tirsdag, desember 28, 2010

Feriemodus

Sjølv om ein ikkje er i arbeid eller går på skule, kan ein visst havne i feriemodus likevel. Ting har gått sin gong, jula er over, og pakkane er pakka opp, og pinnekjøtet er forlengst fordøyd.

Julaftan gjekk Vetle og Emil innover til Fiskelausvatn og hadde med seg kameraet, og då blei det sjølvsagt ein del fine bilete:

DSC00463
DSC00374
DSC00392
DSC00367

 

Eg har meldt meg på kurs, og håper eg får ha med meg Emil. Kurshaldaren ønsker å velje ut dei hundane som det skal jobbast med under kurset/seminaret, så eg må vente ei stund før eg får vite om han blir med eller ikkje.

I slutten av januar skal eg på dommarseminar i Oslo, og reiser inn ein dag i forvegen så eg får vera med på årsmøtet i NRL. Det blir kjekt! :-) Det er det første steget mot å bli dommar i Rallylydighet, så nå er eg i gong! :-)

Andre juledag tok me med oss hundane opp til Iveland sentrum for å ta ei lita ruslerunde som Ayla også kunne vera med på. Det var 16 minusgrader, og kjakane kjendes ut som dei skulle sprekke. Det var heilt greit for meg at me skulle ta hensyn til Ayla denne dagen. Fine bilete blei det likevel:

   DSC00499 DSC00523 DSC00513 DSC00486 DSC00501 DSC00496DSC00516 

DSC00539DSC00537
Emil syns denne statua var skrekkelig teit, så det måtte me jo jobbe litt med.

DSC00546 DSC00549 DSC00541
Til slutt nokre bilete av dei skjønne matgjestene våre. Her ein dag kom ei nøtteskrike innom som snarast, men ho forsvann att før ho rakk å ete eingong. Håpar ho kjem att, for ho var NYDELEG! :-)

torsdag, desember 23, 2010

Årets juledikt

I fjor blei det på bokmål, og i år blei det dialekt.


Så har det gått et heilt år te.
Si sist me pynta julatre.
Nå er det tid for å tenke på
dei me var glad i, og savna så.

For julå e ikkje bare kjekke,
spesielt med tanke på dei så e vekke.
Men vemodet høyrer høgtiå te,
og julå e verst, sånn e bare det.

Ei gledelig jul alle og einkvar
med masse pakkar frå nissefar
Nyt grauten og ribbå og pinnakjøtet
og julakaker, spesielt dei søte.

Kjapp vestlandstur.

Det er øyeblikk jul, og når ein har størsteparten av slekta på vestlandet, betyr det at ein må ta seg ein aldri så liten førjulstur oppover på vinterføre. Eg pakka Emil og julegaver i bilen og køyrde oppover tirsdags føremiddag.

Etter lørdagens episode der Emil var teit, frykta eg at han skulle brumle på dei to små pudlane til Olaug også. Eg såg føre meg eit par ganske ille scenarier der samtlige enda med at eg reiste heim att same dag med tårer i augene og klump i magen. Dramadronning, eg??  Næsjda.. Realist...

Uansett, då me entra dørene i puddelheimen, kom det litt bust, og det var det. Alt gjekk heilt fint, bortsett frå at han markerte på juletreet og sjenken på kjøkenet. Utruleg fortærande, men han åt i det minste ikkje opp pudlane.

Så gjorde me litt familieting i lag, som å hente herlige Lea i barnehagen, leike fange og fengselsvoktar i buret til Thassie, lage middag, ete middag, sjå Wipeout med Lea leande på fanget under pleddet, før Olaug og eg tok med oss hundane til fotballbanen og trente innkalling. Med heftige forstyrrelsar! Olaug og Thassie var leikande forstyrrelsar, og han lot seg ikkje lure då ho forsøkte å lokke han med godbitar eingong! :-)
Thassie fekk til å gå seks, SEKS steg fri ved fot mens eg og Emil leika heftig i lag og forsøkte det me kunne for å få henne til å vera med også. Dei var knallflinke, begge to, og me klarte å gi oss mens me var på topp :-)

På veg heim, stansa me og leikte litt Klar-ferdig-Ta han, og Emil hang i leika som berre det!
Vel heime fant me ut at Thassie har starta løpetida, og at det var derfor Emil fungerte som siklande frimerke til tider.

