torsdag, juni 29, 2006

29. juni. Morgenobservasjonar

Ayla var som vanleg med inn på badet i dag morges, og der fann ho ein rosa sokk som ho får leike med av og til. Eg sette meg ned på golvet ved sida av henne, og førte handa mi mot sokken for å leike. Då la ho hovudet over sokken som for å hindre at eg skulle ta den.
Eg trekte handa mi til meg igjen, og viste henne håndflaten. Det er det eg har gjort når eg vil at ho skal kome til meg med leken ho har i munnen slik at me kan draleike litt.

Ho såg på meg, så på handa mi, og så gjekk det opp eit lys for henne! Ho plukka opp sokken frå golvet, strekte hovudet bort, og dunka sokken borti handa mi så eg kunne ta tak!! Me leika ei stund, og så slapp eg sokken igjen. Viste håndflata og ho kom bort for å leike meir.

Inne ser dette ut til å fungere greit no, så den store utfordringen er å få det til ute også.

Dersom det blir tid i kveld, skal eg bort på jordet og leike igjen. Det fungerte så utruleg godt sist, og Ayla har om mogleg blitt endå meir fokusert på meg etter den kvelden. I "Bringing Light To Shadow" skriv Dennison at i hennar iver etter å hjelpe Shadow over menneskeaggressiviteten hadde gløymt å leike og slappe av med han. Og at for kvar gong ho hadde gjort berre kjekke ting i lag med Shadow, hadde forholdet deira blitt betre og betre.
Ho skriv også at ein skal lage seg eit bilete av drømmehunden, så skal ein kaste det vekk og konsentrere seg om bit for bit heller. Ein kan lett bli mismodig og føle at alt er håplaus om ein heile tida er opphengt i korleis resultatet skal bli (mhmm, stemmer det...) til slutt, og at nokre gonger må ein miste målet ut av syne for å nå det.

onsdag, juni 28, 2006

28.juni Ingenting gjekk gale i dag!

Gjekk laaaang tur med Vetle, Joey og Ayla på kvelden, og bare koste oss. Eller... turen var ikkje så lang, men me brukte lang tid.

Ayla er behagelig å gå med på vegen nå. Ho plar gå framføre meg inntil sida, og når det kjem bil eller syklist, snur ho seg og venter på meg for så å få godbit og ende opp bak meg til bilen eller syklisten har passert. Dette skjer uten unntak nå, og det er eg fantastisk fornøyd med!

Det kom ein ung mann (ung mann.. høyres ut som eg er så skrekkelig gamal... ) gåande med ein svær treningsbag. Eg klikka då han var ti meter fra oss, og fortsette til han hadde passert. Ayla ga ingen teikn på å bjeffe eller noko, ho var heilt roleg. Etter at han hadde passert, gjekk ho over på mi høgre side som for å snuse etter han.

Då me hadde gått halve runden, gjekk resten av vegen langs sjøen. Der var det ei bitte lita sandstrand, og det er første gongen Ayla har vore der. Ho fekk "springe-rie" de luxe, og var heilt i hundre i sanden der! Joey stod berre og såg på og lurte sikkert på kven som hadde putta penger på henne igjen, nå som ho hadde roa seg nokså greit...

Vel heime hadde føllet kome seg ut av beitet, og me klarte ikkje å få det inn igjen. Måtte sende melding til Elna, og ho skulle komme med ein gong.
Tok med meg Ayla ut for å henge opp klær mens føllet var der, og då me kom bort til klesstativet, kom husverten plutseleg gåande frå nabohuset. Ingen bjeffing!!!

Etterpå fant Ayla ut at føllet var ute av beitet, og sprang ned til det. Føllet sprang først etter Ayla, så bytta dei. Eg måtte avslutte det, for eg blei redd for at føllet skulle skade Ayla.

Resten av kvelden var salig stille, og ho ville ikkje ha mat i kveld heller.

tirsdag, juni 27, 2006

27. juni. Eureka!!

Då eg kom heim frå jobb, var husverten og sonen ute og malte redskapsbua her. Eg slengde frå meg veske og nøklar og tok med meg Ayla ut for å trene på vokting.. eller antivokting... men då me kom ut, var dei der ikkje lenger. Trudde eg. Då Ayla såg dei, inntok ho helsepositur som er øyrene bak, halen ned og ivrig logrande, og så kjem smilet fram. Ganske underdanige teikn, men ho bjeffa ikkje, så eg tar det som framgong og vellukka trening!

Ho måtte sjølvsagt logre halen borti den nymalte veggen, så me måtte bruke rensekrem og måtte i dusjen (som forøvrig gjekk utruleg bra uten panikk), og fekk behalde halen i naturleg farge i staden for mørk grøn.

Nevnte eg at den fantastiske Ayla ikkje bjeffa??





Tok med meg Ayla og Joey bort til parkeringsplassen og hadde med meg diverse leker som eg skulle byte bort med Ayla. Eg skulle ikkje trene på noko spesielt, anna enn å byte leker.

Joey rusla for seg sjølv, men haldt seg rundt oss. Han er VELDIG interessert i Ayla for tida, men det kan då ikkje vera løpetid igjen når det berre er TO SMÅ mnd sidan sist????

I går prøvde eg den kvite plasthunden som piper, den rød monsterdingsepipeleken og skeinebrettet av stoff. Ho hadde ikkje lyst til å komme inn med noko av det, men det gjekk på eit vis.

Så var det nett som om det gjekk opp eit lys for henne, nemleg at dersom ho kjem inn til meg med det, så blir det leking og herjing ei lita stund før ho på nytt kan springe og hente det!!
Til slutt kunne eg kun hive den kvite hunden som ho sprang og henta og kom rett inn til meg med det! Eg haldt ut handa mi, og ho kom heilt bort og dytta handa mi med leken!! Då drog me litt før eg putta hunden i lomma og venta. Ho smalt ned i dekk, og eg klikka og heiv hunden (leken, altså) avgarde! Ho eksplosjonsgallopperte ut og henta den tilbake, og me lekte ei stund før ho måtte komme opp ved sida av meg på rett plass når eg gjekk rundtomkring.

