Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

onsdag, oktober 24, 2012

Nytt familiemedlem

I lange tider har eg gått og kjent på at eg har hatt lyst til å finne den perfekte kosekatten å ha på fanget på lange kalde vinterkveldar her ved tjernet i skogen. Smiley er ikkje nokon kosekatt, og gidder ikkje ligge på fanget særleg lenge om gongen. Og ingen må bevege seg mot kjøkenet, for då forsvinn han frå fanget uansett kor lenge han har oppholdt seg der.

Eg har tråla Finn i lange tider, og brått dukka det opp ei skjønn lita frøken på Birkeland.IMAG0797IMAG0808
Me reiste og helste på henne, og ho blei med heim att.

Vel heime syns hundane dette var det mest spennande som hadde skjedd på lange tider, og Ayla blunker knapt nok når Frøken Dings er oppe i stova. Emil tar det heile meir med ro. Han kan gjerne finne på å murre til henne, men når kattungen ikkje reagerer, gidder ikkje Emil bruke meir energi på henne.

IMAG0805
På syrommet fins ingen hundar og ingen Smiley, og då kan me kooooose lenge!!


IMAG0837
Eg var veldig spent på om Smiley kom til å ville fyke på nykommaren, men han var tvert i mot LIVREDD denne skumle skapningen!

Frøken Dings, eller Frøkna som Vetle seier, har vore her i fem dagar, og har allereie vågd seg opp i stova på eigahand fleire gonger. I går såg det slik ut i heimen:
IMAG0843IMAG0845

torsdag, april 26, 2012

Eit hjartesukk

Eg kikka gjennom Facebooktavla til ein hundeklubb og oppdaga det eg tykkjer var ein trist diskusjon.

Nokon spurte dei andre medlemmene av gruppa kva dei meinte var viktigast: Det å ha ein hund som fungerer i det daglege livet og som er lydig og veloppdragen og som ein kan stole på vil oppføre seg fint, eller ein hund som konstant har det “gøy”.

Dei fleste svarte at dei ville ha ein hund som var lydig og veloppdragen, og ein av dei som svarte, skreiv at dersom hunden deira skulle ha det “gøy”, ville dei ikkje få ein roleg hund i 15-18 år (!).

Dei fleste meinte at hunden måtte innrette seg etter familien, og at det var dei som skulle bestemme regler og stort sett alt hunden skulle gjera.

Eg sjølv meiner eg har kombinert dei to tinga. Me har hatt det kjekt på vegen mot kvardagslydigheten, og eg skjønar ikkje at det eine utelukkar det andre.

Personen som starta diskusjonen, viste til andre klubbar som reklamerte med at “vi skal ha det gøy med hunden”, og “det skal være moro å trene hunden” og andre slike mantra.

Eg føler ikkje diskusjonsstartaren heilt har innsett kor mange hundar rundt om i det norske land som aldeles ikkje har det kjekt på veg mot god kvardagslydighet.  Og som kurshaldar er det viktig for ein hundeklubb i 2012 å innsjå korleis norske hundar generelt har det. Dei av oss som frekventerer treningsområda til hundeklubbane er, tru det eller ei, IKKJE i fleirtal. Sjølv om VÅRE hundar stort sett har det kjekt og får det dei treng (og av og til meir enn dei treng), gjer ikkje størsteparten av norske hundar det. Tusenvis av dei står i garde dag ut og dag inn, eller i løpestreng, og dei får ikkje springe det fortaste dei kan kvar månad, dei får ikkje gleda av å finne ut korleis dei kan tjene ein tennisball eller draleike eller ein godbit. Mange av desse hundane veit derimot godt korleis dei skal unngå kjeft, rykk i bandet, klyp i øyra, bli tatt strupetak på, lagt i bakken, sparka, slått.. Ja, det er triste skjebner der ute i den norske hundeverda…

Når desse eigarane (eler venene deira) då omsider kjem på kurs, for eksempel eit kvalpekurs som frontar at me skal ha det kjekt i lag med hunden, er det nettopp desse filosofiane og haldningane som blir livsviktige for dei hundane det gjeld! Og me andre har heller ikkje vondt av slike kurs.

Dei kursa som vil ha det kjekt med hunden lærer ikkje berre frå seg positive teknikkar, men dei plantar også haldningsendring i hundeeigarar som treng det, og held allereie brennande flammar tende med ny motivasjon. Ein kjem på eit slikt kurs MYKJE lettare til sinns enn til eit kurs der ein skal lære hunden våre krav, at det er me som bestemmer og korleis den skal innrette seg vårt liv.

Haldninga som skin gjennom i denne diskusjonen er haldningar eg sjølv hadde på 90-talet, då eg meinte eg hadde overtaket over hundane mine og hadde lov til å behandle dei akkurat slik eg ville og det einaste som ville fungere for å få ein hund til å gå fint i band, var å feste strupebandet heilt oppe ved øyrene og rykke bandet hardt oppover. Det funka ALDRI, og Joey gjekk ikkje fint i bandet før eg byta metode til å stanse kvar gong bandet blei stramt. Etter det begynte han å gå med laust band.
Vidare tykkjer eg spørsmålet er eit klart bevis på mangel på kunnskap om hunden som individ,  som rase, som kompis, og også kva desse “ha det gøy med hunden” kursa faktisk står for.

