søndag, august 30, 2009

Tida går. Lite skjer.

Dagane går fort for tida. Kvardagen har begynt å kome i gjenge igjen etter ferien, og nå er det rett før kurshausten starter også. Ayla får sine daglige turar, men ho kan ikkje røyne seg særlig før ho haltar på bakfoten. Eg veit liksom ikkje kva me skal gjer for å finne ut av kva det er. Det har vore slik ei god stund nå. Eg har lyst på ein frisk hund...

Og så er det saknet etter Joey. Det kjennes ut til å bli større og større, jo lenger tid det går sidan 17. juli. Eg tenker av og til at han bare er på ferie, og at me snart skal dra og hente han. Og så skal han komme stavrande med halen piskande fra side til side og vær så inderlig glad for å sjå oss igjen.. Og eg skal sette meg på kne og begrave ansiktet i halsgropa hans og snuse inn den deilige Joeylukta.. 
Det begynner for alvor å gå opp for meg at han er vekke. For godt. For alltid. Etter over tretten år saman er det slutt. Det er ikkje til å tru. 

Ayla er litt rolig om dagen. Eg veit ikkje kva som kan vera årsaken til det, om det er fote hennar som plager henne, eller om ho også sakner Joey, om det er ei effekt etter steriliseringa, om ho ikkje er fornøyd med livet generelt eller kva det er.. Det er jo først nå kvardagen hennar også har roa seg etter at Joey døydde, så kanskje dette er slik ho kjem til å forbli?
Når eg inviterer til trening, så er ho med med ein gong, og på tur snuser ho og er like interessert i alt som før. Men her heime virker ho altså mykje roligare. 

Eller kanskje ho ikkje er det, at det bare er min dårlige samvittighet som ser henne med andre auger? Eg trur ho hadde hatt godt av å få leikt og helst på andre hundar, men eg er så redd for bakfoten hennar. 

Ellers har kvalpesjuka lagt seg bittelitt. Ho blir nok vekt til live igjen når kvalpekurset startar på torsdag, og deltakerane skal fortelle om hundane sine.. då klør det alltid i fingrane, og første praksiskvelden kjem eg stort sett heim med alvorlege kvalpeplanar :-) 

Me har dessutan fått tatt nokre fleire passeringar etter det nye opplegget, og det eg merker er vanskeligast er å gi henne laust langt band. Torsdag var me på Randabergfjellet og passerte eit par menn som stod og kikka på utsikta med ryggen til. Det gjekk heilt fint, men lurer på kvifor ho drog mot mennene då ho fekk dei i nasen.

Så, på lørdag, etter at me hadde vore og handla inn litt diverse dingsar eg meiner er heilt nødvendige for å halde kurs og vera ein god instruktør, sette Vetle oss av ved sentrum og så gjekk me heim.
Halvveis måtte me passere to menn som jobba like ved sida av vegen. Det gjekk ikkje an å gå i bue, og då me var RETT ved dei, strama munnen hennar seg, og ho trakk pusten med lyd. Det høyrdes ut som eit halvt snork ;-)

Men det var alt som kom, heilt utan godbitar, og eg veit at det var altfor nære, men slik blei det. I det minste kom det ikkje bjeffing eller draing mot mennene, så eg arkiverer den episoden meir under flaks enn noko anna, og håper at det ikkje skjer igjen med det første.

tirsdag, august 25, 2009

Grunnkurs i Rally-lydighet i Tananger


Nå er anledningen her til å melde seg på grunnkurs i Rally-lydighet!

Det er ikkje nødvendig med forkunnskaper.


Me bruker utelukkande positive metodar på kurset, og jobber både med og uten klikker. Det velger du sjølv.

Kurset vil gå over fem mandagar, der den første mandagen vil bestå av ein time praksis og to timar teori. Dei neste fire kurskveldane går me gjennom sitt, sitt og bli, dekk, dekk og bli, lineføring ( å gå med hunden i bånd ved sida av førar) og eit par andre kjekke ting som forblir ein hemmelighet til du melder deg på. ;-)

Det blir pause i eventuelle skuleferiar.

