torsdag, august 31, 2006

Gjensynskurs. Kveld fire.

Siste kveld av gjensynskurset.
I kveld skulle me vera nede ved Strømvig Kolonihage og trene på båndtrening og hilsing på mennesker. Etterpå skulle me ta hundane i bilen og ete pizza og snakke saman.

Vetle var med i dag også, og me var for ein gongs skuld dei første som møtte opp! *sjokk*

Innan klokka var seks, hadde alle dei som skulle koma tatt hundane ut av bilen og me starta med at ein og ein skulle trene bandtrening på ein sti nedover mot sjøen. Me skulle stoppe når hunden drog, og ikkje sei noko eller gjera noko som skulle oppmuntre hunden til å gå fint. Berre bruka klikkeren når bandet var slakt. Medan me stod og venta, kom mannen til ei av deltakarane bort til oss for å helse på Ayla, og eg slapp henne bort. Ho smilte til han, og logra lågt, men ingen teikn til bust eller at det var ubehageleg. Han ga henne godbit etter å ha spurt meg om det var greit (noko det sjølvsagt var).

Då det var Ayla sin tur, rusla me nedover i greit tempo. Ho har vorten svært interessert i andre hundar sine lukter, og ho markerte faktisk også i dag! Det MÅ vera markering, for når me er heime rundt huset, så tisser ho ikkje så ofte som når me er på tur.
Eg måtte stoppe fire-fem gonger, og då det kom joggarar, klikka eg for at ho først såg på dei og så på meg og gjekk inntil sida mi til dei var forbi. Det same gjorde eg med syklistar.

Då alle hadde kome seg ned, gjekk me bort på ein bane og skulle trene kontakt med alle dei andre hundane i nærleiken. Det gjekk veldig fint, så eg gjekk over på å trene kjapp neddekk. Hadde til og med vore på Sparkjøp og kjøpt heilt nye herresokkar som eg kunne bruke som superbelønning. :-)

Dei gongene Trond, instruktøren, kom bort til oss, var Ayla passe fokusert på meg, og det var heilt greit. Eg slapp henne bort for å helse, og ho snuste på han, og kom så rett tilbake til meg. Ingen teikn til stress eller at det var ukult. Kjempebra! For seks mnd sidan ville ho ha bjeffa mot han, og nå logra ho og syns det var veldig stas!

Ein av dei andre "mannane" gjekk og "luska" litt i periferiet, og Ayla laga lyd og busta litt mot han. Eg ba Vetle gå vekk frå meg med henne (negativ forsterkning?) og først då ho var heilt roleg gjekk eg og henta henne igjen. Då gjekk me bort der som han mannen hadde sett seg ned, og trente oss heilt bort til han. Ho sette seg, la seg, rygga litt, gjekk driiiiitfint ved sida av meg, og til slutt var me heilt borte ved han. Eg slapp henne bort, og ho var rett oppi fanget på han! Ho fekk til og med slikka han i andletet! Eg tenkte at han får styre det sjølv, og sa for syns skuld "ikkje slikke i ansiktet, Ayla", men mannen syns det var heilt greit. Så fekk ho godbit, og hadde fått seg ein ny ven, visstnok.

Det er ein av dei tinga som har vore så utruleg kjekt med dette kurset; nemleg at dei som er der er av ulik alder, og har gjerne blitt kvite i håret, til og med. Når ellers får eg trene på alle aldrar??

Det einaste som var synd med heile kurset, var at det ikkje gjekk over fleire kveldar. Etter fire kurskveldar byrjar ein å bli litt kjende, og så skal ein berre skiljast, liksom? Det er jo så kjekke folk, og alle har minst EI felles interesse; hund.

Jaja.. eg har nå meldt meg på sporkurs med May Britt Iden fra Fjellanger og håper å få plass der.

Etter trening i sirkel, trente me bandtrening opp til bilane igjen, og så gjekk me for å ete pizza. Praten gjekk veldig lett, og me lo og hadde det skikkelig løye. :-)

Anne Karin og eg avtalte å trene på søndag klokka tolv. Endelig!!!

tirsdag, august 29, 2006

Tredje klikkertrenerhelg. Søndag.