Ja, dette var hjartsukket mitt. Og eg måtte berre få det ut.

lørdag, mars 31, 2012

Kvil i fred, min elskede Legolas.

SAM_2676SAM_2694
SAM_2473
Legolas likte også å ligge i sofaen, og det var ikkje så farleg om Ayla låg der frå før.



SAM_2478SAM_2479
Det hendte av og til at han kom og la seg på fanget, og då la eg stort sett vekk det eg eventuelt haldt på med, for Legolas var berre kosete på sine eigne premisser. Eg kjende meg alltid utvald når han kom og ville kose.

I mars 2003 døydde Tinka, og Joey sørga djupt og inderleg over henne. Så intenst at han gjekk ned i vekt, ville ikkje bli med på tur, og hadde dårleg matlyst. Han kunne sitja i innkjørsla og kikke bortover vegen som for å sjå om Tinka ville komme snart. I mai det året fekk katten til Olaug ungar, og Legolas var blant dei. Han flytta til Vistnes i august, og berre eit par dagar seinare fekk me gamle Joey tilbake.  Dei levde i respektfull tosomhet til Ayla kom i 2005, og Legolas tok godt i mot henne.
På Vistnes hadde han TRE stover han kunne rusle inn i på sommaren, for han øydela aldri noko, eller gjekk på do inne. Han hadde også Pusi, katten til husvertane våre, og dei to tilbrakte mykje tid saman.

I 2010 flytta me til Iveland, og Legolas sakna tydeleg selskap. Difor kom Smiley til oss i fjor på denne tida, og Legolas livna til igjen. Dei to leika og koste og eg blei rørt til tårer første gong eg såg at dei stelte kvarandre.

Legolas likte alltid godt å bli med på tur, både på Vistnes og her i Iveland. Ein gong var han med heilt inn til enden av vegen her (2,2 km), men heim att måtte eg bære han litt. Det var varmt og han var ikkje ung.

Han kunne gjerne finne på å kødde med Emil når han var i humør til det, og då sat han og veifta med labben litt sånn halvhjerta mot Emil sin snute, for det fekk alltid Emil til å bjeffe og hoppe vekk. Når Legolas så blei lei, slutta han berre å veifte, og så var leiken over.

For nokre få veker sidan var han med meg i skogen her og la spor til Emil. Og han ville alltid sjå kva me haldt på med når me arbeidde ute. Anten det var i drivhuset eller nede i hagen.

Så, i går, såg eg at Legolas ikkje var heilt i form. Eg tenkte først at han hadde vore i slåsskamp med dei ukastrerte kattane som av og til rusler rundt huset her, men kom på at eg måtte sjekke om han kunne ha bittsår, hevelsar, kloremerker eller andre ytre teikn. Då eg kjente på magen, var den veldig hard, og samanlikna med Smiley sin mage, var Legolas knallhard. Det fekk meg til å mistenke forstoppelse i urinrøyret, så eg ringde dyrlegen. Ho sa at det kunne vera så mangt, men at eg kunne sjå det an til dagen etter.

I dag var han blitt verre, så då bar det ned til veterinæren. Då ho kjente på magen hans, mjaua han til, og han fekk beroligande middel så dei kunne forsøke å tappe urinblæra. Undervegs kom ho ut og fortelde at det var mykje grus oppi der, og at det kanskje ikkje ville gå bra. Litt seinare kom ho ut igjen, denne gongen for å hente stetoskopet. Då tenkte eg at det var for å lytte på Legolas for å sjekke at han framleis levde. Og det var det. Og det gjorde han ikkje. Det hadde brått fossa blod ut or han, og så hadde han trekt pusten for siste gong. Heldigvis var han neddopa då, så han hadde det ikkje vondt.

Me fekk med oss Legolas heim for å begrave han, og Smiley fekk snuse på han. Det gjekk forholdsvis greit, og nå ligg altså Legolas under eit tre på andre sida av bekken. Eg ser plassen frå stovevindauga, og er glad for at me fekk han med oss heim att.
Han vil bli sårt sakna, og eg kjem til å felle mang ei tåra over han.

SAM_2671
Eg og hundane koste oss ved tjernet ein dag, og då kom Legolas også bort for å kose litt.

mandag, mars 12, 2012

Aha opplevelsar i fleng!

Denne helga har eg vore i Drammen på Appetitt Hundefestival. Først og fremst fordi eg ville sjå korleis det ville bli å dømme etter at dei nye reglene i Rally kom 1. mars. Eg hadde derfor printa ein haug med kritikkskjema av den nye typen, sånn at eg kunne sitje ved ringen og tørrtrene til eg skal dømme dobbeltstevne i Kristiansand den 28. april og også to stevner i Bø 19. og 20. mai.