Kurset kostar 1200 kroner.
Instruktør: Kari Anne Overskeid
Påmelding til: kanover@live.no
Tlf. 466 80 100

Etter dette kurset vil du kunne delta på dei rallykursa som er meir konkurranseretta, og også kunne komme på rallytreningane som er på mandagar (frå kl. 19:00 og utover så lenge me gidder å halde på.)

Rallytrening og eit kjapt lite spor.

Rallytreningen starta egentlig opp forrige mandag, men då kunne ingen. Det var nok for tidlig for dei fleste etter sommarferien.
I går møtte i alle fall folk mannssterke opp, og me blei vel 4-5 til slutt. Eg hadde ikkje nokon plan for kva me skulle trene på, så eg vente til klokka var åtte før eg tok Ayla ut or bilen. Pga litt sommarstressa hundar på treningsbanen, valgte eg å ikkje gå opp dit med henne. Me holdt oss på parkerinsplassen, der eg fekk spurt ei av dei andre om ho ville stå midt på parkeringsplassen sånn at me kunne gå i bue rundt henne.

Eg meinte den største parkeringsplassen, men ho stilte seg opp der det var smalast. Eg merka eg blei usikker på om dette kom til å fungere, men tenkte at eg i verste fall ville erfare kva som blir for tett for Ayla.

Me gjekk litt sikksakk bort til det var naturleg å gå i bue, og eg hadde heile tida slakt band. Akkurat det merka eg var vanskeleg, og pulsen steig veldig. Eg nynneprata til Ayla om at me skulle gå ut til sida og at ho dama ikkje var nokon Ayla trengde å involvere seg noko med, og at me skulle berre gå forbi her og så ville alt gå bra. Ingen godbitar.

Jo nærmare me kom, desto meir interessert blei Ayla i å snuse i graset – vekk frå ”den skumle dama”. Ho var tilsynelatande veldig opptatt av luktene der, heilt til me hadde passert. Då ga ho meg kontakt igjen, og ho ville også gå nærmare meg.

Eg trur ikkje den avstanden er den mest ideelle å fortsetje med, for eg merka at ho var berørt av det. Dama stod dessutan ikkje vendt mot oss, noko som gjorde det enklare for Ayla.
Men det var like god øving for meg, det å kjenne på angsten og likevel sleppe bandet heilt ut og la Ayla få løyse problemet sjølv. Noko ho klarte med glans i går, i alle fall.

På veg heim ringte eg til Vetle og spurte om han kunne dra til Sandestronda og gå seg vill. Og om han kunne miste eit plagg sånn cirka i begynnelsen. Det ville han, så eg stoppa på den første bensinstasjonen eg kom til for å kjøpe belønning til han også (Smil og Stratos).
Då eg var nesten framme, ringte han og sa at det var fleire folk på stranda, deriblant nokre hundar. Eg spurde om dei haldt til oppe i sanddynene, men det gjorde dei ikkje, og då kunne han gå seg vill oppi der.

Til tross for at ho heilt tydeleg ønskte å lese avisa, jobba ho med å finne ut kor Vetle hadde blitt av. Det gjekk i sikksakk, og eg var ikkje heilt sikker på om var på tur og hadde han i nasen, eller om ho faktisk gjekk spor. Plutseleg gjekk halen som ein visp, og jammen der var Vetle!

Me gjekk ned på stranda, og der kom det folk frå alle sider plutselig. Me løyste det heilt fint ved å halde oss på stranda ei lita stund før me gjekk opp i sanddynene igjen. :-)

I løpet av hausten kjem eg til å halde innføringskurs i Rally lydighet. DET gler eg meg til! :-) Må berre planlegge litt...

søndag, august 23, 2009

Eit lite innlegg om litt og ingenting.

Tida går fort, og snart er august over. Treningar og kurs skal starte opp igjen, det blir mørkare og mørkare om kveldane, og før ein veit ordet av det er jula her.

Det har allerede gått over ein mnd sidan me tok farvel med Joey, og det merkes godt at der er eit stort tomrom etter han. Eg savner å legge ansiktet mitt i halsgropa hans og snuse inn den beroligande lukta hans. Eg savner å sjå han stå og vente når me har vore nede i bua. Eg savner lydane hans; klikkinga av klør over golvet, vasking, kløing, pusting, og alle dei andre lydane han produserte.
Eg savner å føle meg eitt med han - i ei skråning, der me begge sitter og kikker utover sjøen. Eg savner å ligge på golvet med ryggen hans inntil magen min. 

