Viser innlegg med etiketten Ikkje hunderelatert. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ikkje hunderelatert. Vis alle innlegg

onsdag, april 18, 2012

Oppleving for livet!

Dette blir ein nesten ikkje hunderelatert blogg. Så er du advart.

SAM_2812Sidan 2003 har eg vore dedikert fan av Michael Bublè, og for seks år sidan var han i Oslo og spelte konsert. Den gongen hadde me ikkje anledning til å dra, men då eg i november i fjor fekk greie på at han skulle komme tilbake, gjekk det tre sekunder før eg hadde billettar.

Planen var eigentleg at me skulle tilbringe nokre dagar i Oslo før konserten, men så blei eg så dausjuk for ei veke sidan, og då måtte planane endrast.
Me reiste difor inn til Oslo tirsdags morgon, og hadde avtalt med snille snille snille svigermor Tove at ho skulle komme og vera her med hundane til seine kvelden og så skulle me køyre heim att etter konserten.

Eg har gleda meg i månadsvis til dette her, og då eg blei sjuk i forrige veke, tenkte eg at på konserten skal eg om eg så skal proppe meg full av Ibux og Paracet og alskens remedier!SAM_2814 Ingenting skulle få stoppe meg!

Konserten blei åpna av Naturally 7, ei gruppe som utelukkande nyttar stemmene sine når dei lagar musikk.Dette var heilt fantastisk!

Så, ein halvtime etter at dei var ferdige, kom endeleg Michael Bublè på scenen. Eg felte nok ei gledeståre og to undervegs, for han song den eine nydelege songen etter den andre, og han er verkeleg ein underholdar utan make! Han vitsa og skøya og dansa og laga eit fantastisk show på scenen!
Halvvegs i konserten kom han ned frå scenen og gjekk oppover mellom radene før han stansa opp fire-fem meter frå der me sat og sang tre songar medan han stod der.

 




SAM_2832
SAM_2828SAM_2839SAM_2846

 

 

Avslutningsnummeret var magisk!

Konserten starta halv åtte med oppvarminga, og halv elleve var den over. Eg svevde ut i bilen, og pludra med Vetle om opplevinga til me begge var ferdigpludra, og så høyrde me på lydbok til me var heime igjen halv fire i natt. Då snøa det temmeleg heftig, og det var kvitt rundt huset igjen.

Hundane hadde berre vore åleine sidan halv elleve, men var veldig glade for å sjå oss likevel. Dei hadde tydeligvis hatt det heilt topp i lag med Tove som under kvelden kunne rapportere om heilt og fullstendig reinslikka øyrer! Emil er den beste øyrerensaren ever, nemlig!

fredag, mai 20, 2011

Det er farlig med drivhus.

P200511_07.520001

Her sitter eg med knekt hånd, og lurer på kva som eigentleg skjedde i går ettermiddag.

Eg og Vetle holdt på å pusle drivhus (då Vetle opna pakka frå Plantasjen, var kommentaren: “Ikea, go home”), og var ferdig med alle sidene då me blei enige om at vinden var for sterk til at me ville prøve å setje det opp endå.

Difor sette me heller i gong med å ordne til rundt grunnmuren, og fylte opp med grus der det var behov for det. Eg gjekk og rakte og trampa ned denne grusen i takt til “I shot the sheriff”, då Vetle kom med eit nytt stort lass med grus. Eg skulle berre flytte meg litt, og rygga bakover. Der låg det nokre store steinar me hadde flytta på tidlegare, så eg snubla bakover og tok ein liten piruett på veg ned, og landa med heile vekta oppå mitt bøyde håndledd. Smertene likna veldig på dei eg fekk i kneet under sporkurset i 2007. Eg heiv meg rundt mens eg hylgrein, og låg igjen på bakken og vrei meg. Vetle kom styrtande til, med uhemma fortviling og omsorg i stemmen spurde han om eg klarte å reise meg opp. Han visste jo ikkje kor eg hadde slått meg..P200511_08.100001

Eg klarte å formidle til han kor eg hadde slått meg, og spurte om han kunne hente is å ha på håndleddet. Då Olaug brant seg så stygt på denne turen i 2009, kjøpte me inn sånne icepack posar til å ha med oss i førstehjelpsputa.

