tirsdag, april 28, 2009

Endelig rallytrening igjen! Med video

Etter at den innbilte drektigheten har vore ferdig for Ayla, har ho vore særdeles grei å ha med på tur. Ho lar andre hundar passere, og folk ser ho nesten ikkje på.
Sidan kurset i Oslo, har eg dessuten belønt mens ho ser på anten hunden eller mennesket og FOR at ho sitter i ro. Enn så lenge er det nemlig SITT og VÆR DER som ser ut til å fungere best. Det veit eg atferdsterapeutar verda over har funne ut før meg, så eg veit at eg ikkje har funne opp hjulet ;-)

Hvis dette er slik ho kan vera heile tida, må eg nok alvorleg vurdere sterilisering. Tenke tenke...

Ellers var me på vår første rallytrening på nesten halvannan månad i går! Først var det kurs for fire flinke flinke deltakarar, og så var det trening.
Anja og Oscar viste at kastrering kan gjer gigantforskjell, for ho har verkelig slite med hormoner og HANNhundfakter. I går kunne eg ha sverga på at det var ein heilt annan hund ho hadde med, men det var altså Oscar. For ein fantastisk kontakt dei hadde! :-)

Då eg skulle ta Ayla ut av bilen, kom busta opp med ein gong. Den datt ned igjen kjapt, og ho var sånn halvveis på nett med meg mens me gjekk opp mot grusbanen. Der merka eg at me har trent lite i det siste, men etter litt kjapp repetisjon på kor posisjonen hennar er, og litt leikeherjing, var me på lag igjen. :-)

Me trente på: Sitt - bli - spring fra, Dekk under marsj, skilt er ikkje target (her har nok førarhundtargettreninga øydelagt litt, så me får terpe og terpe og terpe), stå fra sitt i utgangsstilling, vera roleg når ho ligg bunden og eg briefer banen og snakker med andre, tannvisning (Ghita tok bl.a ein skikkelig høflig tannvisning, og Ayla sat som ein påle!) og det å sjå på andre hundar OG sitte i ro.


Ikkje EIN einaste gong var ho nære på å reagere på noko. Ikkje eingong då me trente åleine på grusplassen og ei framand dame som Ayla aldri har helst på før, kom gåande rett bort til oss for å spørje kor treninga skulle vera. Eg pyste ut og ba henne stanse ca tre meter frå oss, men Ayla sat støtt ved sida av meg og niglodde på meg :-) Skjønne hunden min!! *smelt*

Banen som var satt opp denne kvelden inneholdt nokre av Klasse 2 skilta, og eg fekk Anja til å filme meg. Snutten vart ferdig i går kveld, men eg rakk ikkje å laste den opp. Den blir publisert litt seinare i dag, MED fancy tekstar som forklarer skilta, og musikk og greier! :-)

Edit: Ikkje med musikk, visstnok.

onsdag, april 22, 2009

Bilder fra i dag, og blodig affære.






Her er treningsplassen vår. Dei har nettopp laga ny parkeringsplass like ved oss, så me har fått ein perfekt treningsbane! :-)

At Joey i det heile lar meg komme nær labbane hans, er eit under. Uansett kor lite eg klipper dei klørne hans, klarer eg alltid å klippe ei eller to nerver. I dag blei det Blodbad de Luxe. :-S

Nytt kamera, nytt redigeringsprogram, ny motivasjon. Videoar.









Kurs i Oslo. Søndag. Freestyle.





Så var det freestylesøndag! :-)
Etter ein koselig og sosial frokost som eg gjerne skulle sett varte lenger, var det klart for nye læringsøkter. Freestyle. Kreativ lydighet til musikk. Vanskeligare enn det høyres ut til, kan eg love! :-) Men svært kjekt å trene på!

Første økta ute lærte me ein kjekk måte å trene inn at hunden går baklengs rundt oss i ein tett ring. Dette kan me så vidareutvikle til baklengs slalåm mellom beina.
Du treng: kompostelementer (sånn som ser ut som eit stålbur i konstruksjon)
ein hund
klikker
godbitar
deg sjølv
evnen til å observere

Plasser elementene på ein slik måte at dei dannar ein liten ring rundt deg og hunden. Hunden skal ha plass til å gå rundt deg, men ikkje til å snu seg veldig enkelt.
Start med venstrevendingar der du passer på å heile tida halde deg i midten. Hunden rygger på ein måte rundt og rundt, og etter to-tre rundar, stans opp og beveg berre overkroppen. Belønn kvar minste steg bakover, forsøk å alltid belønne mens hunden er i bevegelse bakover i stadenfor når den har stansa.

