Viser innlegg med etiketten agility. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten agility. Vis alle innlegg

søndag, mars 13, 2011

The flying labrador + oppdatering Calcinosis Cutis.

Først nokre bilete av Emil, the flying Labrador, som forøvrig har vore hjå oss i EITT år i dag, søndag 13. mars :-)

Vetle har laga endå eit hinder til meg: Lengdehopp, og eg måtte berre prøve om Emil ville over. Ayla fekk også vera med ut, og då ho såg hinderet, var ho klar som eit egg til å jobbe. Ho skal jo ikkje hoppe noko meir no, men fekk lov til å stege over dei, sånn for syns skuld :-)

Emil, derimot, han stega ikkje mykje:

DSC01326
Emil er flink til å sitje og vente til han får lov til å hoppe :-)

DSC01323
Emil tar sats

DSC01324 
The flying Labrador :-)

DSC01327
God klaring.

DSC01329
Her er hinderet 1,40 meter langt frå fremste til bakerste pinnen.


DSC01318
Når berre Emil får ballen sin, så er han så nøgd, atte :-)

Så over til Ayla og Calcinosis Cutis.
Litt av årsaka til at eg skriv såpass ofte om dette som eg gjer, er fordi eg har funne så lite om dette på nett elles. Det fins knapt nok noko på norsk, og eg har endå til gode å finne noko om progresjonen i sjukdommen. Eg har funne at det er vanskeleg å behandle, at det er lite medisin som fungerer, og resten av opplysningane er vage, eller vanskelege å forstå.

Eg oppdaga altså i slutten av januar at pelsen til Ayla stod opp på ryggen, og dette er nå sju veker sidan. Dei siste dagane har det kome meir puss og blod frå hol i huda, og eg shamponerer henne nå annankvar dag i stadenfor kvar tredje dag. I morges då eg stod opp, var heile hennar venstre side av nakken full i blod :-(

Dette første biletet ser ille nok ut, men når eg rettar ut foldene, kjem den eigentlege sanninga fram.
DSC01306
DSC01305

Det er nå snart tre veker sidan eg fekk beskjed om at det ville bli verre før det blei betre, og det har ikkje blitt betre endå. Eg undrar meg kor dette skal ende, for eg tenkte for ei veke sidan at eg håpa det ikkje ville bli verre då. Det har det blitt, og eg ser med gru på dei neste vekene dersom dette heller ikkje er dalsøkket me må nedom før me kan klatre oppover igjen.

søndag, februar 20, 2011

Emil og hinder

Internettet vårt fant ut at det var særdeles lurt å ta seg ferie før helga, så me har vore utan nett i fleire dagar nå.  Dermed blei me motiverte for å gå ut og trene på ting me ikkje kan.

Vetle har jo alleiere laga vippa til oss, og nå i helga har han jammen fått til å lage to flotte hinderhopp også! Vippa gjekk jo så greit, så då håpa eg at hinder ville gå endå greiare. Emil ELSKAR jo å hoppe og springe og fly, og når han veit at han enten får ein godbit i lufta eller ein sprettande tennisball som belønning, ja då er han nærmast villig til å gjera kva som helst!  For å varme opp litt, dreiv me litt tennisballbytte bortover innkjørsla, og då han var god og pest etter det, kunne me starte å hoppe.

Høgdene eg kan bruke er 25 cm, 40 cm og 60 cm. I rally skal små hundar hoppe over 25, og store hundar skal hoppe over 40, nemlig. For det er i hovedsak til rally eg har bestilt desse to hindera. Det hjelper jo at eg ein gong har lyst å gå agilitykurs med han også, dah :-)

I starten hadde eg berre hinderet på det lågaste, og han spratt over som ingenting. Att og fram og att og fram, og sjølv når eg trudde eg hadde gjort det klart for han at det var på tide med pause, sjølv DÅ søkte han hinderet for å hoppe. Ayla var også med, og visste veldig godt kva ho skulle gjera med det derre hindergreiene, ja :-)

 P200211_14.260001

 

Før me gjekk inn, kom me så langt at han kunne sitje i ro på eine sida, få klarsignal frå meg, og hoppe over hinderet utan at eg stod ved sida av det. Han ser jo vitterleg ut som om han er født til å hoppe! :-)

Emil hinder

Det neste byggeprosjektet til Vetle er lengdehopp, og det blir også spennande å forsøke oss på :-)

Emil og vippa.