Det lindra litt, men verkte grundig framleis, så me ringte til  legevakta og fekk beskjed om å komme med ein gong. Der blei eg sendt vidare til røntgen ved Sørlandets Sjukehus med mistanke om brudd. Etter røntgen då eg sat hjå legen (som forøvrig kalte meg “ei ung kvinne”, og dermed vann min tillit umiddelbart), ymta han frampå om mogleg narkose grunna fragmenter i bruddet. Eg blir alltid kvalm og uvel etter narkose, og håpa sjølvsagt at det ikkje blei operasjon. Heldigvis blei dette ikkje noko av etter CTundersøking.

Då eg skulle få på gipsen, blei eg spurt om eg ville ha farge eller ikkje. Det blei knall raud, og eg var den første som hadde gått derfrå med farga gips, sa ho som la den på. Juhu!!

Dette kunne ikkje skjedd på eit meir irriterande tidspunkt. I helga skulle eg vore i Bø begge dagar for å sjå på og vera dommarelev, men må nøye meg med det siste. Neste helg skal eg til Stavanger på passeringskurs og til røntgen på mandagen. Helga etter er det Stavanger igjen for treningslørdag, og dommareksamen på mandagen.

Og eg må innrømme at sjølv om gipsen er raud og fin, skulle eg gjerne vore forutan… Idag kjenner eg meg forslått og vond, og merker at det ikkje berre var handa som fekk seg ein smell i går..

mandag, april 11, 2011

Vekesoppdatering

Onsdag hadde eg avtalt med Marit og Vinja å trene litt rally. Eg hadde med meg både Ayla og Emil, for eg var redd for at Ayla ville klø seg om ho blei att heime åleine.

Vel framme på treningsplassen hadde Marit allereie dukka opp, og eg sette opp banen frå konkurransen i Stavanger. Då den var oppe, tok eg ut Ayla og lot henne helse på Marit for første gong. Marit kunne ikkje heilt forstå at dette var hunden eg hadde fortelt var redd for folk. :-) Ayla lot seg jo sjølvsagt bestikke, og dermed var det gjort...

Eg bestemte meg for at eg ville prøve å gå banen med Ayla, og erfarte at ho nølte med å setja seg. Då ho først gjorde det, sat ho på skinka, og ikkje vanleg, slik ho plar gjera. Eg merka også at ho vralta ein del, og då me var ferdige, kjende eg at det nok var heilt sikkert hennar siste rallybane. Vemodig og vond erkjennelse, det. :-(

Neste ut var Marit og Vinja, og eg fekk lov til å dømme :-) Godt med trening på slikt også!
Eg tok eit par bilete, men fant ut heime at eg ikkje hadde hatt minnekort i kameraet, så dei bileta blei det ikkje noko av.

Då det var Emil sin tur ut or bilen, trente eg på det Siv og Elin lærte meg på mandag. Det var ikkje fullt så enkelt å gjer dette åleine, men han roa seg då til slutt. Trudde eg. Då eg hadde fått jobba oss bort på parkeringsplassen, dukka nemlig Operasongaren opp for full hals. Han stod og UUUUUUULTE ved sida av meg, og vekselsvis hoppa opp på meg og kikka ut i lause lufta. Kvar gong eg bevegde bittelitt på meg, stansa han eit nanosekund og såg særdeles håpefull ut før han skjønte at eg ikkje hadde tenkt å gå vidare og sette i gong igjen. Det ga seg etter det som for meg virka som tre-fire minutter (det er ikkje sikkert at det varte så lenge, men det føltes i alle fall slik).

