søndag, november 30, 2008

#¤%&"#& dårlig hundetrenar!

Stod og trente høgreinnkomstar i går, og ingen av hundane hadde halsband på seg, som vanleg er når eg trener.

Så, mens eg held på med Joey og snurring, kjem ein mann gåande. Eg fekk litt panikk, og fekk med meg hundane bortover mot huset. Ayla hadde ikkje sett mannen endå, og ho gjekk ved sida av meg og såg seg ikkje tilbake. Så bestemmer eg meg for at å hive godbiten framover er lurt. Jada.. Kva skjer i det sekundet ho har ete opp godbiten der framme? Jo, ho snur seg jo og ser på meg. Og kva ser ho bak meg då? Jo, mannen vel!!

La meg sei det slik, eg har vore i dårleg humør sidan. Det har ikkje hjelpt med heimelaga pizza, snill sambuar, gode filmar på tv, kransekakestenger eller godt med svevn.

Tankane har vore innom alt frå å slutte heilt med hund og alt som har med hund å gjer, til å vurdere om om utstoppa hundar er det som passer meg best. Eg har også lurt på kva det er som driv henne til å reagere som ho gjer?

I morgon er det rallylydighetskurs igjen, og eg håper ho ikkje fortset med denne atferda si der.

søndag, november 23, 2008

Tur i Hundeskogen og førebuing til jul.

Det er snø i Stavanger. Og det er kaldt.
Og Ayla ELSKER snø!! Ho spring med munnen halvopen og skufler snø inn for deretter å gnafse den i seg før ho tar neste munnfull med snø.

Når det er sagt, var me på sosialiseringstur i Hundeskogen med kvalpekurset i dag, og eg hadde tatt mot til meg og tatt med Ayla for å la henne også få bruke språket sitt litt.
Etter at turen med kvalpane var over, tok eg henne ut av bilen, og gjekk innover skogen.

Eg visste det ville vera mange små hundar innover, og sjølv om eg skalv slik i beina at eg nesten ikkje klarte å stå, tok eg meg saman og bestemte meg for at dette skulle gå bra.
Hvis me traff 30 hundar til saman, så overdriver eg ikkje.
Ho fekk skrøyt kvar gong eg kjente att dempande signal, og dei fleste møta føregjekk utan lyd. Ved eitt tilfelle traff ho ein hylande liten pelsdott. Høyres eg dømmande ut nå? Vel, Ayla var ALDRI borti den andre hunden. Men forståelig nok syns ikkje den andre hunden det var så kult når Ayla stod over den. Med i følget til den litle hunden, var ein gamal mann som tydeligvis (og veldig forståelig) trudde han måtte redde livet til pelsdotten, og valgte å gjera det ved å slå etter Ayla. Heldigvis har ho aldri erfare kva hender som slår er i stand til å gjer, så ho brydde seg ikkje om mannen. Eg ropte EIN gong på henne, og ho kom gallopperande nedover til meg.

Klikk og drøssevis av godbitar til Ayla for super innkalling, og klikk til meg for å ikkje kommentere til mannen at det var unødvendig å slå etter hunden min og kanskje ikkje så lurt...

Bortsett fra det, var turen svært vellykka. Eg fekk sjå nok ein gong at Ayla har godt språk og leser andre hundar godt. Ho er kjapp til å lage lyd, men dei andre hundane ser ikkje ut til å bry seg nevneverdig om det.
Eg ser framleis at sjølv om ho eigentleg er leikelysten, så er ho ganske usikker også, for når ho blir invitert med på leik, veit ho ikkje heilt kva ho skal svare. Det ville nok vore best å ha ein fast leikekamerat, heller enn ukjente. Men eg trur turane i Hundeskogen gjer godt for begge to.

Etterpå reiste me ein tur til Olaug, og ho stod midt i baking av kanel-i-svingane! Nam nam nam, seier eg bare!!

