søndag, oktober 27, 2013

Debut klasse 2, Vennesla 26. oktober.

Eg skal ikkje utbrodere kor lenge det er sidan sist oppdatering, men det er ei bittelita stund sidan.

I denne bloggtørka har eg stort sett vore på klubben og trent med Emil kvar veke. Me meldte oss jo på dobbeltstevnet i Vennesla, og då hadde me brått noko å trene mot.

Han har hatt litt vanskeleg for 1,2,3 steg bakover. Der har han hatt skeive sittar i fleng, og et intenst ønske om å komme inn i utgangsstilling. Han har dessutan vore laaaangt vekke frå meg. Dersom eg ikkje har belønna, har han starta å rygge.
Ikkje ideelt, med andre ord.

I tillegg har me klart å lære inn Sitt – Stå. Det satt langt inne for han å reise seg opp og bli ståande med meg ved sida av seg, men me har til slutt fått til noko eg visste ville bli godtatt.

Som om ikkje dette var nok, har han hatt tendens til å smelle i dekk ved neste “skilt” dersom eg har tatt ein Sitt – Dekk – Sitt først. Eg setter skilt i hermeteikn, for eg trener jo ikkje så ofte med fysiske skilt. Faktisk ganske sjeldan.

Eg har i tillegg hatt litt ufordringar med det å ta han ut or bilen, gå ned til banen, og få ei konstruktiv treningsøkt, så på kvar trening har eg tatt han ut og inn or bilen, og slutta HEILT med å komme først og holde meg på banen til dei fleste hadde gått i bilen med sine hundar – før eg sette han i bilen igjen.
Eg har tatt han ut, gått ned på banen, trent fornuftig, gått tilbake til bilen med han igjen, gått åleine ned igjen til banen, returnert til bilen for å hente han, gått ned på banen o.s.v.
For kvar gong har eg kjent at pulsen har senkt seg, og etterkvart blei eg tøff nok til å ta han ut or bilen sjølv om det var hundar på parkeringsplassen.

Siste trening før konkurransen, gjekk eg opp i bilen med han uten band, og kjente at eg for første gong hadde hatt ei heil trening utan å vera bekymra over om han kom til å springe bort til dei andre hundane når eg hadde han utan band, eller merke at pulsen min blei så høg at det blei ubehageleg. Eg hadde utelukkande KOST meg ei heil trening!
Mine treningsvenner har dessutan vore kjempeflinke til å fortelle meg kor godt han konsentrerer seg om meg, at dei sjeldan ser særleg teikn til at han bryr seg om noko anna enn meg når me trener, og det har hjelpt meg til å sjå det sjølv også.

Sjølv om konkurransenervene hadde begynt å melde seg, kjente eg meg likevel rolegare.
Og det var jo ikkje berre det at eg skulle delta som stressa meg opp, eg var jo i tillegg arrangør, må vite!

Men då dagen endeleg rann, måtte eg sørge for å få meg sjølv, dommar Hilde og diverse stæsj ut i bilen og ned til klubbområdet innan klokka ni. Det klarte me ikkje heilt, men det var ikkje langt i frå. Vetle kom etter med Emil og alt eg måtte ha gløymt.

Dei siste dagane før stevnet, hadde eg visualisert korleis det skulle sjå ut frå eg tok han ut av bilen og gjekk ned til ringen og tok av halsbandet og korleis han skulle følge med og utføre alle øvelsane perfekt.
Då eg kom til parkeringsplassen, var “plassen min” opptatt, og noiaen var eit faktum. Det hadde eg ikkje tatt høgde for!

Dramadronning, eg???

Tid for briefing for ny dommar: Hilde Andrea Nysether. Etter første gjennomgang syns eg banen var grei nok. Eg såg ikkje nokon store problemer.
Så var det vår tur. Det starta bra, men så blei det ein dobbeltkommando, litt seinare ein repetisjon, og så kom marerittskiltet Stopp – 180 grader høgre – Stopp. Først snuste han, ville ikkje bli med, snuste litt meir, det kom ein dobbeltkommando og ein dobbeltkommando utan respons. Han skulle ikkje løfte snuten opp av bakken. Eg måtte til slutt sette ein finger under haka hans, for det såg ut til at han skulle til å gjere seg klar for å lette på foten. Eg repeterte, og då gjekk alt fint. Men eg hadde allereie mista heile 12 poeng på denne øvelsen åleine.
Me gjekk vidare, og fekk ikkje fleire trekk, men endte opp med 181 av 200 poeng, og nummer to i klassen. Ikkje verst for ein debut!!

