søndag, juli 27, 2008

Ayla fyller tre år i dag! :-)








I fjor skreiv eg ei oppsummering på kva eg hadde lyst til å oppnå i løpet av det neste året:

Til ho blir tre år, har eg lyst til å få til:
At me kan gå tur uten skuldrene som øyrevarmerar. Me har ikkje varma øyrene på mange månader no. Det har nesten blitt slik at me HÅPER å treffe folk på tur, sånn at me kan få sjå endå ein gong kor flink ho har blitt!
At ho går fint ved sida av meg forbi folk og hundar.
 Forbi folk; JA   -     Forbi hundar: NEI
Ho treng ikkje ville helse på alt og alle, men tillate at dei passerer.
 Dette har me ikkje jobba med i det heile tatt.
Ha grunnferdigheter nok til å KUNNE starte i LP1
  Jepp, så absolutt!
Ha ei sikker tannvisning. Ikkje heilt i boks, men det er ikkje lenge til!!
Stimuluskontroll på eit eller anna.   
Så absolutt!!
Ha baklengskjeda EIN øvelse.
 Ehm... atte... eg har ikkje hatt behov for det endå.. øhøhø
Trent meir spor.
Ja, det har me så absolutt gjort!

Bare det å kunne slappe av på tur er nok framgong til at eg må seie meg veldig fornøydd med dette siste året som er gått. Eg inngjekk ein avtale med meg sjølv om at eg skulle gi Ayla tida til ho blei tre år, og kunne eg leve med henne slik ho var då, så skulle ho ikkje avlivast.
Eg kan så absolutt definitivt leve med henne slik ho er som treåring! :-)

Det neste året har eg lyst til å oppnå:
Passere hundar uten lyd
Tannvisvning - og dermed kunne delta i LP klasse I
Baklengskjeda EIN øvelse
Utforska mykje mykje meir naseøvelsar


Heavy bearbeiding har begynt for å få Vetle til å vera heilt enig i at når Joey ikkje er meir, så bør me absolutt skaffe ein hund til. Ikkje at Joey ser ut til å ta kvelden heilt endå, men det er best å begynne tidleg med slikt. :-) Etter helga som observatør på kurs hos retrieverklubben blei eg endå meir gira på labrador som neste rase. Men me får sjå... 

I fjor til bursdagen sin, fekk Ayla melding frå "farmor" som me måtte lese til henne. I år kom det eit sjølvlaga kort! Kjempekoselig!




P.S. I går kom første løpetidsdråpen. Det betyr at det blir veldig veldig kjekt på ferie om to veker...

mandag, juli 21, 2008

Lavvotur!!




Fredag ettermiddag var det endelig tida for å dra på lavvotur! Olaug, Silje, Elisabeth, Tanja, Joey og eg festa syklar og lavvo og mat og snadder og ved og dilldall på bilane og drog til Hønedalen i Sirdal.

Joey fekk starte turen med kløv, og eg såg tydelig at viljen til å bære var der. Evnen var der derimot ikkje, så kløven enda opp på sykkelhengaren etter ein kilometer, ca.


Me var ikkje heilt sikre på kor me skulle slå opp lavvoen, men forsøkte oss innover ein sti.


Då fant me denne plassen, der det heilt tydelig var slått opp lavvo før, for der var til og med steinar til bål i midten! :-)



Det stod ein svær felg og grillrist klar til oss, og me var ikkje seine om å fyre opp med veden som far hadde hogd opp til oss. Olaug hadde med pinnebrøddeig, og me åt verdens beste middag!





Her er eg halv sju lørdags morgon mens dei andre sov.



Forslag til aktivitet dersom ein har Helsport Lavvo, våkner før alle andre, har ingenting å gjer på, og det har regna om natta: Telle dråpar i rutene i teltduken.



Endelig var der fleire som var vakne! :-)



Pannekaker smaker himmelsk når det regner ute, og ein sit inne i lavvo og nettopp har spelt kort!



Joey er 12,5 år og har trudd like lenge at han er akkurat så liten at han får plass på fanget. Eg har ikkje tenkt å la han tru noko anna! :-)



Krokete fjellbjørker er perfekte klatrestativ for små jenter!








Dessverre måtte Olaug, Elisabeth og Tanja dra heim på lørdagskvelden, for Tanja blei dårlig og kasta opp på soveposen til Olaug. Dermed blei Silje, Joey og eg igjen der oppe.





Dette skulle eg sørge for å få opp til vegen. Det såg ganske overveldande ut..



Etter litt omorganisering såg det ikkje fullt så avskrekkande ut.



Vetle ringte, derav gliset mitt.



Så kom regnet.



Joey passer på...



Me hadde faktisk sol på turen ned til bilen!
Me stoppa ved ein bekk og brukte den siste gassen på Jetboilen til å koke vatn til rett i koppen tomatsuppe.

Helga var kjempeflott! Lavvoen funka fint, men eg må lære meg meir om bålfyring. Den splitter nye soveposen holdt meg varm heile natta, og det var MINST like kaldt som i Bergen! :-)

mandag, juli 14, 2008

Fjelltur med hyper rottweiler og gamal hund.