Aldri meir. 
To ord som enten er vonde saman. Eller gode. Her er dei vonde.

Ein gong håper eg å kunne sei dei orda om reaksjonane til Ayla mot folk. At ho aldri meir kjem til å bjeffe på folk eller føle seg usikker i verda. Me har begynt på den vegen nå. På turar har me tatt store buar rundt folk, uavhengig av om ho har sett ut til å ville reagere eller ikkje. Ikkje at me har treft så mange på turane endå, men ho har ikkje hatt reaksjonar sidan me kom heim frå ferie. I morgon starter rallytreninga for vår del igjen. Eg veit ikkje heilt korleis det kjem til å gå, og sjølv om eg ikkje kan forvente at dei andre eg trener i lag med skal ta hensyn til meg og Ayla, så om alt eg oppnår i morgen er at me får gått ein bue rundt nåken, så har treninga vore vellykka for vår del.

Me får berre ta ting i det tempoet Ayla treng, og forsøke å lære henne at ho ikkje treng å forholde seg til folk på nokon annan måte enn å godta at dei fins i vår nærleik. 

Haltinga kjem når ho har galloppert. Ikkje etter rolig tur. Eller gåing i skog og mark. Eg skjønar meg ikkje på den foten hennar. 

I dag fann me eit område her på Randaberg som er fullstendig perfekt som sporterreng! Gleder meg STORT til me skal bruke det for første gong! Mange mulige terrengskifter, få stiar, lite vind, og muligheten for at Vetle kan legge sporet, komme heim, og blir med i bilen når me køyrer for å gå det, og så legge seg i slutten av det uten at Ayla merker det. 
Me gjekk tur der i dag, og ho var heilt yr av glede! 
Eg for min del hadde ei delt oppleving av turen. Fredag var nemlig Olaug og eg på halvannantimes ridetur i kupert terreng, og det var ikkje min kropp og mine musklar helt førebudd på... Litt stiv og støl, kan ein seie... Men, så lenge Ayla koste seg, så var jo det formålet :-)

Godbitar på tur har me så og seie slutta med. Ho får framleis uttelling for å sladre på syklistar og joggerar, men ellers ingenting. Det merkes på maten, for nå må ho få meir mat enn før. Hvis ikkje blir ho dårleg og surkler i magen og vil berre ete gras. Me merker ikkje noko til sorg etter Joey, slik Joey sørga over Tinka. 

Ellers er det rart å berre ha ein hund i hus. Lurer på kor lenge ho blir åleine før eg blir altfor kvalpesjuk og berre MÅ ha ny kvalp... 

fredag, august 14, 2009

Brukshunddagar på Trollerud Gård. (laaaaangt innlegg)


Ja, då er brukshundleiren over, og eg sit att med uhorvelig mange inntrykk og tankar og ikkje minst minner! Først av alt: Har du mulighet til å gå kurs for Anne Lill Kvam (her på våre kanter vil det seie at ein har bil, tida, og interessa), så GJER DET! Flott terreng, kjekke hytter, STOR kunnskap hos kurshaldar, og noko som er viktig for meg: STOR evne til å sjå den enkelte ekvipasjen og til å lese hundane! Eg har allereie meldt meg på eit problemløysarkurs som skal gå i månadsskiftet oktober/november, og gledar meg storleg til det!"Problemløser og atferdsfordypning.Starter fredag kveld. Blanding av teori og praksis rundt problematisk atferd hos hunder. Alt frahunder som drar i båndet til aggresjon og frykt kan som oftest bli bedre med riktig veiledning. "I allefall,
Vetle og eg køyrde ned til Kongsberg på onsdagen. Bursdagen hans, faktisk. Me trengte bare bittelitt plundring før me fant fram, og sommarfuglane i magen begynte allereie å flakse då me køyrde ned på tunet.
Der blei me møtt av Anne Lill som viste oss rundt litt sånn kjapt før me installerte oss på hytta. Ei svær campinghytte med køyseng og sovesofa, strøm, kjøkken, og god plass til Ayla på golvet. Me fekk til og med eit dekken til å ha i sofaen, for her rekna ho med at hundane gjekk i møblene! :-) Nå skal det seiast at eg sikkert fekk stor hytte fordi både Vetle og eg skulle ligge der den første natta…

Etter ein deilig middag på ein italiensk restaurant i Kongsberg, tok me kvelden.

