tirsdag, juli 31, 2007

Plan for kvelden. Trening på Austrått. Slik gjekk det.

* Fri ved foten. Strekke. Vendingar.
Fekk til superkontakt! Ho tar flotte vendingar nå, men det gjenstår ein del på å strekke kor langt ho går. Ho mister fokuset om me kjem for nære grastustar og buskar og sånt. Kan godt jobbe litt med det.

* Få fram kjapp ned-dekk og legge på kommando DEKK
Blei ikkje trent på.

* Tannvisning av mann (hvis det dukker opp ein)
Det dukka opp ein kar, og eg fekk surt om tannvisning, men det blei ikkje likevel.

* Stå under baklengs marsj
Blei ikkje trent på.


For meg sjølv: Vera konsekvent på kva eg klikker for.

Kommer sikkert til å ha med meg Haltien, og trene på at det kommer folk gåande mot og forbi oss, slik som på DVDen.

Krissi gjekk inn i buskane, stakkars, og hadde vinden i ryggen. Ayla visste derfor kven det var som stod der, men så fekk EG i det minste trent på opplegget. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko. :-)

Ellers hadde me på eit tidspunkt ute Clara, Snuppa og Ayla samtidig, og Ayla konsentrerte seg ikkje så veldig bra.. Ho fekk begge dei to andre hundane i nasen, og ho er ikkje godt kjent med nokon av dei.

søndag, juli 29, 2007

Dingsen er innkjøpt og har begynt å ha den på, men ikkje bruke.



Det blei ikkje Gentle Leader, men Halti. Forskjellen er visst at det går ei reim fra den delen som er rundt munnen og til den delen som ligger rundt halsen.

Ho har hatt den på seg under ein luftetur, og har gjort halvhjerta forsøk på å ta den av, men såg ut til å godta den heilt greit.
Kanskje pga tulletreninga mi med at ho skal putte snuten sin inn i koppar (ikkje spør meg koffor eg har trent på det)...

Om eg kjem til å bruke den? Kanskje. Eg må lese masse om det først. Forsikre meg om at eg kjem til å trene på rett måte. Eg vil IKKJE at ho skal miste hale eller humør av denne her, altså.

fredag, juli 27, 2007

Å velge mellom to onder. Og håpe ein valde rett.

Klokka var nesten mørkt i kveld då eg bestemte meg for å ta sjansen på at der ikkje kom til å vera folk ute om eg tok Ayla og sykkelen med på ein liten tur. Det regna, og eg følte meg riktig så sprek og frisk då den første byga gjorde det umulig å ha på brillene lenger.

Ayla trava ved sida av sykkelen som om ho aldri hadde gjort anna, og stoppa berre ein gong for å snuse på noko. Ca halvveis slapp eg henne laus, og sykla roleg langs sjøen. Då høyrde eg tre skot med jevne mellomrom, og Ayla reagerte med å miste halen litt, men ho haldt følge med meg.

Då me skulle opp mot asfaltvegen igjen, såg eg to personar komme gåande mot oss. Den eine bar på eit rifleliknande våpen, knekt over armen med løpet vendt ned mot marka. Heldigvis hadde eg ei tube leverpostei, og la den ned på bakken. Eg trødde på den så det kom ut ein jevn strøm mens dei to guttemennene (å, så gamle me føler oss av og til) passerte. Ayla hadde det travelt med å få i seg leverposteien, og eg trudde meg redda.
Det var då dei to stoppa ein seks-sju meter nedanfor oss. Dei såg ut mot krattet, og eg frykta at dei skulle skyte derifrå mens me stod der. Då var eg redd Ayla ville ha stukke av og gått berserk av panikk, så eg spurde dei roleg om dei kunne vente til me hadde kome ein del lenger opp. Dei svarte like roleg at joda, dei hadde då ikkje tenkt å skyte når me stod der.

Ved lyden av stemmen til han som svarte, bjeffa ho tre gonger. Så måtte ho tilbake til leverposteien igjen. "Sånn", sa eg og tok tuba etter nokre sekund før eg sette meg på sykkelen og sykla derifrå. Ho viste ingen ytre teikn på at ho var stressa av dei to, men eg kjende då eg ga henne ein frolic, at ho var hard i munnen.

Nå i ettertid tenker eg at eg skulle tidd stille, men eg var ikkje sikker på at dei ikkje kom til å skyte, og eg vil TRU det er lettare å jobbe med å ikkje bjeffe på framande enn det er å motbetinge ein skuddliiiiiiivredd hund, som ho garantert ville blitt.

