Viser innlegg med etiketten Utstilling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utstilling. Vis alle innlegg

mandag, september 13, 2010

Travel helg

Lørdags morgon reiste eg og Emil opp til Ålgård for å vera med Olaug og Thassie på utstilling idag.  Eg hadde dessutan avtalt med John at Emil skulle få bruke Odin som springekamerat littegranne.
Det regna slik på lørdagen, at det ikkje blei bilete, men møtet mellom Odin og Emil gjekk heilt strålande!  John tok ut Odin først, og gjekk oppover jordet eit stykke, og då eg tok ut Emil, slapp eg han laus med ein gong, slik at han skulle få ta alt i sitt eige tempo. Men Emil sprang rett opp til Odin og helste skikkelig fint! Eg mistenker at han trudde det var Ayla med ein gong... :-)

Eg tipper dei sprang i lag i kanskje 15-20 minutter, og så var det på tide for meg å køyre til Stavanger for å kjøpe dukar og nye gardiner på Kid. Eg hadde dessutan eit ærend på Ikea, og då klokka var fem var eg attende på Ålgård.
Eg var veldig spent på korleis Emil ville klare seg i møtet med Thassie. Emil er jo ikkje Herr Forsiktig, akkurat, men då han traff Thassie for første gong på to månader, snuste dei såvidt på kvarandre, og så var dei ferdige med det. Han var ikkje brulten eller masete på henne, og ho takla han heilt fint!

Resten av kvelden gjekk med til å førebu søndagens utstillingsplanar, og både Emil og eg slokna rimelig raskt då me la oss.

Søndagen var det altså tid for utstilling for Thassie. Olaug var ikkje det minste nervøs eller stressa, mens eg stressa litt med tanke på tida... Eg har nok litt allergi mot å komme for seint til ting, og syns det er greit å vera på plass idet klokka er der. Me kom ikkje for seint (eg gjer sjeldan det), og entra utstillingsområdet ganske på slaget klokka ti.
DSC08676

Rundt utstillingsringen stod det mange bord med tålmodige pudlar oppå og dei blei stelte etter alle kunstens reglar. Nydelege hundar, med ikkje fullt så snille eigarar. Hundane blei røska i øyrene, kjefta på, kvelt av båndet, og så vidare. Det var eit par hundar som ikkje syns det var kjekt i det heile tatt, og eigarane gjorde ikkje akkurat situasjonen betre for sine firbeinte vener. Slike opplevingar gjer meg heilt nøgd med at eg ikkje driv med utstilling.
DSC08681

Olaug og Thassie gjorde god figur i ringen, og eg svulma av stolthet då dei fekk kritikken sin og gjekk ut or ringen. Dommaren påpeikte at Thassie var godt utvikla for alderen, men at fargekombinasjonen ikkje var lovleg. So what!? :-)
DSC08734
DSC08706
DSC08712
DSC08724

Etter ustillinga var ferdig, lot me Thassie og Emil springe lause litt i lag, og det gjekk kjempefint! Då dei byrja å springe litt vel heftig, passa Emil på at han ikkje tråkka på Thassie, og farten var ikkje låg, det kan eg seie! Men Thassie blei ikkje nervøs eller syns han blei i meste laget, og det syns eg var skikkelig kjekt!
DSC08740

DSC08775 
DSC08743
DSC08753
DSC08766

Eg avtalt nok eit møte mellom Odin og Emil i dag. Me skulle eigentleg halde til der me var dagen før, men pga Odin kanskje måtte ut og leite etter folk (Odin er jo ferdig Redningshund, må vite), drog me ned til Sviland for ei aldri så lita springeøkt.

Denne dagen lot eg Emil stå ute mens Odin fekk kome ut or bilen. Ingen bust eller usikkerhet, han ville rett bort med ein gong. Etter det sprang og koste dei seg til John fekk telefon om at det blei leiteaksjon. Personen var blitt vekke i det området me var i, så det var ikkje lange køyreturen for Redningshunden Odin å dra på jobb. Seinare har eg fått vite at den sakna kom til rette av seg sjølv etter kort tid. Heldigvis!

DSC08777DSC08778DSC08793DSC08787

søndag, september 10, 2006

Orre NKK utstilling

Oy, for ein tidleg start på dagen! Opp klokka halv ti over sju, travel morgonfiks, kjapt stell, lynkjapp tissing med Joey, og så i bilen for å møte Olaug ved Åsedalen klokka ti på halv ni.

Anne Karin skulle nemleg i ringen klokka ni (!), så me måtte vera der tidleg.

Olaug hadde forsove seg, så ho køyrde ein annan veg og me var på Orre samtidig. Hundane oppførte seg som prakteksemplarer heilt til me kom inn i utstillingshallen. Då bjeffa Ayla på Aro, og hadde vondt for å roe seg igjen etterpå.
Så kom det ei dame og spurte meg om Ayla, så blei det bjeffing på dama også.

Me må trene på at folk kjem bort til oss, og ikkje berre at me går bort til folk!