Torsdagen rann med strålande sol og det var godt og varmt! Seks deltakarhundar: Lennart - Storpuddel, Ronja - Schæfer, Ekko - Tervueren, Mia - Berner Sennenhund, Dila - Spansk Vannhund, og Ayla - Rottweiler. Litt teori først, og etter lunsj tok me hundane med oss opp i skogen, på rekke og rad, så dei fekk lukte der dei andre hadde gått, og på den måten gjort seg kjent med kvarandre. Ayla falt pladask for ein skjønn storpuddelsjarmør, så me gjekk saman med han store deler av turen opp. Dessverre kom nokre av dei andre hundane for nært for brått, så ho fekk reaksjon på ein av dei andre hundane. Og dessverre skulle dette vere symptomatisk for korleis resten av dagen skulle gå.
Då me kom ned fra turen igjen, skulle me nemlig trene på å kjenne igjen nøklane, og hadde holdt att tre hundar dette skulle visast på.

Då det var vår tur, bare bjeffa Ayla på dei andre. Instruktrøren kom bort til oss, og eg følgde med på Ayla heile tida, dette gjekk greit. Så byrja instruktøren å bevege armane, og dermed var det gjort. Ayla føyk opp i ansiktet hennar og bjeffa som berre det. Eg trakk Ayla vekk mens Anne Lill stod heilt i ro.
Og dermed kom tårene. Fordi det var flaut, fordi eg var lei meg, fordi EG var stressa, og fordi eg ikkje hadde klart å skjerme Ayla for å reagere. Mens eg stod på avstand og Ayla la seg ned foran føtene mine, fekk eg instruksjonar om korleis eg skulle takle dette ved å ikkje sjå Ayla i augene, ikkje snakke til henne, berre la henne få slappe av på ein akseptabel avstand (altså, akseptabel for henne) før me rusla oss litt tilbake.
Eg fekk ikkje til veldig effektiv trening, for ho bjeffa på alt ho trudde laga lyd eller rørte på seg resten av dagen og kvelden.Me kom derfor ikkje særleg langt med luktdiskriminering, men eg fekk med meg korleis innlæringa føregjekk, så det skal eg trene meir på når me kjem heim og har roa oss.

Britt var på kurs i Hokksund, så me avtalte å treffast etter endt første kursdag for oss begge. Eg var i grunnen letta over å sleppe Ayla akkurat der og då, så det føltes meir som ein befrielse då Britt kom og henta meg. Me køyrde ned til Kongsberg og åt på same restauranten som Vetle og eg var dagen før. Kjempekoselig!

Fredagen begynte me med spor ute. Måten å legge sporet på var litt annleis enn det me har vore borti før, så dette syns eg var spennande. Tanken var å legge att ein gjenstand frå sporleggaren i starten av sporet; ein sokk, ei T-skjorte, ei lommebok, klokke, eit eller anna som lukter av sporleggaren. Undervegs i sporet kan ein så legge fleire ting frå sporleggaren, anten åleine, eller oppå ein boks godbitar eller ei av hundens leiker. Slutten skal helst vera sporleggaren, eller i det minste noko stort som gjer at hunden kjenner at den har lukkast med å finne fram. At den har løyst ei oppgåve. Det som kan vera ei utfordring då, er jo at sporleggaren må planlegge sporet på ein slik måte at det går an å gå inn att til slutten dersom sporet skal ligge lenge. Dette var som sagt ein ny måte å legge spor på for oss, så dette blir spennande å jobbe vidare med når me kjem heim.

Eigaren av storpuddelsjarmøren la ut Ayla sitt aller første (og einaste) spor denne dagen. Det skulle vera ca 2-300 meter, ha tre gjenstandar undervegs, og frosken som slutt. Då me skulle gå det, var det fire stykker som hang på slep, inkludert instruktøren. Dette såg ut til å affisere Ayla littegranne til å begynne med, men ho aksepterte dei heilt greit. Muligens kjente ho att situasjonen frå dei andre gongene me har vore på kurs.

