søndag, oktober 29, 2006

Stødig hund, tross alt!

Det begynte å regne igjen i går, så for å herde Ayla litt meir på regnvær, tok eg på meg habitten min og gjekk opp til sentrum i kveldinga.

Tidlegare på dagen hadde straumen gått og vore vekke i ti minutter, og då me kom opp til sentrum forsvant han igjen. Det var ein ganske så eiendommelig opplevelse, for det var blitt skumring innan me kom opp dit. Brått blei alt mørkt. Over alt.
Etter omtrent nye ti minutter blei verden lys igjen, og då var me nesten inne i sentrum. Vetle skulle komme og hente oss, og mens me venta på han, tok eg litt generalisering av utgangsstilling ved eit fotgjengarfelt. Ho sat fint til folka var gått forbi, då braut ho og snuste etter dei.

Der var ingen teikn til bust eller skummelt, til tross for at det var blitt mørkt, og det er eg glad for.

Då Vetle kom, sendte eg han inn på Rimi for å kjøpe meir Frolic, og mens han var der inne, trente eg litt fokus og dekk på plenen foran parkeringsplassen. Brukte pipeleike som belønning, for eg hadde gått tom for pølse.
Ho fokuserer på meg sjølv om det går folk forbi ganske nært, og sjølv om bilar køyrer forbi oss med nokre meters avstand. Folk skrålte frå ein pub like ved, men fokuset forsvant ikkje frå meg.

Vetle kom ut og stod ved bilen og såg på oss litt, og då kom det brått eit kraftig smell som både eg og Ayla skvatt veldig av! Ho kraup litt saman og kikka intenst mot der lyden kom frå, og eg ville avbryte og hive henne inn i bilen (har ikkje peiling på kvifor...). Vetle foreslo at eg skulle trene litt til før me avslutta, og eg gjorde det. Ho virka bittelitt affisert i cirka to sekund, og så var ho heilt vanleg igjen. Takk og pris at Vetle foreslo det!

______________

I dag driv eg og Vetle og ommøblerer stova.

Ayla har byrja å ansjå åpen kjøkkendør som eit signal på at ho skal lukke den att, og i dag stod støvsugaren støtta opp mot den åpne døra. Eg tenkte meg ikkje om, og brått stod Ayla og skulle lukke døra. Ho dytta døra inntil, og dermed datt støvsugarslangen ned på henne med eit brak!

Vetle fjerna støvsugaren, og eg åpna døra og ba henne lukke den. Ho nølte ikkje eingong! Snakk om stødig hund!

Eg har vel inntrykk sånn generelt at ho avreagerer fort, og får stadig bekrefta det inntrykket når noko skjer.

Ein får ta med seg det positive ein kan...

--------------------


Sånn bortsett frå det, har eg begynt å trene på at ho finn kronestykker som eg har hatt i handa.
Eg set meg på golvet, legg mynten på golvet, og klikker når ho snusar på den. Eg begynte med å belønne med pølse, men har no gått over til å belønne med XXL-ballen, for den kjem ho tilbake med for at me skal leike.
Eg gøymer av og til mynten under tøflene til Vetle, og ho skjønner at det er den ho får klikk for. Nokre gonger plukker ho den også opp frå golvet og gir til meg!

Til veka skal eg ta med mynten ut og gjer det same ute. Funn av mynten skal alltid føre til maks belønning for å auke motivasjonen til å finne den.

fredag, oktober 27, 2006

Foredrag om hundens luktesans.

Foredraget starta klokka sju, og byrja med å vise ein film frå nederland om ein 18 mnd gammel schæfer som gjekk spor på asfalt. Eg må sei eg blei mektig imponert og om mulig endå meir gira på bruks og spesielt spor.

Så fekk me sjå ein film om id-hundar i Tyskland og korleis dei jobber. Endå meir imponert.

Så byrja han å prate. Dei to hjernecellene mine jobba for harde livet, og eg fekk notert ned eit par interessante tips og fakta som sikkert er sjølvsagde for alle andre enn nybegynnaren meg:

  • For å auke hunden sin "spor-kondisjon" hjelper det berre å gå mykje spor.
  • Når hunden går av sporet, gå tilbake til der du veit den var på det sist, og legg hunden ned nokre minutter for å roe seg litt før den går på igjen.
  • Tisper har betre nasar enn hannhundar og er generelt betre sporhundar.
  • Bruk harde gjenstandar som hunden skal plukke eller markere for i sporet. Særleg stål held på lukta betre og lenger. Jo tettare materiale, desto betre held det på lukta.
  • Jobb mykje med å finne maks forsterkar for den lukta du vil hunden skal søke etter.
  • Bruk gjerne myntar, og hiv ein på golvet. Klikk for at hunden snuser på den.
    Ta øvelsen ut og begynn på nytt med å klikke for at hunden snuser. Begynn å gøyme mynten i graset, og klikk når hunden finner mynten.
    Bruk maksbelønninga kvar gong hunden finner mynten.
    Når du skal bruke dette i sporet, legg tett til å begynne med, så hunden får belønning for å finne mynten ofte. Auk avstanden litt og litt.
  • Pollen kan gjere det vanskeleg for hunden å spore. Ta pause, og gi hunden litt vatn.
  • Dersom det begynner å regne under sporgåing, kan hunden oppleve lukt-eksplosjon og treng ein pause. Legg hunden og vent eit minutt eller to. Pause kan også med hell nyttast under underlagsbytte.
  • 1 sniff = samansetning av 2000 ulike lukter.
  • Legg sporet med haugevis av problemløysingar som f.eks krysningar, krusedullar, bergklatring o.s.v. for å lære deg sjølv å lese hunden når den jobber seg ut av problemer. Etter eit slikt problem, legg ein gjenstand, baluba ved funn, og ta hunden ut av sporet 15-30 minutter. Så får du eit sporoppsøk og sporet har blitt eldre og dermed trening i eldre spor. På eit spor det tok 20 minutter å legge, kan ein på denne måten få 3-4 sporoppsøk, like mange problemløysingar, aldersulike spor, og effektiv trening.
  • Ha som ein generell regel at etter 5 minutt finsøk bør hunden få litt pause.
    Og etter 20 minutter sporsøk.