Tunga hang ut i munnviken, og kontakten var upåklageleg, og ho var skikkelig MED!

Trente litt triks med Joey også før me gjekk heim igjen.


Hverken Joey eller Ayla er særleg storetne for tida. Særlig Ayla eter svært lite. Ho er fortsatt IKKJE slapp eller sløv. Det einaste som er annleis er at ho ikkje eter nok. Dette har vart i to veker no.

søndag, juni 25, 2006

25. juni. Trening på Klepp

I dag var me fire stk og seks hundar som trente.

Fekk trent masse på vokting i bilen, og det kom ett bjeff på vokting og litt fleire for frustrasjon på at ein annan hund lekte og ho ikkje fekk vera med.. Eg stilte bilen slik at me skulle sitja rett utføre buret hennar, og slik at eg kunne sprette opp og gi henne tube når det kom folk. Og der kom ein del folk... Litt for mange etter min smak. Men Ayla greide seg fint, og slappa godt av i buret.

Eg trur berre eg må innsjå at Ayla er ikkje så oppteken av å bli tatt på av framande når ho er gira og vaken. Då er det meir stas for henne å få slikke på hender eller få godbitar, eller faktisk å bli snakka til.. Ho logrer nesten halen av seg når nokon prater til henne.

Ellers trente me på utgangsstilling (som framleis er eit einaste digert svært gigantisk mareritt). Kontakt med andre hundar til stades, vokting, bytte leker, slakt bånd.

Bytte leker fungerte IKKJE når lekene var av ulik verdi. Når eg brukte frosken og ein rød liten monsterdings, så kom ho inn med kvar leke og fekk den andre i bytte.

Ayla har ikkje ete på ein del dagar nå. Faktisk har ho vore svært småeten i halvannan veke. Ingen av dei dagane har ho ete begge måltida, men elles er ho ikkje slakk eller mindre bøllefrø.

Joey har begynt å jukke ved sida av Ayla og er veldig interessert i henne generelt. Ho hadde løpetid i april/mai, så ho kan då ikkje få igjen NÅ??? Eller er det Joey som beynner å bli senil og rar?

________________________________



Ellers har eg kome godt i gong med "Bringing Light To Shadow". Det er skikkelig interessant å lese om Dennison sin veg mot ein fungerande hund ut frå det ho hadde å jobbe med.
Eg leser mange av mine tankar i hennar ord, og faktisk nokre av opplevingane også.
Som f.eks dette med overslagshandlingar. Når Shadow har hatt ein dårleg dag, der ho har gått for fort fram, eller han har måttet gjere utfall, så lar han det gå utover dei andre hundane i heimen. Pamela pleide å kalle Shadow til seg i dei tilfellene, men gjekk over til å stå mellom dei for å bryte opp og skilje dei. Det funka best hjå oss også, men eg leste om det etter at eg hadde begynt med det heime.


Ted Turner, som er ein svært kjent adferdsspesialist i USA, skreiv til henne i ein mail: "Regression is a part of the progression" Det må eg også huske. Og at EG er ansvarlig for å setje Ayla opp til å lukkast.

lørdag, juni 24, 2006

24. juni. Tid for ettertanke (intern overskrift)


Våkna opp til overskya vær i dobbel betydning. Jippi..

Ayla hadde ikkje skrapa på døra då klokka var ti på halv ni, så då stod eg opp. Åt frokost, og gjekk for å lufte ein og ein hund. Ayla først. Trente fjas, ho gjekk på do, og så gjekk me heim igjen. Tok ut Joey og tok med pelsskrapa eg kjøpte i Oltedal.

Då kom Elna og to jenter køyrande, så eg slapp ikkje han laus. Elna kom gåande opp til oss, og Joey holdt på å gå ut av sitt gode skinn! Han skjønte nok at han skulle få ha Elna for seg sjølv i nokre salige minutter!
Camilla kom også opp, men då byrja Joey å bjeffe. Han drog merkeleg nok ikkje i bandet, berre bjeffa.. Rare hunden... Så ga han seg, og Elna og Camilla gjekk bort for å fjerne høymoler fra beite. Kosta ferdig, så fekk han også gå på do, og så gjekk eg for å byte hund igjen.

Eg tenkte nemlig at det ville vera ein ypperlig situasjon å trene anti-vokting på for Ayla, sidan dei var så langt vekke og var opptatt med andre ting.
Det første Ayla gjorde då ho såg folk, var sjølvsagt å bjeffe. Ein enkelt gong. Og så ein til. Men så var det stopp. Me gjekk nærmare og nærmare, og eg ba henne sitte og legge seg og sitte og legge seg, og ho blei VELDIG fokusert på meg.

Me jobba oss heilt opptil Elna og jentene, og eg spurte jentene om ein av dei var redd hund, men det var dei ikkje, så Ayla fekk gå og helse i slakt bånd. Den eine jenta la seg ned i graset, og Ayla rundslikka henne i ansiktet og stoooorkoste seg! Gjorde litt handtarget på den yngste jenta, og det syns både Ayla og jenta var stas.

Så gjekk me inn igjen og venta nokre minutt (hadde god tid, for det var myyykje høymole i graset der) før me gjekk ut igjen. Denne gongen hadde det kome til ei dame til, og me jobba oss opp igjen til me kom heilt fram. Då blei Ayla rar.. Ho kikka frå den eine til den andre til den tredje og til den fjerde.. TIL DEN FJERDE??? Ho snudde seg mot meg, som for å seia "Mor, det har kommt ei te!!! Ein to tre fir!!!" Då fekk ho ei halv pølse av meg. Og så gjekk me inn igjen.



