torsdag, april 21, 2011

Første treningsøkt etter Elitesamling.

Videoen er over minuttet langt, og er speeda opp med dobbel fart, så han ligg jo eigentleg i to minutter! Juhu!!

Eg hadde avtalt med Marit og Vinja at me skulle trene ved Hundeklubben sitt område i dag, klokka elleve. På førehand visste eg at eg måtte trene på dette med Emil og hundar. Vinja er ei gammal tervuerentispe som har gjort seg opp ei meining om kor skapet skal stå, og unge jyplingar som Emil må gjerne få høyre hennar meining. Difor hadde eg plassert buret eit godt stykke vekke frå der Marit og Vinja ville entre treningsbanen. Han boffa litt på Marit då ho kom, og eg hadde han ute or buret då Marit gjekk og henta Vinja. Flinke meg! Og flinke Emil som ikkje laga lyd.

Marit og Vinja er påmelde alle fire rallystevna i Bø i Telemark 21-22 mai, der eg skal vera dommarelev, og trengte å jobbe med venstrevridningar. Og då eg var med dei og trente, sat Emil i buret og venta. Eit par gonger la han seg faktisk ned! Tommelen opp

Då eg tok han ut for å jobbe, skulle eg trene på stolleken, og etter nokre repetisjonar, tok han ut ned til Vinja. Marit stod heldigvis i nærleiken, for det hjalp ikkje om eg ropte på han. Eg har altså IKKJE god nok innkalling på den snåtten.
Vinja fortelte Emil kor idiotisk han oppførte seg som stakk av frå meg, og Emil holdt seg på ein meters avstand og forsøkte å få med seg kva ho sa. Då eg kom ned til dei, tok eg Emil i selen og gjekk opp for å trene vidare. Eg hadde ikkje lyst til å sette han i buret etter den fadesen, og så snart me hadde gått tre-fire meter, var fokuset tilbake på meg. Hadde eg satt han i buret, hadde eg nok ikkje vågd å la han gå utan band i neste økt. (det blir det same som å setja seg opp på hesten igjen etter eit fall)
Etter eit par gode repetisjonar der eg atter hadde stolt på han med ballen, tok eg på han bandet og så gjekk me litt lineføring, både Marit og eg, og avslutta då me var 5-6 meter frå kvarandre. Emil syns ikkje ho var så skrekkelig interessant lenger, heldigvis, og etterpå fekk han slappe av litt i buret.

Snille Marit beroliga meg med at Vinja var gammal i gamet og ikkje tok seg nær av ei slik oppleving, og det var eg veldig glad for.

I tillegg hadde eg bestemt meg for å trene på stå under marsj, men klarte ikkje å få han til å tilby det om det SMALT! Eg står heilt aldeles bom fast i den øvelsen, og aner ikkje korleis eg skal få det til å løsne. Eg forsøkte å legge leika bak han for å framprovosere ein stå, men han gjekk og gjekk etter meg. Eg forsøkte å vise han handflata som hjelp til å tipse han om at han skulle stoppe, men han kobla ikkje det, heller. Det endte med at eg ga opp.

I morgon tenkte eg me måtte prøve oss på Stå under marsj igjen, for eg MÅ få det til! Smilefjes

søndag, april 17, 2011

Elitesamling, helg 1, dag 2.

Ingen mareritt i natt, bare rare draumar, og dei er jo ikkje heilt å forakte ;-)

Kom meg avgårde til planlagt tid, og var på Hove litt over halv ni. Då hadde alleiere Siv og Elin kome, og stod og trente mens eg rigga meg opp. Eg vågde meg nærmare dei andre i dag, og tenkte at om det ikkje gjekk, var det jo berre å flytte oss lenger vekk. Verre var det jo ikkje.
Emil fekk komme ut or bilen, og fekk oppvarming og dotur før han fekk gå inn i buret.
Dei snille snille meddeltakarane mine tok hensyn til oss, og plasserte ikkje sine bur KLIN oppi Emil sitt, og det satte eg utruleg stor pris på!
SAM_0818
Dette biletet er tatt seint på dag, og han sit faktisk med åpen burdør! Men altså, så nært dei andre sat me i dag! Juhu til Emil og JUHU til meg :-)

 

Eg fekk mykje skryt over Emil i dag, og eg merker veldig godt at det hjelper på mitt syn på situasjonen vår å få høyre at han er så flink og snill og roleg og fokusert og god og skjønn og vakker og ja... I could go on and on and on! :-)
Bagatellisering av Mister Brumlebasse er god medisin for meg, og også det å bli pusha, slik eg blei ganske så heftig av Hilde i går då Emil stod så langt vekke. Eg var ikkje klar for det i går, men i dag då eg hadde sove på det, DÅ gjorde eg det.

