Viser innlegg med etiketten Spor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spor. Vis alle innlegg

søndag, september 11, 2011

Inne på rette sporet?

La ut nytt spor i dag, dette gjekk på andre sida av bekken, og blei bittelitt lenger enn gårsdagens spor. Han virrra mindre i dag, og gjekk over nokre godbitar, men det trur eg var fordi det var maur på dei. Det er alltid like lite populært, nemlig.

Sporet låg i ca ein time, og i dag låg det ei leike på slutten. Denne var tydeligvis veldig veldig stas å finne, så det får eg prøve å huske på.

Neste spor skal vera MINST 100 meter langt og med like hyppige godbitar som dette sporet.

I dag viser han også at han tåler å bli holdt igjen, og at han ønsker å gå vidare i sporet sjølv om eg prøver å halde han att.
Tidvis går han veldig rolig og kosentrert og om eg klarer å fortsette på denne måten, vil han til slutt gå heilt nydelege spor! Det smalt i nasen i dag også, og den lyden likar me!

Dagens lærdom:
Hyppige godbitar var vellukka, då er det ikkje krise om ein og annan er maureten.
Lenger spor må til!
Leike i slutten var populært
Fortsetja å halde han i kort band, type LIKE framføre meg.

lørdag, september 10, 2011

Spor og back to basics.

Emil har virra og vast og styrt på verre i sporet i lange tider, og det har vore veldig lite motiverane å gå spor med han. Han har det skrekkelig travelt, og drar meg avgårde så eg aldeles mister både pust og fotfeste. For han er jammen sterk, han der litle muskelbunten min!

Et av råda eg har fått er å legge ut spor med godbitar og ha kort line og ikkje la han virre.
Dette skulle eg forsøke i dag, for til tross for at det er meldt regn, har me ikkje sett dråpen i heile dag!

Det blei eit veldig kort spor, kanskje tjue meter, og eg la pølser kvart tredje til fjerde steg. Sporet låg i ein halvtime kanskje, og då Emil fekk på seg selen, hyyyyylte han og og stod nærmast og hoppa opp og ned ved sida av meg..

Då me kom bort i starten, måtte eg vente ei stund før han satte nasen i bakken, men då han kom seg i gong, gjekk det heile ganske bra, syns eg. Han brukte nasen sin godt til tider, og eg kunne høyre same lydane frå han som eg vanligvis høyrer frå Ayla når ho går spor, og det lovar jo godt!

Erfaringane mine frå dette sporet:

Legge godbitane i kvart steg ei stund
Fortsette å gi kort line og styre han i starten
Lenger spor
Som sporslutt kan det meir enn gjerne vera godbitar, men etter godbitar kan ei leike kome
Ha med halsband så han kan få av selen under belønning

Emil bryr seg ikkje om eg held han att, og mister ikkje lysta på å følge sporet. Juhu!