Etter fleire gode responsar på omvendt lokking, kunne me rusle i bilen att. Og etter at Vinja hadde gått banen ein gong til, tok eg ut Emil igjen mens Marit og Vinja trente litt på andre sida av parkeringsplassen.
Emil buldra litt med ein gong han såg Vinja. Han rakk ikkje å feste blikket på henne eingong. Dette gjentok seg gong på gong, sjølv om avstanden var ganske så stor, men omsider kunne me gå litt FVF, me også. Me ga oss etter dette.

Så kom lørdagen, og eg tok med meg Emil for å sjå på Siv og Elin som skulle gå LP prøve i Øvrebø, ein halvtimes køyring herfrå. Med ein gong eg kom fram, fekk han komme ut or bilen, og busta kom opp umiddelbart. Litt hopping før brumlig, og han fekk gå i bilen igjen. Litt etterpå fekk han prøve seg ute igjen, og alt gjentok seg, pluss at Operasongaren Light dukka opp. Eg kjende fortvilelsen reiv i meg, og eg hadde mest lyst til å gi opp. Eg gjorde ikkje det, og til slutt tidde han stille og blei forsiktig i munnen og han fekk gå i bilen igjen.

Økt to med denne treninga, ein halvtime seinare, føregjekk på same måten, men uten Operasongaren til stades. Me klarte til og med å komme oss bortforbi bilen uten hyling og busting.

Så var det tid for at Siv og Elin skulle gå konkurransen sin, og dei gjekk faktisk samtidig, i kvar sin bane.
SAM_0583
Siv og Kry


SAM_0576 
Elin og Spike

 

Økt tre var då eg skulle reise derfrå. Den gjekk veldig bra. Me kunne raskt forflytte oss til parkeringsplassen, og fekk gått litt lineføring og holdtar der.

Økt fire denne dagen var framforbi Rema1000 på Vikeland, og der fekk eg kontakt med ein gong ut or bilen, og heile tida mens han var ute.

Søndagen gjekk me til Fiskelausvatn for første gong uten ski i år. Det var nydeleg og varmt og deilig og med løfter om snarleg sommar. Emil gjekk laus utan band og han sprang og sprang og sprang opp og ned skogskrentane, innom meg litt, og så ut igjen. Større avstandar i år, så motet hans aukar.
SAM_0600

Vel framme ved Fiskelausvatn høyrde eg plasking før eg kom heilt bort, og fekk heilt panikk og såg føre meg at Emil hadde gått gjennom isen og låg nå og plaska fortvilt.
Den gong ei. Isen hadde gått heilt inne ved land, må vite, og det låg nokre isflak av ulik størrelse og duppa i vatnet. Skispora etter meg kunne framleis skimtas langsmed land, og det er berre tre veker sidan eg var der på ski sist.
SAM_0613

Eg sette meg ned med ein kopp te og kameraet, og kunne nyta synet av ein Emil som tydelegvis hadde funne sin nye misjon: Renske Fiskelausvatn for isflak:
 SAM_0611 
SAM_0636
SAM_0655

Og så til ei lita koselig og varm episode som hende meg i dag, mandag.

Eg var ute og rusla litt i hagen for å sjå om det hadde begynt å spire i beda og om kvitveisen hadde starta si ferd mot sola. Borte ved syrinbusken stod Emil og bjeffa på Smiley som murra og freste tilbake. Eg veit at Emil har betre vett  enn å nærme seg kattar som høyres slik ut, men eg gjekk bort likevel. Då rusla Emil vekk, og Smiley via stor interesse til noko som låg på bakken. Først såg det ut som ein liten stålorm, men så såg eg at det var ei av firfislene våre. Eg blei frykteleg lei meg, for ho såg død ut. Og eg ville ikkje at Smiley skulle få leike vidare med denne vesle skapninga.

