mandag, august 25, 2008

Hundeeierskolen Modul 7

Det er framleis ferie for meg, i alle fall fram til onsdag. Då er det tilbake i vante rutiner.
Men nå er det mandag, og eg har nettopp kome heim frå kurshelg i Bergen. Og eg må først av alt få dette ut:

Siste kursdagsforbannelsen er brutt!!!

Denne helga har INGENTING kjipt skjedd! Ayla har vore heilt topp, og me har fått starta på siste fase av tannvisningstreninga vår!

Denne helga skulle dreie seg om hundeverdenens jungel.
Laurdagen gjekk  me gjennom dei ulike hundesportane, og diskuterte diverse saker som har med hund å gjera.

Før me gjekk ut og skulle ha praksis, tok eg mot til meg og spurte om folk kunne hjelpe meg med tannvisning. Dei har høyrt meg kalle Ayla problemhund sidan helg 1, og eg fortelte at målet mitt for helga var tannvisning av fem ulike personar. Eg fortelte også korleis det skulle føregå, og at dei aldri ville vera i nokon som helst fare. Ayla har vore klar lenge, men det er eg som ikkje har vore klar. Slik skulle det føregå:

Eg skulle ha Ayla i utgongsstilling, og heile tida halde eit auge med henne. Dersom eg såg minste teikn til stress hos Ayla skulle eg avbryte. Dersom eg klikka, skulle dei avbryte og gå tilbake til der dei starta. Eg skalv som eit aspeløv mens eg snakka, og hadde lyst til å ombestemme meg mange gonger. Jorulf meldte seg frivillig umiddelbart, men eg kjente der og då at det måtte vera damer som hjalp oss.  Eg sa også at eg overhodet ikkje ville bli fornærma om eg spurte og dei sa nei, for ho er jo stor og rottweiler :-)

Dei to første var damer. Dette var på lørdagen. Så, etter sporet på søndagen, var Ayla så sliten at eg vågde meg på å spørje DEN eine karen som var på mi gruppe. Han nølte ikkje med å seie ja, og eg innrømmer gjerne at eg skalv godt i knea. Ayla sat og logra! Juhu!!

I lunsjen var eg framleis modig nok til å spørje endå ein av dei mannlige deltakarane. Eg fant ikkje Jorulf, ellers hadde eg spurt han. Men denne tannvisninga gjekk også heilt perfekt!
Heilt på slutten av dagen kom den femte tannvisninga, og då tok eg ei fulle tannvisning, uten avbrytelsar og uten godbitar.

Eg svevde nesten! Og svever framleis!! 

Praksisen på lørdagen gjekk ut på diskriminering. Me skulle lære hunden å diskriminere mellom stor og liten, men Ayla var slapp og ganske uinteressert i å jobbe. Det er veldig uvanlig til henne å vera, så eg ville ikkje presse henne med veldig mykje trening. Me får heller trene på det her heime.

Søndagen var utedag med sportrening første halvdel, og feltsøk andre halvdel av dagen.

Sporet mitt låg i nesten tre timar, og første halvdel av det gjekk dårleg. Ho fann tinga, men ho gjekk ikkje nøye. Espen råda meg til å trene mykje vinklar og gi henne kort line. Og ta med stoppeklokke for å ta tida på kor lenge ho går med nasen i bakken, og prøve å legge godbitar med litt kortare mellomrom enn at ho tar nasen opp. Litt rotete forklart, men EG veit kva eg meiner. ;-)
Eg rakk dessverre berre det eine sporet før det var lunsj.

Etter lunsj var det feltsøk. Her rakk eg også berre å ha henne ute ein gong. Det var litt trongt, og litt mange småhundar på mi gruppe, og eg ville ikkje ta sjansar på at ho braut jobben for å springe til ein av dei. Men den eine gongen eg hadde henne ute, fekk ho vist meg at ho ikkje har gløymt kunnskapene sine. :-) Ho reagerer flott når eg seier SØK. Me treng å trene på avstand, altså at ho skal søke langt ut, i medvind. I motvind går det jo så det suser, men altså ikkje i medvind.

Eg blei igjen i Bergen til i dag, og i morgon skal eg vera observatør/assistent på den første av totalt sju kvalpekurskveldar! Eg gleder meg heilt vilt!! Då er den delen også i boks med tanke på krava til opptaket på instruktørdelen til Fjellanger!! Juhu!!!!

