søndag, november 26, 2006

Tur til fyret i skikkelig vestlandsvær!






Vetle og eg kledde på oss det me hadde av regnklær og tok med oss begge hundane bort til fyret i dag. Det blåste skikkelig godt, og bølgene tok med seg mengder av tang og tare inn til land.


Det låg fuglar utpå vatnet og dukka etter mat, og eg tenkte at eg ikkje ville vore fugl akkurat i dag.




På veg bort over jordet, forresten, fekk Ayla strøm i seg fleire gonger. Ho syns livet var skikkelig ukult eit godt stykke, men så kom halen opp og ho slappa meir av. Eg begynner faktisk å merke på måten ho tek godbiten på om ho er stressa eller ikkje, så no skjønar eg betre kva Pamela Dennison meiner i boka si.




Me traff eit par menneske i fullt regnutstyr, men ingen boffing eller busting. Ikkje frå Joey heller, så miraklenes tid er endå ikkje forbi.






Då me kom fram til fyret, blei me møtt av eit fantastisk syn! Bølgene slo høgt innover land, og vinden sendte bølgedråpar fleire titals meter bortover mot oss! Det regna ikkje akkurat då, så eg benytta sjansen til å generalisere utgangsstilling.




Eg fekk klikka fire fem gonger for at ho sat og såg på meg, og så ga eg meg. Ville ikkje la henne sitje der i den sterke vinden for lenge.




Akkurat då me skulle til å gå, såg me at ei gruppe folk kom gåande og dei hadde med seg hund. Vetle og Joey blei derfor sendt avgarde i motsatt retning, mens eg og Ayla venta til folka hadde kome opp trappene før me også gjekk derifrå. Ayla helste på hunden og det gjekk heilt fint det. Ingen busting eller boffing på folka heller. :-)


















onsdag, november 22, 2006

Kontaktkontrakten

Eg driv og les Kontaktkontrakten av Eva Bodfält akkurat nå. Etterpå har eg tenkt å hive meg over Hundens Beste Venn av Rune Fjellanger, Per Jostein Matre og Rita Kylling. Eg har også bestilt Culture Clash av Jean Donaldson og venter på den i posten.

MEN, Kontaktkontrakten. I følge den har eg gjort mykje rett i min søken på å få Ayla fokusert på meg, men eg har også fått mange tips til andre treningsmåtar, belønningsmetodar o.s.v.

For eksempel så skal eg begynne å lære avstandsbelønning på Bodfält sin måte. Eg har variert når eg klikker etter at Ayla har reagert på navnet sitt i innkallingstrening, men ho kommer alltid bort til meg for å få belønning. Eg skal begynne å belønne rett etter klikket når ho har reagert med å stoppe med det ho gjer for å komme til meg. Altså, eg seier navnet hennar, ho hiver seg rundt og skal springe til meg, eg klikker og DER kjem ballen med ein gong.

Det står også masse om sladretrening, og me ER på rett veg, uansett kva visse andre måtte meine. Me skal bare begynne å vera endå meir konsekvente.

Absolutt ei bok å anbefale!!

lørdag, november 18, 2006

Lang tur på kort tid.

Me måtte ned i begravelse i Risør, og lot Joey vera heime hjå husvertane våre sidan han haaaater å kjøre bil. Han fekk med seg teppe som han la seg på med ein gong eg lukka døra bak meg. Me drog på torsdagen klokka fem, og var framme halv elleve.

Ayla var med og me hadde min bil. Då me kom til Grimstad i går, var ikkje mor til Vetle der, for ho var i Risør og organiserte og slikt. Turen ned gjekk heilt fint, og Ayla slapper veldig godt av når me kjører.

I dag stod me opp ganske tidlig, og Ayla har sneke seg opp i senga i natt. Eg sov med andre ord veldig dårlig, for Ayla er ikkje den som lar andre få plass, nei!

Finklærne låg bak i bilen, og då me kom til Risør, kjørte me ein plass der Ayla kunne gå laus. Først trente me litt fingertarget, og så et par utgangsstillingar, før me gjekk ned til nokre flytebrygger som var veldig veldig skumle. Etter eit par klikk kom halen opp og ho begynte til og med å logre! :-)

Me bytta faktisk klær på parkeringsplassen der, men blei ikkje ferska. Det skulle tatt seg ut, forresten...

