lørdag, august 28, 2010

Emil sin første langtur.

I dag skulle me egentlig vore i konfirmasjon, men pga at Vetle fekk migreneanfall i går og ikkje har blitt betre i dag, måtte me avlyse. Derfor tok eg med meg Emil innover grusvegen med mål om å gå til endes og tilbake igjen. Ca 4,5 km. Ikkje kjempekjempelangt, men likevel eit stykke. Me brukte to timar på heile turen, og Legolas var med oss også. For dei som ikkje veit kven Legolas er, så er altså det katten vår.. Eller Joey sin katt. Etter at Tinka døydde i mars 2003, sørga Joey slik at han ikkje ville ete eller bli med på tur. Han holdt rett og slett på å sørge seg ihjel. Då Olaug tilfeldigvis hadde kattungar på den tida, blei Vetle og eg enige om at me skulle få oss katt som selskap til Joey.

Kort tid etter at Legolas kom i hus 12 veker gamal (som er den heilt perfekte rette alderen for kattungar å forlate mor si), kvikna Joey til igjen og ville vera med på tur og apetitten auka. Legolas er derfor godt vant til hund, sjølv rampeskjønnasar som Emil.


Turen i dag blei nok litt i lengste laget for Legolas, for etter at me hadde kvilt oss litt i enden av vegen, sakka han veldig etter. Han peste og mjaua sårt. Dei gongene eg stoppa opp for å vente på han, la han seg rett ned på vegen då han nådde meg att.

Emil lot Legolas få gå i fred, og hadde det altfor travelt med å springe. Han sprang att og fram, att og fram, og heldt seg stort sett 10-20 meter framføre meg. 5-10 meter bak meg igjen kom altså Legolas, stakkars. Eg måtte bære han av og til, og då sat han berre roleg i armane mine til han hadde fått kjølt seg ned/kvilt seg litt.
Å gå tur med Emil er ikkje det same som å gå tur med Ayla. Det var merkeleg å kjenne på. Med Ayla kjennes det veldig som at det er ME som går på tur SAMAN, mens med Emil kjendes det ut som om det var HAN som hadde med MEG på tur. Han skulle ikkje uti kvar bekk eller sølepytt eller gjørmehol, og det likte eg. :-)

Eg tok nokre bilete med mobilen, så det er ikkje så veldig god kvalitet, men bilder er jo kjekt likevel :-)

280820101136 
Denne veksten må jo føle seg bittelitt omringa...

280820101126
Tydelige elgespor midt på vegen! Og dei har ikkje vore der tidlegare i sommar, heller.



280820101127
Legolas på veg ned til Fiskelausvatn. Han er ikkje heilt sikker på om han skal følge med vidare, eller om det er mogleg å bli att og vente på oss. Men det er jo ikkje sikkert at me skal attende den vegen, tenker Legolas.

280820101128
Emil måtte nedi to av seks bekkar, men bare for å drikke :-)

280820101129
Enden av vegen, så her snudde me og gjekk same vegen tilbake.

280820101130 
Me stansa her i enden ei lita stund, lenge nok til at Legolas fekk kvilt seg litt, og Emil fekk roa seg ved føtene mine.

280820101131
Legolas i lyngen.

280820101135
Nok ein pust i bakken for Legolas. Her i skuggen.

270820101121
Dette biletet er ikkje frå i dag, men frå fredag. Det regna og sola skein samtidig, og blinka så nydeleg i tjernet.. Sukk...

onsdag, august 25, 2010

Kurskveld nr 3 og prosjekt Brumlebasse forts.

Då var tida inne for kurskveld nummer tre.
Det er å underdrive seie at eg var veldig spent på korleis det ville gå med  Prosjekt Brumlebasse denne kvelden, så eg gjorde det eg kunne med førebuingane. Leste gjennom råda eg hadde fått av dei som kan meir enn meg, og stålsette meg i tilfelle nederlag.