Eg likte foredraget veldig godt, og det var heilt tydeleg at han visste kva han snakka om! Han nevnte ord som stimuluskontroll (eg følte vel ikkje at han brukte ordet i heilt rett samanheng, men...) Karen Pryor, betinging, forsterkar, jobbe for å unngå straff eller for å få noko den vil ha, motivasjon, klikker, belønning og eg fekk inntrykk av at han ikkje trente hund slik eg frykta, sjølv om han er instruktør for hundeførerar i politiet.

Så på slutten var det ei som lurte på tips til hunden hennar som ikkje ville sleppe kongen. Han ville ha hunden inn i lyset så ho ikkje blei redd..
Då hunden var inne, ønskte han lærbånd, og festa det i halsbåndet til hunden.

Så skulle han vise korleis ein skulle få hunden til å ønske å vera med flokken. Dette gjorde han ved å røske i bandet, og belønne med å dra litt i kongen som hunden hadde i munnen. Hunden var så nøgd, og på veg bort til mor, og DER kom det eit røsk til. Og eit til. Og eit til. Til han var fornøyd med at nå fulgte hunden etter han av egen fri vilje.
Så skulle hunden lære å sleppe. Ho sat framføre han med kongen i munnen, og ville ikkje sleppe. Då begynte han å knakke henne med knokane oppå nasen. Og litt til. Og litt hardare.

Då gjekk eg. Eg greide ikkje å sjå på det meir. Eg blei så skuffa!

I bilen på veg heim tenkte eg at eg ALDRI skal la nokon behandle Ayla før eg veit 110% kva slags metodar dei skal bruke. Og så lurte eg på om eg ville ha stansa det før det gjekk så langt som til naseknakkinga. Truleg ikkje. Eg ville sikkert satt der heilt paff over korleis og kva han gjorde, for han fortelde aldri på førehand kva han skulle gjera. Eg ville sikkert også tenkt at han heilt sikkert visste kva han gjorde sidan han kunne dette her.

I ettertid leste eg bloggen til hundeeigaren, og det hadde endt med at han hadde slått hunden over nasen med bandet til ho slapp kongen. Fleire gonger. Ho hadde ikkje fått sove om natta, for ho hadde aldri tatt hunden før, og kjende seg ikkje heilt vel med metodane hans.

Trist at kvelden skulle ende slik. :-(

Kjapp tur på Bråstein før foredrag.

Då me ankom Bråstein og eg tok Ayla ut av bilen, var busten oppe med ein gong. Halen var låg, og ting var generelt ekkelt.

Me begynte å gå innover, og der hadde dei begynt eit slags gravearbeid langs grøftene, og busta ville ikkje ned. Eg tok henne i band, og då hjalp det seg.

Første hunden me møtte i dag, var svær og hårete og eg husker aldri kva rasen heiter.
Den var veldig innpåsliten, og eg hjalp henne ut av situasjonen med å gå innover ein skogssti og sei: "Her er eg" Då kom ho og stod ved sida av meg til den andre hadde gått vekk.

Dei neste gjekk det litt greiare med, men den generelle trende i dag var faktisk at ho heller ville bort og helse på folka, og då helst mannfolka, enn hundane! :-)
Det var ein schæfer som var kjekk, men han hadde visst dårleg tid.

Turen varte bare ein halv time, så måtte me køyre for å nå foredraget.

torsdag, oktober 26, 2006

Tur i øs pøs regnvær

Tok med meg hundane ut i regnet etter at eg hadde satt pizzadeig til heving.

Det regna VELDIG, og Ayla såg ut som om ho mest ikkje hadde lyst til å vera med! Då visste eg at eg gjorde det rette. Kan jo ikkje ha hundar som ikkje kan trene i allslags vær! Då må ein ofra seg for elementene og øve på dårleg vær. :-)

Turen varte ein time, og til og med eg var gjennomvåt då me kom inn igjen.

Ayla apporterte et refleksbånd som ein eller annan hadde mista langs vegen!

Resten av kvelden sov Joey som ein stein, mens Ayla bare trengte ca 3 minutters lading. Vetle meiner at ho har ein hurtig-lader-knapp som ho bruker av og til, og i går måtte eg sei meg enig.

Diverse sko havna inni buret, det store tyggebeinet blei slengt veggimellom, og til slutt måtte eg gi opp og faktisk bare legge henne i buret.
Håper ikkje det har blitt slik at ho ikkje klarer seg med turar på ein time!


Pizzaen, slik eg lagde han i kveld, smakte heilt likt dolly/peppes/pizzabakeren!! Smakte ikkje heimelaga i det heile!! :-)

onsdag, oktober 25, 2006

Stille før stormen

Gjekk åleine med hundane i kveld, og avtalte med Vetle at han skulle gå og gøyme seg ein plass på ruta. Då eg hadde kommt halvveis, ringte eg og sa at han kunne gjera seg klar.