____________________________

Etter begravelsen og maten var over (Ayla låg i bilen), var det ein som absolutt ville helse på Ayla. Eg hadde dårlig magekjensle for det, men dumme meg klarte ikkje å sei frå at eg ikkje ville. Han har hund sjølv, og er roleg av vesen, så eg kryssa fingrar og håpte det ville gå bra.

Då me kom bort til bilen, var det mange folk der, så eg ba Vetle vente litt med å åpne til henne. Det fekk vera grenser på å håpe på det beste, liksom..
Vetle stod ved bilen ei lita stund og prata med han andre, og hadde døra inn til Ayla på gløtt. Då fekk ho høyra stemmen til han ho ikkje kjente, og på ein måte førebu seg.

Då dei andre folka reiste, tok eg henne ut. Han mannen (Johannes) sette seg ned på huk FØR Ayla kom bort, og då var det bare litt ekkelt. Smile-ekkelt, men ikkje bjeffe-ekkelt. Han prata og klødde og Ayla sette seg til slutt med ryggen til hos han! Trur du det var ei letta Kari Anne som stod der då?? Johannes reiste seg etterkvart opp i ståande, og då bjeffa ho ein gong. Og så ein gong til, og så sette han seg ned og var ikkje skummel lenger.
Han var kanonflink og greip ikkje etter henne når ho gjekk vekk litt, og det trur eg gjorde heile forskjellen! Og det er ikkje berre Ayla som ikkje liker det, for det står om det overalt der det står om hundar som er skeptiske til framande.

Då Ayla skulle helse på mor til Vetle var det REIN gjensynsglede!


_______________________________

Då me kom heim til oss sjølve fredagsnatta, kom husvertane ut i verandadøra og spurte om eg ville komme og hente Joey. Sjølvsagt!!!! Kan tru han var glad!! Gamle gode gutten min!!! *smelt*

onsdag, november 15, 2006

Å lukke og åpne døra.

Tidlegare har eg lært Ayla å lukke kjøkkendøra. I kveld lærte ho å åpne den også! Og det tok maks femten minutter!


Først klikka eg for at ho tok knuten i munnen mens eg holdt den, og så fant Ayla ut at det var mykje enklare for henne å bite i tauen oppforbi. (Knuten heiter forresten Apehånd og den har eg lært meg å lage!!)

Når ho tok den konsekvent i munnen, holdt eg litt igjen, og klikka når ho beit saman.
Så drog eg litt i den før eg klikka, og så holdt eg i ro. "Ikkje noko klikk? Neivel, hvis EG drar litt i tauet, da?" Då klikka eg og ga tre godbitar. Derifrå drog ho i den kvar gong. Eg merka også heis-syndromet her når eg ikkje klikka for same dra-hardhet som tidlegare. Ho drog hardare og hardare for kvar gong fordi eg ikkje klikka på same punktet to gonger etter kvarandre. Eg kunne nok risikert at ho ga opp, men eg auka tydeligvis kriteriene heilt passe her.

Så drog ho meir intenst, og så festa eg den på døra, og då tok ho han i munnen med ein gong og drog forsiktig. Eg klikka med ein gong då.







Ho tar ting så kjapt at eg er heilt imponert!! Enten det, eller så er det eg som er flink med klikkertrening. Ein av delene. Kanskje ein kombinasjon? Det er lov å sei sjølv at ein er flink, vel? :-)








______________________________


Å lukke døra.

Her har eg gitt kommando "Lukk"





Ayla skyver døra med snuten.





Eigentleg treng ho berre to tre puff, og så er døra lukka.




"Var det godt nok, eller?"




"Ikkje det, nei. Eg får vel lukke heilt inntil denne gongen også"

tirsdag, november 14, 2006

Joey halter...

I dag morges såg eg at Joey halta litt forbigåande og tenkte ikkje meir over det. Nå i ettermiddag halta han meir synlig, og nå i kveld kan han knapt stå på foten. Blir han verre, drar eg ikkje nedover i begravelsen. Eg kan ikkje be folk passe på ein sjuk hund for meg.

