mandag, februar 26, 2007

Mandag. Fellestrening.

I dag kom eg bittelitt seint pga visning, og ante ikkje kva eg skulle trene på. Hilde og Veslemøy var dei einaste som var der då eg kom, men eg visste at Ellen Beate skulle komme litt seinare.

Eg bestemte meg for å trene på stå i for foran meg uten å tilby saker og ting. Håpte at eg skulle komme så langt at ho kunne stå i ro i to sekunder, for ho har ein tendens til å tilby allslags på ganske kort tid. :-)

Då Ellen Beate kom, blei me enige om å trene to og to, og det blei meg og EB som skulle trene i lag.

Då det var Ayla sin tur til å komme ut, pilte ho rett bort til Ellen Beate og bjeffa og glefsa og var heilt rabiat... neida... ho smiska og helste så fint, atte. :-)

Eg tok først innkalling... trur eg... etter litt kontakt... og så lot eg EB holde Ayla mens eg gjekk ifra. Dette gjorde me to gonger, og farten og alt var som vanlig perfekt.

Så begynte eg å trene stå. Eg følte kriteriene blei auka suksessivt, og EB holdt følge med koss eg klikka. Eg ville ikkje gjer det for jevnt, så der blei eg pirka litt på. Fort gjort å falle inn i ein viss rytme, merker eg...

Ayla var kanonmed under heile kvelden, syns eg, og me kom så langt at ho tilbydde stå mens me gjekk bakover!! Eg kunne også få henne til å stå og gå fra ca to meter før eg klikka og kom tilbake med godbit til henne. Eg hadde vel aldri trudd eg skulle komme så langt at ho tilbydde stå under baklengs marsj, og hadde rekna med å bruke eit par veker på å komme dit! OMG, liksom!

Me hadde eit lite uhell som egentlig gjekk heilt greit for Ayla sin del. Buddy, hunden som Veslemøy trente, hadde fått belønningen sin; ein kong med bjelle inni som blei kasta avgårde og som Buddy sprang etter. Dette syntes Ayla såg så kjekt ut at ho også ville vær med, og sprang altså bort dit og ødela belønningen for Buddy. Det blei yr hilsing før me fekk kvar sin hund til kvar sin kant.

Heilt til slutt trente me litt fellesdekk, men Ayla var så flink at eg kjapt gjekk tom for godbitar. Då gjekk me bare vekk litt og stod og kikka på dei andre.

Det virker som om det fungerer best for Ayla om me velger EIN ting å trene på, så om eg bestemmer meg for dekk ein kveld, så bør eg ikkje blande inn stå og sitt og fri ved foten og sånt. Eg kan ta litt innkallingstrening heilt til å begynne med, og så trene dekk og heller auke kriteriene for kvar gong det er vår tur. F.eks at me begynner med dekk fra sitt i front, går over til å klikke for dekk fra stå i front, så dekk under marsj, og så kjappe dekk under marsj, og så må eg lese i boka om kor eg skal ta det derifrå. Men i alle fall ein ting om gongen ser ut til å fungere gullfint.



Eg merker at det gjer godt å vite HD statusen, sleppe å lure lenger, og EB bemerka det også. Observant, den dama der! :-)

Eg var heime halv ti, iskald inn til margen, men godt fornøyd med kvelden. :-)


Og når det gjelder huset med var på visning på; ikkje aktuelt. Slitt og gammalt og dårlig vedlikeholdt til ein altfor høg pris.

søndag, februar 25, 2007

Brukssøndag

Kom oss avgårde ti over elleve i dag, og var framme på Dale ti på tolv. Då var eg den einaste der, og sat og venta til kvart over då Trond kom. Han hadde med Sunniva og Ayla syns Sunniva er sååå fascinerande! :-) Eg også ;-) Blidare jente skal ein leite lenge etter!