______________________________

I dag gjekk turen innom Renate og Tinka som eg ikkje har sett sidan me flytta ned hit, og det var utruleg kjekt å sjå dei att! Tinka krøyp nesten inn i meg, og slikt smeeeeeltar jo meg! :-)
Me blei enige om å ta ein tur på Hellestøstranda, og eg kjende at lørdagens opplevingar kom opp til overflata igjen. Me skulle nemlig ha med oss ei besøkstispe på 12 år..
Me skulle ha min bil, og då Emil såg dei to andre, sette han i gong med intens bilvokting, og dermed kjente eg klumpen i magen igjen.. Kva om han ville ete dei opp? Eller berre drive og krangle og vera teit?

CIMG5108

Igjen gjorde han alle mine forutaningar til skamme, og oppførte seg greit. Renate syns han hadde fint språk, og slikt varmar godt å høyre.. Det er rart med det, men slikt er ikkje alltid like lett å sjå når det er eins eigen hund..

Besøkshunden er ei tispe på 12 år som er NOGET høglydt i sin omgang med pubertale hannhundar, og Emil fekk verkeleg gjennomgå i dag. Eg syns likevel han takla det fint, sjølv om han brumma litt tilbake eit par gonger.

Då me nærma oss bilen att, kom ein skjønne liten boxerhann. Han viste seg å vera 14 mnd, og eg var letta då eg såg kor fint Emil helste på han.

Heile turen var ei einaste stor energi innsprøyting som eg tenkte på heile vegen heim til sørlandet etterpå!  Me ramla inn dørene her klokka ni, så nå kan jula starte!

Her kjem ein filmsnutt frå i dag. Emil og Tinka fann verkeleg tonen, og sjølv om Emil ikkje er tjukk, ser han nesten litt slik ut her i lag med Tinka :-)

 

Tusen takk for herlig tur, Renate, Tinka og Lazy, den må me gjenta ein gong! :-)

søndag, desember 19, 2010

Juletrening hos Amokk

Lørdag var me inviterte på juletrening ved Løddesøl Skule, Emil og eg, og me trossa snøvær og dårlig føre og reiste avgårde med dei beste intensjonar. Målet for dagen for min del var å unngå Mister Brumlebasse, men han er verre enn nokonsinne, så det har eg ikkje lyst til å skrive meir om.   :-(  Er det ikkje slik då, at om ein ikkje snakkar om det, så eksisterer det ikkje? Jo, slik er det, ferdig med det.

Det var ti hundar til saman, alt frå ganske ganske liten boxerkvalp og til ei 12 år gamal herleg golden tispe, alle størrelsar, frå Jack Russel terrier til Grand Danois.

Siv hjalp meg litt med den intense leikinga til Emil, og den snutten kan sjåast her: Filmsnutt av Siv og Emil

Siv har forøvrig skrive eit FANTASTISK innlegg om hundar som blir litt VEL ivrige i leiken, og der er det mange tips å hente for dei fleste. Det ligg her: Blogginnlegg om å ta tilbake kontrollen i lek

Då det var tid for pause, gjekk me inn på skulen og tok med oss det me hadde av godsaker nå før jul, og delte broderlig og søsterlig med dei andre på treninga. Siv og Elin hadde laga til quiz som eg faktisk vant (JUHU), og premien var ei Amokkleike med saueskinn i enden. Emil syns den var veldig veldig kjekk!