I tillegg visste eg jo at Nina og Ember skulle debutere i LP Klasse 3, og at Irene og Quizz skulle gå både Rally og Agility. Bare bonusar, altså :-)

SAM_2553Lørdagen benka eg meg ved ringen, utstyrt med termos, kritikkskjema, reglement, pledd og strikketøy. Jepp, strikketøy.  Skal strikke meg genser, nemlig. Sånn litt utenom det blogglinnlegget egentlig skal handle om, så bytta eg til meg dette mesterverket:

Eg sydde sovepose til Gerd Marit si Cora, og Gerd Marit spesialstrikka genser til meg. Eg syns jo eg gjorde DET kuppet, men Gerd Marit var visst fornøyd, ho også, og det var jo kjekt :-) Eg slengte med eit halsband også til Cora, så eg ikkje skulle føle at Gerd Marit blei så VELDIG lurt..
Eg har aldri strikka noko større plagg enn ei hue, og genser har eg alltid tenkt ville bli altfor mykje arbeid for meg. Dessutan strikker eg ikkje fint.
No skal eg altså strikke meg ein genser likevel, og har spurt svigermor Tove om hjelp når eg kjem så langt som at eg MÅ følge mønsteret. Min genser skal bli brun og kvit, og vil aldeles ikkje bli i nærleiken så fin som denne grå og rosa skjønnheten, men det vil vera EG som har strikka den, så det så! :-)
SAM_2520
Soveposen til Cora




Så, tilbake til helga og ting og tang som eneleg datt på plass og sank inn.

Det å sitja ved ringen og berre observere, slik eg har gjort i helga, har vore utruleg lærerikt for meg. Eg har observert deltakarar som stadig blir meir og meir nervøse desto nærmare deira tur det blei, og korleis den minste litle detalj var verdt å henge seg opp i og bli pessimistiske over.
SAM_2601
Briefing i RL Klasse 3


Eg har observert at som stevnearrangør vil eg stå på for at hundar som sit ved ringen  og som ikkje skal konkurrere får tilsnakk om dei heile tida bryt ut i krangling med andre hundar. Ja, altså, det er ikkje hundane som skal få tilsnakk, men eigarane. Det var ein del hundar som blei ganske forstyrra av hundekrangel utanfor ringen, og det er FORTVILANDE for den som går konkurransen sin der og då.

Som dommar er det nyttig å sjå korleis andre dommarar bygger sine banar og korleis dei har planlagt desse. Nye idear til banebygging, og eit par små detaljar som eg vil forsøke å  IKKJE bruke i mi eiga banebygging.

Dei nye reglene var slett ikkje vanskelege å hugse på, og særleg på vri-øvelsane var det maaaange som ville ha diska, men som i staden fekk IT – 5 poeng.
Fleire diska dessutan seg sjølv, utan at det dei hadde gjort ville føre til disk. Ikkje så lurt…

Det som nok var aller mest betydningsfullt for meg og mi eiga trening med Emil var at eg innsåg at me KAN starte i konkurranse uten at alle atferdsting er på plass, for eg veit jo at eg kan halde på fokuset hans, og at han konsentrerer seg om meg når han jobber.
Han kan det han treng for å starte i Klasse 1 RL, og det er ikkje mykje som manglar i Klasse 2 RL, heller. Difor har eg bestemt meg for at me skal starte i Bø. 19. mai. Jepp, nå har eg sagt det.

Eg har vore veldig heldig med både Joey og Ayla, for dei konkurransane eg starta i med Joey, gjekk alltid veldig bra. Det same gjaldt med Ayla. Eg har nok difor satt vel høge forventningar til både meg sjølv og Emil. Det ER ikkje krise om me disker eller ikkje får direkte opprykk. Eg er ikkje ein dårlegare dommar eller instruktør av den grunn. EG tenker jo ikkje det om andre dommarar og instruktørar som ikkje får 200 poeng! Men eg tenker slik om meg sjølv! Det er jo bare tull! Ka då da om me disker?  Ka då da om han bjeffer? Eg VEIT jo at det går fort over, og at det ikkje stikker så djupt.
I helga såg eg mange som jobba hundane forbi vanskelege situasjonar, eller som måtte gå med strame band når dei passerte andre hundar. Og det var ingen som såg skeivt på dei av den grunn.

Eg må bli mindre sjølvhøgtideleg, meir vågal, og gjera det eg trass alt liker veldig godt å gjera: Konkurrere!

Eg skal difor ut og trene blant folk og andre hundar MINST ein gong i veka, og eg skal verkeleg jobbe med han om det dukker opp uventa forstyrrelsar. Jepp, dette skal me få til! Og me starter i dag, på rallytrening ved kyrkja i Vennesla, der Lotte, som er i full løpetid nå, også skal trene! Me har ikkje trent i lag med løpetispe endå, så dette blir spennande!

SAM_2610
Ember med bursdagsbandet sitt på. Det passa perfekt! :-)

Og så har eg fått meg tegnebrett. Elektronisk som skal koplast til dataen, og kan nå lage slike kule bilder:
Prinsen EmberKari anne og emilimage

tirsdag, juli 26, 2011

Korleis lage i stand utstyr til Ruta?