Mens eg stod der og hadde Ayla ut, kom tre stk gåande, deriblant ein som eg veit er liiiivredd hundar. Eg gjekk litt vekk frå der dei skulle passere, og hadde grei kontakt med Ayla heilt til dei hadde gått nokre meter forbi. DÅ bjeffa ho. :-/

Eg spurte Trond kva anna eg kunne gjer i slik situasjon der reaksjonen tilsynelatande kjem ut av det blå, og han foreslo å binde Ayla og gå i frå når ho reagerte.
Det fekk eg prøvd ut seinare, og det såg ut til å fungere, så det skal testas meir.

Etter ei stund kom Ellen Beate også, og me la ut spor for kvarandre. Ayla sitt hadde gjenstand midt i sporet, og frosken i slutten.

Kira sitt, som eg la ut, hadde to vinklar, nokre godbithaugar her og der, og ball og godbitar i slutten av sporet.

Me gjekk Ayla sitt først, og Ellen Beate var med for å ta bilder (kan eg få eitt til å legge i bloggen min, Ellen Beate?).

Ayla fant sporet greit, men vaste litt til å begynne med. Så gjekk ho på det igjen, og fant gjenstand nummer ein, men viste ingen interesse for den før eg drog den langs bakken.
Her kan eg kanskje bruke draleke meir som belønning, sånn at ho får opp interessen for det i sporet også, for frosken er jo veeeeldig stas å finne på slutten.

Vinkelen juksa ho på, så der får eg gå i tenkeboksen og finne ut koss ho kan gjer bedre.

Då ho fant sporslutten, ville ho gå vekk med frosken, for den er sååå kjekk, altså! Eg lurer på kva eg skal gjer når den ein gong tar kvelden eller forsvinner... Den er cirka 15 år gammel, og eg fekk den av ein beiler på eit tivoli me var på. :-) Den har overlevd ti år som belønning og har bare mista EIN fot. Fantastiske greier, altså!

Kira var høgløpsk og gjekk sporet usedvanlig bra, forholda tatt i betraktning, syns eg, og ho tok vinklane heilt kanon!

Me reiste kvar til vårt då klokka var kvart på fire, og eg drog ned på jobb og fekk pakka litt til me skal flytte ut av kontorene før oppussinga.
Eg var heime halv seks og lagde middag til Vetle og meg: Biffgryte med scampi og fibertagliatelle og tomatsaus. Nam nam!!!

I morgon er det fellestrening igjen, og eg aner ikkje kva eg skal trene på!!
Dessuten skal me på husvisning, så det blir travel dag...

fredag, februar 23, 2007

Søknad er herved sendt.

Då har eg sendt søknad til Hundeeierskolen. Skummelt og spennande på ein gong!
Eg har sendt mail tidligare og spurt om eg må vente til søknadsfristen har gått ut før eg får svar på om eg har kommt inn eller ikkje, og då var svaret at eg får vite det når dei har vurdert søknaden min.

Får bare satse på at dei meiner eg er kvalifisert til å vera med.... Har såååå lyst!!! Dei kommer høgt anbefalt fra ulike hold, og bredden og dybden i det dei går gjennom er heilt forskjellig fra det eg ser andre plasser. Dessuten er det litt kortare å kjøre til Bergen enn til f.eks Grimstad. :-)

Stakkars sørlendingane for tida, forresten...

Men eg er ikkje sikker på om det er bedre å snøe ned enn å blåse vekk slik som me gjer.

Ein liten tur langs sjøen med Ayla, og så er eg aldeles istapp på kort tid.

Jaja... får bare vente og sjå kva svaret blir.. nå trenge me i det minste ikkje vente på svar på hoftene til Ayla lenger, og det kjennes godt....

Ayla har svak grad HD

I dag står det å lese på Dogweb at Kimura's Femme Fatale har HD grad C.

tirsdag, februar 20, 2007

What??

Må bare fortelle om den flinke hunden som har flytta inn hos oss…

I dag morges på lufteturen hadde eg med meg restegodbitar fra i går: Fiskekaker i bitar. Joey gjekk pal ved sida av meg i perfekt PåPlass, og skulle ikkje tisse eller snuse eller noko. Han ELSKER fiskepudding og fiskekaker, og blir heilt salig når eg tilbyr det.