Eg tok henne i hendene mine, og kjende at ho var iskald. Augene var åpne, og ho pusta. Eg kikka over kroppen på henne, og kunne ikkje sjå skade nokonstad. Ho hadde førlighet i frambeina, men bakbeina låg heilt daude i handa mi. Eg kunne kjenne henne puste, og sette meg ned i sola og vendte handa mot varmen. Det såg ut til at ho kvikna til litt, men bakre del av kroppen var heilt livlaus. Eg vurderte om eg kom til å bli nøydd til å avlive henne, og funderte på korleis eg eventuelt ville utføre avlivinga. Medan eg tenkte desse morbide tankane, merka eg at ho fekk kvikkare rørsler på hovudet, og brått livna heile kroppen til, og ho pilte ut or handa mi og ned på bakken.  Kan tru eg blei glad då  :-)
Rett og slett ei lita solskinnshistorie! :-)

tirsdag, januar 19, 2010

Vinterens gleder

Det sitrar i magen av glede over at vatna i nærleiken er islagde.
Og det er ei lukke å kunne finne fram skøyter, hanskar, iPod og Kvikk Lunsj og gjera meg klar!

Då eg parkerer bilen, ser eg ender, ein svaneunge, og nokre småfuglar leite etter mat i det som ville vore strandkanten - om vatnet var flytande.


Eg kjenner at eg syns synd i dei, og tenker at eg skulle ønske eg hadde eit rundstykke i bilen, så skulle dei jammen fått det av meg. Men eg har ikkje det.
På veg bort til kanten av vatnet ligg ein rosa matboks som det står eit jentenavn på. Det har sikkert vore eit par skiver kneip med peanøttsmør på oppi der.

Når eg kjem fram til den vesle fjellhylla eg sat på sist eg var på skøyter her, aukar sitringa. Eg finn fram sitjeunderlaget mitt, og set meg ned. Glidelåsen i sekken heng fast ein augneblink, men så opnar eg for skøytene mine som eg fekk til jul av Vetle. Dei har lagt der og venta på meg i over ei veke, sjølv om eg lova meg sjølv og dei at det ikkje skulle bli så lenge til.

Så er skøytene på beina, sekken på ryggen, kameraet rundt halsen og ein stav i kvar hand.
Og ja, pluggar i øyrene med mykje deilig musikk!

Dei første taka er alltid litt nølande, vaklande, prøvande før eg finn rytmen. Ein fot fram, eit godt tak med stavane, og så skyt eg fart framover. Isen er litt ujevn, men det går så fort at eg knapt merker det.



Så, brått, ser eg noko eg ikkje har lagt merke til på is før. Det er finare i røynda enn det blir på bilete, men artig fenomen er det likevel.


Eg går vidare. Men berre eit lite stykke. Eg ser noko på isen som får meg til å tenke at her har det vore ei and og to som har kost seg og hatt det travelt med å ta av seg før sengekosen. Ja, eg kan ikkje for det, men det er den tanken som dett inn i hovudet mitt her og nå.


Eg går atter ein gong vidare, og skøyter meg forbi sprekker og bobler og eg kan stort sett sjå botn heile tida. Eg lurer på om at dersom eg hadde hatt høgdeskrekk, ville eg ha vore litt redd nå då? Når eg kunne sjå rundt meteren ned til botn? Eller kanskje det ikkje er slik det fungerer?


Musikken på øyra går i takt med skøytetaka mine. Eller kan hende det er eg som går i takt med musikken? Det veit eg ikkje, me går i alle fall fullstendig i takt med kvarandre, musikken og eg. Og det er lett å gløyme seg vekk i slike stunder. Tankane flyt avgarde til ein gul jaktlabrador i Sverige som ikkje er unnfanga endå, til ei herleg rottweilertispe som ligg heime og søv, eg funderer til og med over kva eg skal ha til middag i dag. Eg tenker at eg må få meg skikes så eg kan fortsetje denne herlige formen for trening når isen går også. Og tida berre går. Heilt utan lyd.
Det vil seie.. tida går til lyden av skøyter på is. På ujevn is. Men det er skøytelyd likevel.
Det blir kjøttkaker til middag.

