mandag, november 16, 2009

Rallykonkurranse!

Då var kvelden endelig her, og nervene kom meir og meir desto nærmare turen vår det blei.

Eg var med Ghita og sette opp Klasse 1 banen og syns ho hadde vært nesten litt småfæl med dei. Dermed begynte eg å kvie meg litt til min eigen briefing.

Brått var tida der, og eg må sei eg hadde kvia meg med god grunn. Allerede på skilt fem kom noko ikkje ME hadde øvd på, og eg hadde tolka den heilt feil då eg hadde lest beskrivelsen tidlegare! Eg banna og steika (Ghita, stakkar stod innen høyrerekkevidde, så ho fekk med seg nøyaktig kva eg syns om banen på akkurat det skiltet, men eg trur ho overlevde), og kjende eg stressa fælt på akkurat det. 

Vidare fant eg ikkje heilt ut av rekkefølgen på skilta, men klarte det på eit vis til slutt. Eg rakk tre eller fire gjennomgongar av banen før dei åtte minutta var over. Elisabeth skulle gå først, så Kristin, og så meg. Mens Kristin gjekk, henta eg Ayla. Prøvde på den øvelsen me ikkje hadde trent på, og såg at den heldigvis ikkje kom til å bli eit problem. :-D

Så var det vår tur. Pulsen var HØG, og då eg tok av Ayla halsbandet, var det rett før eg svimte av. Men eg trur eg smilte, og begynte banen. Den bestod av desse skilta:
1. Sitt foran - 1, 2, 3 steg bakover (her snuste ho på skiltet, dumme hunden)
2. Avslutt høyre 
3. Sitt foran - venstre frem
4. Stopp - Stå (her enda ho opp i nesten 90 grader ut frå meg)
5. Heilomvending venstre (eg skal snu meg mot venstre mens ho går rundt meg, og dette var nytt for oss )
6. Stopp - gå i fra - Innkalling (her skal ho ende opp i front, og hadde nydelig tempo!)
7. Avslutt venstre
8. Dekk under marsj (her hiver ho seg ned i dekk, og det syns eg var flott å sjå på etterpå) 
9. Stopp - vri 180 grader høgre - stopp
10. Hinder (ho gjekk rett på det, stakkars)
11. Spring marsj
12. Vanlig marsj
13. 270 grader høyre
14. STOPP – fra sitt – helt om venstre & Frem
15. Åtte tall - mat
16. Stopp - vri 180 grader venstre - stopp
17. Stopp - sitt - springmarsj

Kanskje eg har gløymt eit skilt, men eg klarer ikkje å sjå kva for  eit på filmen.

Som premie fekk me knallmasse kult!!!
Katter&Hunder kalenderbok
Pet Collar Accessory - ein bling-bling pote til å henge på halsbåndet
Ekstra sterke bæsjeposar (det trenger jo me! Ayla bæsjer ikkje LITE alltid...) 
Snadder godbitar
Øyre, musklar og hale. 

Og så fekk eg eit brodert rallymerke til å sy på ein eller annan plass.. Stilig!!! :-)

Resultatet blei altså 191 av 200 mulige poeng, og opprykk til klasse 3. Der må eg klare 3 x minst 190 poeng før eg kan rykke vidare opp til Elite. Masse nytt å trene på, bare sjekk her:



301. STOPP - Stå - Dekk
Føreren gjør holdt og hunden setter i utgangsstilling. Hunden skal først opp i stå og deretter ned i dekk. Føreren kommanderer hunden med seg, direkte fra dekk, fremover til neste øvelse.
Denne har me inne pr i dag.

302. STOPP - Stå - Sitt
Føreren gjør holdt og hunden setter i utgangsstilling. Hunden skal først opp i stå og deretter ned i sitt. Føreren kommanderer hunden med seg fremover til neste øvelse.
Denne har me inne pr i dag.

303. Stå under marsj - Gå rundt -
Ved skiltet skal hunden stå igjen mens fører fortsetter fremover og rundt hunden og tilbake til utgangsstilling. Føreren kommanderer hunden med seg fremover til neste øvelse.
Denne har me inne pr i dag.

304. Gå 3 steg bakover
Under marsj gjør føreren holdt og går så tre steg bakover. Hunden skal uten å sette seg følge fører i utgangsstilling gjennom hele øvelsen. Dvs. at hunden må rygge sammen med sin fører. Føreren kommanderer hunden med seg fremover til neste øvelse.
Denne blir ein utfordring, trur eg.

