Viser innlegg med etiketten Rally. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rally. Vis alle innlegg

tirsdag, november 05, 2013

Tur ein vakker haustdag, og full klasse 3 bane på kvelden.

Emil syns det var på tide med ein aldri så liten skogstur igjen i dag, og eg var i grunnen enig då eg kikka ut på det fantastiske været!

Det er ei stund sidan me har vore og gått i skogane like ved huset her, så det blei ei rute me har gått ein del gonger før. Der er mykje hogstavfall, og det er veldig veldig tungt å gå der. I går hadde me sinnsjukt mykje regn, så eg tenkte at eg ville ta stevlane. Ikkje lurt. Dei er litt store i foten, og ikkje så lette, så eg sklei rundt i dei og følte dei blei tyngre og tyngre for kvar meter.

Meeeeeen, bortsett fra det, var det ein heilt fantastisk tur! Ingenting vind, og med ein deilig, glad, tålmodig Emil som var overlykkelig over å få viljen sin angåande skogsturen!
Han jumpa uti kvar ein traktorhjuldam, og storkoste seg!

Emil, som svært mange hundar, spring den vegen nasen til eigaren peiker, og i dag peikte nasen til eigaren stadig i ei ny retning pga hogstavfallet. Emil sprang først den eine vegen, så måtte eg rundt ein busk, og så sprang han den vegen, og så måtte eg over ein traktorhjulpytt den andre vegen igjen, og så sprang han i den retninga. Hans tur var nok ganske mange gonger lenger enn min. Og berre så det er sagt, så såg det nesten litt kvalmt ut korleis han utan anstrengelsar sprang opp og ned dei brattaste skrentane når eg såvidt bevegde meg framover medan eg heiv etter pusten… Men men.. så har ikkje eg fire føter, heller…

Me stansa på det høgaste punktet og hadde litt lunsj og ein kopp te, og utan å be han om å legge seg, gjorde han det omtrent samtidig som han såg at eg fant fram teen. Han har tydelegvis lært at då blir eg sittande ei stund Smilefjes

Ca halvveis klarte han å smelle kneet inn i ein stein, og hylte til litt. Han stod ikkje på foten først, men så gjekk det visst litt over, og han fauk hit og dit igjen. Etter ei stund såg eg at han hadde slått seg litt meir enn det først såg ut til. Litt som om huda på kneet hadde sprekt, og det hadde blitt eit ca 6x6x2 mm krater i huda. Eg ringte til dyrlegen og lurte på om eg burde komme inn og sy det, men blei beroliga med at sidan det ikkje silblødde, så var det ikkje nødvendig.
Eg kobla på bandet for å hindre han i å bade i fleire pyttar, så me hadde oss ein koseleg bandtur då me kom ned til vegen att. Han kan plutseleg gå i stramt band uten å trekke, og det lovar jo godt for vinteren og skigåing! Smilefjes

 

Eit par timar seinare var det duka for første trening etter dobbeltstevnet, og eg hadde bestemt meg for å teste ein full klasse 3 bane for å sjå kor det skorta. Eg var dessutan spent på korleis han ville vera på trening etter såpass lang tur i forvegen. Det plar eg aldri gjera lenger, nemleg.

Han var klar som eit egg då han entra banen, og det var ikkje rare oppvarminga som trengtes. Framande hundar befant seg i nærleiken, og eg kobla av bandet som om det var ingenting.
Vinkeltunnel og rygging er nok det me må jobbe mot når det gjeld klasse 3 skilta. Resten gjekk faktisk VELDIG bra! Forbausande bra, rett og slett!
Her på sørlandet skal det vera stevner i starten av juni, og starten av oktober, og i juni skal eg vera ein av dommarane. I oktober, derimot, då skal me hyre inn utanfrå igjen, så då skal me I ALLE FALL konkurrere igjen. I klasse 3.

Emil var berre ute ein gong på treninga pga kneet, men eg merka ingenting på han der og då. Då han kom heim slikka han litt på det og halta litt etter kvile, så han skal få ein roleg dag i morgon, tenkjer eg. Til helga skal eg og Vetle til Oslo i forbindelse med at eg skal representere NRL på representantskapsmøte hjå NKK på lørdag, og då skal svigermor vera her og passe dyra. Då er det greit om ikkje Emil halter og må ha stell og sånt.. Smilefjes

SAM_0844
I mangel på anna, fungerer traktorhjulpyttar utmerka som badedam!


SAM_0846
Lunsj med dagens blidaste Emil!!



SAM_0848
Fine deilige Emilen min!!!


SAM_0849
Emil får slikke skåla rein. Alle må få!

SAM_0855
“Du och jag, Emil. Du och jag”    

 

 

SAM_0869
Til vinteren vil denne ferdigheten gjera det mogleg å prøve skiløypene igjen, og ikkje berre skogen og skaren!


Og til slutt ein liten videosnutt av kor glad Emil blei i dag…

tirsdag, april 23, 2013

På tide med ei oppdatering.