Ein skikkelig kjip ting eg oppdaga då eg børsta Joey... Han har fått ein klump på høgre sida av brystkassen som liknar den kreftklumpen han fekk operert vekk frå låret for eitt år sidan.
Han skal snart inn for si årlige vaksine, så eg får høyra med veterinæren kva ho seier. Eg veit ikkje om eg vil la han gjennomgå ein ny operasjon i ein alder av 10,5 år og bilyd på hjarta. Men eg er heller ikkje klar for å miste han endå. Han skal jo vera med når me flytter til småbruket vårt i Danmark når me blir pensjonistar, Vetle og eg.

fredag, juni 23, 2006

23. juni. St.Hans

At det skal vera så vanskeleg å starte med den hersens loggen!!! Åe, altså!!

Har laga tre kriterieplanar no:
Gå til Vetle
Lukke kjøkkendøra
Utgangsstilling

Skal byrja med nummer ein i kveld. Vetle har lova å vera target for meg.

Dreiv litt lekebytting i går, og det gjekk faktisk veldig bra! Ho kom ikkje heilt bort til meg med leika, men ho sprang ikkje vekk og tygde på den! Det ser også ut til at når eg viser henne to tome hender og seier "Ja, kor e pinnen da?" så spring ho tilbake til leika og tek den med seg nærmare meg.

Ho har også lært seg å snuse i steinmuren etter mus når eg seier "Finn mus!"

Andre ting ho kan:

- bruke foten min til target. Å, så nyttig... NOT!
- legge seg på kommando
- ho sovner inne dersom eg stryk henne på magen
- Gå inn i buret på kommando
- Slepp
- Innkalling er ho super på, og eg har 99% innkalling når eg seier "SJÅ!"
- Omgås hundar og folk i mengder
- Ho sovnar til lyden av hårfønaren

Ting å jobbe med:

- bøllinga med Joey
- eting av papir
- Vokting av bil og heim
- interessa for den stakkars katten (ho kan omtrent stirre den i senk)
- frykt for framande
- generell kvardagslydighet.



Har forresten byrja å klikke på katten. Byrja i går, og skal fortsetje i kveld. Han er stort sett berre inne på kvelden, nemleg.



Lurer på om det går an å trene ein rottweiler til å gjere husarbeid? Støvsuge, vaske klær, tørke støv.. sånne ting?
Det er vel mindre arbeid å gjera det sjølv enn å forsøke å finne det ut...




Framleis vondt i brannsåra etter snart to veker. Merkeleg.

onsdag, juni 21, 2006

21. juni MÅ begynne med loggføring!!!

I går blei det dårlig tid til særlig trening. Skulle ut på kvelden, så det blei bare tur og litt "lukke døra" trening før eg måtte dra.

Då eg kom heim og skulle gå siste turen (halv tolv), fekk me til litt fri ved foten. Ho kom også med nokre nyyyydelige sittar til utgangsstilling! Ho har ein tendens til å setje seg litt langt bak, kanskje eg skal forsøke å belønne frå høgre handa neste gong?

Ho bøller veldig med Joey for tida, og eg mistenker at det har med aktivisering å gjera. Etter at eg skada foten har eg ikkje kunne ha sko på meg, og det er ikkje godt å gå langt i sandaler.
I kveld er eg bedt med på date - til Big Horn Steakhouse - med Vetle, men eg MÅ få aktivisert bøllefrøet litt før me drar. Muligens det kunne vera smart å ta henne med oss, og gå litt i sentrum der? Så får Joey nokre timar i fred..

Kan hende det kunne vera smart å byrja så smått å lære henne å vera åleine litt innimellom, sidan Joey tross alt er 10,5 år..

Men nå MÅ eg begynne å skrive logg!!! Har kopiert opp haugevis med tome logg-ark, så nå har eg ingen unnskyldning lenger.

mandag, juni 19, 2006

19. juni. Begynner å trene på utgangsstilling

Leste Fanny Gott sin måte å trene "svenskeinnkomsten", og skreiv opp kriterieplan til den. Byrja å trene på den i går, og det gjekk heilt fint! Hadde tatt på meg joggesko og skulle ut og gå med Ayla... Svisåret fra langlina eg fekk søndag for over ei veke sidan gjer framleis særdeles vondt! Likevel, då me hadde vore på Sparkjøp, ba eg Vetle stanse bilen så eg kunne gå ut og gå heim med Ayla derfrå. Ikkje ein km eingong, men eg skulle trene i tillegg.

I same augneblinken som han forsvann avgarde, fekk eg vondt i foten. Det endte opp med at eg måtte ta av meg skoen og gå berrføtt heim.


__________________________________



Ayla står rett ovanfor meg. I stå. Eg tar ein Venstre om Holdt. og held eit auge med hennar venstre bakfot.

1. Hunden beveger venstre bakfot vekk frå meg.


2. Hunden flytter seg et skritt vekk frå meg.


3. Hunden flytter seg to skritt vekk frå meg


5. Hunden flytter seg to skritt vekk frå meg, frambeina står i ro

6. Hunden flytter seg raskt to skritt mot høgre, frambeina står i ro

7. Hunden flytter seg raskt tre steg mot høgre


8. Hunden flytter seg fire steg mot høgre, frambeina står i ro

9. Hunden flytter seg til den står rett framføre igjen.




Sånn byrjar kriterieplanen for utgangsstillingen til Fanny Gott. Så får eg ta det derifrå.

Elles var Olaug innom på kvelden. Me såg "Et hundeliv" med Anders Hallgren, og programmet var skikkelig informativt!

Joey held på å lære Snurr nå!! Og så går ham mellom beina mine tre-fire gonger før han får godbit. Må hugse å variere, så han av og til får for første passering, og at han sidan ikkje veit når han får .



Kjøpte forresten ny hårfarge i går, så NÅ skal eg få korrekt farge!

søndag, juni 18, 2006

Andre klikkertrener helg. Søndag.

Ayla sov heile natta, og me var også flinke og la oss tidleg. Me skulle byrja klokka ni i dag, og halde på til to, så eg måtte opp tidleg.
Frokosten måtte eg ete åleine, for svigermor og Vetle låg framleis og sov.

Me fekk pakka med oss det me skulle ha med oss (bortsett frå vatn til hunden ), og var på Landvik Skole rett før ni.