I forbindelse med at søster mi, hennar eldste døtre og eg skal på lavvotur til helga, tenkte me at me skulle førebu oss litt og finne campeplass på førehand. Derfor pakka me sekken på søndagen og tok ut oppover til Sirdal. Både Joey og Ayla var med, og eg må innrømme at eg var ikkje HEILT sikker på koss dette her skulle gå med tanke på korsbåndskaden. Eg tenkte at det fekk briste eller bære.

Eg var heller ikkje HEILT sikker på at Joey ville klare turen så godt med tanke på alder og hjertehosten, men der blei mine bekymringar rimelig kjapt gjort til skamme. Han var i kjempeform! Ikkje EIN gong sette han seg ned for å kvile, anna enn når me stoppa fordi EG måtte ha pause. Det var bratt, må vite, og eg hadde ca 11-12 kg i sekken.

Ayla var eit jæskla styr å ha med i fjellet denne dagen, for ALT, ABSOLUTT ALT skulle sjekkes ut og snuses på. I tillegg skulle ALT av buskar gås rundt mange mange gonger. Ho gjekk i fleksiline (veldig lurt...), og Vetle gjekk såpass langt foran oss, at ho USTANSELIG gjekk lina ut i ein slik fart at eg nærmast blei rykka ut av balanse. Kvifor eg ikkje trente på dette her? Vel, eg var varm og bar tungt og var sulten, og var meir klar for å myrde henne enn å trene med henne. Takk og pris for at ho ikkje har minste aning om kva eg tenker når eg nesten står og freser: "Kom her!". Takk og pris, seier eg bare! Ho derre rottweilertrynet står bare og ser på meg i eit halvt sekund, og så kjem ho galopperande mot meg ei ein fart som ville gitt tier på lydighetsbanen. Godbit og kos, og så spurte ut i lina og rykke meg nesten overende igjen. Me hadde SÅ kjekk tur!

På vei tilbake fekk eg øvd meg litt på å bruke kart og kompass, for Vetle er veldig flink til sånt, og eg har kjempelyst til å lære meg det. Me gjekk ein annan, umerka vei ned igjen, og då me kom ned til asfaltvegen, traff me folk. Ikkje ein lyd frå Ayla, bare våken interesse. Herlig! Det hjalp sikkert at me då hadde gått i to og ein halv time (med nistepause), men det føltes deilig likevel :-)


Etter turen køyrde me til Ålgård for å feire eittårsdagen til Lea. Kule Lea. Etter deilig og velfortjent kake, sette Olaug og eg oss ned for å skrive huskelister til helga. Me er nemlig ekspertar i listeskriving, og syns halve turen er gjort om berre lista er god. ;-)


Bursdagsbarnet Lea, 1 år, med eiga kake!



Favorittonkel Vetle!



Vel heime var eg mildt sagt veldig spent på om Ayla kom til å halte etter å ha vore i ro i bilen nokre timar. Ho jumpa ut or bilen, sprang rundt og var kjempeglad for å vere heime, og eg kikka nøye etter om rytmen var ujevn. Null halting!! Ingenting!! :-D

Joey var litt stiv seinare på kvelden, men det også gjekk fort over. Takk og pris for det!


Når det gjeld campeplass, så må me opp igjen i løpet av veka. Då tar me syklane med oss og dreg innover...

lørdag, juli 12, 2008

På tur i kveldinga... Snuttar

På tur i dag fant Ayla ein bringebærbusk med mange modne bær...





Litt seinare på turen kom me til stranda vår. Der leikte me Bølgeleken vår. Det gjelder om å gå lengst ned mot bølgene, og den som tør å gå lengst ned har vunne.

Til å begynne med trudde Ayla at me skulle gå fri ved fot, og skjønte ikkje at me faktisk skulle gjere noko anna kjempekjekt. Siste halvdelen av snutten er rein Bølgelek. :-)


onsdag, juli 09, 2008

Kjapp oppdatering

Formen har atter ein gong vore ganske dårlig, så det har blitt lite trening på oss. Det går mest i stå under marsj trening på lufteturar, har trent litt på boksen (at ho skal stå planta på boksen med frambeina, men bevege seg til kvar side med bakbeina), doggie-zen, bringebærplukking og eting, gå fint ved sida av meg sjølv om eg har leike i andre handa, ligge i ro når eg set meg ned på kne, stimuluskontroll på dekk og sitt, stå i ro under børsting av pels, LIKE børsting av pels, gå fint i band i sentrum, leke i sentrum, ligge i ro mens eg sitter på benk i sentrum, spor, og kva meir?

Hmm... det var visst ein del likevel... :-)

Jo, og så skremte me nok livet av ei jente som kom på besøk til husvertane her ein ettermiddag.

