Viser innlegg med etiketten Triks. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Triks. Vis alle innlegg

torsdag, november 18, 2010

Miniskitur, vinter og triks.

Forrige lørdag då me stod opp, hadde det kome masse snø i løpet av natta. Det var meldt mildvær og regn litt seinare på dagen, så eg og Emil tok med oss miniski og gjekk innover mot Fiskelausvatn. Det er ca 800 meter inn dit, og bare 150 meter av dei er flat mark. Siste halvdelen av vegen er ein ganske lang og forholdvis bratt nedoverbakke. DEN var det eg ville innover for å prøve. Som tenkt, så gjort. Me rusla innover, og Emil var nesten ikkje interessert i det eg hadde på beina.

Eg kavde meg opp den første slake bakken, Emil sprang att og fram og storkoste seg.

Då eg nådde toppen, hadde miniskia fått kladdar under, så dei fungerte meir som litt tunge truger


131120101301
Trugene mine på toppen av bakken. Bak meg var det ikkje fine beine miniskispor, nei det var store søkk i snøen der skia hadde tatt med seg snø...

 

Då eg kikka under skia, viste det seg at det hadde lagt seg is i rillene, og då eg fekk vekk den, glei skia fint igjen.

Bakken låg bratt og urørt foran meg, og eg lurte veldig på korleis Emil ville reagere når farten blei høg og dei rare tinga på beina mine laga lyd. Eg såg føre meg diverse scenarier der eg stort sett havna utføre vegen eller slo meg stygt etter at Emil hadde forsøkt å apportere miniskia eller stavane mine.
Det var difor med hjarta i halsen at eg staka meg avgårde ned bakken. Jepp... eg måtte faktisk stake det første stykket. Miniski er ikkje så lynraske i 10 cm nysnø, nemlig. Dei er for breie. Dersom eg ikkje staka, var det såvidt eg bevegde meg framover.
Emil syns dette var strålande moro, og då eg endeleg fekk opp farten, viste det seg at han sprang i høveleg avstand til både meg, skia og stavane! Flinke flinke guten!

131120101305  


131120101304 
Det er stor luksus å kunne gå ut av døra utan halsband på hundane, og utan frykt for å treffe nokon på turen!

------------

 

Så til trikset.

I går, onsdag, lærte altså Emil sitt aller første triks. Han fant til alt overmål på det heilt sjølv. Han har heile tida hatt ein tendens til å vera litt lett på labben når han er veldig ivrig, anten det er å hoppe opp på meg, eller når han skal setje seg. I går var han altså særdeles ivrig, så eg tenkte lynraskt at han skulle få belønning for det at han nesten tipper bakover av og til.
Eg hadde ikkje klikker i handa, men han veit at eit avmålt JAPP! betyr at han har gjort noko han får belønning for.

Eg belønna eit par gonger slik at han framleis var i bamseposisjon medan han åt godbiten.
DSC09785  
Bildet er tatt uten blitz, derfor ser armen min noget rar ut :-)
Men det illustrerer belønning i posisjon.
Legg også merke til Ayla inni buret som er veldig klar over at eg har fiskepudding i handa.. Ho har fått beskjed om å gå inn i buret, og der blir ho til eg ber henne komme ut att.

DSC09813 DSC09808 DSC09810
Med blitz, ser trikset slik ut, og det skal heite Bamse :-)

Utfordringa no er at han ikkje skal hive seg opp i Bamse kvar gong eg ber han sitje ;-)

tirsdag, februar 05, 2008

Starten på fire føtter i isboks

Og her er starten på fire føtter i isboks. Eg bruker ei låg ildfast form som ikkje skal velte så lett. Til å begynne med prøver ho å legge snuten i hjørnet av forma. Dette kjem av at eg har klikka nokre gonger for at ho putter snuten inni kopp, i tilfelle eg nokon gong skal trenge å ha på henne munnbind.

Jepp, her i vårt første forsøk:

Lyset kom på! Og det var nokon heime!

Forrige innlegg skreiv eg før eg hadde tatt morgenluften i dag morges, og nå har eg jaggupinadø nyheter å komme med!

Ayla snurra!! Juhu og dobbelt juhu!! Skal filme i ettermiddag og legge ut. :-)


Slik gjekk det føre seg:

Eg skulle klikke for sitt i dag også, og skulle I ALLE FALL ikkje klikke for hodevridningar og rygging og anna tull. Men i dag skulle ho ikkje sitte, berre legge seg og rygge og vri og grynte.

Så rygga ho bakover i rett linje, før ho toucha graset på jordet og endte opp i ein snurr. Eg greide ikkje å la vera å klikke for den, og heller ikkje å la vera å fortsetje å klikke når ho tilbydde det same igjen. Denne gongen flytta eg meg vekk etter tre snurr, og for kvar snurr belønna eg med å hive godbiten i lufta så ho fekk fange den.


