tirsdag, september 30, 2008

Dekken har tulla seg til for oss...

Eg har klart å rote DEKK fra sitt kraftig til. Jupp. Sånn er det med den saken.

Når eg seier DEKK mens eg står framføre og ein halvmeter i fra Ayla, dekker ho heilt perfekt. Slenger seg ned med rumpa i ro og frambeina bare forsvinner fram og under henne.

Dersom eg seier DEKK mens eg står ved sida av henne, hopper ho ti cm bakover og mot sin venstre før ho dekker med først høgre framfor, så venstre framfot.

Eg skal filme det ein kveld for å demonstrere kor grundig eg har tulla det til for oss..

Eg har forsøkt å gå gradvis frå ein halvmeter foran og nærma meg hennar høgre side så gradvis at eg nesten ikkje merker framsted.
Kvar gong eg slutter av og skal begynne på igjen, må eg starte heilt frå begynnelsen igjen, og må gå like sakte fram kvar gong.

Når eg TRUR at den nye DEKKEN er flytande, klarer eg på eitt eller anna vis å kødde det til igjen, sånn at me må begynne HEILT om igjen.

Dette er utrulig irriterande for kven som helst, men for perfeksjonistar er det tortur!

Her må eg verkeleg i tenkeboksen, og eg tar gjerne mot tips!

Pluss at nå når eg seier SITT, dekker ho shølsakt... :-S

torsdag, september 25, 2008

Målbare framsteg

Tok med meg Ayla og den nye Ipoden min på tur i går, og håpte å treffe folk og hundar som me kunne trene oss forbi.


Det gjorde me. Haugevis (her betyr det ca 10-12) med folk var ute og gjekk tur i finværet, og ca halvveis såg eg at der kom to damer. Eg holdt meg til mi venstre side, sånn at Ayla skulle ha meg som buffer mellom dei to som kom imot. Eg kikka ikkje opp, men registrerte at dei gjekk VELDIG insisterande på si høgre side, altså same sida som eg forsøkte å halde meg til. Eg kikka ned på Ayla og såg at ho stressa litt. Ipoden stod på ganske så høgt, og musikken i seg sjølv hjalp nok til å halde meg forholdsvis roleg.


I sidesynet merka eg at dei to damene hadde stoppa opp og hadde kroppsholdningar som om dei skulle spørje meg om noko, så eg tok pluggen ut or eine øyret og kikka opp. Det var ein tidlegare kollega og mor hennar som stod der og smilte av hjertens lyst!
Eg har ikkje sett henne på nesten eit halvt år, og kvar gong Ayla har truffe henne på tur, har ho bjeffa på henne.


Busta stod opp, slik den gjorde i helga, men av ein eller annan grunn sendte eg likevel Ayla bort for å helse - samtidig som eg sa til ekskollegaen min at ho ikkje måtte bøye seg ned og klappe. Ayla forsiktiga (nytt ord for anledningen) seg bort, og eg skrøyta og kalte henne tilbake. Ho skunda seg til meg igjen, og der stod ho og fekk pølser mens eg snakka med dei to som hadde stansa.


Mens me stod slik, passerte ein del folk, og så kom det eit par med ein spaniel. Eg advarte dei to eg snakka med om at nå kom der til å komme lyd, men det gjorde ikkje det. Ho snudde seg etter den andre hunden då den hadde passert, men uten lyd. Folka slo til og med ein spøk som eg på mirakuløst vis klarte å parere med noko dei også flirte av :-)


Då me skulle sei hadet, gjekk Ayla sjølv bort og ville ha kos av ekskollegaen min :-)


Vidare på turen traff me ei laus flat tispe - her slapp eg båndet, for me trente på "dekk og et godbitar mens folka og hunden passerer" då den andre kom bort til oss. Eigaren hennar kom og skulle ta tak i hunden sin, og eg fekk heilt hetta då ho bøyde seg over meg og Ayla. Då slapp eg som sagt berre bandet og gjekk vekk. Ayla lagde lyd mens ho sjekka ut den andre, og då eg hadde gått fem-seks meter vekk, kom ho spurtande etter meg. :-D


Me traff spanielen igjen på veg heim, ingen lyd denne gongen heller, og då me var vel heime, var det blitt mørkt og både eg og Ayla var veldig veldig veldig fornøydde.



Minst eitt par av dei passeringane me gjorde ville gått gale for eit år sidan, og denne kvelden gjekk alt heilt perfekt!

lørdag, september 20, 2008

What goes up,must come down

Jepp. Det er ein naturlov at alt som går opp må komme ned. Så også med instruktørspirer.

Første praksisen kom nedturen. Eg tok Ayla ut av bilen, og det var mange hundar rundt. Busten kom opp, og eg tenkte det ville komme seg etterkvart. Ayla buster ofte med andre hundar. Ho stod og snuste i grøfta då ei av instruktørane kom gåande, bak oss, og dermed var det første utfallet på lenge eit faktum. Fallet var stort. Og det gjorde vondt.

Eg rusla til enden av ridebanen og sutra litt (masse), og då instruktøren Ayla reagerte på kom bort til oss, var der ikkje teikn til den minste reaksjon.
Eg trente litt sånn halvhjerta på hopp, men all luft hadde gått ut av meg. Motivasjonen var vekke, og resten av dagen blei det lite og ingen effektiv trening. Jaja..

fredag, september 19, 2008

Bestått opptaksprøve.