Ute gjekk det betre. Bror hennar, Odin, kom med Livar. Odin hadde fått blodlus i Oltedal i juni, og hadde gått ned fem kilo. Pelsen var også matt og han var i det heile eit trist syn. Altså, han er ein flott hannhund, og han hadde vokst ganske mykje, men han var verkeleg matt i pelsen og tynn.

Ayla havna i bilen då det blei overskya, og eg fekk gått på litt bod-shopping. Kjøpte Olivers til Joey og skal prøve ein sekk av det. Kjøpte også eit digert bein til Ayla og to laaaaange oksemusklar (eg nekter å kalle det det eigentleg er, for eg noier skikkelig av at hundane ligg og tygg på akkurat DEN delen av oksen sin anatomi)...

Då me hadde sett og handla nok, drog me for å gå rundt Mosvatnet. Det endte opp med at me ikkje gjekk rundt det likevel. I staden tok me intens og konsekvent bandtrening. Me sette oss ned på nokre benker og trente ro-trening også. Ayla begynner å bli skikkelig flink til det nå, faktisk. Ho driv ikkje og tilbyr ting i hytt og pine, og klarer å roe seg greit.

Resten av dagen låg ho og sov, bortsett fra då me var ute på plenen og leika med ein øydelagd håndball. Trente litt fri-ved-foten då. Ho går jo som ei gudinne ved sida av meg så lenge ho veit ho kan få ballen! MAKS motivator, altså!



På kvelden sette eg meg ned med klikkertrenereksamen. Mesteparten er greit, men der er ei oppgave eg overhodet ikkje skjønar! Den irriterer meg grenselaust, altså!
Jaja... 18 dagar igjen til levering, men ein del av dei går vekk til bl.a bursdagsfeiring (min eigen), rydding til filmkveld, filmkveld, innkallingstrening på Ayla med forstyrrelsar (høns på Vistnestunet), avslapping. Då gjenstår eigentleg berre tre kveldar av dei atten, så eg har visst ikkje så god tid likevel. Ooops! :-)

søndag, juni 11, 2006

11. juni Oltedal


Henta Olaug og jentene og Swejsan i ti-tida, og så køyrde me alle til Oltedal for å kikke på utstillinga som var der.

Anne Karin og Shaylee hadde allereie vore i ringen då me kom, men dei var der framleis likevel. Swejsan oppførte seg eksemplarisk, og det gjorde Ayla også. Det var smellvarmt og sol og ein haug med folk og hundar!

Me traff Janette og Edel der også.

Halv to pakka me saman sakene og drog heimover, og både Silje og Elisabeth sovna etter ei kort stund.



På kvelden klarte eg å gi meg sjølv brannsår ikkje mindre enn to gonger. Eg skulle trene på doggie-zen og avstandsbelønning med Ayla borte på jordet her. Ho hadde langline på, og eg gjekk med sandalene på bildet her..

Me dreiv og trente, og ballen låg eit stykke borte. Brått heiv ho seg rundt og sprang mot ballen. I min iver etter å stanse henne så ho ikkje fekk belønne seg sjølv, trødde eg på lina. Den lause enden som eg trødde på låg vendt mot ballen, og enden som var festa i Ayla gjekk altså over foten min. I det eg trødde ned skikkelig, og Ayla strama lina, skar den seg ned i huden min og lagde eit lite sår.
Fillern, tenkte eg, og trente vidare.

Så skjedde nøyaktig det same ein gong til, denne gongen litt nedforbi, og myyyykje vondare. Eg tenkte noko anna enn fillern då, men trente vidare til me fekk til ei vellukka avstandsbelønning. Så gjekk me heim for å oppdage at såra var brannsår med væske og verk og heldigvis visste eg ikkje at det skulle gå to veker før eg kunne ha andre sko på meg enn desse sandalene.

lørdag, juni 03, 2006

3. juni. Heiagjeng på utstilling på Sola.

Me skulle ikkje stille sjølv i dag, men eg ville vera der for å filme Shaylee på bordet. Me kom der ti over halv ti, for dei hadde oppmøte klokka ti. Anne Karin, Arnfinn og Liv Karin kom fem minutter etter meg. Det var jammen godt me kom der så tidleg, for elles hadde eg nok ikkje nådd å få med meg Shaylee i ringen. Då klokka var 13:48 blei nummer 49 ropt opp! Jadda.. Og sjokoladekaka eg kjøpte (kake er heller ikkje snop) smakte berre vanilje.. snakk om lureri!

Hadde med meg Ayla littegranne, berre, for det var trongt og folksomt ei stund og ein drøss med små terrierar. Ayla helste på Liv Karin for første gong, og me klikka oss bort til henne med laust band. Gjekk kjempefint.

Då ho såg Arnfinn, gjekk ho mest ut av sitt gode skinn, og leita fælt i hendene hans etter godbitar.. Ho visste godt kven han var, ja!
Me sat like ved ringen, og Ayla slappa godt av. Såpass at ho la seg strekk ut og forlangte kos på magen! Det er godt å sjå at ho kan slappe av sjølv om der er masse liv rundt henne.