Me hadde ein av dei sjeldne dagane heilt utan vind i går, så ho ville ikkje få han på overvær.

Då me kom ned dit, fekk eg Vetle til å lage lyd, og Ayla sprang rett ut. Et stykke. Der stod ho lenge. Så kom ho tilbake til meg. Eg gjekk på, og ho sprang ut igjen. Et stykke. Så ba eg Vetle lage ein høg lys lyd, men han måtte kremte først, og då høyrde jo Ayla kven det var. Ho sprang mot han igjen (det høyres ut som om avstandane er store, men det var ca 65 meter frå oss til Vetle då me starta). Ho stansa igjen, og stod og grynteboffa litt, før ho gjekk fram til han og fekk julaften og bursdag på ein gong med å stikk snuten nedi godbitposen og forsyne seg sjølv. :-)

Etterpå sendte eg Vetle lenger opp mens eg og hundane gjekk ned til vegen igjen.

Då Vetle var på plass, sendte eg Ayla ut med påvirkning igjen. Klapp denne gongen, og ho sprang rett ut til han. Han hadde gløymt å få godbitar, så eg ville IKKJE slutte med denne.

Neste gong sendte eg henne ut med påvirkning igjen, og då sprang ho i fullt firsprang rett ut til han. Der ga me oss.

Hundane sprang laus resten av turen. :-)

Kvelden var nydeleg, vindstille og mild. Det var overskya, og med nokre svært få regndropar i lufta. Det er meldt sterk vind og haugevis med regn i morgon, så det var nok stille før stormen.



Dette skal eg på på fredag!! Gleder meg!!

Ayla er lynkjapp, altså!

Det blei ingen langtur i går, og heller ikkje særleg med trening, men fekk tatt nokre dekk i front og oppsitt i front (sleit litt med oppsitt når eg skulle vise grunnferdigheter, men nå kjem dei sjølvsagt som perler på snor).

Dette var like før kveldsmåltidet, borte ved parkeringsplassen til Vistnestunet, og eg brukte frolic og tørre leverbitar. Farten ho viste meg i går, var raskare enn eg nokon gong har fått til med frosken som forsterkar, eingong! Ho berre smalt i dekk, og heiv seg opp i sittopp! For å halde tempoet oppe, var også EG svært rask i bevegelsane når eg skulle gi henne godbiten, og når eg reiste meg opp igjen. Det såg ut til å hjelpe ein god del!

Prøvde litt venstrevendingar både under marsj og i holdt, og ho har verkeleg forstått at ho skal halde seg ved mi venstre side. Me er rett og slett i ferd med å få ein "killer" fri ved foten!


-----------------



I dag morges fekk eg ein haug med like kjappe dekk og sittopp frå utgangsstilling, og eg er VELDIG fornøyd med dette, altså!
Eg skal begynne å generalisere endå meir på utgangsstilling, og fri ved foten, og begynne å auke kriteriene på begge deler. Ho er klar for det nå.

Eg trur også eg kan begynne å legge på kommando DEKK på dei lynkjappe dekkane, for Legg Deg skal vera når me skal vera i ro og inne og sånt.

Juhu, altså!

mandag, oktober 23, 2006

Mandag. Tur i regnvær.

Hadde fri i dag, og fekk faktisk unnagjort det eg skulle: Vaske litt jobbklær og renske baderomsvasken så vatnet rant unna igjen, ja og lage tacos (hadde jo ikkje det på lørdag, såh).

På kvelden, etter deilig tacos, blei Vetle og eg enige om å ta med oss hundane på langtur. Begge to hadde refleksvestar, hundane også, og Ayla gjekk med den nye selen sin. Eg er ikkje heilt sikker på om ho skal bruke den eller den andre til sporing endå. Må teste litt først.

Me gjekk avgårde klokka sju og var heime kvart på ni. Då hadde me gått fire kilometer. Ikkje så langt i meter kanskje, men det var ganske surt vær i kveld. Eg syns likevel det var veldig koselig, og hundane såg ut til å storkose seg!

Fekk tatt litt innkalling på Ayla med Vetle som hjelp, og ho har fantastisk fart i kroppen, altså! Tok ein innkalling med Joey også, og det merkes at han snart er elleve år. Det skulle då berre mangle.

Gjekk dessverre tom for godbitar sånn cirka halvveis, og det var litt kjipt. Ein annan ting som også var litt kjipt, var at 400 meter heimefrå kom det først ein bil som passerte. Ayla gjekk då klin attmed meg. Akkurat idet den passerte, dukka det opp to skrålande ungar frå ein hekk der det var mørkt, og Ayla skvatt og begynte seriebjeffing. Ungane ropte og skreik og sprang derifrå mens Ayla bjeffa. Eg banna og steikte og hadde lyst til å snu og gå heim.

Et par hundre meter seinare kom det ein gut og faren, og då klikka eg heile tida. Det kom ikkje ein lyd frå Ayla, så eg trur nok at ho berre skvatt skikkelig av dei ungane. Det var liksom så mykje som skjedde på ein gong; bilen som passerte, og Joey som hadde stoppa opp der framme, og så PANG to ungar som kjem sprettande og skrålande frå intet.