ME gjekk litt meir midt ut på plassen, og eg stod og venta henne ut. Risikosport av dei få, men det plar funke. Ho har ganske stor tålmodighet der, og gir ikkje opp sånn med ein gong. Kanskje fordi ho veit at før eller seinare klikker eg for NOKO. :-)


Så rygga ho tre steg bakover, skar ut med rumpa til sin venstre, før ho tok ein finfin snurr midt utpå plassen! Eg heiv godbiten så den trilla forbi henne i den retningen ho snurra, slik at ho kom i posisjon for ny sluttsnurr. (kreativ med orda her, ja :-)
Ho gjentok figuren ved sida av her, fire - fem gonger, og kvar gong heiv eg godbiten forbi henne. Eg la merke til at ho kom lenger og lenger vekk frå meg for kvar snurr, og det blei vanskeligare å levere godbiten skikkelig.
Eg bestemte meg for at ho måtte komme inn til meg for å få godbiten, og då kom jaggumeg snurrane som perler på snor! Me ga oss, og Ayla fekk springe på do ;-) Snill eigar, det skal eg ha: Jobbe først, så på do. ;-)
Eg stod og beundra den flinke Aylahunden, og kjente stoltheten svulme, og så gjekk det faktisk opp for meg at det jo var EG som hadde vore så flink! Ho er jo bare tålmodig, ho! Og sulten på godbitar!
Det var ein del av heimeleksa å skrive kriterieplan for dei øvelsane me skulle shape, men denne ser eg ikkje føre meg hadde vore mulig å skrive plan på. SÅ mange timar har ikkje mitt døger. Derfor trur eg at eg skal lese gjennom blogginnlegga og innlegget på Canis og forsøke å skrive ned ein treningslogg.
Ja, og GRATULERER MED DAGEN, SIV!!! :-) Hæppi børsdei tu ju! :-)

Skinnet kan bedra...

Me holdt oss heime fra trening i går, mandag, fordi Ayla har halta i to-tre dagar nå. Det vises best etter kvile, og det liker eg ikkje så godt. Derfor har ho heller ikkje fått tur, men me hadde oss ei lita økt borte ved lyktestolpen i går kveld. Eg hadde bestemt meg for å la snurren få kvile litt, og heller konsentrere meg om at ho skulle få tilby litt andre ting også.

Det kom 10-15 lynraske sittar, beine var dei også, og så plutseleg pilte ho to steg bakover og heiv seg rundt i verdens kulaste snurr! Eg hylte av glede etter klikket, og strødde rundt meg med godbitar og tenkte at nå hadde det løsna! Juhu, liksom...

Ho gjentok bragden sånn cirka to gonger til, og så forflytta eg meg. Dermed viste det seg at det ikkje var snurren ho hadde fått til, men "spring til det området og sjå på mor" .
At ho hadde snurra var ho ikkje bevisst på i det heile.

fredag, mars 30, 2007

Nysgjerrighet


Ayla: "Atte, du? Koffor står denne kjekke hundesenga her? Midt på golvet, liksom?"
Eg: "Det er ikkje hundeseng, Ayla, det er ein koffert."
Ayla: "Koffert? Ka det e da?"
Eg: "Det e sånn så me legge tingå våre oppi når me ska ut og reise"
Ayla: "Ka då for nåken ting?"
Eg: "Tja, sånne ting så me trenge, vel..."















Ayla: "Javel ja. Og ting så dåkken e glae i? Ska dei også oppi her?"
Eg: "Ja, dei også"
Ayla: "Men eg vett ikkje om både eg OG Joey får plass oppi her, altså?"










Ayla: "Nope, her e det bare plass te meg. Joey får vær heime.
Kor er det me ska, forresten? E der andre hundar der?"


Det tok cirka sytten klikk fra kofferten kom på golvet og til ho låg oppi. Eg brukte "Legg deg" for å få henne til å legge seg, men eg klikka henne oppi først med eine foten, så med andre, og så gjekk ho heilt oppi. Fantastisk!! :-)

lørdag, mars 10, 2007

Videoklipp av Ayla som lukker kjøkkendøra.




Det kan ta bittelitt tid å laste ned filmen, men den er verdt å vente på. :-)

P.S. Skru ned volumet...

onsdag, november 15, 2006

Å lukke og åpne døra.

Tidlegare har eg lært Ayla å lukke kjøkkendøra. I kveld lærte ho å åpne den også! Og det tok maks femten minutter!


Først klikka eg for at ho tok knuten i munnen mens eg holdt den, og så fant Ayla ut at det var mykje enklare for henne å bite i tauen oppforbi. (Knuten heiter forresten Apehånd og den har eg lært meg å lage!!)

Når ho tok den konsekvent i munnen, holdt eg litt igjen, og klikka når ho beit saman.
Så drog eg litt i den før eg klikka, og så holdt eg i ro. "Ikkje noko klikk? Neivel, hvis EG drar litt i tauet, da?" Då klikka eg og ga tre godbitar. Derifrå drog ho i den kvar gong. Eg merka også heis-syndromet her når eg ikkje klikka for same dra-hardhet som tidlegare. Ho drog hardare og hardare for kvar gong fordi eg ikkje klikka på same punktet to gonger etter kvarandre. Eg kunne nok risikert at ho ga opp, men eg auka tydeligvis kriteriene heilt passe her.

Så drog ho meir intenst, og så festa eg den på døra, og då tok ho han i munnen med ein gong og drog forsiktig. Eg klikka med ein gong då.







Ho tar ting så kjapt at eg er heilt imponert!! Enten det, eller så er det eg som er flink med klikkertrening. Ein av delene. Kanskje ein kombinasjon? Det er lov å sei sjølv at ein er flink, vel? :-)








______________________________


Å lukke døra.

Her har eg gitt kommando "Lukk"





Ayla skyver døra med snuten.





Eigentleg treng ho berre to tre puff, og så er døra lukka.




"Var det godt nok, eller?"




"Ikkje det, nei. Eg får vel lukke heilt inntil denne gongen også"