Me hadde sju økter i dag, men eg deltok berre på seks. Emil var så sliten under sjette økta, at eg hadde ikkje hjarta til å utsette han for meir. Den femte økta var starten på innlæring av avstandsdirigering, og me skulle jobbe med to og SAM_0809to kombinasjonar. Sitt-stå eller Ligg-stå. Heime har eg ikkje fått han opp i stå frå hverken sitt eller ligg, og ute på treningsplassen fekk eg det heller ikkje til. Dette frustrerte han så mykje at han rulla rundt! då Elin skulle snakke med meg, og eg sette meg ned til han, slik eg plar gjera når eg ikkje kan følge med på alt han kan belønnas for. Kvar gong han spretter opp frå ligg eller sitt, kastar han seg rundt i utgongsstilling, nemlig, så me måtte stille oss inntil husvegg for å få dette til.
 
Det blei ei økt til etter det, då med frys på handtarget, noko eg syns han greidde heilt flott! Me har trent litt på det her heime, så det var jo kjekt å få hjelp til å komme vidare på det...

Dei andre øktene var:

Økt 1: Kjede forskjellige øvelsar. Eg valde inngong, tannvisning, hinder på nye måten, og FVF. Tannvisninga gjekk greit etter eit par repetisjonar, og det gjorde vel forsåvidt hinderet også. Det var IKKJE det same å hoppe over eit slikt hinder som det å hoppe over VÅRT hinder, må vite.

Då eg skulle trene FVF, gjekk han bak meg MED EIN GONG eg starta. Det skjedde så raskt at eg ikkje rakk å snu slik eg lærte dagen før. Andre repetisjon skjedde det same. Tredje repetisjon belønna eg første steg, det gjorde eg med dei neste repetisjonane også, og så var det berre å køyre på. Då kunne eg bli kommandert litt, og me kunne gå laaaangt! :-)
Notatene mine for denne økta var å belønne variabelt under FVF, av og til dei første stega, belønne transportetapper, trene først hinder og så berre eit par steg FVF før belønning kjem, og fortsetja å trene fleire øvelsar i strekk utan belønning. Det skal gjerast sjølvsagt i hundens tempo.

Økt 2 var ruta. Her skulle Emil sjølv finne ut i ruta, og så skulle eg belønne med ball. Dette var vanskelig og ukult,og må nok bli ein av øvelsane eg skal velje å trene på til neste samling. Eg rota det til med å belønne med ulike ballar, og då det kom ein pipeball, blei den litt for kjekk for Emil til å ville komme tilbake til meg igjen. Då eg brukte min eigen ball, kom han rett tilbake. Dette må trenas meir på.

Økt 3 Hopp. Etter nokre teite tjuvstartar, fekk han vondt i venstre framfoten såpass ille då han landa, at han løfta den opp og vegra å trø ned igjen. Eg kjende på foten, men kunne ikkje kjenne noko annleis, eller sjå noko. Då eg skulle sjekka om han trødde på han igjen, gjorde han det. Eg sette han i sitt og bli, og gjekk i frå, og fekk høyre frå Elin at han sat uroleg då eg gjekk frå. Eg såg på han at han ikkje var heilt god i foten, for han sat annleis etter denne støyten. Eg fekk han over hoppet, og såg ingen halting. Kommanderte sitt og bli og gjekk frå, og han sat framleis med litt bøyd ankelledd. Då datt eg heilt ut og kjende eg blei veldig i tvil. Eg sa at eg trengte hjelp og at eg stod heilt fast, og at dette er mi trening i eit nøtteskal. Eg ser "ei skade", og blir heilt matt og tafatt og får ikkje til å tenke klart eller trene bra.
Rådet eg fekk var å ta ei pause om det skjedde heime, og puste djupt, og så fortsetje å trene om han ikkje virka veldig vond, sjølvsagt. Dei får jo litt akutte vondtar av og til, eg veit jo det, men eg har nok lett for å sjå fem høns i staden for ei fjær. Det er ikkje alltid like enkelt å sjå det sjølv der og då, så eg må prøve å trene litt meir i lag med andre.
SAM_0800 SAM_0790