20130421_160031_resized
Det går nærmast år og dag mellom kvar gong eg blogger for tida. Det er utelukkande fordi laptopen min ikkje er heilt i form. Den har ikkje vore det i lange tider nå, så eg kan ikkje ha den på så lenge om gongen. Den vil ikkje lade når den står på, og batteritida er ikkje VELDIG lang.

Uansett.
20130413_125550_resized

Det har gått ein månad sidan me tok farvel med Ayla, og denne tida har vore mykje lettare enn me frykta på førehand. Eg trur me rett og slett sørga frå oss medan me hadde henne her. Dessutan har det vore mykje bekymring og påpassing og hensynstaking, kanskje meir enn me har vore klar over.
Saknet er VOLDSOMT, men lettelsen over at ho nå har det greit er også stor. Og eg er glad for å sleppe den tunge sorga eg frykta ville komme.
20130326_181508_resized

Me har vel bestemt oss for at me vil ha EIN hund nokre år nå. (eller til eg ombestemmer meg) Det skal også seiast at det har vore enklare å gjera ting i lag med Emil den siste månaden. I påska, for eksempel, kunne me på impuls dra til Risør på familiebesøk, og den eine kvelden var det ikkje mindre enn ni vaksne folk inni ei lita stove, og Emil var heilt kul. Han låg og sov midt på golvet, lot seg klappe og klø på og klemme på og alt var bare greit. Han roa seg greit om natta, og fekk bli med på tur med søskenbarnet til Vetle og mannen hennar. Utan oss! Rapporten då dei kom att, var at han hadde vore grei å ha med på tur, ikkje drege for mykje i bandet, vore flink og gått bak ned ein veldig bratt sti, uinteressert i folk, og så hadde han kjefta på ein boxer dei passerte. 20130413_140440_resized

Emil har klart seg fint åleine heime, og me har vore ute og trent på eigahand og i lag med rallygjengen. Eg har til og med holdt eit lite intensivkurs for rallygjengen før stevna våre nå på lørdag! Seks ekvipasjar over to kveldar der me har jobba med pirk og forstyrrelsar.
Siste kvelden var i går, og etter at kurset var over, bestemte eg og Marit oss for å hyre inn utanbygds dommar til stevna i oktober, så kan eg også konkurrere.
Jepp, Emil skal i ringen igjen. Så har eg sagt DET.

Treningslysta har så smått begynt å kome tilbake, og me har stort sett vore nede og trent eit par-tre tirsdagar kvar månad i år. Me hadde meldt oss på eit shapingkurs, men det blei avlyst pga for få påmeldte.

Planen framover no er å få trent på å passere hundar ned til treningsområdet på klubben, og ha han laus med andre hundar tett på, og starte å lære inn dei momenta som han ikkje har inne frå dei andre klassane. Han har jo eigentleg opprykk til Klasse 2, og me starter nok muligens der dersom eg føler at han er klar for å gå heilt utan band.
Dersom han får opprykk til Klasse 3, vil me prøve oss der på det andre stevnet. DET hadde jo vore artig! Smilefjes

20130421_172616_resized
Emil held auge med ei linerle som har slått seg til ro i den eine fuglekassa vår.

lørdag, mai 12, 2012

Ei kosestund ved området til hundeklubben

Det er ei veke igjen til eg skal dømme to konkurransar i Bø, og etter tips frå ein ven på Facebook, reiste me ned til klubben sitt område for å teste banar i dag. Vetle, Ayla, Emil og eg.

SAM_2908

 

Det første settet med banar fungerte perfekt! Eg trengte ikkje flytte på ein einaste skilthaldar, og alle avstandar var heilt passe.
Emil og Ayla fekk bli med og teste litt:
DSC02151
DSC02169

 

Det neste settet banar var ikkje fullt så perfekt, men med bittelitt justeringar kom det seg, det også. Her testa eg hinderhopp med begge hundane, og i mangel på skikkeleg hinder, nytta eg den samanleggbare tralla eg plar bruke til skilthaldarane:

Ayla hopperEmil hopper

Medan eg tenkte og funderte og bygga banar, gjekk hundane rundt og leika med ballar og fyrtårn og fekk seg eit par godbitsøk.

Då eg var ferdig med “jobben” min, skulle med ned til Vennesla for å handle litt, og Emil sovna før det hadde gått fem minutter. Han slapper veldig godt av i bil, med andre ord. :-)

 

Til slutt testa eg forresten ein sikksakk mellom beina med Ayla, noko ho ikkje har trent på på lange tider, men sjå kor fint ho går!

mandag, mai 07, 2012

Konkurransetrening

I dag på trening hadde eg bestemt meg for at eg ville ha konkurransetrening. Eg ville prøve å få det så likt konkurranse som mulig, sånn at eg også kunne få kjenne litt på nervøsiteten og prøve å jobbe meg gjennom det og få kontakt med Emil i ei anna sinnstilstand enn eg vanlegvis er i.

