søndag, juni 29, 2008

Dag to som observatør.














I dag har me hatt om apporttrening, utgangsstilling, hilsetrening, forskjellen på "værsågod" og "ta 'an" og "fri"

Nokre tips eg har plukka opp i dag:
Ved omvendt lokking - f.eks sitt og bli - dersom hunden gjer feil, ta vekk godbiten, få hunden til å sette seg, IKKJE GI GODBIT HER, lokk vidare - og når hunden velger å bli sitjande, DÅ kjem godbiten. Slik unngår ein kjedar.

Det gjer ikkje noko å ha leiker og godbitar framme og i syne for hunden. Dersom hunden vil hoppe opp og ta leika, TREN PÅ Å LA VÆR! Bruk det som forstyrring.

Å kunne ta i halsbandet til hunden, uten at verda går i tusen knas er viktig. La andre også ta i halsbandet ti lhunden, og få det til å bli ein positiv ting.

lørdag, juni 28, 2008

Observatør på kurs i lydighet.


I helga er eg observatør på kurs i lydighet på Sviland. Instruktør er Fanny Gott, og arrangør er retrieverklubben her.

Ikkje berre er eg der for å lære meir om lydighet, men eg er der også for å observere måten å halde kurs på, og sjå korleis dei ulike hundane responderer på treninga. Ulike raser, ulik alder, og sjølvsagt ulikt nivå.

I dag har dei grunnleggande tinga blitt tatt opp, pluss burleik.

Eg har fått tips til koss eg skal trene på dette med at Ayla setter seg når eg kjem tilbake etter å forlatt henne i stå under marsj. Eg testa det då eg kom heim, og det funka, det! :-)



Det blei lagt veldig vekt på å trene korte korte økter. Det gjer eg jo allereie, og ser absolutt at det er viktig å fortsette med det. Tre minutters trening skal sjå ut slik: Fire-fem godbitar, litt leik, fire-fem godbitar, løys opp med leik, og slik fortsetter det til dei tre minuttene er gått.
Den feilen trur eg mange gjer: nemlig å trene for lenge om gongen. Og eg skjønar det godt, for det er veldig forsterkande å fortsetje å trene når det går godt. Og når det ikkje går godt, skal ein gjerne halde på til det kjem EIN god repetisjon til.



Ellers gjekk det litt på belønningsplassering, kvalitet, shaping, sjølvbehersking, baklengs marsj, rygging (bakpartskontroll).




Det er så kjekt med kurs! :-)

mandag, juni 16, 2008

Hundeeierskolen, Modul 6






Natta var kald, for soveposen min har komforttemperatur på 15 grader (hvis ikkje meir), og i løpet av natta vakna eg utallige gonger fordi eg fraus. Ayla måtte ligge med ryggen inntil magen min, så var eg i det minste varm på magen den stunda.
Halv seks fekk eg ikkje til å sove lenger, så då tok eg meg frokost.
Før eg skulle reise oppover, hadde Vetle kjøpt Jetboil til meg, og den var jammen god å ha!! Den koker ein liter vatn på fem-seks minutter! Ein treng ikkje lighter eller stikker, for den har sånn sjølvtenningsdings.

Kurset begynte klokka ti, og denne helga skulle me konsentrere oss om stell og helse til hunden. Me skulle også gjennom ein liten ”test” som skulle vise kor langt me hadde kome i treninga o.s.v.

Foredraga var veldig interessante, og praksisane likeså. Me blei delt i tre grupper, der me skulle rotere på desse praksisopplegga: Sårstell og bandasjering, Ro-tannpuss-kloklippingstrening, og Sjekke-kor-langt-me-har-kome-trening.