Økt 4 Var innkalling med stå. Her hadde Elin ein pappkopp med oppbløytt tørrfor, og eg gjekk bakover med kontakt med Emil. Då han følgde fint, sa eg VÆRSÅGOD, og så fekk han springe bakover til Elin og koppen.
Etter nokre gode repetisjonar med dette, daffa han av litt, og då bytta me over til leike. Dette fekk opp farten igjen, men han reagerer ikkje raskt nok på VÆRSÅGOD. Dette må me berre jobbe meir med.

Økt 5 var Avstandskommando som eg allereie har kommentert, og

Økt 6 var innlæring av naseprøve. Her skulle me starte med håndtarget, og me har jo som nevnt jobba litt med dette her heime. Han fungerer greit med omvendt lokking, og i det eg skriv dette, merker eg at eg lurer på om ikkje omvendt lokking har blitt brukt VEL mykje i helga. Eg får spørje instruktørane ;-)
Tipset mitt herfrå var å strekke frysen, og begynne å overføre den til postIt lappar som eg deretter klistrar på vegg, legg til fleire lappar, fester lappen på naseprøven, tar av lappen, bruker naseprøven til frystarget o.s.v.

Mellom øktene, sat Emil stort sett i buret sitt og kikka på dei andre hundane. Han fekk nokså hyppige godbitar, og på ein så matglad hund MÅ jo det ende i sikkel:
SAM_0766
Nei, han har IKKJE svelgt ein tennissko ;-)

Før våre treningsøkter, fekk han komme ut or buret fem minutter før, og fekk varme opp og koble seg på nett. Dette syns eg fungerte veldig godt, så det skal eg fortsetja med når eg skal trene noko med mykje fart i. Etter dei same øktene fekk han gå og rusle litt på eit jorde før han fekk gå i buret igjen.

På slutten av dagen vågde eg meg til og med på å opne burdøra, og inviterte han ut for å sitje hjå meg av og til. Han la seg fint ned og kikka med roleg kroppsspråk på alt som skjedde rundt.
SAM_0822 SAM_0815 SAM_0816
Det var mest så eg lurte på om nokon hadde vore og bytta ut Emil med ein annan hund...

Den siste økta for dei andre, var fellesdekk. Eg tenkte på om eg skulle sei at eg ville legge han heeeeeilt på yttersida av alle dei andre, men lot det vera i frykt for at det var det som ville tippe han over i dag. Dette valget gjorde til at eg ikkje føler NOKO negativt skjedde oss i dag.

For sjølv om han brumla litt på Max eit par gonger, var han enkel  å få kontakt med, og stansa raskt. 
Heller ikkje i dag hadde eg band på han særleg mykje, og eg ba heller ikkje folk setje inn hundane sine då me var ute og trente. Flink meg! Fleire gonger var han på veg frå meg MOT belønning, då han såg hundar som passerte på utsida av ringen. ALLE GONGENE snudde han og kom tilbake til meg. Til og med under ei seiersrunde med ein av ballane, valde han rett og kom heller bort til meg. Innkallinga hans er GOD, og han er veldig fokusert på meg.

Denne helga har eg fått sett at han er ikkje håplaus, han taklar faktisk andre hundar noskå nært innpå seg, men ikkje for nært sånn heilt endå, liksom. Men han var så rolig og deilig på slutten i dag, og eg fekk sjå den hunden eg har drøymt om i årevis! Eg treng å bli pusha til å prøve, og eg treng VERKELEG slik fantastisk tilbakemelding som eg har fått denne helga. Joda, eg veit eg får det elles også, men denne helga såg eg det sjølv også, og det hjelper alltid på truverdigheten ;-)

Alt i alt er eg uendeleg glad for at eg ikkje trakk meg frå kurset, for etter denne helga boblar eg nesten over av motivasjon! Eg vurderer STERKT å skrive til Elin at eg skal debutere i LP ringen når neste Sørlandsappell startar i haust. Eg er ikkje sikker på dato, men tipper det første stevnet blir i oktober. Og det er jo rikeleg med tid. I tillegg har me muligens planar om å dra til Morokulien på Rallystevne i september, og då kan det jo hende me er klar for å delta der :-) Eller... vent litt.. det er jo MINDRE enn fem mnd til, og det blei brått litt knapt med tid.. Gulp.. Vel, me får sjå.