Eg bygde bane provisorisk, noko som gjorde den ukjent for oss alle tre. Under briefing kjende eg at eg blei meir og meir nervøs, og det var jo heile poenget. Eg fekk sommarfuglar i magen, og grua meg samtidig. I dag var me nemleg ikkje åleine på området, me delte det med fire-fem spanielar som trente apporttrening.

Først ut var Marit og Lotte, og dette gjekk skikkelig bra!  Mykje betre kontakt enn før, og omtrent ingenting snusing!

Så var det Monika og Hera, og dette gjekk også veldig bra! Litt skeive sittar, men mykje betre enn før, det også! Og medan Monika og Hera gjekk banen, var Lotte forstyrrelseshund for Hera.

Då det var vår tur, skulle både Lotte og Hera halde seg like i nærleiken, slik at eg fekk trene på sånt, og Hera låg bunden i lyktestolpen, medan Lotte rusla rundt litt i lag med Marit.
Eg gjekk og henta Emil rett frå bilen, utan at han hadde vore nede og kikka kven som var der først, og leikte med han med ein gong han kom ut. Han ville leike, og han ville (sjølvsagt) ha godbitar. Me fekk leikt oss ned til banen, og eg merka berre BITTELITT til at Hera og Lotte befant seg nært oss. “Dommar Monika” ønska oss velkommen til konkurranse, og idet me passerte STARTskiltet, var det berre meg og Emil i heile verda. Han følgde fint og var med meg heile tida, og sjølv om han var klar over kor spanielane var og sprang etter apportane sine, var han heilt fokusert på meg. Me måtte repetere ein Sitt foran, for eg gløymde måten å få han fram på.  Han hadde dessutan ein ekstremt skeiv sitt og dekk, men det trente me vekk innan det var tid for å gå runde nummer to. Medan eg spelte dommar i banen for dei andre, stod Emil bunden til lyktestolpen utan lyd, og utan masing og var berre flink og kjekk og skjønn.

Det skal seiast at me har vore og gått tur på ukjend stad kun kort tid før kveldens treningsøkt og på den turen fekk han springe ned til ei strand. Der vassa han nokre meter før lysta overmanna han og han stuuuupte ut mot djupna og svømte rundt og koste seg. Så kom han inn til lands igjen, kikka opp på meg og såg at eg ikkje hadde dårleg tid, og så snudde han seg og hoppa uti vatnet igjen og svømte og koste seg før han spurta opp skråninga til meg så fornøyd og blid og glad som berre han kan vera   :-) Skjønningen og flinkingen min!

Etter kveldens trening kjenner eg meg ikkje fullt så uroleg for debuten vår i Bø, for Emil er skikkelig flink. Han er det. Det er ikkje å komme fra..

tirsdag, mai 01, 2012

Den flinke hunden min…

Lørdag var det duka for Sørlandets aller første Rallystevner, og eg skulle dømme begge to. Det var dei første stevnene eg skulle dømme heilt åleine, men alt gjekk heilt greit. Av totalt elleve startande i begge stevnene tilsaman, var det berre to diskar. Det tyder på både enkle banar og greiare reglar etter den gode jobben me i arbeidsgruppa gjorde ved årsskiftet.

Me hadde fint vær og fornøydde startande, og då kan ein vel ikkje forlange meir :-)

Etter at stevnet var over, tok eg ut Emil for å gå den siste klasse 2 banen. Det sat hundar ute, men han ensa dei ikkje eingong! Han var fullstendig fokusert på meg, og etter å ha gått banen UTAN BAND)  ein gong – og oppdaga eit par ting me må trene meir på – fekk han tennisballen som belønning og kunne springe rundt og tygge på den uten at eg var redd for at han skulle springe vekk fra meg!

Her er ein liten snutt frå den treninga:

 

Søndag var me på besøk hjå Tove i Grimstad, og gjekk tur langs sjøen der. Det var spennande, syns Emil, og var rolig og fin resten av kvelden. Han har blitt SÅÅÅ flink til å gå opp og ned trappene hos svigermor nå. Tidligare har han bare stuuuuupt utfor trappa på lykke og fromme og håpt at han skulle lande trygt, men i går gjekk han konsentrert trinn for trinn, og var FULLSTENDIG fornøyd med seg sjølv då han kom ned!

I dag var det mandagstrening igjen, og Emil har vore svært lydhøyr i dag. Han har bjeffa på ALT av lydar og innbilte saker, og eg hadde ingen som helst forventningar til kvelden. Eg tenkte at om han kan sitja i buret og kikke på dei andre utan lyd, skal eg vera nøgd.