Ho virra litt i starten, men følgde sporet. Sporleggar hadde vore flink med merkeband. 1/3 del ut i sporet var ho tilsynelatande heilt på bærtur, og eg måtte hanke henne inn etter ein del virring. Etterpå viste det seg at sporleggar hadde gått først ein retning, støtt på eit fjell, snudd og gått tilbake, for så å gå vidare ein annan retning. Ikkje rart Ayla virra då J
Ho fann alle leikene, men då ho kom til slutten, låg frosken ein heilt annan stad enn sekken, så då skjøna ho ikkje så mykje. Kva skulle ho gjer med ein sekk, liksom?

Pga varmen måtte eg vatne henne med leverposteivatn undervegs, og det hjalp godt på.








Lørdagen skulle me køyre eit lite stykke for å boltre oss i endå meir fantastisk terreng. Her var det nærmast uendelige mengder utfordringar, og mens instruktøren og to eller tre til la Ayla sitt spor, var eg med og laga spor med krysningar.

Der ringane er, låg belønningar.



Deretter la eg eit par spor for puddelsjarmøren før det var tid for å gå Ayla sitt spor.
For eit spor! Og for ein fantastisk jobb ho gjorde! Sporet låg i 2,5 time, var ca 500 meter langt, og gjekk gjennom lyng og skog, på knusktørr skogsvei, opp i lyngen igjen, langs eit gjerde, gjennom ein port og ut ein annan, langs fuktig skogsvei, opp i lyng igjen, over eit stålgjerde eg måtte over og Ayla gjennom, langs jernbanespor, opp ei skråning, gjennom skraphandlar før frosken og ein genser låg på det som nesten kunne likne eit alter midt på skraphandlarplassen :-D

Eg stoppa og vatna henne tre gonger, pluss at ho fekk kjøle seg ned i eit vatn. Ho plukka ikkje eller markerte ein einaste gjenstand, og dei to siste gjenstandane som låg ved jernbanesporet blei dessutan plukka opp av nabohundar. Ho fekk dermed ikkje ein einaste belønning i heile det lange vanskelege sporet, anna enn leverposteivatnet, så eg var heilt rørt over innsatsen hennar! Det var varmt også denne dagen, så ho var heilt ferdig etterpå!

Ho eg og Ayla sat på med måtte fylle bensin på bilen, så me reiste tidlegare derifrå enn dei andre. Eg fekk derfor ikkje vore med på ID-spor opplegget dei andre fekk prøve seg på.

Vel heime hadde me ein times pause før det var tid for føredrag om stress. Det eg lærte der var oppsiktsvekkande, for å seie det mildt. Det var ein del atferder EG ikkje visste var stressteikn, bl.a graving i bakken, legge seg ned og rulle på bakken, pinnedreping, gni kroppen mot mennesket, åpen krokodillekjeft, vil ikkje ha godbitar, stresstissing (ofte tolka som markering), stille seg bak føraren, ete gras, lukke øyrene pluss ein heil haug andre teikn.

Nokre andre punkter eg noterte meg:
· Omring aldri ein skeptisk eller utrygg hund. La den ha sjanse til å flykte.
· Dersom eit individ har lært seg noko som brått ikkje funkar lenger, vil desse erfaringane ved høgt stress bli sletta frå hukommelsen.
· Etter ein akutt stressreaksjon, kan det gå ei veke til førti dagar før stresshormonene er ute av kroppen. Den tida er individet meir mottageleg for stressreaksjonar som vedlikeheld hormonene på eit høgt nivå.


Det som skaper stress er: Forventningar, kjedsomhet, mestrer ikkje oppgåva, for mykje ansvar, synspåvirkning når sporet blir lagt ut, og ein haug andre innlysande faktorar.

Eg sat att med eit inntrykk av å ha misforstått Ayla fullstendig. Faktisk at mange hundar er veldig veldig misforståtte. Hundar viser utallige stressteikn heile tida, utan å bli forstått av oss. Eit veldig godt eksempel på kor lite det skal til for å tippe ein hund over til å ty til overslagshandlingar dukka opp på søndagen, då me skulle få sjå korleis ein kunne lære inn det å gripe ein gjenstand og få det til å bli apportering. Hunden det blei vist på, var ei halvanna eller to år gammal tispe. Ho var ikkje vant til å trene bruks, og var nok ganske sliten på søndagen. Ho viste ikkje noko til det til å begynne med.

