søndag, juni 08, 2014

Og slik gjekk det med debuten i klasse 3.

Laurdagen opprann med skyfri himmel og strålande sol. Eg sov greit på natta, og vakna av meg sjølv rett før klokka ringte.
Emil var i storform, og sidan dommar Hilde overnatta her, reiste me avgårde rett over ti.

Det var 15 startande i klasse 1, og 1 startande i klasse 2 før det var Marit og min sin tur til å briefe banen.

Eg håpa at det ikkje ville vera rygging med, eller snurr, men fekk både rygging og snurr. Heldigvis ikkje den rygginga der me går bakover i lag.
Mens Marit gjekk banen sin, stod eg og varma opp, men eg var så nervøs at den oppvarminga ikkje blei så veldig effektiv, sett i etterkant.
Me entra banen med god kontakt, og det å ta av bandet gjekk heilt fint.
Banen var slik:
1. Sikksakk mellom beina
2. Dobbelthopp
3. 270 grader venstre
4. Høgre sving
5. Sitt – Stå – Ligg
6. Stopp – 180 grader venstre – fram
7. Sitt – gå i fra – innkalling i front
8. Snu og kall inn
9. Venstre sitt
10. Heilomvending
11. Dobbelt 8 tal
13. Stopp – vri 90 grader høgre – stopp.
14. Snurr under marsj
15. Inn i front og rygg
16. Venstre fram
Då eg briefa, hadde eg oppdaga at om eg sette venstrefoten ned ved startskiltet, ville det passe perfekt med første skilt som var sikksakk. Dette stod eg og konsentrerte meg litt om før me starta.
IMG_3819
Fotograf: Tor
IMG_3820
Fotograf: Tor
Sikksakken gjekk hakket treigare enn han pleier, så eg frykta at det var slik han skulle vera resten av banen.
IMG_3822
Fotograf: Tor
Så var det dobbelthoppet, og første hoppet gjekk fint, men så kom han til meg og ville ikkje hoppe over hopp nummer to. Eg visste eg måtte gjer det om igjen, og at det ikkje ville telje som ein repetisjon, men vegring.
Andre gongen gjekk det susande, og det gjorde det heilt til me kom til Sitt – Stå – Ligg. Emil utførte ein Sitt – Stå – Sitt.
Eg repeterte, og måtte bruke dobbeltkommando for å få han opp i stå, men resten gjekk fint.. Phew!

IMG_3827
Så gjekk det greit igjen, til me kom til innkalling. Han sat som ein påle då eg gjekk fra, og då eg ropte “Emiiilkom”. Han sat som ein påle då eg ropte “Kom” igjen. Og han kom heldigvis tredje gongen eg ropte. Eg ser på filmen at eg gjer handsignal samstundes som siste kommandoen. Det er tillatt, men eg skulle jo sjølvsagt gjort det på første kommando, så hadde han kome med ein gong :-)

Resten av banen gjekk som ein draum, og me fekk ikkje fleire trekk. Det blei likevel totalt femten poengtrekk, og det holdt ikkje til napp til Eliteklassen. Neste sjanse for oss er i oktober.
På førehand trudde eg at eg ville bli skuffa om resultatet blei som i dag, men eg blei ikkje det. Målet var å ikkje diske, og draumen var direkte opprykk til Elite.

Me fekk ingen snusetrekk, og dei øvelsane me rota på, er øvelsar som han kan.
Han har ikkje vegra på hoppet før, og det var eg som vaste det til på Sitt – Stå – Dekk. Denne klarer han feilfritt neste gong.

Dobbeltkommandoen er alltids ein risiko på Stå fra sitt, så den var halvveis forventa.
Innkallinga bruker heller aldri vera eit problem, så om det kun blir ein dobbeltkommando på neste stevne, så kan me klare 198 poeng. Må jo sikte høgt! :-D
Og her kjem filmen:

onsdag, mai 07, 2014

Vegen mot Klasse 3.

Bloggtørken tar seg ein aldri så liten pause, for nå har eg meldt oss på i Klasse 3 den 7. juni. Det er Hilde som skal dømme igjen, og me skal ikkje vera på hundeklubben sitt område denne gongen. Me skal vera på Dønnestad i Kristiansand.

Panikken tok meg i same augneblinken som eg hadde sendt påmeldinga, for me har ikkje alle øvelsane inne per idag.
Her er øvelsane og kor langt me er komne:
301 SITT – STÅ – DEKK   --> Denne er i boks.
302 SITT – STÅ – SITT  -->  Denne er i boks
303 STÅ UNDER MARSJ - GÅ RUNDT  ---> I boks
304 RYGG 3 STEG BAKOVER ---> Begynte i dag langs husvegg og fortauskant. Funker greit med hjelp, blir skeiv uten.
305 LENGDEHOPP  ---> Har pleid å gå fint, men må teste. Har lengdehinder sjølv, så kan teste her heime.
306 TUNNEL  --->  Aner ikkje, men har gått greit før. Må testast .
307 SEND OVER 2 HOPP  ---> Dette går fint framover, i høgresving og venstesving. Må trene meir på venstresving der eg må føre han på mi høgre side.
308 SNURR UNDER MARSJ  ---> Bruker håndteikn, og han snurrer 90% av gongene eg ber han.
309 INN I FRONT OG RYGG  ---> Denne er nesten i boks. Må sikre at han rygger uten å setja seg.
310 SIKK-SAKK  --> Denne er definitivt i boks.
311 STÅ - GÅ IFRA – BERØRING KOMBI  ---> Dette er ingen problemer for han.
312 GÅ TILBAKE RUNDT HUNDEN KOMBI  ---> Heller ingen problemer.
313 DEKK UNDER MARSJ  - Han legger seg kjapt og fint blir liggande når eg går ifrå.

Ikkje fordi eg trur me får direkte opprykk til Elite (197 poeng), men me skal ha sjansen til det, og då må me trene, trene, trene.

I dag reiste me ned til VHK sitt treningsområde for å starte ryggetrening. Han kan fint rygge foran meg, men ved sida av meg er svært vanskeleg. Eg har så smått vore innom det å rygge inntil vegg, men eg har sett at det er på tide å trene vekk frå veggen no. Han går bakover med meg, men rumpa svinger ut. Dette er pirketrening som eg ikkje er glad i, men eg veit jo at me må.

Eg ser at fleire har problemer med at hunden rygger for kvar holdt i starten av ryggetrening, og det håper eg å unngå heilt ved bruk av handteikn for rygging. Mitt teikn er å løfte armen bakover. Enn så lenge.

DSCN0161