fredag, mars 26, 2010

Dagane går så fort..

Før jul bestilte me oss tur til Aberdeen i påsken, og me skulle ha med svigermor og nyte gode dagar i utlandet.
Så kom det mail frå ein svensk oppdrettar om at me kunne få Emil heim litt tidlegare enn planlagt, og dermed skulle det skje to kjekke ting i ein periode som vanligvis er veldig veldig tung for meg.

Eg rekna på det, og fant ut at Emil ville vera ti veker då me skulle reise, og at eg ville få to heile veker i lag med han før eg måtte overlate ansvaret over til Olaug på Ålgård.
Men to heile veker er snart til ende, og snart må eg reise frå han for heile fire netter! Uææææ!!!
Han har nettopp byrja å springe til døra når han har sove ei stund, flinke guten, sjølv om han også kan tisse der han står til ei kvar tid. Det privilegiet har han når han er kvalp, men han har i det minste skjønt at slikt blir belønna stort ute, og det er ikkje verst for ein 9,5 veker gammal kvalp.

Han er slåande vakker, syns eg, og eg kan endå ta meg i å sitja å stirre betatt på han. Det er ikkje berre enkelt å la vera å kosemose med han når han ligg og søv. Men eg er flink og held meg vekke. Sjølv om eg gler meg stort til han blir vaksen og eg kan bruke han som eg vil, er det ein liten del av meg som skulle ønske han ikkje blei større enn nå, slik at eg kunne ta han på fanget av og til. Og snuse inn den gode lukta av han. Kor lenge skal han lukte så intenst deilig, tru?

Me har så smått begynt å introdusere klikkeren, men ikkje noko veldige planlagte greier endå. Han er flink til å setje seg for det meste: Ein skummel ukjent lyd ute? Best å setja seg. Mor står i ro? Best å setje seg ned foran henne. Katten kom inn? Trur eg set meg ned, eg, seier Emil.

Han syns MTV musikken er litt rar av og til, så den får stå på så ofte som mogleg. Det kjem så mange ploppe, plinge, spjonge lydar derfrå.

Har eg nevnt at han har den berømte av- og påknappen? Og han veit å bruke den også! Det har berre hendt nokre få gonger at eg har måtte hjelpe han til å sovne, og då er det buret som må til. Det tar aldri meir enn to-tre minutter, så søv han tungt. Men altså, som oftast greier han det sjølv. Dersom han vakner og stabber ut på golvet, seier me ingenting til han. Oftast skal han nemlig berre byte soveplass, og har aldeles ikkje sove ferdig.  Men eg kan love at det held hardt somme tider! Han er så utruleg kosete når han nettopp har vakna, nemlig.

Til nå har eg sove på gjesteromet som er plassert like utanfor hunderomet. Eg lånte meg dørgrind av Ellen Beate, og den stod lukka dei første nettene, slik at Emil og eg var på eine sida, og Ayla på andre sida. Då eg var heilt sikker på at ho ikkje kom til å ete han opp, opna eg grinda og byrja å flytte teppene hans nærmare og nærmare hunderommet. Tidlegare denne veka la eg teppet heilt over dørstokken, og natta etter lukka eg grinda. Det kom litt pistring og piping, og hjarta mitt blødde for han. Men eg holdt meg hard og håpa at han skulle gi opp snart. Det gjorde han, og maste ikkje før i tretida på natta. Då opna eg grinda og han la seg til på teppene for å sove vidare.
Så skulle eg på jobb, så då måtte Vetle sove på gjesterommet med han, og sidan Vetle har klart å bli skikkelig sylta, fekk han ha Emil inne på rommet. Då eg kom på morgonen for å lufte han (Emil, altså), sov han så godt, atte :-) Han strekte seg og så tusla han ut og tissa leeeeeenge. Etterpå viste eg han inn på gjesterommet igjen, og så hadde han lagt seg til å sove vidare etter ei bittelita stund.

I natt satte eg på radioen på hunderommet, lukka døra, og gjekk inn på soverommet og la meg. Eg sette klokka til å ringe fem timar seinare: halv seks. Og då klokka ringte og eg gjekk for å lukke opp døra, låg han i korga og skjønte ingenting då det brått blei lyst på rommet. Ingen tissedammar eller brune haugar, berre rein sovelukt :-) Fem timar!!

På onsdag var Carita og Oliver her ein tur og hjalp med litt sosialisering.



To like store i høgde, men Emil er allereie nokre kg tyngre, men dei leika finfint! Oliver var veldig flink og tålmodig med Emil, sjølv om Oliver ikkje er vaksen sjølv endå :-)


tirsdag, mars 23, 2010

Sosialisering og miljøtrening av Emil.

I går på rallytrening hadde eg bedt om å få bruke ti minutter på sosialisering av Emil, og heile åtte stykker sa ja til å hjelpe med det!


Eg var ikkje heilt sikker på korleis dette skulle gå, sidan han har vore litt forsiktig av seg her heime når han har truffe folk. Beina blei litt gele då Vetle kom køyrande og alle hjelparane stilte seg opp.
Vetle hadde med seg maten til Emil, og ein  god pose små bitar av Godbitpølse frå Agder Forsenter.
All nervøsiteten min blei gjort til skamme i same sekund som han entra banen. Han sprang gladelig bort til alle som hadde mat å by på, og han foretrakk faktisk maten sin.
Og eg trur ikkje eg overdriver når eg påstår at han sjarmerte dei med vakkerheten sin :-)



Det var såvidt Vetle fekk han ut or bilen då dei kom heim i går kveld.



Her er eit bilete av Emil som blei trøytt av å vente på maten
Neida, han sover ikkje.. han slikker skåla som har stått tom i mange timar - i håp om at det skal produsere mat ;-)

_____________________________________________________________________





_______________________________________________________

I dag, etter frokost og frokostlur, køyrde me opp i sentrum og gjekk oss ein liten tur. Det var første gong i gater med bilar og folk og fortausutstillingar.
Kule Emil syns dette var storveies, og helste på ein mann i elektrisk rullestol, og dei to damene som gjekk i lag med han, ei lita jente han fekk godbitpølse av, og det køyrde bilar forbi og folk passerte oss, og han fekk gå over ei fortausrist. Då me kom attende til bilen, satte han framlabbane oppå skjermen og ville inn i buret.

Då me kom heim, kom husverten og toåringen ut, og Emil fekk gå og helse. Då var det IKKJE skummelt, bare kjekt. Toåringen var litt skummel då han kom baklengs ned trappene, men Emil stilte seg på trygg avstand og gjekk bort og slikke han i ansiktet då guten hadde satt seg rette vegen. Mens toåringen sprang og virra rundt oss, belønna eg Emil for å halde seg i nærleiken av meg. Det endte opp med at han sat og kikka på guten og kikka opp på meg kvar gong guten passerte :-)

Eg merka at det begynte å bli nok, så me gjekk inn og han fekk mat. Etterpå klarte han ikkje å roe seg, så etter ein tissetur og litt raptus på stovegolvet, tvangskvilte eg han inne i buret hans.

Tvangskvile er å løfte han inn i buret og så setter eg meg på kne utanfor så han ikkje slepper ut. Eg gjer ingenting, seier ingenting, koser ikkje med han, eg berre sit der. Det tar aldri meir enn to-tre minutter, så ligg han og søv. Eit par gonger har han prøvd å komme ut, og då berre løfter eg han inn igjen.

mandag, mars 22, 2010

Ein innholdsrik dag for Emil

Dagen starta utrulig bra for min del. Han ville ut og tisse klokka seks, så gjekk me inn igjen og eg prøvde å sove vidare. Det fekk eg lov til, og klokka åtte syns han at eg hadde sove nok. Eg var ikkje heilt enig, men visste han var sulten, så me stod opp.

Ikkje så lenge etter ramla det inn ei melding fra ei eg huka tak i tidlegare i veka då eg køyrde forbi henne oppe i sentrum. Om me skulle la kvalpane møtast? Oh yes!!!  :-)
Ein time seinare kom dei køyrande ned til parkeringsplassen ved Vistnestunet, og ut kom den skjønnaste leonbergerkvalpen EG har sett :-) Han oppførte seg slik kvalpar skal oppføre seg, mens Emil var ein smule meir forsiktig, kan ein seie om ein vil beskrive reaksjonen hans på ein smigrande måte.

Det tok likevel ikkje så veldig lang tid før halen kom opp og han vågde seg på å sleppe seg laus saman med Apollo, som den andre heiter.














Etter all den leiken hadde eg forventa ein rimelig heftig raptus (kvalpen spring villmann og ser nærmast galen ut i augene), men kule Emil kom heim, og gjekk rett og la seg til å sove. I nesten to timar! :-)

_______________________________________________________________


Utpå ettermiddagen, etter soving og mating, skulle me til Ålgård ein tur. Men først måtte me sette skilleveggen inn i buret igjen. Dermed måtte ein haug med saker og ting ut av bilen, og mens me holdt på med det, gjekk Ayla og Emil laus og koste seg ute. Det blei litt aktiviteter bortpå Tunet, så me satte Ayla inn og Emil fekk vera ute åleine. Han la seg på burteppene som låg ute på grusen, og der sovna han jammen :-) Ute!! :-)

Første tur i buret gjekk over all forventing! Han klynka i ca fem sekunder før han la seg til å sove baki der. Eg sat i baksetet i tilfelle han skulle trenge ei trøystande hand, men han kule Emil klarte seg på eigahand.

Vel framme på Ålgård var Lea litt skummel med ein gong, men det gjekk seg raskt til. Då Tanja fekk komme ut, var det kjærleik ved første blikk. Ho er mindre enn han, og dei sprang og leika og stooorkoste seg!
Då det såg ut til å vera nok, gjekk me inn for kake og kaffi, og Emil gjekk rundt og snuste littegranne. Då Tanja fekk inn på rommet sitt for at me skulle sjå kor lang tid det gjekk før Emil roa seg av seg sjølv, må eg innrømme at eg nesten blei rørt av han. Han sovna pal ved sida av jakka mi, og der sov han til me skulle køyre heimover, til tross for at Lea lo og hylte litt og kraup på golvet og var slik dei fleste 2,5 åringar er :-)

På veg heim, stoppa me hjå Ghita og fekk henta nokre skiltholderar til Rallylydigheten, så der fekk han også helse på folk :-)

Vel heime, la han seg nok ein gong til å sove, og det har han stort sett gjort heile kvelden.

På siste luftetur, traff me husvertane utforbi her, og dei var skumle i mørkret.
Han er ni veker i dag, så det er heilt naturleg at ikkje ALT kjennes like trygt. Han treng gode opplevingar og trygge erfaringar.











søndag, mars 21, 2010

Ein etterlengta tur langs sjøen

Sidan Ayla har vonde korsbånd, blir det lite tur på oss for tida. Dermed JUBLA eg då Krissi gjekk med på å sitje kvalpe- og Aylavakt mens Vetle og eg tok med oss Snuppa og Lara på tur langs sjøen. Det var så utruleg deilig å rusle langs sjøen slik, og også litt vemodig i og med at Ayla nok aldri får vera med på den turen igjen.

Men det var mest positivt, altså :-)

Hundane sprang for det meste lause, sjølv Lara som ikkje høyrer noko. Ho har full kontroll på kor me er til ei kvar tid, nemlig.

Me koste oss skikkelig, alle fire! Berre sjå sjølv:




fredag, mars 19, 2010

Starten på eit godt vennskap...

For aller første gong sidan Emil kom i hus sovna dei saman i kveld på teppet til Ayla... Det var rett før hjarta rann over, så rørt blei eg :-)





Dagane går seg til...

Dagane går, og Emil veks inn i personligheten sin. Han er ikkje glad i å vera åleine, så i dag ringte eg Gry Løberg for å få nokre tips til forebygging. Ho hadde (som eg visste) eit vell av tips, så no i ettermiddag flytta eg buret til Emil ein meter vekk frå min faste plass i sofaen.
Tidlegare har eg passa på å lukke att døra når eg går inn i eit anna rom, men frå no av må det skje oftare.
Forebygging er mindre arbeid enn reperasjon, slik er det berre. :-)

Ellers har Ayla tødd skikkelig opp til Emil nå. Ho kan invitere til leik, og lar han ta tak i enden av ballsnora og drakamper med han. Sagt i beskrivande ord: Ho står i ro medan han drar for harde livet  og Ayla kikker på han med undring og humor. Men våge han om han kjem nært når ho ligg med ein av skattane sin (dorull eller papir)! Då knurrar ho frå magen så me omtrent kjenner det ristar under beina på oss. Ein gong tok han ikkje hintet, og då brølte ho skikkelig til han.  Eg skvatt skikkelig og tenkte at han nå enten blir drepen eller så overlever han. Ho var ikkje i nærleiken av å vera borti han, så han overlevde altså. Eg tenkjer at slikt må han dessverre tåle av Ayla, og det gjer han heldigvis. Han ser ikkje ut til å bry seg ein døyt når ho murrer. Han forstår kva ho seier, sjølv om det for oss høyres ut som om ho næmast fortel han om allslags grusomme måtar å drepe han på.



Mandag skal han få vera med på rallytrening og få helse på ein haug med folk med godbitar, og i morgon kjem Krissi på besøk. Eg merker nemlig at han er litt tilbakeholden på folk, og kjenner at panikken stig. Eg vil jo helst hatt han i overkant ivrig på folk, men reknar med at det går an å gjera noko med dette endå.

Enn så lenge klapper eg meg på skulderen og seier "Det skal nok gå bra, Kari Anne. Bare vent og sjå"

Og i dag er det nøyaktig to mnd til me overtek huset vårt :-D

onsdag, mars 17, 2010

Kvalpetåke, eit heilt nytt begrep for meg.

Ja, då har Emil vore norrbagg i fire dagar. Og eg må bare sei det med ein gong: Begrepet AMMETÅKE kan overføras til KVALPETÅKE utan problem. Eg har aldri hatt det første, men vil tru det kjennes omtrent slik eg har det nå. Eg gløymer ting, klarer knapt å konsentrere meg om ei halv side i boka mi og har ikkje orden i sakene mine. Det som kjenner meg, veit at dette er IKKJE meg. Derfor må eg berre advare med ein gong til dei som faktisk leser det eg skriver (og ikkje berre ser på bileta): Det er STOR fare for gjentaking, for eg hugsar ikkje kva eg har skrive før, og eg har ikkje tid til å sjekke før eg postar.
Til nå har Emil vore ein kul kar. Han er vakker og modig, undersøkande, nysgjerrig, matvrak, kosete, sosial, tålmodig, leken og..... har eg nevnt vakker?

Han får mat fire gonger om dagen, men skulle gjerne hatt meir om det hadde vore opp til han. Ute som inne får han sin eigen mat som belønning for å komme til oss når me plystrar. Kjedelig, syns du? Det syns ikkje Emil!  Halen går som ein pisk når han får ein liten tørrforbit. Han har fått smake skinke, pølse, karbonade, leverpostei, Frolic, men berre i små små små ørsmå mengder.

Retrieveren i han er der allereie. Dersom eg kaster den litle leika hans nokre meter bortover golvet, spring han og hentar den og kjem til meg med den og så leiker me litt med den. Eg har ikkje kasta så veldig mange gonger, men dei gongene eg har gjort det, har han altså kome rett tilbake til meg med den.

Ute har han vist seg å ha snute for katteskit. Og det fins det mykje av, sidan Ayla har vokst frå det, og Joey heller ikkje er her til å fjerne den ;-)
Emil kan brått få eit rart uttrykk i trynet, så åbegynner halen å gå, og snuten går ned, og så leiter han seg fram til ein saftig katteskit som nærmast går ned på høgkant. Mmm.. snadder..

Hvis noko uventa skjer, kjem han til meg og set seg ved sida av meg, eller bak meg. Der sit han og observerer ei lita stund før han går fram og undersøker det som skjedde. Om han veltar noko overende, går han tilbake og undersøker kva det er.

Han er elles heilt ulik Ayla som kvalp. Ho sov omtrent ikkje, mens Emil kan sove fleire timar i strekk. Ayla hadde uendelig tålmodige Joey å henge med. Ayla har begynt å bli litt betatt av Emil, men har langt igjen før ho når Joey til knea når det gjeld tålmodighet.

Ein annan skilnad er at han oppsøker oss for nærhet. Og syns det er heilt ok å bli strøken og kost med når han er litt trøtt og sigen. Ayla var halvanna år før ho syns det var greit.

Det er utruleg artig å legge merke til alle skilnadane mellom dei to,
Noko dei har til felles er at eg ikkje kan bevege meg frå sofaen før kvalpen vaknar og er i full vigør igjen. Eg har med andre ord sofa-arrest når han kvilar. :-) Huff, for ei skjebne...

I går traff eg ei dame i sentrum her oppe med ein åtte veker gamal leonberger kvalp, og ga henne kortet mitt så ho kunne kontakte meg i slutten av veka. Dermed har Emil fått ein jamngamal leikekamerat som bur i området her. :-)


_______________________________________________________
Emil fant seg godt til rette på sofaryggen, men det er jo ikkje akkurat den mest praktiske plassen for han å ligge når han blir litt større. Det ser unektelig NYDELIG ut å ligge oppå der, så eg syns eg er bittelitt ondskapsfull når han nå ikkje får ligge der lenger.

Bandet han har på seg er heimelaga. Ei remse fleecepledd, og så litt svart makrame utpå. Funker heilt fint det, enn så lenge :-)

_______________________________________________________


Ayla har ein sånn herlig måte å ligge på teppet sitt på.. Med beina i kors :-)
_______________________________________________________


Her ser han så vaksen ut, syns eg..
Emil har fått seg sele. Bomma ein smule på størrelsen, men tenker at det funker fint når han bare får vokst bittelitt. Her er han ute på tur bort til Vistnestunet saman med Vetle. Me bærer han bort, og så får han gå sjølv tilbake igjen.

_______________________________________________________


Ungdomssosialisering.
Me er så heldige at husvertane har tre gutar som er vande med hund, og han her var kanonflink! Tålmodig, rolig, og syns at Emil hadde så god ånde :-)
_______________________________________________________


Overtrøtt og veit ikkje heilt kor han skal gjer av seg. Då er det best å forsøke så godt ein kan å begrense skader på interiør til eit minimum. Det nyinnkjøpte tøyburet er utrulig godt å tygge på, syns Emil!

_______________________________________________________

Men 98% av dagen er han så skjønn at hjarta mitt renn over av stolthet og glede og spenning over kven denne vakre karen kjem til å bli.

_______________________________________________________