 

Få tak i fire små kjegler, fire bagasjestropper på 3,5 meter og finn fram eit måleband.
Eg kjøpte mine på Agder Forsenter (der eg har 10% rabatt fordi eg er medlem i diverse klubbar), og utan rabatten kosta dei 79,- per stykk. Bagasjestroppene kjøpte eg for 29,- per stykk, og dermed har eg altså RUTA utstyr for 400 kroner.

SAM_1563
Her ligg det fire karabinkrokar også, men dei trengte eg visst ikkje.

Målebandet er for å måle at stroppene er MINST 3,40 meter, for sjølv om det stod at dei skulle vera 3,5 meter, var dei berre 3,44. Men sidan kjeglene berre er 15 cm høge, forsvinn det akkurat nok opp og ned frå toppen til at det blir tre meter mellom kjeglene.

Putt enden uten lås ned gjennom åpningen på toppen av kjegla slik:
SAM_1565
Kjeglene her heiter frå venstre: 1, 2, 3, 4
D

 

Putt enden frå kjegle 4 opp gjennom kjegle 1 frå undersida, og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 1 opp gjennom kjegle 2 frå undersida, og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 2 opp gjennom kjegle 3 frå undersida og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 3 opp gjennom kjegle fire, så er alle festa saman med kvarandre.
SAM_1564

 

Dermed kan du setje dei ut kor du vil, og trene Ruta til du blir blå i andletet!
SAM_1568

lørdag, juni 04, 2011

Bilde/videoblogg

Det må nesten bli litt bilder og video igjen, for det er begrensa kor mykje eg gidd å skrive med ei hand når eg er vane med å la begge hendene fare over tastaturet nesten raskare enn eg klarer å snakke… :-)

 

SAM_1252
Kristi Himmelfartsdag fekk eg hjelp av svigernor, Tove, til ting eg trengte å få gjort i hagen.
Eg peiker, og Tove planter alt eg har kjøpt, fått og sådd sjølv.


SAM_1257
To nye pallebed i bakgrunnen, og haugevis med urner å vatne.

SAM_1258
Dette skal forhåpentligvis bli fargerike klattar utover sommaren.

SAM_1259
Svigermor nekta å reise heim før drivhuset var oppe, så dette blei også unnagjort mens eg var inne og laga pizza.

SAM_1264
Plenen vår var ganske skeiv, så idag kom det over 30 kubikk jord. Litt i meste laget, fann me ut etterpå…

SAM_1266
Vetle tar seg ein støyt saft før han set i gong for alvor.

SAM_1267
Den nye plattinga mi. Boksane i bakrunnen skal verta sitje/putekassar eller dei kan setjast saman og bli ein benk. Dei lågaste skal bli blomsterkassar.

SAM_1272
Medan plenen fekk jord på seg, køyrde eg og hundane innover vegen og bada litt i Fiskelausvatn.

SAM_1278
Til og med Ayla vassa lenger enn til anklane i dag!

SAM_1268

 



SAM_1286
Etter badet køyrde me til endes av vegen og der fekk dei eit svææææært godbitsøk som dei koste seg leeeeenge med :-)


SAM_1288
Ayla tok seg ein liten pause i lyngen

fredag, mai 20, 2011

Det er farlig med drivhus.

P200511_07.520001

Her sitter eg med knekt hånd, og lurer på kva som eigentleg skjedde i går ettermiddag.

Eg og Vetle holdt på å pusle drivhus (då Vetle opna pakka frå Plantasjen, var kommentaren: “Ikea, go home”), og var ferdig med alle sidene då me blei enige om at vinden var for sterk til at me ville prøve å setje det opp endå.

Difor sette me heller i gong med å ordne til rundt grunnmuren, og fylte opp med grus der det var behov for det. Eg gjekk og rakte og trampa ned denne grusen i takt til “I shot the sheriff”, då Vetle kom med eit nytt stort lass med grus. Eg skulle berre flytte meg litt, og rygga bakover. Der låg det nokre store steinar me hadde flytta på tidlegare, så eg snubla bakover og tok ein liten piruett på veg ned, og landa med heile vekta oppå mitt bøyde håndledd. Smertene likna veldig på dei eg fekk i kneet under sporkurset i 2007. Eg heiv meg rundt mens eg hylgrein, og låg igjen på bakken og vrei meg. Vetle kom styrtande til, med uhemma fortviling og omsorg i stemmen spurde han om eg klarte å reise meg opp. Han visste jo ikkje kor eg hadde slått meg..P200511_08.100001

Eg klarte å formidle til han kor eg hadde slått meg, og spurte om han kunne hente is å ha på håndleddet. Då Olaug brant seg så stygt på denne turen i 2009, kjøpte me inn sånne icepack posar til å ha med oss i førstehjelpsputa.