Vetle var så snill og laga agilityvippe til meg for ei stund sidan, med mål om å få Emil over den og kunne tjuvtrene før eit eventuelt agilitykurs.

Første gongen Emil prøvde, vågde han såvidt å setje EIN fot oppå, og eg kunne heilt tydeleg sjå kor han strevde og kjempa med seg sjølv for det vågestykket. Nokre dagar seinare, vågde han å setje TO føter oppå, mens Ayla sprang over vippa som om ho aldri hadde gjort anna.

Tredje gongen eg tok fram vippa, ville han ikkje oppå i det heile i starten, men klarte til slutt å ta nokre steg med frambeina oppå vippa, men bakbeina i bakken. Han var ikkje redd når vippa slo i bakken når Ayla gjekk over, og han kunne også sette foten oppå i feil ende uten å bli redd av smellet han laga.

I dag, fjerde gongen eg prøvde, bestemte eg meg for å ikkje gi meg før han hadde alle fire føtene oppå vippa.

Han jobba og jobba sjølv om han syns det var litt sånn derre "Uææææ" og kjekt samtidig. Han fekk til å stå med alle fire føtene oppå vippa, då med framføtene jamt med midten. Eg ga og ga på godbitar før han til slutt hoppa ned og fant seg ei lita fjøl å bære på. Med den i munnen, gjekk han oppå vippa igjen, gjekk forbi midten så vippa dunka i bakken, og gjekk roleg og fint av :-) Eg jubla og ståka og fant fram ein neve godbitar som han fekk gnafse i seg. Han heiv seg rundt og sprang tilbake til start, og gjekk over vippa endå ein gong. Og endå ein gong! Og endå ein gong! Og plutselig kunne eg be han vente i starten, gå i slutten av vippa og be han komme, og han valde å gå over vippa heilt åleine!

Han trengte tydeligvis litt ekstrahjelp frå fjøla, for det var etter det at det løsna skikkelig :-)

Vippa står på det lågaste hakket framleis, men ein stad skal me jo byrja :-) Eg er stolt og glad over å ha fått det til, og skikkelig kry over Emil som overvant frykten for vippa!

 DSC01023
DSC01026
DSC01028 
DSC01079
DSC01087
DSC01085

tirsdag, januar 25, 2011

Ayla og rar hud, og stresset hos Emil.

Me fekk filma dei første minuttene av korleis Emil ser ut når han kjem ut or bilen. Denne gongen var me nede ved Tveit Dyreklinikk, der me var og gjekk utanfor gjerdet like over nyttår i år. Slik som dette ser det ut:

 

Heilt elektrisk, altså.. og HØØØØGT oppe...

_______________________________________

Før helga la eg merke til at pelsen til Ayla sto opp litt i folder på ryggen. Då eg undersøkte, kjente eg at det var hard hud der, og det kjentes klumpete ut. Først  tenkte eg at det kanskje kunne vera ein reaksjon på noko ho hadde ete og at det difor ville gå over snart. Fredags ettermiddag syns eg det hadde blitt litt verre, så eg bestilte tid hjå dyrlegen på mandags ettermiddag.

Då mandags ettermiddag kom, var eg veldig glad me hadde fått oss time, for ho blei verre over helga. Eg fann meir av denne harde klumpete huda oppe ved halsen. Området var då ca 20x40 cm totalt.
Veterinæren tok ein rask kikk inn i pelsen og konstaterte betente hårsekker. Superfisiell follikulitt, på godt norsk. Me fekk ein shampo som skulle brukast to gonger i veka, og så time for ny kontroll om tre veker. Grunnen til denne betennelsen var nok at kortisonen har svekka immunsystemet hennar... stakkars gullet mitt...