Ayla gjorde fra seg før ho kom og skulle få fiskekaker, og eg veit ikkje koffor, men eg tenkte eg skulle prøve avstandstrening uten bånd.
Ho stod og kikka på meg, og så gjekk eg baklengs to-tre meter vekk frå henne og stod heilt i ro. Eg tenkte at enten ville ho komme for å tilby utgangsstilling, sitt i front, skeiv sitt ein eller annan plass i nærheten av meg, eller så ville ho tilby sitt nøyaktig der ho stod.

Ho gjorde det siste! Eg klikka og ga henne ein god neve fiskepudding!

Så måtte eg prøve igjen, og ho tilbydde det igjen!!!

Eg hadde lyst til å prøve ein tredje gong, men var flink og ga meg der.

Dette betyr jo at eg kan begynne å snuse på å trene avstand uten bånd!! Og det er jo det som er målet langt der framme, dah!! Juhu!!

mandag, februar 19, 2007

Flinke Ayla, altså!

Drog på trening i dag, sjølv om motivasjonen og lysten var lik null. Eg hadde mest ikkje sove i heile natt og var trøtt og uopplagt og sliten etter at revisorane hadde … vel… ikkje mast, kanskje, men spurt om ganske masse heile dagen, i alle fall.

Hilde var allerede der, og etterkvart kom Else også. Det blei oss tre i dag.

Me hadde ute alle hundane på likt til å begynne med, og då trente eg avstandskommando. Eg hadde tenkt å begynne med kontakt i fri ved foten, men ho greidde ikkje heilt å konsentrere seg om det.
Derfor blei det altså avstandstrening. Bandt henne i basketstativet og gjekk unna. I dag SKULLE eg ha sitt, og ikkje dekk som alltid ellers.
Ho sette seg rimelig kjapt, og prøvde eit par dekkar før ho skjønte at det var sitt eg var ute etter. Eg auka avstanden til ca sju meter, og då var bandet laust kvar gong!
Else stod ved bilen sin og hadde pause, så eg forklarte kort om Ayla, og lurte på om ho kunne halde henne mens eg gjekk litt vekk og stilte meg opp for innkallingstrening. Det ville ho sjølvsagt.

Me gjekk mot Else med bestemt fart, og Ayla gjekk rett bort for å snuse. Else oversåg Ayla fullstendig, og eg gjekk unna. Farten var upåklagelig tre gonger, før me ga oss. Eg koste og lekte litt med Ayla før eg sette henne i bilen.


Pause.
I pausen var eg med Else og trente litt med Pjokken. Han ville ikkje ha godbitar, men kongen ville han ha! Derfor brukte eg den til å få han til å ikkje hoppe på meg, og han leika og leika og leika og leika og såg ikkje ut til å bli trøytt!! For ein hund!

Så var eg med Hilde og Cindy litt og blei sjarmert og imponert over alle kunstene Cindy kunne. :-) Newfoundlender som sitter bamse er utrulig søtt, altså! :-)

Else måtte dra tidlig, og då spurte eg Hilde om me kunne trene litt passering. Det trengte ho også, og eg syns det gjekk veldig bra!
Så lot me Cindy og Ayla helse på kvarandre, og dei begynte å leke med ein gong. Dei fant tonen utrulig bra, og det er eg veldig glad for! Me har ikkje treft så mange tisper som Ayla har helst på, men så er jo Cindy til å ete opp, dah…

Me gjekk mot kvar vår kant av banen og kalla inn, og begge to kom susande til sine respektive eigarar! *stolt*

Så trente me litt igjen etterpå, før me drog kvar til vårt.

Ei veldig vellykka treningsøkt!

fredag, februar 16, 2007

Å ha perspektiv.

Når visse typar hendelsar kjem med for tett mellomrom, er det ikkje alltid så enkelt å ta eit steg tilbake for å få eit fullstendig bilde av situasjonen. Ein får liksom ikkje skyfla unna alt, eller gjort noko med det, slik at det ikkje hopar seg opp. Eller ein gøymer det under teppet eller inni eit skap for at ein skal ta tak i det "seinare ein gong". Den dagen ein då opnar skapdøra og alt ramler ut, har det blitt for mykje.

