søndag, mars 29, 2009

Den som intet våger, intet vinner...

Ja, då er me heime etter ei herleg helg i Oslo.

Fredagen starta ikkje så lovande, då flyet frå Sola var ein time forsinka pga snøvær i Oslo. Me kom oss då avgårde til slutt, og sjekka inn på Oslo Plaza ein gong utpå ettermiddagen.


Så gjekk me rett ut igjen for å shoppe. 

Det viste seg derimot at Oslo City ikkje har så mange andre butikkar enn det me har her heime, så etter nokre timar rusla me tilbake til hotellrommet og begynte å gjer oss klare for kveldens store høgdepunkt, nemlig konsert med Hans Theessink og Terry Evans på Herr Nilsens Jazzklubb.

Dette har me planlagt og gleda oss til sidan tidleg i januar, og forventningane var høge! :-)
Konserten skulle starte klokka ti, men allereie klokka åtte befant me oss på plass for å sikre oss eit sete og kanskje innta eit glas eller to med sterkare drikke.
Tida gjekk, og drikka var god, og før me visste ordet av det kom dei på scenen. Dette var ein typisk klubbscene, intim og nær og det blei ei oppleving av dei større! Planen min var eigentleg å gå bort til dei etter konserten var slutt og få autografen deira, men motet og balansen var der vel ikkje heilt då klokka blei eitt og dei ga seg for kvelden.

Me fekk då buksert oss inn i ein drosje, for sjølv om det ville tatt kanskje ti minutter å gå, så skulle eg IKKJE valse rundt i Oslos snølagte gater på høghæla sko og midlertidig ubalanse på balansenerva. Og det er ikkje SÅ mange vekene sidan det var skotdrama i byen. 
Drosjeturen tok to minuttar, og så var me framme :-)

Lørdagaen viste seg å bli heilt nydelig! Sol og litt kaldt, men etter to timar ved frokostbordet (ja, TO timar), var me klare for å rusle ut i dagen.
På eit eller anna vis forsvant timane, og då me kom tilbake på hotellrommet kollapsa me på senga foran TVen og sov i nokre timar. Deretter måtte me jo ha litt mat igjen, og me hadde bestemt oss for 34 Mediterranean Restaurant

Alt var dyrt, men me gjekk for ein lam og ein svinemedaljong.
Då maten kom, trudde eg nesten kelneren tulla! Det var såvidt eg kunne augne at noko befant seg på tallerkenen, men det som låg der var i det minste godt. 

Søndagen gjekk med til å ete frokost og pakke og stå i kø for å sjekke ut. Tre køar på kvar sikkert seks-sju meter... 

På flyplassen skjedde det som har gjort at eg har hatt sommarfuglar i magen i mange timar nå. Me hadde nettopp ete ferdig eit kjapt måltid då eg kikker bort på SAS Servicesenter på andre sida av golvet. Der stod ingen ringare enn Hans Theessink og Terry Evans! Dei kikka på noko dei hadde i hendene, og snakka litt med kvarandre, såg seg til høgre og venstre, og såg i det heile ikkje ut som om dei hadde det svært travelt.

Etter ein lynkjapp dialog med Vetle om eg skulle gå bort og spørje om bilete eller ikkje, overtalte eg meg sjølv til å ta sjansen. (Vetle nekta ikkje akkurat, han heller)
Så gjekk eg bort og sa eg hadde vore på konserten på fredag og at den var utruleg bra, og om eg kunne vær så snill å få ta eit bilde i lag med dei.
Dei smilte bredt og svarte at sjølvsagt kunne eg det, og så vinka eg på Vetle at han måtte komme med kameraet som eg sjølvsagt hadde gjort klar til han før eg sprang bort.

Eg stilte meg opp, og Hans (ja, me er på fornamn nå) lurte på koss me skulle gjere dette her. Dei enda opp på kvar si side av meg, og så blei augneblinken foreviga:

Etterpå tenkte eg: "Stakkar, så var dei ikkje på jobb, men likevel blei dei mast på, og nærmast ambusha på flyplassen av ein ihuga fan. Kva må ikkje dei andre rundt oss ha trudd?" 
Og dette var så ulikt meg som det går an å få det. Når eg ser kjendisar, forsøker eg å late som ingenting, slik at dei skal få sleppa å bli glodd og mast på... Me såg forresten Bjørn Eidsvåg også, og Knut Reiersrud sat me rett bak både på flyplassen og på flyet. 