Det lindra litt, men verkte grundig framleis, så me ringte til  legevakta og fekk beskjed om å komme med ein gong. Der blei eg sendt vidare til røntgen ved Sørlandets Sjukehus med mistanke om brudd. Etter røntgen då eg sat hjå legen (som forøvrig kalte meg “ei ung kvinne”, og dermed vann min tillit umiddelbart), ymta han frampå om mogleg narkose grunna fragmenter i bruddet. Eg blir alltid kvalm og uvel etter narkose, og håpa sjølvsagt at det ikkje blei operasjon. Heldigvis blei dette ikkje noko av etter CTundersøking.

Då eg skulle få på gipsen, blei eg spurt om eg ville ha farge eller ikkje. Det blei knall raud, og eg var den første som hadde gått derfrå med farga gips, sa ho som la den på. Juhu!!

Dette kunne ikkje skjedd på eit meir irriterande tidspunkt. I helga skulle eg vore i Bø begge dagar for å sjå på og vera dommarelev, men må nøye meg med det siste. Neste helg skal eg til Stavanger på passeringskurs og til røntgen på mandagen. Helga etter er det Stavanger igjen for treningslørdag, og dommareksamen på mandagen.

Og eg må innrømme at sjølv om gipsen er raud og fin, skulle eg gjerne vore forutan… Idag kjenner eg meg forslått og vond, og merker at det ikkje berre var handa som fekk seg ein smell i går..

mandag, mars 14, 2011

Bloggen min er 5 år i dag!

I dag har eg blogga i fem år. Og når eg tenkjer tilbake på dei fem åra, har det vore oppturar som har tatt pusten frå meg, og nedturar som har tatt motet frå meg. Veldig mykje har skjedd på det private plan som eg sjeldan skriv noko om i bloggen, og eg har også utvikla meg veldig som hundeperson.

Her er mitt aller første blogginnlegg

Eg har vore dønn ærlig i alt eg har publisert, sjølv om eg ikkje har publisert alt som har hendt. Eg har skrive frå hjarta og sjela, og fått mange og gode tankar tilbake gjennom folk som har kommentert innlegga mine. Alle kommentarer set eg uendelig pris på, og forsøker å kommentere tilbake i andre sine bloggar når eg føler eg har noko å bidra med.

Bloggen er først og fremst for min eigen del, som ei slags dagbok, noko eg kan sjå attende på og minnast. Dersom andre kan ha nytte av erfaringar eg gjer meg, og bloggar om, så er det ein stor bonus. Sjølv set eg stor pris på alt eg kan ta til meg av lærdom frå andre sine bloggar, og sjølv om ein ikkje tykkjer sjølv at ein har den mest interessante bloggen, så kan det faktisk hende at nokon der ute likar den likevel. 

Av og til, når eg tar eit tilbakeblikk i bloggen min, og leser eit gammalt innlegg, kan eg oppleve å få kjensla av at eg les noko heilt nytt, noko eg aldri har opplevd fordi eg har fortrengt eller gløymt det. Då tenker eg at bloggen min er utruleg verdifull FOR MEG, og er glad eg har brukt så mykje tid på å forfatte innlegg etter innlegg. 657 innlegg har det blitt.

Her er nokre av mine favorittar:

Dette innlegget er vondt og sårt for meg, men godt likevel.

Eg og Emil la ut på langtur, og eg spekulerte ut nokre turtips eg ville dele med meg.

Tips til korleis ein kan få mest moglet ut av ein kurskveld.

Eit innlegg som kan hjelpe om ein har ein hund som ikkje er like glad i kos som eigaren - spesielt på kurs og treningar.

Eit litt komisk innlegg om kor flink vakthund Ayla eigentleg er.

Dette skreiv eg etter at me tok farvel med Joey 17. juli 2009. Eg saknar han framleis...

Dette innlegget blir eg både vemodig og vanvittig stolt av å lese!

Dette innlegget kan gjelde så mangt.. Og handlar om kommunikasjon.

Vendepunktet for meg og Ayla.

Herleg snutt om då Ayla skjøna poenget med "Fire føter i boksen", som var heimelekse på Hundeeierskolen.

Fantastisk tur med Olaug og jentene og Joey!

Filosofisk innlegg om livet generelt, men også om hundetrening.

Sjølvsagt har eg fleire innlegg eg likar godt, men eg kan jo ikkje ramse opp alle saman her :-) Eg kjenner eg faktisk er stolt over å ha blogga på same staden i fem år. I skrivande stund har eg hatt 33 667 sidevisningar i løpet av fem år. Det er eit snitt på 18 om dagen, og eg syns ikkje det er reint lite, eg. Det er mange som leser bloggen og som aldri kommenterer, og det har vore folk frå heile verda innom berre sidan juli i fjor:

Dei grøne landa har det vore besøk frå. Jo mørkare, desto fleire besøkande.
ScreenHunter_01 Mar. 13 23.14

 