Ellers har eg vore ganske bekymra for Ayla dei siste dagane av ferien og nå kursdagane oppe i Bergen. Det har vore små endringar i adferden hennar, men det har vore nok til at eg altså var bekymra. Dei små tinga var bl. a at ho var rolegare. Ingenting mas inne. Ute drog ho ikkje i bandet, berre trava roleg ved sida av meg med passe høg hale og lite interesse for å snuse og "lese avisa". Inne hang halen ned, øyrene bakover, låg i ro dersom eg bevega meg. Ute, dersom me traff folk, INGEN teikn til stress eller tendens til reaksjon, sjølv om me passerte trangt på fortauet. Mjuke auger, øyrene hverken framover eller bakover, blikket festa framover. 

Der er ingenting anna som har gjort meg bekymra, enn desse små endringane i adferda, for ho et og drikk som normalt, har gått på do som vanleg, og har vore heilt med under trening. Bortsett frå på lørdagen, då det var veldig varmt.

Etter diverse diskusjonar med kompetente hundefolk har eg desse forslaga til årsaker:
  • Alder. Ho er nett fylt tre år, og skal etter teorien vera voksen nå.
  • Sliten etter mange timar i bilen.
  • Varmen.
  • Innbilt drektighet.
  • Stille livmorbetennelse.
  • Treninga har begynt å falle på plass
Her heime virker ho å komme inn i gamle vanar med å kreve oss meir. Eg har bestemt meg for å sjå det an nokre dagar til, og så vil eg ha henne undersøkt av veterinær.

Til slutt vil eg publisere ein kommentar frå Jorulf her, som han har lagt under innlegget Hundeeierskolen Modul 2   Eg syns det var ein god kommentar å få, og satte stor pris på orda! :-)




Hei Kari Anne



Så flink du er og skrive om dine erfaringer. Jeg har ikke helt sett hunden din som noen problemhund, annet en at hun "kvapp" når jeg reiste meg. Så flink du er og setter deg inn i lese hunden, belønne på rett tidspunkt.. Ja, jeg er overbevist at du får dette til.

Hun er heldig som har deg, og de metodene som du sverger til!

Jeg har selv overtatt omplasserings rottis med adferdsproblemer og vært igjenom de berg og dalbanene følelsemessig..Det er tungt når det står på og man må tilpasse livet for holde hunden unna situasjoner

Men når man ser fremgangen og kommer i mål er det en fantastisk følelse mye bedre enn vinne en lp konkurranse.

Synes du er utrolig flink med ayla og jeg var imponert når så din fri ved fot. Det var bydelig og se på henne, liker se hunder som viser arbeidsglede!!

Du lærer ufattelig mye med hunder som man må jobbe med utenfor lp ringen, tispen jeg har nå er jo bare enkel hun er stødig og ingen problemer og masse gratis... Skal ikke klage på det, jeg tror jeg lærte mere av eddy en 10 enkle hunder..

siden hans er www.freewebs.com/rottweileren

www.freewebs.com/hotrott er akita sin side.

Savner han voldsomt... så ligger det noen videoer av mental tester av han på google video, og youtube



lagt ut en ny spor video.. (ipo spor)

  

torsdag, august 21, 2008

Ny tur.



To dagar igjen før heimreise frå hytta, og det skremmer meg kor fort tida går her oppe. I dag skulle eg og Ayla på blåbærtur. Og berre så det er sagt, når ein skal på bærsanking, er det IKKJE kult med hund som eter bær. Ikkje i det heile!

Ayla såg seg nemlig ut dei beste tuene og eg måtte be henne gå vekk frå dei EG stod og plukka ved.

Eg kunne høyre henne heile tida, og ho åt til ho blei andpusten, stakkars. Hehe… Etter godt og vel ein halvtimes plukking var syltetøyglaset mitt fullt, og me gjekk vidare.




Følelsen av at ein herleg tur var i emming, blei så overveldande at eg måtte ringe til Vetle og be han med på turen. Dessuten hadde eg ikkje sekk med meg, og flexilina var litt tung og upraktisk å bære på. Vetle sa sjølvsagt ja, og tok med sekk til meg.





Ayla sat og venta tålmodig etter at eg hadde fortalt henne at Vetle også skulle vera med.




Eit stykke inn i skogen, fann me dette treet som stod og lente seg på eit daudt tre.

Eg kunne stått heile dagen og filosofert om det å ha ei meining, sjølv etter døden. Om kva ein kan støtte seg til når livet blir tungt. Om det å søke hjelp når ein treng det for å halde motet oppe. Om det å vera der for nokon som treng ein. Om tilfeldigheter – kva om det levande treet hadde vippa tjue centimeter til venstre – ville det framleis overlevd?