305. Lengdehopp
Øvelsen begynner ved at fører (i god tid) sender hunden over lengdehoppet. Fører kan løpe under øvelsen for og nå igjen hunden på andre siden slik at det blir flyt i banen og hunden kommer tilbake i utgangsstilling før neste øvelse.
Her kjem agilitkurset til nytte igjen. Denne øvde me på der.

306. TUNNEL
Øvelsen begynner ved at fører (i god tid) sender hunden gjennom tunnelen. Tunnelen kan både ligge rett og i en bue. Fører kan løpe under øvelsen for og nå igjen hunden på andre siden slik at det blir flyt i banen og hunden kommer tilbake i utgangsstilling før neste øvelse.
Denne elskar ho!

307. Send over 2 hopp
Øvelsen utføres på samme måte som øvelse 215. I tillegg skal hunden hoppe et hinder til. Dette hinderet skal plasseres i rett avstand (min 3 m) fra det første hoppet, eller i 90 graders vinkel til høyre eller venstre. Når begge hoppene er utført går man videre til neste øvelse.
Eg må berre trene på at ho skjønar at når eg seier HOPP, så betyr det at det fins eit hinder framforbi henne :-)

308. Snurr under marsj
Dette er en øvelse som gjøres under marsj. Hunden skal på førers kommando/tegn snurre rundt til venstre og komme inn igjen i riktig posisjon hvorpå ekvipasjen fortsetter fremover til neste øvelse.
Denne blir morsom å lære henne! :-)

309. Inn foran og rygg
Første del av øvelsen utføres på samme måte som Sitt Foran bortsett fra at hunden skal stå i front. Fører kan ta opp til 3 steg bakover slik at hunden snur og kommer foran hvor den forblir stående, så kommanderer fører hunden til å rygge (3 steg) selvstendig bakover. Øvelsen skal etterfølges av øvelse 206, 207, 208 eller 209 pågrunn av at hunden nå står med fronten mot fører.
Denne skal ho klare på ein god dag pr i dag.

310. SIK-SAK mellom bena. Her skal hunden gå sik-sak mellom bena på fører fra venstre side til høyre og tilbake. Dette skal gjøres 2 ganger slik at det blir 4 sidebytter og hunden skal havne på venstre side av fører før neste øvelse.Denne har me også inne pr i dag.



Tusen takk til Carita for ypperlig filming!!! :-) Og tusen takk for god heiagjeng! ;-)

Venche har lagt ut filmsnuttar frå alle ekvipasjane på YouTube, og her er Ayla og eg frå ein annan vinkel.

Og her har Ghita lagt ut resultatene

søndag, november 15, 2009

Video fra dagens trening

Siste innspurt før konkurranse

Då Vetle reiste nedover til sørlandet på torsdag, var eigentleg planen å trene ganske intenst fram til og med lørdag. Så skulle me ta ein pause på søndagen for å gi Ayla ekstra treningsiver på mandag når me skal gå klasse 2 i Rallylydighet.

Eg sette meg derfor ned og gjekk gjennom øvelsane me må kunne, og såg at det ikkje var så mykje me trengte å terpe på.

201 8 TALL - MAT
Denne har me ikkje trent på endå, men skal gjer det i dag. Har planar om å legge blaut kattemat oppi skålene for å gjer det vanskelig for henne.

202 STOPP – STÅ - GÅ IFRA - BERØR
Denne har me trent mykje på tidligare, og eg fekk til to repetisjonar med Ghita på mandag, og det gjekk heilt fint.

203 TILBAKE - FOROVER FRA STÅ
Denne høyrer til 202, og innebærer berre å gå tilbake til hunden og gå vidare.

204 STOPP - GÅ IFRA – INNKALLING
Her skal eg berre gå frå henne og så kjem eg til skilt 205

205 SNU OG KALL INN
Her skal hunden komme og sette seg i front. Dette har me jo aldri terpa noko særleg på, men med hjelp av håndtarget kjem ho rett inn i front og smeller ned i sitt.

206 AVSLUTT HØYRE
207 HØYRE FREM
208 AVSLUTT VENSTRE
209 VENSTRE FREM

Alle desse har me trent på til klasse 1, og går på korleis hunden skal inn i utgangsstilling igjen.