Eg har ikkje berre blogga om når det går godt, for det fins så mange godværsbloggar rundt om på nett. Det er tross alt flest kvardagar her i livet, og det er dei som ER livet. Då eg gjekk på gymnaset, hadde eg ei fantastisk lærerinne eg alltid hadde beundra. Ho var (og er framleis) vakker og strålande og hadde ein fantastisk energi rundt seg, og var alltid så smilande og blid og utadvendt. Eg hadde det ikkje slik på den tida, eg stod på terskelen til vaksenlivet, og misunte henne sjølvsikkerheten ho alltid hadde. Så var eg så heldig at eg fekk bli betre kjent med henne, og ho kunne då fortelje meg at ho aldeles ikkje alltid kjende seg så sjølvsikker og vellykka. Dette var ei slik skjellsetjande erfaring for meg, at eg sidan då har tenkt attende på dei åra som særs viktige i forhold til kven eg vaks opp til å verta. Fram til då trudde eg at slik folk såg ut til å ha det, det var slik dei hadde det. Sånn er det jo ikkje i det heile, og sidan då har det vore viktig for meg å vise til andre at ikkje alt er like perfekt som det ser ut til.. Alle har sine ting dei ikkje får til, og når ein stort sett viser fram til andre det ein FÅR til, kan biletet bli skeivt.

Ein kan raskt kjenne seg utilstrekkelig når ein går rundt og trur at alle andre får til alt ein sjølv ikkje klarer på ein god dag eingong, og difor er det eg skriv om slikt ein gjerne ikkje nødvendigvis skryter av, som her i dette innlegget om kvifor det går så seint framover for Emil og meg. Dette er nok eit ærleg innlegg, men det kosta ein del å publisere det, det skal eg innrømme. Meeeen, det gjorde godt å publisere det, og eg fekk ei anna ro i sjela etterpå. Sjølvsagt skulle eg helst sett at ting var annleis, men dei er ikkje det, så då får eg gjer det beste eg kan ut i frå korleis det ER.

Men nå babler eg :-) Og det skal eg jo ikkje.

Fem år med blogging, altså, og eg håpar det blir mange fleire! Blogging er kjekt, det er ein fin måte å halde (hunde)vener og familie oppdatert på kva som skjer,  både med ord og film og bilete :-) Og nå har eg fått meg nytt kompaktkamera, så nå kan det bli filmsnuttar igjen :-)

Tusen tusen takk til alle som leser bloggen og som kommenterer!!  Det er like kjekt kvar gong det tikkar inn ein kommentar! :-)

onsdag, mars 09, 2011

Katten Smiley

 

Frå før har me katten Legolas som blir åtte år i år, og som kom heim til oss fordi Joey ikkje syns det var kjekt å vera DSC01240åleine etter at Tinka døydde i mars 2003. I løpet av sommaren blei det meir og meir tydeleg at Joey sørga tungt, for han mista lysta til å vera med på tur, gjekk kraftig ned i vekt, ville berre sove, og når me var ute, sat han og kikka bortover vegen som om han venta at Tinka skulle kome fram bak hekken når som helst. I august det året kom Legolas til oss, og Joey blei nærmast født på nytt. Han åt godt, ville leike, bli med på tur, og fekk finare pels også.

Nå er det Legolas som går og har det stusselig etter at me flytta frå Pusi, venninna hans på Vistnes. Han har ingen å leike med her, og bruker mesteparten av dagane sine på å sove. Difor måtte me finne på noko for han.

I forrige veke kom altså Smiley heim til oss via Vennesla Dyreklinikk. Dei annonserte han med å vera kastrert, kosete, reinslig, vant til andre kattar og hundar. Og det siste der var særs avgjerande for meg, for då visste eg at eg ikkje trong bruke tid og energi på å venne han til hundane. Emil og Ayla er nemlig berre sånn måteleg interessert i Legolas, og med Ayla sin tilstand i tankane, hadde eg ikkje energi til å ta den jobben med hundetilvenning.

Då eg var nede og såg på denne nye skjønnheten, var han så absolutt kosete! Han mol så høgt at det vibrerte i hjarta mitt :-) Dermed sa eg til dei at eg kunne ta han heim på prøve. Jepp.. på prøve...

Det viste seg at han ikkje VAR kastrert, men at han skulle bli. Han var heller ikkje vant til hundar lenger, for dei to første dagane låg han vettskremt nede i kjellaren. Eg sov der nede med han dei tre første nettene, og i motsetning til Legolas var denne krabaten AKTIV om natta.

Den tredje dagen tødde han opp og vågde seg opp trappa mens hundane var inne. Dei andre dagane hadde eg sendt hundane ut på altanen slik at katten kunne komme opp og sjå seg rundt. Det var då me bestemte oss for å behalde han og kalle han Smiley.
DSC01172 DSC01187 DSC01188

Han er åtte månadar, ikkje særleg kosete med mindre det er morgon eller han trur han kan tigge til seg boksemat. Han var altså heller ikkje kastrert, men det skal klinikken gjer på si rekning. Likevel, det er me som må ta rekonvalenstida. Han var heller ikkje vant til hundar. Kattar er ikkje vant til hundar når dei ikkje har budd i lag med hundar dei to siste månadane. Og i allefall ikkje ein så ung katt. Han tødde raskt opp til Legolas, men så har jo Smiley budd med fire andre kattar dei siste månadane. Reinsleg er han så absolutt, og har kun gått på do i kassa si. Han har ikkje fått lov til å gå ut endå, men maser ikkje heller om det.

søndag, februar 06, 2011

Årsaka til at ting går så langsomt for oss...