 

Sånn heilt til slutt, må eg berre fortelje om Ayla i morges. Eg kunne ikkje finne att sokkane mine som eg var SIKKER på at eg hadde lagt fra meg i stolen, og vurderte om eg haldt på å bli sprø. Kan hende eg var så trøtt at eg bare hadde TENKT å legge dei frå meg på stolen?
Eg fann dei til slutt:

SAM_0759 
"Sokkar? Nei, har'kje sett nåken sokkar, eg..."

lørdag, april 16, 2011

Elitesamling, helg 1, dag 1

Nervene må ha vore i høgspenn hjå meg før denne dagen, for eg har nesten ikkje sove i natt. Skrekkfulle mareritt vekte meg halv fem, og etter det fekk eg ikkje sove. Mareritta var ikkje om Emil, berre så det er sagt ;-)

Dagen starta med teori heime hjå Siv, og den første eg møtte på utanfor døra var Nina. Det var litt rart å endeleg treffe denne personen som eg har fulgt bloggen til ei god stund nå, og skjønte liksom ikkje heilt kva som skjedde då eg hadde gitt henne ein god klem :-) Rart med det, men det kjentes berre ut som om det var lenge  sidan sist, i stadenfor lenge sidan ALDRI! ;-)

Etter eit par timar med teori om Motivasjon, Treningstips og litt til, var det på tide å dra opp til Hove for praktisk trening. Sommarfuglane eg hadde hatt i magen kvelden før, var blitt til kamphanar med sporer, og då eg hadde rigga buret opp laaaaangt vekke frå dei andre, var det dags å ta Emil ut or bilen. Han busta umiddelbart, for det var jo hundar ute. Eg måtte bruke nærmare ti minutter (eller det føltes slik) for at me kunne komme oss vekk frå bilen.

Me hadde ikkje sjans til å nærma oss treningsplassen, så me holdt oss godt i utkanten. Han busta og brumma litt, og var veldig veldig høg. Eg kjende att kjenslene i magen, og dei var ikkje gode. Det var ærleg  talt like før eg sette han i bilen og køyrde heim.
Dei andre hadde byrja å trene, ein og ein, og eg fekk hverken høyrt på eller vore med og hjelpt. Me måtte jo halde oss så langt vekke frå dei andre!

Like før det var vår tur, gjekk eg tom for godbitar, og resten låg på buret i nærleiken av dei andre hundane. Difor måtte eg binde Emil til ei trapp og gå frå han for å hente meir. Han sat som ein prest, utan å lage lyd eller buste eller noko, og det var ikkje meir som skulle til før eg ogaugna håp.

Mi første økt trente eg på "fellesdekk", med folk ved sida av (som om dei hadde hatt hundar der), og han syns det var veldig vanskeleg å bli liggande. Me har jo heilt gløymt ut å trene på det også, så det skulle eigentleg berre mangle.
Likevel, då mine tre minutter var over, fekk han endeleg gå i buret sitt. Der sat han til det var hans tur igjen, og då låg  han som ein prest på "fellesdekk, økt 2"! Denne økta hadde eg dessutan bedt om å ha hund ute. Ei roleg fin labradortispe som ikkje ville bry seg om Emil bjeffa på henne, noko han IKKJE gjorde  :-)

Så skulle me trene to og to på ein valfri leik, og Hilde og eg gjekk saman om å trene på Stolleiken. Den går ut på at hunden på eige initiativ skal springe rundt ein stol og komme som ein orkan tilbake igjen. 
Då han fekk komme ut or buret for Stolleiken, hadde eg faktisk ikkje band på han! Det hang rundt skuldra mi, og blei nesten ikkje brukt resten av dagen! Tenk det!



Emil tok dette rimeleg kjapt, syns eg, og han blei belønna med ball som han kom sporenstraks tilbake med. Ein gong bomma eg litt då eg heiv ballen, så den kom litt nære ein av dei andre hundane, men han kikka berre på henne, og snudde rett tilbake til meg! Juhu!!