Heile helga har det gått kjempefint med Ayla og bjeffinga, heilt til ein time etter lunsj. Idioten meg stod bak bilen og trente. To personar stod og såg på oss, og så kom det ei tredje til. Då byrja Ayla og bjeffe og stritte bust. Ho trakk seg vekk, men eg ynskte at ho heller skulle stå i ro, slik som Pamela Dennison skriv om. NCR (No change response) er veien å gå når uhellet først er ute, men eg fekk ikkje det til her. Det ideelle er om alt fryses, sånn at bjeffinga ikkje har effekt i det heile tatt for Ayla. Om me trekker oss vekk, eller om andre trekker seg vekk, så er det forsterkande.

Det var uansett skikkelig nedtur , og Ayla stakkars, sovna etter dette. Ho var heilt utsleten, og eg hadde dårleg kontakt med henne utover ettermiddagen.
I ettertid har eg lest meir i Bringing Light To Shadow, og leser der at etter slike episodar er det heilt vanleg at hunden kan melde seg litt ut.

Eg veit heller ikkje om eg kjem til å gå på freestylekurset. , For eg er ikkje sikker på om me er klar for å jobbe så tett som Elin sa me kanskje måtte. Har ikkje lyst til å utsette Ayla for det før me har jobba med det meir. Dessuten er det jo ikkje sikkert at me har inne utgangsstilling innan den tid, heller... Og det var visst ein fordel.

Fekk filma masse denne helga, og skal få lagt det inn på dataen snart. Det betyr at bilder fra treninga snart kjem i eige album.



Eg må aldri trene rett ved bilen.

Eg MÅ trene på at folk STOPPER HEILT OPP når me trener på vokting av bilen, og at ting føregår på våre premisser.

MÅ slutte å gi oppmerksomhet til Ayla når ho bøller med Joey. I dag såg eg heilt tydeleg at eg har vore med på å gjera dette verre enn det var. MÅ BRUKE LANGLINA!!!

lørdag, juni 17, 2006

Andre klikkertrenerhelg. Lørdag.

Helg to i KlikkerTRENERutdannelsen.

Kom til Grimstad fredagskvelden, og Ayla takla møtet med svigermor strålande. Ho kom til og med med godlyden då me kom inn dørene! Svigermor hadde Aylasikra leiligheten, sånn at ingen halar skulle velte blomar eller pynteting denne gongen heller. :-)

Joey sprang rett ut på verandaen og inntok sin kjente positur: Salig-konge-på-haugen-med-vibrerande-nase.

Ayla låg med meg og Vetle på soverommet, og Joey låg på sofaen i lag med svigermor. Ayla hadde litt problemer med å roe seg, så det blei svært svært lite svevn den natta.
Kom opp til Landvik Skule klokka ti, og me hadde dei første øktene ute.

Aller først skulle me vise kor langt med hadde kome på GrunnFerdighetene (GF), og ein og ein måtte til pers. Det gjekk sånn måteleg bra med oss.

Teori inne, og me heiv oss på kriterieplanar og loggføring. Detaljert, nøye, pirkete. Alt som eg ikkje er. Det er loggføring. Jadda, dette skal bli lett, liksom...
Så var det lunsj og deretter ei økt til med trening. Eli og eg var på gruppe, og eg fekk hjelp med korleis eg skulle byrja å jobbe med utgangsstilling. Eli skreiv logg for meg, og sjølv om ho gjorde det, syns eg loggføring er noko herk. Sikkert praktisk når eg kjem inn i systemet, men akkurat nå ser eg på det som ein byrde.

Me fekk i heimelekse å skrive kriterieplan for ein ferdig øvelse og loggføre treninga etter den. Blæh!!! Men sidan eg må gjer det, har eg bestemt at søndagsgjengen også må gjera det.

Me slutta av på lørdagen klokka 17:00, og etter det reiste eg ned til sentrum og gjekk litt langs bryggene. Var også ute på ei av flytebryggene, og Ayla syns det var ein smule ekkelt. Breibeint og forsiktig vagga ho utpå, men ho viste ikkje andre teikn til at det var fælt.

Trente også litt på utgangsstilling (eller sitt attmed vegg), og det gjekk kjempefint! Ho bæsja sjølvsagt på grasplenen utanføre Oddensenteret, og eg hadde ikkje pose.. Leita febrilsk i lommene, men fann berre papirposen eg hadde fått då eg kjøpte ekkelt wienerbrød til lunsj. Å plukke opp rottweilerbæsj med papirpose er ikkje av dei lekraste tinga i verda...

Var tilbake i leiligheten halv sju, cirka, og då stod svigermor og Joey utanfor og venta på oss. Joey såg tilfreds ut, og var glad for å sjå oss att. :-)

Vetle hadde vore i Risør og besøkt mormor si på 95 år, og var tilbake rett over åtte.

Då var det middag og is (for is er ikkje snop).

Nytt! Bilder fra treningshelg i Grimstad!

Elin, Eli og Wenche

Tove, Hedvig og Siv ved grillen


Lunsjen på søndagen.


Hedvig, Elin, Eli (med ryggen til) og Siv (med ryggen til)


Elin, Eli, Siv, Hedvig, Tove (leser flittig)


Kari Anne, Elin og Siv


Avslappa Ayla i buret.


Ikkje fullt så avslappa Joey i buret.

fredag, juni 16, 2006

16. juni. Billig rottweiler til salgs!

Gjekk tur med hundane i går på ein runde der eg ikkje trengte å vasse i gras med barbeinte føter i sandaler. Turen gjekk kjempefint, og Elna kom køyrande og stansa, og Ayla var heilt i hundre! Elna foreslo sjølv at kvar gong ho kom køyrande, skulle ho stanse ved oss, nærmare og nærmare Ayla. Eg syns jo det er flott, så får eg berre trene mykje på at ikkje alle bilar stanser og produserer folk som skal forgude Ayla. Skal nok gå godt, det..

Me brukte tre kvarter på 2 km, med bandtrening, så då me kom heim var begge hundane nøgde og la seg til å sove medan eg åt middag. Klokka seks drog eg til OBS og handla, og var heime halv åtte. Då rakk eg akkurat å porsjonspakke kyllingen og ha farge i håret før SOS hundehjelpen begynte.