Då me kom heim, var begge hundane skitne all over, så Vetle tørka Joey mens eg tørka Ayla. Ho står heilt i ro nå, og det er nok ikkje lenge til ho gjer slik som Joey; løfter foten opp av seg sjølv.. :-)

Begge hundane har god apetitt for tida.

Kursdiplom!

Kursdiplomet i dekorativ ramme

søndag, oktober 22, 2006

Søndag, den frykta "siste kursdag"-dagen.

Som kjent har søndagane vore den dagen då Ayla gjer utfall. Eg håpa i det lengste at i dag skulle vera unntaket, men sånn skulle det ikkje bli.

Eg kom meg avgårde i rett tid, og me skulle trene ute heile formiddagen. Baklengskjedinga fra i går skulle fortsetjast, og det gjekk sånn nokonlunde. Det var vanskeleg å legge på tre ting til kjeden, og å hugse på at for kvar gong me avslutta perfekt, skulle ho få maksbelønninga (som i går og i dag var ei høne som lager pipelyd).

Dessverre var eg litt veldig uheldig og klarte å hive høna opp på eit tak like ved der eg stod, og om ein meiner at hundar ikkje kan visa følelsar, så skulle dei sett Ayla då. Ho blei kanonskuffa for at høna forsvant, og sto og stirra lengselsfullt opp mot taket mens ho forsøkte å mane høna ned igjen.

Eg gjekk til Siv og forsøkte å smiske henne til å klatre opp og hente høna ned. I staden fant me på at me skulle prøve å kaste langlina opp på taket og få den til å skyve med seg høna ned igjen. Siv kasta som ein annan lassoekspert, men fekk berre høna til å bevege seg bittelitt.

Så kom Tove og spurde om ikkje det var betre å klatre opp, og så klatra ho opp! Med høgdeskrekk! Eg blei heilt imponert, altså!
Høna kom i allefall ned igjen, og me kunne fortsetje med kjeding.

Innimellom fekk me tatt ein god del desensitivering også, både med Siv, Hedvig OG Wenche (som egentlig er litt redd for rottweiler etter eit djupt bitt)! Tove fekk også eit forsiktig nuss på munnen då ho sette seg ned for å helse. :-)

Nesten heilt på slutten stod Wenche, Siv, Ayla og meg ved bilen min. Åsne datt og slo seg eller noko, så Siv gjekk bort til henne for å sjå etter. Så kom Siv tilbake med Åsne grinande på armen, og då busta Ayla og bjeffa EIT boff før ho såg på meg. Så gjekk eg vekk eit lite stykke, men ho boffa igjen og såg på meg.

Teite meg stod berre og såg på Ayla då, lenge nok til at ho snudde seg mot bilane igjen og boffa.

Så gjekk me endå lenger vekk, og då tidde ho stille. Først då klikka eg. *klaskepanne*

Jaja, ein kan ikkje vera perfekt heile tida, heller...




Til slutt fekk me diplom og me blei alle enige om å treffast på vårparten, sånn cirka midt mellom her og der, og trene litt saman igjen. Håper det blir noko av!! Eller som Anderson Cooper så treffande sa til Oprah på showet hennar: "Hope is not a plan." (veit du ikkje kven Anderson Cooper er???? Han er nyhetsreporter i statene.)
Me får rett og slett sørge for at det blir gjort!

_____________________



Turen heim gjekk i øsande regnvær, og med nærlys som er stilt for lågt, var det vanskelige kjøreforhold i nesten 30 mil. Eg få stilt dei i dag!! Eg må!

lørdag, oktober 21, 2006

Lørdag. Fjerde og siste klikkertrenerhelg.

Ayla har vært heilt fantastisk idag! *smelt*

Me begynte dagen med å skulle vise grunnferdigheter. Ho var sånn halvveis med, men det kom seg veldig då me flytta oss over på asfalten. Då kom den eine ferdigheten etter den andre, og kontakten var knallbra!

Ein lang pause for Ayla, men sjølvsagt ikkje for meg. Før me gjekk inn, fant eg ut at det ikkje bare var dei grøne me skulle kunne, men ALLE! Iiiik!

Me gjekk gjennom teori om baklengskjeding og hadde lunsj før me gjekk ut for å sette teori ut i praksis.. Eg rakk ikkje å prøve så mykje før eg skulle vise dei siste grunnferdigetene. Då me skulle vise hopp, stod ho og tilbydde Hedvig både det eine og det andre, alle syns ho var veldig søt. Slik tolka EG smila og latteren i allefall. :-)

Etter endt kursdag spanderte Elin pizza på alle samen på Dolly, og ikkje før over halv åtte drog eg derifra som ein av dei siste.

For den som lurer... Me bestod både skriftlig og praktisk eksamen! Juhu! :-)

Ayla fekk ein god tur, og så satte eg meg i sofaen for å slappe av litt. Etter eit kvarter kom Tove heim, og Ayla bjeffa ein gong og sprang til verandadøra mens ho busta godt og knurra. Så kom Tove inn stovedøra og Ayla avreagerte med ein gong og blei kjempeglad! Eg gav henne ein dings å ha i munnen, og det såg faktisk ut til å roe henne veldig. :-)

Nå er klokka halv elleve og me har lagt oss. Mobilblogging er ein kjekk ting. :-)

Fredag. 5 timar gammalt spor.

Skriver bare kort om sporet nå, så kan eg fylle ut med detaljer når eg kommer heim.

Eg måtte vise henne sporstarten, men det var den einaste hjelpa ho trengte. Ho tok alle vinklane men ho syns buen var litt vanskelig. Første gjenstanden plukka ho opp og me leika litt, og sporslutten plukka ho også. Me leika ei stund etterpå.