Me skal feire jul i lag med familien hjå dei, så eg har tenkt at me treng å trene ro. Eg må nok endre taktikk i forhold til det me forsøkte i dag, for ho er pinadø høgt og lågt, og utan band er eg sjanselaus så lenge herlige Lea er i same romet. :-)

mandag, november 17, 2008

Ein test.

Korleis få hunden din til å slutte å skrape på deg

Kor mange dempande signaler viser denne hunden?

Rottweilersong

Instruktørkurs, dag to

I dag klarte eg å karre meg oppover Fanafjellet og på kurs.Takk og pris for det, så eg ikkje mista heile helga.
Formen var ikkje heilt på topp, men ved hjelp av diverse kjemikalier tilkjørt fra apoteket på lørdag, klarte eg meg gjennom dagen.

Første og einaste praksis skulle me gå saman to og to og vera henholdsvis kurselev og instruktør. Me skulle låne hund frå Fjellanger, og dei har tilgeldigvis fått eit kull med Mallinois som nå snart er elleve veker. SMEEEEEEEEEEEEEELT!!!!!!! :-)

Dronningmoren heiter ho, og ei skjønnasjente eg må innrømme eg falt fullstendig pladask for! Ikkje så godt bilete, men ho var veldig OVERALT, så dette var det eg fekk til.

Å, så deilig det var å trene kvalp igjen!!! Eg gleder meg sjuuuuukt til neste kvalp, når enn det måtte bli!!!

Me var ute halvannan time, og resten av dagen gjekk med til foredrag og diskusjon. 

På veg heim kjende eg at eg aldeles ikkje var heilt frisk igjen, så det var deilig å ramle inn dørene heime og bli overfalt av to glade hundar som knapt har vore ute heile helga. :-) 

lørdag, november 15, 2008

Instruktørkurs, første dag.

Ja, då er snart kursdagen over, og dei som har vore der har sikkert hatt det kjekt.

Eg vakna av kvalme halv tre i natt, og har tilbrakt heile dagen på sofaen. :-( Håper ikkje heile kurset blir øydelagt for meg nå.. Dette er jo siste året opplegget er som det er, så eg får ikkje tatt ting opp igjen..

Ringte heim og skulle klage til Vetle, men han var det endå meir synd på. Han hadde det på same viset, men pluss to hundar å ta seg av.. Og far ligg nede i Hamburg med det, og Olaug hadde det i går. Jippi..

mandag, november 10, 2008

Kurs i rallylydighet. Første kveld

Etter nok ein 11 timars arbeidsdag var eg igjen avhengig av at Vetle kom til unnsetning og pakka hund og utstyr i bilen og møtte meg på treningsplassen halv seks.

Eg var nervøs og hadde sommarfuglar i magen med tanke på kor lite me har trent med andre i det siste, og i kveld skulle det jo bare vera nye mennesker og hundar. Eg hadde ikkje fortelt om Ayla og korleis ho kan reagere på folk, så klumpen i magen blei berre større og større jo nærmare me kom treningsplassen. Heldigvis var der andre hundar som laga meir lyd enn henne.

Eg hadde oppmerksomheten hennar frå me kom opp dit, sjølv om ho stjal seg til nokre raske sideblikk på dei andre. Det får ho lov til. :-)

Me begynte enkelt med kontakt og litt sittar og FVF. Då instruktøren kom bort for å sjå på oss, svikta motet mitt (igjen!), og eg ba henne stoppe opp nokre meter unna. Ayla superkonsentrerte seg, og etter ein del klikk mens eg forklarte koss Ayla har vore, fekk Ayla springe bort og helse. Ho var berre superglad og logra og såg heilt normal ut. Det var så herlig!!! :-)

Det begynte å regne, og brått var me åleine på banen. Då treiv eg fram både ballen og høna med pipelyd i, og etter det hadde eg ikkje veldig store problemer med å halde på oppmerksomheten hennar.

EG MÅ SLUTTE Å BELØNNE DET EG IKKJE VIL HA!!!!!!!!!