Etter at me fekk oss harddisk opptakar, er det ikkje så farleg lenger om ein ikkje får med seg byrjinga av eit program. Det er berre å setje på opptak, og når eg kjem ti minutter seinare og programmet har starta, trykker eg Play, og så kan eg sjå frå byrjinga MENS den tar opp! Marvellous!!



Så inntok rottweileren fra helvete arenaen.
Ho fant kvart einaste litle papir eg ikkje hadde rydda vekk + ein blå kulepennkork+ ein tom dorull + tøffelen min og tok med seg inn i buret. Så fant ho "Cautious canine" boka og fant ut at den var kjempegod å tygge på! Så rusla ho inn på kjøkenet og var oppi plastavfallsposen og henta seg emballasje fra tidlegare nevnt kylling. Tru om eg rett og slett må lukke att buret så ho ikkje kjem inn dit med kva enn ho finn?
Me gjekk ut, og i same augneblinken ho sette foten utanføre døra, fauk ho rett på Joey og skulle bølle med han. Eg tok henne i band, og lot han gå laus, men då skulle han halde seg rundt beina på meg, og Ayla var eit mareritt å ha i band!!

Så fant ho katteskit rett ved vegen, og den glefsa ho sjølvsagt i seg! Så fant ho hesteskit, og gåseskit og andeskit. Alt dette heiv ho i seg med stor entusiasme innimellom bøllinga med Joey og trekking i band og og biting i band og sånne ting.
Eg tenkte intenst at eg skulle hive heile klikkertreninga på sjøen og gå tilbake til positiv straff, og rett og slett denge henne gul og blå! Korleis eg klarte å la vera er meg framleis eit under, men eg byrja å klikke ofte for at ho gjekk På Plass (har ikkje lagt på kommando, men Joey sin kommando for å gå ved sida av meg og sjå på meg heiter det) eit og eit steg. Dette roa meg, og Joey fekk gå i fred.

Klarte å oppnå nok kontakt til at me alle kom heilskinna inn dørene igjen, men då byrja terroren med fornya styrke. Ho peste og smatta og smaska på alt ho både fann og ikkje fann på golvet, og eg er sikker på ho er halvt KU!!! Korleis elles kan ho tygge på ting ho ikkje hadde i munnen tre sekunder tidlegare?? Ho MÅ jo drive å gulpe opp att ting frå tidlegare!

Då Vetle kom heim rett før elleve var eg på randen av nervøst samanbrot, hadde ikkje fått pakka til i dag, og eg hadde ikkje fått rydda alt eg ville. Eller lest i Bringing Light To Shadow, eller ordna til hundesekken, eller slappa av.

Til alt overmål vakna me klokka kvart over fem i dag morges av at Ayla skrapa på døra på hunderomet. Kva er det som går av henne????

Det er to mnd sidan løpetid, og ho er 10,5 mnd nå.

Dessuten blei hårfargen teit og feil.

onsdag, juni 14, 2006

14. juni. Trening bak Montér.

Drog opp dit med min bil som er uten bur, og kom ti minutter for seint. Ayla har ikkje fått trent på å ligge i bil uten bur, så det blei interessante 6 minutters kjøretur.

Olaug og Swejsan var der allerede, så eg tok Ayla ut og trente slakt bånd/doggie zen mens me gjekk mot Olaug.
Andre ting me trente på var rygging - som gjekk rett vest, passering av hund, bli liggande, og ein ny ting som eg ikkje har ant koss eg skulle få til: Stå fra dekk!! Juhuuu!!

Ayla tilbaud dekk så det ljomte etter, og så slo det meg brått at ho reiser seg jo rett opp fra dekk her, for å kunne tilby ny dekk et par cm lenger vekke!! Hallo!! Jorden kaller!
Så eg klikka for at ho reiste seg rett opp. Ei pipeleke forma som ein hammar var megabelønning for henne i går, så eg fekk ein del nydelege stå fra dekk! Eg er ikkje heilt sikker på om ho skjøna at det var oppreisen som ga klikk, men etter kvart klikk slengde ho seg ned i dekk for så å reise seg opp i stå. Skulle eg ha klikka for dekken også?

Me rakk berre halvannan time før eg måtte skunde meg heim for å sjå sesongavslutning på LOST, men det var verdt tida for å få BEGYNT å trene på stå fra dekk.

Me reiser til Grimstad i morgon, så i kveld blir det ikkje trening. Eg må rydde, pakke, handle tilbudsvarer på OBS, finne fram dvd og ting og tang, og så håpte eg å få farga håret innimellom der. Og så er det jo SOS Hundevakten i kveld, og det er eit MUST å få med seg.

Hundane skulle hatt seg ein lengre tur, men eg kan framleis ikkje ha andre sko på meg enn sandalene eg hadde på då eg klarte å få TO brannsår av langlina, og eg går IKKJE i gras og kratt barbeint i sandaler! Vetle er vekke heile ettermiddagen og kvelden, så i tillegg til alt det andre eg MÅ gjer på dei korte timane eg har til rådighet, er eg også nøydd til å aktivisere to stk store hundar. Jippi... Kjekt med hund, ja!





Veien til en "bra kar" kom i posten i går. Eg har allereie lest 34 sider, og lurer på kvifor eg ikkje har lest denne før. Det eg har lest til nå er varmt og sjelfullt og får meg verkeleg til å kjenne meg utilstrekkeleg. Her er det berre å spytte i nevane og setje i gong!

14. juni Positiv forsterkning for tobeinte

Då eg kom heim idag, tok eg med meg nokre pølsebitar og klikkeren og gjekk ein liten tur med begge hundane i band. Ayla er fortsatt litt stressbøllete med Joey, og Joey bare står og kniper igjen augene til ho er ferdig eller eg bryter inn, stakkars.

Dei gjekk fint i band, utan å trekke nevneverdig, og pølsene blei delt ut med rund hand.