To hundar var allerede på plass då me kom, så eg slo dørene i bilen på vidt gap og lot han sitte og kikke litt på dei mens eg bar bort bur og stæsj til der me skulle trene. Det tok kanskje fem minutter før eg var klar til å hente Emil ut or bilburet.
Då han kom ut, var det null bust, fin konsentrasjon og han fekk klikk og fiskekake kvar gong han såg på ein av dei andre hundane.
Eg vågde ikkje å teste i kveld med å vente han ut, men han var rolig og konsentrert heile halvtimen me fekk trent på dette før kurset starta. Under den halvtimen kom jo fleire hundar til, og han fekk klikk og fiskekake kvar gong. Faktisk var det det einaste han fekk i dag, for eg hadde gløymt å ta med alternativ. Jepp EG hadde bare ein sort godbit med... Skammelig...

I løpet av kurskvelden i kveld trente me på innkalling, auke verdien for hunden på å halde seg rundt oss, grep, lineføring med forstyrrelse i form av ein annan hund, avlevering av leike, target, og eg for min del; Brumlebasse.

Eg plar sleppe bandet under trening på kurs, og gjorde det stort sett kvar økt i kveld også. Men på veg bort til buret etter ei økt, var Gimli (kvit liten terriersak) litt for nær, og dermed rusla Emil bort. Eit lite smatt frå meg, så snudde han og kom attende til meg og rusla inn i buret igjen. Ingenting styr med det, liksom :-)

Og så blei eg spurt om eg og Emil ville vise Rally på neste års Hundens dag i Arendal, og det måtte eg jo seie ja til! :-)

tirsdag, august 24, 2010

Prosjekt "Brumlebasse"

Eller Prosjekt Emil.  Kjært barn har mange navn.

Etter brumlinga og bjeffinga sist onsdag på kurs, har eg søkt hjelp hos folk som kan meir enn meg, og fått gode råd til korleis eg skal jobbe med dette her. Surprise, surprise, nøyaktig same måten som med Ayla og folk! :-)
Berre at dette er mykje enklare å jobbe med, tykkjer eg. For MITT kriterie for å klikke og belønne er mykje klarare: Når Emil ser ein annan hund.

I dag skulle Marit, som eg har vore og gått spor med, ha Klasse 1 kurs, og eg spurte om eg kunne komme og gå litt med Emil på parkeringsplassen. Det var ingen problemer, og eg måtte bare komme nærmare også om eg ville det. Sånt er kjekt! :-)

Me hadde kyllingfilet til middag i dag, så eg steikte en ekstra som eg kunne ha med meg ned til klubbområdet. Har eg sagt at eg berre treng å køyre i ti minutter? *gliser*
Då eg kom ned dit og tok ut Emil, reagerte han som han pleier når han kjem til ein stad der det har vore hundar før han: masse bust, stive rørsler, snøfting og veldig på vakt.
Derfor rusla eg innover turvegen eit stykke til busten hadde lagt seg og han var litt meir seg sjølv. Ingen av kurshundane hadde kome ut endå då me kom attende til parkeringsplassen, så eg stilte meg eit stykke frå bilane og venta.

Då hundane begynte å passere og Emil såg på dei, klikka eg og serverte kylling. Klikka og serverte, klikka og serverte, klikka og serverte, klikka og ja... så vidare. ;-)
Han var heilt roleg, ingen teikn til bust eller reaksjon, og slik var han heile økta.
Så fekk han seg ein pause i bilen, og eg gjekk ned og kikka litt på kurset. Marit sa eg måtte bare komme ned på grusplassen og rusle rundt der, hundane der takla det heilt fint.