I går hadde eg hatt det særs travelt med å komme meg ut av bilen, tydeligvis, for eg hadde gløymt å sveive att takluka på bilen. Dermed låg videokamera, mp3-spelar, lydighetsboka, pluss diverse fullt tilgjengeleg for tjuveri heile natta.
Bilen fungerer også som takknemlig mottakar av kva enn som måtte ramle ned frå himmelen, deriblant regn i bøtter og spann.
Fritt etter hukommelsen blei følgande melding sendt til Elin ti på ti: "Blir litt forsinka. Må ause bilen først."

Ayla var litt meir ustabil i dag, men nokså fokusert likevel. Bjeffing på ein forbipasserande familie, folk på den inngjerda fotballbanen og eit par ungdomar gjorde at dagen la seg inn i rekka med "teite siste-kursdag dagar".
Skal ha ein siste kursdag på torsdag, og håper at den kan bryte forbannelsen som tydelegvis henger over desse dagane.

MEN!! Me starta dagen med å finne tag-punkter på kvarandre. Dette er ting me skal jobbe med som angår oss sjølve og måten me arbeider med hunden på. Nokre av mine var bl.a å stå stille, berre gi ein godbit om gongen, avbryte når Ayla snuser i bakken, og nokre til som eg ikkje hugsar i farta.

Eg og Tove skulle vera på gruppe, og gi kvarandre perler for vel utført tag-punkter. Det var effektiv trening, og eg trente på dekk den økta.

Etterpå skulle me ha teori inne, om operant og klassisk læring.

Så gjekk me ut igjen og skulle fortsetja med stimuluskontroll, og eg valgte sitt. Det gjekk veldig veldig trått, for ho var ikkje det minste fokusert på meg i det heile!

Vetle kom forresten også opp ein tur! :-) Kjempekoseleg!!

Ja, treninga.

Då den grøne frosken kom fram, blei det fart og driv over treninga, jammen! Det er tydelegvis superforsterkar nummer ein!

Eg måtte få vekk at eine framfoten gjekk i lufta samtidig som ho sette seg, og hadde brukt ein del tid på det. Det eg gjorde då, var å vente med klikket til begge frambeina var i ro. Dette reduserte beinløfta betrakteleg, og eg kunne byrja å setje på kommando.



Eg sa SITT idet ho sette seg. 10-15 gonger.
Så sa eg SITT idet ho var på veg ned 10-15 gonger
Så sa eg SITT akkurat i byrjinga av nedsitten 10-15 gonger
Så sa eg sitt i same sekund som eg såg at rumpa var på veg ned 10-15 gonger
Så sa eg sitt mens ho stod. Og ho sette seg.
Her har eg ikkje antal på kor mange repetisjonar eg tok, men det var mange, for eg kom meg liksom ikkje lenger.

Fekk hjelp av Elin, og råda var:
Sei eit anna ord, og klikk med ein gong etterpå.
Sei nok eit anna ord, og klikk med ein gong etterpå.
Sei SITT og klikk for at ho set seg.
Ikkje sei noko, og klikk for at ho ikkje set seg.
Begynn på nytt igjen, og veksle mellom rekkefølgen. Sei SITT innimellom.
Generaliser.

Og det har me gjort! Først heime hjå svigermor etter kurset var slutt, og så på luftinga ved Kvinesdalsheia, her heime inne, og ute borte ved tunet.

Nå er vel neste steg å gå over til variabel forsterkning?

Me fekk utdelt eksamen som skal vera ferdig på tre veker. Den ser heilt grei ut.

Så ramsa Elin opp alle grunnferdighetene, og eg skjønar jo at me har kome langt. Me har faktisk berre att tre grunnferdigheter, og så er me klar for siste helga!! Dei er: Hold Fast, Hopp over hinder, og Utgangsstilling.

Eg hadde håpa på litt utstillingstrening, men der blei ikkje tid.
Kanskje siste helga?

søndag, august 27, 2006

Tredje klikkertrenerhelg. Lørdag.

I heile dag har me kun vore ute og trent.. Eg begynte med sitt og bli, og kunne til slutt gå halvannen meter i fra. Eg hadde god kontakt ho brydde seg ingenting om dei andre deltakarane. Ho tok faktisk kontakt med dei andre, og var roleg og fin. Det var godt å sjå..