Husvertane mine har nemlig sagt eit momentant ja til å sjå etter han fra torsdag til fredag mens me er nedover. Dei er så utrulig snille!! For fire-fem år sidan blei Vetle og eg sjuke samtidig med omgangssjuke, og då kom dei ned og lufta hundane for oss! For nåken snillingar! :-)

Men altså, hvis Joey blir verre, så reiser ikkje eg. Då blir eg og hundane heime. Vetle veit det og forstår det og skjønar at slik blir det.

Nå skal saksofonen i hus!!!!




Me har nådd det målet me sette oss når det gjaldt å spare til saksofon, så nå skal den i hus, endelig!!! Weeee!!!!!!


mandag, november 13, 2006

For det meste turar.

I det siste har det for det meste blitt turar rundt på Vistnes i regn og vind. Ayla har godt av det, og det har eg også.

Søndag var Vetle og Joey med også, og me var ute og rusla langs strendene her i nærmare to timar! Me opplevde eit fenomen eg aldri har vore ute for før, nemlig at det var vindstille og klart, og DEI bølgene!! Syns det var kanonskummelt, for heime på Sand er der ikkje bølger med mindre der er vind også. Eller at westamaranen har gått forbi til eller fra Sauda...

Vetle forklarte at bølgene går fort, og at ute i havet var det skikkelig drittvær som forplanta seg innover til oss. Dette er sikkert lærdom som kjem inn med morsmelka for folk som er oppvokst ved havet, men altså nytt for meg.
Sikkert og visst, dagen etter kom drittværet her også.

Og så må me til sørlandet ein tur fra torsdag til fredag. I begravelse.

lørdag, november 11, 2006

Bråstein

Sidan me skulle på fest i kveld, tenkte me at me skulle slite Ayla ut på Bråstein i dag.
Ingen bust då me kom ut av bilen, og den første hunden me traff var ein liten schnauzer som var litt frekk. Då stirra ho hardt på han, og rusla berre vidare.

Me traff nokre damer med små små hundar, og den eine dama skulle absolutt HENTE hunden sin. Hunden dreiv og snakka med Ayla og dei snuste og blei kjende. Dama skulle til å hive seg ned ved sida av Ayla for å grabbe tak i hunden sin, då eg (modige meg) ba henne om å ikkje bøye seg ned ved sida av Ayla. Ho sa berre "Ok, greit", og så gjorde ho det ikkje. Verre var det jo ikkje :-)

Me traff Collie, Flat, Labrador, Golden Amstaff, små hundar, blandingshundar, Schæfer og ein rottweilerhann. Sistnevnte viste seg å vera ein eg helste på då han var kvalp for 3,5 år sidan, for eigaren jobba som optikar her på Randaberg, og hadde med seg kvalpen på jobb. Dei koste seg og sprang inn og ut av skogen, og Ayla slikka faktisk han mannen rundt munnen og stilte seg med ryggen til for å bli kost! Og det sjølv om han sette seg ned på huk!!! Juhu!!

Eg ba Vetle gå litt innover i skogen for å sjå om Ayla ville følge han eller bli hos meg, og ho gallopperte til Vetle og blei med han innover i skogen til ho mista meg ut av syne! Det er også framgong, for tidlegare har ho gitt blaffen i Vetle om han går vekk frå oss.

Ayla busta lite på folk i dag, og gjekk bort til så og seie alle! Eg skrøyta, og ho kom bort til meg igjen og fekk godbite. Eg trur at neste gong me er der, så skal eg ikkje sei noko før Ayla sjølv er ferdig med å snuse og helse på folka.

Ho har også byrja med solid sladring nå. Ho får nemlig klikk og godbit kvar gong det kjem nokon rundt neste sving eller bakketopp. Neste skritt er å få henne til å gå fot forbi dei møtande, så kan eg ha henne laus over alt!!

__________________

torsdag, november 09, 2006

Eg har funne min misjon her i livet!

Jepp! I dag fant eg min misjon her i livet! Nemlig å fungere som ly mot haglebyger så ikkje hundane får ekle hagl i augene! :-)

Joey stakkar, datt heilt saman då det begynte å hagle i morges, og kom pilande til meg. Der fant han kjapt ut at haglet ikkje nådde han, og då eg bøyde meg framover for å gi endå meir ly, kom Ayla også springande. Slik stod me, alle tre, til byga var forbi, og eg var blitt kald på ryggen.

onsdag, november 08, 2006

Generalisering på høgt plan (?)