Bruk knea til å manipulere hunden rundt, og ta også vekk denne hjelpa når hunden har skjønt poenget. Gjenta bragden fleire stader MED stengselet, og legg etterkvart på signal på atferda. All hjelp me gir hunden skal vekk. Hunden skal berre gå på signal.



Ny økt inne, denne gongen om gjenstandar, og ulike ting å bruke dei til.
Michele er ein ivrig advokat for å trene posisjon. Ho trener fire posisjonar, og dei skal alle vera beine. Venstre, høgre, framfor og bak.
Ho brukar også leash cues til ulike deler av kroppen til hunden. Ho kan feste ein tråd rundt f.eks magen til hunden å lære den å gi etter for svakt press for å hjelpe hunden i rett posisjon to-tre gonger før den får prøve sjølv.

Når du skal trene sideforflytning, belønn BAKFOTforlytningar..

Ved BAKposisjon, varier kor godbiten kjem frå, høgre sida, venstre sida, mellom dine bein og bak til hunden. For å få hunden til å gå bak og kikke opp, vis godbiten over toppen av hovudet ditt kvar gong før hunden får den.

Det er lov å initiere bevegelsen med kroppen, men bare to-tre gonger. Vent og sjå om ikkje hunden prøver på eigahand. Som Bob Bailey seier: Get the behavior!

Fotløft.
Kitle litt bak på foten, klikk for små løft av foten.
Begynn med hunden i sitt, pga det er enklare for hunden å løfte beina då.
Når du skal begynne å legge på håndsignal, begynn med handa langt ut til den sida som er nærmast den foten hunden skal løfte. Slik blir det mykje klarare for hunden kva for ein fot som skal opp.
Klikk for bevegelse oppover. Ved å vente med klikket til foten er på det høgaste, risikerer me å klikke for nedoverbevegelse.

Dette var dei notatene eg hadde frå søndagen. Eg var heilt pære gåen og trøytt og sliten, så eg noterte ikkje all verdens.




På veg heim i flyet, sat eg ved sida av ei niårig jente som reiste åleine. Ho var særdeles snakkesalig, og kunne fortelje at dei hadde hatt ein blandingshund som hadde bitt i buksebeinet til mange menn. Dei hadde hatt ekspertar for å hjelpe hunden, men hadde måtte avlive den til slutt. Då flyturen var over, hadde eg fått vite bursdagen til henne, mora og faren, kor mange gutar og jenter det var i klassen hennar, kor mora jobber, kva slags klær mor hennar likte å gå i, ulike dramaepisodar i klassen hennar, kor ho budde, og at eg såg 20 år gammal og snill ut. :-) Velsigna barn, altså :-)

Eg var heime halv ni på kvelden, og det var ei særdeles lykkelig Ayla som kom meg i møte då eg balanserte meg inn dørene! Ho gliste frå øyre til øyre, faktisk! Til og med Joey høyrde døra og kom ut for å helse på :-)

tirsdag, april 21, 2009

Kurshelg i Oslo. Lørdag.




Vakna klokka seks og stod like godt opp då. Frokosten begynte klokka sju, og fem over sat eg og åt frokost på Rica Helsfyr Hotell. Ikkje i nærheten så god som på Oslo Plaza, men så har Plaza litt fleire stjerner også. Hehe...

Kurset starta klokka ni, og me begynte inne med teori om det me skulle ut og lære hundane (dei andre, for eg hadde jo ikkje Ayla med). Første økte skulle me lære Food Refusal. Dette likna ein del på måten eg har trent inn La Vær på, men utfordringa kom då trenaren skulle ta på bind for augene.

Eg var med Steinar og Blues på denne økta, og fekk med det litt rottweilerdose. :-) I løpet av ganske så kort tid kunne Steinar sette på bind for augene, og Blues fekk presise klikk for å oversjå maten eg så lekkert forsøkte å tilby han.