Vel, me fekk trent på:
* Ruta med STÅ
* Innkalling med STÅ fra buret
      Eg har aldri trent dette frå buret før, berre i sitt og bli, og eg har alltid brukt handa til å late som om eg skal hive ball til han medan eg har ropt TÅ! I dag testa eg for aller første gong å berre rope TÅ etter konsultasjon med kloke treningskameratar, og jaggu pinadø stoppa han tvert!
Inn i front fra utgangsstilling
* 1,2,3 steg bakover (Rally klasse 2)
* Og pinadø mota eg meg opp til å spørje Ingrid og Monika om ein fellesdekk der Emil fekk ligge i midten!
Me klarte jo fellesdekk med normal avstand der me låg i enden for et par veker sidan, og denne kvelden var avstanden 4 meter ca. Men eg skal også føle meg komfortabel med det som skjer, og sjølv om han var veldig snusete bort mot Hera, forsøkte han aldri å reise seg eller lage lyd. Åh så stolt eg blei av meg sjølv då! :-)

Då treninga var over, sa Ingrid at eg kunne få gå sporet ho hadde lagt til Nitro før treninga starta, for han hadde fått trent nok, så då fekk me eit 3,5 timar gammalt spor med to pinnar og ei leike i.
Eg tvilte på han ville plukke pinnar, men kanskje han ville stanse opp litt ved dei..
Neida, han plukka den første i munnen, og så fekk eg belønt med pelsleika hans, og då han kom til leika, plukka han den og me leikte. Den siste pinnen låg som slutt, og den leita han faktisk etter og plukka den også!

Han var veldig enkel å lese i dette sporet, og på tørt fjell konsentrerte han seg VELDIG! I tillegg til at han var heilt topp i sporet, fant han sjølv ut kor sporet starta.

Mine fokuspunkt i sporet framover er å stoppe han når han vaser ut i sidene med høg nase, og GÅ SEINARE ENN HAN. Dette funka fint i dag.

Tenk, for ein luksus å få eit spor  levert nesten på døra slik!  :-) Og eit som gjekk SÅ godt!

mandag, april 16, 2012

Førebuing til rallydebut.

Dei siste to vekene har me ikkje fått trent halvparten så mykje som eg hadde likt, for me har hatt besøk, og eg har vore SKIKKELEG sjuk.

Søndagen etter me tok farvel med Legolas, gjekk eg og Emil frå litt nedanfor Jeppestøl og over til hundeklubben sitt område på Grovane.image

På kartet såg det ut til at turen skulle vera rundt fire km, og stort sett på traktorveg, og eg trudde me skulle bruke eit par timar, MINST, før me var framme.

 

 

 

 


Vetle og Ayla blei med eit kort stykke før dei snudde og rusla tilbake til bilen. Ayla hadde IKKJE lyst til å la meg og Emil gå avgårde utan at ho fekk vera med, men så snart me var ute av syne, var me visst gløymt.

SAM_2747
SAM_2748
SAM_2749
SAM_2753
SAM_2758
Turen tok berre ein time og ti minutter, og eg kjende meg rett og slett litt snytt over at den ikkje varte lenger. Eg får finne ei lenger rute neste gong, og så ha med meg kart og kompass då også.

Neste dag var eg på veg nedover til Sørlandsparken då eg fekk telefon frå Lea. Om eg hadde lyst til at ho skulle ligge hjå meg dagen etter. Eg juuuubla og hyyyylte og Lea fniste og lo i andre enden og syns eg var løyen når eg hylte sånn.

Forrige gong me hadde besøk av Olaug og gjengen, gjekk det ikkje så bra å introdusere hundane for kvarandre. Mimi var inne i ein periode der det meste var skummelt, og det syns Ayla og Emil var ganske teit av henne.
Derfor hadde me bestemt oss for at denne gongen skulle det gå greit. Eg sat ute i hagen då dei kom, og hadde Emil i band. Olaug slapp ut sine hundar og dei sprang rett bort til Emil. Han busta litt, men var berre interessert og spent. Ikkje noko anna.
Då alt hadde roa seg med desse, bytta eg hund, og Ayla kom ut. Det gjekk også greit, så då kunne me rusle inn, alle saman, og idyllen var eit faktum. Alle fire hundane roa seg på kvar sin kant då kvelden kom, og både inne og ute på tur oppførte dei tre yngste seg som om dei var fødd og oppvaksne saman.

SAM_2783
Emil og jentene på tur

SAM_2792SAM_2797
Siste dagen av besøket hadde eg lova Lea at me skulle ta med My Little Ponyane opp i skogen og leike, bare eg og henne. Og snille Lea syns det var heilt greit at Ayla fekk vera med. Me hadde med oss litt saft, sjokoladekake som svigermor Tove hadde bakt, og gode snadder godbitar til Ayla. Alle må jo få!
Me koste oss godt, alle tre!



DSC01974
Her er me, heile jentegjengen – og Emil. Lea, eg, Emil, Ayla, Olaug, Mimi og Thassie.


DSC02013
Emil var flink med dei to små, sjølv om Mimi syns han blei VEL stor av og til. Det gjekk seg til, og Mimi blei modigare og modigare. Både Ayla og Emil er forholdsvis rolege hundar (så lenge ingen leiker med kvarandre eller eigaren sin), så for Mimi trur eg det var ein veldig god erfaring å få med seg.