Eg så gjorde, og han var like konsentrert og roleg som oppe på parkeringsplassen. Innimellom litt sitt og dekk trening, fekk han i tillegg klikk og kylling kvar gong han kikka på hundane. Eit par gonger forsøkte eg å vente han ut når han kikka bort på dei andre, og begge gongene kikka han rett tilbake på meg. Han hadde skjønt ein samanheng, altså. Me gjekk litt att og fram og hovedfokuset mitt var at han skulle få klikk og kylling kvar gong han såg på ein annan hund. Slik sett var kvelden heilt perfekt!

Etter andre økta mi skulle kurset tilfeldigvis ha ein liten pause, så då blei eg invitert inn på hytta til diskusjon og prat. Og eg klarer jo ikkje å tie stille når det blir snakka om lineføring og fri ved foten og belønningsplassering og så vidare.. Det virka som ein skikkelig motivert gjeng, og eg skal nok ned og rusle litt i periferiet igjen neste tysdag også.. I morgon er det kursdag for Emil og meg igjen, og det skal bli spennande å sjå korleis det går då :-)

Når det gjeld kneppinga i hoftene, så er den der endå, og eg krymper meg kvar gong eg høyrer den. Av og til får eg veldig lyst til å forhåndsrøntge, men så ombestemmer eg meg. Eg veit jo ikkje kven som kan lese hoftebilete her nede, heller..

lørdag, august 21, 2010

Mindre hopping, meir flått, og mindre knepping fra hoftene.

Jepp, det er siste veka i korte trekk.

 

Mandag var me ein tur til Gry Løberg og snakka om hoppinga til Emil. Gry var ein av lærarane på instruktørutdanninga mi, så det var koselig å treffe henne att. Vetle har hatt ferie denne veka, så han var også med ned. Emil hopper nemlig ikkje når Vetle held i bandet.

Etter timen var over, var eg full av nytt håp om at dette skal ordna seg, og Gry trudde også at ein del av hoppinga var lært inn av meg. Om det er endra haldning frå meg, eller om det er tilfeldig, det veit eg ikkje, men Emil har ikkje hoppa på meg når me har vore ute og gått etter at me var og snakka med Gry. Sidan då har eg gått ein liten tur med han nede i sentrum, og så har Vetle og eg gått med han ein annan stad i sentrum, og i dag var han med meg og gjekk langs eit roleg fortau i et bustadområde nede i Vennesla og ingen hopping nokon av desse gongene :-)

Me fekk råd og tips til korleis me skulle takle hoppinga, og også ein type diett me skulle ha han til å gå på ein periode. Det er ikkje nokon diett i staden for maten hans, men i tillegg til maten hans. Den heiter tryptofandietten, og skal resultere i at han har eit jevnare serotoninnivå på det jamne. Dette skal påvirke svevn, uro og apetitt, og alt dette treng jo Emil å få roa ned litt.

I dag har me vore ein tur på ein tursti nede i Vennesla, og planen var å gå ei stund der. Men etter kun kort tid plukka eg så mange flått av Emil at eg starta å noie, og då snudde me. Då me var nede ved bilane igjen, hadde eg pitla ca 20 flått av han, TAKK OG LOV at han er så lys i pelsen! :-) Sidan turen blei i kortaste laget, gjekk med bort til ein sitjeplass ved elva og lot han svømme litt der.

Når det gjelder bjeffinga fra onsdag, har eg fått GODE råd til koss eg skal jobbe vidare, så dette blir så bra, så! :-)

 DSC08242
DSC08248
DSC08249
DSC08270
DSC08311
DSC08387
DSC08321
DSC08341
DSC08356

torsdag, august 19, 2010

Andre kurskveld, og kem farsken er han tosken i enden av båndet?

Det er ikkje fullt så gale som det høyres ut, men irriterande likevel. I går kveld på kurs fant nemlig Emil ut at han plutselig skulle bjeffe på stort sett alle hundar som var nærmare enn seks meter. Busta opp og voff voff. Jippi!