210 STOPP - VRI 180 GRADER – HØYRE – STOPP
Ingen problemer

211 STOPP - VRI 180 GRADER – VENSTRE – STOPP
Heller ingen problem. Men etterkvart som eg har trent på det likevel, har eg nå ein 45 kg tung rottweiler som danser bakover i venstrevendingar! Eg har ikkje filma det endå, men det må sjå nydeleg ut! :-)

212 STOPP - FRA SITT - HELT OM HØYRE OG FREM
Ingen problemer

213 STOPP - FRA SITT - HELT OM VENSTRE FREM
Same som med 211


214 SITT FORAN - 1,2,3 STEG BAKOVER
Ingen problemer, bortsett fra det same som med alt som inneber å sette henne i front fra FVF; eg må få vekk target på skilt

215 SEND OVER HOPP
Hehe.. problemet blir vel å IKKJE få henne til å hoppe med ein gong ho ser hoppet.

216 STOPP - LØP I FRA – KALL INN FORAN I FART
Øvelsen skal sjå ut sli: Sitt og bli, springe frå, kalle på hunden mens eg spring, få hunden i front mens eg spring, og så skal hunden sette seg i front. Deretter skal me avslutte med ein av 206, 207, 208, 209

217 DEKK UNDER MARSJ
Ingen problem, ho hiver seg ned i dekk før eg er ferdig med å sei LEGG DEG

218 STOPP – SITT – SPRINGMARSJ
Heller ingen problemer

219 STOPP - HØYRE SKRITT – STOPP
Denne er eg litt usikker på, trur eg.
Dette står i reglane: "Ekvipasjen gjør holdt og hunden setter seg i utgangsstilling. Føreren tar et steg ut til høyre og hunden setter seg en gang til. Deretter kommanderer fører med seg hunden fremover til neste øvelse."
Eg tolker dette slik: Eg stopper, Ayla setter seg, eg tar et steg mot høgre uten å skifte retning, og Ayla setter seg igjen. Altså ein klassisk lydighetsforflytning. I såfall er det ingen problemer her, heller.

220 HELOMVENDING – VENSTRE
Same som i 211, ho dansar rundt meg når eg snur til venstre!


Hatøvelsen vår som me fekk trekk for i desember i fjor , stopp-vri til venstre-stopp, har også løyst seg nå med denne dansinga hennar.

torsdag, november 12, 2009

Demonstrasjonshund

Vetle er reist til sørlandet for begravelse, så det betyr at det berre er Ayla og eg som er heime. Ja, og Legolas, då... :-)
I kveld hadde eg aller aller siste kvelden med kvalpekurset, og tok med meg Ayla for å vise litt ulike måtar å trene innkalling på. Ho hadde fått litt Bachs blomstermedisin mot angst for kjente ting på forhånd, og det hadde eg fått i meg også ;-)

Me kom der tidlig, og etter fem minutter med trening, kom ei av deltakarane. Ayla såg ut til å tru at me nå skulle leike tannvisningsleiken, og sat og kikka forventningsfullt på meg. Eg lurte på om ho ville gå og helse, og det ville ho definitivt! Etterpå kom ho bort igjen til meg, fekk belønning, og ville bort igjen for å helse meir. 

Planen var egentlig å trene litt rally, men dette var ein vel så god trening likevel :-)

Litt seinare tok eg henne ut igjen for å demonstrere innkalling. Då jobba ho også veldig veldig godt. Eg brukte same deltakaren igjen til statist som eg skulle kalle Ayla inn fra, og ho gjorde ein flott jobb! Både deltakaren og Ayla :-)

Då me kom heim, fekk ho maten sin som ho omtrent ser ut til å kunne døy for i det siste, og så stjal ho ein pinne frå vedkassa og gjekk på puta si og snorksovna etterkvart. :-)


Eg erklærer meg herved som geni.

Ja, nå må eg rett og slett genierklære meg sjølv. 

Sjekk dette kule hinderet eg tenkte ut!