Resten av turen gjekk fint. Ho er så utruleg flink til å trave ved sida av meg! Ho vil helst halde seg inntil venstre sida av vegen, så foreløpig har eg springeren slik at ho kan halde seg der. Eg lager litt lyd med giret når eg skal stoppe, og det ser det ut til at ho har forstått allerede. Flinke toårige hunden min!! *smelt* Eg tenkte på veg heim, at eg er då heldig som har ein sånn flink hund som bare plutselig kunne trave fint ved sida av sykkelen, liksom, og så fant eg ut at jammenmeg kan eg også få ha NOKO som går enkelt. :-)

Ayla fyller to år i dag! :-)

Gave fra "farmor"


Dagen starta med at eg las opp melding frå svigermor til Ayla. Ho hadde sendt den til Ayla, og eg måtte gi klem frå henne og helse til Joey. Så det gjorde eg.

Bursdagar er tid for ettertanke og tilbakeblikk. Kva har me utretta det siste året, kor langt har me kome frå der me var for eitt år sidan?

Då Ayla var eitt år var me på hytta. Ho hadde ikkje svømt endå, og ho kunne ikkje plukke bær frå busken.
7. juli i fjor lister eg opp ein haug med ting som eg ønsker å lære henne

Sitte når ho helser på folk: LAAAAANGT på veg! Ho hopper ikkje lenger. På veldig veldig få i alle fall.
Komme tilbake med leika til meg: Jepp!! Juhu!!
Greit at framande står ved bilen: Ikkje fullt så jepp, men ikkje så viktig heller.
Ringeklokka treng ikkje varslast: Akseptabelt
Gå fint i band: Jepp!
Utgangsstilling: Dobbeltjepp!!!!!!
Håndtarget: Oh yes!
Avstandsdekk/sitt/stå: Absolutt på god veg!
Lukke kjøkkendøra: Ja, og her er beviset
Kanskje viktigast av alt er: Me får sove lenge i helgene!!!

Det var faktisk ikkje så reint lite, det!


Til ho blir tre år, har eg lyst til å få til:
At me kan gå tur uten skuldrene som øyrevarmerar.
At ho går fint ved sida av meg forbi folk og hundar.
Ho treng ikkje ville helse på alt og alle, men tillate at dei passerer.
Ha grunnferdigheter nok til å KUNNE starte i LP1
Ha ei sikker tannvisning.
Stimuluskontroll på eit eller anna.
Ha baklengskjeda EIN øvelse.
Trent meir spor.

Eg kjem også til å ha hatt fem helger på Hundeeierskolen, og er spent på alt eg skal lære der.

Oy... et lite øyeblikk nå kjente eg noko rart i magen... Då eg kjente etter, var det HÅP! Rettare sagt; TRU på at det skal gå bra! :-) Så deilig...




Av og til gidder ikkje Ayla reise seg etter at maten har blitt servert.







Joey og Ayla vil også ha jordbær!




Ayla, ca 5 mnd


torsdag, juli 26, 2007

Plan for kveldens trening. Og korleis det gjekk.

Komme før dei andre, og trene på at ho ser folk komme mot oss enten med eller uten hunder. Det pleier jo uansett gå greit på treningsplasser.

Kom før dei andre, parkerte, tok ut Ayla - eller i alle fall det som pleier å vær Ayla på Sørbø. Nasen i været, eg eksisterte ikkje, og kontakten var fraværende. Inn i bilen igjen, og ut igjen etter et par minutter. Då var ho der, ja. :-)

Det kom først ein mann med to hundar gåande på turstien som går forbi skulen der. Ho såg dei ikkje då dei kom, men eg fekk belønna i tide mens dei var på veg vekk. Så kom det to godt vaksne folk utan hund, og dei såg ho. I same augneblinken som ho fraus til, øyrene opp, pusten gjekk LITT grunnare, var eg framme med boksen med kattemat. Ingen reaksjon, og det er jo det eg jobber for :-)


Då Krissi kom, gjorde eg det same. Ayla la merke til henne, Krissi sa ingenting, og eg ga boksen med kattemat igjen. Då Krissi kom nærmare, skjønte ho kven det var, så då fekk eg bare Krissi til å rope på henne for å vær heilt sikker på at det ikkje skulle bli reaksjon.

Då me trente lenger nede, stilte eg meg opp slik at eg hadde vinden i ryggen. Krissi stod bak eit hushjørne, og då ho kom fram første gongen, var det ingen reaksjon. For langt vekke? Såg ikkje Ayla henne? Visste ho kven det var?

Eg gjekk nærmare, og då kom øyrene opp og Ayla fraus til litt. DER kom kattematboksen! Krissi gjekk bak veggen igjen, og kattematen gjekk i lomma. Så skjedde ingenting. Kjeeeedelig! Men DER dukka Krissi fram frå veggen igjen, og kattematen dukka mirakuløst opp fra lomma igjen. Nå såg eg at Ayla begynte å skjønne kven det var, så me ga oss der. Eg fekk i det minste øvd meg på kva eg skal gjer: ikkje halde bandet stramt, la Ayla verkeleg kose seg med "baren", puste, halde toppen unna kokepunktet.

Det som er kjekt å sjå, er at det skal ikkje mange helsingar til på Ayla, før ho kjenner att personen og syns alt er strålande når ho treffer dei. :-)

Tannvisning. Tør eg prøve ein mann i dag? Hvis det dukker opp ein, altså?