Ho gjekk heile sporet i roleg tempo, og eg er veldig fornøyd med framgongen vår. :-)

fredag, oktober 20, 2006

Spor 20/10-2006

Etter morgenturen og før eg reiste på jobb, la eg et spor på ca 130-140 meter. Det skal ligge til eg komme heim i dag, og så skal eg gå det då.

Det ligger ein gjenstand i sporet, og 10-12 små haugar med pølse, og så ligger XXL ballen i slutten.




Må komme oss ut og få lagt spor på andre underlag enn bare jorde...

Hekta på bruks!

Jepp, eg er hekta på bruks. Eller i alle fall spor og rundering. Feltsøk har me ikkje gjort så veldig masse av endå, men så har eg jo fastslått at døgnet ikkje har nok timar uansett. Me får ta det når me får tid.

I går kveld såg eg på Vetle med bedande auger og spurte om det var greit at eg gjekk over jordene ned til sjøen og kom opp igjen og gøymde meg oppå steingjerdet sånn at han kunne ta med seg Joey og Ayla og sleppe dei når dei var kommt forbi den siste porten. Det ville han sjølvsagt, så eg tok på meg regnklær, mp3 spelaren, og magliten som Vetle kjøpte til meg og rusla nedover i mørket. Sarah McLachlan og Van Morrison holdt meg med lag til eg kom ned til sjøen, men så var batteriet tomt. Jaja...

Eg la meg oppå steingjerdet, inntil ein busk som vokser over det, og ringte til Vetle at nå kunne han komme.

Han ga meg teikn at han var komen, og slapp Ayla. Eg hadde god vind i ryggen, så eg visste ho hadde meg på overvær, men eg var ikkje sikker på om ho ville løfte hovudet og finna meg. Det varte og det rakk, og så høyrte eg kvister som knakk og høglydt pesing. Så såg eg henne, gjennom mørkret, og ho kom rett bort til meg og kikka opp. Ho fekk ein svær neve pølsebitar, og så prøvde ho å hoppe opp på steingjerdet til meg, skjønnashunden min. Ho kom seg nesten opp også, men eg fekk hindra henne i siste liten.

Etterpå fortelde Vetle at ho hadde snust i bakken til å begynne med. Så hadde ho stramma kroppen, opp med halen og nasen, og så hadde logringa begynt. Deretter tok ho ut beine vegen mot der han hadde sett lyktelyset frå meg. Ho sprang rett gjennom kratt og buskar og myr og pyttar, og ein eller annan stad mista ho den eine stroppen til refleksvesten ho fekk av mor til Vetle.

Han sa det var artig å sjå kor raskt ho fekk ferten av meg, og at neste gong skulle han ned og gøyme seg. Juhu! :-)

Den blå streken er der eg gjekk, den rosa er der Vetle og hundane gjekk.



torsdag, oktober 19, 2006

Eg trur eg har bestemt meg...

Eg trur eg har bestemt meg for å skriva litt mindre nynorsk-nynorsk, og heller litt meir likt dialekten min.


I kveld MÅ eg rydde utor bilen og få inn buret til Ayla. Eg MÅ pakke! Og i morgon skal eg berre jobbe halv dag, så eg får kome meg avgarde tidlegare enn vanleg. Tenkte eg skulle legge eit spor før eg dreg på jobb i morgon tidleg, og så kan Ayla gå det når eg kjem heim ved tolvtida. Eit fire timar gamalt spor bør vera rein skuring, skulle eg tru..

Dette ville då bli slik med den nye skrivemåten:

I kveld MÅ eg rydde utor bilen og få inn buret til Ayla. Eg MÅ pakke! Og i morgon skal eg bare jobbe halv dag, så eg får kommt meg avgårde tidligare enn vanleg. Tenkte eg skulle legga eit spor før eg drar på jobb, så kan Ayla gå det når eg kommer heim i tolvtida. Eit fire timar gammalt spor bør vær rein skuring, skulle eg tru...

Kor blir dagane av?

Sidan sist har me trent spor, rundering, hold fast, hinder, utgangsstilling, ikkje-ete-råttent-fiskeslo-fra-komposthaugen, innkalling, gå fint i bånd, lukke kjøkkendøra, inn i buret og legge seg, sjå på jentene som rir utan å bjeffe, gå forbi gjess på Vistnestunet i laust band, og desensitivering på berøring.

Sist helg laga Vetle hinder til meg, så nå har eg eige hinder igjen! Juhuu!!!!

Elles undrar eg meg over kor dagane blir av. Det er ikkje lenge sidan eg tenkte at eg har god tid på grunnferdighetene, for det er jo ein heil månad igjen før siste kurshelg!

Ein del timar gjekk med til å skrive dikt, bake kake, kjøpe gave, finne klær og stryke klær til Olaug og Anders sitt bryllaup fredag 13. oktober. Nokre timar har blitt kasta bort foran tv, data og xbox. Eit ukjent antall timar har blitt sløst vekk på husarbeid og middagslaging, og då er det liksom ikkje så mange dagane igjen. I dag er det torsdag, og eg reiser nedover til Grimstad i morgon. Berre eg og Ayla. I min bil som Vetle har fiksa høgtalarane i, og ny svær mp3 cd er brent.