Tenkte eg ville skrive litt om kvifor treninga vår går så seint. Dette er ikkje så enkelt å skrive om, og i skrivande stund er eg ikkje sikker på at eg kjem til å publisere dette innlegget, eingong. Men om eg gjer, håpar eg det er med på å løyse opp situasjonen for oss.

Det er komplisert. Og underleg. Og det bunnar i opplevingar frå lenge før Emil var påtenkt.
Seks og eit halvt år med ein rottweiler med veldig sterk HD, der heile tilværet vår gjekk ut på å planlegge aktivitet, vente på vonde episodar, og spådommen om å kan hende sjølv måtte slå i hjel hunden med ein stein ute på tur fordi hofta hadde knust eller blitt ødelagt på anna vis. Ja, veterinæren som diagnostiserte henne sa det til meg. At eg kanskje kunne komme til å måtte slå ihjel hunden min.
7,5 mnd gamal vart ho operert for bruskløysing i albuen framme. Då hadde eg vore hundeeigar i eitt år.

Ho hadde nokre episodar der eg ba folk heim for å ta farvel med henne fordi ho hadde så vondt at ho hylte når ho gjekk. Ein gong var til og med veterinæren så langt som på døra vår med sprøytene som ville ta livet av henne. Då han såg henne, meinte han på det ville vera lurast å gi henne Rimadyl nokre dagar og sjå det an. Ho levde i fire år etter det. Og då døydde ho av osteosarkom. Kreft i foten. Me fekk halvannan mnd på oss før ho vart så ille at eg ville la henne sleppe.

Joey hadde også HD, middels, og likte ikkje menn. Eller ungar flest. Eller andre hannhundar på tur. Han fekk bilyd på hjarta, blei svaksynt, tunghøyrd, og måtte operere både det eine og det andre. Han hadde kloskader med jevne mellomrom, og fekk hjertehoste og hudproblemer på slutten av livet sitt.

Ayla har hatt sine psykiske problemer sidan ho var kvalp, ca 5 mnd gamal, og fekk også påvist svak grad HD. I 2008 fekk ho første gong problemer med korsbånd i eine bakfoten. Ho var då 2,5 år. Sidan då har det gått i periodar med ro utan sjanse til å trene på å takle folk, så har ho blitt frisk, og me har fått trene på folk og andre ting igjen, så har ho blitt halt med påfølgande ro, og så frisk igjen, og så halt igjen og så frisk igjen, og så halt på alvor med diagnose Skada korsbånd i begge føtene. Og eg blei heilt knust. Eg strigrein på veg heim frå Bergen etter den beskjeden, for eg visste at me ikkje kom til å operere. Så då var det berre å vente til det ville bli så gale at ho måtte sovne inn.

Så kom Emil heim til oss. Han som skulle oppfylle alle mine draumar. Han som skulle takle alt og vera med overalt og vera ei blanding av alle hundane før han. Eg kunne jo så mykje no, og ville vera i stand til å trene vekk kva det skulle vera som måtte dukke opp.
Det viste seg at han har mykje stress i kroppen og er miljøberørt. Eg tenkte at det ville vera mykje enklare å jobbe med enn f.eks Ayla sine problemer, for Emil er ikkje redd folk. Han registrerer knapt at dei finnes. Ein snus, og så er han stort sett ferdighilst.
Så blei han seks mnd og eg høyrde første gong eitt plopp i hofta hans. Det gjekk ei stund, så høyrde eg det att. Og frykta fekk gode vekstvilkår i meg som allereie har hatt tre hundar med HD og andre helseproblemer. Så slo han seg ein gong på tur, og halta i halvannan mnd etter det.

Eg kjente det som om eg berre gjekk og venta på at han skulle bli gamal nok til at eg kunne røntge for HD og AA for så å bli knust av resultata. I mellomtida går me og vurderer Ayla si helse frå veke til veke, og sjølv om eg håpar intenst at ho på mirakuløst vis skal bli heilt frisk, veit eg vel innerst inne at det berre er eit spørsmål om kor lang tid me har att med henne. Eg går og ser på henne og tenker at livet hennar ikkje har blitt så bra for henne som eg håpa, og syns det er urettvist at ho skal slite med plagene sine. Gode herlige Ayla min.

Og med Emil er det som om eg ikkje våger å tru på at han har ei framtid, han heller. Eg frykter så intenst at han skal få påvist HD eller AA, og at eg heller ikkje denne gongen skal få ein frisk hund.  Og difor er det nok at eg ikkje klarer å legge planar for oss. Konkrete planar som me skal jobbe mot. Det er som om eg går i eit vakuum med han også. For han ER jo flink, eg ser jo det! Og han elskar å trene! Men så, langt bak i tankane, ligg dette med miljøberørtheten og stresset, og så tenker eg at eg nok aldri klarer å få fiksa det, slik at alt arbeid me gjer med andre ting vil vera forgjeves.  Eg har rett og slett ikkje vågd å legge planar for oss. Ikkje vågd å drøyme vidare, for det har vore så smertefullt å sjå draumane mine for Ayla bli så knust. Og utan planar kjem me oss ingen veg, og DIFOR går det så langsomt med oss.

tirsdag, januar 18, 2011

Emil er eitt år!