Eg pleier alltid stoppe i døra for å høyre om der er folk utanfor, men denne dagen gløymde eg det. Ayla sprang ut døra etter at eg hadde sagt det var greit, og før eg fekk sukk for meg, høyrde eg eit hyyyyyyyl frå innkjørselen. "Ta an vekk, mamma! Eg e redde store honnar!"
Eg treiv tak i Joey og sprang ut for å sjå kva som skjedde. Ayla pleier jo ALLTID å bjeffe når ho ser folk her ute, men eg høyrde ikkje EIN lyd frå henne denne dagen.

Då eg kom ut der, stod ei voksen dame med to ungar inni skuret og haldt rundt kvarandre. Ayla sprang rundt dei og logra og smilte for harde livet, og eg fekk gått bort og tatt tak i selen hennar. Eg kobla henne ikkje, for eg bedømte situasjonen dithen at ho ville følge etter meg sjølv om eg ikkje kopla henne. Det gjorde ho. :-)

Då me gjekk derfrå, var ikkje jenta hysterisk lenger, og forklarte mora nøye at ho verkeleg var livredd store hundar.

Eg har seinare tenkt at situasjonen var ein seier for oss. Uansett om jenta var redd, fekk ho trass alt erfare at den svære svarte hunden hverken bjeffa eller beit henne. Og eg har tenkt at om ho verkeleg hadde vore så hysterisk livredd som det først høyrdes ut som om ho var, ville det ikkje gått over så snart me fjerna oss derfrå.

Og i går då me var i sentrum og rusla og trente litt, såg ho fleire hundar utan å bjeffe :-)

Foten ser også ut til å vera heilt fin igjen!

Korleis finne fram til oss.

Slik ser oversiktsbildet ut. Frå Rogaland følger du berre E39 til Kristiansand, og mot Oslo.


Første tunnelen du kjem til, ligg i det høgre feltet av dei to som skal til Oslo. Når du kjem ut av tunnelen, ta av til høgre opp mot Vennesla.






Ganske nøyaktig 10 km etter at du har tatt av fra E39 kjem du til eit lyskryss. Her skal du til høgre opp mot Vennesla.






Når du kjem til den første rundkøyringa i Vennesla, skal du halde mot venstre oppover mot Vegusdal.




6,5 km etter rundkjøringa kjem du til Samkom og du køyrer forbi skulen og det vesle byggefeltet. Her kjem eit skilt det står Iveland på, følg det skiltet. Kikk på km. tellaren i bilen din nå, for nøyaktig seks km etter dette krysset ligg huset vårt på venstre sida av vegen.





Eg skal setje ut eit raudt rallyskilt ved vegen, men før du ser det vil du komme til ein lang rett nedoverbakke som svinger svakt mot høgre i enden, då ligg huset vårt akkurat i høgresvingen.

 a

tirsdag, juli 01, 2008

Tankar etter kurshelg.

Ein kommentar frå Britt har fått meg til å tenke endå litt meir på kva eg fekk ut av helga. Så dette innlegget er både svar til kommentaren og "note to self" sånn generelt.

Britt spurte om det var noko nytt om belønningskvalitet. Og dette satte tankane i gong:

Ikkje noko nytt om belønningskvalitet, men eit par tankevekkande ting om begrepet "hjelp" som eg ikkje har tenkt veldig mykje på til nå. Kanskje fordi eg er bortskjemt med ein hund som tilbyr alt mulig rart, og eter alt mulig, og er villig til å gjer kva som helst for ganske dårlige godbitar.

Me (me som trener med klikker) burde tydeligvis anstrenge oss endå hardare for å la hunden tenke mest mulig sjølv. Og jeg såg at sjølv om mange trudde det var det de gjorde, altså lot hunden tenke sjølv, gjorde dei istaden hunden heilt avhengig av hjelp.

F.eks dette med å flytte på seg når hunden legger seg ned. Hjelp.

Å flytte på seg så hunden skal "råka stampa på musmattan". Hjelp.

Ved fri ved foten synder eg mykje. Når Ayla sklir for langt fram, stopper eg og får henne tilbake igjen, og så får ho belønning for å komme tilbake.
Eg skal fra nå av la henne gå i rett posisjon nokre skritt før ho får belønninga.
Ho vil få langt større prøvelsar enn det ho har fått til nå, bl.a med leiker, og godbitar på bakken.

Korte økter er vanskelig når ein trener åleine på luftetur, men eg får berre forsøke så godt eg kan.

Stå under marsj er så og seie i boks nå, etter tipset i helga. Juhu!!!


Eg har også forsøkt å innføre FRI når eg trener bli-posisjonar. Dette funker himla bra, altså!
Dersom ho går ut av posisjonen før eg har sagt fri, tar eg vekk leika, godbiten kva som helst og stiller meg passiv. Ho finn posisjonen igjen, og eg fortsetter treninga og SÅ seier FRI.

Eg har også slutta å bruke klikkeren når eg trener bli. Nå må eg berre lime kjeften igjen så eg ikkje går rundt og seier bra i stadenfor. :-)
Slik eg har forstått det, så er ikkje bli-øvelsar så konkrete at dei tar slutt. Bli-øvelsar på avstand kan belønnes med avstandsbelønning eller leik med ein annan person, eller andre kreative løysingar.