fredag, januar 30, 2009

Innbruddsalarmen Ayla.

Me skal levere inn ein svær TV som ikkje fungerer, og det er Svipp som skal hente den og levere til reklamasjon. Første gongen dei var her, hadde dei med ei øskje (= eske for alle ikkjevestlendingar som måtte lese bloggen) som var for lita. Derfor måtte dei reise med uforretta sak.

I går stod me alle fire på kjøkken og laga mat med stereoanlegget på i stova. Vetle og eg stod og snakka om laust og fast, då me brått såg at Ayla gjekk ut i stova med øyrene framover som om ho hadde sett eller høyrt noko.
Nå når det er to veker sidan løpetida starta, må me passe på stort sett heile tida, og då Ayla bevega seg, måtte jo Joey følge etter, må vite.

Plutselig høyrte me det gjekk i ytterdøra. Kven kom på besøk nå? Husvertane ringer jo alltid på, og Olaug kunne det ikkje vera, ho var på jobb.
Lenger rakk me ikkje å tenke før Ayla sette i eit helsikes lurveleven og bjeffa og busta og var heilt rasande!
Døra smalt igjen, og ho var skikkelig oppøst (oppspilt for alle ikkjevestlendingar som måtte lese bloggen)!

Me fekk buksert hundane på kvar sitt rom, og då eg skulle åpne ytterdøra for å sjå kven det var, måtte eg verkeleg ta i for å få opna. Utanfor stod ein skrekkslagen Svippmann som hadde forsøkt å ringe på, og tenkte at sidan me ikkje høyrte klokka - og han høyrte musikk innanfor - skulle han stikke hovudet inn og rope.

Hehe...

Eg må innrømme at eg lo godt fleire gonger i går kveld, og ser føre meg andletet til han mannen når Ayla kjem halsande mot han i stor fart!

Betre innbruddsalarm kan ein vel ikkje få?

Sjølv om eg naturligvis syns det er skikkelig dumt at ho er slik ho er med framande folk, så syns eg det er heilt greit at ho reagerer slik ho gjorde når det kjem framande folk inn i huset sånn heilt av seg sjølv.
Så er spørsmålet: Er den siste setningen der "å sjå det positive i situasjonen", eller er det nærmast "å banne i kyrkja"?

tirsdag, januar 27, 2009

Godt sagt!

http://www.youtube.com/watch?v=GOW0IKO_zfM

Ian Dunbar om positiv hundetrening.

Anbefales!

Mandag og rallytrening.

Løpetida er i full gong, og i dag tidleg begynte Joey å pipe. Løpetidspipe, altså, ikkje pga vondten.

Ayla har dermed ganske så kort lunte, for ho er ikkje klar endå. For tida er ho ganske reaktiv, og ho hadde eit utfall mot ei dame her ein kveld me var på tur.
Frå no av blir det halti på tur for å ha prøvd det også.

Ellers har det vore minimalt med trening, og det er sikkert ein av grunnane til at ho er meir reaktiv enn vanleg, i tillegg til løpetida. Me får alltids trent litt her og der, og det går jo framover, så NOKO gjer me jo. Det blir berre litt lite av det om gongen.

Men i dag var det rallytrening igjen, og det kom MANGE i dag! Me var ti eller fleire, så eg var ein smuuuuule stressa, kan ein seie. Eg hadde førebudd meg til denne treninga, og bestemt meg for å trene på nokre av øvelsane til Avansert: Innkalling, dekk under marsj, stopp-sitt-springmarsj og sitt-foran-1-2-3 steg bakover.

Ghita hadde førebudd to små banar, ein Nybegynner og ein Avansert.
På Avansertbanen stod skilta: Dekk under marsj, stopp-sidesteg høyre-stopp, åtte tall med mat som distraksjon, fører venstre om - hund høyre om - fremover marsj, stå-gå i fra-berør, og stopp - sitt - springmarsj.
Dermed blei det til at eg trente generelt på kontakt, fingertarget, åttetall rundt ein haug med lause godbitar og tauballen (favoritten). Eg fekk også Ghita til å hjelpe meg med stå-gå i fra-berør. Det er ein stå under marsj der dommaren skal berøre hunden mens den står åleine, før eg går tilbake og får hunden med meg.

Ho stoppa i sneglefart, men sidan det ikkje var det me skulle trene på, lot eg det passere. Då ho stod åleine, gjekk Ghita bort og strøyk henne over ryggen. Det kom ein lite slikk om munnen frå Ayla, men halen var ganske høg og logrande, øyrene og blikket retta mot meg. Nokre sekunder etter at Ghita hadde gått i frå, belønte eg med ballen.
Me gjentok dette ein gong til, og då kom ho også med slikk rundt munnen. Er målet å ikkje ha reaksjon?
Kanskje dette er noko som folk med normale hundar kunne testa ut? Altså dei som har hundar som ikkje syns folk er det minste skumle.