Det er ikkje så kaldt, men det stikk i kjakane likevel. Takk og pris for at eg har gode klær, ellers ville eg blitt veldig kald!

Svisj svisj, seier skøytene mine. Dei lyseblå skøytene mine. Stavane blir pigga ned i isen, og eg dreg meg framover med gode, djupe tak. Eg kjenner at kroppen min elskar meg for at eg gjer dette, og den gode trøytte utmattelsen har starta sitt inntog. For eg går ikkje så fort, men blir sliten likevel. Det går nemlig an, det.

mandag, april 13, 2009

Juhu!! ... og sånt..

I dag fant eg ladaren til kameraet, så nå kan det endelig bli litt bilder og filmsnuttar igjen! Juhuuuu! :-)

onsdag, februar 27, 2008

Norske Talenter

Her er sonen til svogeren min på audition i Kristiansand til Norske Talenter.
Dessverre nådde han ikkje vidare, men EG syns han er kjempeflink!
Det er 1125 Marcus på flowstick


http://webtv.tv2.no/sumo/?treeId=3330682

torsdag, februar 21, 2008

Ting skjer..

Då har eg jammenmeg fått ny jobb..

Skumle greier, faktisk, når ein har hatt same jobben i nesten fem år.
Ein ny plass, nye folk, nye oppgaver, ny vei til jobb, fleksitid, 30 kroner meir i timen ( det er himla masse, det!), opp tidligare, heim seinare, UÆÆÆÆÆÆ!!!!!!!!!!!

mandag, februar 04, 2008

Korleis legge inn video i bloggen. Til Elin og Siv

Først må du laste opp video til youtube. Det finnes ein forståelig forklaring på korleis på Youtube sine sider. Du må opprette brukar, og så er det bare å lese seg fra.
Anyway, i det feltet ved sida av videosnutten står det Embed og så ei lang remse med tilsynelatande tilfeldig valgte bokstavar. Kopier heile remsa.


På bloggen velger du å skrive nytt innlegg, heilt som vanlig.
Så velger du "Rediger HTML"

Her limer du inn den remsa du kopierte fra Youtube. Og så kan du publisere. :-) Easy peasy.

lørdag, desember 29, 2007

Ny hobby på gong..

Rett før jul treftes syklubben for vår årlige juleverkstad. Denne gongen skulle me lage julekort "the scrapping way". Det gjorde at eg blei litt bitt av basillen, og sidan eg skulle ha langfri over julehelga, gjekk eg berserk på Panduro.

Her er det foreløpige resultatet:










fredag, november 23, 2007

Skøyter er farlig.

Sånn som dette ser eg ut når eg grasiøst går på nyinnkjøpte kunstløpskøyter. Nydelig stil, sant? (1,2 og 3) Svingen mot kortsida gjekk greit. Eg testa ut ein ny teknikk som gjer at eg kan svinge kjappere og på mindre plass, så den måtte læres. (4)

Eg skøyta meg bortover langs kortsida, og der i svingen står to mannfolk. Eg må svinge utenom dei, og plutselig henger noko i skøyta seg fast i isen.




Eg hadde på meg MP3 spelaren, og høyrde på Hans Theessink sin "St. James Infirmary" då eg merker at foten ikkje blir med resten av kroppen framover. Eg merker at eg tryner, men det heile går veldig fort. I det knea traff isen, tenkte eg: "Fanken, der gjekk andre kneet også!"

Lufta blei slått ut av meg, og det var flaut og ydmjukande. Likevel reiste eg meg opp og gjekk to-tre rundar til (ein må alltid opp på hesten igjen etter å ha falt av, vettu). Eg måtte dra meg bort til vantet for å komme meg opp igjen, og eg kjente ingenting som var VELDIG vondt der og då. På slutten av tredje runden, derimot, var det såvidt eg klarte å bøye kneet. Nederlaget reiv og sleit i meg, for eg hadde ikkje det minste lyst til å gi meg akkurat då.