Været var overskya med truande regnskyer, men i løpet av kursdagen kom ikkje så mange dråpane. Då klokka var fem, skein sola, og det såg lovande ut for grillinga me hadde fått i stand seinare på kvelden. Etter ein kjapp tur ned til Lagunen for å handle inn grillkol, tennvæske, bestikk, serviettar, fat, skya det over igjen. Me tente på grillen, og då den var klar og me skulle legge på kjøtet, begynte det å hagle. Jo da, HAGLE. Det hamra ned, og det tordna også.
Det gjekk over til slutt, og då var det kvitt rundt oss.







Etter ei stund letta det opp igjen, og sola kom fram, men eg kjente at det ville bli ei kald natt. Sidan det hadde regna så mykje, la eg på to vedskier på ”grillen”, og lot Ayla springe laus mens eg rydda tinga mine og stod og varma meg.


Halv elleve gjekk eg bort på hundeskulen og varma meg før me kraup inn i teltet og sovna for natta. Eg låg då med joggebukse, genser og fleecejakke, innerpose, sovepose og pledd oppå der igjen. Eg vakna klokka ett og KVAR GONG eg skulle snu meg, og stod opp klokka sju. Då var det blå og skyfri himmel (=kaldt).

Søndagen skulle me fortsette med tre ulike praksisopplegg, og desse var: Klinisk undersøkelse av hund, Frillig gå på teppet, og Sjå-endå-mei-kor-lang-me-har-kome-trening.
Dette var før lunsj.

Etter lunsj hadde me om stell: Pels, øyrer, tenner, klipping, bading, o.s.v på tvers av rasane. Foredragshaldar var Kine, hundefrisør på 16. året, og denne delen var lærerik, interessant og det var heilt tydeleg at ho visste kva ho snakka om. Kjempekjekt!



Turen heim var eg spent på, mildt sagt. Ville bilen ta meg heilt heim? Eller ville eg måtte ringe til Vetle og be han hente meg?

På ferja traff eg kjentfolk, naboar gjennom tolv år, og prata med dei heile overturen. På Sandvikvåg fekk EG køyre først av ferja, og fekk adrenalinkick så det holdt av det! J

I tunnelen ved Stord, den undersjøiske, heilt på botnen der. DER skulle bilen hoste og harke. Eg greip hardt tak rundt rattet og sa høgt: ”Du svikter meg ikkje her nede, altså!” Så då gjorde den ikkje det. Eg fekk ein stopp rett etter ilandkøyring ved Mortavika, men den starta igjen etter 10-15 sekunder.
Vel heime hadde Vetle klart taco til middag, og i dag er det sommaravslutning med Mandagstreninga. Då skal me gå tur her i området før me ender opp ved gapahuken for å grille.

søndag, juni 15, 2008

Fredag den trettende, hundeeierskolenhelg.

Helg seks blei interessant på mange måtar, skulle det vise seg.

Først ringte han eg skulle overnatte hos og fortalte at han ikkje kom seg heim til Bergen, og at han hadde gløymt å legge nøkkel hos naboen. Dermed måtte eg finne annan overnatting. Der var ikkje rom til meg på Midttun Motell&Camping på to dagars varsel, så valget falt på telt. Det var jo midten av juni, så kvifor ikkje?
Jo meir eg tenkte på det, desto meir gleda eg meg til ei helg i telt.

Fredagen kom, og då eg skulle gå frå jobb ved lunsjtider, hadde eg gløymt å slå av lyktene på morgonen, så batteriet var flatt. Eg ba om hjelp frå ein av karane i hangaren, og resultatet blei ein stk hovedsikring kaputt. Dermed ringte eg Vetle, som kom og fekk ordna ting og tang. To timar seinare sat eg i bilen og hadde pakka hund og telt og ting i bilen. Den oppførte seg rart ved å stoppe når eg bremsa ned i kryss og sånt, og det lova i det heile ikkje godt.