Men den som intet våger, intet vinner, og idag vågde eg å gå bort til sjølvaste Hans og Terry og spørje om bilde! 

Eg har ikkje slutta å glise sidan me kom heim!

Sidan det er hundeblogg, dette her, så kan eg jo fortelje at kennelopphaldet til Ayla ser ut til å ha gått greit, ho har stått med ein Berner Sennen under heile opphaldet, virka det som.
Då me kom dit, bjeffa alle hundane som stod ute, mens ho berre sprang langs garden og lagde ikkje eit lite pip eingong. Ikkje før ho skjønte at det var me som kom. Då klynka ho av gjensynsglede, og satte seg boms ned på rumpa. Alle gode ting skjer jo som kjent når rumpa er i bakken, så då gjekk både eg og Vetle bort til henne og helste :-)

Her heime gjekk ho rett på puta si og har sove der i snart tre timar nå.

Joey har vore hos Olaug, og der har han som vanleg hatt det kjempebra!  :-)

fredag, mars 20, 2009

På tur med vårkjensle.

Det var på tide med ein langtur igjen i går, og for første gong i år gjekk eg heimefrå utan hua. Det var rart og uvant, men med musikk i øyrene gjekk det greit.

Eg bestemte meg for å belønne all sladring, om det var bil, traktor, syklistar, folk, hund, ALT. Bilar har ho ikkje jaga på mange år, syklistar ser ho knapt på. Joggarar det same (merkelig nok, sidan folk på tur generelt er ekkelt).

Det første ho sladra på var to turgåerar eg sjølv ikkje såg først. Dei kom mot oss, men før passering skulle me til høgre. Det gjekk greit.
Så var det eit menneske på eit jorde, og det var det me traff av folk den første timen.

Det blei mørkt, og vipene sang og koste seg på jordene. På mi venstre side såg eg utover sjøen, og den skein av sølv i går kveld! Himmelen var alle nyansar av rød.
Det låg ein svak eim av silo i lufta, og på eit jorde spreidde ein traktor hevd. Heldigvis blåste vinden lukta vekk fra oss.

Ayla gjekk laus langs vegen, og ho er så flink til å halde seg til venstre sida og til meg! :-)

I vinter har me ikkje vore så flinke til å holde vedlike båndtreninga, men alle dei siste turane har vore uten sele eller fleksiline. Det tok ikkje lange tida å oppfriske dei kunnskapene igjen, og nå stopper eg kanskje tre gonger pr km langs veien. :-)


Så kom det ein joggar som me pleier å treffe på, og eg ba henne sitte og bli mens han passerte 2-3 meter unna. Rett etterpå kom det ein mann, men då vågde eg ikkje å stå på fortauet. Me gjekk derfor over på andre sida av vegen og eg ba henne på ny sitte og bli.

Ein herleg tur med ein fantastisk turkamerat!

"Du och jag, Ayla. Du och jag." :-)

onsdag, mars 18, 2009

Til ettertanke...

Dette er grunnen til kvifor det ikkje blei Rallytrening på mandag. 

Eg ville ikkje skrive om det før Ghita sjølv gjorde det, men nå har ho altså laga eit langt og skikkelig godt skrive blogginnlegg om det som hende.

Les det, og tenk over kva som ligg og sleng i bilane dåkkas. Ikkje minst korleis hundane er sikra i bilen.

Frontkollisjon i Storhaugtunnelen

tirsdag, mars 17, 2009

Litt forskjellig

Lørdag tok eg meg ein tur inn til Sand og fekk prøvd Pøggå litt på landeveien.

