søndag, desember 18, 2011

Ei skrekkens oppleving!

I helga har me hatt så utruleg fint vær her i Iveland, at eg valde vekk julegavelaging i går, lSAM_2262ørdag, og pakka sekken med følgande saker:

  • Jetboil
  • Opptenningsved
  • Ved
  • Sticky bun
  • Ein liten skalk urtebrød
  • To kyllingpølser
  • To svææææære marshmallows
  • Lighter
  • Sitteunderlag
  • 11/2 liter vatn

Eg og Emil rusla avgårde i to-tida, og han sprang og sprang og sprang som han bruker å gjera i starten av turen og forsåvidt heile resten av turen også. Då me var nesten oppe ved bakketoppen, gjorde han noko han aldri før har gjort på våre turar, han hoppa opp i ei veldig bratt skråning, og sprang litt oppe i skogen der.

Så var han brått på full fart nedover mot eit område der det ikkje er noko naturleg sti/veg ned til grusvegen – men i stadenfor er det stup rett ned. Alt skjedde veldig fort, men eg tenkte at han sikkert hadde vett til å stoppe før stupet og finne ein annan veg ned. Halvparten av dei tankane var korrekte, og det var ikkje siste halvdelen.

Joda, han stoppa, men så HOPPA han pinadø!! Han svevde leeeenge, og sprella i lufta, og eit av mine største mareritt skjedde rett framfor augene mine! Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vakna forskrekka og fortvila over mareritt som går på at ein av hundane mine faller utfor eit stup..
Medan han svevde, tenkte eg at det var den turen, og nå må eg bære han heim, og kanskje har han ødelagt seg så stygt at han må avlivast. (Dramadronning, eg? Næsjda)
Han landa med alle beina under seg, som ei pannekake nesten,  og eg var heilt overbevist om at han snart ville begynne å hyle og kreke seg opp frå grøfta. Eg fekk ikkje fram eit ord, eg stod berre skrekkslagen og venta på at stillheten skulle brytast av smertehyl. Som aldri kom. Han sprang opp or grøfta og ned mot der eg stod, og eg kunne ikkje sjå halting kor hardt eg enn prøvde.

SAM_2271
Emil står der han landa, og han hoppa omtrent frå den vesle busken/treet eg peiker mot.

Turen vidare innehaldt Innkalling med stå – trening, innkallingstrening, fartstrening, funn av elgespor eit par fotostopp, før me kom til endes av vegen der me skulle tenne bål og grille pølsene.

Bålet brant liflig, og eg forsøkte meg på marshmallowen først. Eit håplaust prosjekt når det er minusgrader, så dei måtte eg berre legge i sekken igjen. Fram med pølsene. Ikkje heilt bra resultat der, heller, for halve pølsa blei kald medan den andre halvdelen blei grilla. Urtebrødskalken og Sticky Bun’en blei varma i nærheten av glør, og smakte fortreffeleg!

 

SAM_2247













 

 


 

 

 










Han er vakker, hæ?


SAM_2259

Luksus i ei travel førjulstid.

 

SAM_2263
Bålkos for dei som ikkje har anna å gjer siste lørdag før jul.

 

Då me omsider kom oss inn dørene heime, hadde me vore vekke i tre timar. Seinare på kvelden dukka det opp ei ørlita halting på høgre bakfoten, men den var vekke i morges.

I dag tok me med oss begge hundane for å vise Vetle kor det var Emil hoppa frå, og på veg heim, hadde begge to funne ut at eg hadde ball i lomma, og då ser turane våre ofte slik ut:

SAM_2278
Begge vil gjerne gå innerst

SAM_2276
FVF i plenum.

SAM_2282
Ball er verdt å gjer mykje rart for!

torsdag, desember 15, 2011

Bilder av bror til Emil!

Eg fant bilder av bror til Emil: Pearl Jam!

image                                   image
Pearl Jam   (henta frå www.actualis.se)                   Pearl Jemil

Her er fleire bilder: http://www.actualis.se/fotogalleri/prima-acer/prim-acer.htm

mandag, desember 12, 2011

På tur med Kairos

Denne hausten har Emil fått seg turkamerat i storpuddelen Kairos, og i dag skulle me ut på ny tur.  Det hadde regna heile morgonen, og brått skein sola og det dukka opp ein rar blå farge på himmelen…

SAM_2208

Like etterpå dukka Hilde og Kairos opp, og turen kunne starte. I dag ulte faktisk Emil i forventning, og me gjorde som me har gjort dei par siste gongene, Kairos gjekk framføre oss. Emil såg ikkje ut til å bry seg veldig med Kairos, men noko interesse er der nok.

SAM_2210

Kairos blir flinkare og flinkare til å gå ved sida av Hilde i starten av turen, berre sjå her:

Både Emil og Kairos er veldig… nei, VELDIG glad i ball, og heldigvis har ingen av dei ressursforsvar overfor ballen.
Her står dei og venter på at eg skal hive ballen:

SAM_2214
Finaste guttane på tur!

På veg heimover fant me på noko nytt å trene på: Emil i band og Kairos laus. Emil trener på å gå i band med laus hund rundt seg, og Kairos trener på at når Emil er i band blir det ikkje leik. Då Kairos kom bort til oss, stoppa me opp og blei kjedelege, og når Kairos så pilte til Hilde, fekk han ball som belønning. Dette funka VELDIG godt! På den måten fekk me i praksis gått ned hundane etter heftig springing OG lagt inn fornuftig trening med formål i tillegg.

Då me kom inn etter nesten halvannan time på tur, var både eg og Emil strålande nøgde! Smilefjes