Men dette været nærma seg styggelig fort, så me rusla vidare i lårhøg lyng og gras. Det var så vidt me kunne skimte det blide trynet til Ayla…




Tilbake på hytta var me alle kliss gjennomvåte, så me fyrte opp i utepeisen og fant fram spiddepinnane og dei siste pølsene våre. Ayla fekk teppet sitt ut, og der låg ho til me rusla inn igjen.

Det som har vore så fantastisk med desse turane her oppe denne sommaren, er at Ayla har sprunge og hoppa frå tue til fjell, over greiner og kvister, og på kvelden, etter kvile, har der ikkje vore EITT EINASTE teikn på halting! Turen i dag varte nok to-tre timar til saman, og terrenget er alt anna enn enkelt å gå.

Ellers har me vore i Himmelriket, ein fin tur på eit par-tre timar tur/retur, i alle fall dersom ein følgjer stien, noko me ikkje gjorde..

Her ser me over på skitrekket i Gautefall.


Himmelriket ved Gautefall.


Ellers er det mulig at eg har lært Ayla å tigge plommer...





Og me har vore på båttur.. Der Ayla fant ut at det var mykje meir behagelig å sitje på denne måten her, enn å sitje med rumpa nedi båten. Hehe...

søndag, august 17, 2008

Å padle i kano

Det er lite her i verda som er meir fredfullt enn å padle på eit nærast vindstille vatn, i ein førti år gammal heimelaga kano. Eg sit fremst i kanoen, og har kameraet rundt halsen. I dag har eg lyst å få festa beveren til film. Tidlegare på dagen har me vore og lagt eit spor til Ayla, og det ligg og godgjer seg lenger oppe i heia.

Første stopp er eteplassen til beveren. Der det var dødt i fjor, og me bekymra oss over om kanskje beveren var forsvunne frå vatnet. I år ligg det fullt av ferske småtrær og kvister med løv som heilt tydeleg ligg og venter på at beveren skal bli sulten igjen.

Vidare går turen oppover, eller innover Brødrene Dahl elva, som me kaller den vesle åa som slynger seg innover i skogen i buktande svingar som nesten møter kvarandre i buane. Her har me padla kvart einaste år i ni år, og det var her inne me hadde vært aller første måltid saman. Her inne serverte Vetle sin aller første salat, med ostebitar som hadde smelta for det var så varmt. Eg hadde laga poteter med krydder og olje i folie.

Treet som har trua med å gi etter for naturkreftene i alle desse åra, der det heng utover elvekanten og greinene nesten speglar seg i vatnet, held seg oppe i år også.
Vetle padler oss oppover og forbi treet. Eg tar fram kameraet, stiller det inn på video, og sit klar. Ingenting rører seg langs kanten av elva. Vil me ikkje få sjå han i dag? Nei, no er me forbi, og eg lar kameraet kvile rundt halsen min.

Så plasker det like ved sida av kanoen. Me ser beveren skli ned i vatnet og ser han forsvinne under kanoen. Han er svær, beveren! Eg rekk ikkje opp med kameraet, og lagrer opplevinga på harddisken i hjernen min. Eg fekk han ikkje i år, heller, den luringen!

Oppe ved brua, der me såg røyskatten i fjor, snur me kanoen og lar strømmen føre oss roleg ned igjen. Eg gjer kameraet klart igjen. Det kan jo hende beveren har gløymt oss, og kjem til overflata igjen, ingen skal seie eg alltid er pessimist.

”DER! Til høgre!” kviskrar Vetle bak meg. Eg kikker til høgre, og jammen, der svømmer han! Beveren vår! Knappen går ned på kameraet, og raude tal tikkar på lcd-skjermen og fortell meg at augneblinken blir festa til film. Det grå hovudet stikk så vidt over vatnet, berre eit par meter frå oss, og det ser ikkje ut til at han veit at me er der. Rundt oss kvitrar fuglar, og me kan høyre ein bil langt langt vekke. Eg kjenner meg som verdas heldigaste, som kan sitje i ein heimelaga kano og sjå på ein bever som svømmer i elva si. Eg blir fylt av ei kjensle som ikkje kan tolkast som noko anna enn Lykke.

PLASK!, seier det, og Vetle støkk slik at det kjennes i heile kanoen. Eg ler, og slår av kameraet. Eg er nøgd med kor lenge eg fekk han på film.