Shaylee gjekk med ein skjønn liten gut i Barn og Hund, og dei fekk pokal og bok og førstepremie.

Ved ringen sat der nokre folk med Cairnterrierar, og desse terrierane var i tottane på kvarandre heile tida. Den eine fauk på Shaylee mens ho var i ringen med han skjønne guten, og etter det hadde ikkjs Shaylee så veldig lyst til å nærme seg den sida av ringen igjen.

Då Anne Karin skulle gå med henne, greide Shaylee å bakke ut av bandet og sprang rett til Liv Karin. Korleis skal ein trene på slikt?

onsdag, mai 10, 2006

Onsdag 10. mai Tannvisningstrening

Kom til Anne Karin rett før halv sju. Då var foreldrene hennar der. Eg fekk endeleg veta namnet på far hennar, og det var Arnfinn.

Liv Karin (mor til Anne Karin) tok med seg Aro og Shaylee og gjekk innandørs. Arnfinn gjekk også inn, mens Anne Karin blei igjen ute. Eg gjekk og henta Ayla, og stilte meg opp på plenen for å trene litt på Anne Karin først. Det er jo Ayla vant til, så me gjekk gradvis fra tannvisning og til å føre handa over hovudet hennar før me ba Arnfinn om å komme ut.

Då byrja Ayla å bjeffe mot han med ein gong. Eg gjekk eit stykke bakover, til ho tidde stille og kikka på meg, og så klikka eg. Arnfinn gjekk i ring rundt oss til eg hadde kontakt med Ayla heile tida og ho ikkje lenger brydde seg om han, og så ba eg han stå i ro. Ayla og eg nærma oss gradvis, og eg ba Arnfinn halde handa si ut med håndflata opp. Ayla tok kjapt signalet og gjekk og la haka i handa hans. Arnfinn fekk lette på leppa hennar før me ga oss. Han stod heilt i ro mens Ayla gjekk og snuste litt på plenen.

Godbitane i kveld var mikrokokt frostskada kyllingfilet (som forøvrig var saftig og god, trass mikrobehandling) og kalkunkarbonader.

Så byrja me på igjen. Nærma oss gradvis, og endte opp med full tannvisning før eg sette henne i bilen igjen.

Neste økt var Arnfinn allereie i hagen då Ayla og meg kom inn. Ho bjeffa eit par gonger, og såg på meg, og klikkinga var i gong. Arnfinn kom bort til oss denne gongen og endte opp i full tannvisning.

Så kom Anne Karin bort og førte handa mot hovudet hennar. Så over hovudet, og så holdt handa over, og så kom Arnfinn bort og byrja på same måten. Først bort mot hovudet, så over, og så ga me oss.

Arnfinn sette seg ned på huk, og Ayla gjekk bort og slikka han i ansiktet. Han koste med henne, og ho syns det var heilt kult. Heilt til han reiste seg opp. Då byrja ho å stresse og bjeffe igjen og blei tydeleg usikker. Eg trakk meg litt unna, til ho blei stille og kikka på meg, og så fekk eg klikka Arnfinn bort til oss og han klappa henne og gjekk vekk igjen.

Anne Karin henta Aro ut, og så fekk han og Ayla leike litt i hagen. Begge to storkoste seg, og Ayla kom bort til meg eit par gonger med Aro på slep, og så fekk begge to klikk og godbit.

Me trente litt på Shaylee og bjeffinga mot vegen også, og dommertrening ved bordet. Og så fekk Ayla og Shaylee tutle litt i hagen.

Halv ni reiste eg heim igjen, og rakk akkurat Lost. Vetle hadde laga nachos til eg kom heim..



Eg må bare skryte av Arnfinn som var råflink til å gjer nøyaktig på ein prikk akkurat det eg ba om! Slike folk er uunværlige til slik trening som me gjorde i går! Eg blei heilt imponert!

søndag, mai 07, 2006

Søndag 7. mai. NKK utstilling




Nerver, sommarfuglar i magen, grue seg, kvalm, oppglødd, stressa, tåkeheim. Dette er berre stikkord for korleis eg hadde det denne søndags morgonen.

Me kom til Sørlandshallen rett over ti, og skulle etter programmet vera i ringen klokka elleve. Vel inne fann me ut at det sjølvsagt ikkje stemte lenger.

Eg fann Anne Karin og faren mens Vetle fann plass for oss å sitja rundt ring tre.

Ayla roa seg veldig bra då me sat og venta, og ho la seg til og med heilt ned og slappa av. Svigerfar kom også.
Mens eg sat og kikka på korleis dommaren handsama hundane, fekk eg bange aningar. Han tok nemleg hundane på hovudet før han sjekka tenner! Iiik!! Eg burde jo berre trekt meg der og då, men så lur var eg ikkje.

Då det var vår tur, stilde ho seg skikkeleg fint opp. Dommaren nærma seg. Ayla såg han ikkje før han stod like ved sida av henne og la handa på hovudet hennar. Ho trakk seg vekk og forsøkte å hoppe på han. Så la han handa på hovudet att, og då trakk ho seg vekk igjen mens han ville halde henne att. Då bjeffa ho mot han.