Tok med meg Ayla og pølser og XXLballen og kjørte opp til parkeringsplassen ved fotballbanen. Eg tenkte at det ville vera forstyrrelsar nok til at det ville bli vanskelig å få kontakt, men det gjekk faktisk veldig bra.

Etter å ha lest Thomas sin artikkel i siste Canis, begynner eg nå alltid med utgangsstilling når eg begynner å trene. Eg begynner med å stille meg ved sida av henne og klikker for at ho ser på meg. Så går eg 90 grader til min høgre, og ho følger på og setter seg beint. Deretter skal ho komme fra 180 grader og sette seg beint, og etter det igjen tar eg fire-fem startar. Det vil seie at eg klikker akkurat i det eg starter å gå, og ho held kontakten.
Til slutt tar eg et par venstrevendingar.

I går holdt to-tre ungar på med ball 30-40 meter lenger vekke på parkeringsplassen der, og dei var ho bittelitt opptatt av ei lita stund.

Ellers gjekk det folk til bilane mens me trente, og det køyrde bussar og bilar på veien bare et par meter frå oss. Ho brydde seg ingenting. :-)

Etter 20 minutter med samanhengande (!) trening der, køyrde me opp i sentrum og fant ein liten parkeringsplass der. Nå og då kom det enkeltmennesker som passerte på litt avstand, og det kom også eit par hundar, syklistar, mopedistar og ein mann med gåstol.
Ho kikka berre på dei, og så konsentrerte ho seg om meg igjen.

Der oppe belønna eg stort sett med ball og pipedyr, og KVAR EINASTE GONG kom ho tilbake til meg med det! På ein ukjent plass!! Pipedyret var det litt plunder med når ho hadde lagt sin elsk på det, men då gjorde eg slik at ho kom til meg med det, eg fekk det, og heiv det til henne igjen. To-tre gonger før ho måtte jobbe for det, og så hive to-tre gonger igjen.
Ho gjekk stort sett laus med bandet hengande etter henne, men når det kom folk, plukka eg det opp mest for syns skuld.

Veldig fornøyd med kvelden, altså! :-)

tirsdag, november 07, 2006

Trening i organiserte former.

For:
* Fleire å trene saman med
* Ny input
* Haugevis med muligheter for å snike inn litt adferdstrening
* Ein gong i veka.
* Bare klikking, ikkje kjefting og banking og kjipe ting.


Mot:
* Dyrt.
* Begrensa mulighet til å bestemme egentrening
* Kun lydighetsretta
* "Tvungen" til å ta i mot råd ang. problemer ein har jobba med over lenger tid og som går tvert i mot det ein har høyrt tidlegare.


Vel, eg kan jo bare jobba utelukkande med lydighetsting, og ikkje ta med adferdsjobbinga der. Men vil eg meine at det er verdt det? Og vil eg klare det?

Adferdstreninga er jo SÅ viktig for oss, og det ville vore ein så gylden mulighet... Eg vett ikkje...
Det var jo kjekt også, men eg skjønte liksom ikkje alt. Kvifor sende hunden over hinderet når den under tvil kom til å setje seg på musematta? Kvifor ikkje gå tilbake i kjeden, og trene på å setje seg på musematta, og SÅ sende hunden over hinderet etterpå?

Når hunden spring og snuser, og instruktøren står og ser på, kvifor går då hundeigaren og henter hunden og så sender hunden over hinderet ein gong til?

Visse ting er berre over mi fatteevne, tydeligvis.

Når eg kan så lite om baklengskjeding og ikkje har kommt så veldig langt på veg sjølv, så syns eg det er vanskelig å skjøna opplegget. Kanskje eg tar heilt feil, kanskje ikkje.

Og så lurer eg på kvifor, når eg SA at Ayla bjeffer på folk som kjem bort til oss, kvifor komme bort allikevel? Og når eg ber om at dei må gå vekk, kvifor gjer dei det ikkje då?
Det gjekk jo bra igjen etterpå, og ho ville bort og få godbitar og trene target på folk og allslags, men eg vil jo at ho ikkje skal bjeffe i det heile tatt. Det kunne gått om han bare hadde gjort som eg sa.