Me padler roleg ut igjen, og idet me kjem ut til vatnet, byrjar det å regne. Nei, det er feil å kalle det regn. Det første eg merka var lyden. Dråpane som laga dryppelyd då dei traff vatnet. Så vindstille er det denne dagen. Så ser eg kor lyden kjem frå. Når dråpane treff, slår dei akkurat så hardt at ei lita søyle står opp av vatnet, og det er når denne søyla detter ned igjen, at lyden kjem. Eg blir heilt fascinert av dette synet, og kikker bortover vatnet.
Alle dråpane på det stille vatnet, søylene, ser ut som funklande stjerner. Dei funklar og forsvinn, funklar og forsvinn. Og så kjenner eg at eg er så kald på hendene at det gjer vondt.

Me padler tilbake til båtplassen, og turen er over. For denne gong, i alle fall.

lørdag, august 16, 2008

fredag, august 15, 2008

Ferien er i gong

Då har me starta ferien, og har til nå hatt stort sett greit vær. Ayla er gull, og koser seg som aleinehund. Me har hatt nokre skikkelig deilige turar, men har ikkje fått bada eller vore på blåbærtur endå.

Mandag var me i Arendal og skulle besøke bestemor til Vetle, og eg fekk lov til å vere observatør på kurs i grunnferdigheter hos Siv. Det er interessant å skulle IKKJE høyre etter kva instruktøren lærer frå seg, men KORLEIS det blir gjort. :-) Og Siv er FLINK!!

Idag er været slik at me ikkje heilt veit kva me vil ta oss til med..

Men det blir eit spor, i alle fall. Forresten, idag fekk eg endeleg alle fire beina til Ayla oppi boksen! Juhu! Men eg måtte legge vekk klikkeren for å få det til... Merkelig nok...

lørdag, august 09, 2008

To løpske tisper, ei på 2 kg og ei på 40. Kva trur du utfallet blei?

Me reiser øyeblikk på ferie, og Ayla har klart det mesterstykket å få løpetid akkurat nå. Ein skulle nesten tru at ho hadde planlagt og tima nøye for å få det til, for me er eit par veker seinare ute med ferien i år enn elles.

Den supersnille søster mi tilbaud seg å passe Joey i ferien, slik at han slapp den lange kjøreturen opp til hytta, stresset med løpetida, kjøring i løpet av ferien, og kjøreturen heim. Me ville då sleppe piping, hyling, stress, vaktsomhet, bekymring o.s.v.
Så sa eg til Olaug at ho måtte sjekke om Tanja hadde løpetid, og det hadde ho ikkje, så alt låg til rette for at dette skulle gå greit. 

Heilt til tre dagar før avreise. Tanja hadde starta å blø. Vel, tenkte me, me rekk sikkert å komme heim igjen før Tanja er på det heitaste, så det går sikkert greit.

Heilt til dagen før avreise. Tanja står NU!

Eg sa at eg kunne ta med Tanja inn til Sand og sette henne hjå far, så kan Olaug hente henne om ei veke igjen, når ho ikkje står lenger. Det syns alle var ein god ide, og det passa greit for far å ha henne.
Dermed skulle me altså bytte hund, og Ayla og Tanja ville måtte gå greit saman. Det har ikkje dei gjort før, for Ayla er jo VELDIG brå og brulten og veldig rottweiler generelt. Og så har jo også ho løpetid, og står snart, så eg var veldig spent på korleis dette her skulle gå.
Vel heime tok me begge i band, og gjekk ein liten tur. Innan turen var over (ca 100 meters tur) var nyhetens interesse nesten over, og me kunne gå inn i leiligheten.

Det gjekk over all forventning, og i dag såg kommunikasjonen dei imellom slik ut:





onsdag, august 06, 2008

Frå øyrevarmar til hjartevarmar.





Den gamle Ayla bjeffa når folk kom bort til oss. Ho bjeffa etter folk me passerte på tur. Ho var uforutsigbar og eg kvia meg for å gå tur med henne dersom eg trudde me kom til å treffe folk.
No er ho tre år, og kan framleis bjeffe, men då på passerande HUNDAR. Me har gløymt å trene på framande her heime, så her bjeffer ho på folk. Men slik ho er her heime, slik var ho på tur, i bilen, på trening o.s.v. Når me er ute på tur nå, og det kjem folk langt der framme, står ho og kikker ei stund før ho snur seg rundt til meg og får godbit. Jo nærmare personen er når ho først ser dei, desto kjappare snur ho seg for å sladre til meg.