Ingenting har vakse når det har lagt i skapet, men det har ikkje forsvunne heller. Ein er nøydd til å gjera noko med det, men haugen ser så stor ut!
__________________________________

Nokre gonger har ein gjerne vore flink og sett i gong med det med ein gong. Det eine langsiktige prosjektet etter det andre har ein starta med, fordi eitt og eitt er prosjekta så små at ein fint greier eitt til. Det blir som dama og veden. "Eg greier då dette også".

Til slutt må ein innsjå at ein har gapt over for mykje, og nederlaget smakar surt. Den grusomme kjensgjerninga om at ein ikkje strekker til har blitt eit faktum.

Alt ser brått så svart ut, og inga løysing er i sikte.

Kva gjer ein i slike situasjonar? Kven lufter ein tankane sine til? Bekymringane? Kven er der til å ta i mot når fallet ser ut til å bli for høgt?
Kven kan ein ty til når skamma av å ikkje strekke til kjem krypande? Det altoppslukande nederlaget som smittar over frå ein ting til ein annan berre ved å vere til.

Kva er den beste hjelpa då?

Ein kan ynskje seg at nokon berre knipsa med fingrane, og så var alt i orden igjen. Drøymar er lov.
Men ryggen bli ikkje sterkare av erfaringar ein ikkje fekk. Ein veks ikkje som menneske om nokon alltid ordnar opp for ein.

Sjølv om ein allerede har trent opp ryggen til å bera tunge bører, kan det bli for mykje. Og spørsmålet eg skulle likt å vite svaret på då er:

Når er det for mykje?

Er det når ein får vondt i ryggen?
Når ein har vondt både i knea og ryggen?
Er det når kroppen verker etter å setje børa frå seg så ein får kvile og sove litt?

Eller er det når ein står på kne, men likevel krabbar framover?

Er det når ein kryp framover?

Eller når ein ligg heilt stille og hiver etter pusten?


Då har ein brått tid til å lukke igjen augene og sjå tilbake på vegen dit. Kor kunne ein valgt ein annan sti for å gjera det enklast mogleg for ein sjølv? Kor kunne ein ha kvilt? Kven stod langs vegen og ropte oppmuntrande ord? Kva ord ropte dei? Hjalp det? Korleis reagerte ein sjølv?

Etter ei stund nede med augene igjen, har knea og ryggen fått kvile, og med mykje smerte klarer ein å reise seg opp igjen. Orda som blei ropt langs vegen var gode og gjekk rett inn i hjarta der dei var meint å havne. Eit par stader var det folk som hjalp ein opp dei brattaste stiane. Mange stader stod folk og peikte kor det kunne vera greiast å gå. Ofte stemte det. Lange strekningar gjekk ein ikkje åleine, men saman med nokon.

Ein greier ikkje alt åleine. Ein SKAL ikkje greie alt åleine. Det gjer godt at nokon viser ein at det ER rom for å ta eit steg tilbake for å få betre oversikt.


Tenk kor fattig den personen er som ikkje har nokon å seie: "Tusen takk for hjelpa!" til...

tirsdag, februar 13, 2007

Mandagstrening

Eg har følt meg rimelig mislykka både som hundeeigar og hundetrenar i det siste, og seriøst vurdert om eg egentlig passer til å ha hund. Derfor kom gårsdagen som bestilt.

Det har liksom vore så mykje nå, med HD, adferdsproblemene, passeringsproblemer, og alt som ikkje er hunderelatert. Dessuten er denne årstida tøff fra før...

I går skulle eg hakke opp til middagen, og greide å kutte meg ganske kraftig i peike- og langfingeren. Det silblødde, og eg lurte på om eg skulle sjukmelde meg fra treningen. Men så kunne eg liksom ikkje det, heller. Me er ikkje så mange endå, og det er nå greit om det møter opp NÅKEN, liksom.

Derfor kutta eg opp pølser og fiskepudding, og kjørte avgårde.