I dag kjennes det ut som om eg har drive med styrketrening på kun høgre sida. Eg har blåmerke på hofta (slik går det når polstringa forsvinner), på begge knea, og veldig vondt i brystkassen. Har nok fått gangsperr der også.
Heldigvis slapp eg å bære Joey nokon stad. Ellers ville eg nok hatt meir vondt enn det eg har. Eg krysser fingrane for at det berre er forbigåande...

På søndag er det på'an igjen! :-)

______________________

Oppdatering Joey: Han har sove stort sett heile dagen. Eg køyrde ned til det døgnåpne apoteket for å handle medisiner til han, men kom ned dit og fant ut at eg hadde gløymt resepten. Måtte difor heim igjen før eg kunne ned og kjøpe det eg skulle ha..Nå på kvelden har han vakna til litt, men ute er han endå svært klengete, men har i det minste tissa masse. Han har også ete i kveld, og fått i seg vatn.








torsdag, oktober 25, 2007

Pay IT Forward. (Advarsel: på bokmål!)

Siv hadde eit innlegg om Pay It Forward, som eg ønsker å formidle i min blogg også.

Husker du filmen Pay it forward med gutten som tror på det gode i mennesker og sender en god gjerning videre til en person i den tro at alle gode gjerninger vil gjøre verden til et bedre sted? Jeg var innom en blog som har funnet en måte vi bloggere kan gjøre det samme på.

Slik fungerer det:

Jeg vil sende en håndlaget gave til de tre første som legger igjen en kommentar i bloggen min, og som spør om å få delta i en Pay it forward(PIF)-utveksling. Jeg vet ikke hva gaven vil bli ennå, og det er ikke sikkert du vil motta den verken i morgen eller i neste uke. Men jeg lover deg at du skal motta den i løpet av de neste 365 dagene. Du trenger ikke gjøre noe for meg, men legg gjerne dette samme løftet i din egen blogg.

Har du lyst å være med å gjøre verden til et litt bedre sted, så er det bare å skrive en kommentar på denne posten om det. Kontaktinformasjon utveksler på vi privaten.

Om den ikke blir så veldig mye bedre, verden altså, så vil det være morsomt å ta seg tid til å lage noe til et kjent eller ukjent menneske og å få lov til å gi dette mennesket en gave som de kan bli glade for. Det gjør i allefall min dag bedre å kunne bidra med noe slikt.

lørdag, september 29, 2007

Oppgave

Eg har fått en oppgave fra Elin om å skrive sju sannhetar om meg sjølv (litt forskjellig og litt rart) for så å sende oppgaven vidare.

1. Eg DIGGER Halo 1&2, og dør etter å prøve Halo 3 som nettopp har kommet ut!
2. Eg liker ikkje smaken av alkohol.
3. Eg må brette tellekant på håndkleda.
4. Det verste eg gjer her i verden er husarbeid. Finnes det noko som er meir bortkasta tid?
5. Eg KLARER ikkje musikken til Bjørk.
6. Eg får ikkje til å ha system i rekningane våre. Og eg JOBBER jo med reknskap...
7. Før likte eg nesten ingen grønnsaker, nå liker eg nesten alle.

Eg sender utfordringen vidare til Ellen Beate.

fredag, juli 13, 2007

Eg har blitt tante!!!

Lea blei fødd fredag 13. juli, klokka 11:10!
Og det er på dagen 9 mnd etter at Olaug og Anders gifta seg fredag 13. oktober!
Litt av eit samantreff! :-)


fredag, juli 06, 2007

Klikkertrening på legekontoret

Var til legen i dag, med kneet, og satt på venterommet og såg på ein unge som blei klikkertrent. Det vil sei… ikkje akkurat klikkertrent, men…

Det står ei vatnmaskin i eit hjørne, og knappen som utløyser vatnet er lågt plassert. Gutungen stavrer seg bort dit, og får beskjed av faren: ”Thorbjørn, du har ikkje lov” Guten snur og ser seg tilbake. Ingenting skjer. Han går bort til maskina. ”Thorbjørn, ikkje gjer det” Guten snur seg igjen og ser på far sin. Så snur han seg tilbake mot maskina, strekker armen opp i været mot knappen, og dermed reiser faren seg og går bort og henter han. Akkurat i det faren plukker guten opp, trykker guten på knappen, og vatn renner ut av kranen.