Instruktøren sat på huk framføre førar og hund og holdt ein sokk i eine handa og godbitar i andre. Ho leika med sokken på bakken, og då hunden greip sokken, sa ho BRA og ga hunden godbitar. Klar for neste repetisjon. Då snudde hunden seg rundt og begynte å bite i bandet og hoppe opp på eigaren. Meir skulle det altså ikkje til. Dette var jo heilt tydelege teikn for oss som nettopp hadde lært om det.

Eit anna eksempel var då ein av dei andre stod og såg på mens feltet blei tråkka opp i korridor. Då tråkkaren snudde langt der ute og kom tilbake, blei forventninga så stor for hunden at den gjekk bak eigaren, snuste i bakken, åt litt gras og rista seg.

Søndagen kom, og me skulle lære om feltsøk. Ayla fekk vera første hund ut, og feltet var ca 15x15 meter maks. Instruktøren hadde lagt ut frosken og ball med tråd i uten at Ayla såg det. Ho såg heller ikkje feltet bli lagt ut, så at ho gjorde det så sinnsjukt bra er ganske så imponerande. Etterpå kom eg på at me ikkje har trent felt sidan i fjor på Hundeeigarskulen.

Eg stilte henne opp slik at ho stod ut mot eine sida av feltet, og sendte henne ut med ”Søk” signal. Ho sprang ut, heilt ut til enden av feltet, snudde då ho ikkje kjente tråkkefert lenger, og søkte av store delar av feltet ved å sikksakke. Då ho fant ballen, kom ho spurtande inn til meg og fekk kalkunkarbonade. Eg sendte henne ut der eg hadde lagt merke til at ho ikkje hadde søkt, og der fant ho jammen frosken også. Spurta inn til meg med den, og så gjekk me vekk litt mens frosken, ballen og framand gjenstand blei lagt ut ganske nære kvarandre.
Dei to kjente gjenstandane kom ho kjapt inn med, men den tredje virka ho ikkje heilt sikker på om det var meininga ho skulle bry seg om. Så ombestemte ho seg og stoppa opp ved den likevel. Då skrøyta eg og ho apporterte den til meg det fortaste ho klarte.

Eg ga meg etter det, og det blei ikkje tid til fleire økter.


Storpuddelsjarmøren Lennart står med matmor Irene og ventar på at feltleggar Tone skal komme tilbake. Instruktør Anne Lill Kvam heilt til høgre.

Lørdag hadde eg forresten avtalt med Anne Lill at me skulle ha ein samtale om problema til Ayla, og mogleg løysing eller forminsking av reaksjonar. Ein heil time sat me og prata, og fleire lys gjekk opp for meg enn eg trudde det ville gjere. Eg fekk ein del tips og råd om korleis eg kan hjelpe Ayla med å takle omverda på ein annan måte enn å skape avstand ved å bjeffe, så nå byrjar me om att med nye verktøy og satsar på at dette vil føre oss endå nærmare målet. Me skal jobbe mykje med å halde stressnivået så lågt som mogleg, og lære henne å gå omvegar rundt det som stressar henne. På skrivet me fekk utdelt om stress, stod det noko slikt: Me lærer ikkje noko AV hundane våre. Me lærer det PÅ dei. Der er ein viktig skilnad der, syns eg. Uansett kva for ei atferd me ønsker å trene vekk, så greier me det aldri. Det vil alltid vera der, ligge latent, undertrykt av ei atferd me har lært PÅ hunden.  Ho skal få vera med på ting, men sleppe å forhalde seg meir enn ho sjølv vil.
Det EG må jobbe veldig hardt med, er å gi Ayla stor nok avstand og slakt nok band til at reaksjonen hennar ikkje blir utløyst. Lære henne at ho slepp å forhalde seg til omverda, og på det viset lære henne at omverda ikkje er til for å ta henne.