Ingen menn dukka opp i dag.

Fri ved foten. Strekke tida. Huske å auke EITT OG EITT kriterium. Ikkje legge til forstyrrelsar og vendingar og naute det til på den måten.

Det blei litt trening på FVF, og eg trente på heilomvendingar. Ho var ikkje så MED der nede som me haldt oss akkurat då, så eg trur eg skal tilbake dit snart. Trene på kontakt på vanskelige plasser. Dei er ikkje så mange, men det er sikkert nyttig å trene på det likevel.

Stå under baklengs marsj. Har ikkje trent det ved Sørbø Skule før.

Blei ikkje trent på.

Få fram kjapp frivillig dekk og legge kommandoen "DEKK" på. Har "Legg deg" fra før, og vil ha den fortsatt men som eit signal på at ho skal legge seg ned ein eller annan plass. Dekk skal bety at ho skal hiiiive seg ned i dekk umiddelbart.

Blei ikkje trent på.

onsdag, juli 25, 2007

Notater fra "Cujo meets Pavlov" (oppdateres stadig)

For å motbetinge følelsar som oppstår ved synet av ein annan hund mens Ayla er i bånd, MÅ ho sjå hunden først, SÅ må godbiten komme. Dersom ho får godbiten SAMTIDIG som ho ser hunden, vil ho ikkje forbinde synet av hunden med godbit. Dersom ho får godbiten før hunden/mennesket dukker opp, KAN den positive følelsen for mat bli erstatta med den urolige følelsen for hunden/mennesket.

Det er som med klikkeren. Klikkeren skal forutsei at belønning kommer, ikkje fortelle AT det skjer NÅR det skjer. Dette er veldig viktig.


The clicker must PREDICT the arrival of food, not overlap it.

Hvis eg ser hunden først og begynner å mate Ayla forbi, lærer ho ingenting.

Stimulus 1, the dog.
Stimulus 2, the jippi producing stuff (food, toys, backrub etc)
The emotion from stimulus 2 rubs backward.
In classical conditioning, it's what comes second that counts.

Counter-conditioning

Scary sound happens ---> food happens, sjølv om lyden opprinnelig ikkje skremmer hunden.

You CANNOT reward/reinforce feelings; fear, anger

Situasjon: Hunden bjeffer på eit menneske/hund/lyd av redsel for dette. Reaksjon fra meg er å tilføre eit stimuli som hunden elsker LIKE etter det skumle har oppstått. Bjeffinga vil avta, men kanskje ikkje forsvinne heilt. Følelsen BAK bjeffinga, derimot, vil forandre seg, og faren for bitt vil bli betydelig redusert.

For å sette opp denne treninga, skal ein annan hund dukke opp på avstand. Ayla ser den andre hunden, deilig leverpostei dukker opp fra intet, mens den andre hunden forsvinner ut av syne. Kan også bruke lek dersom hunden er i stand til å leke i ein slik situasjon.

For at dette skal fungere, MÅ eg lære meg koss Ayla ser ut når ho ser eller høyrer ein annan hund/ser eit menneske.

Helst skal ho ikkje rekke å reagere, eller ha behov for det. OM ho likevel skulle reagere, åpner bare likevel.

Innan eit sekund "åpner baren"

Baren må åpne KVAR EINASTE GONG ein hund/menneske dukker opp. Til følelsane bak reaksjonen er trent vekk. Då kan operant læring ta til, og ein alternativ adferd kan erstatte den uønska.

Baren må ikkje åpne uten at hunden dukker opp. Då mister baren betydning.

Dersom hunden blir så gira at den ikkje bryr seg om maten når den ser den andre hunden, er den andre hunden for nære.

Dei første repetisjonane er dei viktigaste.

Heller 30 sekunder mellom kvar repetisjon enn 5 sekund. Innimellom repetisjonar skjer INGENTING kjekt for hunden, og så dukker hunden opp, baren åpner, og deretter dødtid. Dette auker forventningane hunden har til den andre hunden, og effekten kjem fortare.

30 til 40 minutter kan gjerne sesjonen vare.



VIKTIG: Ikkje vis den andre hunden med faste intervall.
Me vil fortelle hunden at den andre hunden fører til at gode ting skjer. Dersom den andre hunden dukker opp kvart 45. sekund, lærer hunden at kvar 45. sekund skjer gode ting. Den forbinder ikkje den andre hunden med den gode maten. 30 sekunder, halvtanna minutt, 45 sekunder, to minutter o.s.v. Ujevne intervall er kjempeviktig!!

Pick your battle. Om hunden bjeffer på joggerar, bilar, folk, hundar, velg EIN og jobb med EIN ting om gongen.

Huge precursor is that the owner gets nervous. (precursor=signal)

The owner also has to learn that the situation is safe and thereby sending other signals to the dog.

Eg må jobbe med frykten min!!!!!!