Så var det litt ein og ein trening igjen, og denne gongen skulle me trene på det lydighetsfolket kallar Mannekengen. Dette er ein øvelse i Eliteklassen som går ut på at ein gir STÅ, SITT, og LIGG kommando under marsj.
Me valde å få hjelp til at Emil nokre gonger går BAK meg. 


SAM_0743 
Fin kontakt under FVF trening. Det ser jo nesten ut som om me veit kva me held på med :-D

SAM_0739
Emil har fått ball som belønning og returnerer som ein annan retriever! ;-)

 

Neste økt var å starte innlæring av apportering med dirigering. Her hadde Elin satt ut tre matskåler,( identiske med dei me bruker heime), og la godbit oppi ei av dei på sidene. Emil sprang ut, fant ein pølsebit, og kom tilbake til meg for å få belønning: EI oppbløytt tørrforkule.
Neste repetisjon sprang han ut til skåla att, men tok faktisk ikkje godbiten, berre returnerte til meg. Eg sende ut på nytt, og då kom han attende med matskåla, stakkar.

Han fekk til slutt maaange gode repetisjonar, for løysinga var å ha tørrforkule både hjå meg og oppi matskåla. :-)
Me kom faktisk såpass langt at eg kunne be han stå og bli (kor har han lært DET hen???) ved kjegla, og så dirigere han til den skåla han skulle til.


SAM_0747 
Innlæring av apportering med dirigering. Emil misforstod litt, og apporterte matskåla slik han gjer heime, noko som sjarmerte publikum :-)


SAM_0750SAM_0749
Emil stuper oppi skåla.

Under våre pausar sat eller låg han stort sett slik:
 SAM_0744
SAM_0745
SAM_0733
Flinke flinke hunden min!! *smelt*

To gonger kom det lyd frå buret; to bjeff då ein av dei andre hundane leika med lyd (eg blei LIVREDD for at han skulle bli som Ayla, som aldeles ikkje tålererer at andre hundar leiker med NOKON som helst! Men same hunden leika med lyd litt seinare, og då kom det ingen lydar frå buret)
og ein god del knurring, bjeffing (han sette alle dei andre hundane på mi gruppe i gong med varselskor, unnskyld!!) på ein hest som longsjerte på andre sida av treningsplassen. Same hesten var ingenting å bry seg med då han kom nærmare, heldigvis.

Då praksisdagen var slutt,  kom Nina og Ember bort for å helse på, og eg må sei at Ember er verkeleg lik Emil å sjå til, altså! Han er høgare og har meir luft under beina, og er ein slank og vakker representant for rasen sin! Eit herleg blidt humør på han, og dei har mange av dei same faktene. Det har eg faktisk aldri sett hjå nokon annan hund, så dette syns eg var artig!

Etterpå møttes me hjå Siv igjen, og fekk foredrag av Maria Haugnes om hund og musklar. Eit særs interessant foredrag som sjølvsagt sende ilingar av dårleg samvit opp gjennom ryggrada, men eg fekk med meg haugevis av gode råd om førebuing av skader.

Vel heime var både eg og Emil heilt kaputt, for sjølve kursdagen blei 9,5 timar for meg. Emil fekk kvile litt meir, heldigvis :-) Eg reiste heimefrå kvart på åtte, og var heime att tolv timar seinare. Då stod Vetle og Ayla ved vegen og tok i mot oss, og inne putra tacosen i panna...
Eg måtte legge meg bittelitt på sofaen mens tacosen putra seg ferdig, og ikkje før hadde eg lagt meg ned, så kom både Emil og og Ayla for å fortelje meg om dagen sin :-)
SAM_0751
 
Alt i alt har dagen vore fantastisk! Me hadde strålande vær, og eg hugsa å smøre meg med faktor 20, noko eg var glad  for då eg såg kor raude dei fleste var i kjakane under siste teoriøkta om hund og musklar.
Emil trengte berre å lande før han kunne bli med og trene, og det vil eg forsøke å få til i morgon også. Då har eg store planar om å komme litt tidleg for å få rigga meg opp og lufte og bli klar for å starte dagens trening.
Eg har også lært (nok ein gong) at Emil er rask til å lære, og at eg må bli flink til å lage ein fornuftig plan for treninga vår. Det skal eg gjera når helga er over, for eg veit jo også at det blir meir effektiv trening då. Jepp, dette skal bli så bra, så! :-D

mandag, april 11, 2011

Vekesoppdatering

Onsdag hadde eg avtalt med Marit og Vinja å trene litt rally. Eg hadde med meg både Ayla og Emil, for eg var redd for at Ayla ville klø seg om ho blei att heime åleine.