Kneppinga i hofta er der endå, og nå har eg fått vite at søster hans også har det. Fleire har fortalt at dei har høyrt om slik knepping før, uten at HD har vore med i bildet. Eg får bare smøre meg med tålmodighet og vente på at det skal gå over. Enn så lenge ser han ikkje ut til å ha smerter forbunde med dette her, så då kan eg vel bare trene, vil eg tru? Me må jo det når me først går på kurs, liksom...

I går var det altså tid for kurs igjen, og lekse var å trene meir på boksen og helst gå av boksen og trene på bakken, og det har me gjort. Han beveger bakparten fint, han, men då kjem altså den intenst ekle lyden. For å beskrive litt korleis det høyres ut, så tenk på folk som "knekker fingrar". Oversett sånn lyd til djupare  og holare. Me skulle også trene leik, og det gjorde me oppe på Evje på lørdag.

I kveld var det ikkje bare eg som hadde teit hund, og det var masse bjeffing rundt oss med kvalpekurs i bingen, og etter ein time kom hundar til to nye kurs som gjekk rundt treningsområdet og bjeffa og bråkte og lekte og det var i det heile tatt VELDIG vanskelig for eit par av hundane på kurset vårt. Det er frustrerande med slike kveldar, og blir dei for mange, er det lett å gi opp.

Anyhow, det me trente på i kveld var først å leike, og eg prøvde å bytte mellom to leker for å gjere det enklare for Emil å sleppe, men då ser eg at eg må bruke to nøyaktig like kjekke leker om det skal ha effekt. Me skulle også starte TA DEN trening, som er å vente til hunden setter seg etter å sleppa, før me starter leiken igjen.

Vidare var me innom VÆRSÅGOD og INNGONGAR.
Værsågod gjekk ut på å legge eit par godbitar i ei skål som hunden måtte vente på VÆRSÅGOD for å kunne springe bort til. Emil er ganske god til dette, så han fekk sitja mens eg sette skåla ned 3-4 meter frå han, gjekk tilbake til han, venta på blikkontakt før eg sa værsågod. Då sprang han bort og heiv i seg godbitane før han plukka opp skåla og kom til meg. Dermed kunne me starte på nytt. :-) Målet er å kunne jobbe ei stund før hunden får værsågod og seinare benytte dette til avstandsbelønning.

Inngong var å tenke konkurranse og transport. Varme opp på utsida av ringen, og gå med kontakt inn i ringen der konkurransen skal vera.

søndag, august 15, 2010

Lydar frå hoftene til Emil :-(

Ja, i dag har eg altså høyrt lydar frå hoftene til Emil når han trener bakpartskontroll.
Eg orker ikkje tanken på at det kan bety dårlige nyheter, eg bare orker det ikkje!! :-((

lørdag, august 14, 2010

Tur til Evje på Landbrukets dag.

I dag reiste Vetle, Emil og eg til Evje for å kikke litt på Landbrukets Dag. Messa var ganske svær, med stands fra alle mulige kjekke bedrifter og private og klubbar. Emil var jo også med, og halve tida eg haldt i bandet, hoppa og beit han i det, mens medan Vetle haldt i bandet og eg var utanfor rekkevidde, gjekk han så fint som bare det. Heilt til eg kom så nære at han kunne hoppe på meg. Ein gong hoppa han så høgt at han datt ned igjen på ryggen, og fekk slått lufta or seg :-( Syns det er så rart at han går så fint i lag med Vetle og med meg stresser han så fælt!

Eit par gonger sette me oss ned i skuggen, og då roa Emil seg raskt ved sida av meg. Han sette seg ved sida av meg og kikka rundt seg og tok inn alle inntrykka før han la seg ned og låg med haka i bakken til me reiste oss og gjekk vidare.

To gonger boffa han på rare ting; ein gong på ein mann i sånn svær rullestolmopedsak, og ein gong på nokre kalvar. Han har aldri sett kalvar før, etter det eg kan hugse.

