søndag, april 27, 2008

Ein liten oppdatering.

Oy, nå er det lenge sidan forrige oppdatering. Hmm..
Det har blitt lite med trening, for forrige torsdag blei eg kvalm på jobb, og endte opp med fire dagar med kraftig mageinfeksjon. Dagen før hadde eg fått brev i postem med beskjed om at eg blei nøydd til å ha endå ein operasjon, og den fekk eg tatt denne torsdagen som var. Formen har med andre ord ikkje vore heilt på topp, for å sei det mildt, og det er stort sett Vetle som har lufta hundar desse vekene.

Ayla har ikkje vore på turar som har fått henne til å halte, men eg kan sjå at ho avlaster foten endå. No har ho blitt holdt i ro i tre veker. Ho takler det forbausande fint, men kvar gong ho høyrer eit klikk, lyyyyyser ho opp og spretter rundt og tjo og hei, så klikkinga har me også tatt pause fra nå. Ho er så treningslysten at det verker i klikkertommelen min, men eg kan berre vedlikehalde litt fri ved foten og stå under marsj og ikkje bruke klikker. På grunn av siste operasjon, kom me oss heller ikkje opp til Hundeeierskolen, Modul 4 denne helga. Eg har spurt om å få ta igjen helga til neste år, og det var visst greit. :-)

Eg har sendt mail til Fjellanger og spurt om råd til luktdiskriminering, men ikkje fått svar, så då har eg gått ut på nett for å kikke etter kva som fins der.
Eg fann ein artikkel på engelsk av Anne Lill Kvam, og så tipsa Kari-Anne om denne bloggen:

http://home.online.no/~esakv/Dogs/Mikke.htm
Her er fortsettelsen:http://my.opera.com/EsaOgMikke/blog/

Han her har laga eit slags stativ, og har lært Mikke å snutemarkere og sitte når han finner lukta han skal gjenkjenne. Det ser så kjekt ut!!!! Det skulle vore kurs i slike ting! Eg hadde glatt køyrd langt for å lære meir om luktdiskriminering, altså! :-)



Og no er det berre ei veke til Willie Nelson konsert i Lyngdal!


Eg må dessuten snart oppdatere dvd- og boklista mi også...

tirsdag, april 08, 2008

Besøk hos dyrlegen

Ja, så skulle me til dyrlegen igjen idag. Og det var ikkje gode nyheter.
Han sa nemlig at det er framre korsbånd som er skada, ikkje avrevet. Eg leser rundt på nett og ser at det ikkje er gode prognoser for skada korsbånd.

Veterinæren meinte skaden ikkje var stor nok til at han kunne anbefale operasjon, og det er jo greit nok. Me skal halde henne i ro i TO mnd, og unngå brå rørsler. Det betyr at ho skal haldas i ro til midten av juni. Deretter må ho trenas opp.

Eg har bestemt meg for at ho skal bli heilt god igjen, så sånn er det med DEN saken.

Når DET er sagt, var dette ein mannlig veterinær på ein klinikk me ikkje har vore på med Ayla tidlegare. Eg var ganske nervøs for korleis ho skulle reagere når han kom inn i rommet, men det gjekk heilt og fullstendig problemfritt. Ho pilte bort og snuste og logra og var ikkje det minste skeptisk! Han fekk dessutan klemme og knekke og brekke på bakbeina hennar, og ho stod og godtok det. Eg var så stolt, atte! :-)


I denne perioden skulle eg tru det ville passe godt å halde på med luktdiskriminering, så når me skal på vår siste kurshelg før sommaren, har eg som mål å ha lært Ayla ... la meg tenke nå... TRE ulike lukter og satt signal på dei luktene. Ho skal også lære å markere ved å sette seg når ho finn den lukta eg ber om.
Eg skal sende mail til Fjellanger og be om enkle tips til denne treninga, så eg slepp å finne opp kruttet heilt på eiga hand.
Men Ayla skal bli frisk.
Ho skal bli med på fjellet i haust etter at eg har kjøpt lavvo.
Ho skal bli heilt frisk...
Ho skal bli heilt frisk.

søndag, april 06, 2008

Hundeeierskolen Modul 3

Sidan eg er nyoperert var Vetle med opp til Bergen denne helga.

Eg har løfteforbud i to veker, så eg måtte jo heilt klart ha hjelp. :-D Me rakk akkurat ein runde på Lagunen på fredag før stengetid, før me roa oss for natta på Midtun Motell&Camping slik som forrige helg eg var på kurs.
Ayla roa seg umiddelbart etter eit par slurkar vatn, og der låg ho til Vetle gjekk kveldsturen.

Lørdagen
Denne dagen gjaldt foredraga: Forsterkning, Straff, og Systematisk Observasjon. To økter praksis, og eg fekk trent på venstresvingar. Maj Brit meinte på at eg trengte å gjere Ayla raskare i sjølve vendingen, og eg fant ut at eg måtte senke farten og konsentrere meg om nøyaktig korleis eg brukte kroppen for å få det til i svingen.