I kveld MÅ eg rydde utor bilen og få inn buret til Ayla. Eg MÅ pakke! Og i morgon skal eg berre jobbe halv dag, så eg får kome meg avgarde tidlegare enn vanleg. Tenkte eg skulle legge eit spor før eg dreg på jobb i morgon tidleg, og så kan Ayla gå det når eg kjem heim ved tolvtida. Eit fire timar gamalt spor bør vera rein skuring, skulle eg tru...

Eg MÅ hugse å ta med alle regnkleda mine, for det er meldt mykje nedbør til helga. Dei nye, deilige, varme og gode stevlane som eg kjøpte for bursdagsgaven fra mor til Vetle er viktige å ta med. Ho må jo få sjå kva eg fekk av henne :)

Opplada fotoapparat og videokamera er også viktig.



Er det nokon før meg som har vore skråsikre på at døgnet har for få timar, tru?

tirsdag, oktober 10, 2006

Tur med Shaylee og Piper

Var rundt Mosvannet med norfolkane Piper på fem år og Shaylee. Piper har hatt ein del uheldige opplevingar med store hundar, men det gjekk heilt fint med Ayla. :-)

Turen var prega av MASSE folk og MASSE hundar og MASSE syklistar og MASSE joggerar.
Ayla var ein engel og kikka på meg når det kom folk som gjekk åleine. Når det kom grupper, brydde ho seg ikkje. Syklistar og joggerar går også greit. TO hundar bjeffa mot oss, men Ayla bjeffa ikkje tilbake, og det er veldig bra. :-)

Halvveis stoppa me ved den vesle fotballbanen og så fekk eit par beine innkomstar der og litt stimuluskontrolltrening på Sitt.

Då me var trekvart ferdige med turen, traff me kjentfolk som kjente oss igjen før me såg kven dei var. Eg slapp Ayla bort, og ho viste med alle mulige teikn at dette var ekkelt. Eg gjekk også bort og begynte å klikke for at ho tok kontakt med dei. Så skjedde det eit eller anna som gjorde at ho bjeffa EIN gong. Altså EITT bjeff. Eg greidde ikkje å tolke kva type bjeff det var, for eg var rimeleg kokt i toppen sjølv.
Eg reagerte i alle fall med å snakke med lys stemme og spørje henne "Næmmen, ka du sa for nåke?" eller noko slikt.
Ayla tok kontakt med meg, og eg fekk klikka for det. Så begynte ho å snuse på hendene til kjentfolket (kjentfolk for meg, ikkje for henne), og eg fekk klikka for det også. Busta gjekk ned, og halen kom meir og meir opp igjen. Så bøyde ho eine seg ned for å gjer det greiare for Ayla, men Ayla syns nesten det er skumlare enn om dei står, og trakk seg vekk igjen. Dama reiste seg opp igjen, og så var DET også ekkelt igjen. Eg fekk inn eit par klikk for at Ayla tok kontakt etter det, og så gjekk kjentfolket vidare.

Det eg SKULLE ha gjort, var å be henne sitja då eg såg at folka kom til å ville helse. Så kunne eg bedt Anne Karin halde bandet og gått bort til folka åleine og prata litt. Så kunne eg bedt AK komme bort til oss med Ayla, og så kunne Ayla få helse om ho ville det.

MEN, det kom berre eitt bjeff, og ikkje i serie som tidlegare. Det må eg setje på pluss-sida.

mandag, oktober 09, 2006

Koss ungar tolker språket:

Silje kom til Olaug og sa: "Mamma, eg har ete et bær, og det var det bra i."

Olaug: "Ka va det i det, sa du?"

Silje: "Det va bra i det."

Olaug tenkte seg om...

"Meine du flått?"


Og det var det Silje meinte. :-)

Oppsummering helga.

Har trent på:
Stå, utgangsstilling, utgangsstilling, utgangsstilling, plukke forskjellige items opp av golvet og legge i handa mi (fuktighetskremtube, apport, bandasjerull, full sprayboks (risikabelt, men det gjekk), plastveske med hårstrikkar inni), hinder, innkalling, gå forbi gjess på Vistnestunet UTEN å jage, og så har me trent masse på at Ayla er skjønn :-)

Søndag 8. oktober skulle me eigentleg ha trent saman med Anne Karin, men noko kom i vegen, så det blei avlyst.

Dagen var fin, så noko måtte me jo finne på, derfor ringde eg til Olaug og spurte om ho og jentene hadde lyst til å gå seg vill i skogen. Det hadde dei!

Me drog til Sviland, men NRH trente der (på ein søndag??), så me holdt oss på nedsida nærmast vegen.
Først la Olaug eit kort spor for Swejsan, og han gjekk det kjempefint, han plukka til og med opp gjenstanden på slutten av sporet! Juhuu!!

Så la Vetle eit spor med TO gjenstandar i, som eigentleg skulle vore for Ayla, men Swejsan gjekk dette også kjempefint!

Deretter fekk Swejsan seg ein liten pause mens me åt litt niste og drakk litt te før eg og jentene "gjekk oss vill" i skogen. Me gjorde det ganske vanskelig for han, men jaggu fant han oss likevel! OG begge gjenstandane me hadde "mista". Flinke Swejsan, altså!!

Eg hadde Ayla ute litt inniblant, men nå sendte eg Olaug og Elisabeth ut for at dei skulle "gå seg vill". Eg ga beskjed om at dei skulle gjera det vanskelig for Ayla, og det gjorde dei verkeleg!
Ho virra litt, og blei litt distrahert av at Silje og Vetle kom etter oss, men så gjekk ho fint dei siste 50 metra, og spora til ho var eit par meter frå dei villfarne. Då såg ho dei, og sprang logrande mot dei! Flinke hunden vår, altså!!!

