tirsdag, desember 29, 2009

Juleoppdatering.





Jula er over, og me har hatt nokre fantastiske dagar på hytta i Telemark. Me kom opp dit onsdagskvelden, etter laaaange timar med skikkeleg dårleg køyrevær. Ayla elskar heldigvis å køyre bil, så ho snorksov heile turen. Av og til såg me labbane som låg i veret baki der, og av og til høyrde me drøymelydar.


Me kom fram til kald hytte, og det tok nokre timar før varmen sette seg i veggene. Men der var snø, der også, og snøa gjorde det alle dagane me var der! :-)


Julaften gjorde me vel ikkje noko spesielt, men Ayla fekk mange turar ut i snøen, anten saman med meg, eller med Vetle. Sjølv om me var på hytta, måtte me jo ha julemat, så eg stod mykje på kjøkenet den dagen.


1. juledag reiste me opp til Gautefall Alpinsenter for å sjå på forholda og sjå om eg kunne finne slalåmstøvlar som ville passe meg rundt leggen.  Dei hadde støvlar til meg, så då planla me å reise opp dagen etter for å prøve oss i bakken.
På veg heim til hytta, mangla me ca to sekunder på å vera vitne til dette:




Vel heime på hytta, måtte eg ut og prøve miniskia og dei splitter nye stavane mine:



Dette var kjempekjekt!!!! :-) Ayla var med, og sprang fint ved sida av meg.


Andre juledag reiste me opp i trekket. Som ein kan sjå på bileta, var det stolheis der. 1 km lang, vel å merke... Eg har aldri tatt stolheis før, og ingen har vist meg korleis ein går av ein slik heis med slalåmski på beina (som det forøvrig var nesten 20 år sidan eg hadde hatt på meg sist). Då det nærma seg vendepunktet for heisen, såg eg føre meg Bridget Jones i "På Randen". Då når ho er med Mark på "oval weekend" på fjellet. Panikken steig i takt med at me nærma oss avstigninga.

Jaggu klarte me oss heilt greit! Den grønstripete greia eg held på det eine biletet, er tova sitjeunderlag eg fekk av svigermor til jul. Den kunne brettast saman og puttast inni den store lomma bak på Arrak jakka mi :-D Arrak er jo hundeklær, og difor har den jakka ei svær lomme bak der leiker og godbiter og sånt skal oppbevarast. Stolheisen var nemlig VELDIG kald å sitte på, så eg er fornøydd med at eg hadde hovudet med meg og putta sitjeunderlaget i den lomma :-D


  Kneet holdt i ca fire timar før eg måtte gi meg, men Vetle, som aldri har stått slalåm før, tok ein tur til etter at eg hadde gitt meg, så kjekt syns han det var. :-)


På kvelden følte me begge to oss veldig veldig lite unge, og tok ein tur i badstua. Då me hadde dampa lenge nok, sprang me ut i snøen og fant ut at DET var særdeles oppskrytt! ;-)



Tredje juledag reiste me heim, og været var mykje betre enn på onsdag.

Mandag var det jobb og i dag har eg hatt fri. Før jul sendte eg ein mail til Dorthe Hansen som er tilknytta Dyreklinikken på Stend og driv med halthetsdiagnostikk. Eg skreiv om haltinga til Ayla, kor lenge det har vart, korleis det artar seg, og at ho er engstelig av seg.
I går kveld fekk eg svar.

Dermed bestilte eg time i dag, og ho er på Stend på mandagane. Søndag 3. januar reiser derfor Ayla og eg opp til Midttun Motell og Camping og ligg over til mandag. Då har me time klokka 11:00. Prøvar av leddvæske og blodprøvar, og eventuelle nye røntgenbilete vil bli tatt.
Nyttårsaften må ho slutte på kortisonen igjen, sånn at dyrlegen kanskje får sjå haltinga hennar.
Eg har ei god kjensle når det gjeld dette beterinærbesøket, men treng alle dei kryssa fingrane me kan få. :-)

onsdag, desember 23, 2009

Diktaren i meg blei juleinspirert på bokmål. :-)

Den mørkeste tiden på året er nå,
men lyset er også tilstede.
Vi liker å gi, men også å få
hverandre sin varme og glede,

Det sendes på kort, og gaver og slikt
ja, til og med tanker får vinger.
En melding som dette er slett ingen plikt, men håper den glede deg bringer. :-)

På tur til hytta.


Me er nå på veg til hytta i Telemark, og kjører om Grimstad pga dårlig føre over til Evje. Bildet er tatt rett forbi Kristiansand, og det er neimen ikkje særlig bra føre her heller.
Fem timar har det tatt heimefra og hit. Fem lange timar. Lange.
Eg har fått oppfylt eitt av ønska mine. Saknet etter Joey har roa seg heilt, og nå har eg dessuten fått litt tips om andre løysingar enn plent operasjon for Ayla. Har sendt litt mailar her og der, og nå må me bare vente på svar.
Snart er det jul! :-)

tirsdag, desember 22, 2009

Til jul ynskjer eg meg....

Forrige veke fekk me den beskjeden me ikkje ville ha. Eksperten kunne heller ikkje sjå noko på røntgenbileta av kneet til Ayla. Eller dei av tærne. Då er neste steg å opne kneet kirurgisk for å sjå om der er noko med sener eller andre ting som ikkje viser på røntgen.