Eit av skilta var som sagt dekk under marsj, og då skal me bare gå ifrå og med ein gong gå i ring rundt hunden og få den med vidare direkte frå dekk. Dette ville ikkje Ayla då eg sa HER (som er hennar ord for å innfinne seg ved sida av meg). Ho blei liggande sååå fornøydd. Ikkje tale om at ho skulle rikke seg frå Dekk. Eg fant ut at eg måtte sei KOM for å få henne til å følge meg. Rare hunden...

Alt i alt var kvelden suksess sidan det ikkje kom lyd, og då me gjekk banen, stod det folk og hund nært der eg gjekk frå henne for Stå-gå i fra-berør (eg gjekk ikkje langt), utan at ho lot det affisere henne vidare.

Når det gjeld Joey, var me til veterinær igjen på torsdag, og ting var ikkje betre. Me skal dit igjen onsdag og sjekke om der framleis er puss og blod. Eg kjenner jo at det lukter av han, stakkars, og det lukter ILLE! :-S

mandag, januar 19, 2009

Diagnose på Joey: Kraftig betennelse.

Huff, stakkars..

Var til dyrlegen i ettermiddag, for å få sjekket Joey. Eg forklarte kva eg trudde det var og kvifor, og dyrlegen sjekka grundig. Ho sa han var øm på knoklane bak der, og at det kunne sjå ut som han hadde vondt, ja. Då ho begynte å rote inni der, var Joey klar til å drepe den teite dyrlegen (eller i alle fall gjer det klart og tydelig at dette var å gå for langt) , og det som kom ut der bak var så illeluktande at eg måtte brekke meg.

Veterinæren kunne bekrefte at det var så absolutt ein kraftig og solid betennelse i analkjertlane. Det kom ut blod og greier :-(
Eg lurte på om eg kunne ha gjort det verre ved å klemme på lørdag (var det ikkje då, tru?), men ho svarte at eg sannsynligvis hadde hindra at det gjekk hol på dei og blei til fistlar(?), og at det var vanskelig å gjer skade ved å klemme utanpå slik eg hadde gjort. Phew! :-)

Eg blir heime frå Rallytrening i kveld, for eg har ikkje lyst til å la han vera åleine, stakkars.. Dyrlegen kalte han godt voksen.. det var jo snilt :-)

Dyretolken me var hos, sa jo at Joey ikkje var ein hund som viste oss at han hadde vondt, og det stemmer nok. Ellers ville han garantert ha sagt fra tidlegare, for dette MÅ ha gjort sinnsjukt vondt!! Stakkars gamle hunden vår... :-(

Ellers har me kjøpt oss splitter ny bil!! For oss er det i alle fall splitter nytt når det er under ti år :-D Og nå skal me gå til innkjøp av dobbelt krasjsikkert hundebur fra Mimsafe.
Dermed blir det ein rein fornøyelse å dra på ferie i år! Med takboks på taket blir det nok plass til lavvoen eg skal ligge i under brukshunddagane på Kongsberg også. :-D Juhu!!!

Og om der var nokon som lurte, så kjem det til å stå ein Volvo V70 årsmodell 2000 i innkjørsla vår etter neste helg!! Jippiiiiiiiiiii! Fancy bil, altså!! Allslags elektriske greier på han, og til og med varmetrådar i sidevindauga der hundane skal stå!

lørdag, januar 17, 2009

Løpetid og betente analkjertler.

Joey har betente analkjertlar og Ayla har løpetid.

Dyretolken/healeren sa at Ayla sine innbilte drektigheter ville gi seg etter besøk hos henne, så me får sjå om eit par mnd om det stemmer, for ho blør nå på andre dagen. Joey er bare sånn måtelig interessert i henne, men det kan jo komme av at han altså har betente analkjertlar. Me drar til dyrlegen på mandag med han, for eg fekk klemt ut masse UTRULIG illeluktande væske i går. 

Ellers har det blitt lite trening pga været, og prosjekt Stimuluskontroll har fått ein liten pause.

tirsdag, januar 13, 2009

Rallytrening i Tananger

Hadde egentlig bestemt meg for å ikkje gå på trening i dag, sidan eg var såpass seint heime, men så var været så bra, og temperaturen ok, så då møtte eg opp likevel.
Første rallytreninga, og det møtte opp sju hundar om eg ikkje husker feil. Eg hadde ikkje lagt opp konkret plan over kva eg skulle trene på eller korleis eg skulle gjer det, og då blir sjeldent mine treningar særlig effektive.

Då me hadde gått gjennom øvelsane til "Avansert" klassen, var det på tide å begynne å trene litt.

Først trente me kontakt og FVF, og så fekk eg huka tak i Anja for å hjelp til ”Stå – gå i fra – berør”. Ayla fekk helse på henne først, og det gjekk jo gullfint :-)

Så plasserte eg Anja heilt ut i sida av banen, og så skulle eg og Ayla gå litt FVF før eg skulle seie TÅ og treninga kunne begynne. Eg sa TÅ, og Ayla kikka bare bedårande opp på meg og gjekk perfekt FVF vidare. Ingen reaksjon frå henne. Dette gjentok seg og gjentok seg og gjentok seg (ja, kvifor i all verda fortsatte eg å seie TÅ når ho ikkje reagerte? Det var kveldens mysterium for meg…), og til slutt fant eg ut at eg måtte gå baklengs og sei TÅ. Då stoppa ho.