    Ein kan undre seg om det er Ayla som har blitt betre, eller om det berre er eg som har blitt flinkare til å unngå situasjonar der ho vil bjeffe? Eg trur det er ein salig kombinasjon av begge to. Eg ER flinkare til å førebygge, takle, og reagere når me er ute. Men Ayla er meir avslappa og kul. Ho registrerer i staden for å reagere.


Dette har eg gjort:

Planlagte møter med "vennlege framande" der den framande står urørlig og drysser godbitar. Tanken bak dette var å forbinde framande med mat.
Etterkvart åt ho godbitar ut or handa mens den framande klappa henne på sida av kroppen. Heile tide haldt eg eit auge med korleis kroppen hennar var. Kor var halen? Øyrene? Blikket hennar? Vekta framover eller bakover? Stod ho direkte mot personen, eller med sida til?
Ved minste teikn til uro hjå Ayla, kalla eg henne til meg og lot henne slappe av.

Artikkelen eg hadde lest før denne treninga, sa at eg ikkje kunne gå for langsomt fram i denne typen trening. Difor haldt eg meg heile tida på eit nivå eg VISSTE Ayla ville takle.

Eg røska tak i alle eg kom over, og som eg var trygg på ville gjere som EG ba om - i stadenfor å tenke sjølv og ta initiativ til å auke kriterier heilt på eigahand.  Eg sa klart frå om at det er EG som kjenner hunden og treng å bestemme kor fort me skal gå fram. Dette var viktig for meg.
Eg brukte folk eg gjekk på kurs med, kollegaer, familie eg ikkje såg så ofte, treningsgjengen. 
Halen byrja å komme opp. Øyrene fram, logring, ho byrja å spørje meg om lov til å gå bort og få godbitar og kos.

Å spørje om lov i vår verd er det same som å gi meg blikkontakt. Etterkvart som ho kjenner reglane, innebærer det også å setje seg før ho får klarsignal.

Så fekk eg hjelp frå Maj Brit Iden frå Fjellanger i forbindelse med eit sporkurs ho hadde her. Etter det byrja eg å ta på Ayla på diverse måtar. Eg lot henne oppsøke utstrekte hender sjølv, mine og andre sine. Det var litt ekkelt til å begynne med, men etterkvart oppsøkte ho meir enn frivillig hender med hovudet sitt. Framoverbøygde kroppar også.

Her heime lot eg henne gå strekningar med handa mi på hovudet hennar. Eg byrja med å klikke i same augneblinken eg la handa på hovudet. På denne måten haldt eg humøret hennar oppe heile tida, og ho rakk ikkje å føle seg uvel før eg trakk handa vekk. Når me leika, tok eg ganske røft i nakkeskinnet hennar, og haldt heile tida auge med kroppspråket hennar. Det er kjempeviktig!

Så oppdaga eg Kathy Sdao. Klassisk betinging. Stimuli før godbit. Stimuli før godbit. Is i magen og la hunden sjå først, før godbiten kjem. Den dag i dag er mottoet mitt: "Is i magen". Det hender framleis at eg gløymer meg, reagerer instinktivt - og finn fram godbiten lenge før Ayla har oppdaga det som fører til at eg blir gavmild.

Til å begynne med hadde eg funne snadderbitar til henne. Desse brukte eg berre når me skulle trene på desse tinga, og ALDRI ellers. Eg hadde alltid RIKELEG med godbitar med meg når me gjekk tur. Vetle også. Og eg gjekk ingen stader utan is i magen. Eg unngjekk dei rutene eg trudde me kanskje ville treffe mykje folk på ein gong. Mengder har aldri vore problem for Ayla. Det var når det kom ein og ein.

Eg brukte framleis kursmedelevar, treningsvenner, familie og dei eg kunne få tak i. Kriteriene aukte til at ho måtte sitje før ho fekk "gå og helse". I dag elsker ho å høyre dei orda! :-)

Eg har gått over til at ho KUN får godbitar frå meg, ikkje dei ho helser på. Dette har ført til at når ho går og helser (lar seg bli klappa, og kanskje får lurt inn eit slikk på bar hud), vender seg mot meg, og er dermed enkel å kalle inn dersom eg ser at ho ikkje er heilt komfortabel med situasjonen.

Alt dette betyr ikkje at Ayla no kan reknas som ein normal hund, for me kjem alltid til å ha dette i tankane når me skal nokon stad med henne. Men me kan slappe meir av. Me har større kontroll på eigne reaksjonar. Me kjenner hennar mønster betre. Og eg TRUR me kjenner grensene hennar mykje betre no. Dermed blir livet enklare for oss alle. Og nå treng me ikkje bruke skuldrene som øyrevarmar lenger.