Eg får rett og slett bite i det sure eplet og gå litt tilbake i treninga når det gjeld utgangsstillinga til Ayla. Ho set seg så skeivt av og til.. og så retter ho seg inn sjølv. Men eg vil at ho skal sette seg beint med ein gong, kvar gong, og reint og fint.

Ellers er ein av øvelsane i Rally at hunden skal kunne begge innkomstane. Eg tenkte eg skulle øve på den me ikkje kan, og begynte å hjelpe henne rundt med fingertarget. Det funka dei fem første gongene, og så blei ho berre med halvveis rundt før ho rygga tilbake til "foran førar".
Eg tok meg ein liten tenkepause og kom fram til at Ayla måtte shapes til ein sånn innkomst.

Fekk henne til å sitte ved sida av meg, snudde meg 20 grader mot høgre, Ayla kom og satte seg ved sida av, eg snudde meg igjen, og aukte gradvis til sånn cirka 70 grader. Dette skal eg trene meir på resten av veka (når eg har tid), og så til neste mandag skal ho kunne det, har eg bestemt meg for. Eller sånn...

Heilt heilt til slutt gjekk me rundt skilta og eg klikka berre for at ho såg på meg i staden for å utforske kva ho skulle gjer med dei. Det var veldig vanskelig å stå ved sida av dei utan å prøve på ting, men å gå rundt dei gjekk betre.

I kveld var der INGEN teikn til reaksjon på folk. None whatsoever! :-)
Ho skulle fortelle eit par frekke leikande hundar at slikt er heilt uholdbart på trening, men ellers var ho Gull og Skjønnasjente og Supertrenbar Rottweiler. *glis*

Eg storgledar meg til neste mandag!!


P.S. Må trene på at ikkje alt er target... Inkludert rallyskilt!

lørdag, november 08, 2008

Etter ei tung og veldig lang arbeidsveke, var det deilig å sette på meg hodelykta og gå ut med Ayla etter at mørkret hadde senka seg.

På bølgelekstranda vår gjekk ho heilt berserk i sanden, og me kunne sjå morild i sanden der bølgene hadde vore.
Månen er klar, og vinden står rett mot land.

Ah, livet med hund er herlig!

torsdag, november 06, 2008

Rallylydighet, kvalpekurs, og ”Glad to be alive”.

Det er veldig travelt for tida, og kveldane forsvinn før eg får sukk for meg. Eg har bestemt meg for å ha mindre på timeplanen i vekene framover, så få rme sjå kor flink eg er til å halde løfter til meg sjølv.

Mandag var det teorikveld på kurs i rallylydighet.
Kurset skal gå sju mandagar framover, og eg må sei eg kjende inspirasjonen og motivasjonen kom veltande over meg for kvart minutt eg sat der. Eg visste kun kven instruktørane var (er ikkje heilt sikker på om Kristin skulle vera med som instruktør eller deltakar, men det finn eg nok ut neste mandag).
Eg telte til åtte deltakarar, og hundar frå smått (Cairn terrier) til stort (Ayla).
Kurset skal enda opp i godkjent (håper eg) konkurranse tett opptil jul, og om den blir den dagen som er planlagt, så får svigermor anledning til å vera med som cheerleader! Det hadde jo vore kjekt!

Eg får ikkje vore med på alle mandagstreningane med den andre gjengen, men vil nok ankomme litt seint berre, dei gongene treningsplassen ikkje ligg altfor langt unna Tananger.