Då eg kom fram, var eg først, for ein gongs skuld. Etterkvart som eg sat og venta, kom tvilen. Skulle eg bare kjøre igjen? Drite i heile treningen? Ayla kom sikkert bare til å gjer utfall, ikkje ha kontakt med meg, vær generelt vanskelig, og så kom eg til å angre på at eg drog dit.

Då klokka var eit par minutter over seks, hadde det kome seks andre til plassen, og eg våga meg ut av bilen med fingrane som unnskyldning for å ikkje trene.
Dei andre ville trene på innkalling, mot ein passerande gangvei, og det ville IKKJE eg. Der kunne eg ikkje vera sikker på at Ayla ville komme... Ikkje no for tida... Så eg føreslo inntil skulen der det var asfalt, heller. Der gjekk det også an å gå og gøyme seg for den som ville trene på den måten.

Eg kom meir og meir i treningshumør, og trua på Ayla reiste seg opp av aska. Eg tok sjansen og ba Ellen Beate halde Ayla mens eg gjekk avgårde og stilte meg opp. Første gongen stod dei andre godt ut til sida. Ayla spant avgårde og fekk dra-ball som belønning.

Andre gong gjorde me heilt likt.

Tredje gong stilte eg meg opp så Ayla måtte springe mellom to grupper med litt avstand, og ho kom susande då også. :-)

Ayla viste seg nemlig å vera riktig så gira på meg og ballen og godbitane og alt, og me fekk ein ganske bra kveld med dekk, dekk på avstand, kontakt, sitt, utgangsstilling og etter at alle andre enn Ellen Beate hadde reist: fellesdekk og desensitivering.

Når eg hadde Ayla ute av bilen og ikkje trente på noko spesielt, klikka eg for at ho såg på dei andre hundane og forholdt seg roleg. To klikk mens ho såg på den andre hunden, og så drøyde eg klikket til ho kikka på meg. Ho hadde eit par ivrige hopp mot ein av dei andre hundane, men ingenting busting eller bjeffing. Og det er jo bra.

Me begynte med fellesdekk, og eg kunne gå fra og ha kontakt fire-fem sekunder. Det er lenge sidan me har trent på det, men det gjekk greit likevel.

Så sette Ellen Beate Kira i bilen og fekk instruksjonar om koss me har trent på desensitivering.
Eg ser det går greit så lenge det blir brukt godbitar, men med ein gong Ayla ikkje finner nåke i hendene, så er ting ekkelt igjen. Konklusjon: ALLTID bruke godbitar i treninga, i alle fall til ting er ok, og det kan fort ta litt tid. MÅ huske å bruke godbitar kvar gong ho skal helse eller me skal trene desensitivering. Ikkje gå så fort fram som i går, sjølv om det gjekk greit. Det er så fort gjort å ha større framgong enn det som er lurt, og plutselig er ein tilbake på nivå null igjen. Det må ikkje skje, altså. Enkelt og greit.

Ellen Beate blei veldig kjekk på slutten i går, og om me trener slik ein annan gong også, ville det kanskje vore lurt å trene på å ikkje hoppe opp..

Ayla blei Gullet i løpet av kvelden, istadenfor Monster eller Rottetrynet ( ho lyder faktisk alle dei navna, merkelig nok) og fortsatte å vera Gullet til me la oss. :-)



-------------------------------


I dag såg eg på Fokus Hundeskole sine sider at det blir arrangert nytt brukshundkurs i mai!! Juhu!!

fredag, februar 09, 2007

Øyelysing. Tillit. Om å sleppe kontroll.

Å ha ein hund med adferdsproblemer er eit stort ansvar. Ikkje bare på grunn av eventuell skade hunden kan gjera på andre, men også med tanke på å la hunden mestre situasjonar. Ting må legges til rette, og ein må heile tida sørge for at hunden ikkje skal vera nøydd til å ty til den "problematiske" adferden.

Det igjen betyr å vera oppmerksom 100% av tida ein er saman med hunden, og helst skal ein ha synske evner. Etterkvart blir dette ein så naturleg del av hundehaldet at ein ikkje tenker over det stort lenger.