Her er tankeprossessen: 
Mandag på vei til rallytrening: Ka om eg tar et sånt stort tjukt plastrøyr og borrer hol så eg kan tre det ned på ei kjegle?
Tirsdag: Kino og Big Horn Steak House og Bråstein i mørkret (med Ayla).
Onsdag: Sjekke i butikker om dei har tjukke plastrøyr. Kom over eit tynt plastrøyr som såg ut til å vera laga til sentralstøvsugar. Der hadde dei også koblingar som passa til røyra. Dyktig som eg er til å vurdere cm (eg veit jo når eg er god til nåke, gjer ikkje alle det da? ;-p), såg eg at dei koblingane ville passe oppå dei store kjeglene mine, og Våylaaaa, som det heiter ;-)
Heilt passe høgde, og enkelt å justere høgda ved å bruke enten dei små kjeglene eller sette små kjegler oppå dei store.

Kjeglene har eg jo alltid i bilen uansett, og røyret og koblingane tar jo verkeleg ikkje store plassen! 

Prøvde hinderet i dag, for eg har fri, og ser at det blir ein utfordring å IKKJE få henne til å hoppe over hinderet frå stor avstand. Ho fekk verkeleg smaken på å hoppe på agilitykurset i februar, så eg hadde ikkje trengt å bekymre meg over at eg ikkje har fått trent på det i heile haust. :-)

Ho hoppa vel til saman åtte-ti gonger over hinderet, og etter kvile var det framleis null teikn til halting!!

mandag, november 09, 2009

Rallytrening og siste innspurt før konkurranse.

I kveld hadde eg bestemt meg for å ta ut Ayla FØR alle hadde gått heim. Ho har vore så sinnsjukt treningsvillig i det siste, og er nå faktisk HALTFRI! Ho fekk Prednisolon tirsdag for to veker sidan, og har ikkje halta på over ti dagar nå! Det er så deilig!

Først var eg med eit par andre og trente, og så kjente eg at  eg var klar for å ta henne ut. Ho var fullstendig på nett fra eg tok henne ut or bilen, og det til tross for at hundar hadde bjeffa rundt henne med jevne mellomrom i nesten to timar.

Først trente me litt på fri ved foten på god avstand frå dei andre, og ho var som limt til låret mitt med kontakt som eg er heilt sikker på at berre ein rottweiler kan by på.
Då banen var ledig, gjekk me bort dit og eg tok faktisk av henne båndet og gjekk med henne  laus! Uææææ!!! Neste mondag er det jo konkurranse, og då må ALT av... *grue grue*
MEN det gjekk sjølvsagt gullfint, og eg oppdaga eit par-tre ting eg må trene på i løpet av veka: Prike litt på det å få henne i front; korleis er beste måten?
Pirke litt på at ho sit heilt i ro i sitt og bli.
Trene med skilt, og at ho ikkje skal sette snuten på dei
Signalkontroll på innkalling. Etter at dei andre hadde gått i kveld, og det berre var Ghita og eg att, ba eg henne kikke på eit par øvelsar som eg har lurt litt på. Ein øvelse eg har gløymt å trene på er innkalling med sitt i front. Då eg ropte KOM til  henne i kveld, lea ho ikkje på eit hår eingong! What?? Eg tenkte at eg måtte sei AYLAKOM, men ho bevegde seg ikkje då, heller. Så stilte eg meg med sida til og ropte, og då kom ho som ei kule og satte seg i front. 

Mens Ghita og eg rydda saman skilt og kjegler, fekk Ayla gå og rusle rundt oss og snuse etter godbitar. Det var heilt greit, og eg følte faktisk at eg hadde ein heilt normal hund som ikkje var redd for nokonting. :-) Men så kjenner ho jo Ghita etterkvart, og det hjelper at Ghita ikkje driver og maser på henne..  ;-)

Og så syns eg det er så kjekt at det er så mange som bryr seg... Det var fleire som spurde koss det gjekk med henne i kveld :-)

søndag, november 08, 2009

Problemløysarkurs i regi av Troll Hundeskole. Del 2

Fredagskvelden fant me forresten ut at kjøttboller med potetstappe fra Fjordland smaker veldig veldig godt, så det hadde me til middag lørdagskvelden også. Saman med salat og, som seg hør og bør, balsamicodressing. Nam!! 

Så, søndagen.  Før teorien skulle starte klokka ti, fekk eg ein kommentar frå ei som var assistent på brukskurset i august. Ho sa at Ayla var som ein ny hund; mykje lausare i kroppen og gladare generelt. Avslappa, liksom. :-D Det var gode ord å høyre! :-)


Denne dagen var via til stress. Mykje av det var repetisjon for min del, i og med at me hadde ein bolk om stress på sporkurset også, men desse tinga skadar IKKJE å få repetert. 