Eg merker at eg både blir håpefull og motlaus på same tida, for det er eit voldsomt arbeid eg har føre meg. Høgst sannsynlig er eg dessutan mykje skuld i korleis ho er. Eg ser det sjølv, og det heile høyres veldig logisk ut for meg. Det eg likte godt med å få det presentert på den måten eg gjorde, var at eg fekk vite KVIFOR eg skulle gjere slik og sånn. Eg fekk ikkje berre servert ei oppskrift på kva eg skulle gjere. Eg er nok ein slik person som treng å vite kvifor saker og ting fungerer slik dei gjer, det er ikkje nok for meg å vite AT det fungerer eller at det IKKJE fungerer. Eg må altså vite kvifor. Eg trur at om eg berre veit KVIFOR, kan eg også lettare finne ut korleis eg skal endre det.

Søndag etter at kursdagen var over, fekk eg hjelp av Malin, ei av assistentane/observatørane til å øve MEG på teknikken eg skal bruke.
Vetle stod og filma det heile, men eg kjem ikkje til å legge den videoen ut her. 

Malin stilte seg opp midt utpå det eine jordet, mens eg henta Ayla. Då me kom gåande, stod Anne Lill, Vetle og Tone ved sida av det eine uthuset på garden, og Malin altså midt ute på jordet, ca 50 meter unna oss. Ho stod åleine der ute, og vendt mot oss. Me trudde alle at Ayla og eg skulle i det minste fått begynt å gå UT på jordet før reaksjonen kom, men så langt kom me altså ikkje. Ho reagerte med murring og busting med ein einaste gong ho såg Malin. Dermed måtte eg ta full 90 graders sving for å gi Ayla den buen ho trengte. Det eg sleit mest med var å IKKJE strame båndet. Då eg merka at Ayla var avslappa, gjekk eg rett mot Malin igjen for så å gå i god bue utanom. Deretter gjekk et til slutten av jordet mens Malin og dei andre gjekk vekk. 
Eg og Ayla returnert også, og då eg kom tilbake og skulle snakke med Anne Lill som stod på altanen sin, gløymde eg meg ut igjen og stramte båndet. Eg slakka det, og då gjekk Ayla BAK meg og la seg ned. Eg kan ikkje hugse at det har skjedd før. Men eg kan heller ikkje hugse at eg har gitt henne muligheten til det.

Ikkje ein einaste gong etter all denne springinga og ulendt terreng viste Ayla teikn til halting. Då me kom til hytta på søndagen, derimot, halta ho igjen. Utgjort, altså!


Her deler me ein FriskIs etter endt kursdag. 

mandag, august 03, 2009

Ferieblogg

Kjapp oppdatering midt i ferien. 

ETT spor lagt og gått med stort hell, og that's it. Tur kvar dag, med aukande lengde og terreng.
Pga dødsfall i familien måtte eg i dag reise heime for å gå i gravferd i morgon. Eigentleg skulle eg ha køyrd saman med Olaug til Sand og overnatta hjå far. Pga at eg kom på at eg hadde gløymd å sette plantene vekk frå sola, valde eg derfor å køyre heim her. Takk og pris for det! Me hadde nemlig også gløymd å kaste matavfallet!  URK!

Det lukta interessant biologieksperiment på kjøkenet, så den første halve timen eg var heime måtte eg bruke til å vaske og styre på. Alle blomane var deprimerte, så det var bra eg køyrde heim. Eg hadde dessutan ikkje særleg praktiske gravferdsklede, og eg kan jo ikkje gå i kyrkja med blomstrete sommarkjole for å ta farvel med Mormor. 
I tillegg hadde urna med Joey oppi kome frå krematoriet, så no er han heimkomen.

Ellers har den siste halvannan veka vore interessant med tanke på korleis Ayla har oppført seg. Men det skal eg skrive meir om ein annan gong, for nå må eg svare på mail.

Ayla i bilen i dag. Vetle skulle sitte på til bommen, og gå tilbake for å gi Ayla dagens tur. På bildet har me kjørt i ca ett minutt. Ho seig ned på golvet umiddelbart etter at bilen starta og Vetle begynte å klø henne på pannen. Ho ELSKER å køyre bil! :-) Buret bak var nemlig fullt, så derfor fekk ho sitje på golvet på passasjersida. 

P.S. Ayla har hatt bursdag. 4 år! :-)