Så trente eg på hold fast. Det har eg unngått heilt sidan forrige trenerhelg.
Ehm.. Det er ikkje så mykje å seia om akkurat det anna enn at eg må trene systematisk på det. Eg vil jo bestå kurset! Og då må grunnferdighetene vera i boks.

Me byrja å legge på kommando på sitt, men eg måtte få vekk at ho løfter på eine framfoten når ho set seg. Det gjekk i grunnen greit å pirke på det, og det var svært interessant å faktisk sjå at å setje eit visst kriterie og halde seg til det går an med henne. Eg haldt på med det og ro-trening resten av dagen.

Heilt på slutten av dagen hadde me ein fellesdekk. Me stod alle saman på ei linje, og trente dekk og bli på dei nivåa hundane var på. Dette var første gongen eg trente på å ha henne liggande mens eg gjekk fra, men kunne ganske raskt gå 2,5 m ifra.

Etter kurset handla eg inn til eigenprodusert sampi oppskrift som eg skulle lage på kvelden, og så køyrde eg heim til tomt hus. Vetle og Tove var i Risør hos mormor til Vetle.

Å trene meir på:
* hold fast
* reine sittar
* bli liggande og bli sittande
* target

fredag, august 25, 2006

Gjensynskurs, kveld tre.

Me hadde svært dårleg tid då me omsider kom oss ut dørene heime. Me skulle vera på Bråstein klokka seks, og det var såvidt me rakk å få i oss middagen før me måtte dra.

Eit stykke på vegen fann eg ut at eg hadde gløymt mobilen, og Vetle hadde ikkje med seg sin heller. Difor fekk eg ikkje gitt beskjed til Anne Karin om at eg var forsinka, for eg rekna jo med at ho allereie var der og kunne gi beskjed vidare.

Me kom fram 3 minutter over seks. Irriterande!!!! Eg hatar å kome for seint!!!

Det viste seg at Anne Karin ikkje var komen, og det var heller ikkje ho med Lhasa Apso.

Fem minutter etter at me kom, byrja me å gå. Det blei litt knuffing og bråk mellom nokre av hundane, og eg nytta anledningen til å klikke for kontakt hjå Ayla, og ho reagerte ikkje synleg på bråket som oppstod.

Me gjekk med sele, og båndet var slakt stort sett heile tida. I oppoverbakkane også, dessverre. Då me hadde gått ei lita stund, tok me pause, for det var VELDIG bratt! Ayla sette seg foran meg og såg på meg, og eg klikka for kontakten. Ho tilbaud sitt og ligg og rygging, og masse masse kontakt. Veldig nøgd med det!

Dei siste ti metra før me nådde heilt opp, lot eg Ayla trekke bittelitt i bandet, for eg var gruuuusomt sliten. Det var godt å få litt hjelp, ja..

På toppen hadde me litt ... kva skal eg kalla det... Instruktøren haldt hunden i band medan eigaren gjekk inn mellom trea og venta.

Då alle hundane hadde sprunge etter eigaren to gonger, tok me fatt på nedstiginga. Då gjekk det opp for meg kor fort Ayla lærer. Ho drog som eit UVÆR nedover, og lårmusklane mine fekk verkeleg gjennomgå! Vel nede blei eg heilt gele i beina, ikkje ulikt Bridget Jones då ho går av trimsykkelen i Bridget Jones Dagbok.

Klokka åtte nådde me fram til ein opning i den mørke skogen, og der var der ikkje mindre enn to andre hundar som heitte Ayla!! Bl. a ein liten kvalp av rasen Portugisisk Vannhund. Eg var spent på korleis Ayla ville reagere på den vesle, men ho var superflink! Oppriktig interesse, og glad iver var det eg tolka reaksjonen hennar til.

Me byrja å gå mot bilen, og slapp Ayla laus frå bandet. Ho rusla etter oss, og helste på dei andre hundane ho traff. Ein gong måtte me snu og gå andre vegen, men elles haldt ho seg rundt oss. Både Vetle og eg var stolte av henne, og det var veldig godt å sjå kor roleg ho er rundt andre hundar.

Ho helste også på eit par ungar og ein god del vaksne folk, men ikkje ein gong busta ho.