Søndag mota eg meg opp og tok med meg Ayla på tur i dagslys. Me traff først ei dame på hest og ein mann som rusla ved sida av. Sette henne i sitt og bli, og dei fekk passere uten problemer. Rett etterpå kom eit par med to barnevogner, og då merka eg at Ayla blei hard i munnen og begynte å fnyse litt etter kvar godbit. Eg tipper det var pga ungane, for dei pludra så fristande i vei om slikt som berre tre-fireåringar kan pludre om. Ayla sat og logra og hadde tydeligvis veldig lyst til å gå bort dit. Resten av turen møtte me ingen, og Ayla fekk springe laus og kose seg. Det er jo ikkje så lenge til båndtvangen starter igjen, så me får nyte den tida som er igjen.

Ingen rallytrening på mandag, så eg tok med meg Ayla til ein plass her i nærheten.
Forrige tirsdag fekk et tips om ein plass å gå tur med Ayla, men eg fekk ikkje med meg at eg måtte stanse før vegen tok slutt, så eg holdt nesten på å sette meg fast oppi gjørma. Bilen såg ikkje ut etterpå, så då lærte Vetle meg koss eg bruker manuell bilvask. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko :-) Så lenge ein lærer noko av det som skjer, så skjedde det ikkje forgjeves, pleier eg å seie.

I kveld var det siste kvelden for kvalpekurset, og det var i grunnen litt vemodig. Dei har vore så flinke og kreative heile gjengen, eg er heilt imponert!  :-) Om ein mnd begynner nytt kurs, så eg får vel berre bli vant til til å sende kursdeltakarar ut i den store hundeverda med nyerverva kunnskaper og knallflinke hundar. :-)

fredag, mars 13, 2009

Fredag

Fredag.
Sol.
Lasagne i ovnen.
Tidlig fri.
To fornøydde hundar på godbitsøk.
Kino i kveld.
Og det er bare starten på helga. :-)

onsdag, mars 11, 2009

Rallytrening og demohund.

Mandag var det på tide med litt rallytrening igjen. Det blei ein travel dag, der eg såvidt rakk heimom for å ete før eg måtte hive meg i Pøggå (det nye kallenavnet på bilen min, i alle fall enn så lenge) og dra avgårde på trening.

Vel framme dreiv Anja og satte opp ein kjekk bane, og det såg ikkje ut til å bli så altfor mange folk denne kvelden.

Eg tok ut Ayla med plan om å bare trene på litt dilldall, og Anja hadde med seg Diesel (ti veker gammal american akita), og då Ayla fekk han i nasen, blei ho heilt rar! Ho strakk hals og ville bort, og var ikkje å få kontakt med overhodet!
Til slutt ga eg etter og gjekk bort for å sjå om ho kom til å ete opp den litle, eller om ho ville oppføre seg fint. Det er jo ikkje mange år til før det kjem kvalp i hus her heime, så det var greit å sjå at ho bare var interessert. På eit tidspunkt vikla banda deira seg inn i kvarandre, og den litle kom litt tettare på enn ho likte, og då brumla ho til han. Me slapp banda, og alt løyste seg fint. Diesel, kule kvalpen, brydde seg døyten om lydane til Ayla, så sjølv han forstår tydeligvis rottweilersk bedre enn oss tobeinte :-)

Treninga denne kvelden var det så som så med. Ho var sånn måtelig på, men me fekk trent Stå-gå ifra - berør med Hanne. Og Ayla stod i ro. Sjølv når Hanne nølte og tvilte og var ekstra forsiktig. :-)


Tirsdag var det nest siste kveld med kvalpekurset, og eg hadde bestemt meg for å vise eit par ting med Ayla. Bl.a antihoppetrening. Eg var ikkje HEILT 100% sikker på koss dette skulle gå, og hadde det gått dårlig, ville eg nok vore ein smule irritert på meg sjølv, tipper eg.
Men det gjekk over all forventning, ho gjekk til og med og helsa på dei mennene som var der! Uten å buste, og uten å bli hard i munnen. Gullhund, var ho! :-)

søndag, mars 01, 2009

Agilitykurs, søndag. Praksis. Videoar og bilder.

I dag har Ayla vore seg sjølv heile dagen! Ingenting synlig stress, me hadde knallgod kontakt, ho brydde seg lite om dei andre hundane, og jobba knallgodt!