Eg hadde tatt med meg rallyutstyret mitt, så eg fortelde litt om rally og sånt og sette opp ein biiiitteliten bane inne der me sat. Etter pausen sette eg opp ein bane på 13 skilt ute, og Siv med Kry og Elin med Spike fekk prøve seg på den. Dei har jo skikkelig flinke hundar, begge to, og klarte banen heilt greit. Eg fekk nok ein gong bekrefta for meg sjølv at i rally er det aller viktigast at FØRAREN veit kva som skal gjerast, og at det å kjenne skilta og korleis dei skal utførast er det som skiljer rally frå vanleg lydighet.  Nyttig kunnskap for meg på seinare rallykurs, altså :-)

Då eg kom heim, hadde Vetle og Ayla vore ute og kost seg i snøen, og Ayla hadde sklidd litt, og dermed begynt å halte VELDIG på venstre bakfoten. :-( I dag er ho betre, men medan Vetle, Emil og eg var ute og måkte litt i dag, hadde ho fått tak i den eine sekken med mat og ete uhorvelige mengder før me såg kva ho haldt på med. Eg ringte veterinæren og spurte kva eg skulle gjera, og ho sa eg kunne gi henne ei ss med salt rett i munnen. Dette skulle få henne til å brekke seg. Eg så gjorde, men kva gjorde Ayla? Ho berre smatta og kikka på meg som om ho ville ha meir.. No ligg ho på golvet og luftar frå begge endar.. Ho ser ut som om ho har ete ein fotball, men dyrlegen meinte på det ville gå godt så lenge me haldt henne i ro. I og med at ho både rapar og fis på rottweilervis, så er det i det minste ikkje fare for magedreining.

Til slutt eit bilete frå i dag.. Me er så heldige at me bur i ein kommune som tilbyr privat brøyting, så me har ein kar som kjem her og freser innkjørsla vår med ein gong det kjem snø. I går og i dag har det kome over 40 cm, og brøytekantane inn til huset ser slik ut nå. P.S. Emil er 60 cm høg, og brøytekantane er høgare enn han

 

 

0_1

torsdag, desember 16, 2010

Prosjekt Avlevering, ei veke og ca ti økter seinare.

Ja, då var tida inne for ein oppdateringsvideo.
Under den siste veka har me hatt omtrent ti økter jevnt fordelt under veka. Eit par dagar har han fått eitt av måltida fordelt som belønning for avlevering, og matvrak som han er, blei leika svæææært lite interessant så lenge det stod mat i skåla hans. Eg holdt meg prinsippfast og tenkte at dette måtte då vera Premacks prinsipp så det holdt.

Eg har trent enten inne eller ute på altanen fordi han då ikkje kan springe så veldig langt om han skulle få lyst til slike uhumskheter, og det overraskande momentet har vore at det ikkje har vore Den raude Duskehalen som har vore mest stas, men faktisk Guleballen. Den har han hatt eit par rundar med, men det har gått fort over. Til belønning har eg brukt hans eigne tørre matkuler i tillegg til litt mjukare godbitar som fiskepudding, godbitpølse eller ost.
Eg har erfart at han ikkje ser ut til å skilje på om han får EIN godbit eller fleire godbitar. Det som betyr noko for han, er kor lenge han får ete og korleis det blir servert. Med det meiner eg at det er likegyldig for han kor mange godbitar han får gnafse i seg frå ei knytta hand. Det som er aller mest stas er å få forsyne seg sjølv or godbitveska mi.

søndag, desember 12, 2010

Hyllest til mi elskede Ayla

Me har ikkje tatt ei endeleg avgjersle, om nokon skulle tru det. Eg  har laga denne hyllesten til Ayla basert på erfaringar frå då eg laga ein liknande til Joey i fjor sommar.
Då eg sat og laga snutten til Joey, grein eg mykje og sakna han og skulle ønske at eg kunne begrave andletet mitt i pelsen hans og kosemose med han på golvet. Men den gong var det for seint.

Difor tenkte eg at eg ville lage Ayla sin medan eg framleis hadde henne her. Så kunne eg grine og kosemose med henne så mykje eg ville.
Og medan eg har laga denne snutten, har eg verkeleg sett korleis kroppen hennar har endra seg det siste året. Ho har lite musklar att i låra, noko som fortel meg at ho nok har meir smerter enn det ho viser til oss. Stakkars skjønne jenta mi..