Tren på båndtrening utenom. Om hunden ikkje kan gå fint i bånd, så stå i ro og la den andre hunden gå forbi. Tren så på båndtrening utenom.

I to-tre mnd SKJER IKKJE TILFELDIGE turar. Alt er planlagt.


Metoden går ut på "classical conditioning". Først må hunden bli såpass rolig at den er i stand til å trene på operant betinging, og det gjer me gjennom klassisk betinging. Me avlærer at ein hund/person betyr uro og fare og bjeffing.

Hvis båndet er langt akkurat idet Ayla ser den andre hunden og eg ikkje rekker fram til munnen hennar, kan eg bare miste heile haugen med mat på bakken.

Godbitane skal ikkje vera tørrfor. Det skal vær det beste hunden veit om, og det skal vær masse! Heller 3 repetisjonar med drøssevis av godbitar med god effekt, enn 20 repetisjonar med fem godbitar kvar gong. Gi heller mindre mat dei dagane ein skal trene på dette her. Me vil ikkje ende opp med ein feit hund som digger alt som dukker opp.

Article on Leash Aggression by Kathy Sdao

Til Kari-Anne



Her er det jeg mener. Øverste delen av bildet viser hva jeg mener du gjør på filmsnutten.
Nederste delen er slik jeg ville forsøkt å løse det. :-)

Trening på Sviland

Drog avgårde litt tidlig i går kveld, sånn at eg kunne få trent litt på dei adferdstinga til Ayla. Planen var å vær på plass når dei andre kom, og så skulle eg gjer slik eg har sett på den DVD'en til Kathy Sdao.

Nervene var på plass, så absolutt, men i noko mindre grad, sidan eg hadde spesifikke oppgaver å konsentrere meg om. Eg brydde meg ikkje om anna enn å "åpne baren" når ho såg den første personen. "Å åpne baren" er fra DVDen og betyr å velte or seg med godbitar med ein gong hunden ser personen/hunden/det den er redd for.

Opplegget går ut på klassisk betinging, og eg har skrive notater mens eg har sett DVDen. Dei kjem snart. Ayla skal betingas til å reagere med glede og jippi-opplevelse når det kjem folk gåande mot oss, og eg har verkeleg tru på denne metoden.

Vel, i går var Kristin og Clara først. Ayla såg dei, og busta rygg. Eg pøste ut med leverpostei, og umiddelbart etterpå kikka ho på meg for meir. Så såg ho Krissi og Snuppa ute i graset, og det var litt meir ekkelt. Då brumla ho og reiste bust. Eg øste på med leverpostei, og roste opp i skyene. Eg gjentok prossessen med alle som kom, og til slutt kunne me gå heilt roleg inn på treningsplassen.

Viktig å huske kriterier her!

I løpet av kvelden trente eg på:
* Ikkje bli irritert når ho lot seg provosere av dei andre hundane
* Dekk og bli
* Fri ved fot med Umi som forstyrrelse

Og det var vel det, trur eg.

Når det gjelder fri ved foten, har eg funne ut korleis eg skal vende for at ho ikkje kjem for langt fram etter heilomvendinga. Ho har (syns eg) fantastiske vendingar, både til venstre, høgre og heilt om. Eg må bare øve meg på min måte å gå på. Ho ser ikkje ut til å diskriminere på kva fot eg starter på, men det ser ut som at ho sit beinast når eg stopper med høgrefoten først og lar venstrefoten på ein måte skli inn i full stopp.

Og så eit sjokk: Det er så mykje enklare å trene på det som går godt!!!

Lagt til etter påminning fra Kristin (Tusen takk!):

Heilt på slutten fekk eg huka tak i Kristin og spurte om ho kunne hjelpe meg med tannvisning etter Fanny-metoden. For Ayla var dette ein framand person, og eg følte meg litt kjepphøg og ba henne komme mot oss med godbiten synlig, og at ho berre skulle gå framover om Ayla sat i ro. Første gongen gjekk det nokre sekunder før Ayla sette seg, men då ho skjøna at reglane gjaldt denne gongen også, gjekk det heile strålande! Ho sat forventningsfullt og venta på at Kristin skulle komme heilt oppi henne og gi henne godbiten, og siste repetisjonen letta Kristin på leppa til Ayla. :-) Juhu! Det går framover! Men så har me terpa og terpa på det også...

Før me avslutta, spurte eg Ayla om ho ville gå bort og helse, og ho sprang bort til Kristin. :-) Eg trur dette er måten me skal fortsette på; først sitte-i-ro-trening, og så går personen vekk igjen, og deretter gir eg Ayla lov til å gå bort for å helse. Må følge godt med om ho blir forvirra over når ho får gå bort til personen og når ho skal sitte i ro.

tirsdag, juli 24, 2007

Det er lov til å prøve...