Eit visst nivå av stress er nødvendig for at me skal fungere, men når dette nivået blir for høgt, har me problemer med å lære noko. Me kan bli irrasjonelle og hissige, me støkker lett, misforstår det andre seier, trur me ser ting me ikkje ser, husker dårligare, får sjukdommar, dei sjukdommane me har kan bli verre ved stress, det gjer vondt å tenke, og det som er det snåle, er at dei fleste kan kjenne seg igjen i eit eller fleire av desse symptoma på stress.
Det same gjeld hundar. Deira limbiske system er heilt likt vårt, og reagerer på same vis som oss når det gjeld stress. Dei har dei same kjenslene som oss.

Typiske teikn på høgt stress hos ein hund er bl.a: Flass, røyting, pinnemyrding, tåler ikkje andre hundar nært på, graving, dempande signaler, klør seg, slikker seg, svetter på potane, krokodillekjeft (peser med veldig åpen munn, og munnvikane er trekt langt tilbake), vidåpne auger som flakkar kvilelaust, formålslaus bjeffing på tilsynelatande ingenting, hoppe opp og bite i bandet eller ermer/buksebein, tulle og tøyse (også dempande signal) pluss ein heil haug andre ting.

Aktivisering av hunden er viktig, og dette inneber ikkje nødvendigvis timeslange turar. Hjernebry som aktivisering er like nødvendig for hunden som mosjon. Og det som er vel så viktig er KVILE. Etter brukskurset i august, f.eks, sov Ayla i tre heile dagar fordi eg hadde lært om kor viktig god kvile er etter slike anstrengelsar og lot henne styre kvila sjølv i stadenfor å ta henne med på turar i skog og fjell.

Mosjonering er mosjonering, og om ein overmosjonerer ein hund, vil det stort sett berre føre til at hunden blir veldig sprek, men likevel understimulert. Me har ein tendens til å gå altfor lange turar med altfor unge kvalpar. I følge Turid Rugaas bør kvalpar på tre mnd ha turar på maks 10-15 minutter daglig. Når eg fortel dette under første teorikveld på kvalpekurs, ser eg som regel ganske mange hakeslepp :-) 

Eg ser vel føre meg at om ein har litt kontroll på kor mykje stress ein utset kvalpen for fra den kjem heim til oss og til den er vaksen, så kan mange av dei vanlege problemene unngås. Dette er definitivt kunnskaper eg skal ta med meg når me får ny kvalp ein gong i nær framtid. 
Kvalpen må sjølvsagt bli vaksinert mot å bli redd og usikker seinare i livet, men alt med måte. 


Då kurset var slutt skunda me oss å rydde og vaske hytta, før me tok peiling på Vestfold og husvisning. Huset var greit nok, men resten var ein stor skuffelse. Halv ni svinga me inn i oppkjørsla til svigermor, og gjensynsgleden var enorm hos både Ayla og Tove :-) Tove hadde gøymt godbitar rundt om i stova, så Ayla fekk gå litt på leit. Me tobeinte satte oss ved middagsbordet, og det tok ikkje to minutter før Ayla hadde lagt seg på golvet og roa seg :-) Det var særdeles lite vanskeleg å sjå at ho kjende seg att og syns det var godt å vera der.

Mandagen kom, og me drøyde ikkje særleg lenge før me kom oss avgårde. Etter ein kjapp stopp på Sørlandssenteret, stakk me innom ei venninne som har fått baby, og var heime her i stova då klokka var kvart på sju på kvelden. 
Alt i alt var eg fullstendig fornøydd med heile helga og køyringa og bilen min og ALT! :-)


mandag, november 02, 2009

Problemløysarkurs i regi av Troll Hundeskole. Del 1


Ja, me har altså vore på kurs hos Anne Lill Kvam på Troll Hundeskole i Kongsberg i helga. 

Denne helga tok me føre oss Problemløsing og Atferdsfordypning. Me var fem deltakarar med diverse utfordringar å bryne oss på: Frykt for mennesker (det viste seg å gjelde fleire enn Ayla, i allefall stor skepsis, om ikkje frykt), hund-hund problemer, og stress.