Heilt til den dagen kjem då ein ikkje har anledning til å følgje hunden til dyrlegen sjølv.
Kva om ho får reaksjon på noko? Korleis blir det løyst om eg ikkje er der? Kva om dyrlegen ikkje kan hund i det heile, og SKAL klappe henne oppå nakken? Sånne dyrlegar fins nemlig! Kva om ein mann kommer bort til henne på venterommet og så rekk ikkje Vetle å sei fra?

Vel, den dagen er det store spørsmålet: Kor flink har eg vore til å fortelle om problema til Ayla, og løysingane me jobber med? Det neste spørsmålet er: Kor mykje har Vetle gidda å følge med på det eg har sagt?

Eg sat i heile går og var nervøs for koss det skulle gå hos dyrlegen uten meg. Timen var kvart på fire, og eg slutter på jobb fire. Vetle slutter tre og kunne gå litt tidligare. Derfor skulle han bli med til øyelysing.

Eg roste meg sjølv fordi eg hadde turt å sleppe kontrollen over til Vetle, i alle fall med øyelysing som i det store og det heile foregår midt i glaninga på Ayla. Vetle satte pris på tilliten, og han var klar over kor vanskelig dette var for meg. :-)

Vel, Ayla hadde stått i venterommet og kikka på alle som gjekk forbi. Ho hadde øyrene fram, halen opp, men ikkje heilt opp, og logra med øyrene bakover kvar gong folk gjekk forbi. Inne hos dyrlegen kom ingen bust opp, ingen boffing eller bjeffing, ho syns det var bittelitt ekkelt med han mannen så nært ansiktet, men det skulle bare mangle. Då undersøkelsen var over og lyset blei slått på, fekk ho masse skryt og leverpostei.

Vetle var igjen litt etter at timen var over, sånn at Ayla skulle få sjekke ut litt og sånt før dei reiste heim..

Resultat av øyelysing?

Multifokal, ikkje geografisk, retinal dysplasi.

Kva det er?

Det er såkalte "blindspots" på netthinna. Hunden merker ingenting, me merker ingenting, men hvis ho skal ha kvalper må ho parres med ein hannhund som ikkje har det. Med andre ord: Ingen problem, for Ayla skal ikkje avles på. :-)

Men det måtte jo vera noko...

tirsdag, februar 06, 2007

Tankar om HD og hundehold.

Fra eg stod opp i dag morges og heile veien til jobb, har eg tenkt og tenkt og tenkt på dette med at Ayla har HD.
Eg tenker at om det skulle vise seg at det er sterk HD, noko eg absolutt ikkje trur, vil eg vurdere avliving. Om det er middels HD med forkalkingar, vil eg vurdere avliving. Om det bare er middels eller svak HD uten andre komplikasjonar, vil ikkje avliving bli vurdert.

Det er nemlig ganske stor belastning å ha dette HD spøkelset hengande over absolutt ALT ein gjer heile tida. Og eg har hatt elleve år med det. Nå tyder ting på at me får eit ukjent antal nye år med dette her.

I tillegg til adferdsproblemene til Ayla, som det naturlig nok tar tid å få bukt med, så har eg rett og slett ikkje ork til å takle sterk HD eller middels med forkalkningar.
Eg hadde SÅÅÅ trengt gode nyheter om Ayla nå.

Dette er utrulig vanskelig, og ein del av meg ser på avliving som einaste utvei. Ein annan del av meg klarer ikkje å tenke tanken, eingong. Og langt der inne fins ein stemme som seier at eg aldri skal ha hund igjen...
Når tre av tre hundar har hatt HD, og to har hatt adferdsproblemer, så kan det ikkje vera tilfeldig lenger, tenker eg. Då må det vera noko eg gjer gale...

mandag, februar 05, 2007

HD røntgen.

Ja, i dag var me og røntga hoftene til Ayla.

Det er jo NKK som graderer bildene og seier sin dom,
men dyrlegen sa at Ayla nok ville få anmerkning på begge hoftene. Det kunne sjå ut som middels, men ho kunne ikkje sei nåke sikkert.