Eg spurte også om kva som kunne vera årsaka til at Ayla har sunke så inn i ansiktet.. Det ser ut som om beina stikker meir ut, men det er visst tyggemusklane som visner hen. Veterinæren kunne ikkje seie noko om årsaka, men ho blei veldig interessert, fordi dei nettopp hadde hatt ein annan hund inne med like symptomer. Det første bildet under er tatt i august 2009, det andre 13 månadar seinare. Det ser nesten ikkje ut som om det er same hunden, tykkjer eg..

August 2009 bDSC08904 

 

Og så til noko langt hyggeligare:
Vetle har laga ei justerbar agilityvippe til meg, og eg var jo på kurs med Ayla i forfjor. Då ville ho ikkje over vippa om det smalt! Me måtte legge den flatt på bakken, og då fekk eg til slutt klikka henne over.
I går, då Vetle var ferdig med den, prøvde me ein gong med begge hundane, men ingen av dei ville over.
I dag gjekk eg ut igjen, og trur du pinadø ikkje Ayla klarte det! På det lågaste hakket, men ho gjekk over, lot vippa smelle i bakken, og gjekk nokonlunde roleg og konsentrert av igjen :-)

søndag, mars 01, 2009

Agilitykurs, søndag. Praksis. Videoar og bilder.

I dag har Ayla vore seg sjølv heile dagen! Ingenting synlig stress, me hadde knallgod kontakt, ho brydde seg lite om dei andre hundane, og jobba knallgodt!

I dag skulle me endeleg begynne med innlæring av slalåmen, og eg skjønte at eg hadde fått ein god start her heime med å klikke når ho fant inngongen mellom dei to første pinnane. Det gjekk ikkje lange tida før ho slalåma seg gjennom fire pinnar!

Eg ser at ho er veldig mottagelig for hjelp gjennom mitt kroppspråk (kva for ein hund er ikkje det?), og ho gjennomfører det ho skal når eg hjelper. MEN!! Og det er eit stooooort MEN. Eg er skikkelig dårlig på å ta vekk hjelp etterkvart, og har særdeles lett for å ty til det når eg føler at eg må skynde fram resultat. Derfor må eg enten vera veldig veldig bevisst dette når eg velger å bruke hjelp, eller så må eg shape inn stort sett ALT på Ayla. Eg trur ikkje eg er eksepsjonelt flink til å shape, men heller ein kombinasjon av at eg klarer å klikke presist, og at Ayla har forstått korleis EG fungerer. :-)
Me skal trene mykje på slalåmen her heime framover. Den SKAL me få til :-)

Forskjellen frå i går og til i dag, var at i dag trente me faktisk berre ein og ein hund. Eg trur alle på vår gruppe fekk meir ut av treninga på den måten, og det funka i alle fall veldig bra for meg og Ayla.

Me skulle få begynne på kombinasjonar i dag. Og den første me fekk bryne oss på var Hjulet, Pølsa, Hopphinder. Belønning: godbitar på ei opp-ned bøtte.
Eg er fornøydd med korleis me klarte denne her, og syns det var kjekt å få prøve oss på tre etter kvarandre slik.

Foto: Lili Frahm Jensen

Etter lunsj tok me ut vippe utan vippedelen, sånn at den låg så og seie flatt på bakken. Ayla syns lyden var ekkel, så eg lot henne få trø på vippedelen sjølv - og klikka kvar gong lyden kom.

Etterkvart fekk ho ikkje godbitane så billig lenger, og ho måtte oppå med alle beina før eg ga godbiten vekk frå vippa (ca 20 cm ned tilbakken). Me stod slik ei lita stund, og ho jobba som ei heltinne! Eg var ikkje heilt sikker på om det var henne knakelydane kom frå, eller om det var kroppen min. Er nemlig ganske så støl og øm i alt av musklar etter helga. :-)
Då me ga oss, hadde ho gått fleire gonger strakt over heile vippa utan å sjå berørt ut. Veldig bra!