Halv ni var med ved bilen igjen, og me gjekk inn døra heime klokka kvart over ni. Me måtte jo stoppe og kjøpe is på vegen, må vite! :-)

Neste torsdag er siste kvelden av gjensynskurset, og då ska me grille. Det skal bli kjekt! :-) Eg trur vel gjerne Vetle blir med då også, for det såg ut som om han syns det var ganske så kjekt i går.

I dag reiser med ned til Grimstad på helg tre av trenerkurset, og etter denne helga får me heimeeksamen som skal løysast til siste helga som er 21. og 22 oktober.




Ting å trene meir på, mykje meir
** Gå med slakt bånd i nedoverbakke!! Gjerne bak meg, slik me byrja så fint med på turen rundt Raustein.
** Kommandoen "Gå bak". Begynne å shape inn ein adferd som liknar på den som Joey har inne; med å gå bak meg på trange stiar og ned bratte heng.
** Innkalling. Denne er veldig bra, men ikkje så bra som eg ønsker. Må trene med meir varierte forstyrrelsar.

Luksusting å trene på:
** Når eg sit i ro, kan gjerne ho ligge i ro, og ikkje plent tilby ein haug med adferder så eg ikkje får slappe av eller få igjen pusten etter å ha gått opp gruuuusomt bratte bakkar.

torsdag, august 24, 2006

Ayla har begynt å markere!!

Vetle og eg var på ein nydeleg tur langs sjøen i går kveld med begge hundane. Ayla var flink, ho fauk ikkje på Joey då turen byrja.

Hundane sprang laus eit godt stykke, og kvar gong ho kom innom oss, fekk ho godbit. Joey held seg i nærleiken uansett, og er sjeldent interessert i godbitar den første delen av turen.

Då me hadde gått i ti minutter, tissa Ayla, og eg skrøyta fælt!! Eg tenkte at ho jammen var tissetrengt om ho tissa så langt heimefra!
Ein halvtime seinare tissa ho igjen, etter å ha snust på ein busk. Eg blei litt bekymra då, men sa ingenting. Ti minutter seinare tissa ho igjen!! Då måtte eg jo lufte mi bekymring for Vetle og spørje om han trudde ho kunne ha blærebetennelse eller noko.
Han minna meg på at alle gongene ho hadde tissa hadde ho snust på ein busk først.

Jenta vår er i ferd med å bli vaksen!! Juhuu!!! Kanskje det ikkje vil bli fullt så vanskeleg å få henne til å tisse frå seg når me drar nedover til trenerhelg i morgon?? Det hadde jo vore heilt topp!!

Då me var komne ned til båthus nummer to i går, traff me to jenter på hest. Berre ho eine hadde sal på. Då me hadde passert, sette dei opp i trav før dei gallopperte. Akkurat der nede går stien først i ein ganske vid høgresving, før den går rett over i ein ganske kvass venstresving, og det gjekk som det måtte gå med ho som reid bareback. Ho datt av. Stygt. Eg ga Ayla til Vetle og så gjekk eg bort for å spørje om dei trengte hjelp. Eg tenkte at i verste fall så får eg be Vetle bære ho jenta som datt... Men då eg var komen halvveis over, reiste jenta seg opp og sa ho ikkje trengde hjelp og takka for at eg hadde komen bort.

Det første eg tenkte på idet dei sette opp farten, var at "Her kan eg ri med Sky også, og prøve han i gallopp!", men eg såg jo at det ikkje gjekk så greit med ho jenta... Får ri andre vegen, eg då, for der endar svingen i ein strekning berre.



I kveld er det Gjensynskurs, kveld tre. Me skal gå tur på Bråstein. Og eg har fått med meg Vetle!! Juhuu!!!

mandag, august 21, 2006

Tur med Swejsan

Olaug kom klokka fem for at eg skulle skrive under nokre papirer for henne. Klokka seks gjekk me ut med Swejsan og Ayla og rusla nedover mot sjøen. Me måtte gjennom Vistnestunet, og der går jo gjess, griser, sauen Ane, høns, kattar pluss diverse uidentifiserbart. Ayla var sånn måtelig interessert, berre, men Swejsan, stakkars… Han sleit skikkelig. Olaug prøvde ikkje å klikke eller snakke ein gong, for han var heilt hinsides. Me kom oss nå gjennom på eit vis, og då me hadde gått gjennom siste grinda, slapp me hundane laus. Dei brydde seg ikkje om hestane, men kun om kvarandre. Me måtte til slutt setja foten ned og ta dei i band igjen, for eg var redd Ayla skulle springe seg i hjel.
Ho og Swejsan går veldig godt i lag, og eg trur dei kjem til å få mange mange koselege turar saman i åra som kjem.