Idag var dagen for opptaksprøven til instruktørutdanningen hos Fjellanger. Eg må ha vore veldig stressa, for eg gløymde å ta med mat til Ayla.
Tenke seg til..

Den muntlige delen gjekk greit, syns eg, og eg klarte å svare for meg då dei begynte å pirke i innholdet.

Praksisen syns eg gjekk heilt på trynet, men eg bestod, så dei var fornøydde. :-) Fekk høyre mange fine ord som gjorde veldig godt, og nå er eg bare utmatta og sliten.

Og veldig veldig fornøydd! :-)

onsdag, september 17, 2008

Ny mandag, ny trening

Mandag igjen (ja, ikkje i dag altså), og ny trening. Meininga var at eg skulle vore på Orre og kikka på lydighetskonkurranse på søndagen, men rett før helga fekk eg oppgavene som skulle førebus til opptaksprøven på instruktørdelen. Det var ikkje bare litt, så LP observering blei ofra i håp om å klare opptaket eg skal ha nå på fredag.

I allefall. Planen denne mandagen var at eg skulle jobbe med hinder, men den måtte endres litt. I staden blei det fri ved foten mens ei av dei nye stod og sa "Sakte marsj", "Vanleg marsj", "Gjer holdt" med ujevne mellomrom mens eg trente fri ved foten. Eg blei så nervøs av det at eg gløymte å klikke, blei heilt skjelven, og måtte ta ein pustepause etter eitt minutt. 

Med hennar hund, Tessi (y?), ein portugisisk vannhund unghund, trente me doggie zen og innkalling. For ein flink hund!!! :-)

Eg trente også på stå under marsj, og den er HEILT klart dårligare når nokon står og ser på, så eit eller anna gjer eg annleis enn når eg trener åleine.. Men kva???

Me fekk to tannvisningar som gjekk heilt glimrande, sjølvsagt, for det var jo ikkje Ellen Beate me trente med... Og eg trente med henne med bandet hengande etter sjølv om andre hundar var LIKE i nærheten!! Juhu!! Kudos til meg!!

På slutten, mens me stod og oppsummerte, tok eg henne ut for å helse litt på dei andre, og etter ho hadde gjort det, la ho seg ned slik me har trent på. Veldig praktisk å ha ein hund som har som signal å legge seg når eg prater og IKKJE ser på henne! Kudos til meg igjen!

Då det bare var Veslemøy, Bente og eg igjen, tok me ein fellesdekk. Ho reiste seg eit par gonger, og Veslemøy såg at eg måtte drøye litt før eg gjekk frå etter belønning, men ellers er eg ganske fornøydd med akkurat den, for me har ikkje trent fellesdekk med andre hundar på leeeeenge!

Neste mandag må eg trene meir på å ha folk som ser på meg mens eg trener, tannvisning med EB uten at Ayla får reist seg (altså frekvensen må vær nesten raskare enn eg klarer), fellesdekk og dekk fra holdt.

Denne veka blir det lite Aylatid før fredag, for i dag MÅ eg ta siste finishen på det eg skal ha på opptaksprøven, i morgon den attende september har eg bursdag og blir trettifem år og skal ut og ete og etterpå skal eg bowle med jobben (mulig eg må avlyse det siste der hvis eg ikkje blir ferdig idag), og på fredag skal eg jo reise oppover og prøve meg på opptaket.

Kurshelga blir om problematferd, og denne gleder eg meg VELDIG til! :-)

onsdag, september 10, 2008

Endelig mandagstrening igjen!

Ja, endelig starta mandagstreninga igjen! Det var tre nye og fire erfarne.

Eg tenkte eg skulle gjer det KJEMPE vanskelig for Ayla, og la Ellen Beate ta ein tannvisning før noko anna skjedde. Eg visste ho kom til å reise seg, og det gjorde ho.Då Ayla satte seg igjen, kunne EB ta ein full tannvisning uten problem.

Huske å trene på forsiktige tannvisningar også!



Masse folk passerte, ein mann dreiv og jogga rundt banen der me trente stå under marsj, og ved ein anledning stod ho heilt åleine då han kom springande forbi henne bakfra. Ho kikka såvidt på han, og så tilbake på meg.

Når det gjelder denne øvelsen, skal eg trene på å gjer den foran nokon. Eg blir nervøs og klarer ikkje å slappe av, sjølv når eg gjer det foran folk eg kjenner.

Eg må også legge på signal på nytt etter at eg har fått fram ein bråare stopp.
Dette har eg allerede begynt med, og har fått ein raskare stopp her heime, i alle fall. 

Og nå har eg sagt at eg skal starte i konkurranse til neste år. UÆÆÆÆÆ!!!!!

Dette gjenstår før eg starter:
1. Fellesdekk. EG må vera sikker på at ho kjem til å ligge i to minutter. 
2. Tannvisning. EG må vera sikker på at ho ikkje kjem til å bjeffe på dommaren eller reise seg.
3. Fri ved foten. Strekke den.
4. Innkomst. Dei er skeive.
5. Hinder. Dette har me ikkje jobba med pga foten hennar som nå er heilt god igjen.

Fem ting. Svære ting, men overkommelige likevel. :-)



lørdag, september 06, 2008

Beveren og Ormen

Her er klippet eg ENDELIG fekk av beveren etter ni års forsøk! :-)






Stålorm?