"Det at du holder tuba foran munnen hennes når eg komme bort er bare med på å gjer det heile endå meir skummelt"
"Dei metodane er bare tull, me gjer ikkje sånt her."
"Nei, sånne dumme ting har aldri EG gjort."
"Eg har holdt på med klikker sia lenge før Morten og Cecilie, faktisk",

Eg veit ikkje kva eg skal bestemme meg for. Eg veit rett og slett ikkje. Nokre folk stemmer bare ikkje kjemien med.. sånn er det bare... eg er ikkje spesielt glad i følelsen av å vera dum, heller.

mandag, november 06, 2006

Tid for vaksine.

Så var det tid for den årlige vaksinen. Me hadde time kvart over seks, men måtte vente til kvart på sju. Sånn er det når ein har dagens siste time..

På venterommet sat ein 13 veker gammal jack russel terrier, og Ayla hadde såååå lyst til å helse på den! Så kom ein dvergschnauzer, og den bjeffa ho faktisk på! Eg ba berre Vetle stille seg mellom Ayla og schnauzeren, så stoppa ho... Men det er første gongen ho har bjeffa på ein hund på den måten. Klarte ikkje å tolke bjeffinga, så eg veit ikkje kvifor ho gjorde det.

Før me skulle inn måtte me på vekta, og Ayla er nå 42 kg. Dyrlegen sa ingenting om overvekt, og eg syns ho er grei i figuren nå.
Dyrlegen vår er så fantastisk flink med dempande signaler, og Ayla syns dama er sååå kjekk! Ho set seg ned på golvet med kattemat i hendene, og ser vekk mens Ayla eter av handa hennar. Og mens dette pågår, passer dyrlegen på å få sjekka øyrer, lymfekjertlar og andre ting som skal sjekkas. Då dyrlegen skulle lytte til hjarta, holdt eg handa mi foran Ayla, og så la ho haka i handa mi og stod i ro til me var ferdige. Flinke hunden, altså!

Ayla hoppa forresten oppå bordet sjølv, og stod så fornøyd og venta på kattemat.

Rett før me var ferdige, trødde Ayla feil, og datt nesten av bordet. Då gjekk dyrlegen bort til skåla med kattemat og henta ein god neve som Ayla fekk mens ho framleis stod oppå bordet. Då brukte eg sjansen til å spørja om ikkje dyrlegen berre kunne stå der og halde på med nakken til Ayla mens eg klikka. Ayla syns dette var storveies og enkelt, for eg klikka jo så ofte!

Då sa dyrlegen at ho syns eg er flink med hundane mine (våre), og at ho er imponert over måten me trener på. Kjekt å høyra slikt! :-)

Neste dyrlegebesøk er om to mnd, og då er det den frykta HD røntgen... Tenk om me får oppleve kva det er å ha ein fysisk frisk hund?

___________________

Etter dyrlegebesøket kjørte me til OBS og handla leverpostei på tikronerstilbud. Og der har dei også scampi til femti kroner kiloen denne veka. Løp og kjøp!

søndag, november 05, 2006

Tur rundt Mosvannet og kjip oppdagelse.

Me skulle egentlig ha gått ein tur på Bråstein, men Vetle har vakt og måtte på jobb, så eg og Ayla skulle gå rundt Mosvannet i stadenfor. (Eg har skrive mosVATNET før, men det heter faktisk mosVANNET, sjølv om eg ikkje likar å utelate t'en)

Då me kom dit, var det ingen ledige parkeringsplasser, og eg tenkte at det var overraskande mange ute på tur i drittværet... Eg oppdaga snart grunnen. Stavanger Maraton skulle starte om litt.

Nede på turstien stoppa me opp 15-20 meter frå bølingen, og stod og venta til dei skulle starte. Eg såg at dei hadde ryggen vendt mot oss, og antok at dei skulle springe vekk frå oss.
Ein stemme i høgtalaranlegget sa at det var to minutter til start, så eg stod og trente litt utgangsstilling med passerande folk i mellomtida.

Plutselig sa det PANG, og startpistolen sendte ca hundre maratonmenn avgårde i motsatt retning frå oss, så eg fekk rett der. MEN lyden av pistolen sendte også Ayla avgårde inn i panikkens verden. Eg prøvde først å få henne til å komme til meg som stod ved sida av stien, for nå passerte det mange folk. Eg var redd at ho skulle glefse etter ein av dei, i den sjokktilstanden ho var i. Det nytta ikkje. Eg fekk ikkje kontakt same kva eg prøvde.