Me kom så langt at Steinar og Blues GJEKK forbi med bind for augene, og jammen fekk Blues presise klikk for korrekt atferd der også! :-)

Nedanfor beina til rottweileren ligg det eit minefelt av Frolicbitar, men han held fokus på matmor. (han her skjønnasen er forresten åtte år! :-)

Andre økta me var ute og trente, var eg saman med Lotte og Ringo, ein blanding mellom border collie og schæfer. Då skulle me trene på at hunden targeter fortauskant. Hunden skulle sette føtene opp på fortauskanten, og her kunne me også sette bind for augene. (eg skriver ME, men eg meiner jo sjølvsagt dei som hadde med hund)

Me skulle heile tida fokusere på posisjonen til hunden, den skulle vera bein og rett mot fortauet. Eit av tipsa for å få til dette var å stå med hunden mellom beina, og løfte den av kanten når me skulle ha ny repetisjon. Dette var nemlig noko som sluttbrukaren også skulle kunne trene hunden til, og då var det viktig for brukaren å kunne orientere seg i forhold til kanten og hunden.

Morten og Kira viser "Finne fortauskanten"

Tredje gongen ute kunne dei med hund velge om dei ville prøve på: Find an empty chair, Pedestrian button (fotgjengarknapp, sånn som får det til å bli grøn mann) eller Elevated Obstacles. Innlæringa av desse momenta var ganske lik på alle tre og gjekk ut på at handleren stod ved sida av stolen, knappen eller hinderet og hadde hunden i kort kort kort band. Handleren la så targethanda på gjenstanden, og lot hunden finne target to-tre gonger før den skulle prøve på eiga hand. Dette var stort sett så mykje hjelp hunden fekk for å komme i gong og skjønne halvveis kva me var ute etter.

Dette med hjelp skjønar eg jo at eg må tenke på, for det er ikkje alle hundar som korkje trivst med å finne ut av ting sjølv (dei vågar kanskje ikkje), og det er ikkje alltid hundetrenaren har evner til shaping uten hjelp. Derfor har eg tenkt å forsøke å lære meg å bruke targethjelp på diverse "ufarlige" øvelsar, sånn at eg i det minste kan det om eg treng å lære det vekk.

Michele var veldig klar på at me skal ta vekk hjelpa etter ganske så få repetisjonar, men det er jo så lett å fortsette med det som fungerer så godt! :-)

Fjerde økta såg me på nokre kvalpar som lærte seg å oversjå andre hundar ute på tur. Me var først inne nå også, og der viste Michele filmsnuttar av FIRE mnd gamle kvalpar på tur med framand førar. Ein hund dukka opp på stien foran, og då kvalpen skulle passere der hunden kom ut fra, snuste den ikkje i bakken (Ayla gjer ofte det når ho har sett ein annan hund. Når me då kjem dit hunden dukka opp, snuser ho i bakken akkurat der.), eller ville bort til den andre hunden. Eg gjentar: FIRE mnd gamle kvalpar som hadde vore hjå Puppy Raisers med litt instruksjon om korleis dei skulle trene på dette her! Fantastisk!! Eg fekk nesten tårer i augene!!

Den treninga me fekk sjå i forbindelse med dette siste her, gjekk ut på at Puppy Raiseren og kvalpen stod og klikka mens ein annan hund valsa rundt omkring. Kvalpen fekk klikk for å sjå på den andre hunden, for å sitte rolig og sjå på den andre hunden, for å sjå på den andre hunden for så å snu seg vekk, og det var ikkje kontakten som stod høgast på lista over ønska atferd. Førarhundar skal observere verda rundt seg og så jobbe vidare. Derfor blei all atferd kombinert med "forholde seg rolig" belønna.

Dersom kvalpen byksa fram til den andre hunden fleire gonger på rad, løyste dei problemet med å klikke tidlig. FØR bykset. På denne måten fekk trenaren hanka kvalpen tilbake før den byksa.

Litle Mallinoiskvalpen lar Lagottoen passere.

Siste økta fekk me lære noko ho kalla Leash Cues. Dette er rett og slett ein måte å lede hunden på uten at den treng å kikke opp på trenaren sin. Her blir negativ forsterkning brukt, og eg kjenner eg er ganske motvillig til å bruke det. Det er berre eit veldig veldig mildt aversiv, men likevel.