På veg bort til benkene der dei sat, driv faren og kitlar guten for å få han til å le. Og guten ler. Herleg familieidyll. Dei held på slik ei lita stund, og så blir det stille. Eg ser dei ikkje, men plutseleg kjem guten rundt hjørna igjen. Går rett bort til maskina, stopper og snur seg mot faren. ”Thorbjørn, du har ikkje lov” Guten strekker armen kjapt i været og trykker på knappen, og der kjem faren og løfter han opp. Dei går heilt stille og roleg bort til benkene, og der byrjar faren å kitla guten igjen.

Atter ein gong blir det stille frå den andre enden av venteromet, og for tredje gong kjem guten rundt hjørna, rett bort til maskina, strekker armen kjapt i været, og i det han trykker på knappen: ”Thorbjørn, du har ikkje lov” og faren kjem og henter han.
Eg skulle gjerne sett fortsettelsen på dette her, men då kom legen min og ropte meg opp.

Eg har forresten kanskje skada menisken. Det er snart to mnd sidan det hende på sporkurset, og det er ikkje godt endå. Legen sa også at eg hadde vatn i kneet. For ein drittlege! Kunne han ikkje sendt meg for å ta bilde då eg var hos han for halvannan mnd sidan? Han sa at det ville bli godt innan to veker, og eg halta jo i tre og ei halv!

søndag, mai 20, 2007

Etterpåklokskap

Eit godt eksempel på kor klarsynt ein kan vera i ettertid:
Eg skulle aldri vore på trening på mandag, eller gått den runden på tirsdag, og eg skulle holdt meg heilt i ro med foten på søndagen etter det skjedde!

fredag, mai 18, 2007

Filosofering.

Det som skjer,

har det ei meining,

eller har det effekt?

Eller er det to sider av same sak?



Når noko skjer, kan ei av og til sjå meininga med det med ein gong. Andre gonger må det gå litt tid før ein kan finne svar på "Kvifor?"

Ein kan sei det same om ein påstår at det som skjer har effekt. Ein kan til og med sei på førehand kva effekt noko vil ha. Det er ikkje alltid ein veit kva effekt eit val vil ha, eller ei hending, men i ettertid kan ein sjå heilt tydeleg kva effekt det hadde.


Kan hende eg berre er utrulig treig, men dette har aldri slått meg før i dag: Kan ein sei at ingenting har ei meining, men at alt har ein effekt?

søndag, april 15, 2007

Eg tar det eg kan få...

På tur i kveld glimta Ayla til med drømmehundfakter igjen. Me traff ein syklist som kom bakfra, ei joggande dame som me klikka oss forbi, ein familie nede ved sjøen, og ein åleinemann litt seinare. Dei to siste "møtene" gjekk eg litt vekk frå stien, og sørga for at Ayla såg dei på god avstand. Så maskingeværklikka eg til dei hadde gått forbi. Ho satt ved sida av meg då.
Familien passerte ca fem meter vekke, og mannen ca tre. :-)

Når det er sagt, klarte eg å øydelegge brillene mine i dag då eg skulle spele saksofon. "Nokon" la dei oppå bilen min rett før eg skulle køyre, og så datt dei av borti vegen her. Difor går eg no rundt med solbriller inne og later som om blitsregnet kan komme når som helst.. Trur nok dessverre treninga må ofrast i morgon så eg får bestilt meg nye briller. Eller kanskje eg rekk begge deler om eg sløyfer middag? Hmm... den må eg tenke litt på.. (kjem heim ti over fire, Vetle har laga middag kanskje, ferdig til halv fem, køyrer ned til byen, får parkert og er på Brilleland klokka fem, finn meg ei passe innfatning og sånt til klokka er halv seks, og så rekk eg fram til Austrått klokka er seks. Jepp, sånn må det føregå...