Her er ein video som viser kva eg meiner.
Legg merke til forskjellen på kva fot eg tar svingen med. På andre, femte, sjette og sjuande svingen er det høgrefoten min som går inn i svingen først. På dei andre er det venstrefoten, og då virker det som om ho ikkje heilt klarer seg å bestemme seg for kva ho trur eg skal gjere.



Eg går langsomt og rart pga det gjer litt vondt etter operasjonen, altså. Eg er ikkje så treig vanlegvis. :-)

I forbindelse med foredraget om observasjon, skulle me ut og observere reaksjonar til ein hund som vart utsatt for ein person med søppelsekker over hovudet. Me skulle kun beskrive kva me såg, ikkje tolke. Tolkinga skulle skje etterpå, i grupper, og me skulle skrive ned kva me såg underveis. Det var ikkje berre enkelt, men det var veldig interessant. :-)

Etter endt kursdag drog me opp til Midtun Zoo Senter etter tips fra Britt. Der var det svært!! Me endte opp med ein del godbitar og den siste boka til Turid Rugaas om bjeffing.. Etter litt avslapping på motellrommet, drog me og åt på EgonLagunen. Knallgod mat!!

Søndagen
Kurset starta klokka ni, og foredraga i dag var vidare om Observasjon, Klikkertrening og Luktdiskriminering. Eg skulle ønske me kunne ha meir om det siste, for slikt interesserer meg veldig! Eg har derfor bestemt meg for at eg skal forsøke å lære Ayla å diskriminere lukta av kaffe, og vise meg ved ein slags markering at ho har funne det eg vil ho skal leite etter. Dette skal eg skrive nøye kriterieplan over, og treningsplan og logg over kva som fungerer og ikkje.

Ayla har forresten vore GULL heile helga, og eg er veldig stolt av henne! Eg kan ikkje få sagt det mange nok gonger kor flink ho er! :-) Praksisane på søndagen jobba eg ein god del med STÅ under baklengs marsj og STÅ og BLI mens eg snudde ryggen til og gjekk fra. Eg belønna med ny leke og at ho kunne springe til Vetle for å leike med han. Det funka gullfint! :-)

torsdag, april 03, 2008

Oppdatering.

Operasjonen er overstått og tilsynelatande vellykka. Men eg skal ALDRI ALDRI ALDRI ALDRI velge lokal bedøvelse hvis alternativet er full narkose igjen. ALDRI! Lokal bedøvelse betyr nemlig IKKJE at ein får eit smertefritt inngrep.

Når det er sagt, har Ayla begynt å halte igjen. Ikkje nok med det, ho vil/klarer ikkje å sette seg beint. Venstre bakfoten sklir ut under henne, og derfor vil eg ikkje trene meir på dei tinga.
Eg har bestilt time hos dyrlege på mandag igjen, og då skal me ha full sjekk enten ho halter eller ikkje. Haltinga kom nemlig tilbake etter ein dag med ro, og ser ikkje ut til å ha samanheng med aktivitet å gjere denne gongen.


Sånn for å ha meg sjølv litt oppdatert med kor me er hen per i dag:

Fri ved foten: Ho følger godt, men tilbyr stå under marsj eller dekk under marsj dersom eg drøyer klikket for lenge.
Stå under marsj: EG syns det går bra. Langsomt, men bra.
Innkalling: Ho sit DØNN til eg roper: HER! Då gallopperer ho til meg og slenger seg inn ved sida av meg. Når ho blir frisk i foten vil eg ha opp farten endå meir, og endå kjappare innsitt.

Negleklipping har blitt ein drøm. Før vreid og vrengde ho seg vekk bare eg tok i poten, og nå når eg finner fram klotanga set ho seg ned, og gir meg framfoten. Ho lar meg roleg og sindig klippe ei og ei klo, i bytte med ein slikk på leverposteitube. Ho bytter ein og ein bakfot mot litt leverpostei.

Når det gjelder Joey, var eg nærmast førebudd på å ta farvel med han første veka etter påske. Han ville berre sove, var stiv og vond i kroppen, det virka som om både syn og hørsel var heilt forsvunne. Eg har alltid sagt at mine hundar ikkje skal gå på medisiner for å utsetje mi smerte. Joey har middels HD, han er over tolv år gamal, har bilyd på hjarta, ser og høyrer dårleg, men han har hatt eit langt og godt liv. Han har blitt mange år eldre enn det eg vågde å håpe på då han fekk diagnosen sin. Derfor trudde eg kanskje at tida hans var der, og at me måtte sei farvel og takk for gode minner.
Men så, i slutten av forrige veke livna han skikkelig til igjen, og blei sitt vanlige livlige Joey. Takk og pris for det! :-)

Sånn, Simen, nå kom det eit nytt innlegg frå meg. :-)


P.S. Når det gjeld kriterieplanen min... Eh...