På den filmen med Pamela S. Dennison, seier ho at det gjeld om å finne stor variasjon av forsterkerar, f.eks om vinteren kan klikket bety at snø blir kasta i lufta og hunden får ta deg, og om somaren kan ein hiva nokre grastustar som belønning.

Eg prøvde nemleg det siste der på kveldsturen i går, og Ayla syns dette var stor stas! Såpass stas at ho byrja å tilby dekk og sitt og sittopp og allslags, så difor belønna eg med gras i dag!
Her bles det jo alltid, så graset får litt fart på seg, og når det i tillegg er nytt og grønt og ferskt og smaker godt, så blir det nesten "tre ting på en gang"!

På veg tilbake gjekk eg nemlig tom for pølsebitar og fekk ein augneblink panikk for at dei skulle gjera noko bra (høyrt slikt?), sidan eg ikkje hadde belønning. Då var det eg kom på graset igjen... Det kom ein bil køyrande, eg ropte Ayla til meg så ho ikkje skulle stå i vegen, ho kom og sette seg som ho plar gjera, og når bilen hadde passert sa eg JAH! og heiv graset opp i lufta. Vinden tok graset og sendte det eit par meter bortover vegen, og Ayla, lukkeleg og nøgd, heiv seg etter kvart eit strå og tygga det i seg.
Då tenkte eg at frå no av kan eg aldri gå tom for forsterkerar så lenge det fins gras der eg går, eller snø.

Då eg sto utføre døra her heime, tenkte eg at det var godt å kjenne på den litle suksessen det var å ha gjennomført ein heil tur (om enn liten) utan å ha lyst til å gi opp heile opplegget.

I kveld kjem Olaug og Swejsan over ein tur igjen for å trene meir. Og eg har gått heilt tom for treningsenergi... Jaja... Me skal ikkje trene lenge, for det er avslutning i LOST, og det må me jo få med oss, eg og hundane...

14. juni Panikktrening

Ja, det er noko som heiter panikktrening i mitt vokabular. Panikktrening er lite gjennomtenkt trening som ender opp med ei forvirra Ayla og ei lettare fortvila Kari Anne.

Treningsvakuum (måtte faktisk slå opp for å sjekke om det skulle vera to uar! Er det alderen som slit? ) er tungt å komme seg ut av...

Planen var opprinnelig å trene på Bli Liggande, men eg hadde ikkje tenkt gjennom det på forhånd. Ayla spratt opp etter kvar einaste godbit, og eg fekk rett og slett ikkje klikke for at ho låg i ro. Ikkje før eg bevegde meg vekk frå henne så eg ikkje lenger stod to cm frå beina hennar. Då låg ho i ro, og eg fekk klikka for at ho låg i heilt heilt i ro.

Når eg ikkje har bil å gi henne pausar i, så er eg ikkje flink nok til å gi henne ro til å tenke og slappe av.

Eg endte til slutt opp med å binde henne i lyktestolpen like ved der me trente, som eg har gjort tidlegare når Joey har vore med bort for å trene.
Så kom Elna køyrande, og Elna er ho som driv besøksgården like ved der me trente. Ayla elsker denne dama, og eg har problemer med å halde Ayla i ro når ho høyrer og ser Elna.

I går kom altså Elna køyrande medan Ayla låg ved lyktestolpen. Eg var 10 meter lenger vekke, då Elna stoppa bilen like ved Ayla. Ayla spratt opp, og då Elna byrja å prate, såg eg at Ayla blei usikker og redd, og gjekk ned mot bilen. Elna spratt ut av bilen før eg fekk sukk for meg og byrja å prate og prøve å klappe henne. Ayla bjeffa og busta og var redd, men eg ville ikkje rope til Elna i frykt for å skremme opp Ayla endå meir. Eg fekk kommt meg ned dit og sa rolig til Elna at ho måtte halde seg utanfor rekkevidde til eg hadde fått roa Ayla ned. Ayla tok kontakt med meg med ein gong eg kom, og busta senka seg og ho slutta å bjeffe, og ville bort til Elna for kos. Ho fekk gå bort i slakt band. Elna sette seg ned og eg forklarte situasjonen for henne.

For meg var dette eit stort steg tilbake, for Ayla har ikkje hatt utfall på lenge no.

Never in a million years kunne eg ha forutsett korleis ho skulle reagere, for Elna har kommt køyrande forbi mange gonger når me har vore der. Ayla fekk helse på Elna då ho var ni veker første gongen, og sidan har ho sett og høyrt henne stort sett kvar dag.

Me har jobba mykje med at bilar kan passere oss utan at Ayla skal springe ut i vegen etter at bilen er forbi, og me var komne dithen at ho tok kontakt med meg kvar gong ho høyrde ein bil. Så hende det ein gong at ein idiotfyr kom køyrande forbi og Ayla tok kontakt med meg med ryggen til bilen. Idiotfyren bremser og køyrer sakte forbi mens han ruller ned vinduet og bjeffer som ein gal! Ayla blei vettskremt, og eg hadde mest lyst til å halsvrenge fyren.

Mogleg at den episoden førte til Ayla sin reaksjon i går, eller det at ho var åleine.. Eller ein kombinasjon.. Trist var det i allefall at ho måtte takle det skumle heilt åleine. Det skal ikkje skje igjen.







Når det er sagt, hadde me suksess med noko også i går... Olaug var her og trente med Swejsan, og ein eller annan gong MÅ han og Joey helse på kvarandre og finne ut at den andre eksisterer. Eg har nettopp kjøpt ein fire timars DVD med Pamela Dennison der ho held foredrag om aggressive behavior in dogs. Der trente dei på hundeaggressjon og slike ting, og motivert av det, tok eg altså ut Joey i går for å sjekke om det funka, det ho hadde snakka om.

Til å begynne med var avstanden for liten, så me gjekk litt lenger vekk. Då ville han ha leverpostei. Swejsan kom gradvis nærmare, og eg ba Joey sitte, dekke, sjå på meg og sånne ting for å gi han noko å meistre mens han registrerte at den andre kom nærmare.