Eg hadde halvveges venta at me skulle bli vist ut av ringen, men det blei me altså ikkje. For det er vel ikkje mitt ansvar å gå ut av ringen av meg sjølv?
Eg ba Anne Karin om ein klikkar, og fekk stått og klikka ein del inni ringen. Ayla roa seg igjen og då det var vår tur til å stå foran dommarbordet, viste ho seg skikkelig fint. Ho stod og logra som berre det, og dommaren ga trass alt grei kritikk. Det som gjekk på utsjånad syns eg var veldig bra, men han syns at mentaliteten hennar ikkje var bra. Og så sa han at tannvisning ikkje var optimal.

Øhhh... det var mildt sagt...

Me fekk ei gul sløyfe og kritikken i handa, og så skulle me ikkje springe eller noko. Eg skjøna ikkje kva som hende heilt, men eg trur ikkje me blei KIPa, som det heiter.. Det står i alle fall 3 på kritikken, og ikkje KIP.

Nederlaget var til å ta og føle på, og eg var nok litt skjelven etterpå. Eg spurde far til Anne Karin om eg kunne kome ut til dei og bruke han til å trene på, og det sa han "ja sjølvsagt" til. Dei har hatt to rottweilerar tidlegare, så eg skal ut der og trene tannvisning til veka.
Etter utstillinga var det berre å dra og pakke og komme oss avgårde, for det er lange mil frå Kristiansand til Randaberg når motet og humøret er knekt.



Gløymde jo heilt å fortelle om resultatet til Shaylee: 1JK, 1 JKK, HP og 3 VK

onsdag, april 26, 2006

Gulp! 26/04/2006

Var inne på NKK sine sider og kikka litt nå.. Programmet for utstillingen har blitt lagt ut.
38 rottweilerar!!

søndag, april 09, 2006

9. april søndag. Ustillingsdag 2.


I dag vakna eg av klokka, til ein forandring, og ikkje Ayla! Fantastisk! Eller, det ville vore det, om ikkje det var for at klokka ringte halv åtte. Det er veldig tidleg på ein søndag, syns eg..

Var mykje rolegare i dag, for nå visste eg jo kva eg gjekk til. Eg visste også at det ville vera rolegare inne, i og med at det var fire ringar meir enn planlagt i går. Desse skulle nemleg vore ute, men pga været blei dei flytta inn. Difor var det eit kaos utan like i går!


Ja, tilbake til i dag.Me kom der rett over halv ti, og Ayla blei sitjande i bilen til like før me skulle i ringen. Det skulle vera ein mannleg dommar i dag, og den andre tispekvalpen eg gjekk mot, var ho som blei nummer to i går.Eg var veldig spent på tannvisninga, for eg har ikkje fått trent så mykje på mannlege ehmm... tannvisarar(?). Men det gjekk greit i dag også. Ho trakk seg litt, men han var veldig lite nøye med ting. Han berre letta på leppa, og så var han ferdig.Springinga gjekk greit i dag også, med ein liten pass som ordna seg etter ein bitteliten stans.

Såg forresten ein cane corso som passa, og der rykka og løfta handlaren hunden i bandet uten at det hjalp. Stakkars hund..

Å kjenne på kroppen gjekk heilt fint i dag også, og me kom sist endå ein gong.

Det er IKKJE berre brettspel eg er dårlig tapar i... Heldigvis går det fort over.

Kritikk i dag: 8,5 months old (ja, ho har brått blitt to veker eldre). Very good size now. Medium bones. Now a little small head. Dark eyes, good front. Excellent topline. Good angulation. Good movement.

Hadde god kontakt i dag også, og ho stressar forbausande lite til tross for alt bråket! Eg er såååå stolt av henne! :-)

Nå skal me melde oss på til NKK sin utstilling i Kristiansand første helga i mai. Deretter skal det vera ein i Haugesund i slutten av mai, og då skal me også treffa oppdrettar og ein haug med kvalpekjøparar og ha grillfest. Det skal bli kjekt! :-)

Forresten, bror til Ayla blei BIR i dag! Juhuu!!

lørdag, april 08, 2006

Lørdag 8. april Utstillingsdag 1


Vakna klokka sju i dag morges. Den nervøse kvalmen kom umiddelbart. Lengst bak i bevisstheten lurte også eit håp om at det skulle gå godt; at ho kom til å trave og IKKJE gjere utfall mot dommaren.

Hundane blei henta ut av respektive rom, og lufta og mata. Eg også. Ja, bortsett fra lufta, dah.. Sånt gjer eg heilt på eiga hand.Vetle ville gjerne sove litt til, og det syns eg egentlig var litt kjipt gjort, sidan eg var så skrekkelig nervøs. Men det visste jo ikkje han, så han er unnskyldt.

Til nøds.

Me kom oss ut dørene like over klokka ni, som eg hadde planlagt. Me hadde fått tak i tispespray dagen før, og Ayla var blitt spraya etter bruksanvisningen og så inn i bilen med henne.