På Mortavika var det så mykje bil at eg måtte stå over ei ferje, og det var då eg oppdaga den største krisa: Anlegget var dødt.
Då kjende eg panikken stige, og frustrasjonsnivået mitt var nok ganske høgt. Eg tydde til Vetle igjen, og han sa eg måtte ta ut anlegget og bytte sikringen bak. Det var lettare sagt enn gjort, og eg drog og kava heile overfarten uten å bevege anlegget så mykje som ein cm! Det stod dønn fast!

Betre blei det ikkje då me kom til andre sida og eg var den nest siste bilen som fekk køyre av feria, endå eg stod som nummer åtte i køen etter at forrige ferja hadde lagt frå kai. Og så heile turen til Bergen uten så mykje som eit lite pling av musikk!

Eg køyrde avgårde og syns vegen var minst dobbel så lang som tidligare, og då eg var nesten framme ved Sandvikvåg, begynte bilen pinadø å hoste igjen! Då eg ga gass i femte og fjerde gir, svarte han ikkje, og eg følte det var såvidt eg nådde kaien!

Ved Os skjedde det utenkelige. Bilen stoppa, og eg fekk ikkje start på han igjen med ein gong. Etter det som virka som ein evighet starta den igjen, og eg kom meg då fram til slutt. Eg hadde ikkje planlagt kor eg skulle sette opp teltet, men hadde sett føre meg ein plass rundt Fanafjellet. Jepp, det var ein smule enklare enn eg hadde trudd.

Etter mykje att og fram køyring, havna eg ved området til Fjellanger og slo opp teltet i skogen ved enden av treningsbanen.





tirsdag, juni 03, 2008

Seminar med Ken Ramirez og Kathy Sdao Dag 1

Den første bolken for dagen var Ken Ramirez som prata om Problem Solving: A Practical Approach to Using the Science.
Han prata om korleis ein skal angripe eitkvart problem i hundetrening og dyretrening generelt. Han seier at erfarne trenerar stoler på erfaring og instinkt for å løyse problemadferd. Dei verkeleg vanskelege problema krever systematisk framgongsmåte for å finne ei løysing.

Det første og viktigaste er å identifisere problemet. Det høyres ofte enklare ut enn det er, faktisk. Dernest kjem spørsmålet om årsak. Det er etter Ken sin erfaring ALLTID ein av åtte årsaker: 
1. Environmental
2. Social
3. Psychological
4. Physical
5. Trainer
6. Session Use
7. Regression
8. Desensitization 
Det tredje og siste er å implementere og gjennomføre ein plan.

Det er ikkje alltid mogleg å bestemme årsaken. Det å kjenne årsaken gjer det ikkje nødvendigvis enklare å finne ei løysing.

Bestemme balansen av forsterkningar er ein viktig del av tiltaka. Dersom adferden auker, kva er forsterkninga? Dersom adferden minker, kva er straffaren?

Når planen er i gong, og til og med gjennomført, understreker Ken at sjølv om problemadferden er vekke, har ikkje hunden gløymt den. Det må haldas ved like heile resten av hundens levetid.

Han understreker også at ALLE som trener dyr opplever eit eller fleire adferdsproblem. Hvis ikkje, er vedkommande berre veldig veldig heldig.

______________________________________

Neste bolk var Kathy Sdao som prata om Cujo og Pavlov, og dette har eg dekka ganske grundig her.
Likevel, noko ho understreka når ein skulle jobbe på denne måten, var at me måtte vera forsiktige med rekkefølgen ting skjedde i. Maten må ALLTID komme etter det stimuluset som utløyser reaksjonen. Ellers kan følelsen for det utløysande stimuluset forplante seg bakover til maten hunden får. Det blir som å ete kylling, for så å bli skikkelig sjuk rett etterpå.

______________________________________

Til lunsj var det lam med tomatsaus og ris. Kjempegodt!! Desserten var Napoleonskake (trur eg)

______________________________________

Første bolken etter lunsj tok Ken føre seg Concept Training.
Dette dreide seg om modifiseringer: høgre og venstre, opp og ned, stor og liten.
Matching to sample gjekk på å vise hunden ein ting, som hunden deretter skulle hente. Eller sjå på ein annan hund og utføre same adferden uten å ha lært den på førehand.
Space Conceptualism gjekk på at hunden lærte å vurdere f.eks høgda på eigaren (førarhund), breidda på ein rullestol for så å hjelpe hundeførar forbi hinder.