Ayla blei tydeleg sliten av all springinga, og ho la seg ned (!?) då me kom ned til sjøen. Veit ikkje om eg skal tenke at det berre er ein klok hund som veit når ho treng å kvile, eller om det er teikn på noko eg ikkje kjem til å like… Tida vil vise.. Ho er i allefall fri for AA, og det er jo noko!!

Då me skulle gå opp igjen, måtte me gå gjennom alle hestane, for Rolf var komen for å mate dei. Ayla brydde seg ikkje om hestane når ho såg Rolf. Då måtte ho berre pile bort for å hilse! Ikkje bust, og ikkje bjeffing!!

lørdag, august 19, 2006

Tur rundt Mosvatnet

Vetle, Ayla og eg gjekk rundt Mosvatnet. Været var overskya og mildt, men med truande skyer. Difor traff me mest joggarar. Ho bryr seg jo ikkje akkurat nevneverdig om korkje dei eller syklistar, så me trente ein del på å ikkje dra i bandet.

Og så trente me på å ikkje dra i bandet når Vetle held det.

torsdag, august 17, 2006

Gjensynskurs, kveld to.

Eg hadde avtalt med Anne Karin at ho skulle komme til Vistnes halv fem. Dei hadde vore på Finnøy den veka fram til då, og så skulle ho sitja på med meg til kurset.
Me skulle eigentleg ha litt framandtrening med Stian sidan han likevel køyrde Anne Karin dit, men pga uhell dagen før droppa me det.
Då dei kom køyrande, var eg borte ved parkeringsplassen med begge hundane, og eg bandt Joey i lyktestolpen for å gå og helse på Anne Karin med Ayla. Då AK hadde kome seg ut av bilen, hoppa Ayla rett inn til Stian og syns det var såååå kjekt å helse på!! J Ingen busting eller bjeffing eller noko!! Juhuu!!!

Ayla måtte til dyrlege pga skaden frå onsdag, så eg sendte Vetle dit med henne, og Anne Karin og eg køyrde til kurset.
Denne kvelden skulle me ha litt møtetrening, passering, og innkalling.
Me stod i ein ring, og ein og ein skulle gå rundt til dei andre i ringen for å la hundane helse. Hunden sjølv skulle velje om dei ville helse eller berre gå vidare.
Akkurat då det var min tur, kom Vetle køyrande med Ayla. Ho hadde blitt lyst i auga, og fått sånn væske på som hadde rent ned gjennom nasen, og som nå gjorde at ho såg særdeles rar ut. Ho var grøn på snuten, og auga såg ut som noko frå verdsromet.
Ho helsa greit på dei fleste hundane, men eit par av dei var litt skumle. Pjokken var f.eks ikkje fullt så kjekk som Sita og Balder.. Det virka ikkje som om ho skilna mellom tispe eller hannhund på om dei var kjekke eller ikkje.. Ingen bjeffing eller utagering, og ho viste godt og tydeleg språk.

Ved passeringstrening gjekk ho som ein engel, og eg klikka for kontakt heile vegen.

På innkallinga fekk folk beskjed om å springe vekk og rope namnet til hunden før dei gøymde seg, men det gjorde ikkje eg. Eg sa at eg heller ville gå roleg derifrå, utan å seie noko, og så skulle han berre sleppe henne når eg var i skjul. Ho nølte litt til å begynne med, som om ho ikkje ville trekke i bandet, men då ho skjøna at ho var laus, eksploderte ho i en rask gallopp bort til meg. Eg klikka då eg syns farten var høgast. Eg kunne nemleg sjå henne mellom plankane i leveggen eg gøymde meg bak.
Kvelden var over etter halvannan time. Med haldt til ved Austrått Skule, og der var ungar, eldre folk, ei dame i rullestol, og ingen busting eller bjeffing. Me brukte også ein av dei andre deltakarane til hilsetrening. Ho helste akkurat som ein normal hund, med logrande låg hale og stor interesse for kontakt. Ho sette seg til og med for kos!!