Så byrja me å passere kvarandre med hundane ytterst heile tida, så gjekk me same retning av og til, og deretter passerte me kvarandre MED LAUST BAND med hundane i midten før me gjekk same retning og til slutt helste dei på kvarandre med snusing og dempande signaler før me ga oss.

Eg vil kalla det 100% suksess!!! Joey er trass alt 10,5 år! Flinke guten min!!

I dag skal me trene igjen, eg veit ikkje kor, men eg er ikkje så sugen på å køyre så veldig langt. Eg må heilt klart ha bilen med så eg gir Ayla vettuge pausar.

Er forresten SVÆRT nøgd med innkallinga på den hunden! Fantastisk! Eg har vore flink!

søndag, juni 11, 2006

11. juni Oltedal


Henta Olaug og jentene og Swejsan i ti-tida, og så køyrde me alle til Oltedal for å kikke på utstillinga som var der.

Anne Karin og Shaylee hadde allereie vore i ringen då me kom, men dei var der framleis likevel. Swejsan oppførte seg eksemplarisk, og det gjorde Ayla også. Det var smellvarmt og sol og ein haug med folk og hundar!

Me traff Janette og Edel der også.

Halv to pakka me saman sakene og drog heimover, og både Silje og Elisabeth sovna etter ei kort stund.



På kvelden klarte eg å gi meg sjølv brannsår ikkje mindre enn to gonger. Eg skulle trene på doggie-zen og avstandsbelønning med Ayla borte på jordet her. Ho hadde langline på, og eg gjekk med sandalene på bildet her..

Me dreiv og trente, og ballen låg eit stykke borte. Brått heiv ho seg rundt og sprang mot ballen. I min iver etter å stanse henne så ho ikkje fekk belønne seg sjølv, trødde eg på lina. Den lause enden som eg trødde på låg vendt mot ballen, og enden som var festa i Ayla gjekk altså over foten min. I det eg trødde ned skikkelig, og Ayla strama lina, skar den seg ned i huden min og lagde eit lite sår.
Fillern, tenkte eg, og trente vidare.

Så skjedde nøyaktig det same ein gong til, denne gongen litt nedforbi, og myyyykje vondare. Eg tenkte noko anna enn fillern då, men trente vidare til me fekk til ei vellukka avstandsbelønning. Så gjekk me heim for å oppdage at såra var brannsår med væske og verk og heldigvis visste eg ikkje at det skulle gå to veker før eg kunne ha andre sko på meg enn desse sandalene.

torsdag, juni 08, 2006

8. juni Fin start på dagen for Joey



Ja, eg veit det er halvannan mnd sidan 8. juni.



Den dagen tok eg bilete med mobilen. Eg plar ikkje ha den med, men heldigvis låg den i lomma akkurat då.

Me kom bort til lyktestolpen stod ein av ponniane til Vistnestunet der. Joey sprang bort i ein fart og snuuuuuuste inn lukta av den litle hoppa. Det såg mest ut som om han blei litt forelska der han stod, for han ville ikkje komme til meg, eller brydde seg om kva eg sa.








Så kom Ane, sauen. Ho er oppvaksen med hundar, og kan gjerne finne på litt leikestanging med dei. Joey syns i allefall at ho også var stor stas, men ikkje så stas som hoppa. Då hadde han praktisk talt hjerter i augene.

tirsdag, juni 06, 2006

6. juni. Tulleting

Byrja kvelden svært bra med å gå tur med begge to samtidig. Det er enklare no etterkvart, for både Ayla og Joey dreg mindre i bandet. Ingen av dei dreg når dei går kvar for seg.
Hadde nokre fantastiske innkallingar på Ayla i løpet av turen.

Seinare tok eg fram apporten og skulle trene på å plukke opp frå golvet og halde. Målet var fem sekunder etter at ho hadde plukka opp. Det målet nådde eg.

Deretter trente eg på target på to fingrar. Ein finger funker ikkje på henne, men då eg brukte to, tok ho snuten bort til fingertuppane med ein gong.

Trente også litt doggie-zen, og ho skjønar dette godt inne no.

Så, av ein eller annan grunn, klikka eg ein gong ho sette snuten borti foten min (eg sat med beina trekt under meg i sofaen), og då gjentok ho jo det ørten fjørten gonger. Eg klikka og klikka og ho dytta og dytta i foten min. Eg meiner... kva i all verda skulle det vera godt for, liksom?!?!?! Har eg ikkje nok å jobbe med utenom, eller? Eg MÅ slutte å klikke for teite ting!!





Og som eit NB til slutt... etter at eg bestemte meg for å slutte heilt å ete snop, så har eg ikkje drøymt om røyking fleire gonger...

mandag, juni 05, 2006

5. juni. Fremmedtrening i Tananger.

Drog til ein tidlegare kollega og trente framandtrening. Første gongen eg trente med han, gjekk eg litt fort fram, og Ayla kjende seg nok litt pressa.

I dag lot eg han stå med godbitar, slik som me har gjort med Arnfinn, og det gjekk veldig bra! Ingen bust, og stor interesse for den framande som ho kunne SJÅ hadde godbitar i handa! Ho styrta bort og åt godbitane frå begge hender, så gjekk me vekk derfrå.
Han fekk nye godbitar, og så nærma me oss igjen. Då han var tom for pølsebitar sette han seg ned på huk. Ayla oppsøkte han og lot han klappa henne på brystkassen. Så reiste han seg roleg opp medan eg ga henne pølser, og det gjekk også greit. No kunne han klappe og kose henne over ryggen og på sida, og ho berre koste seg.

Vellukka treningsøkt!

Begynner å bli veldig spent på neste kurshelg som er mindre enn to veker unna! Korleis kjem det til å gå denne gong? No veit eg jo at Ayla vokter veldig, og at dei fleste utfalla er på grunn av det. Nokre augneblink kjenner eg at det skal nok bli hund av henne til slutt, mens andre augneblink er alt motlaust og til inga nytte. Sidan forrige kurshelg har eg blitt meir sikker på kva eg driv med, fått meir erfaring, eg kjenner Ayla betre og har betre kontakt, så om noko uventa skulle skje denne gong, blir det nok ikkje fullt så stor krise som sist... seier me...