Eg har mest lyst til å legge meg ned og grine, hundreogørti tankar raser gjennom hovudet, men eg orkar ikkje ta tak i ein einaste av dei. Eg ser føre meg verst tenkeleg scenario, og kjenner at alt inni meg strir imot.
Nå har ho gått tre dagar på kortison igjen, og haltinga er vekke.

Eg er så usikker på kva som er best; opne kneet og ikkje finne noko, opne kneet og finne noko - og så måtte halde henne i ro i uendelige tider før ho blir frisk, opne kneet - finne noko - og så halde henne i ro i uendelige tider utan at ho blir betre, ikkje opne kneet og ha henne gåande på kortison til det heller ikkje går lenger, eller gi opp og innsjå nederlaget med ein gong.

Jula står for dør, og til jul ynskjer eg meg aller mest ein frisk hund slik at me kan gå ut og kose oss og herje i snøen.   Og så ynskjer eg meg at det veldig sterke saknet etter Joey som har luska seg innpå meg dei siste dagane, skal gå over snart.
Tru om eg har vore snill NOK i år til at ønska mine blir oppfylt?

fredag, desember 11, 2009

Nytt, resultatlaust besøk til dyrlegen.

Ja, då var dagen komen då me skulle til dyrlegen IGJEN på grunn av haltinga hennar. Eg ytra mistankana mine, men ho tvilte på at det kunne vera sesamoid sjukdom eller borreliose.

Me skulle likevel ta ein del røntgenbilete, så ho blei dopa og sovna kjapt.I dag vog ho 43,5 kg, og det er TUNGE kg å bære når dei heng slapt mellom armane til to personar :-) 10-12 bilete blei tatt av alt nedanfor låret.
Dyrlegen dreiv også og knekte og pressa og trykte på knea. Begge knea.

Halvannan time seinare gjekk eg ut derifrå, like klok som då me gjekk inn. Fant ingenting i dag, heller.
Men nå i kveld har ho knapt stått på foten, så det indikerer i det minste at problemet høgst sannsynleg sit nedanfor lårhøgde. Det er jo tross alt eit steg nærmare å finne ut kva dette er.

Det kjennes ganske så frustrerande og fortvilande å ikkje kunne trene så mykje som eg har lyst til. Eg ser også at Ayla har lyst til å vera med og lære nye ting. Og så kan me ikkje.
Neste steg nå er å vente på at bildene blir sendt til ein spesialist, og så må me eventuelt gå inn i kneet og sjå kva som er gale (hvis det er kneet som er problemet).

Takk og pris for forsikring, seier eg bare!

torsdag, desember 10, 2009

Lenge mellom kvar gong nå.

Vanligvis når det blir lenge mellom kvar gong, er det ting som ikkje går heilt som eg ønsker. Så også denne gongen.

Ayla har slutta på kortisonkuren, og det gjekk ikkje mange dagane før haltinga var tilbake. Heilt som før, og kanskje hakket verre. Difor har eg nå bestilt ny time hos veterinæren, og denne gongen skal me ta bilete av nederste delen av foten, for å utelukke noko som heiter sesamoid sjukdom. Det skulle ikkje undre meg om det var det ho hadde.. Eg vil også få henne sjekka for Borreliose, eller Lyme disease. Der står det at halting er eit av symptoma..
No er det nesten slik at eg blir letta over ein diagnose, uansett, men berre nesten..

Difor har det blitt lite trening på oss, og heller ikkje turar. Ikkje koseturar, eingong. Eg skreiv lite, for me har ikkje IKKJE trent, heller.
Det blir nokre minutter på morgonluftinga og kveldsluftinga, og øvelse 304. Gå 3 steg bakover byrjar nå å ta form. Ho går tidvis beint bakover alle tre stega.
Øvelse 308 Snurr under marsj var peace of cake, og der kan eg bare bruke target, så snurrar ho som ein virvelvind.
Me har i tillegg trent litt på fremadsending, sånn heilt laust, og når eg skal begynne på det, trur eg ikkje det vil bli vanskelig i det heile.

Men først må ho bli frisk i foten sin.

Å halde Ayla roleg er veldig vanskelig. Ho er ikke av den sedate typen rottweiler, for å seie det mildt. Alle hennar rørsler er kjappe og ivrige, og ho tenkjer seg sjeldan om før ho handlar på den første og beste impulsen som måtte innfinne seg i hovudet hennar. Ho lever i nuet, og dveler ikkje veldig ved anna enn det som skjer der og då.
Men her ein dag nevnte eg Joey i ein samtale i telefonen, og då låg Ayla og sov. Trudde eg. Då ho høyrde navnet "Joey", spratt hovudet opp med rynker i panna, og eg leste HÅP i augene hennar. Ho kikka seg rundt, forventningsfullt, før ho kikka på meg igjen. Nå med øyrene ned, og tydeleg skuffa. Kan tru det var sårt!! Sjølvsagt er det eg som tolker vilt og fritt nå, men ho såg verkeleg slik ut.

I allefall, det er vanskeleg å halde henne roleg. Ho GÅR ingenstader, ho enten traver, eller vralter i passgong. Har ikkje tid til å gå, ho, nei! Livet skal levast, og det skal levast NÅ! :-)