Neste gong skal me gå tur på Bråstein.

mandag, august 14, 2006

Freestylekurs

Fredag 11. august reiste eg og Ayla nedover mot Arendal åleine. Me skulle overnatte på grendahuset, heilt åleine, så eg hadde med reisetv, bøker, mp3-spelar og litt sånne ting. Halvveis på turen blei planane forandra, og eg låste meg inn i svigermor Tove sin tome leilighet rett før ni på kvelden.
Ayla roa seg kjapt den natta.

Me var sju vanlige deltakarar og tre observatørar. Kurset var kjekt og lærerikt, med flinke instruktørar.
Eg trur nok eg heller ville vore observatør om eg hadde visst at det ville bli såpass lite bruk av hundane.

Ingen bjeffing i bilen når folk gjekk forbi, men siste dagen bjeffa ho på nokre mannfolk som kom gåande ut frå grendahuset.

Då eg kom heim på søndagen, så skulle eg bare prøve åttetall mellom beina med Joey, og jammen gjorde han det ikkje!!! Så nå kan han åttetall, slalåm, perfekt fri ved foten, snurr og bukk! Kanskje eg skulle satt saman eit lite program med han? I allefall prøve?

torsdag, august 10, 2006

Gjensynskurs, kveld ein.

Anne Karin og eg hadde avtalt å møtast ein time før kursstart for å trene. Pga uforutsett akutt behov for gps, kom ikkje Anne Karin fem over halv seks. Det blei berre tid til bittelitt før kurset starta.
Desse er med på kurset:
Pjokken, boxer, 15 mnd
Raya, boxer, 15 mnd
Cindy, newfoundlender, 3 år
Buddy, golden retriever, 2 år
Balder, border collie/wheaten terrier, 2 år
Sita, flatcoated/labrador, 5 år
Xisanne (?), Lhasa Apso, (?) år
Shivas, husky, 2 år (?)
Shaylee, norfolk terrier, 1 år
Ayla, rottweiler, 1 år

Me prata kun om hund denne kvelden, og skulle eigentleg ikkje ha med hund i det heile.
Etter kurset, tok me hundane ut av bilen igjen, og då Shaylee hadde tissa oppå eføyen i eit bed der, gjekk Ayla og tissa over!! Kryss i taket og stor jubel!! Juhuu!!!

onsdag, august 09, 2006

Trening og riding.

I dag kom Janette her klokka halv elleve. Me sette i gong med trening av Maurice med ein gong. Han trente på rygging, kontakt og sitt. Ayla trente på kontakt ved mi venstre side, og gjorde det veldig godt!
Maurice og Ayla fekk helse på kvarandre, og dei syns begge to at den andre var kul!
Me var stort sett ute heile dagen fram til Janette måtte dra rett før tre.

Halvannan time seinare kom Olaug, og så rei me på Sky før me trente litt med Swejsan.

tirsdag, august 08, 2006

Den store dyrlegedagen.

I dag skulle Legolas ha vaksine, Joey skulle vaksineras og klumpsjekkas, og Ayla skulle røntges for AA. Sidan ho likevel var neddopa, fekk me også fjerna ulvekloa denne dagen.
Resultat: 2.400 kroner fattigare (før medisiner), Joey har ikkje kreft, og Ayla er fri for AA!

Ayla var rimeleg ”out of it” resten av dagen, så då me kom heim, tok eg på meg ridekleda og gjekk bort til Sky for å ta han ut ein tur. Han er slik ein herleg hest!!!

søndag, august 06, 2006

Båttur på Sandsfjorden.