SAM_2802
Dagen etter såg det slik ut her


Den dagen sat eg ved symaskina og sydde forkle til Olaug til bursdagen hennar, og Påskeaften var me på besøk hjå Vetle si slekt i Risør. Søndagen blei eg nærmast dausjuk, og eg er endå ikkje heilt kvitt det. Hostar og harkar og er sliten i kroppen.
På tysdag skal me køyre til Oslo på føremiddagen, gå på Michael Buble konsert halv åtte i Oslo Spektrum, og etterpå skal me køyre heim att. Planen var eigentleg noko heilt anna, men sidan eg blei så sjuk, måtte me endre litt på oppsettet.

Vekene har med andre ord gått fortare enn svint, og det er berre ein månad att før rallydebut i Bø.

Planen er å gå Klasse 1 lørdagen og få opprykk til Klasse 2 til søndagen.
Det eg VEIT me må jobbe med til dess er:
Holdtar – han må setje seg KVAR gong, og ikkje legge seg. Han må setje seg beint.

Klasse 1 øvelsane har han inne, der frykter eg ingenting, og det gjer eg vel forsåvidt ikkje i Klasse 2 heller, men setter likevel opp denne lista:

201 8 TALL – MAT
Her må me trene med metallskåler, for han har ein manisk tendens til å plukke opp alt som kan likne på metallskål fordi han får maten sin i metallskål, og når han er ferdig å ete, plukker han den opp og leverer den til oss.

203 STOPP - GÅ IFRA – INNKALLING
204 SNU OG KALL INN
Denne skal ikkje by på problemer, men må trene på at han kjem inn i front.

209 STOPP - VRI 180 GRADER – HØYRE – STOPP
210 STOPP - VRI 180 GRADER – VENSTRE – STOPP
211 STOPP - FRA SITT - HELT OM HØYRE OG FREM
212 STOPP - FRA SITT - HELT OM VENSTRE FREM
Alle slike bakpartskontrolløvelsar går gullfint, og han er nydeleg å sjå på!

213 SITT FORAN - 1,2,3 STEG BAKOVER
Skal heller ikkje by på problemer, men må trene på at han følger meg og setter seg i front.

214 SEND OVER HOPP
Dette må me få trent litt på, og heldigvis har eg hinder sjølv. Men hadde vore fint å få trent med skikkeleg agilityhinder. Kanskje eg kan ta han med ned til Strømme 28. april og trene etter konkurransen er ferdig.

215 STOPP - LØP I FRA – KALL IN FORAN I FART
Dette kan han, eg må bare trene litt på at han sit i ro når eg spring fra. Få belønne han GODT for det.

216 STOPP – SITT – SPRINGMARSJ
Ingen problemer

217 STOPP - HØYRE SKRITT – STOPP
Ingen problemer

218 HELOMVENDING – VENSTRE
Ingen problemer.

I tillegg til dette, må me få trent på at det vil finnast andre hundar i nærleiken, og så må eg hugse på følgande før me skal inn i ringen:

  • Varme godt opp med leik og GODE godbitar
  • Ha tru på at han vil klare brasene
  • Ordne med SKIKKELIG god belønning som Emil kan få i hytta etter endt konkurranse, og ha klar fyrtårnet som leikebelønning umiddelbart etterpå.

onsdag, mars 21, 2012

Emil sitt første forsøk på ein klasse 2 bane!

I går kveld var det tid for rallytrening igjen, og sidan det berre var Marit og eg som skulle trene rally, fant me ut at me ville setje opp ein klasse 2 bane. Eg hadde med meg to skåler utan netting, og heilt tilfeldigvis var det 8 tal i banen Marit hadde med!

Følgande øvelsar har ikkje eg forsøkt med Emil før:
8 tal
Stopp, steg til høgre, stopp.
Sitt, gå i fra, kall inn i fart
Helomvending venstre
Sitt, springmarsj
Stopp – fra sitt – heilt om og fram

Det var ein hund i nærleiken, og eg valde difor å ha på seletøyet, men vågde å gå utan band. I og med at det var trening, valde eg dessutan å belønne.

Alt i alt syns eg det ser særdeles vakkert ut, og syns Emilen min er veldig veldig flink Smilefjes

I kveld var det litt lyd frå han då det kom ein varebil på parkeringsplassen, type brumling og busting og sånt, og litt piping frå buret når eg agerte dommar i banen for Marit. Alt i alt var det endå ei god treningsøkt med min nye Emil.

mandag, mars 12, 2012

Ein ny Emil har dukka opp…

Frå før av har me jo Mister Brumlebasse, Operasongaren, og nå har altså ein ny Emil dukka opp. Andre har nok sett han tidlegare også, men ikkje eg, av ein eller annan grunn. Eg trur nok at samtalane i Drammen hadde sitt å seie på at eg i dag opna augene mine for …. Emil den Fantastiske!

Me skulle ned og trene i lag med rallygjengen i dag, og der visste eg jo at det ville kome ei høgløpsk tispe. Det eg ikkje visste, var at det skulle komme TO løpske tisper.