Før stevne to følte eg alt gjekk gale for oss. Først var det brått ein haug med hundar rundt bilen, og han hadde to-tre utfall før me fekk snirkla oss ned til oppvarmingsområdet. Eg trudde eg ville få null tid til oppvarming før det var vår tur, og stressa ein del over det. Eg kjende sommarfuglane i magen brukte tida på å vokse seg gigantsvære, og då ekvipasjen foran meg brukte over ÅTTE minutter på å bli ferdig, begynte dessutan musklane i føtene mine å svikte av nervøsiteten. Eg frykta at eg ikkje ville klare å gå ned til ringen då det endeleg var vår tur.

Av med bandet ved starten av ringen, og så gjekk eg bort til start. Omtrent midtveis bort dit mista eg kontakten med han ei lita stund, og fekk hetta, så eg passerte berre start og lot det stå til.

Han føltes ein smule lågare og meir langsom denne gongen. Då me kom til det eg var mest spent på; 1 –2- 3 steg bakover, var den perfekt! Emil sat beint, nærme meg, og fulgte meg også beint! Så kom me til NØYAKTIG same staden eg hadde mista han så grundig i bakken i det første stevnet, men denne gongen måtte han berre ned med nasen ein lynkjapp tur før han blei med meg vidare. Så kom det ein skeiv sitt, og resten av banen klarte me fint. Då me passerte målstreken gjekk det mange tankar gjennom hovudet mitt, og dei fleste gjaldt kor flink eg syns Emil hadde vore heile dagen.
Me fekk mange positive tilbakemeldingar på veg opp mot bilen, og svevde på rosa skyer!
Eg følte me hadde gått til over 190 poeng, men visste jo ikkje. Dommaren er nøye og ser alt, og når ein går rally, merker ein ikkje alltid alt sjølv av feil og pirketing.

Dermed var spenninga mi stor då premieringa skulle starte. Det eine navnet etter det andre blei ropt opp. Då poengsummen var 192, var framleis ikkje mitt navn ropt opp. Neste var på 194, det var heller ikkje mitt navn. Den nestsiste summen var 196 poeng, og framleis ikkje mitt navn, og då tenkte eg at ho måtte ha gløymt å rekne over mitt ark. Dette kunne ikkje vera sant!?
Eg blei nesten svimeslått då neste sum var 197 poeng og mitt og Emil sitt navn blei sagt rett etterpå. What????!!!!
(det kribler i magen fortsatt når eg tenker på den augneblinken)

Dermed var det eit faktum: Eg har ein SUPERflink hund! Me vant klasse 2!
Og eg har kikka og kikka og kikka på videoen under her, og funne at det var faktisk ikkje meir å trekke for enn det dommaren noterte. Heilt utruleg!!

Som arrangør syns eg stevnet gjekk godt. Folk var greie, humøret på topp, god mat i kiosken, og så var eg glad for at me hadde telt til sekretariatet.
Eg traff gamle kjende frå Vestlandet, både hundar og folk, og eg traff kjende som berre kom for å sjå på også. Utruleg koseleg, og eg fryda meg i åpenlyst då ei av mine første kursdeltakarar i Stavanger gjorde det sinnsjukt bra i både klasse 1 og klasse 2! Veldig veldig kjekt!!

Når treninga starter opp att, må eg til å trene på klasse 3 skilt Smilefjes

Først kjem nokre bilete:

541406_539334636147708_2021250715_n
Fotograf: Bjørne Jortveit


1000304_539339622813876_958353659_n
Fotograf: Bjørne Jortveit
Dersom eg ser noget forbausa ut her, så VAR eg det!! Klassevinnar i klasse 2 med 197 fantastiske poeng!!! Eg var heilt skjelven i lange tider etterpå!


1379596_539332779481227_1005347807_n
Fotograf: Bjørne Jortveit
Briefing i klasse 2, stevne 1. Djup konsentrasjon.


stevne 1
Fotograf: Bjørne Jortveit
Her fekk me kommentar på kritikkskjemaet om at det blei utført bra. Eg trur ikkje han gløtta på matskålene, ein gong, endå dei var hans, og Vetle hadde rigga dei til. Smilefjes Tidlegare har dette vore vanskeleg for Emil. Men ikkje no lenger!

1379496_10201716096337215_1734114887_n
Fotograf: Anne-Liss Lervold Høyland
Eg sydde meg bukse som matcha vesten, og syns eg var såååå kul! Smilefjes


 

1378491_10201716093777151_284541559_n
Fotograf: Anne-Liss Lervold Høyland

 

 

Og så til slutt: VIDEO frå stevne 2.