Heilt til slutt sendte eg Silje og Elisabeth ut i skogen åleine (for ei koselig tante eg er... )
"Gå så langt dåkken bare tør, og spring litt rundt nåken trer og litt att og fram, og gjøm dåkken kjempegodt!"

"Men hvis me går oss vill, da?", kom det fra ei bekymra Silje
"Då finne Ayla dåkken. Og når Ayla finne dåkken, så gir dåkken na masse godbetar på bakken. Og ikkje et adle sjøl, for Ayla må også få nåken når hu komme. Gå nå...", svarte eg..

Og dei gjekk. Og gjekk. Og gjekk. Og gjekk. Me høyrde og såg dei heile tida, og til slutt slapp eg Ayla ut av bilen. Ho sprang laus, og det såg ut til at ho både gjekk spor og tok overvær, for ho gallopperte omtrent løypa der jentene hadde gått. Ho fann dei sjølvsagt til slutt, og Silje hadde tatt ein svæææær neve med pølsebitar og lagt på bakken til henne.

Ayla er faktisk heilt trygg på å jobbe vekke frå meg, og det lovar bra om me velger å starte opp igjen med trening i NRH.

På veg tilbake til dei andre, ramla Ayla nedi eit djupt hol i bakken, og strevde me å komme seg opp igjen. Eg støtta henne bak nakken, og dermed var ho oppe igjen. Holet var cirka 1 meter djupt...

Ehm... me hadde det nokså roleg resten av kvelden, ja...



I dag morges på lufteturen gjekk Ayla på høgre sida av meg. Eg skulle sjekke kva som skjedde om eg stansa der; om ho ville setje seg rett der, eller om ho ville komme foran meg for å setje seg, eller om ho berre ville gå vidare og gi blaffen i meg.

Ho kom i utgangsstilling!!!!! Frå høgre sida!!! Og nå er sittane beine i 95%!!! Goody, altså!!!

Eg leste i siste utgave av Canis at f.eks utgangsstilling kunne avbrytes etter heile øvelsen. Det vil seia at etter at hunden hadde satt seg skeivt, kunne ein la vera å klikke, stille seg opp på ny, og klikke når hunden satte seg beint. Det er slik eg har gjort når ho har satt seg skeivt, og det har lønna seg!

Ho er ikkje så kjapp endå som Joey var på toppen av sin lydighetskarriere, men det kjem nok med tida. Eg jobber jo bare på eit par meters avstand endå...

Dette blir bra, altså!!!

tirsdag, oktober 03, 2006

Tirsdag. Apportering av levande kylling.

Jadda. Då har Ayla fått smaken av kylling, for å sei det sånn.
Hadde henne laus på morgonturen, og så sprang ho bort på Vistnestunet. Halvjagde gjessene litt rundt, og så fant ho noko endå mer interessant: gåsebæsj! Der stod ho og åt til noko ENDÅ mer interessant kom forbi, nemlig hønsekyllingar! Og dei piper! Akkurat som den gule pipedingsen ho pleier å finne i enden av sporet! Juhuu!! Dette skulle jo leikes med, må vite!

Eg stod på andre sida av jordet, iført jobbkleda og for ein gongs skuld høghælte sko ( eg skulle jo bare lufte hundane og så sette meg i bilen og kjøre).
Då eg skjønte kva ho heldt på med, begynte eg og Joey å springe over jordet for å redde det stakkars kreket..
For seint..

Der kommer nemlig Ayla løpende mot oss med eit eller annet i kjeften. Eg ser for meg at eg må avlive stakkaren etterpå, og begynner allerede å grue meg. "Næmmen, ka du har?" får eg presset frem i ein lys og lett tone (det hjelper å tvinge fram eit smil for å høres blid ut). Ayla slipper kyllingen, som fortvilet prøver å løpe unna mens den piper. Kjempelurt. Ayla tar den i munnen igjen, og så setter en kråke seg ned for å vente på restene, sikkert.
Den var mye meir interessant enn den pipedingsen som mor vil ha, så Ayla slepper kyllingen og går bort mot kråka.

Akkurat då kjem eg bort til kyllingen og ser den ligge på marka tilsynelatande død. Mange stygge ord raste gjennom hovudet mitt, og skal ikkje gjentas her. Eg var også bittelitt letta over at eg slapp å ende dens lidelsar.

Eg plukka opp den varme kroppen, og jaggu var der liv! Den begynte å pipe litt, og då var Ayla på pletten umiddelbart. Til helsike med heile kråka, liksom..
Kyllingen var like heil over alt, og ingenting blod nokon stader. Joey gjekk og dilta med i båndet og skjønte ikkje hva alt styret VAR om, egentlig, han ville mykje heller bort til Ayla og ha seg litt...

Eg slapp kyllingen inn til dei andre, og den halta ikkje eingong.

Etter jobb stakk eg nedom og lurte på om dei hadde funnet ein død kylling, men det hadde dei ikkje. Eg fortalte hva som hadde skjedd, og både Elna og faren Rolf tok dette med stoisk ro. Eg stod og var aldeles nervøs og frykta at kanskje kyllingen hadde lidd ein grusom død seinare på dagen, men dei hadde altså ikkje sett noko sånt. Rolf sa at Ayla helt sikkert bare ville sjekke hva det var for noko, og at hvis ho hadde villa drepe kyllingen, så hadde ho gjort det.