Denne delen var meir for avanserte, så eg tar ikkje med meir her før eg eventuelt tar fram lydopptaket og høyrer gjennom igjen når eg ein gong i framtida føler meg avansert nok. :-)

______________________________________

Siste foredraget var Kathy sitt. Ho tok føre seg klikkertrening, og fartsdumpar å unngå.
Fartsdumpar er jo som kjent hinder i vegen som gjer at me ikkje kan køyre så fort som me ønsker (eller hindre oss i å køyre så fort at me utgjer fare, men den første definisjonen er nok den som passer best. :-)  ).  
Ein av desse fartsdumpane var å halde klikket så reint for andre stimuli. Halde handa vekke frå lomma før og under klikket, unngå kroppspråk og prating. Slik blir stimuluskontroll enklare.

Passitivitet under trening er veldig ofte lært. Ved å lokke på hunden når den "ikkje følger med", flytte seg, kremte, klikke for å få oppmerksomhet o.s.v er å belønne passitivitet. Kathy meinte også at dersom me klikker på feil tidspunkt, kan hunden slutte å like godbitane. Kresenhet var også tillært, meinte ho, og dette fekk meg til å tenke på Britt som slit med Zelante når det gjelder godbitar og slikt. Eg fekk ikkje spurt Kathy om tips og råd til å få gjort noko med det, men me fekk beskjed om å sende mail dersom me lurte på noko angåande foredraga, så det skal eg gjer.

Klikke for seint. Timing er essensielt. Å klikke er som å skyte ei akkustisk pil i muskel samantrekningar. Å klikke for seint er å klikke for musklar i ro.

For få klikk per minutt.

For dårlig og for liten forsterkning.

Å ikkje skjønne når nok er nok.

Å oversjå at distraksjonar kan brukas som jackpot.

Å oversjå Premack prinsippet (a high probability behavior reinforces a low probability behavior).

Lokke og lure i stadenfor shape og fange adferd. Lokking kan belønne passivitet.
Passopp står og snuser i lufta. Matfar vil trene. Passopp snuser i lufta. Matfar smatter med tunga. Passopp reagerer ikkje. Matfar tar fram ein godbit og held foran nasen til Passopp. Passopp eter godbiten og har lært at å snuse i lufta får matfar til å ta fram godbiten.




DAG 2 kjem seinare.

mandag, juni 02, 2008

Om å sjå muligheter i det meste...

Seminarhelga er over, og det kjem utfyllande referat frå innhaldet litt seinare denne veka. I mens legger eg ut nokre bilder Olaug har tatt av Joey. Han er veldig glad i å ligge oppav golvet, og hundane her i huset har alltid hatt eigne stolar (ja, ikkje kvar sin, altså, men EIN hundestol forskjellig frå menneskestol). Det har Olaug også hatt då Swejsan budde der, men nå i helga då Joey var på besøk der mens Ayla var på kennel, fekk han altså lyst til å legge seg oppav golvet.

Eg ser føre meg at han har kikka seg rundt i stova for å sjå kor han kunne legge seg. Men eg klarer ikkje heilt sjå føre meg koss han må ha sett ut då han har balansert seg opp i det valget falt på...

Herlige gamle hunden min!!! :-D

Ja, og på lørdagen tikka det inn melding frå Olaug: "Godt at Joey kan bjeffe på kommando, for nå blir ikkje Lea ( snart 10,5 mnd gammel) så veldig redd meir. Har desensitivert hu i dag.. :-D Og Joey har fått kjeks fra handa hennar."

Godt at gamle hundar kan brukas til noko. :-)