snuppa traff eg ni mennesker, og gliste meir for kvar passering. INGEN klumpar i magen, bare pur lykke og glede!

Ein interessant ting eg observerte, var at ho reagerte HEILT likt Ayla då ho såg folka: øyrene framover, rynker på hovudet, roligare gange, og våken interesse. Då folka hadde passert, snudde ho seg etter dei, men der slutta likheten. Snuppa snudde seg berre tilbake igjen og fortsatte å snuse, mens Ayla ville ha bjeffa etter folka.

Med Lara gjekk det like strålande som dagen før. Ho er mindre interessert i dei forbipasserande enn Snuppa, og rusler stort sett akkurat i enden av bandet og held eit konstant auge med kor eg er. Med henne passerte eg ein familie på tre, ein joggar, tre syklistar, og ein åleineperson.




Dette var terapi for meg. Heilt ærlig. Dette skulle alle som slit med utagerande hundar prøve! :-)



P.S. Nye kvalpebilder! Nå er Emil fire veker, og om fire veker på denne tida er me komne heim. Nå er det altså MINDRE enn fire veker til!!!! Juhuuu!

torsdag, februar 11, 2010

Fleire tankar om Emil si kvalpetid.

Emil er allereie ein heldig hund, for sjå kva han har fått sydd til seg:



Det er Tove, mor til Vetle som er kunstnaren. Fantastisk!!! :-)


Det er i skrivande stund 30 dagar til han kjem heim. 29 til eg får ta på han for aller første gong.
Eg har fått lånt meg sherpabag til flyet, funne band eg skal ha med meg, bestilt flybillettar og sørga for at det står at eg kan ha med hund, eg har meldt oss på kvalpekurs hos Siddis Hundeskole (første kurset mitt hjå dei, så det blir spennande), eg har begynt å avtale med folk som skal komme på besøk og som eg skal på besøk til, og andre saker som kan førebus før han kjem heim.

Her på jobb har me ein treetasjers heis, så eg skal høyre om eg kan få lov til å kome her og ta han med i heisen eit par turar.  Og så håpar eg snøen forsvinn før han kjem, eller i allefall i løpet av den første veka han er her. Ellers blir det vanskeligare med miljøtreninga, trur eg.
Og så har eg bestemt meg for NULL helsing på andre hundar i band. Berre laus, og berre i kontrollerte former. Så får me sjå kor lett det blir å halde fast på etterkvart. Planen er i allefall slik. Målet er å få ein hund som kan vera med over alt i band og ikkje bry seg om andre hundar.
kurset med Michele Pouliot i april i fjor lærte me litt om korleis me skal få til det, så eg trur eg er heilt sikker på at me skal nå målet   ;-)








torsdag, februar 04, 2010

Tankar om Emil si kvalpetid.

Det nærmar seg. Ikkje med stormskritt, det vil vera å ta i litt hardt. Men det nærmar seg. Det gjer også både prestasjonsangsten og usikkerheten.
Emil skal jo bli perfekt! Korleis gjer me det?
I teorien er det berre å gjer likt med han som med Ayla, forutan framandfrykta, så får me den perfekte hunden.

Det store spørsmålet er om me hugsar kva me gjorde for å lære henne at det å legge seg på romet sitt er nesten det kjekkaste i verden, at det er kjekkare å springe MOT inngongsdøra enn vekk frå den, at orda "gå vekk der" berre betyr at ho skal fjerne seg kjapt frå der ho befinn seg, at når me lukker att døra til vedovnen - først då er det greit å kome ut på golvet og sette seg på oss for å kose, at når eg held på på kjøkenet - er det lurast å legge seg anten på dørstokken eller utanfor mitt arbeidsområde, og ein haug andre kjekke egenskaper ho har lært seg.

Planane er mange for Emil. Han skal lære tidleg å gå fint i band, kva sitt og bli og kom betyr, at folk er kjempekjekke, at hundar i band berre er statistar i hans verden, at det er kjekt når folk kjem heim til oss på besøk (eg kjem til å sende ut kollektiv invitasjon der eg lokker med kvalpehelsing og nybakte solskinnsboller), at når me er på besøk skal han ligge roleg ved sida av meg, og ein haug andre kvardagslige ferdigheter som er kjekt å kunne for ein hund som skal få vera med over alt.
Pirketinga som utgongsstilling, fri ved foten, og søkeatferd skal også lærast inn, men lydighetstinga ellers får andre prioritet. I det lange løp er det tross alt kvardagslydigheten som er det me kjem til å setja mest pris på.

Eg har bedt meg fri i nesten ein heil mnd. Mars og april er jo spekka med fri, så det passer heilt perfekt.
Skal berre innom jobb ein dag her og ein dag der for å få fakturert. Elles skal eg og Ayla og Emil koooooose oss heime.
Snart skal eg byrja å lese Gry Løberg si bok om kvalpesosialisering. Det gler eg meg til, sjølv om eg har skumma gjennom den fleire gonger tidlegare. Så må eg gå til innkjøp av sele. Ein grøn eller blå trur eg vil passe Emil. Eller ein brun, kanskje.

Er det forresten nokon som veit om ein sherpa bag str M eg kan låne? Det blir fly likevel. Etter oppdrettar sitt råd. Ho meinte det ville vera mykje betre for kvalpen å fly nokre få timar enn å sitje i bilen i nesten eit døgn. Og då må eg ha sherpa bag til å setje under setet under take off, landing og taxing - og på fanget under sjølve reisa.

Det er noko som heiter ammetåke. Og nå bestemmer eg meg allereie for at det er noko som heiter kvalpetåke og at eg kjem til å få det. Det har nok byrja å sige inn i kroppen, for det er ikkje så enkelt å konsentrere seg som før. Blikket sklir ned på biletet eg har teipa fast til skjermen på jobb, og brått drøymer eg meg vekk i kvalpelukt og mjuk pels, kvasse tenner og tisseflekker og 25 lufteturar til dagen, og eit hjarte som svulmar over av kjærleik og stolthet for dette litla nurket som skal stå med logrande hale over matskåla.