Kristin og Ghita har starta www.agilityshop.no , og der sel dei ulike leiker, mat, godbitar, selar, band, utstyr, o.s.v. Dei hadde me bittelitt av utvalet, deriblant ein ball som liknar XL-ballen eg ikkje har fleire att av. Ayla har alltid vore heilt gal etter dei ballane, men denne her stjal ho ut or hendene mine då eg kom heim! Eg forsøkte å gå litt FVF med henne inne, og ho blei så gira, at ho holdt på å gå ut av sitt gode skinn! I ein venstrevending nappa ho til og med i ermet mitt!! Og det har aldri skjedd før! :-D Ein normal hundeeigar ville nok blitt litt bekymra ved slik atferd, medan eg holdt på å gå ut av MITT gode skinn av glede over kor god forsterkar eg hadde dratt i hus. :-D

Tirsdagen blei det jobbing til sju, og etter at eg hadde hive litt mat i kroppen, tok eg med med Ayla, ballen, kjegler og godbitar bort til lyktestolpen for å trene litt dobbelåtte slalåm og spiral. Det gjekk jo gullfint, og ballen funka knallbra som belønning! Vetle og Joey kom bort og var forstyrrelsar, og så prøvde eg ein STÅ med berøring. Begge deler fungerte heilt optimalt. Ho er treningssugen for tida, sidan det blir lite av det, og eg ser at ho verkeleg trives når me trener. Heile ho gliser frå øyra til øyra!

Onsdag var det kvalpekurs igjen, og eg måtte køyre rett frå jobb pga særdeles mykje å gjera i forbindelse med månads- og kvartalsoppgjer. Slik er det å jobbe med rekneskap.
Alle kvalpane var strålande flinke i dag også, og kvart på ni kunne eg sette meg i bilen og vende nasen heimover. Det var tåke og iskaldt på Austrått den kvelden, så eg hadde bittelitt hastverk med å komme meg heim og inn i varmen.
På motorveien gjekk det derfor ein smule fort, og ca ein km før eg skulle ta av mot Randaberg, begynte eg å kjenne ei rar risting under gasspedalfoten. Eg skrudde av musikken, men kunne ikkje høyre noko. Ristinga under foten tiltok, og eg sette på naudlysa og slakka av på farten. Avkøyringa kom, og idet eg køyrde av motorvegen, kjende eg kva som var gale.
Eg hadde punktert.
I ehm.. litt over 90 km/t…

Då var det ikkje anna å gjer enn å ringe Vetle og be han komme og redde kvelden min. :-) I mellomtida gjekk eg inn på Essostasjonen ved sjukehuset og kjøpte te og sat og var glad det hadde gått godt. Vetle kom lynkjapt ned dit, og hadde med seg alle fire vinterdekka. Han hadde tenkt at han like gjerne kunne byte alle fire når han først var i gong, liksom. Opplyst var der jo også, så han var fornøyd med alt anna enn at eg ikkje hadde satt håndbrekket på og bilen MIN ramla ned i asfalten mens dekket var av… Jaja… Slik kan det gå…

Då eg kom inn dørene litt over ti, hadde eg ikkje vore heime sidan halv sju på morgonen, så eg var trøytt og kald og sulten.

Torsdag jobba eg frå 0700 til sånn cirka halv ni på kvelden, og var regelrett skoten då eg kom heim.
Vetle derimot, han var heime klokka tre og blei møtt av to stk hundar som nærmast sprang han ned på veg til vannskåla. Kvifor? Jo, ein pose med Chili ConCarne Real Turmat hadde ramla ned frå ei hylle på hunderomet, og den hadde dei kost seg med... Eg holdt på å forkomme av gapskratt då eg fekk bilde på mobilen av ein sundriven Turmatpose. Dei må jo trudd dei hadde dødd og kome til himmelen då MAT ramla i skolten på dei! :-D
Real Turmat er jo frysetørka middagar med ørti tusen kalorier oppi, laga for turfolk i aktivitet, og det skal ein halv liter væske oppi for at det skal bli etande for normale folk. Hundar skal jo slett ikkje ha slik mat i det heile, og når det i tillegg var tørt, må dei ha blitt VELDIG tørste etter festen.

Det gjekk tydeligvis godt, og seinare på kvelden tok Vetle dei med seg på tur. Ingen fekk laus mage, dei berre gjorde frå seg eit par fleire gonger enn vanleg. Ingen av dei fekk kvelds. :-) Sånn kan det gå på ein heilt vanleg torsdag..