Hundar passerte han i taushet bortsett frå to gonger. Ein gong var det ein kvit liten sak som, til tross for at me gjekk i god bue rundt, fekk kome heile bandlengden pluss armlengden til tosken i enden bort mot oss. Den andre gongen var det ein annan hund som bjeffa på han, og då svarte han.

_________________________

Over til andre, ikkje hunderelaterte saker: I går fant eg 40 + oldenborrelarver i plenen, og i dag fant eg 150-200 fleire. Heile plenen må horvast opp og sås på nytt etter ein periode med å ligge brakk. :-( DET var surt!

torsdag, august 12, 2010

Første grunnkurskveld + svar på gjettelek.

I går var det endelig tid for kursstart for Emil og meg. Eg har gleda meg til dette i vekesvis, og første kveld innfridde alt eg hadde håpt på!

Ikkje bare kjenner eg instruktøren, men jammen var det TO andre der som eg kjente litt frå før! :-) Hedvig, som eg gjekk KlikkerTRENERutdanningen og TagTeach kursa med, og Evy, som har kommentert litt her i bloggen, og som eg var og trente saman med ein lørdag for mange år sidan :-) Skikkelig koselig gjensyn!!

På kurset er me seks stykker, fire av dei retrieverar, ei wheaten og ein til terrier som eg ikkje greidde å plassere. Han er liten og kvit og kul i allefall :-)
Alderen på hundane går fra bitteliten kvalp og til unghundalder. Eg veit ikkje kor gammal den litle kvite terrieren er, men det er mulig at han er eldre enn Emil sine snart sju månader.

Kvelden starta med leik, og Emil var som vanleg ikkje vanskeleg å be, men eg kan ikkje leike lenge med han. Han må ha pausar, for han blir VELDIG intens og vill i blikket, og då klarer han ikkje å få med seg NOKO av det eg vil lære han. I går kveld fekk eg verkeleg spark bak til å lære inn slepp signal, for han henger fast i leika, han!!
Vidare trente me på å gå bakover og fokusere på å belønne når hunden faktisk går beint, ikkje berre at den følger etter. Og belønne ved venstre kne. Og at om ein forsøker å gå framover og ser at hunden går skeivt, er det heilt greit å gå tilbake til å gå bakover igjen til hunden går rett og så forsøke å gå framover igjen.

Deretter trente me på buret. Hunden skal oppsøke buret, sitja inni der med snuten innforbi opninga, uansett kva eg gjer på utsida. Omvendt lokking er lurt å prøve, men også å stå stille!! Det er fort gjort å gløyma det. Det som gjorde susen for meg og Emil i går når det gjaldt å oppsøke buret, var at han fekk maten sinn INNI buret, og ei litt kjedeligare oppskåren pølsebit utanfor.
Me trente også på utløysingssignal, og eg starta med "Sånn!", men ser at eg må endre det, for det er eit ord me bruker MYKJE i kvardagen. *går i tenkeboksen*

Så trente me på boksen og bakpartskontroll, og her har eg tydeligvis trent heilt feil, så det begynte å løsne litt for oss. Eg må ikkje bruke veldig gode godbitar når eg trener dette, for han blir veldig ivrig og utålmodig og får dermed mykje bevegelse i både fram- og bakbein.

Vidare trente me på håndtarget, og Emil fekk starta på å fryse snuten i handa mi. Dette brukte eg omvendt lokking på, og han skjønte konseptet.

Heilt til slutt fekk han sitja i buret sitt mens alle dei andre deltakarane gjekk forbi og leverte godbitar til han inni der :-)

Midt i kurset omtrent, kikka han på ei av dei andre deltakarane eller hunden hennar (hverken eg eller Siv skjønte heilt kvifor), og starta og buste og knurre og bjeffe. Eg gjekk vekk frå dei andre, men han greide ikkje å riste det av seg med ein gong. Når han til slutt blei såpass roleg at eg ville prøve meg igjen, gjekk me bort til halvsirkelen igjen og stod der ei lita stund før han byrja igjen. Eg gjekk vekk igjen, og kjente den vonde ekle knusande følelsen av at han er lik Ayla. Og at eg måtte passe meg for at han skal forstå samenhengen om at når me kjedar oss, og han byrjar å knurre eller bjeffe, skjer det noko kjekt. Men verst var altså den vonde klumpen i magen.