Etter fem minutter i bilen, kjente eg at hvis eg ikkje hadde slutta å røyke for 15 mnd sidan, ville eg ha røykt i eitt nå. Eg ville røykt den eine etter den andre i løpet av den timen køyreturen tok. Og så tenkte eg at det var deilig å ikkje kjenne at eg hadde lyst på røyk. *stolt*

Då me kom så langt som til Klepp, begynte det å snø tungt. Ti minuttar seinare, på Bryne, låg det kvitt på jordene. Skikkelig slapsevær å gå i, og me fant sjølvsagt ikkje parkeringsplass særleg nærme inngongen.

Eg klikke meg og Ayla bort til inngongen, så var eg sikra kontakt i alle fall. På veg dit helste ho på eit par hundar og nokre ungar. Vel inne holdt me oss til EIN plass, sidan ho var begynt med løypetid på onsdag. Det sat folk rundt oss og gjekk folk rundt oss, men eg hadde god kontakt med henne heile tida. Eg veit at me ikkje skulle ha tatt henne med inn med ein gong, men eg merka ikkje at nokon hannhundar fekk det verre i ringen fordi me sat der. Me sat heilt i ro, og fekk heller ikkje besøk av hannhundar.

Min nervøsitet blei større og større etter kvart som ting var meir og meir forsinka. Me skulle vore i ringen halv elleve, men kom ikkje inn før den var rundt tolv.Når det endelig var vår tur, skalv eg på hendene, og var også veldig veldig sulten. Det betyr at mitt blodsukker var lågt, som igjen betyr rare reaksjonar på ting. Koss skulle dette gå?!?

Me skulle først fram til tannvisning og kjenne på kroppen.Eg stod og roste og ga godbitar og kjente at eg kom til å dø på meg om Ayla kom til å reagere på dommaren. Dette hadde me jo trent så masse på!!

Ja, det gløymte eg jo å sei, dah... På sidelinja stod Vetle, søster mi med dei to jentene sine, ei barndomsvenninne av meg og tanta hennar, Anne Karin som eg klikkertrener saman med, og typen hennar; Stian. Så kom dommaren bort og spurde kor gammal hunden var. "8 mnd", kom det frå meg med merkverdig stødig stemme og eit stolt smil.

Så skulle ho sjå inni munnen hennar! Ayla stod som ein påle! Juhuuu!!!

Deretter skulle ho kjenne på kroppen hennar! Ayla stod som ein påle igjen! Dobbeltjuhuu!!Så skulle me springe. Huff... Då kjende eg nervøsiteten kom igjen. Eg håpte av heile hjarta mitt at ho skulle slå rett over i trav. Og det gjorde ho jammen! Ho trava nydeleg att og fram, og vendingen var kjempefin! Rundt i ring begynte ho i pass, men så stansa eg opp et brøkdels sekund, og sprang videre, og då trava ho igjen.

Då hund nr. 2 skulle bedømmes, kom dommaren bakfra og kjende på Ayla igjen, uten forvarsel, og Ayla snudde bare litt på hovudet, og så var alt greit.

Då me skulle springe i ring til slutt, felles, då trava ho også nydeleg :-) Me endte opp som nr. 3 av tre. Og ein erfaring rikere.

Kritikk: 8 mnd, kraftig tispe, hode med gode prop. god hals og overl - godt utfyllt forbryst, tilstrekkelig vinklet framme, velutviklet kropp. Beveger seg fritt. Hærlig temperement.

Då me kom heim, sov ho i timesvis etterpå! Deilig!

fredag, april 07, 2006

Fredag, 1 dag igjen

Fekk trent ein del i går på både tannvisning, springe i lag med andre hunder (Joey), og ta på kroppen.Mens eg stilte Ayla opp, gjekk Olaug med Joey og snakka til han og utgjorde "forstyrrelsar". Ayla konsentrerte seg flott! Travinga var det verre med. Derfor skal eg kun trene MED pinnar i dag.

Vetle kom og filma litt, så eg fekk sjå sjølv koss det ser ut... Jadda... DET var veldig oppløftande.. Men hannane skal jo først i ringen, så får eg sjå koss dei springer.. Og kor lenge dei springer.. Og koss dommaren gjer når hu skal sjekke tenner.

Jøsses jo, dette skal gå SÅ bra, så.. *sa hu med skjelvande stemme og tappert smil*

Skal avgårde og kjøpe tispespray seinare i dag, og så var det eit eller annet eg skulle ha i tillegg... Men kva var det... Tispespray og.. Tispespray og... Kva? Kva skulle eg ha i tillegg?? JA!!! Vaksinasjonsbevis! Finner sjølvsagt ikkje vaksinasjonskortet
hennar!!

*skriver bak øyret: HUSK vaksinasjonsbevis!!*

Tredje dag med blødningar, og Joey har ikkje begynt å pipe og pese endå.
Andre natta på rad med ro fra Ayla, og det er jo snart ein trend, i følge Canis! Nei, forresten, det gjaldt jo feil, det.