Me fekk ein del repetisjonar på dette her, og ein av dei første gongene då Anja gjekk bort til Ayla, virka det som om Ayla trudde me holdt på med helsetrening. Ayla stod og logra og gnei seg inntil Anja og var så fornøydd, atte :-)

Sånn alt i alt var eg sånn passe fornøydd med denne treninga. Meir nøyaktig plan vil hjelpe, og også plan for kva eg skal gjer når Ayla ikkje reagerer på signal (som ALDRI skjer heime). Men me fekk då EIN perfekt gjennomgang, og Ayla mista ikkje halen eller såg ubehagelig ut eller noko. Ho berre stod og venta på klikket frå meg, og DET er eg veldig fornøydd med, sjølv om ho bevega beina eit par gonger.

Då me sa oss nesten ferdige med denne treninga, kom Ghita bort, og det kom ingen reaksjon frå Ayla. Eg mota meg opp og ba om tannvisning, for Ghita skal vera dommar på ein appellprøve på Jørpeland om nokre veker, og der tenkte eg at me skulle melde oss på.
To tannvisningar som gjekk heilt perfekt, ho sat dønn i ro, så eg får berre mote meg opp fleire gonger med dei andre der også. :-)

Treninga slutta ca halv ni, men eg var ikkje heime før halv ti og Berlinerpoplene begynte. Rakk det akkurat..

Må terpe meir på TÅ, baklengs og framlengs.
Trene med at Vetle går bort og berører henne.
Sikre at ho står i ro når eg går rundt.

lørdag, januar 03, 2009

Generalisering

Halsen er framleis skikkelig vond, men nå har Vetle også blitt sjuk. Derfor var det eg som måtte opp og handle i dag, og så tenkte eg (lure meg) at eg skulle ta med Ayla og trene litt ved skulen. 

Det er ikkje alltid like langt fra tanke til handling for meg, så eg gjorde nettopp det. Dei heimelaga godbitane var verkeleg suksess, og i løpet av ein liten halvtime fekk me trent på: Fri ved foten, stimuluskontroll på Stå fra sitt, innkalling, dekk og bli med skjult førar (inspirert av Siv), stå under marsj og sitt fra dekk.

Så orka ikkje kroppen min meir, og me ga oss. Ayla var kjempefornøydd, og det var eg også. 

Mål for 2009 er å starte i LP klasse 1 (det er eigentlig bare tannvisninga som gjenstår), og i Avansert klasse i Rallylydighet. 
Utanom det reknar eg med å halde nokre kurs, og ser føre meg at våren blir travel og hektisk. 

Eg driv også og undersøker og tenker på om eg skal få gjort ei funksjonsanalyse av Ayla. Det eg må finne ut er om der er sannsynlighet for at ho kan bli verre etter ei slik, eller ikkje. Så må eg undersøke nøyaktig kva hundane blir utsatt for, og kor prøvane blir holdt. Det hadde jo vore interessant å sjå kor ho scorer lågt og kor ho scorer høgt. 

torsdag, januar 01, 2009

Prosjekt stimuluskontroll

Det går i surr av og til, og eg er ikkje heilt sikker på om det er pga stemmen min, eller om det bare er prossessen som tar den tida den tar... Men her er altså ein liten videosnutt av kor langt me er komne.

Maleriene mine.

SAM_0714
Olaug og Lea. Malt til Olaug sin bursdag 12.4.2011. 50x60 cm stort.

  SAM_0490
Ved sjøen på Randaberg. Det vesle huset i bakgrunnen er det same eg har malt lenger nede.


 SAM_0484
Spør meg ikkje kva dette skal vera, det vil sannsynligvis bli malt over.


resize_image_-2140136669
Forsøksbilde som nå er malt over igjen.

SAM_0483
Malt på kurskveld og gjort ferdig heime.


SAM_0486
Malt på kurskveld etter bilete av ei asiatisk statue.


SAM_0481SAM_0485
Mitt eige motiv. To bilete over same temaet.

SAM_0489
Tullebilete.

 



SAM_0487
Vetle og Joey.



SAM_0482
    Langs sjøen i Randaberg. Eit ynda område å gå tur i då me budde der oppe. Same huset som eg har malt lenger oppe.


  SAM_0480
"Einsemd i tosemd"
Motivet er mitt eige.


SAM_0479
Her har eg forsøkt å male tjernet vårt. Eg får ikkje heilt til trær på dette tidspunktet (jan -11), men det kjem nok etterkvart.
   

SAM_0478
Det aller første eg malte. Hadde bare svart og kvit maling, og syns eg fekk det greit til. Eg visste eg ville endre meining etter oppstart av malekurset, og det fekk eg rett i ;-)