Vel framme på treningsplassen hadde Marit allereie dukka opp, og eg sette opp banen frå konkurransen i Stavanger. Då den var oppe, tok eg ut Ayla og lot henne helse på Marit for første gong. Marit kunne ikkje heilt forstå at dette var hunden eg hadde fortelt var redd for folk. :-) Ayla lot seg jo sjølvsagt bestikke, og dermed var det gjort...

Eg bestemte meg for at eg ville prøve å gå banen med Ayla, og erfarte at ho nølte med å setja seg. Då ho først gjorde det, sat ho på skinka, og ikkje vanleg, slik ho plar gjera. Eg merka også at ho vralta ein del, og då me var ferdige, kjende eg at det nok var heilt sikkert hennar siste rallybane. Vemodig og vond erkjennelse, det. :-(

Neste ut var Marit og Vinja, og eg fekk lov til å dømme :-) Godt med trening på slikt også!
Eg tok eit par bilete, men fant ut heime at eg ikkje hadde hatt minnekort i kameraet, så dei bileta blei det ikkje noko av.

Då det var Emil sin tur ut or bilen, trente eg på det Siv og Elin lærte meg på mandag. Det var ikkje fullt så enkelt å gjer dette åleine, men han roa seg då til slutt. Trudde eg. Då eg hadde fått jobba oss bort på parkeringsplassen, dukka nemlig Operasongaren opp for full hals. Han stod og UUUUUUULTE ved sida av meg, og vekselsvis hoppa opp på meg og kikka ut i lause lufta. Kvar gong eg bevegde bittelitt på meg, stansa han eit nanosekund og såg særdeles håpefull ut før han skjønte at eg ikkje hadde tenkt å gå vidare og sette i gong igjen. Det ga seg etter det som for meg virka som tre-fire minutter (det er ikkje sikkert at det varte så lenge, men det føltes i alle fall slik).

Etter fleire gode responsar på omvendt lokking, kunne me rusle i bilen att. Og etter at Vinja hadde gått banen ein gong til, tok eg ut Emil igjen mens Marit og Vinja trente litt på andre sida av parkeringsplassen.
Emil buldra litt med ein gong han såg Vinja. Han rakk ikkje å feste blikket på henne eingong. Dette gjentok seg gong på gong, sjølv om avstanden var ganske så stor, men omsider kunne me gå litt FVF, me også. Me ga oss etter dette.

Så kom lørdagen, og eg tok med meg Emil for å sjå på Siv og Elin som skulle gå LP prøve i Øvrebø, ein halvtimes køyring herfrå. Med ein gong eg kom fram, fekk han komme ut or bilen, og busta kom opp umiddelbart. Litt hopping før brumlig, og han fekk gå i bilen igjen. Litt etterpå fekk han prøve seg ute igjen, og alt gjentok seg, pluss at Operasongaren Light dukka opp. Eg kjende fortvilelsen reiv i meg, og eg hadde mest lyst til å gi opp. Eg gjorde ikkje det, og til slutt tidde han stille og blei forsiktig i munnen og han fekk gå i bilen igjen.

Økt to med denne treninga, ein halvtime seinare, føregjekk på same måten, men uten Operasongaren til stades. Me klarte til og med å komme oss bortforbi bilen uten hyling og busting.

Så var det tid for at Siv og Elin skulle gå konkurransen sin, og dei gjekk faktisk samtidig, i kvar sin bane.
SAM_0583
Siv og Kry


SAM_0576 
Elin og Spike

 

Økt tre var då eg skulle reise derfrå. Den gjekk veldig bra. Me kunne raskt forflytte oss til parkeringsplassen, og fekk gått litt lineføring og holdtar der.

Økt fire denne dagen var framforbi Rema1000 på Vikeland, og der fekk eg kontakt med ein gong ut or bilen, og heile tida mens han var ute.