Å trene på i kveld: Traving MED pinnar kvar gong
Stille opp Tannvisning
Ta på kroppen

Så er det bare å satse på å få sove litt før lørdagen kjem med ubarmhjertig snarhet..

torsdag, april 06, 2006

Torsdag, to dagar igjen til utstilling!

Fekk ikkje trent på noko i går.

Kom heim, måtte nedverdige meg med litt husarbeid etter hundeluft, og så måtte me rett avgårde på forsikringsmøte på jobben. Me kom heim fem på halv ti, og då måtte eg skunde meg og lage middag (!) før LOST.

Derfor må eg få gjort masse i dag!!
*Trave med Joey framføre og bak
*Oppstilling
*Tannvisning

Og i gårkveld trur eg at eg gjorde ein dum ting. Eller, det vil sei, eg gjorde to dumme ting, for eg måtte jo gjer det same på begge sider... Eg kløppte buksene til Ayla! Eller i allefall det eg trur er buksene til Ayla! Hekkan, altså...

Og så måtte me feire i går!! Ayla hadde nemlig begynt å blø! Den vesle jenta mi har blitt dame, må veta. Juhuu!! Eg hadde venta det i kjømda, pga koss ho har oppført seg i det siste, men eg hadde håpa på at det skulle komme ETTER utstillinga.

Joey, stakkars, sliter veldig, og om eg ikkje passer på, så står han og lepjer i seg når ho sit og tisser... Dei har sove separat i fire dagar nå. Det går greit annakvar natt, og i natt var ei god natt.
Jepp, i kveld blir det intensivtrening i regnvær. Jippii.. Not..

onsdag, april 05, 2006

5. april GULP!

Eg har heilt glømt å trene på å trave i lag med andre hundar!!!!


Hjeeeeelp!!!

Det MÅ prioriteras i dag før forsikringsmøtet, og etterpå. Koss kunne eg gløyma det?!?!?!?

tirsdag, april 04, 2006

4. april Siste innspurt før utstilling: Tirsdag

Tirsdag:

Travetrening og oppstilling
Trente traving på Kvadrat sin parkeringsplass med litt bilar kjørande rundtomkring og et par folk som kom gåande.

Ringtrening
Fekk ikkje trent på dette pga blei invitert inn til kollega etter tannvisning.

Tannvisning
Drog til kollega i dag og fekk han til å ta tannvisning på henne. Ho trekker seg litt unna, men ikkje verre enn at han fekk sjå i munnen. Det gjekk opp for meg kor mykje lettare det er å trene i lag med ikkje-hundefolk eller klikkerfolk enn folk som har ei meining om kva eg held på med uten å ha peiling på klikkertrening.

Trene på å ta på kroppen
Det fekk me ikkje gjort.

Vendingar
Det fekk me heller ikkje trent på. Oh no...
_______________________________

Ayla har definitivt begynt å komme i løpetid, for hunden til kollega var over-über interessert i henne, og ignorerte totalt godbitane eg slengde på bakken. Det er eit klart teikn frå ein flatcoat..
_______________________________

Frå fredag har eg fri til og med mandag 17. april. Det vil sei at eg har mange dagar å trene masse på!
Planen for påska er: Kontakt, bakpartskontroll, targeting, doggie-zen, bli-trening og utgongsstilling. Og så må me vel prøve å få til litt holde-fast trening også. Med noko anna enn apportbukken..
Jepp, dette skal bli så kjekt så...

mandag, april 03, 2006

3. april Siste innspurt før utstilling: Mandag.

Mandag:

Travetrening og oppstilling
Trente på å trave, og på å stille opp. Ho går rett i trav kvar gong eg starter. Lurte på å legge på kommando, men når eg flytter halsbåndet oppunder øyrene, og strekker ut armen, går ho eit halvt steg frå meg og gjer seg klar til å trave.

Når ho sjølv står i ro nå, så går automatisk bakbeina lenger bakover enn før, så det er berre å fortsetja.

Trene på å springe i ring
Dette må me trene mykje på, men det gjekk betre i dag enn tidlegare. Ho stenger ikkje så fælt i svingane nå lenger, og det hjelper å anten teikna opp ein firkant i grusen, eller markere på annan måte.

Tannvisning (kollega?)
Dette blei utsatt til tirsdag.

Oppstilling
Dette gjekk bra, sjølv med LITT forstyrrelsar.

Trene på å ta på kroppen (kollega)
Også utsatt til tirsdag. Men Vetle gjorde det mens eg klikka, og det gjekk heilt fint. Det same med tannvisning.

Treningsplan for veke 14 mot utstilling.

Mandag: Travetrening og oppstilling
Trene på å springe i ring
Tannvisning (kollega?)
Oppstilling
Trene på å ta på kroppen (kollega)
Tannvisning og ta på kroppen trening hos kollega, resten heime.

Tirsdag: Travetrening og oppstilling
Ringtrening
Tannvisning
Trene på å ta på kroppen
Vendingar
Oppe ved grendahuset.