DSC00398

I stamtavla hans står det at han er født 17. januar, men han er altså født 18. januar. . Eg VEIT han er født 18. januar 2010, for den dagen starta eg det siste rallykurset eg haldt i Tananger. Eg har tenkt fleire gonger seinare, at det var mykje kjekt som skjedde den dagen, for WOW for nokre kursdeltakarar eg fekk gleda av å følgje dei neste to månadane!

Men, attende til Emil. Den litle gule skjønnasen min. Min! Som blei min fordi nokon andre ombestemde seg. Eller, Vetle eig han jo også, så det er eigentleg VÅR hund, men det er min hund. ;-) Berre ikkje sei noko til Vetle om det ;-)
12032010887
Første dagen hos oppdrettar.


Her har han vore hjå oss i to dagar. Halsbandet har eg faktisk laga sjølv ved å makramea over ei remse fleecepledd. *Smeeeelt*

 

Eg har gjort meg mange erfaringar sidan han kom i hus, og ein av dei viktigaste må vera at eg aldri kjem til å få meg hund midt i flytting. Never ever again! Kvalpen fortjener all fritid, og fordi me flytta til Sørlandet (det er framleis rart å sei at me nå bur på Sørlandet, sjølv etter åtte månader her) etter at Emil hadde vore hjå oss i to månadar, blei pakking og utpakking noko sporadisk. Eg syns likevel han har takla flyttinga godt, og fann seg raskt til rette i det nye huset.

CIMG4321

Den første tida var det veldig skummelt å ferdas i skogen, og han hoppa mykje på meg medan me var ute og utforska det me må kalla nabolaget. Dette endra seg gjennom sommaren, og før det første snøfallet kom i slutten av oktober, rakk han å bli særdeles varm i skjorte ute i skogen.
Han lærte seg å svømme og verkeleg KOSE seg i vatnet, og han har hatt besøk av Thassie, Tanja, Oliver, og Jesper. Ja, og eit kort, men hyggeleg besøk av redningshunden Isi

IMG_5519

Ayla har sine uvanar som eg ikkje har klart å unngå at ho har overført til Emil. Ho har vist han korleis ein god vakthund oppfører seg når ukjente kjem inn på tomta. Det er heilt greit for meg, for me bur avsides til, og eg kan godt bli varsla om ting eg ikkje høyrer sjølv. Skilnaden mellom Ayla og Emil er at Emil vil helse når han får sjansen. Ayla vil fortsetje å bjeffe til den ukjende er jaga vekk.

Emil er framleis miljøberørt, og har høgt stressnivå når han kjem ut or bilen, uansett kor me er. Dette viser han ved å hoppe på meg og bite i bandet, og pese om det er riktig ille.

Ein annan erfaring er at å jobbe med ein miljøberørt hund kan vera vel så utfordrande som å jobbe med ein hund som er usikker på folk.
DSC06887

Tradisjonen tru vil eg fortsetja på same vis som eg har gjort på Ayla sine bursdagar.

Eit år gamal kan Emil følgande:
Vente i buret uten å mase
Glad i å kjøre bil
Komme på innkalling
Sitter utanfor kjøkkenet mens eg lager i stand maten hans
Gå fint i band
Han leiker intenst
Eter alt av mat og godbitar og er generelt enkel å belønne
Veit kva han skal gjera med eit spor
Veit sånn halvveis kva LIGG, SITT, VÆR DER betyr (eg er generelt dårlig på å setje signal på atferder)
Kan svømme og hente ting i vatn
Har ein fin, men ikkje perfekt, innkomst som han tilbyr som defaultatferd
Flink til å finne roen sjølv, også på framande stader
Søker lenge utan å gi opp
Og sikkert endå meir som eg ikkje kjem på akkurat nå.

Om eit år ønsker eg at han kan:
Passere andre hundar utan å bjeffe
Nok øvelsar til å kunne konkurrere enten i rally eller vanleg lydighet, eller aller helst begge
Konsentrere seg om trening i lag med meg medan andre hundar trener i nærleiken
Plukke gjenstandar i sporet og komme tilbake til meg med dei
Komme tilbake med leikene han får som belønning
Feltsøk
Rundering, i alle fall at me har starta innlæring av det

Og så, størst av alle ønsker, ønsker eg at han er HD og AA fri, og at han ellers er frisk og sunn.

Til slutt ein liten videosnutt frå 17. januar. Eg brukte fire økter og tilsaman ca 40 minutter på å få til denne rullen, inspirert av Olaug som dagen før forsøkte å lære Thassie å rulle rundt og fekk nokre tips av meg som eg sjølv altså prøvde ut i går: