søndag, juni 27, 2010

Ei flott helg med besøk frå Ålgård.

DSC07218
Eg og Lea lager pizza på fredagskvelden.


DSC07221

DSC07227

 

DSC07228Og etter maten må me vaske opp. Lea tørker. :-)

I skrivande stund har eg satt solsenga ut på altanen, og meg sjølv oppå solsenga - halvveis i sola. Eg er nemlig solbrent på øvre halvdel av kroppen pga eg gløymde å smøre meg i går. Sidan me var ute stort sett heile dagen, seier det seg sjølv at ein vinterbleik vestlandskropp måtte svi.

Blikket mitt er festa på skjermen, men i sidesynet ser eg ei florlett gardin som blafrar nydeleg ut altandøra, og Emil som skiftar stilling ved sida av meg. Det er nå nokre timar sidan Olaug, Lea og Thassie reiste, og han har sove sidan då. Berre vakna for å få seg litt mat, og så rett tilbake til svevnen.

Det bles litt i dag, og det er berre deilig. På Vistnes ville eg ikkje ha meint det, men her er det ikkje ute verande om det ikkje er ein liten vind i lufta! Den halvdelen av meg som ligg i sola er glovarm, medan dei tomatraude skuldrene mine er kjølige og behagelige i skuggen. Svalane som har reir under tilbygget gjer akrobatiske kunststykker i lufta like ved her, og det kjem deilig musikk frå høgtalarane inne i stova. Men ikkje så høgt at eg ikkje høyrer fuglesongen frå skogen.

Tankane flyg i lag med svalene, og eg merker at eg er stolt og glad over kor flinke og sosiale både Ayla og Emil er! Det kitlar litt i magen, faktisk, så stolt er eg! Til tross for at Ayla knapt har sett andre hundar enn Emil dei siste månadane pga foten hennar, tok ho altså i mot Thassie med den roen og fornuften ein god vaksen hund skal gjera. Emil er den einaste kvalpen Ayla har truffe, og Thassie den andre. Likevel visste Ayla akkurat kva ho skulle gjera for at Thassie skulle kjenne seg trygg.

Thassie på si side har tydelegvis funne ut at Ayla verkeleg var til å stole på, for i går då me sat ute alle saman, fekk Ayla det for seg at noko var på ferde og måtte varsle. Thassie, som den flinkaste og smartaste kvalpen Thassie kikkar ut under gardina når faren er overEVER, pilte med halen under beina inn i stova, og kikka forsiktig ut under gardina igjen då ho skjønte på Ayla at faren var over. Fascinerande å sjå korleis Thassie høyrde kva knurringa til Ayla betydde.

 

 

 

 

 

 

 

 

    DSC07265   

Emil som har høyrt Ayla rope ULV ULV ei vinternatt før, låg berre i ro under bordet og kikka på opptrinnet :-)
I dag dreiv Ayla og Emil og kjekla om ei leike, og Ayla er ikkje den som gjer slikt i det stille. Då stod Thassie berre og kikka på med høg hale. For ein person som ikkje kjenner Ayla, kunne denne knurringa gjerna høyras like skummel ut som varselsknurringa i går. Men altså ikkje for Thassie :-)

DSC07275

I går på dagen, var me heile gjengen unntatt Ayla og gjekk miljøtreningstur i sentrum av Vennesla. Thassie fekk naturleg nok masse oppmerksomhet, og det eg lærer av desse turane, er at om eg ser nokon med kvalp, blir dei sikkert bare glad for å bli spurt om eg kan få helse på. Det blir jo eg når nokon spør om dei kan få helse på Emil, og eg er nok ganske sikkert ikkje unik i så måte. I går var det faktisk ei lita jente som spurte om ho kunne få helse på Emil fordi ho var litt redd den "ville", og henviste til bittelitle Thassie. Ho var den einaste som helste på Emil i går, ellers ville alle bort til Thassie, forståeleg nok. Jo mindre, desto søtare er dei jo. Emil er ikkje liten lenger: 50 cm framme ved manken, og 53 cm bak. Og heile 21 kg, berre 5 mnd gamal!

DSC07277

Før me køyrde heim, stoppa me innom ei lita sandstrand ved Otra, og fekk vassa litt der. Eg heiv ein liten pinne uti til Emil, og måtte sleppe bandet så han skulle få tak i den. Plutseleg forsvant heile hunden under vatn, og kom opp igjen med bandet sitt :-D Ein dykkarhund, altså!  Då han skjønte at eg hadde med meg godbitar, tilbaud han både sitt og dekk i vatnet! :-)

 DSC07295 DSC07299
Sitt og dekk i elva.

DSC07307
Emil etter å ha dykka i elva etter bandet sitt.

Untitled - 1
Søstrene sisters på tur med dei håpefulle små :-)


Vel heime fekk me oss litt mat før Lea, Emil og eg rusla inn til Fiskelausvatn for å vasse og bade. Det blei berre Emil som bada, men det var lunka vatn for oss pyser å vasse i!
Etter ein liten time kom Vetle og Tove og henta oss.

 

Resten av kvelden koste me oss på altanen, og trakk berre inn for å ete ved det splitter nye spisebordet vårt.

I dag har dagen stort sett gått med til å vakne, stå opp, gi ein blid Emil frokost, så ei blid Lea, før ei blid Ayla fekk frokost, og så stod dei andre også opp. Deretter har me trent innkalling med Thassie, ete DEILIGE æbleskiver som Olaug laga, og så sagt hadet til dei heimreisande før solsenga altså blei plassert på altanen og her sit eg no.

DSC07335
Æbleskiver med melis og rørte jordbær
på altanen i dag. Dæsken, det var
godt!!


DSC07333
Like før Olaug skulle reise i dag. Alle tre
heilt utslått på kjøkkengolvet



Korkje Olaug eller Tove har vore her sidan me flytta sakene inn i midten av mai. Dette har fått meg til å tenke på kva me har fått gjort her desse snart seks vekene som har gått sidan då. Me har planta blomar i diverse bed, plassert mange av møblene, hengt opp nokre få av bileta, ordna med plenen, planta to trær, tatt litt generell vedlikehald på tomta, hengt opp gardiner, men ikkje så veldig mykje meir. Ting tar visst tid :-) Godt er det at me har allverda med tid på å bestemma oss for kor resten skal stå! :-)

I dag fant eg forresten ut at insektsnoia mi nå har blitt redusert til å lukke munnen når noko svært flyg utan kontroll i nærheten av meg. Tidlegare ville eg har sprunge vekk og nesten ikkje kome tilbake :-)   

fredag, juni 25, 2010

Ayla kan framleis imponere!

I dag kom Olaug og Lea og Thassi på besøk, og eg var veldig spent på korleis dette skulle gå. Ayla har ikkje sett andre hundar på mange månadar, og Emil er nå Emil, han..

Eg helste først på Thassie heilt åleine, og ho var akkurat slik eg trudde ho kom til å vera: Deilig og glad kvalp :-) *smelt* Så henta eg Emil ut, og hadde han i band den første stunda, for Thassie var redd han med ein gong. Når det då såg ut til å gå greit, løysna eg Emil og det blei litt i meste laget for Thassie som gjekk og gøymde seg i Ibsens ripsbuskar og andre buskvekster.

DSC07214 DSC07212

Så ba eg Olaug gå inn til Ayla og seie hei så ho ikkje skulle bjeffe når ho kom ut, og Olaug kom ut igjen og fortalte at Ayla hadde begynt å grine då ho helste på henne. Ayla har alltid vore EKSTREMT glad i Olaug og kan nesten ikkje få nok av henne, så då me kom ut i hagen, der Olaug, Lea, og Thassie stod og venta. Lea var den første som fekk smake Ayla sin entusiasme, og fekk seg eit slikk både her og der. Så oppdaga Ayla at Olaug stod der, og blei heilt frå seg av glede igjen, sjølv om ho jo nettopp hadde helst på Olaug inne i huset.

Deretter blei Thassie oppdaga. Det var heilt greit og spennande dei tre første minutta, men så tok gjensynsgleden for Olaug overtaket igjen. Me rusla litt innover grusvegen i lag med dei, og Ayla brydde seg ikkje om Thassie overhodet. Det DIGGA Thassie, og då eg slapp Ayla og lot bandet henge etter, syns Thassie dette var heilt strålande leiketøy!
Ayla var med andre ord perfekt sosialiseringshund for Thassie, i og med at ho ikkje brydde seg det døyt om den litle sjarmørjenta som sprang i hælane hennar :-) *smelt*

Seinare på kvelden gjekk det seg til for alle saman, og dei sovna lett henslengt utover golvet, heile den firbeinte gjengen.

søndag, juni 20, 2010

Helgekvalpekurs hos Amokk. Andre og siste dag.

I dag morges hadde eg høge forventningar til kursdagen, og då eg såg denne karen i ei innkjørsle midt i intet, VISSTE eg at dagen ville bli bra!
DSC07080
Seriøst, han stod bare der..
Eg tenkte som så "Jaja, sånt har dei på Sørlandet, heldige meg som har flytta hit!" :-) Eg fekk vite litt seinare på dagen at påfuglar høyrer like lite heime her som lenger oppover i landet...

På kurset hadde me ein liten teoritime inne før me skulle ut og jobbe med innkalling. I dag var målet å kalle inn hunden mens den var på veg MOT noko, øve meir på å gå fint i band, burleker, passeringstrening, og gå eit lite spor.

Då det var Emil sin tur til å lære å bli kalla inn mens han var på veg mot noko han ville ha, brukte eg tungskyts å belønne han med. Siv hadde eit svare strev å få med seg Emil vekk frå meg då han skjønte kva eg hadde på lur.
Og kva var det som gjorde ein ellers matglad hund heilt vill? Jo, hans eigen oppbløyta mat i ein boks! Det overgår rett og slett alt anna, og eg trur faktisk at han nærast er villig til å døy for det!

Me trente vidare på å passere andre hundar som gjekk tett innpå oss, bli inni buret sjølv om eg lokka med godbitar på bakken, leke, eller klappa meg på låret. EG lærte at når Emil er sliten, boffer han på ting han ikkje har brydd seg om tidlegare. Som då Hilde kom og stilte seg ved kanten av ballbingen. Ho måtte boffast på, og panikken tok meg umiddelbart. Men så overtalte eg meg sjølv til å gå ut og la Emil få løyse det på eiga hand. Eg har aldri treft Hilde før, og var ikkje sikker på at det var henne, men eg såg at ho hadde bur i bilen og visste dermed at ho hadde hund, og at ho dermed ville forstå at eg trengte hjelp med å la Emil få helse på henne. Hilde har ei skjønn Wheatentispe på fire mnd og skal gå grunnkurset i haust i lag med Emil og meg.
Emil gjekk bort til henne (Hilde, altså) og snuste og hilste heilt fint. Busta gjekk ned og han svinsa bare rundt oss mens me prata.

Då det var eit par timar igjen av kursdagen, viste Emil veldig tydelig at han var sliten og ikkje orka å jobbe så veldig mykje meir. Han boffa på den litle Maya wheatentispe på 12 veker, og på buret sitt, og la seg ned ved beina mine PÅ SIDA! Han fekk springe litt i lag med kvalpen til Hilde, og då det blei nok, tok me dei i band. Flinke kvalpane roa seg med ein gong! :-)

Nesten heilt til slutt fekk alle prøvd seg på spor. Det stod eg over, sidan Emil var så innmari sliten, pluss at det ville bli litt kort og ungt spor for oss.

Her er nokre blinkskudd fra dagen i dag

DSC07115
Emil slapper av i buret sitt.


 DSC07119
Det er seint på dag og Ronja er sliten. Då er "sjekke tissen" eit tydelig teikn på at bilen hadde vore god å kvile i.


DSC07122
Ronja var også veldig på å klø seg på rare tidspunkt mot slutten av dagen. Nok eit tydeleg teikn på ein sliten liten krabat.


DSC07140
Og det er jo ikkje så rart etter denne runddansen. Kira sit og ser på i bakgrunnen.


  DSC07143
Emil har vore ein tur innom buret midt i leiken! :-)


 DSC07133
Freestyle på eigahand?


 DSC07142
To jamngamle som finn tonen.


DSC07173DSC07174  
Det er viktig med rett belønning. På første biletet spring Kita rett forbi leika. Men ikkje på bilete nummer to.


DSC07112
Kira har fått nok og rømmer fengselet :-)


 DSC07099
Diesel har veldig lyst på det Siv byr på, men rett etterpå ropte eigaren på han, og då snudde han og pilte tilbake.


   DSC07156
Maya og Kita i jamngammal leik


  DSC07149  
Kira og Diesel i heftig knuffeleik.

lørdag, juni 19, 2010

Helgekvalpekurs hos Amokk. Første dag.

Ja, då er første dag av helgekurset over, og eg sit her med mange tankar og kjensler. Den aller beste oppdaginga eg gjorde i dag, var at Emil kan mykje meir enn eg har tenkt over! Me er ikkje i startgropa på absolutt alt, sjølv om me har langt igjen på dei fleste ferdigheter eg ynskjer å lære han. Me har kome eit godt stykke desse tre månadane han har vore hjå oss. 
Og eg har vore verkeleg bekymra, faktisk, over at me kunne så lite, men det skal eg legge heilt frå meg etter i dag! :-)

Kursdagen starta med teori før me gjekk ut og skulle trene kvalpane våre. Rasane som var glitrande representerte var: Jaktlabrador, Border Collie, Wheaten, Berner Sennen, Eng. staff. terrier og Norsk Elghund. Staffen var nok den eldste på 5,5 mnd og dei yngste var 12-13 veker. Eit passe spekter på kvalpekurs, syns eg.

Me lærte mange kjekke ting i dag, bl.a. gå fint i bånd, gå inn i buret og bli der, innkalling med forstyrrelsar (Siv Instruktør hold godbitar foran snuten til Emil mens eg stod på avstand og kalla inn), starten på apport, ta kontakt med eigar sjølv om eit framandt menneske lokker med pølser eller leverpostei, passer ein annan hund som går forbi, sitje i ro og vente på å få koma i rampelyset, når me har båndet på skal me gå forbi andre hundar og ikkje snuse på dei ( eg var VELDIG streng på det i dag, men han sneik seg til eit par sniff likevel når eg ikkje såg at nokon andre hadde sleppt kvalpen sin bort til oss), og ein del ting til som eg ikkje kjem på.

Emil er ein kar som gir uttrykk for ubehagelig stress på den måten at han hopper opp på meg. Nokre gonger biter han i bandet, andre gonger bare hopper han opp. Og han hopper høgt, må vite! Han byrja med dette i dag også, men roa seg etter eit par belønningsgodbitar for laust band. Då me kom bort i ballbingen, var han forbausande rolig og avslappa. Eg merka ingenting til stress seinare heller. Fleire gonger la han seg ned ved sida av meg og slappa skikkelig godt av. Han sovna ikkje, men det kan eg ikkje forlange heller. Han la seg i alle fall ned, og det uten at eg trengte å be han om det (ikkje at han hadde skjønt kva eg meinte uansett, men...).

Etter i dag er eg 99% sikker på at Emil kjem til å innfri alle forventningane eg har til han. Han oppførte seg eksemplarisk heile dagen! Att og fram mellom ballbanen og bilen gjekk han i fullstendig laust band med kontakt, og sjølv om andre hundar passerte, brydde han seg ikkje. Han roa seg flott i pausar på treningsbanen og i bilen, og viste bare heilt på slutten at han var trøytt, men var likevel med på trening.
Eg valde å ikkje sleppe han med dei andre kvalpane siste gongen me hadde sjansen til det, for eg syns ikkje det var nødvendig og tappe han heilt. Dessuten tenkte eg at det ikkje skulle vera det siste som skjedde før me reiste derifrå. Kanskje unødvendig, men lell :-)

På veg heim stoppa eg ved ein Kiwi for å handle, og tok ut Emil så han kunne tisse litt. Først sette eg meg berre ved sida av det åpne buret og lot han få goooood tid til å strekke seg og kose med meg, og la meg klø han på magen og halsen og gi meg eit lite kyss før han hoppa ut or bilen. Eg forventa hopping etter bandet, sidan han var såpass sliten, men han gjekk berre heilt roleg ved sida av meg bort til graset, tissa der, og så gjekk me roleg tilbake til bilen i laust band.

Vel heime var han heilt klar for eit måltid mat, som han fekk, og så vandra han rastlaust rundt her ei stund før han la seg under stovebordet og sovna.

Dagen i dag har vore bekymringslaus for meg når det gjeld Emil. Fleire gonger i dag tok eg meg i å tenke at "Dette hadde Ayla reagert på!" F.eks. ei bildør som smalt eit stykke vekke, ein gut som klatra på veggen til ballbingen, ein tilskodar som kom åleine bort like ved der Emil og eg sat, Siv som kom mot oss og forbi oss for å hente noko, alle hundane som leika med eigarane sine, og så vidare. Men Emil reagerte ikkje på noko av det! Og han konsentrerte seg fantastisk!

Alle kvalpane hadde god framgong i dag, og det er skikkelig kjekt å nesten kunne kjenne det fysisk at treningsmotivasjonen flomma over meg!
Nokre økter trente alle med hundane sine samtidig, andre økter tok Siv oss fram ein og ein. Det opplegget likte eg veldig godt, for kvalpane blir jo slitne av all treninga. Samtidig får dei verdifull ro-trening med forstyrrelsar :-)
Dessutan lærer ein ganske mykje ved å sjå på andre som trener.

Første dag på kurs får topp karakter!! Nå gler eg meg veldig til i morgon!

CIMG4994
Bli på teppet

CIMG4995
Meir bli på teppet
CIMG4996
Siv Demonstrerer korleis ein kan trene burleken med toppen av.
 

CIMG5003 CIMG5004
Emil slapper av og ser på at Siv Instruktør trener med ein av dei andre ekvipasjane

CIMG5006
Ka du har for nåke godt i håndå di? 


CIMG5007
Ånei, du lure ikkje meg!


CIMG5008
Eg vett at mor har nåke møkje bedre!

torsdag, juni 17, 2010

Tannfelling, spor og kurs.

Emil er midt i verste tannfellinga nå. Og når eg skriv verste, så meiner eg verste. Eg må innrømme at eg har et noget anstrengt forhold til alt som har med tenner og tannkjøtt og tannlegar og blod i munnen å gjera, og syns det er direkte brekningsframkallande når eg kjenner blodlukt av munnen hans når han slikker meg i ansiktet.

I kveld kom han med matskåla si og då eg skulle ta i mot den, holdt han igjen, og dermed HØYRDE eg at ei av hjørnetennene revna frå tannkjøtet. Eg kikka inni munnen hans, og der hang tanna i ei tynn og blodig sene berre. Eg fekk det for meg at han ikkje måtte svelge den, sjølv om han sikkert har svelgt halvparten av den andre tennene han har mista, så eg ba Vetle halde bak rumpa hans, og så skulle eg trekke ut tanna.

Nevnte eg at eg har eit noget ANSTRENGT forhold til slikt?