Medan me sette opp banen, hadde eg Emil i bur ute, fordi eg då kan ha litt meir kontroll på kva som skjer når han skal trene.

Eg tenkte at eg hadde lyst til å sjå om det var nokon forskjell på før og etter at løpetispene hadde gått, så eg meldte meg frivillig til å gå banen først. Det var ein full bane, eg husker ikkje kor mange skilt det var..
Eg inviterte han ut or buret og rett i leik. Han hang fast, som vanlig, og me kunne raskt gå litt lineføring og litt holdtar. Då eg følte me hadde god kontakt, starta eg, med Marit i banen som dommar. Han gjekk som ein GUD!! Eg gliste meg gjennom nesten heile banen til me kom til der “publikum” stod. Då nølte han med å sitje, men eg kan ikkje seie om det var pga publikum eller hunden som var bak dei. Sannsynligvis hunden. Me jobba oss gjennom det, og avslutta med heftig leik bort til buret.

Så gjekk alle tispene, både løpetisper og ikkjeløpetisper, og så var det Emil sin tur igjen.

Dei første to skilta gjekk greit, men så merka eg at eg gjekk og venta på at det skulle gå gale, og gjorde derfor bare gale ting. Eg gjekk berre og venta på at han skulle sette snuten i bakken og bli der. Og så skjedde det. Han blei heilt hinsides fortapt i å snuse der dei andre hadde hatt rumpa i bakken, og eg fekk han ikkje i leik med hverken den rød pelsedingsen ELLER fyrtårnet ELLER pipeballen. Han skulle bare snuse!
Då eg såg at det eg prøvde ikkje funka, fant eg ut at eg skulle forsøke å seie nei, og så belønne kontakt. Det funka faktisk, og eg starta på nytt. Då gjekk han kjempefint, og eg mista han bare i bakken eit par gonger etter det. Då han klarte å ligge der tispene hadde lagt, UTEN å snuse, heiv eg fyrtårnet avgårde der eg visste ingen av tispene hadde gått, og der og då gjekk det opp for meg kor flink han egentlig er! At han klarte å jobbe med meg, endå han VISSTE at det låg godlukt der ute i banen, var tydeligvis det eg trengte for å innsjå at han er Emil den Fantastiske! Nå må eg berre trene vidare på at det er andre hundar ute medan med går banen, for det vil me jo garantert oppleve i ein konkurranse.

Men kvelden har gitt meg ein SJUKT god følelse for tida framover! Torsdag er det LP trening, og då skal eg også vera modig! :-)

Aha opplevelsar i fleng!

Denne helga har eg vore i Drammen på Appetitt Hundefestival. Først og fremst fordi eg ville sjå korleis det ville bli å dømme etter at dei nye reglene i Rally kom 1. mars. Eg hadde derfor printa ein haug med kritikkskjema av den nye typen, sånn at eg kunne sitje ved ringen og tørrtrene til eg skal dømme dobbeltstevne i Kristiansand den 28. april og også to stevner i Bø 19. og 20. mai.

I tillegg visste eg jo at Nina og Ember skulle debutere i LP Klasse 3, og at Irene og Quizz skulle gå både Rally og Agility. Bare bonusar, altså :-)

SAM_2553Lørdagen benka eg meg ved ringen, utstyrt med termos, kritikkskjema, reglement, pledd og strikketøy. Jepp, strikketøy.  Skal strikke meg genser, nemlig. Sånn litt utenom det blogglinnlegget egentlig skal handle om, så bytta eg til meg dette mesterverket:

Eg sydde sovepose til Gerd Marit si Cora, og Gerd Marit spesialstrikka genser til meg. Eg syns jo eg gjorde DET kuppet, men Gerd Marit var visst fornøyd, ho også, og det var jo kjekt :-) Eg slengte med eit halsband også til Cora, så eg ikkje skulle føle at Gerd Marit blei så VELDIG lurt..
Eg har aldri strikka noko større plagg enn ei hue, og genser har eg alltid tenkt ville bli altfor mykje arbeid for meg. Dessutan strikker eg ikkje fint.
No skal eg altså strikke meg ein genser likevel, og har spurt svigermor Tove om hjelp når eg kjem så langt som at eg MÅ følge mønsteret. Min genser skal bli brun og kvit, og vil aldeles ikkje bli i nærleiken så fin som denne grå og rosa skjønnheten, men det vil vera EG som har strikka den, så det så! :-)
SAM_2520
Soveposen til Cora




Så, tilbake til helga og ting og tang som eneleg datt på plass og sank inn.