Søndagen gjekk me til Fiskelausvatn for første gong uten ski i år. Det var nydeleg og varmt og deilig og med løfter om snarleg sommar. Emil gjekk laus utan band og han sprang og sprang og sprang opp og ned skogskrentane, innom meg litt, og så ut igjen. Større avstandar i år, så motet hans aukar.
SAM_0600

Vel framme ved Fiskelausvatn høyrde eg plasking før eg kom heilt bort, og fekk heilt panikk og såg føre meg at Emil hadde gått gjennom isen og låg nå og plaska fortvilt.
Den gong ei. Isen hadde gått heilt inne ved land, må vite, og det låg nokre isflak av ulik størrelse og duppa i vatnet. Skispora etter meg kunne framleis skimtas langsmed land, og det er berre tre veker sidan eg var der på ski sist.
SAM_0613

Eg sette meg ned med ein kopp te og kameraet, og kunne nyta synet av ein Emil som tydelegvis hadde funne sin nye misjon: Renske Fiskelausvatn for isflak:
 SAM_0611 
SAM_0636
SAM_0655

Og så til ei lita koselig og varm episode som hende meg i dag, mandag.

Eg var ute og rusla litt i hagen for å sjå om det hadde begynt å spire i beda og om kvitveisen hadde starta si ferd mot sola. Borte ved syrinbusken stod Emil og bjeffa på Smiley som murra og freste tilbake. Eg veit at Emil har betre vett  enn å nærme seg kattar som høyres slik ut, men eg gjekk bort likevel. Då rusla Emil vekk, og Smiley via stor interesse til noko som låg på bakken. Først såg det ut som ein liten stålorm, men så såg eg at det var ei av firfislene våre. Eg blei frykteleg lei meg, for ho såg død ut. Og eg ville ikkje at Smiley skulle få leike vidare med denne vesle skapninga.

Eg tok henne i hendene mine, og kjende at ho var iskald. Augene var åpne, og ho pusta. Eg kikka over kroppen på henne, og kunne ikkje sjå skade nokonstad. Ho hadde førlighet i frambeina, men bakbeina låg heilt daude i handa mi. Eg kunne kjenne henne puste, og sette meg ned i sola og vendte handa mot varmen. Det såg ut til at ho kvikna til litt, men bakre del av kroppen var heilt livlaus. Eg vurderte om eg kom til å bli nøydd til å avlive henne, og funderte på korleis eg eventuelt ville utføre avlivinga. Medan eg tenkte desse morbide tankane, merka eg at ho fekk kvikkare rørsler på hovudet, og brått livna heile kroppen til, og ho pilte ut or handa mi og ned på bakken.  Kan tru eg blei glad då  :-)
Rett og slett ei lita solskinnshistorie! :-)

mandag, april 04, 2011

Prosjekt Brumlebasse - me trør på vidare.

I dag skulle eg treffe Siv for å få litt hjelp med Prosjekt Brumlebasse, og eg både gleda meg og grua meg. Eg gleda meg til å få tips til korleis eg kan jobbe med han vidare - og då særleg fram mot første helga av Elitesatsinga nå i april - og grua meg til kor ille han kunne komme til å oppføre seg.

Me treftes ved Hove Leirsenter klokka elleve, og eg visste bare om at Siv skulle møte meg, men jammen meg kom Elin og Spike også! Etter ein kort briefing måtte me til pers, Emil og eg. Eg hugsar ikkje HEILT rekkefølga for når ting skjedde, men greit oppsummert skjedde det slik:

Då eg først tok ut Emil or bilen, dukka Operasongaren opp. Mykje lyd og hopping, altså. Då han fekk føtene på jorda igjen, fekk han belønning for det, og min instruks var å belønne kontakt og fire føter på bakken, og ikkje belønne når han såg på Spike, men når han såg tilbake på meg. Dette er litt motstridande mot slik eg har jobba tidlegare, då eg har jobba etter Kindereggmetoden (som eg avskyr navnet på, for det er ingen overraskelsesmomenter her). Dersom Emil låste blikket på den andre hunden, skulle eg gå bakover til eg hadde kontakt igjen, og belønne det.

Då Spike kom ut, låste han blikket med ein gong, og opp kom busta. Eg gjekk bakover, og belønna med godbitar frå handa. Etter ei stund fekk eg beskjed om å belønne med godbitar på bakken heller.

Busta kom ned, og Spike gjekk inn i bilen igjen, og Emil fekk ballen sin.