I allefall, følelsen av varm og laus og fuktig tann som blir reven ut or tannkjøtet på litle søte kvalpen min var nesten meir enn tålte. Eg overlevde og er her endå, så ingen skal komme her og sei eg manglar MOT! :-)

Tidlegare i dag var me på Åpen Dag på Vennesla Dyreklinikk, og fekk tennene hans sjekka. Alt såg fint ut, sa dyrlegen, men du må trene på at han tåler å bli håndtert. Jepp, sa eg, og skjems meg ut derifrå. Men ikkje før eg fekk setja han på vekta. Heile 21 kg har han blitt, og han er IKKJE tjukk! Trur nok han blir ein svær kar, eg... I morgon er han forresten på dagen 5 mnd.

Då me kom heim, var både han og eg så varme at me like greit køyrde inn til Fiskelausvatn så han fekk bade. Han la på svøm med ein gong, og oppdaga steinane på botn. Dei måtte jo undersøkas, så han byrja å dykke. Han var først litt overraska då han kom opp igjen, men så gjentok han bragden gong på gong på gong så eg nesten trudde han hadde tenkt å drukne seg! Eg heiv også av meg kleda og vassa ut, det var jo lunka! Eg svømte ikkje, men kunne meir enn gjerne gjort det om eg hadde hatt badetøy og handkle med meg!

I går sendte eg Vetle ut i skogen for å legge spor til Emil, og det blir rundt 180 meter langt med ein gjenstand. Det låg i ca ein time og tre kvarter, og T-skjorta til Vetle låg i starten. Emil tok ut innover i skogen som om han hadde sett kor Vetle hadde gått, og var dønn PÅ absolutt heile tida! Han kryssa to bekkar og eit bevertråkk og då han fant gjenstanden, kom han rett tilbake til meg med den for å leike :-)

Då han fant Vetle, syns han først det var skummelt, kanskje fordi Vetle hadde ein rar svart ting foran ansiktet eller kanskje fordi han ikkje hadde venta å treffe folk midt i sporet sitt. Då han skjønte det var Vetle, forsvant busten som dugg for sola, og alt var bare yr glede. Så det må me trene meir på, at han støter på folk i skogen. Han har tidligare vist tendenser til å først bjeffe på folka, og så bli glad. Eg skulle helst sett at han droppa bjeffinga heilt. :-)

 DSC06925
DSC06926
DSC06937
DSC06942
DSC06945


DSC06950 DSC06951 DSC06952
Her kjem Emil gåande, så ser han Vetle, buster, og så er alt lågt før han skynder seg bort for leik og kos :-)

DSC06955DSC06953

 

Snille snille Siv sendte meg mail om at dei hadde ein ledig plass på kvalpekurset i helga, om eg var interessert. Klart eg var, så eg meldte meg på i ein fei! Eg skal jo på grunnkurs til hausten, så då rekner er med at eg kan få eit lite hint om kva eg kan trene på over sommaren før kurset byrjar. Dessuten er det ein flott anledning for sosialisering på både folk og kvalper, noko me treng, og i tillegg kom eg på at eg kan lage Snickerskake som pausemat!! Juhu!! Så snilt å tenke på meg og Emil! :-)

mandag, juni 14, 2010

Å ha kvalp på godt og vondt.

Det å ha kvalp er som ein dans på roser. Verkeleg!
Spesielt når ein veit at roser ofte har torner, og at ein då risikerer å stikke seg dann og vann. Eg og Emil danser kvar dag, og stikker oss, begge to. Ikkje alltid like ofte, men nokre dagar er føtene våre ganske såre og vonde, og humøret vårt (les: mitt) er ikkje alltid heilt på topp.

Ei klok kvinne gjorde meg oppmerksom på at det å flytte er ei krise på lik linje med skilsmisse og sjukdom. Sjølv om det er frivillig flytting. Eg har ikkje tenkt på det slik, men då eg gjorde det, datt alt på plass for meg.

Etter at eg hadde siste kveld på kvalpekurset, har det nesten ikkje blitt trening med Emil og meg. Og eg leser rundt i bloggane til dei som har kvalpar på same alder som Emil at kvalpane trener på innkomstar, apportering, budføring, fri ved foten og så vidare. Og då kjenner eg at eg får heilt hetta. Eller prestasjonsangst. Eller panikk.