Me kom fram til Kongsberg torsdag kveld etter 7,5 timar og 41 mil, inkludert seks stopp. Då var hytta varma opp og det var verkeleg innbydande og koseleg å slå seg til ro for kvelden.
Som seg hør og bør sov me elendig, begge to den første natta, men var oppe til rimeleg tid. Ayla hadde jo vore her før, så ho virka kul og kjekk og tok livet med rottweilersk ro. Etter ein aaaaaldri så liten sjåppetur i sentrum lufta me Ayla ved schæferhundklubben sitt fantastiske område før me styrte mot hytta igjen.

Teorikvelden begynte klokka seks fredag, og me var altså fem hundar. Denne første teoribolken gjekk me gjennom dei dempande signalene, korleis hundar lærer, kommunikasjon, trening og læring.
Her var det lite nytt for meg, men om eg ikkje hadde lest hundre bøker frå før, ville eg utvilsomt fått mykje ny input av denne kvelden.  

Lørdagen starta me klokka ti med teori om hundar sitt følelsesliv, og korleis det er heilt likt vårt.
Me snakka om at etter sterke opplevingar går hjernen litt i dvale, og hunden klarer ikkje å tenke fornuftig. I slike tilfelle kan me ikkje forvente særleg store prestasjonar. Eg tenkte på Ayla, og korleis ho pleier å bli etter eit stort utfall. Og ho blir nettopp slik. Ein skulle tru me aldri har trent på noko som helst, og ho blir liksom litt teit, for å sei det mildt. Det kan ta litt tid før ho kopler på nett igjen, men har utfallet vore av det mindre slaget, blir ho aldri slik.

Vidare beit eg meg merke i kor viktig det er at den første gongen hunden blir satt i ein situasjon, at det blir rett og positivt og ikkje noko tull.
Eks: Hunden lærer å sitte feil første gongen, men me klarer å rette det opp igjen og lærer hunden å sitte korrekt. Så oppstår ein stressa situasjon, og då vil hunden gå tilbake til korleis den utførte sitten første gongen.
Eit eksempel til: Når eg held kvalpekurs, er eg ved Austrått barneskule i Sandnes. Dit kan eg køyre  på to måtar. Den eg plar køyre, har eg brukt i mange år. Men så var det nokon som fortelde meg at om eg køyrer forbi mi sedvanlige avkøyring og ikkje køyrer av før om to avkøringar etter denne, så kjem eg fram raskare.

Dette måtte eg prøve ein gong, og drog av garde litt tidlegare enn vanleg, for å gi meg tid til eventuell villfarelse.  Eg hadde studert kartet nøye, og trudde heilt sikkert at eg visste kor eg skulle. Då eg kom til rundkøyring nummer  to, valgte eg feil, og køyrde meg grundig vill. Eg måtte ringe til Vetle og få han til å guide meg fram dit eg skulle.

Nokre veker seinare ville eg forsøke igjen. Eg hadde til og med GPS, men den var ikkje oppdatert med alle dei nye rundkøyringane i området, så då eg kom til eit visst punkt på ruta mi, måtte eg følgje skiltinga. Dermed køyrde eg feil igjen og havna på nøyaktig same staden. Men herifrå hugsa eg kor eg skulle køyre fordi eg hadde køyrt riktig derifrå første gongen.
Men me tyr altså til det me gjorde første gongen.
Eg tenkte på kor mange gonger eg har høyrt folk som seier dei blir overraska når dei kommenterer ein feil hunden har gjort og at den ikkje har gjort denne feilen sidan første gongen dei prøvde på det. Her og no klarer eg ikkje å ta igjen spesifikke situasjonar, men eg veit eg har høyrt det mange gonger.

Første praksisen me skulle ha i dag, var det Ayla og ein annan hund som skulle ut samtidig. Eg byrja med GOD avstand frå der dei andre stod, og denne gongen hadde med radioar å kommunisere med, slik at eg kunne få instrukser frå Anne Lill utan at ho trengte rope. :-)


Litt etter litt nærma me oss dei andre, og eg ga Ayla fire-fem meter langt band. Ho forsøkte tidvis å tilby atferd, men det oversåg eg berre og fekk henne over på høgre sida av meg. Me sirkla nærmare og nærmare dei andre, og Vetle stod og tok bilete av oss.


Ayla viste ein del dempande signaler, og gjekk i buar av seg sjølv. Me kom ganske nært mens ho framleis var god og avslappa. Ingen teikn til reaksjon, og heller ikkje voldsom demping.