Her skal me igjen stå med kort band (det korte bandet gir ein blind trenar mulighet til å få informasjon han eller ho ikkje ville fått med langt band), og trekke bandet til sides. Med ein gong hunden beveger seg for å sleppe opp presset, skal me klikke og belønne, sjølv om hunden berre vrikker litt på seg. Presset i bandet skal kome i korrekte retningar: Rett venstre, rett høgre, rett ned og rett opp.

Eg forsøkte dette med Ayla på tur, og det fungerte gullfint. Etter nokre repetisjonar flytta ho seg kjapt dit eg ville, og etter den treninga, var det ikkje rare kreftene som skulle til for å stoppe henne når ho drog i bandet. Målet er å bruke så lite press i bandet som mogleg, til alle retningar.

Då dagen var slutt halv seks, var hjernen min det også. Øktene gjekk i eitt bankande kjør, utan pause anna en lunsjen. Laaaang dag, med andre ord!


På kvelden var det invitert til felles middag, og det var skikkelig koseleg! Eg kjende meg ikkje det minste utanfor, sjølv om alle dei andre (bortsett frå ei til) var ferdig utdanna instruktørar eller håpefulle instruktøremner hos Canis Hundeskole.

Halv ti braut eg opp og gjekk opp på rommet for å pakke.

Sovna med Kathy Sdao på DVD på laptopen denne kvelden også :-D



 







Kari-Anne har også skrive om denne kursdagen:

mandag, april 20, 2009

Kurshelg i Oslo. Fredag.

Jøje meg, for ei helg!

Det starta så flott på fredags morgon, då eg kunne ligge og dra meg heilt til klokka sju! Eg åt ein god frokost, ga hundane mat, og så begynte eg å pakke. Eg meinte på at eg hadde pakka med alt, og kikka ned på kameraladaren. I bruksanvisninga står det at ein kan bruke det 240 timar, så eg bestemte meg for å la den ligge att heime. Mhm.. Det gjorde eg.

Brått begynte eg å få dårleg tid, så eg fekk hive meg rundt og lufta hundar før eg køyrde til flyplassen. Ca 7 minutter etter at eg drog heimefrå, klarte eg å køyre i ei dame bakfrå. Skiltet mitt kom i kontakt med hennar hengarfeste, , så eg fekk ein liten knekk på skiltet. Ergerlig, men det kunne gått LANGT verre om eg hadde reagert seinare og hatt dårligare bremser.

Vel framme i Oslo blei det ikkje veldig mykje shopping, og eg var på hotellet rundt halv fire. Då pakka eg ut på hotellrommet, og fant ut at heile laptopladaren ikkje hadde havne i kofferten. Slo på maskina og såg at eg hadde 40 minutter batteritid igjen. Då eg hadde trykka "Send og motta" i Outlook, hadde eg plutselig 12 minutter igjen.

Etter nokre gloser som ikkje passer seg for gjentaking på bloggen her, kom eg på at Kari-Anne kanskje muligens kom til å køyre forbi ein databutikk på veg ned til Oslo, så eg var frekk nok til å sende ei melding om ho kunne stoppe innom ein plass og sjå om dei hadde ladar til meg. Snille snille Kari-Anne sa ho kunne, og fekk jammen tak i ny ladar til meg! Kan tru eg blei glad!!! Heilt fantastisk! :-) For ein reddande engel!!! :-)

Foredraget byrja klokka seks, og me fekk ei kjapp og overfladisk innføring i kva oppgaver ein velfungerande førarhund skal kunne opp og i mente i kvardagen.
Dei skal kunne gå i rett linje fra fortau til fortau, men ta eigne avgjerelsar om det fins hindringar på vegen. Sjølv om brukaren ønsker å gå rett fram, og ikkje ser hindringa som står i vegen, skal hunden har sjølvtillit nok til å dra brukaren med utanom hinderet men ha fokus på den korrekte retninga.
Hinderet kan også vere noko som er i lufta, og då skal hunden stanse dersom hindringa er for låg til at brukaren klarer å gå under uten å slå hovudet sitt.