Eg veit det nærmar seg slutten for henne, men avgjerdsla er altså ikkje teken heilt endå. Eg kvir meg slik, men veit eg må. Enn så lenge er ho framleis i godt humør, spretter opp når det gjeld lufting eller mat eller berre for å sjå kva som skjer..
I dag kom svigermor på besøk, og Ayla fekk stå på altanen då Tove kom køyrande inn innkjørsla. Først kom det eit par varselsbjeff, og då svigermor kom ut or bilen og Ayla høyrde kven det var, blei ho heilt frå seg av glede!! Ho klynka og bjeffa om einannan, og visste ikkje kor ho skulle gjera av seg! :-)
Og nå medan eg skriv dette, merker eg at det var det som var utsetjingsgrunnen til Joey også.. "han er jo så glad og i godt humør..." Huff..

Når det er sagt, så syns eg jo me ser flotte ut i lag på agilitybanen i sakte film.. dæsken så kule me blei! :-)








fredag, desember 10, 2010

Prosjekt Avlevering - dag 1, økt 1&2

Emil er veldig glad i å leike på eigahand, og eg må difor tenke meg nøye om kva eg belønner med av leik. Det bør helst vera noko eg kan halde andre enden av, ellers blir det ikkje så kjappe repetisjonar, for å seie det mildt.

Via bloggen til Amokk og ein video eg sendte inn, har eg fått nokre tips eg skal prøve i ei veke før eg sender inn ny video for å sjå endringar i avleveringsmønsteret.

I mellomtida vil eg føre dagbok over framgong og tabbar (og der er rikeleg av begge) dag for dag.

Here goes:

Dag 1. Økt 1

Godbiter: Crabsticks, ost og tørrfor i salig blanding oppi godbitveske.
Sted: Kjellaren pga der er det teppe, og ikkje så kjempegod plass akkurat nå pga rot.
Leker: Gul gummiball med strikk, også kjent som nr. 2, og Rød Duskehale, også kjent som nr. 1

CIMG5080 CIMG5079

Kjørte først mange repetisjonar med gul ball der eg klikka for å komme tilbake med den, og belønnet med vekselsvis med alle tre typar godbitar.
Så glæmte eg meg ut og tok tak i ballen og drog litt med han. Dette førte til sjølvleiking.
Kjørte derfor reine avleveringar igjen.

Så tok eg fram Duskehalen, og Emil satte inn høg-giret. Den blei kasta, noko som førte til sjølvleiking.

Då han endelig kom inn med den, fekk han glefse i seg det han ville rett fra godbitveska. Lite slår det, nemlig.
Kastet Duskehalen igjen, og han kom rett inn med den. Herfra fikk han ete fra godbitveska kvar gong han kom inn med den. Gjentok tabben med å dra i leika, og fekk sjølvleiking IGJEN!

Kjørte eit par siste repetisjonar på avlevering av Duskehale før me avslutta økta.

Etter ein times pause, måtte eg ut og hente posten, og tok med meg Duskehalen og Guleballen for å prøve ute litt. Slik gjekk det:

onsdag, desember 08, 2010

Adventskalender for hundeeigarar!

I dag har eg sendt inn videosnutt til adventskalenderen til Siv og Elin.

Heile kalenderen handlar om det å leike med hunden sin, og er vel verdt å kikke gjennom både ein og sju gonger. Dagens luke inneheld altså ein snutt frå Emil og meg og viser at det fins hundar som syns det er kjekt å leike på eigahand, og at om ein skal drive bytteleik, er det viktig å tenke seg om angåande verdi på leikene. Og verdien er det hunden som bestemmer.

Folk som er langt flinkare enn meg har sendt inn snuttar av seg sjølv i leik med hundane sine, og kvaliteten på det dei har fått til er ganske høg. Eg veit at eg har ei utfordring i og med at Emil likar så godt å leike på eigahand og ikkje kjem attende med leika når han får tak i den. Difor tenkte eg at nokon jo må vise at ikkje ALLE er perfekte HEILE tida, og eg har fått tips av Siv til kva eg skal jobbe med. Det har eg tenkt å gjer i EI veke, og så poste ny video for å sjå endringane.