Det å sitja ved ringen og berre observere, slik eg har gjort i helga, har vore utruleg lærerikt for meg. Eg har observert deltakarar som stadig blir meir og meir nervøse desto nærmare deira tur det blei, og korleis den minste litle detalj var verdt å henge seg opp i og bli pessimistiske over.
SAM_2601
Briefing i RL Klasse 3


Eg har observert at som stevnearrangør vil eg stå på for at hundar som sit ved ringen  og som ikkje skal konkurrere får tilsnakk om dei heile tida bryt ut i krangling med andre hundar. Ja, altså, det er ikkje hundane som skal få tilsnakk, men eigarane. Det var ein del hundar som blei ganske forstyrra av hundekrangel utanfor ringen, og det er FORTVILANDE for den som går konkurransen sin der og då.

Som dommar er det nyttig å sjå korleis andre dommarar bygger sine banar og korleis dei har planlagt desse. Nye idear til banebygging, og eit par små detaljar som eg vil forsøke å  IKKJE bruke i mi eiga banebygging.

Dei nye reglene var slett ikkje vanskelege å hugse på, og særleg på vri-øvelsane var det maaaange som ville ha diska, men som i staden fekk IT – 5 poeng.
Fleire diska dessutan seg sjølv, utan at det dei hadde gjort ville føre til disk. Ikkje så lurt…

Det som nok var aller mest betydningsfullt for meg og mi eiga trening med Emil var at eg innsåg at me KAN starte i konkurranse uten at alle atferdsting er på plass, for eg veit jo at eg kan halde på fokuset hans, og at han konsentrerer seg om meg når han jobber.
Han kan det han treng for å starte i Klasse 1 RL, og det er ikkje mykje som manglar i Klasse 2 RL, heller. Difor har eg bestemt meg for at me skal starte i Bø. 19. mai. Jepp, nå har eg sagt det.

Eg har vore veldig heldig med både Joey og Ayla, for dei konkurransane eg starta i med Joey, gjekk alltid veldig bra. Det same gjaldt med Ayla. Eg har nok difor satt vel høge forventningar til både meg sjølv og Emil. Det ER ikkje krise om me disker eller ikkje får direkte opprykk. Eg er ikkje ein dårlegare dommar eller instruktør av den grunn. EG tenker jo ikkje det om andre dommarar og instruktørar som ikkje får 200 poeng! Men eg tenker slik om meg sjølv! Det er jo bare tull! Ka då da om me disker?  Ka då da om han bjeffer? Eg VEIT jo at det går fort over, og at det ikkje stikker så djupt.
I helga såg eg mange som jobba hundane forbi vanskelege situasjonar, eller som måtte gå med strame band når dei passerte andre hundar. Og det var ingen som såg skeivt på dei av den grunn.

Eg må bli mindre sjølvhøgtideleg, meir vågal, og gjera det eg trass alt liker veldig godt å gjera: Konkurrere!

Eg skal difor ut og trene blant folk og andre hundar MINST ein gong i veka, og eg skal verkeleg jobbe med han om det dukker opp uventa forstyrrelsar. Jepp, dette skal me få til! Og me starter i dag, på rallytrening ved kyrkja i Vennesla, der Lotte, som er i full løpetid nå, også skal trene! Me har ikkje trent i lag med løpetispe endå, så dette blir spennande!

SAM_2610
Ember med bursdagsbandet sitt på. Det passa perfekt! :-)

Og så har eg fått meg tegnebrett. Elektronisk som skal koplast til dataen, og kan nå lage slike kule bilder:
Prinsen EmberKari anne og emilimage

onsdag, juni 08, 2011

Siste stevne som dommarelev.

Mandags føremiddag sette eg meg og alt utstyret mitt i bilen og vendte nasen oppover mot Stavanger. Eg hadde to puter under armen for å forhindre altfor masse vondt, og det funka gullgodt!! Camilla Läckberg si lydbok: “Havfruen” førte meg raskt og greit opp til Ålgård og middag hjå Olaug, før me køyrde ut til Sola Vgs og traff Ghita halv sju. Banen blei satt opp i høljregn, og sjølv om eg flytta nokre skilt vekk frå dei verste bekkene, hjalp det ikkje så veldig.

Note to self: forsøke så godt eg kan å ordne grusbane til konkurransar.

Å halde paraply med to brudd i armen kan ikkje anbefalas. Skriveplata kom til nytte denne kvelden også, og Olaug var uvurderlig hjelp denne kvelden. Ho pilte til og stod til rådighet kvar einaste gong eg trengte hjelp, om det så var å halde paraplyen medan eg fann noko i bilen. Heilt fantastisk!!

Det blei nokre diskar denne kvelden, og på veg heim tenkte eg at eg nok syns det er FOR enkelt å diske, noko eg nok kjem til å ta opp ein gong det passar seg slik. Eg har lest dei svenske reglane for Rally, og der er det mykje vanskeligare å diske. Nokre av våre diskar kunne kanskje heller vore større poengtrekk i stadenfor disk.

Ghita og mine vurderingar i banane er nok ganske like, så eg er endå meir trygg på dømming nå etter Bø helga enn eg var før det.

SAM_1297
Ghita og eg i strålande dommarhumør      :-)

 

Då klokka var eitt om natta var eg heime igjen, og eg skal innrømme at eg var dønn sliten og armen verka temmelig grundig.