Hunden skal stanse ved starten og slutten av fortau, finne fotgjengarknappar (slike ein trykker på når ein skal over eit lyskryss), stå imot tilbud om mat, passere hundar, krype saman på små plasser (buss, tog, o.s.v.), finne eit tomt stolsete, ta eigne avgjersler når hunden veit betre enn brukaren kva som er trygt og ikkje, unngå farer som kjem frå sida, o.s.v.
Alt dette skal dei gjer, og meir til, og mykje av jobben dei gjer går brukaren hus forbi, og hunden får ikkje belønning for det.

Me fekk litt grundigare innføring i korleis dei trener inn at hunden går i rett linje frå A til B, Emergency Backup (når f.eks ein bil kjem mot ekvipasjen frå sida), Overhead Obstacle Training (hunden stanset når den ser at brukaren ikkje kan gå under eit hinder), Finding an Empty Chair, o.s.v.
Eg tok nokre bilder og ein haug med filmsnuttar i løpet av foredraget, og då eg kom opp på hotellrommet igjen, hadde eg pinadø ikkje meir batteri igjen! Dermed hadde eg altså ikkje mulighet til å lade kameraet. Og då fekk eg bruke mobilen i stadenfor. Bildene blir derfor ikkje av høgaste kvalitet, men det får så vera. 

I pausen på foredraget, solgte Canis bøker og DVDar, og ein ny hadde kome ut av Kathy Sdao. Om å sette signal på atferd. Denne sette eg på og starta og sjå etter at eg hadde lagt meg. Den lover verkeleg bra, og eg gler meg til å sjå resten!! Den heiter "IMPROVE YOUR I-CUE - LEARN THE SCIENCE OF SIGNALS DVD"

mandag, april 13, 2009

Juhu!! ... og sånt..

I dag fant eg ladaren til kameraet, så nå kan det endelig bli litt bilder og filmsnuttar igjen! Juhuuuu! :-)

lørdag, april 11, 2009

Nok ein vellykka tur

Det var så fint vær i går, at eg tenkte me ville få mange treningsmuligheter hvis me tok oss ein tur ut. Det er veldig lett å finne på unnskyldningar for å utsette turen til eg veit der er mindre eller aller helst ingen folk ute og går, men i går gjorde eg altså motsatt.

Vetle og Joey blei med det første stykket, og rett etter at me hadde skilt lag, kom det to jenter gåande og ei tredje på hest. Veien var smal akkurat der, og eg sette Ayla i sitt og bli ved veikanten. Den jenta som gjekk nærmast oss, passerte vel på ein meters avstand, for akkurat i det jentene hadde passert, kom ein joggar på motsatt side av oss. Ayla såg ikkje ut til å merke at det var folk rundt oss i heile tatt.

Neste passering var eit par som kom gåande, dei passerte uten problem på andre sida av veien. Så fekk eg ein glimrande sladresituasjon der det brått (for Ayla) dukka opp fire personar 5-6 meter framforbi oss. Ho registrerte dei, og snudde seg rett rundt og sladra. :-)

Ei lita stund seinare, kom det ein eldre mann med stavar. Han gjekk ujevnt og på ein slik måte som Ayla kunne reagert på. Derfor gjekk me midt på jordet slik at ho såg han lenge og kunne få stadig forsterkning på å takle at han kom nærmare og nærmare. Det gjekk sjølvsagt greit. :-D

Dei neste passeringane kom på rekke og rad: To personar mot oss, tre personar mot oss, to personar mot oss, to personar bak oss, og så til slutt ein person mot oss. Resten av turen fekk må gå åleine, og ho kunne få gå laus litt. 
Det eg går og kjenner litt på for tida, er om roen ho viser på tur nå har noko med overstått falsk drektighet å gjer, og om det kanskje ville vore ei løysing å sterilisere henne. Ho hadde denne roen i fjor haust også, rett etter at løpetida var over, og så kom ein periode med reaksjonar, før det ga seg igjen då den innbilte drektigheten var over.

Men så blir det sagt at tisper kan få auka atferdsproblemer etter sterilisering dersom ho har det frå før, og eg ønsker jo ikkje at det skal bli verre, naturleg nok. Slikt kan ein aldri vite hundre prosent, så det er vel uansett eit sjansespel.

På onsdag, etter jobb, hadde eg bestemt meg for at Ayla skulle få gå tur ein plass ho ikkje har vore før. Eg har høyrt og lest masse om Hellestøstranda, og kikka litt på kartet for å finne ut kor det er. Ein liten halvtimes kjøring heimefra, og det var lett å finne fram.