Dei andre hundane hadde også liknande opplevingar, men sidan ingen av dei andre eigarane rapporterte at hunden deira var skeptisk til folk, gjekk dei fleste hundane bort til oss og helste. Ho eine hadde sagt at hunden hennar elska å helse på folk. Og det såg eg stemte då hunden kom bort og hoppa opp på oss alle og logra nesten halen av seg. Men så sette ho eine assistenten seg på huk for å helse, og då trakk hunden seg vekk og nærmast viska henne vekk frå verda. Dama eksisterte rett og slett ikkje. Me gjekk så alle saman bortover jordet, og det blei meir og meir tydeleg at hunden aldeles ikkje elska å helse på folk, og eg lærte meg noko som for meg var ganske så skjellsettande: Ein vaksen hund skal ikkje helse på framande folk slik kvalpar gjer: Hoppe opp og logre og smiske  og oppføre seg generelt kvalpete. Då er det grunn til å ta eit steg tilbake og sjå på andre signaler hunden sender: snusing i bakken, slikking om munnen, snur ryggen til eller trekker seg vekk frå menneska. Dersom hunden i tillegg pleier å unngå å helse på folk om den er laus og får velje sjølv, MÅ dei få sleppe å måtte helse når dei er i band og ikkje har noko anna val.

Ei anna oppdaga at hunden var redd menneske med frakk eller hatt.

Ingen av dei reagerte slik Ayla gjer; med å bjeffe, men dei var tydeleg redde eller usikre og skvatt vekk når noko uforutsigbart skjedde.
Dette får meg til å tenke at det fins maaaaaaaange misforståtte hundar der ute. Hundar som dagleg blir tvinga til å helse på folk dei møter og som dei eigentleg ikkje har lyst til å forholde seg til i det heile tatt. Men dei klarer seg jo!?
Ikkje alle, trur eg. Men dei fleste klarer på eit eller anna vis å takle det stresset og ubehaget.
Eg trur at mykje av det me tolkar som glede ikkje er det, og at hundane våre dagleg forsøker å kommunisere med oss utan at me forstår kva dei seier. Seg i mellom er språket deira veldig nyansert og detaljert, mens dumme oss treng omtrent å få det skrive på himmelen i store blokkbokstavar før me skjønar kva dei prøver å seie oss. Kor enkel ville vår kvardag vera om me berre hadde fem ord å gjera oss forstått med? Kva om dei orda var: Nei. Ja. Slutt. Stopp! Nåde!!!

Slik trur eg diverre at mange hundar har det.

 

Vidare på lørdagen snakka me om det me har i verktøykassa vår. Me var innom ignorering, lære inn motstridande atferd, desensitivisering, straff, skyte hunden, motbetinging o.s.v blant dei vanlige tinga.
Når det gjeld frykt er det tre ting som må til:

1.       Redusere stress, (når stresset er høgt, er terskelen for frykt, aggresjon mykje lågare enn vanleg)

2.       Auke sjølvtilliten,(lær hunden å løyse problem sjølv, mestringsøvelsar, undersøke ukjente saker og ting, lær hunden å bli bevisst på heile kroppen sin ved f.eks bakpartskontroll, søke og finne, o.s.v.)

3.       Jobbe med det som er sjølve problemet.(dersom hunden er redd folk, jobb med å motbetinge dette, eller via andre virkemidler gradvis gjere folka mindre og mindre skumle)

 

Når ein hund står ovanfor ein potensiell årsak til å utagere, har den fire val: Flykte, fryse, fikle, fyke på. Fire F’ar.  Ofte i denne rekkefølga. Dersom sjansen til å flykte blir tråkka over, forsøker hunden å fryse – gå seinare – stå i ro – trykke. Dersom dette heller ikkje funker, anten fordi  me går mot det farlege eller det farlege kjem mot oss, forsøker hunden å fikle og tøyse. Det er nå hunden eventuelt hopper opp på eigar eller biter i bandet, jakka, buksebeinet og liknande.
Dersom heller ikkje dette får oss til å sjå og høyre alle varselsbjellene som heng like foran nasen vår og dingler og ringer for full hals, er det berre ei grense att; fyke på. Då har ikkje hunden anna val enn å fyke på og angripe dette som er så utruleg skummelt, anten det er ein annan hund eller eit menneske, eller kva det måtte vera hunden er redd for.