Ayla har herved mista alle rettigheter til å gå laus i nærheten av Vistnestunet inntil me har fått trent på desse tinga, eller at kyllingene har blitt store og ikkje lagar pipelyder lenger.

----------

På ettermiddagen tok eg med meg begge hundane og gjekk ein times tur. OG DET VAR IKKJE LETT!! Joey hadde ETT EINASTE mål med turen, og det var å hoppe på Ayla. Dersom me stansa, stod han og peip og kvein og bjeffa fortvila og det høyrdes ut som om eg mishandla han. Mulig han oppfatta tankene mine, for der gjorde eg ganske mykje for å få han til å slutte...

Vel heime var armen min kaputt, og ryggen også. ALDRI MEIR på tur med begge to aleine når Ayla har løpetid!! Never ever!!




JA!!!
Gratulerer til Siv og Elin med publisert artikkjel i Canis!!! Kjempebra!!!!

mandag, oktober 02, 2006

Ting å trene på før siste klikkerTRENERhelg!

  • Dekk på avstand
    Denne er forholdsvis grei sidan me har trent på det før.
  • Dekk fra utgangsstilling
    Denne tilbyr ho jo rett som det er, så denne vil sikker heller ikkje bli særleg problem.
  • Dekk og bli
    Denne har me jo også trent på før, men vil kunne gå lenger vekk.
  • Stå
    Begynte såvidt i går, og det gjekk ganske greit.
  • Stå under baklengs marsj
    Denne kan bli interessant.
  • Sitt på avstand
    Bør egentlig gå greit, sidan ho tilbyr dekk på avstand.
  • Sitt og bli
    Denne er også forsåvidt i boks.
  • Sitt opp
    Endå ein av dei interessante.
  • Hold fast
    Treng eg sei meir?
  • Holde fast i 10 sek
    Hmm...
  • Holde fast under baklengs marsj
    Hehe... Jadda...
  • Hopp over hinder mellom to personer.
    Denne har me prøvd på, men ikkje med skikkeleg hinder. Går sikkert greit.
  • Få rettare sittar på innkomsten.
    Dette har allereie begynt å bli bra! :-)

Med andre ord: Eg må sjå til å få visse ting i gir og få gjort noko!!

søndag, oktober 01, 2006

Søndag. Spor gjennom sauebeite på Reianes!

Dagen starta med piping og klynking og overvåking av Joey.

Eg brukte dagen på å teste ut kakekombinering til bryllupet til Olaug, og Vetle hadde Joey med seg ute mens han laga utsynshindring på buret til Ayla. Heile tida mens eg stod på kjøkkenet, stod/låg/sat Joey og peip rett utanføre glaset. Åh, for ein deilig lyd....

Ein dag kjem eg nok til å sakne sjølv den lyden, men ikkje akkurat no.

Utpå ettermiddagen pakka eg ned leiker og godbitar i den nye hundeboksen min, og så køyrde me til Rennesøy for å sjå på eit hus som stod til salgs.
Me måtte gjennom begge tunnelane for å kome dit, og huset stod midt i ei klynge. Ikkje noko for oss, med andre ord. Ikkje var der stor tomt, heller, for eit av krava våre er at me skal kunne spele badminton i hagen, og det kunne me ikkje der.

Me hadde med oss GPS'en og køyrde langs ein av vegane som såg ut til å gå eit stykke. Me kom til starten på ei turløype, og der stod det i tillegg at det er 100% båndtvang i Rennesøy Kommune året rundt. Det visste eg frå før, langt bak i bevisstheita, men då eg såg det svart på kvitt, gjorde i grunnen det utslaget til at me slo fra oss Rennesøy som alternativ. Med mindre drøymehuset skulle dukke opp, sjølvsagt.

Me gjekk ut av bilen, og begynte å gå. Rimeleg kjapt kom me til ein særs bratt gjerdeklyvar som Ayla måtte forsere. Eg hjalp henne opp på eine sida, og så kamikazestupte ho i armane til Vetle på andre sida. Etter eit lite stykke kjende me at me då hadde vinden i ryggen, og Vetle la ut sporet for meg. To gjenstandar, ein vinkel, godbitar i vinkelen og byrjinga av sporet.



Då han kom tilbake, gjekk me vidare langs vegen. Me trente litt gjenstandsleiting, der Vetle gjekk foran og mista ein dings som Ayla leita opp. :-) Ho er så dyktig på dette her!!!

Sporet låg ein halvtime før eg kopla på henne sporlina. Ho gjekk i racerfart fram til dummyen, men plukka ikkje opp, berre snuste. Mogleg fordi Vetle hadde lagt han i vått underlag.

Ho rota litt i vinkelen, men i ettertid såg me at det kunne ha gått ein sti akkurat der.

Hansken som gjenstand nummer to markerte ho ved å snuse ei stund på han før ho gjekk vidare.

Sprettballen med snor kjøpt på XXL for 19 kroner som låg i slutten av sporet, DEN plukka ho opp!! Jippi!! Det går rette vegen!!
Me leika oss bakover i sporet før me rusla opp til vegen att. Me opna grinda på veg tilbake, så ho skulle sleppe gjerdeklyvaren, stakkar.. Den var nesten for bratt for menneske, jo!

Heime tok me buret inn i stova, og så fekk Ayla ligge der og slappe av mens Joey sovna momentant på golvet under bordet mens me åt middag....