Dagen etter skulle eg til kontroll på sjukehuset, og denne legen kunne fortelje meg at litt av årsaken til at eg har hatt så vondt, er at gipsen ikkje har gitt nok støtte. Mhm…. Nok ein gong har eg altså fått bekrefta at eg ikkje berre er pysete. Det seier seg sjølv når gipsen ikkje har gitt nok støtte.

Tirsdags morgon klarte eg endelig å bruke to hender på tastaturet igjen, så nå blir det kanskje litt fleire oppdateringar i bloggen. Juhu!!

Her er forresten linkar som omtaler stevnet på mandag:

http://gunnasheim.blogspot.com/2011/06/garsdagen.html
http://corasblogg.blogspot.com/2011/06/svenska-flaggans-dag.html
http://tyewed.blogspot.com/2011/06/rallystevnet-6-juni-2011.html
http://rallylydighet.blogspot.com/2011/06/resultater-fra-rally-lydighets-stevnet.html


Video av Cora og Gerd Marit:

Klasse 1 06.06.2011 Gerd Marit og Cora

Video av Embla og Gunn:

Klasse 1 06.06.2011 Gunn og Embla

mandag, mai 23, 2011

Dommarelev i Bø

Den opprinnelige planen min var å reise på hytta på fredagen, så til Bø på lørdagen for å sjå på Marit og Vinja gå konkurransane sine den dagen, og så vera hjelpedommar dagen etter på begge stevnene. Vetle skulle på kurs på lørdagen, så han og Ayla skulle komme opp etter at han var ferdig.

Men så brakk eg altså armen og måtte endre desse planane. Dermed blei eg nødt til å vente til lørdag med å reise opp til hytta, så Vetle kunne vera sjåfør for meg. Men først måtte me finne ei lur løysing på korleis eg skulle kunne notere på kritikkane. Eg kan nemleg ikkje nytta venstrearmen til noko endå. Saman kom me opp med denne ideen:

 

Før me var komne til Evje, hadde eg så vondt i armen at eg hadde mest lyst til å snu! Eg hadde aldri klart å køyre sjølv…

Lørdag morgon var me oppe klokka seks, for det er halvannan time å køyre til Bø frå hytta. Klokka sju sat alle fire i bilen, og ti over halv ni var me framme på Sanda Camping.
Der var banen allereie satt opp, og då eg hadde ordna meg til med innretningen min, var det tid for briefing i Klasse 1. Innretningen funka fint den, og i løpet av dagen fikk eg mange kommentarar på kor genial den var. Eit par gonger gløymde eg meg ut, og forsøkte å hindra ark i å blåse vekk med vinden – med den gipsa handa, og slikt kan verkeleg ikkje anbefalast!!

Eg fekk dømt  alle klassar i dag, og eg må sei at det var ekstra kjekt å vera med å dømme Marit og Vinja til 198 poeng på det siste stevnet. For ein flott innsats!

I tillegg fekk eg dømma ein svaksynt deltakar med hjelpar i Elite, og ein i rullestol i Klasse 1. Det var eit par justeringar som måtte til i banane, men elles tykkjer eg det gjekk glatt.

Bø og Sauherad Hundeklubb var arrangør og frå min ståstad var alt veldig velorganisert! Hovuddommar Irene Rogstad Heggen var også nøgd med korleis BSH hadde lagt opp til desse fire stevnene. Klubben veit også korleis dei skal stelle fint med dommarane, for då eg gjekk bort til kiosken for å kjøpe ei pølse, fekk eg beskjed at sidan eg var dommarelev skulle eg få det gratis! Juhu for dei små gledene i livet!!  :-)

Dagen sett under eitt har vore svært lærerik for meg. Eg har fått diskutera litt med Irene, som er ein veldig flink dommar, eg har fått sjå andre måtar å teikne banar på enn Ghita sine og mine – for eksempel at visse skilt er vanskelege når dei står i ein viss kombinasjon, eg har fått tips om kva eg skal hugse på når eg skal lære Emil momentene i dei høgare klassane (for eksempel at ved fremadsending til kjegle, kan det være lurt å trene på at visse hinder kan  stå like ved, og at han likevel skal gå til kjegla og ikkje hinderet), at å dømma eit rallystevne med eit tredagar gamalt armbrot er ganske smertefullt, og mykje rundt det å vera hoveddommar på eit større stevne.
Dei tinga me lærte på dommarseminaret i januar og som eg dengong ikkje hadde erfaring til å forstå den fulle betydninga av, detter på plass for kvar gong eg får anledning til å dømma.

Eit par hendingar som Vetle ikkje fekk fanga med kameraet, var ein liten Staffordshireterrier som la seg strekk ut på magen med bakbeina bakover då matmor sa Dekk, og rottweileren som heiv seg rundt på rygg i ein heftig ryggklø-på-plenen-session ved øvelsen Dekk-Gå rundt. Begge hundane fekk oss alle til å flire godt! :-)