Onsdag: Travetrening og oppstilling
Ringtrening
Oppstilling med litt forstyrrelsar
Trene på å ta på kroppen
Vendingar
Nært sentrum.

Torsdag:
Oppstilling
Tannvisning
Ringtrening
Vendingar
Trene på å ta på kroppen (Vetle og Olaug)
Nært sentrum, tidligare på kvelden.

Fredag: Ringtrening
Vendingar
Trene på å ta på kroppen
Her heime.

søndag, april 02, 2006

Søndag 2. april. Det er håp for oss!

I dag har eg ikkje trent her heime i det heile tatt. Me drog ein tur til søster og ungane, og benytta anledningen til trening ved Europrisen her oppe!

Eg stilte meg inntil veggen og Ayla byrja straks å rygge. Ho gjekk mellom fem og sju steg kvar gong. Då me kom til vinkel stoppa ho heilt opp, for rumpa kom jo ikkje lenger! Hallo, liksom!
Me trente litt trav med pinnar også, og det gjekk helt strålende. Så gjekk me over til rygging igjen, denne gongen med vinkel ein annan plass, og då snudde ho kjempefint!

Og mens me stod og rygga slik, kom det ei dame bort til oss. Ho kom smilande bort for å sjå kva me gjorde, og spurde og grov. Eg klikka som et uvær, og håpte at ikkje dama skulle bøye seg ned for å klappe. Ho stoppa nemleg slik at hverken Ayla eller eg hadde retrettmuligheter om det skulle bli nødvendig. Hadde eg sett dama litt før, hadde eg fjerna meg derfra, men eg hadde cap på og såg henne ikkje før det var for seint.

Ayla stod bare heilt i ro, veldig lenge, mens eg klikket som et uvær. Så kom det ETT bjeff, og så var dama gløymt igjen. Dama gjekk då endeleg, og me fekk fortsette å trena.

Då var det at eg falt for fristelsen å teste trav-starten til Ayla (ein er då berre eit menneske). Eg sette bandet fast i kjettinghalsbandet, men ikkje på strup, for då faller Ayla helt saman, men ho veit då i alle fall at det kjennes annleis ut enn når eg har det i det breide halsbandet. Ja, båndet i kjettinghalsbandet, heilt fram under øyrene, armen min strak ut, med litt stramt bånd fra min arm og ned til Ayla, og så byrja eg å gå fort. Eg skal innrømme at eg hadde hjartet i halsen, og frykten var stor for at ho nå skulle komme til å slå over i pass. Eg kikka ned, og såg at ho TRAVET! Utan pinnar! Og eg som ikkje hadde tenkt at eg ville komme dit før torsdag, kanskje!
Eg måtte berre teste EIN gong til med å starte utan pinnane... Og jammen travet ho denne gongen også! Og neste, og neste! Og så klarte eg å sette henne i bilen etter at ho hadde fått den grøne sommarhatten som belønning etter siste gong.

Då me kom fram til Sola, tok eg mi seksårige niese med meg og gjekk ein bitteliten tur med Ayla. Niesa fekk halde i løkka på bandet, og eg holdt lenger nede på bandet. Det er stas å gå tur med Ayla, må veta! Og tidlig krøkes den som god krok skal bli, så seksåringen fekk vite at når Ayla trekker i bandet, så skal ho stanse heilt opp til bandet ikkje er stramt lenger før ho kan gå vidare.

Så trente me litt meir trav, og byrja så vidt på å løpe i ring mot klokka. Det var ikkje bare lett, gitt, med ein hund som bare har sprunge framover! Fant ut at det var best å springe mot noe kantlignende greier, sånn at det ikkje var mogleg å springe rett fram. Det fungerte mykje betre.
Seksåringen var også ypperlig til å trena tannvisning med, så det fekk me også prøvd på.
På vei heim stansa eg ved Europris igjen for å kjøre litt vinkeltrening. Det gjekk så det suste!

Resten av kvelden har me slappa av og fordøyd helgas framgong. Og har funnet ut at me gledar oss så smått til helga då me skal i ilden. Dette kan då bare gå ein vei? Lydighetsdebuten med Joey gjekk jo fantastisk, så me satser på ein reprise på utstillingsdebuten, me.

lørdag, april 01, 2006

Lørdag 1. april. Ting går verkeleg framover!

Skulle til Klepp og trene saman med Anne Karin, Shaylee, og Aro i dag, og då me dro herfra klokka ti, var det overskya og grått.

Etter kvart som me nærmet oss Klepp, blei det meir og meir blå himmel, og det såg ut til å bli ein verkeleg nydeleg dag! Me har aldri trent på lørdagar før, og eg var veldig spent på om det ville være mulig å trene bak kjøpesenteret i det hele tatt denne dagen.