Dersom ein har opplevd eit slikt resultat, har ein også erfart at når ein då trekker seg vekk frå det skumle, treng hunden større avstand enn då den fauk på. Viss me tenker oss at me var to meter frå det skumle når hunden fauk på, trenger den kanskje tre-fire meters avstand før den får ei kjensle av at den er bak grensa igjen. 
Når me skal jobbe med slike hundar som dette, har me følgande oppskrift:

1.      1. Do no harm. Dette betyr at om me nyttar andre hundar eller menneske, skal aldri desse vera i fare. Ikkje vår eigen hund, heller. Ingen skal ha det vondt eller altså vera i fare på noko vis.

2.      2. Fjern muligheten. Hold stor nok avstand til at hunden ikkje blir provosert til å reagere.

3.      3. Skap nytt mønster. Mange hundar som utagerer starter av frykt. Etterkvart som hunden blir mindre redd for tingen, fortsetter gjerne bjeffinga. Sjølv om frykta i seg sjølv er vekke.
Det som nå ofte skjer, er at hunden bjeffer av vane, snur seg rundt til eigaren i påvente av ein reaksjon, anten den er positiv eller negativ.
Her har me kanskje vore raske med å avlede, og på den måten rett og slett belønna den dårlege atferda.

4.     4. Aktivisering. Dette betyr ikkje at hunden skal ut på tur i fire timar til dagen, sjølv om det fins sikkert unntak som treng det også. Ofte er me veldig dyktige til å gå altfor lange turar med kvalpen når den er liten, og fortsetter det når hunden er i vaksen alder. Det me heller kan gjere er korte lufteturar til vanleg, og gjerne ein eller to lengre turar i løpet av veka. Dei andre dagane kan hunden få aktivisering gjennom problemløysingsoppgåver som å

a.       Hente godbitar frå eit tre. Fest godbitar på ein busk eller eit lite tre og la hunden finne fram til dei på eiga hand.

b.      Finne godbiten som er gøymd inni ein tom dorull. Når dette blir for enkelt, legg dorullen under ei anna øskje. Blir det også for enkelt, putt dorullen og øskja under ein boks.

c.       Vippe godbiten ut av ei tom brusflaske. Lag to hol i ei plastflaske, tre ein blomsterpinne gjennom, putt ein godbit inni flaska, og la hunden erfare at det går an å vippe på flaska så godbiten trillar ut.

d.      Sudokuoppgåver for hundar: Ulike aktiviseringsleiker for hund som er spesielt laga for å tåle det ein hund kan finne på som løysingar for å finne fram til godbiten.

5.     5.   Auka sjølvtillit. Korleis ein kan få til dette har eg for så vidt vore innom tidlegare.

Dette med å auke sjølvtilliten til hunden er nok noko mange kan ha motstridande kjensler til, for ein har lett for å tenke at dominans og sjølvtillit heng saman. Det gjer det altså ikkje.

Når me tenner eit bål, kjem det ofte røyk stigande opp. Denne røyken ser me på lang avstand, men me kan ikkje alltid sjå bålet.
Aggresjon er røyken til frykt. Aggresjon er det som stig opp og blir synleg og tydeleg for alle menneske, medan frykta åleine sjeldan er synleg før me altså ser aggresjonen.

Ein hund som har vondt eller er skada kjenner seg svak. Han blir stressa, stresset skaper frykt, og frykta får utløp i aggresjon.

 

Siste praksisøkta skulle me forsøke dei ulike måtane å aktivisere hunden på, og Ayla fekk prøvd seg på eit godbittre og ei av sudokuleikene i tillegg til ein litt vaklevoren murstein som ho skulle stille alle fire føtene oppå.

Heilt til slutt hadde eg spurt om å få bli observert og råda til kva eg kunne gjere for at ho skulle takle å sjå andre hundar leike med eigarane sine, så ei av dei andre leikte med hunden sin mens eg og Ayla stod og såg på. Mens Ayla stod vendt vekk frå meg, skulle eg prate roleg til henne og snakke ”rosa” (eit fantastisk uttrykk som eg antageleg kjem til å adoptere). Det vil sei at eg skal snakke med roleg og nesten monoton stemme og fortelje at dette går bra og at ho er dyktig hund og skjønn og vakker og andre positivitetar. Eg skal ikkje bruke godbitar, sidan ho er rask til å kjede atferder. Vaksne tisper er veldig ofte veldig flinke til nettopp det å danne kjedar.