Og så har eg meldt meg på kurs i freestyle!! Korleis skjedde det????
Freestylevideoklipp 1

Ungar og freestyle
Freestylevideoklipp 2
Carolyn Scott og Rookie Trykk på "Click here"

søndag, juni 04, 2006

4. juni, Trening på Klepp


Biletet er kopiert frå Anne Karin sin blogg (med tillatelse, sjølvsagt)

Etter eit heilt styr på morgonen, der både eg og Olaug hadde forsove oss, greidde me å vera på Klepp til fem over elleve. Brita og Anne Karin var allereie der.

Anne Karin hadde med seg lang frakk, caps og solbriller, og kom gåande mot oss med rar gange. Ayla busta både framme og bak og syns dette var skummelt. Me klarte å unngå at ho bjeffa, og Ayla tok sjølv kontakt med Anne Karin. Då ho skjøna kven det var, smilte Ayla ganske så intenst.

Brita kom også gåande mot oss, men med henne busta ikkje Ayla i det heile tatt. Det var vel ingenting som var skummelt etter den lange frakken, tenkjer eg..

Me forflytta oss til baksida, og Janette ( barndomsvenninne) fekk sjå litt korleis me trener. Ho har nett fått seg ein storpuddel ved namn Maurice (snart to år) som ikkje kan noko anna enn å stå og innkalling.
Olaug og Anne Karin hadde litt møtetrening som var særs vellukka, og eg hadde ute Ayla og byrja litt hindertrening. Ho hoppa att og fram mellom meg og Olaug, og forsøkte å tilby lynkjapp sitt, dekk, stå, dekk, sitt til ryggen til Olaug, før ho ga opp og hoppa over til meg. Etter det tok ho poenget og hoppa att og fram nokre gonger før me ga oss. Hinderet var ca 5 cm høgt.
Seinare på dagen hoppa ho att og fram mellom meg og Anne Karin, og då gjekk det betre. Ho gjekk utanom ein gong, men då fekk ho ikkje klikk, så dei 6-8 neste gongene hoppa ho over hinderet (som då var cirka 20 cm høgt)

Så tok me ut Maurice (utt Morris), og byrja å betinge klikkeren. Han tok jo dette her utruleg kjapt, og på kvelden ringte Janette og fortelde at ho hadde trent kontakt og sitt og sa ho hadde lyst å vera med på søndagstreningane framover. Då blir me fem!

Elles blei det mindre trening denne dagen enn vanleg. Ayla og eg trente på dekk, hinder, plukke apporten opp fra bakken, helsetrening, kontakt, ikkje hoppe på Olaug, og så fekk ho springe litt med Aro heilt på slutten.

Swejsan og Shaylee fekk også vera lause i lag, og det gjekk kjempefint!

Avslutta dagen med eit besøk på McD, og eg kjøpte kyllingnuggets. Hadde halvveis forventa at det skulle smake likt som på Kentucky Fried, men det smakte berre ekkelt. Aldri meir nuggets på McD.

lørdag, juni 03, 2006

3. juni. Heiagjeng på utstilling på Sola.

Me skulle ikkje stille sjølv i dag, men eg ville vera der for å filme Shaylee på bordet. Me kom der ti over halv ti, for dei hadde oppmøte klokka ti. Anne Karin, Arnfinn og Liv Karin kom fem minutter etter meg. Det var jammen godt me kom der så tidleg, for elles hadde eg nok ikkje nådd å få med meg Shaylee i ringen. Då klokka var 13:48 blei nummer 49 ropt opp! Jadda.. Og sjokoladekaka eg kjøpte (kake er heller ikkje snop) smakte berre vanilje.. snakk om lureri!

Hadde med meg Ayla littegranne, berre, for det var trongt og folksomt ei stund og ein drøss med små terrierar. Ayla helste på Liv Karin for første gong, og me klikka oss bort til henne med laust band. Gjekk kjempefint.

Då ho såg Arnfinn, gjekk ho mest ut av sitt gode skinn, og leita fælt i hendene hans etter godbitar.. Ho visste godt kven han var, ja!
Me sat like ved ringen, og Ayla slappa godt av. Såpass at ho la seg strekk ut og forlangte kos på magen! Det er godt å sjå at ho kan slappe av sjølv om der er masse liv rundt henne.

Shaylee gjekk med ein skjønn liten gut i Barn og Hund, og dei fekk pokal og bok og førstepremie.

Ved ringen sat der nokre folk med Cairnterrierar, og desse terrierane var i tottane på kvarandre heile tida. Den eine fauk på Shaylee mens ho var i ringen med han skjønne guten, og etter det hadde ikkjs Shaylee så veldig lyst til å nærme seg den sida av ringen igjen.

Då Anne Karin skulle gå med henne, greide Shaylee å bakke ut av bandet og sprang rett til Liv Karin. Korleis skal ein trene på slikt?

fredag, juni 02, 2006

2. juni. Gaterusling i Sandnes.

Eg skulle køyre Vetle til ein avtale i Sandnes på ettermiddagen, og tok med meg Ayla. Med ein gong ho kom ut av bilen, drog ho masse i bandet, og var veldig oppteken med andre ting enn meg. Blomsterkassar, hjørner, stolpar, alt skulle snusast på.

Det var ikkje så masse folk i gågatene på den tida, og det passa meg i grunnen ypperleg. Utføre ein av butikkane stod ein mann som ligna litt på Arnfinn (far til Anne Karin), og Ayla droooog bort dit. Eg kunne jo ikkje la henne springe bort til han, så eg gjekk roleg derifrå. Men det var jo kjekt å sjå at ho blei så glad!

Me gjekk nokre rundar i sentrum der, og etter fem- ti minutt hadde eg god kontakt og ho greide å halde bandet slakt 80% av tida.

Me trente også litt på å gå roleg opp og ned trapper.