Me køyrde frå hytta rett over tolv denne dagen, og var framme på Sand rett før fem. Ein time seinare stod eg med Ayla og skulle ha henne oppi båten til far. Den var ikkje så enkel å komme oppi, men det gjekk til slutt. Joey hadde større betenkeligheter med heile opplegget, men me fekk overtalt han også til at turen skulle bli sååå kjekk.
Begge hundane roa seg usedvanleg kjapt i båten.
Etter ei stund stoppa me båten for å prøve fiskelukka. Far visste om ein plass der det gjekk mykje makrell, og ikkje før hadde Vetle kasta ut, så fekk han napp! Ayla var veldig interessert i det blanke greiene som kom fra sjøen og opp i båten, men syns ikkje det var så kult når dei sprella. Ho skvatt litt då. J
Etter ei lita stund fekk til og med eg napp, og det gjekk ikkje lange tida før me hadde fjorten fiskar i bøtta! Då ga me oss, for det skal jo etast opp også…
Både Joey og Ayla slappa godt av på turen, og då me kom til land igjen, hoppa dei utor båten som om dei aldri hadde gjort anna.
Me var heime her halv to den natta, for me måtte stå over ei ferje på Arsvågen.

fredag, august 04, 2006

Blåbærtur

Pakka blåbærplukkar og hundar i bilen og køyrde innover heia. Cirka ei mil innover på ein grusveg fann me det perfekte blåbærfeltet.

Hundane fekk vera med, og dei gjekk lause i skråninga der me var. Joey var den som gjekk lengst vekk frå oss, med ein radius på omtrent ti meter.

Ayla er blitt skikkelig dreven til dette med blåbærplukking, for no har ho skjøna at der ME plukker, der er det mykje bær! Dette gjer det ganske vanskeleg å plukke bær, sjølv med bærplukkar. Ho hiver seg ned i lyngen og nærmast skyflar bæra i seg der busken er frodig. Er det litt mindre bær på busken, napper ho av eitt og eitt.


Etter eit par timar var det på tide å vende snutane heimover mot hytta. Eg spurde Vetle: "Nei, ka seie du, e me ferige her?" Og det skjøna Joey. Han lunta over vegen og ned i skråninga der han la seg paddeflat i graset.

Eg sat og renska bær frå bærplukkaren og lot berre Joey ligge der enn så lenge. Då det verkeleg VAR på tide å dra, ville han ikkje komme. Eg brukte søt stemme, snill stemme, streng stemme, slutt-og-tull-stemme, uten at noko hjalp.
Til slutt måtte eg be Vetle gå ned og hente han (som i stille seg ved sida av han og holde i halsbåndet - for då går han framover i det minste), men Joey ville ikkje røre på seg.
Vetle måtte til slutt bære han opp i ståande før Joey endeleg tusla seg opp til vegen igjen, noko slukøyra. Hønemora Kari Anne blei jo SÅ letta for at det ikkje var noko alvorleg fatt med Joeyguten...

Korkje eg eller Vetle er i tvil: Joey hatar å køyre bil!!

onsdag, august 02, 2006

Spor

La et spor på mellom 100 og 120 meter. Ikkje så veldig langt, men både eg og Ayla er nye på dette her. Sporet byrja i lyngen og gjekk over litt fjell, myr, men mest lyng. Eg la ut pølsebitar ein plass, og ein sokk ein annan plass. Glømte å sjekke vindretningen, men det dråpa litt.

Sporet låg i cirka ein time.

Ho tok sporet med ein gong, men blei litt distrahert av Vetle som stod eit stykke unna og filma. Det skal me ikkje gjer igjen. Ho fant først sokken og leika med den med meg, så søkte ho vidare til ho fant pølsebitane. Så blei ho distrahert av Vetle igjen før ho søkte seg til slutten av sporet.

Me hadde motvind, men det hadde ikkje regna meir enn dei små dråpane. Og ho gjekk sporet rolig og fint.

For ein flink rottweiler me har! :-)

1.august Spor i marka.

I går kveld etter me hadde vore og padla, uten å ha sett bever, gjekk me innover skogen med hundane. Eg sendte Vetle vidare mens eg gjekk bortover krattet. Eg gjekk i medvind 60-70 meter innover, og gøymde meg bak ein haug. Etter 5 minutter kom både Joey og Ayla byksande mot meg med Vetle på slep. Derfor skal me ut og legge spor i kveldinga som skal få ligge litt før me går det.

I natt var det ro fra halv tolv til halv ti! Juhu!

Og gratulerer med dagen, Shaylee! :-)