Eg sippa litt over det knuste håpet mitt, men skjønner jo og veit jo at ho kan ha eit fint og langt liv sjølv med middels HD.

Eg hadde bare håpt så intenst at ho skulle vera frisk... At eg skulle få oppleve kva det vil sei å ha ein hund uten HD...

Me kan ikkje sykle med henne, eller la henne trekke, eller drive særlig med kløv, og ho skal få jevnlig røntgen så me kan holde eit auge med evntuell forkalkning.

Eg blei utrulig lei meg, og gremmes over det fremdeles. Det vil eg nok gjera ei god stund framover...

Denne gongen trudde eg at eg hadde gjort alt rett, men likevel fekk ho altså HD.

Enten aner eg ikkje korleis ein unngår HD på hundar, ellers så er det genene hennar som rotter seg mot meg.

Åe, altså!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!


___________________________


Tillegg: Allerede her mistenker eg at eit eller anna er gale med hoftene til Ayla.
Eg veit eg har ytra bekymring til oppdrettar også, og då var ikkje Ayla veldig mange mnd... At eg ikkje forhåndsrøntga allerede då!?!?!?

søndag, februar 04, 2007

Kva går det av henne?

I dag var eg i det aktive hjørnet etter ei helg med baaaare god mat og lite bevegelse. Sendte melding til ei venninne om ho ville vera med rundt Mosvannet saman med meg og Ayla, og det ville ho! Ho er verdens vanskeligaste person å få med seg på ting og tang, men ho sa ja!! Miraklenes tid er endå ikkje forbi! :-)

Me møttest etter litt om og men ti på halv fire.

Ayla møtte henne heilt fint, for ho vikla seg inn i ein stolpe akkurat då Kristin kom gåande, så eg brukte den til å holde Ayla igjen litt bak meg, og så gjekk eg i møte Kristin. Etter klem og helsing, slapp eg bandet, og så kom Ayla også bort og snuste. Kristin hadde fått beskjed om å ikkje helse på Ayla, og gjorde det heller ikkje. Derfor gjekk det så det suste!

Dei første par hundane passerte me fint. Så kom det ein golden som stirra så voldsomt på henne, og den hoppa ho mot då me passerte. Så kom det ein bitteliten terrier, og då kom det også lyd idet me passerte. Så kom der ein toller, og då kom det eit bjeff.
Så stoppa med ved ein lekeplass og trente kontakt, utgangsstilling, lineføring og slalom mellom beina, før me gjekk vidare.

Den neste hunden var ein ridgeback lignande sak, og då bjeffa ho og reiste bust.

Eg hadde skrøyta sånn til Kristin at det å passere hundar gjekk så fint med Ayla, for ho brydde seg ikkje... Jadda... Som sagt, dei par-tre første gjekk heilt fint, men det blei jo bare verre og verre, dette her.
Eg sa at eg ganske sikkert gjer alt feil ved passeringane, og at eg ikkje visste kva eg skulle gjera for å endra den negative trenden me hadde opplevd til då.
Så kom eg på at eg skulle prøve å gå ut av stien og klikke masse mens hunden passerte, og det funka fint på dei neste hundane. Den siste hunden kunne me ikkje gjera det med, for det var tett skog på begge sider. Derfor heiv eg nåken pølsebitar på sida av stien, sånn at ho var opptatt av dei mens den andre passerte. Ingen reaksjonar då, heller.

Med andre ord: Me må trene på passeringar!!!!!!!

Ungar, rullestolar med stavar, eldre med stavar, syklistar, joggerar, skumle menn med hettegenserar, menn, damer, fuglar, ingenting av dette var interessant i dag.

I ein laaaang periode nå får eg gjer det slik når me treffer andre hundar, enten gå litt vekk frå stien og klikke mens dei passerer, eller hive godbitar på bakken så ho held seg opptatt med dei.

Etter turen blei eg med Kristin heim på besøk ein tur, og då låg Ayla og sov i bilen. Då me kom heim i åttetida, var ho klar for meir action..

MEN!!! I dag sov me til klokka ti uten at ho skrapa på døra og ville opp! :-)


Og i morgon er det røntgen...