Til alt hell var det heilt tomt for både bilar og folk, så me sette like godt i gong med det same. Anne Karin hadde stellebordet med i dag, så fekk me trent med Shaylee og bordet. Shaylee har vore litt nølande når ho har kome fram til bordet etter å ha gått i ring, og har ikkje villet nærme seg det. Ho har stoppa opp, og vore litt småredd. Tidlegare har me trent på å nærme seg bordet litt og litt, og alltid gå forbi utan å stanse rett foran det, slik som det blir gjort på utstilling. I dag slentra prinsessa f0rbi like ved bordet, gong på gong! Og då Anne Karin testa ein gong, stansa Shaylee kjempeflott rett foran bordet! Framgong, med andre ord!

Ayla skulle også trene på utstillingsting i dag, og eg hadde med pinnane mine. Eg følte meg noget lur da det køyrde ein og annan bil forbi der samtlege passasjerar hang som klistra på vindauga og lurte på kva i all verden me heldt på med. Eg fant ut at Ayla blei lei når eg hadde mange pinner framme, og tok bort ein og ein til eg stod att med fire. Da slo ho over i trav kvar gong fem-seks gonger på rad. Et av mine problem er at når det går godt, held eg på til det ikkje går godt lenger, og så blir eg oppgitt og lei. Derfor ga eg beskjed til Anne Karin at ho må stoppe meg i tide til eg klarer det sjølv.

Då Ayla hadde starta i trav så flott alle dei gongene, tok eg pause.

Aro si trening var også produktiv i dag. Han begynte å lære sitt-under-marsj!
Shaylee trente meir på å gå i ring, og også å stå oppå bordet. Me kom så langt at eg kunne kjenne på heile henne uten at halen datt. Me gløymte å ta tannvisning.

Ayla trava og trava og me trente også på å stille opp. Dei gongene det kom folk, klikka og klikka eg, og det kom aldri ein lyd, eingong. Anne Karin tok mange tannvisningar på henne, og kjente på kroppen hennar mens eg klikka masse.

Alt gjekk kjempefint, og eg blei faktisk solbrent i ansiktet! SÅ fint vær var det!
Me trente ikkje så lenge som me pleier, for eg måtte heim og ete før me skulle på Van Morrison konsert som forøvrig var glimrande fabelaktig! Det blei med litt over fire timer i dag. Fra elleve til kvart over tre. Det var i alle fall ein stk svært nøgd Kari Anne som køyrde heim fra trening i dag.

torsdag, mars 30, 2006

30. mars Vår første cavalettitrening!!


Kom heim i dag med ørten printa ark og ny glød i blikket. Stoppa innom Montèr og kjøpte plank som ein kjekk mann sagde opp for meg. Rart kva som blir gjort når ein berre blunkar litt med augene. :-)

Etter at middagen var unnagjort, var det rett ut. Joey måtte inn på rommet, og Vetle måtte også vera med ut for å dokumentere og sjå kor flinke me var. La først ut tre pinnar, og ho stega fint over dei. Eg gjekk over ein del gonger før me la på ein fjerde. Så vart eg overmodig og la på seks, men det gjekk, det også. Ho stega fint utom dei. Så tok eg pause. Når me skulle byrja igjen, måtte eg ned til fire, så fem, så seks. Andre økt auka me til ti pinnar. Etter ein del att og fram begynte eg å avbryte om ho trakka på ein pinne, og så auka eg farten litt. Ho slo rett over i pass. Blæh! Gjekk ned til seks pinnar igjen og auka farten der. Pass. Dobbeltblæh!! S

å sette eg plankane på høgkant. Trav!! Juhuu!

Auka ikkje meir, og konsentrerte meg heller om å klikke for travinga, så når me slapp opp for pinnar, fortsette eg berre. Gud, for nokre rørsler i den hunden!!! Smelt, altså!!

No har me kome inn, og mor skal ha seg ein kopp te før me byrjar på oppstillingstrening. Dette skal nok gå fint, ja! :-) Framleis ni dagar att, og det er jo berre kvalpeshow, men det er også god trening for oss ferskingar!!

Tusen takk for tipset, Åse!!

30. mars. Det begynner å nærme seg utstilling..

Det begynner å nærme seg utstilling...

Det begynner å nærme seg utstilling, og eg får ikkje Ayla til å trave skikkelig. I kveld har eg ikkje fått trent pga årsmøte i NRH, men skal få prøvd litt i morgon kveld.Fredag skal eg til kollega og trene på tannvisning, og krysser fingrane for at det går greit. Eg får bare klikke masse når han kommer mot henne, og be han ikkje tenke sjølv, men gjer nøyaktig det eg seier til han. :-)
Har fått trent litt meir på bakpartskontroll, og dekk fra marsj og sitt fra marsj (alt baklengs, sjølvsagt), og det kommer seg veldig.Har ikkje vågd meg på apporttrening endå, for det frykter eg at eg ikkje kjem til å få til. Lørdag blir det tid til trening igjen, og søndag skal me treffe Anne Karin og Shaylee for å trene til utstillingen.Problemet mitt er at det virker ikkje som om ho skjønar at eg klikker for travinga. Og ingen har konkrete råd å komme med, heller.

Dei råda eg HAR fått, har eg prøvd - uten at det har forandra noko.Jaja.. ho får berre sjå ut som ein vraltegris, då.