Her er direktelink til dagens innlegg

torsdag, desember 02, 2010

Emilvimsen på skitur.

I går var me ute på vår første skitur i lag, Emil og eg. Han fekk prøve seg som sledehund att og fram på grusvegen her, og han vimsa verre enn ei husmus i Kongeparken.

I dag ville eg ut og prøve meg igjen, med Fiskelausvatn som mål. Planen var å sjekke isen, og på veg dit, fekk Emil prøve seg på snørekjøring igjen. Denne gongen vimsa han ikkje fullt så mykje, og dette gleda meg stort!






Etter to rundar på isen fekk han prøve seg igjen. Og denne gongen såg det slik ut:

søndag, november 28, 2010

Eigen skøytebane!

Ja, i dag fekk eg endeleg med meg Vetle bort til tjernet for å sjekke kor tjukk isen har blitt. Eg har lest meg til at den må vera minst 10 cm for å bli rekna som sikker, og at ein må sjekke fleire plasser. Det kan gjelda nokre små meter frå sikker is og til usikker is. Me hadde med oss ei plate, øks, og Emil, og Vetle hogg og hogg og hogg. Eg tenkte at enten er Vetle svak i armane (og det veit eg han ikkje er), eller så er isen tjukk nok!
Vetle målte isen fire stader, og på alle stadene var isen langt over 10 cm! Planen vår var eigentleg berre å sjekke kor tjukk isen var, og så gå inn og lage arme ridderar og kakao, for me hadde allereie vore ute i halvannan time. Det har vore kaldt i dag også;  -8,5.

Men så lenge isen var så tjukk, MÅTTE eg jo gå heim og hente skøytene!! Kunne jo ikkje gå inn utan å ha prøvd, i det minste!  Eg så gjorde, og eg tok med stavane også, for isen var bittelitt ruglete å gå på. Ikkje ubehagelig ruglete, men nok til at eg ville ha med stavane.

Sidan me bur som me bur, kler eg meg varmt, og blir sjåande ut som Michelinmannen

michelinDSC09931

Berre sjå, er me ikkje like?

Eg bryr meg lite om korleis eg ser ut så lenge eg klare å halde meg varm.

DSC09968
Vetle og Emil i enden av tjernet. Og ein vakker himmel i bakgrunnen!

DSC09922
Emil og eg på isen.

DSC09935
Huset i bakgrunnen og Emil og eg skufler litt snø vekk frå isen.

DSC09955
Emil skal ta snøen eg skyver foran snøskuffa.

DSC09966
Sprettballen Emil.

DSC09967
Vetle har hive snø opp i lufta, og Emil hopper opp for å ta den :-)

DSC09973
Julepynta hus slik dei som kjem frå Skaiå ser det når dei kjem rundt svingen.

DSC09979 
Julepynta hus slik dei som kjem frå Samkom ser det.

DSC09985 
Altanen og baksida av huset.

onsdag, november 24, 2010

Emil og Kari Anne sine turtips.

Lars Monsen gir ut bøker i fleng om turane sine, så nå skal ikkje eg vera dårlegare.

Emil og eg var nemlig på ein tretimars skogstur i dag, og me lærte uhorvelig mykje på dei tre timane! Det var nok eg som lærte mest, men eg trur nok Emil også opplevde eit par aha saker og ting.

Sekken.
Sjølv om ein berre skal på "ein liten rusletur", må sekken innehalde noko varmt å drikke, sjokolade, pledd, aviser til å sitje på - eller tenne opp redningsbål med, og lighter.
Den må vera god å ha på ryggen, og ikkje få jakka til å skli oppover ryggen når ein går. Dersom jakka sklir opp kan ein bli litt kaldare på stussen enn planlagt, nemlig.