Eivind hadde laga ein liten bane med tilsaman ni hinder. Den såg slik ut: 


Og når me sprang den, såg det slik ut: 


I ettertid ser eg at eg absolutt burde oversett at ho sprang utanom hinderet etter mønet, for som Eivind sa då eg spurte; Hunden veit ikkje at ho har gjort feil. For å få flyten i banen ville han berre tatt henne gjennom tunnelen og så trent momentet med hinderet for seg sjølv mykje meir. Det er jo tross alt bare ei helg me har trent, og til å vera heilt nybegynnerar, så vil eg faktisk påstå at me er flinke. :-) Og eg er heilt subjektiv, sjølvsagt :-)

Her er ein annan filmsnutt av oss i banen. Grunnen til at Ayla ikkje ville over hinderet etter mønet denne gongen, var at eg hadde godbit i føringshanda. Det blei ho heilt distrahert av, og eg blei utruleg irritert på meg sjølv. 

Og så litt stillbilder:




Eg og Ayla i farta!



Ayla er sliten etter tre rundar i banen. Ho nærmast smalt i bakken då eg stod i ro litt. :-)

Og så til slutt, sjå det fine kursbeviset!!!! Tenk om alle hadde vore like flinke til å lage slikt!! Knallkjekt å få, i alle fall!!!!!!

Desse neste bildene er har eg fått av kursmedelev Lili Frahm Jensen.

Ho har så fin kontakt!!!!!

Dette er mitt favorittbilde!

Pote på vippa før ho trykka den ned og den skumle lyden kom.

Her ser ein tydeleg at vippa ikkje var veldig høgt over bakken. :-)

fredag, februar 27, 2009

Agilitykurs, fredag.

Tretten deltakerar, frå pomeranian blant dei minste, via bichon og jaktlabrador, og lagotto romagnolo og sjølvsagt border collie og til Ayla som den absolutt tyngste.

Me gjekk gjennom læringsteori, belønningar, historikk, om SBK, hindera, hundespråk og menneskekroppsspråk etc.

Som nybakt instruktør merker eg at eg ikkje utelukka klarer å ta inn deltakarinntrykk. Eg bit meg merke i instruktørting også, noko som gjorde at eg gjekk i frå kurset den kvelden med ganske så mange inntrykk i hovudet.
Teorien skulle vare i to timar, men varte i to timar og førti minutter. Når ein er innstilt på to timar, blei det i lengste laget for meg. Eg var heilt gåen på slutten. :-) Eller kanskje det er alderen på deltakaren og ikkje varigheten på kurset som var skuld i akkurat den kjensla... Sikkert det siste.. jada...

Hindera ser spennande ut, og eg håper me får litt problemer med nokre av dei. Kvifor? For å få noko å bryne oss på, og då særleg eg. Eg har funne ut at eg har fått altfor mykje gratis ved at Ayla tar ting så kjapt, og at ho berre klarer ting sånn nesten heilt av seg sjølv.  
Eg forsøkte litt slalåm med henne i dag (Vetle hadde vore på FK og kjøpt gjerdepinner i plast for strømvaier), og ho fant inngongen av seg sjølv og sprang gjennom som ho aldri hadde gjort anna! 
Om eg ikkje husker feil, så består hindera av: Hjulet, Bordet, Slalåm, Mønet, Tunnel, Lengdehopp, Hinder, Pølse, Vippe, Bommen, og muligens nokre til som eg ikkje husker.
Det eg trur kan bli utfordring for oss er hjulet og mønet og muligens bommen og vippa. Eg er spent på tunnelen og slalåmen, mens dei andre vil nok gå greit. Trur eg idag.

Ellers kjøpte eg meg bil i dag! Ein nesten flunkande ny Peugot Partner (2005 modell) varebil som faktisk er endå sprekare enn Mazdaen min! Og denne gongen BLIR det bilkjøp! Juhu!!!