Sendte mail til Kathy Sdao i dag, om ho hadde tips til korleis EG kunne slappe betre av når eg skulle trene på utageringa til Ayla, og eg rekna halvveis med at det ikkje ville komme svar. I kveld då eg kom heim frå trening på Sviland, og hadde fått meg litt tomatsuppe i kroppen, så dukka det jammen opp ein mail!

Her er svaret: "
Hi Kari Anne,
How nice to hear from you. Thank you so much for your kind comments about my
DVD. I'm so glad I'll get to meet you in person in September.

Here's my advice, for what it's worth:
1) Breathe! (deeply and often )


2) Lighten up on yourself. Be very proud of all you are doing to help Ayla.
Her aggressive behavior is embarrassing, for sure, but it is just behavior.
It's not a personal reflection on you. It is instead a challenge that has
motivated you to learn more about dog training and behavior modification.

3) Can you find a trusted friend to do some practice sessions with you? That
way, you won't be ashamed if Ayla's behavior is less than perfect, and you
will gain some confidence for real life walks in public.

4) Consider buying a basket muzzle (wire or plastic) and getting Ayla
comfortable wearing it. The muzzle will attract nasty looks from some folks,
but it will also allow you to feel less nervous that Ayla might actually
bite someone.

5) I've always been a high-energy, intense person (some would say "manic").
A few years ago, I found that taking yoga classes really helped me control
my own emotional reactions in stressful situations. I am now much more able
to convey calm "centeredness" through the leash. Do they have yoga in
Norway? (just joking -- I'm sure they do).

6) Lastly, one of my own dogs came to me as a hand-me-down dog with an
aggression problem. I had never owned an aggressive dog before, and I
learned something really important about how humiliated and ashamed and
angry and betrayed I could feel when Nick bit one of my friends. No one was
hurt, but I was physically sick to my stomach. I'd never known how traumatic
it was to witness your own beloved family member behave so inappropriately!
So I have real empathy for how upset you have been by Ayla's behavior. But
remember that your reactions are normal, and they will ease as Ayla's
behavior improves.

Kind regards,
Kathy"

mandag, juli 23, 2007

Det var DEI planane

Rusa på tidligare turars suksess, heiv eg meg på sykkelen igjen i går kveld. Målet var færrast mulig pausar, mest mulig traving - ikkje passing. Det gjekk heilt fint, heilt til me møtte ei dame rundt ein sving. Ayla bjeffa og drog meg av sykkelen, heldigvis klarte eg å stoppe både sykkelen og hunden OG meg sjølv, og det er ikkje reint lite, bare det. Eg dryssa Frolic på bakken til dama hadde gått forbi, men då ho var kome fem-seks meter vekk, heiv Ayla seg bort for å bjeffe litt igjen. Då blei sykkelsetet kyyyylt inn i skinka på meg, og nå kjennes det ut som om nokon trykker ein liten tennisball der det hardaste dei kan. Lenger nede stod to damer og prata ved ein bil midt i vegen, så dei gjekk me roleg forbi. Det gjekk greit. Og det gjorde forsåvidt resten av turen også. To km til saman berre, men eg vil starte roleg, både for meg og henne.

Eg har skrive ei liste over Ayla sine gode sider og hennar dårlige sider. Dei gode er langt langt fleire enn dei dårlige, men dei dårlege overskygger dei gode likevel.

Når eg f.eks køyrer til jobb, kan eg sjå folk som er ute med hundane sine langs fortaua, og blir heilt vemodig. Ein gong var det oss som kunne gå overalt. Ein liten periode kunne me senke skuldrene og kose oss som vanlege hundeeigarar.

Eg har kjøpt ein dvd-serie av Kathy Sdao som skal ha seminar med Bob Bailey i Oslo i september. Der snakker ho om båndaggresjon, og at ho ofte fortel eigarar at dei må slappe av når dei skal trene sin båndaggressive hund. Samtidig fortel ho at hunden ikkje kan for at han er redd, og at hunden ikkje styrer kjenslene sine. Så ein dag gjekk det opp for henne at det då er urettferdig å be eigarane slå av kjenslene sine.

Problemene eg opplever, er at når eg minst venter det, DÅ er det episodane skjer. Når eg faktisk slapper av. Når eg trur at ting går greit, stramer brått bandet seg, og ho stuuuuper fram og bjeffer. Det vrir seg i magen bare ved tanken.

Eg trur eg må ta eit steg tilbake og tenke over kva eg trener på.

søndag, juli 22, 2007

Lørdag og søndag. Sykling og Sviland.




Lørdag kjøpte eg meg ny sykkel. Litt på impuls, men undersøkte prisar og sånt på forhånd. Det blei ein Diamant sykkel! Gullfarga! Som den aller første sykkelen eg nokon gong eigde.

Måtte jo prøve å ha med Ayla på ein liten sykkeltur her på grusveiene, berre, og ho sprang så fint ved sida av, atte. :-)
Joey, stakkars, blei heilt dårlig då han såg at me drog avgårde på sykkelen, og ville vera med, han også. Eg tok med meg han også på ein 100 meters travetur, og det var veldig tydelig at han stoooorkoste seg. Han har alltid likt godt å sykle, men i går var det også veldig tydelig at han er ei ung sjel i ein gamal kropp.