Så sette eg meg ned på kne, og då kom ho til meg. Eg lot henne berre stå i fred, og sjølv då det kom ein liten hund forbi, stod ho berre og stirra framfor seg.

Så klappa eg henne på sida av brystkassa og sa "Hei, vennen, ska du vær med?" og så reiste eg meg. Då var det som om ingenting hadde skjedd, og halen kom opp igjen og ho byrja å snuse der den andre hunden hadde gått.
Dette skjedde innan me hadde gått 100 meter av turen på 3 km, så eg hadde ikkje lyst til å snu heller. Ho var heilt normal etterpå, og eg får håpe at neste gong ho høyrer eit skot, at det ikkje blir så ille då. Sannsynligvis vil det bli verre, men ein kan jo håpe?

Etter ein kilometer byrja det å regne kraftig, og hagle litt, og Ayla syns dette var ganske pyton. Eg også. Derfor stod me under nokre trær til det verste hadde gitt seg.
Halvveis ga ho opp å snuse, og gjekk og kikka på meg stort sett resten av turen. Brydde seg ikkje om folk med stavar, eller joggerar eller barnevogner eller gamle folk eller ungar eller noko. Og då me kom til ein av benkene som står langs stien, hoppa ho opp på den og såg svært så nøgd ut etterpå! :-)

Me brukte 1 time og 15 minutter.

På kvelden gjekk Vetle og eg på kino og såg "The Departed", som var heilt vanvittig bra!

torsdag, november 02, 2006

Spor ved Sandestranda

La et spor på ca 180 meter ved Sande stranda på Randaberg. Sporet begynte i gras, gjekk over grus, OG asfalt, før det endte på et jorde der frosken låg som belønning på slutten.

Til å begynne med rota ho litt, trudde eg, men ved nærmare ettertanke gjekk ho nok etter fertbildet likevel. Sporet låg ein time, og det var litt vind frå sjøen. Dermed er det sannsynlig at sporet har vandra litt i mellomtida.

Oppe på grusen gjekk ho med nasen nedi bakken som ein annan ekspert, og der fant ho også deilig kalkunpølse! Litt etterpå fant ho XXL ballen som me leikte med.

Då sporet gjekk over asfalten, fulgte ho jammen det også, flinke hunden, og fant frosken i svartmørket!

Må trene meir på sporoppsøk og bli flinkare til å ta hensyn til vinden!

onsdag, november 01, 2006

Batterilading for to- og firbeint.

Tok med meg Ayla i dag og rusla avgårde med pølser i eine lommen, og ball i den andre.

Oppe ved grendahuset gjekk me på baksida og trente litt utgangsstilling. Eg fekk det for meg at eg skulle shape litt ved leikestativet, og begynte å klikke for at ho snuste på stigen. Til å begynne med belønte eg med pølse, og då ho la eine foten på første trinnet (stigen var festa til huskestativet og var altfor bratt for ein hund til å klatre i), belønna eg med ballen. Tilbake ved stigen igjen, la ho begge beina oppå det andre trinnet, og klikk og ballen! Då ho hadde repetert dette fire gonger og me hadde lekt ferdig, kobla eg på bandet igjen og me gjekk vidare.

Cirka halvveis kom me til ein skogsvei der me aldri treffer folk, og då fekk ho springe laus. Dersom eg stopper opp for å sjå på henne eller naturen nå for tida, kjem ho gallopperande til meg og setter seg i utgangsstilling. Hvis eg då ikkje reagerer, smeller ho ned i dekk.

Ho svinser rundt meg heile tida, og om ho vandrer lenger enn fem meter vekk frå meg og eg stanser opp, kjem ho susande.

Det var måneskinnslyst, og eg hadde ikkje med meg lykt, så eg syns det var bittelitt ekkelt når Ayla plutselig fekk ferten av noko oppover ein sti me gjekk forbi. Ho blei veldig rar, så eg måtte ringe til Vetle og spørje om han hadde kommt ned for å lure oss. Det hadde han ikkje.
Ho var vanskeleg å få vekk derifrå, så eg tok på henne bandet eit lite stykke. Då ho virka normal igjen, fekk ho springe laus til me kom til Vistnestunet og alle gjessa og endene.