I dag skulle me endeleg begynne med innlæring av slalåmen, og eg skjønte at eg hadde fått ein god start her heime med å klikke når ho fant inngongen mellom dei to første pinnane. Det gjekk ikkje lange tida før ho slalåma seg gjennom fire pinnar!

Eg ser at ho er veldig mottagelig for hjelp gjennom mitt kroppspråk (kva for ein hund er ikkje det?), og ho gjennomfører det ho skal når eg hjelper. MEN!! Og det er eit stooooort MEN. Eg er skikkelig dårlig på å ta vekk hjelp etterkvart, og har særdeles lett for å ty til det når eg føler at eg må skynde fram resultat. Derfor må eg enten vera veldig veldig bevisst dette når eg velger å bruke hjelp, eller så må eg shape inn stort sett ALT på Ayla. Eg trur ikkje eg er eksepsjonelt flink til å shape, men heller ein kombinasjon av at eg klarer å klikke presist, og at Ayla har forstått korleis EG fungerer. :-)
Me skal trene mykje på slalåmen her heime framover. Den SKAL me få til :-)

Forskjellen frå i går og til i dag, var at i dag trente me faktisk berre ein og ein hund. Eg trur alle på vår gruppe fekk meir ut av treninga på den måten, og det funka i alle fall veldig bra for meg og Ayla.

Me skulle få begynne på kombinasjonar i dag. Og den første me fekk bryne oss på var Hjulet, Pølsa, Hopphinder. Belønning: godbitar på ei opp-ned bøtte.
Eg er fornøydd med korleis me klarte denne her, og syns det var kjekt å få prøve oss på tre etter kvarandre slik.

Foto: Lili Frahm Jensen

Etter lunsj tok me ut vippe utan vippedelen, sånn at den låg så og seie flatt på bakken. Ayla syns lyden var ekkel, så eg lot henne få trø på vippedelen sjølv - og klikka kvar gong lyden kom.

Etterkvart fekk ho ikkje godbitane så billig lenger, og ho måtte oppå med alle beina før eg ga godbiten vekk frå vippa (ca 20 cm ned tilbakken). Me stod slik ei lita stund, og ho jobba som ei heltinne! Eg var ikkje heilt sikker på om det var henne knakelydane kom frå, eller om det var kroppen min. Er nemlig ganske så støl og øm i alt av musklar etter helga. :-)
Då me ga oss, hadde ho gått fleire gonger strakt over heile vippa utan å sjå berørt ut. Veldig bra!

Eivind hadde laga ein liten bane med tilsaman ni hinder. Den såg slik ut: 


Og når me sprang den, såg det slik ut: 


I ettertid ser eg at eg absolutt burde oversett at ho sprang utanom hinderet etter mønet, for som Eivind sa då eg spurte; Hunden veit ikkje at ho har gjort feil. For å få flyten i banen ville han berre tatt henne gjennom tunnelen og så trent momentet med hinderet for seg sjølv mykje meir. Det er jo tross alt bare ei helg me har trent, og til å vera heilt nybegynnerar, så vil eg faktisk påstå at me er flinke. :-) Og eg er heilt subjektiv, sjølvsagt :-)

Her er ein annan filmsnutt av oss i banen. Grunnen til at Ayla ikkje ville over hinderet etter mønet denne gongen, var at eg hadde godbit i føringshanda. Det blei ho heilt distrahert av, og eg blei utruleg irritert på meg sjølv. 

Og så litt stillbilder:




Eg og Ayla i farta!



Ayla er sliten etter tre rundar i banen. Ho nærmast smalt i bakken då eg stod i ro litt. :-)

Og så til slutt, sjå det fine kursbeviset!!!! Tenk om alle hadde vore like flinke til å lage slikt!! Knallkjekt å få, i alle fall!!!!!!

Desse neste bildene er har eg fått av kursmedelev Lili Frahm Jensen.

Ho har så fin kontakt!!!!!

Dette er mitt favorittbilde!

Pote på vippa før ho trykka den ned og den skumle lyden kom.

Her ser ein tydeleg at vippa ikkje var veldig høgt over bakken. :-)