Eg trur at når Ayla og eg får trent oss litt, så skal det gå an å sykle med henne på vegen utan band. Ho kjem til å ha så panikk for å bli forlatt at folk og hundar ikkje vil bli eit problem. I verste fall kan me stoppe sykkelen og GÅ forbi folk og hundar og så sykle vidare etterpå.


Søndag blei me vekt av at mobilen til Vetle ringte. Det var far hans som proklamerte at han og ei venninne skulle komme på besøk. Dermed måtte me rydde for harde livet til eg måtte dra avgårde på MRT av kneet. Etterpå skulle eg til Sviland og trene med Krissi m.fl.

Røntgengreiene tok ein heil time, og halv tre var eg på Sviland. Der var eg med på Snuppa si rundering. Tok ein del bilder med Krissi sitt kamera som sikkert kjem her etterkvart.

Etterpå gjekk me ned på NRH sin "appellplass" og Krissi gjennomførte tre av fire appellmomenter med glans!! No gjenstår dekk med skjult førar i 5 minutt, så er heile greia bestått!! Juhu!!

Planen i dag var å trene lydighet, kanskje litt møtetrening, og forhåpentligvis litt rundering. Det blei ikkje nokon av delene. Derimot blei det ein runde med Lara og Krissi, og Ayla såg ut til å syns at det var kjekt.





Lara må vera verdas mest tålmodige hund. Ayla var ganske så innpåsliten av beundring :-)













Ayla følger spent med for å sjå kva som brått fatta interessa til Lara











Her synes eg Ayla såg veldig kvalpete ut














Demping på høgt plan?













Lara




Klokka blei fem på halv sju før eg vende nasen heimover.

Vel heime måtte eg bare prøve å sykle litt igjen, og då lot eg bare Ayla springe ved sida av meg på vegen. Det er jo nesten ikkje bilar her ute, og me treffer sjeldent folk. Det gjaldt i kveld også. Travetempoet til Ayla er rundt 6-7 km/t.



P.S. Tusen takk for bildene, Krissi! :-)

fredag, juli 20, 2007

Trening på Austrått

I kveld var det trening med Snuppa og Krissi igjen, og eg hadde pugga tannvisningsmetoden til Fanny. Først gong reiste Ayla seg, men då tok Krissi handa bak ryggen og snudde. Ayla skjønte rimeleg kjapt at Krissi berre kom nærmare om ho sat i ro, og gjorde det. Til å begynne med var det vanskelig for henne å sitte i ro når ho fekk godbitane, men med litt justering kom det også seg. Eg avslutta etter at Krissi kunne komme gåande ganske fort og uhøflig rett mot Ayla og ho sat dønn i ro. :-) Juhu!


Fri ved foten med Snuppa gjekk glimrande med litt justering av tempo og vendingar, og Krissi gjennomførte eit tominutts program som sjølv med kritisk blikk garantert ville gitt godkjent på appellprøve. Me gjorde det slik for å sjå kva ho treng å jobbe vidare med, og kjem ikkje til å gjenta det igjen før prøven. Siste gongen Snuppa var ute, låg ho i Dekk med Skjult Førar i to (2) minutter!!! Juhu!!


Andre gongen Ayla var ute, var det tannvisningstrening igjen, men denne gongen fekk Krissi letta på leppa til Ayla uten å ha handa under haka! Fantastisk! :-)
Eg trente og litt innkalling, som gjekk ut på å sette Ayla, gå frå, stå og vente litt, og så rope. Ho har god fart! :-)

















































Etter det blei det bare tulletrening, for eg hadde ikkje planlagt noko anna enn den tannvisningstreninga, teite meg. Eg MÅ slutte med sånn tulletrening, og så MÅ eg huske at Ayla ikkje er kome så langt som Snuppa. Endå.




Dette ser jo tilsynelatande greit ut, men kva trener eg på?





Trener eg på "Sitt i ro med den eine labben foran den andre"?


Trener eg på "Sjå rar ut mens du legger deg ned"?




Trener eg på "Legg hovudet på skakke og sjå søt ut"?


Trener eg på "Sitt normalt og sjå søt ut"?



Ayla ga opp til slutt, og antok at det var "Ligg i ro med hovudet i bakken, sjølv om mor sa Sitt og Vær Der".

torsdag, juli 19, 2007

Litt bilder bare

Først et bilde av Kosegutten Joey. Han har blitt veldig knekete i det siste, som han pleier å bli når han er midt i røyting...




Og desse to siste er av Ayla som plukker bringebær. I fjor sommar lærte ho jo å plukke blåbær rett frå busken.