Turkameraten.
Turkameraten kan ha to eller fire bein. Har han fire bein og heiter Emil, er han meir enn villig til å samle med seg ved DSC09912der han måtte finne det. Turkameraten fortjener godbitar for dette arbeidet.
Under vedsanking, er det ikkje utenkeleg at turkameraten spring litt for nært kroppen til dei tobeinte som er med på turen. Dette gjer svært ofte ganske vondt. Dei andre (meg) kan då bli sure og irriterte, så då må turkameraten ha eit slikt humør at han gir blanke i sure miner og berre lar det dårlege humøret til turfølget døy ut av seg sjølv.

Sjølv om turkameraten har fire bein og heiter Emil, betyr ikkje det at den vegen han går automatisk er den enklaste. Ofte er det heilt motsatt.

Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil, vil han sitje i fanget når resten av turfølget (framleis meg) skal ha ein pause og nettopp har hatt te oppi koppen. Og han får faktisk plass.

 DSC09889  DSC09900 DSC09901   DSC09892

Spor i snøen
Med mindre ein er redd for å gå i ring, er det ein GOD ting å finne att eins eigne fotspor i snøen. Særleg etter at ein har vore ein smule usikker på kor i skogen ein er.
DSC09917

 

Heng og bratte bakkar.
Dersom ein trur ein har funne ein snarveg ned eit heng, har ein sjeldan det.
Og dersom det same henget ser for bratt ut, er det ofte nettopp det.
Mangelen på andre dyrespor ved nevnte heng - er ikkje eit godt teikn.
Og til slutt: Vegen opp att i nevnte heng er alltid tung og sur å gå.

Der det er lettast å gå NED ein bratt bakke, er ikkje nødvendigvis der det er lettast å gå OPP.

 

Motivasjon og avgjersler.
Dersom fornuften seier at det snart blir mørkt og at ein må snu og finne attende til der ein kom frå, stemmer ofte det. Om motivasjonen for å følge dette rådet er at ein ikkje har lyst til å gå seg vill for så å bli funnen av kjentfolk i NRH, er det ingen dum motivasjon.


Pause.
Dersom ein har lova seg sjølv å gå opp den tunge tunge bratte bakken før ein skal få ta pause, betyr ikkje det at den medbrakte sjokoladen smaker ekstra godt når ein endeleg når toppen og kan setje seg ned. Neida, slikt er berre tull.
DSC09920DSC09921

Kor ein skal sjå når ein går tur.
Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil og er ven å sjå til, må ein også kikke på andre ting i løpet av turen. Nokre gonger kan ein finne skjønnhet ved å sture og glo i bakken.
  DSC09904

Andre gonger må ein stanse opp og sjå seg attende, både for å sjå kor nydeleg det var der ein nettopp gjekk, og for å merke seg kva ein skal sjå etter når ein skal finne vegen heim.

DSC09914   

 

Heimkomst.
Når ein kjem heim tre timar seinare, er det ikkje å forakte å krype inn i ein fleecekosedress som er laga av ei snill søster, fyre godt i ovnen, varme seg litt lapskaus og synke ned i ein god og mjuk sofa resten av kvelden. Dersom ein har att noko av tursjokoladen, smakar nok den vel så godt no.

torsdag, november 18, 2010

Miniskitur, vinter og triks.

Forrige lørdag då me stod opp, hadde det kome masse snø i løpet av natta. Det var meldt mildvær og regn litt seinare på dagen, så eg og Emil tok med oss miniski og gjekk innover mot Fiskelausvatn. Det er ca 800 meter inn dit, og bare 150 meter av dei er flat mark. Siste halvdelen av vegen er ein ganske lang og forholdvis bratt nedoverbakke. DEN var det eg ville innover for å prøve. Som tenkt, så gjort. Me rusla innover, og Emil var nesten ikkje interessert i det eg hadde på beina.

Eg kavde meg opp den første slake bakken, Emil sprang att og fram og storkoste seg.

Då eg nådde toppen, hadde miniskia fått kladdar under, så dei fungerte meir som litt tunge truger


131120101301
Trugene mine på toppen av bakken. Bak meg var det ikkje fine beine miniskispor, nei det var store søkk i snøen der skia hadde tatt med seg snø...