Eg må dessuten komme meg heim før det blir mørkt, for eg kan ikkje køyre uten briller, og med solbriller trur eg ikkje eg ser så veldig mykje..

fredag, februar 16, 2007

Å ha perspektiv.

Når visse typar hendelsar kjem med for tett mellomrom, er det ikkje alltid så enkelt å ta eit steg tilbake for å få eit fullstendig bilde av situasjonen. Ein får liksom ikkje skyfla unna alt, eller gjort noko med det, slik at det ikkje hopar seg opp. Eller ein gøymer det under teppet eller inni eit skap for at ein skal ta tak i det "seinare ein gong". Den dagen ein då opnar skapdøra og alt ramler ut, har det blitt for mykje.

Ingenting har vakse når det har lagt i skapet, men det har ikkje forsvunne heller. Ein er nøydd til å gjera noko med det, men haugen ser så stor ut!
__________________________________

Nokre gonger har ein gjerne vore flink og sett i gong med det med ein gong. Det eine langsiktige prosjektet etter det andre har ein starta med, fordi eitt og eitt er prosjekta så små at ein fint greier eitt til. Det blir som dama og veden. "Eg greier då dette også".

Til slutt må ein innsjå at ein har gapt over for mykje, og nederlaget smakar surt. Den grusomme kjensgjerninga om at ein ikkje strekker til har blitt eit faktum.

Alt ser brått så svart ut, og inga løysing er i sikte.

Kva gjer ein i slike situasjonar? Kven lufter ein tankane sine til? Bekymringane? Kven er der til å ta i mot når fallet ser ut til å bli for høgt?
Kven kan ein ty til når skamma av å ikkje strekke til kjem krypande? Det altoppslukande nederlaget som smittar over frå ein ting til ein annan berre ved å vere til.

Kva er den beste hjelpa då?

Ein kan ynskje seg at nokon berre knipsa med fingrane, og så var alt i orden igjen. Drøymar er lov.
Men ryggen bli ikkje sterkare av erfaringar ein ikkje fekk. Ein veks ikkje som menneske om nokon alltid ordnar opp for ein.

Sjølv om ein allerede har trent opp ryggen til å bera tunge bører, kan det bli for mykje. Og spørsmålet eg skulle likt å vite svaret på då er:

Når er det for mykje?

Er det når ein får vondt i ryggen?
Når ein har vondt både i knea og ryggen?
Er det når kroppen verker etter å setje børa frå seg så ein får kvile og sove litt?

Eller er det når ein står på kne, men likevel krabbar framover?

Er det når ein kryp framover?

Eller når ein ligg heilt stille og hiver etter pusten?


Då har ein brått tid til å lukke igjen augene og sjå tilbake på vegen dit. Kor kunne ein valgt ein annan sti for å gjera det enklast mogleg for ein sjølv? Kor kunne ein ha kvilt? Kven stod langs vegen og ropte oppmuntrande ord? Kva ord ropte dei? Hjalp det? Korleis reagerte ein sjølv?

Etter ei stund nede med augene igjen, har knea og ryggen fått kvile, og med mykje smerte klarer ein å reise seg opp igjen. Orda som blei ropt langs vegen var gode og gjekk rett inn i hjarta der dei var meint å havne. Eit par stader var det folk som hjalp ein opp dei brattaste stiane. Mange stader stod folk og peikte kor det kunne vera greiast å gå. Ofte stemte det. Lange strekningar gjekk ein ikkje åleine, men saman med nokon.

Ein greier ikkje alt åleine. Ein SKAL ikkje greie alt åleine. Det gjer godt at nokon viser ein at det ER rom for å ta eit steg tilbake for å få betre oversikt.


Tenk kor fattig den personen er som ikkje har nokon å seie: "Tusen takk for hjelpa!" til...