I år har den kunnskapen tydeligvis utvikla seg til jordbær, bjørnebær og bringebær. Og ho går berre etter dei med farge på seg. :-) I dag morges sto ho og koste seg med buskane langs grusvegen opp mot postkassane. Godt å sjå at ho har matvett om ho skulle gå seg vill i heia eller på fjellet. :-)

onsdag, juli 18, 2007

Rottweiler i action!

Det ser ikkje ut til at det affiserer denne hunden særlig å bli slått med pinnen.. Eg veit ikkje om dei verkeleg slår eller bare later som, men hunden ser rimeleg heit ut under heile klippet! :-)

http://www.youtube.com/watch?v=i1-QjAQ1ch4&mode=related&search=

tirsdag, juli 17, 2007

Impulstrening på Austrått

På impuls avtalte Krissi og eg å trene i kveld.

Tannvisning. Krissi kom mot oss, og eg klikka maskingevær. Ayla reiste seg for å snuse. ÅE!!!!

Så fullførte me og fekk ein full tannvisning. Etterpå fekk Ayla helse. Eg trur eg skal la det gå litt lenger tid før helsing neste gong, sånn at ho ikkje får det som vane å helse etter tannvisning. Kanskje ho då blir frustrert på ein konkurranse, og begynner å bjeffe?
Og eg la merke til at når eg spurte Ayla "Vil du helse?", så gjekk ho bort for å helse. Eg har ikkje lært henne det, men kanskje eg bruker kroppspråket på ein måte som gjer at ho går bort?



Dessuten skulle eg jo trene etter Fanny sin metode med omvendt lokking!! Kvifor hugsa eg ikkje det?????? Det må eg hugse til torsdag, i alle fall.



Eg tok også litt dekk og bli med avstandsbelønning, og trur eg kan auke tida ho ligg med større intervall.

For framtidig trening:
* Legge på signal på fri ved fot, for det stod det i LiToP at eg kunne gjer allerede
* Trene meir sittopp og legge signal på det
* Bytte ut "Legg deg" med "Dekk"
* Bytte ut "Vær der" med "Bli", og gjer "Vær der" til ein kvardagskommando
* Bruke hand- og kroppsteikn mindre, helst ikkje i det heile! (denne blir vanskelig, for ho gir så kjapp respons på teikn)



Siste gongen Ayla var ute av bilen gjekk ho berre og rusla rundt oss under taket. Det virka som om alle sluser opna seg akkurat då, så ho haldt seg i umiddelbar nærhet heile tida.



Ein fin kveld med gode resultater, til tross for regn!

Og eg må jo skryta hemningslaust over herlige Snuppa som tok dette med avstandsbelønning og doggie-zen så lynkjapt og korrekt!!!

mandag, juli 16, 2007

Eg er flink til å ta meg saman!

Då Ayla kom i hus hausten 2005, var det blitt såpass kaldt i været at husvertane våre og naboane våre ikkje var særlig mykje ute. Eg mistenker difor at Ayla er rimeleg overbevist på at me bur her åleine. Alle andre er inntrengarar. Ingen andre enn oss har lov til å vera her.

Når då husvertane har besøk av foreldra HENNAR, hans er nemlig naboane våre, er det eit sant mareritt å lufte hundar. Joey bjeffer då fordi faren er gammal og kvithåra, og Ayla bjeffer fordi dei har då ingenting her å gjera!!

I dag då eg kom heim frå jobb, var eg heilt gåen og sliten og blodsukkeret var skummelt lågt. Då eg runda hjørnet ved lyktestolpen, såg eg den frykta bilen. Blæh, tenkte eg høgt.

Eg tenkte at om eg er raskt ut med hundane nå, så rekk kanskje ikkje foreldra HENNAR (husvertinna sine) å komme ut igjen, men eg var tydeligvis ikkje rask nok til å legge frå meg veska, bytte sko, og feste banda på hundane. Då eg kom ut, stod husvertane og faren der. Eg rygga inn igjen og sette meg oppgit i sofaen. Særs lite hyggelige ord kom ut ord munnen min, og Ayla kunne ikkje forstå kvifor ho hadde bandet hengande etter seg INNE!??!?!
Henslengt i sofaen, med vesten på, og på god veg til å synke ned i oppgittheten og sjølvmedkjensla, gjekk det brått eit støkk i meg. Kvifor bruker eg ikkje anledningen til å trene???

Eg heiv (ja, altså ikkje bokstaveleg) Joey inn på kjøkkenet, og gjekk ut med Ayla. Ho oppførte seg som om ho hadde vore i timeout, og gjekk perfekt ved sida av meg til me kom ut. Ingen bjeffing til å begynne med, men då ho såg faren, kom der EITT boff. Nokon der borte boffa tilbake, og så gjekk eg inn att med henne og lukka igjen døra frå innsida. Ho kom med nokre skikkeleg frustrerte klynk, og då det vart stille att, henta eg henne ut igjen. Ho fekk lov til å gå bak meg til me hadde kome heilt ut på plassen, og så gjekk ho klistra ved mi venstre side og niglodde meg i augene. Ikkje ein lyd!!!! Eg hadde ikkje klikker med meg (!), og brukte ros i stadenfor. Frolic var elles det eg hadde å by på, men det var visst veldig stas i dag! Me gjekk forbi gårdsplassen, snudde, gjekk inn i gongen igjen, og ho gjekk bak meg ut igjen. Dette gjentok eg tre gonger til, før eg stilte meg opp på gårdsplassen med henne i utgangsstilling.