Neste økt fekk eg beskjed om å bruke mykje meir omvendt lokking, og eg skulle bli streng på tannbruk. Null godbit dersom eg kjente tenner på fingrane, og rolige bevegelsar, og han skulle få godbiten når han sjølv var rolig. Ro og ro og ro og ro, altså. Dette syns eg fungerte veldig godt på han, for kvar gong han kikka litt lenge på Spike, gjekk eg bakover, og Emil fulgte etter.

SAM_0502
Emil sit fint under omvendt lokking, og veit han må fortsetje med det før godbiten kjem så nærme at han får lov til å forsyne seg rolig.

Då Kenzi kom ut, blei det straks vanskeligare, og han hadde eit utfall då ho kom litt nært på. Eller.. utfall og utfall.. Han sprang ut i bandet, og det kom lyd, men ingen bjeffing, trur eg.

Det utfallet kom like etter biletet over, og altså sekunder etter at han såg så rolig og fin ut, skjedde dette:
SAM_0503 
Her har eg allereie sett kva som skjer, så eg er i ferd med å samle opp bandet for å stålsette armen for rykket før me rusler bakover og får litt større avstand. Kenzi var vel ein tre-fire meter unna då dette hendte.

Og her er filmen som bileta er henta frå. Bak kameraet går Kenzi ganske nært, og Spike eit stykke unna. Altså to hundar ute samtidig.

Etter ein lenger pause, blei også Prosjekt Operasongar tatt tak i, for han er fæl til å hoppe på meg med ein gong han kjem ut or bilen. Det eg skulle gjer til å begynne med, var å ignorere hoppinga. Då han hadde fire føter i bakken, skulle han få belønning via omvendt lokking, og også her skulle han vera forsiktig i munnen. Rolige rørsler skulle utløyse omvendt lokking.

Etter nokre godbitar utor bilen, fekk han hoppe inn at. Neste økt var det litt hopping igjen, men mindre enn første gongen. Dei påfølgande øktene roa han seg raskt og greit.
Desse første øktene haldt eg ikkje i bandet då han skulle ut, for under Brumlebassetreninga erfarte eg kor lite som skal til av at eg gjer noko med bandet før hoppinga startar.
Etterkvart tok eg i bandet og han var like roleg, uavhengig av om eg haldt lengst ute i løkke, eller nesten heilt oppe ved selen.

Dette med bandet skal eg jobbe med separat, og trene på å gradvis venne han til at han kjenner at eg held i bandet uten at han starter å hoppe på meg. Eg skal også forsøke om han reagerer annleis når han har halsband kontra sele.

Vidare i dag fekk eg trent litt på avlevering av ball, og fekk nokre tips til lydighetsinnkalling, og fekk også deilig kosekos av Vips :-) For ein behagelig hund!

Då me skulle heimover, kikka eg på klokka og såg me hadde holdt på i TRE timar! Eg trudde alvorleg talt me hadde vore der ein god time... Sånn kan det gå ;-)

Me fekk forresten skryt også i dag! Han hadde fin plassering i FVF, og rette fine innkomstar, og det var eit luksusproblem at han stadig ville inn i utgangsposisjon og eg ikkje fekk han i front, og så er han fin, og konsentrert og har fått god avlevering, og kjapp neddekk og og og... :-)

Mine punkt å jobbe vidare med er følgande:
* Ro ut or bilen. Bruk omvendt lokking, og ignorer hopping. Tren gjerne like utanfor bilen, og løys opp med litt leik innimellom

* Belønn kontakt i lag med andre hundar. Før han får låst blikket på den andre hunden, gå roleg bakover og belønn kontakt. Etter kvart kan eg gå litt FVF og belønne for at han held kontakten på meg.

* Under innkallingstrening, belønn med leik BAK meg for å få vekk kollisjonsinnkomst.

* Avlevering: sei BRA når han dytter snuten i handa mi, og belønn med godbitar frå den andre.

* Bruk mykje omvendt lokking. Veksle mellom å belønne med godbit på bakken og godbit via omvendt lokking. Han skal ha rolige bevegelsar før belønning kjem.
Dette kan også brukas når han skal få leike som belønning. Vent lenger og lenger før belønning kjem.

* Emil er ikkje ein problemhund. Veldig viktig punkt!!  Det er et bittelite problem for MEG, men absolutt overkommelig!!

 

Eg kjem kanhende til å tilføye noko her, men nå må eg skunde meg å skifte og køyre opp til Iveland for Dametrim! :-)