 

Då eg kikka under skia, viste det seg at det hadde lagt seg is i rillene, og då eg fekk vekk den, glei skia fint igjen.

Bakken låg bratt og urørt foran meg, og eg lurte veldig på korleis Emil ville reagere når farten blei høg og dei rare tinga på beina mine laga lyd. Eg såg føre meg diverse scenarier der eg stort sett havna utføre vegen eller slo meg stygt etter at Emil hadde forsøkt å apportere miniskia eller stavane mine.
Det var difor med hjarta i halsen at eg staka meg avgårde ned bakken. Jepp... eg måtte faktisk stake det første stykket. Miniski er ikkje så lynraske i 10 cm nysnø, nemlig. Dei er for breie. Dersom eg ikkje staka, var det såvidt eg bevegde meg framover.
Emil syns dette var strålande moro, og då eg endeleg fekk opp farten, viste det seg at han sprang i høveleg avstand til både meg, skia og stavane! Flinke flinke guten!

131120101305  


131120101304 
Det er stor luksus å kunne gå ut av døra utan halsband på hundane, og utan frykt for å treffe nokon på turen!

------------

 

Så til trikset.

I går, onsdag, lærte altså Emil sitt aller første triks. Han fant til alt overmål på det heilt sjølv. Han har heile tida hatt ein tendens til å vera litt lett på labben når han er veldig ivrig, anten det er å hoppe opp på meg, eller når han skal setje seg. I går var han altså særdeles ivrig, så eg tenkte lynraskt at han skulle få belønning for det at han nesten tipper bakover av og til.
Eg hadde ikkje klikker i handa, men han veit at eit avmålt JAPP! betyr at han har gjort noko han får belønning for.

Eg belønna eit par gonger slik at han framleis var i bamseposisjon medan han åt godbiten.
DSC09785  
Bildet er tatt uten blitz, derfor ser armen min noget rar ut :-)
Men det illustrerer belønning i posisjon.
Legg også merke til Ayla inni buret som er veldig klar over at eg har fiskepudding i handa.. Ho har fått beskjed om å gå inn i buret, og der blir ho til eg ber henne komme ut att.

DSC09813 DSC09808 DSC09810
Med blitz, ser trikset slik ut, og det skal heite Bamse :-)

Utfordringa no er at han ikkje skal hive seg opp i Bamse kvar gong eg ber han sitje ;-)

onsdag, november 10, 2010

Vinterleg tur i nærområdet.

I dag har Emil og eg vore ein tur innover vegen. Det er noko heilt spesielt å gå på ein skogsveg der snøen er urørt av anna enn skogens dyr. Særleg om kompisen ein går denne vegen i lag med er ein skjønnas som Emil.  Eg skulle inderleg ønska at Ayla kunne vore med også, men eg har innsett at dei tidene nok er forbi, dessverre.

Emil lærte i dag at når ei snødekt flate i eit hjulspor er dekka med snø, betyr ikkje det alltid at ein kjem tørskodd over til andre sida. Verdifull lærdom for einkvar, det :-)

101120101285
Att og fram er like langt for Emil. Når eg sakker for langt bak, kjem han og hentar meg.


 101120101282
Det viser ikkje så godt på biletet, men det dalte små, lette snøfnugg i solstripa mellom trea.

 


101120101286
Dersom eg stanser opp litt, som her då eg måtte stå og nyte utsikta litt, kjem Emil og setter seg ved sida av meg og kikker same retninga som meg. *smelt*


101120101288
Eit islagt Fiskelausvatn.


101120101289 
Me fann nokre traktorspor me kunne følgje, og fekk ei fantastisk utsikt .


101120101290 
Skjønnasen min: Searovers Pearl Jemil


101120101293
Fiskelausvatn i bakgrunnen, og her ser ein tydeleg at det berre er halve vatnet som er islagd.


101120101295
Slike spor såg eg mange av på turen. Desse forsvinn innunder stubben.