Me starta turen med å akkurat ikkje treffe to menn med ein golden. I staden for å passere dei, tok me heller av stien og tok sikte på sanddynene. Stiane gjekk i kryss og tvers, og Ayla sprang overalt! Ho var så opptatt med snusing at eg faktisk rakk å gøyme meg for henne fleire gonger! Etter ca femte gongen var det ikkje snakk om å miste meg av syne i meir enn eit par sekunder, så då var leiken over for min del. Det er alltid spennande å planlegge kor eg skal gøyme meg, vente til ho snur ryggen til, og så skynde meg å hive meg bak ein busk før ho tar meg på fersken. Hvis vinden er slik at ho kanskje springer forbi der eg ligg og ikkje finner meg med ein gong, då har eg vunne. :-) Men det skjer svært sjeldent.

Eg lærte forresten at når Ayla får noko råttent i nasen og springer avgårde for å enten ete eller rulle seg i det, kan eg stå og rope til eg blir blå. Då betyr innkallingssignala mine null og niks. Til slutt var det superinnkallinga som hjalp, men den avhenger av at ho ser meg. Det er faktisk ikkje heilt sikkert at ho høyrde meg, når eg tenker meg om, for eg hadde svært kraftig motvind, og ho var 100-150 meter vekke fra meg. Då ho såg eg bøyde meg ned for å "undersøke noko spennande på bakken", kom ho som ei kule.  

Då stranda var slutt, gjekk me ned fra sanddynene og ned til stranda. Me hadde heile området for oss sjølv, for det var truande skyer i horisonten ;-)
Det blåste ganske godt nede på stranda også, og plutselig stod me midt oppi ein sandstorm. Ayla sleit litt med sanden, så eg fekk henne til å targete handa mi vekk fra vinden. Me stod slik ei stund til det verste hadde gitt seg.

Tok litt video med mobilen, så kvaliteten er ikkje den beste.





onsdag, april 01, 2009

Lang tur, mange passeringar, ingen utfall!

Me droppa rallytrening på mandag, for Ayla var ikkje i form. Ho ville ikkje ha mat eller godbitar, og var veldig opptatt med å slikke seg på magen. Det såg nesten ut som ho hadde melkespreng, for ho har altså fått innbilt svangerskap denne gongen også. Ho låg og klynka litt i blant, sånn heilt ut av det blå, og klarte ikkje roe seg heilt. Stakkars...

Eg har gått og lurt litt på koss hundane opplever denne innbilte drektigheten.. Dei trur jo dei er drektige, og at dei skal ha kvalpar. Nokre har det såpass ille at magen blir større, og at dei til og med har innbilte fødslar utan at noko kjem ut.
Koss har dei det etterpå då? Går dei rundt og trur at dei har mista kvalpane sine? :-(

I går var ho derimot meir seg sjølv igjen, og me vågde oss ut på "ein liten" tur. Me traff ikkje ein einaste hund dei timane me var ute, men me fekk nokre passeringar som gjekk kjempeflott! Den siste var eg heilt sikker på skulle gå gale, for då kom ein kraftig mann med skjegg gåande på andre sida av vegen, og ho smaug litt på han og kikka intenst. Eg ba henne sette seg med ryggen til og sa "vær der" mens mannen passerte bak henne. Ho fekk tubeleverpostei for bragden :-)

Då me omsider kom oss heim, hadde me vore ute og gått i over to og ein halv time, og både eg og Ayla var trøytte og kalde.

JA! Eg tenkte eg skulle teste ut kor god TÅ-kommandoen er, og mens ho rusla framforbi meg, sa eg brått TÅ! til henne. Ho stansa umiddelbart og rikka seg ikkje av flekken før eg skrøyta og ga henne godbit! Flinke tøttå mi!! :-)
Og kan tru ho var fornøyd då ho fant ferske grasspirer langs veien!

Eg har sikkert notert meg det før, men eg syns jo det er veldig rart at gåande er skumlare enn joggerar. I går kom det ein joggar ganske brått på oss, og då brydde ho seg knapt. Men han mannen.. han siste... han var veldig interessant.

Og så har me fått inngjerda sauer ved besøksgården nedanfor oss... Det kan og bli interessant. Får vel ta oss ein båndtur ned dit og sjå kva som skjer. :-)