Ho sat som eit lys, og eg rosa og ga godbit.

Så mota eg meg opp og henta Joey. Han såg sikkert ikkje faren, og gjekk lydlaus forbi alle saman! :-)

Seinare fekk eg vite at det var faren som hadde boffa, og då hadde husverten sagt klart frå om at det fekk han ikkje lov til. :-)



Ellers fekk eg omsider lagt eit spor for Ayla. Det vil seie, Vetle la det, med to vinklar, og ho fann slutten etter litt somling. Mogleg at eit par dagar gamalt nyslått jorde ikkje er det beste underlaget å legge spor på..

søndag, juli 15, 2007

Korte økter gir resultat

Det har blitt lite organisert trening dei siste vekene. Stort sett er det Vetle som går tur med Ayla nå, pga kneet mitt. Han skrøyter fælt over kor behagelig ho er å gå tur med, og syns ho er veldig flink til å halde bandet laust.

På lufteturen før jobb kvar morgon, får eg lagt inn litt trening på bl.a fri ved fot, søk, innkomst, innkalling, og Vær Der (ikkje beveg deg når eg forsiktig kaster denne godbiten vekk fra deg).
Fri ved foten har verkeleg begynt å ta form nå! Eg er på 35-40 steg med både høgrevinklar, venstrevinklar og heilomvendingar. Tru om eg kan legge på kommando snart? Eller bør det vente til ho utelukkande held seg NØYAKTIG der ho skal vera ved sida av meg? Slik det er no, kjem ho ofte bittelitt langt fram etter heilomvendingar. Trur det er fordi eg har belønt kontakten rundt med å kaste ballen framover.

Eg har dessuten sendt ein laaaaang mail til Gry Løberg ved Manimal, for dei har knytta til seg ein dyreklinikk ved Kragerø. Me skal jo på hytta i Treungen om tre veker saman med niesene våre på 6 og 7, og det er ikkje så lang køyretur derfrå. Det gjenstår jo å sjå om det passer med ein time i det tidsromet me er på hytta...

fredag, juli 13, 2007

Eg har blitt tante!!!

Lea blei fødd fredag 13. juli, klokka 11:10!
Og det er på dagen 9 mnd etter at Olaug og Anders gifta seg fredag 13. oktober!
Litt av eit samantreff! :-)


fredag, juli 06, 2007

Klikkertrening på legekontoret

Var til legen i dag, med kneet, og satt på venterommet og såg på ein unge som blei klikkertrent. Det vil sei… ikkje akkurat klikkertrent, men…

Det står ei vatnmaskin i eit hjørne, og knappen som utløyser vatnet er lågt plassert. Gutungen stavrer seg bort dit, og får beskjed av faren: ”Thorbjørn, du har ikkje lov” Guten snur og ser seg tilbake. Ingenting skjer. Han går bort til maskina. ”Thorbjørn, ikkje gjer det” Guten snur seg igjen og ser på far sin. Så snur han seg tilbake mot maskina, strekker armen opp i været mot knappen, og dermed reiser faren seg og går bort og henter han. Akkurat i det faren plukker guten opp, trykker guten på knappen, og vatn renner ut av kranen.

På veg bort til benkene der dei sat, driv faren og kitlar guten for å få han til å le. Og guten ler. Herleg familieidyll. Dei held på slik ei lita stund, og så blir det stille. Eg ser dei ikkje, men plutseleg kjem guten rundt hjørna igjen. Går rett bort til maskina, stopper og snur seg mot faren. ”Thorbjørn, du har ikkje lov” Guten strekker armen kjapt i været og trykker på knappen, og der kjem faren og løfter han opp. Dei går heilt stille og roleg bort til benkene, og der byrjar faren å kitla guten igjen.

Atter ein gong blir det stille frå den andre enden av venteromet, og for tredje gong kjem guten rundt hjørna, rett bort til maskina, strekker armen kjapt i været, og i det han trykker på knappen: ”Thorbjørn, du har ikkje lov” og faren kjem og henter han.
Eg skulle gjerne sett fortsettelsen på dette her, men då kom legen min og ropte meg opp.

Eg har forresten kanskje skada menisken. Det er snart to mnd sidan det hende på sporkurset, og det er ikkje godt endå. Legen sa også at eg hadde vatn i kneet. For ein drittlege! Kunne han ikkje sendt meg for å ta bilde då eg var hos han for halvannan mnd sidan? Han sa at det ville bli godt innan to veker, og eg halta jo i tre og ei halv!