For me trener ikkje på særlig mykje, og eg ser at han blir eldre for kvar dag som går. Det slår meg at eg mister verdifull kvalpetid, og eg tenker seriøst på at me snart skal begynne. Kvar dag. Kvar einaste dag tenker eg at i morgon skal eg trene bakpartskontroll eller fri ved foten eller sitt eller dekk eller noko anna nyttig. Og så blir det ikkje. Dagen etter forsvinner timane i jobb, utpakking, oppvask (me har ikkje fått installert oppvaskmaskina endå), nettsurfing, tv,  og planlegging av all treninga eg skal starte med dagen etter.

Eg har tenkt om Emil at han er så vanskeleg å trene. At han er så ulik dei andre hundane eg har trent. At han jo aldri ser ut til å skjøne noko av det eg forsøker å lære han. At eg er ein mykje dårlegare hundetrenar enn eg trur. At eg har valgt feil rase. At eg ikkje burde hatt hund. 

Når eg så endelig forsøker å lære han noko, er han ein draum å trene med,  kvifor trener eg ikkje med han kvar dag?

Så, ein fin dag som det har vore i dag, tar eg han med innover grusvegen med Fiskelausvatn som mål. Me rusler innover, han går laus, og eg har Ipoden på øyra og kameraet i handa. Det kan jo hende eg ser noko fint, tenker eg. For eksempel han her:
CIMG4972


CIMG4973Øyrene hans ser nesten brune ut når han er våt.



CIMG4975Svart på føtene, og lykkelig etter å ha funne eit gjørmehol.



CIMG4981 


 
CIMG4976Lykken er å finne ein gamal støvlett 


Brått, mens eg gjekk der langs vegen og hadde nydeleg musikk på øyra, kom han inn ved sida av meg og gjekk PERFEKT fri ved fot! Lenge! Og det var heilt bevisst. Så forsøkte eg å stanse for å sjå kva han gjorde, og då sette han seg. Med ein gong. Fleire gonger. Noko må me ha trent, sidan han kan gjera slikt. Ting glir altså inn sjølv om eg ikkje veldig bevisst går inn for det.


Då tenker eg på alt det han faktisk kan, og som tross alt er viktig for OSS:
* Gå inn i buret i bilen og bli der til eg ber han komme ut igjen
* Gå i laust band med sele
* Sitja og vente på at eg seier Værsågod før han hiver seg over maten
* Komme når eg plystrer. Umiddelbart og kvar gong.
* Gå laus på tur utan å stikke av
* Komme til meg med det han finn når han går spor
* Vera med på besøk og slappe av der.
* Køyre langt i bil utan å klage
* Avreagere kjapt om han reagerer på noko
* Han er heilt husrein, og har vore det sidan han var fire mnd.
* Når me trener, er han konsentrert.
* Han er VELDIG enkel å belønne med både mat, leik og intens kløing i pelsen

Eg har fundert veldig dei siste dagane, og forsøkt å finne nokon som har skrive i bloggen sin at det fins torner i rosedansen, men har ikkje funne det. Kan hende det berre er eg som har det slik, for eg kan levande minnast at eg hadde det slik med Ayla også. Ho var mange hakk verre enn Emil nokon gong kan bli, og takk og pris for det! For ho var ille!
Difor skriv eg dette innlegget, i tilfelle nokon andre sit der ute og dansar på både roseblad og torner i kvalpetida og trur at dei er dei einaste som har det slik i blant.

Me har, som eg har nevnt tidlegare i eit innlegg, meldt oss på grunnkurs hjå Amokk i haust, og så har eg veldig lyst til å gå på soppsøkarkurs hjå Anne Lill Kvam på Troll Hundeskole. Kanskje me kan finne litt kantarell i skogane her?
Vidare blir det freestylekurs ein eller annan gong dei nærmaste månadane, og så har eg jyyyyysla lyst til å finne meg eit jaktkurs via Retrieverklubben.