Då kurset var over og eg var på veg heim, fant eg ut at eg hadde lyst på ein kopp te hjå svigermor Tove, så Emil fekk vera med opp for første gong. Det var STAS!! For begge to :-)
Me kom heim klokka ti, så det var ein laaaaaaaaang dag for oss begge.

Me har fått lekse på kurset, og eg har allereie starta i dag morges. Måtte jo prøve litt meir på boksen, og ser at Emil gidder å jobbe ganske lenge før han syns det er nok.

Så til slutt, svaret på gjetteleken: Emil er på bildene 1, 3 og 6, men dei er veldig like!! Særleg på bilde 5 syns eg Ember liknar Emil VELDIG!

onsdag, august 11, 2010

Emil eller Ember? Gjettelek.


Ja, kven av desse er Emil eller Ember? Det går sjølvsagt an å jukse ved å kikke i bloggane til Nina og meg, men sjå om du klarer det uten :-)

tirsdag, august 10, 2010

Ruth og Postbanken sin Boligdrømmen 2010

Kjære alle som leser bloggen min.
Ei eg gjekk instruktørutdanninga mi i lag med er med i finalen om Boligdrømmen 2010. Nå er det siste veka ein kan stemme, så om du har to minutter, kan du ikkje gå inn her og følge instruksjonane?

http://www.boligdrommen2010.no/finalister/ruth

Om du blir trekt ut, kan du vinne 9.999 kroner, og det hadde jo vore kjekt? ;-)

Ho har dessutan ein blogg som er inspirerande å lese og følgje med i :-)
http://gullgrastein.blogspot.com/

I det innlegg som heiter "Fra dere til meg" er der ein videosnutt... sjå om du kjenner att nokon der ;-)

søndag, august 08, 2010

Hagearbeid og badetur.

I dag har det vore heilt nydelig vær, og dermed blei det utedag i dag igjen. Det har blitt mange slike for oss etter at me flytta ned hit, og sjølv om det er mykje arbeid å ha hage og hus, er det jammenmeg deilig også!  Dei siste dagane har gått med til å luke i eit nokså svært bed eg fantaserer om skal bli eit overdådig og bugnande blomsterbed neste sommar. Det skal innehalde ein sånn portalbue som skal dekkast med klematis frå begge sider. Nedover bedet skal det gå nokre steintrinn til nedsida av skråningen på andre sida av plenen.

For å få til det, må bedet renskas for bringebærbuskar og røter og allslags ugrasgreier som er der nå.
Og om ein ikkje er klar over på førehand kor sinnsjukt tidkrevande det  er å luke i eit villnis, kan det ta motet fra einkvar når ein har stått i tre timar og knapt ser skilnad på før og etterpå. Trøysteslaust er vel ordet...

Emil og Ayla har fått vore med i hagen når me har vore der, for Vetle er nesten ferdig med å gjerde inn hagen. Dei har stått og ete rips til den store gullmedaljen, og når dei ikkje har gjort det, har dei ete opp alle bringebæra og blåbære mine.

Tilbake til dagens badetur. Det blei så varmt for oss alle saman i dag, at eg heiv begge hundane bak i min bil som for tida ikkje har bur, og køyrde inn til Fiskelausvatn. Veldig veldig langsomt, sjølvsagt. Det er berre 1 km på privat grusveg, så hundane leid ingen naud eller var i fare av den grunn :-)

Håpte jo at eg skulle få Ayla til å svømme utan å svømme sjølv, men det var ikkje tale om! Ho får seg ikkje til å gå lenger enn at vatnet når henne til skuldrene, mens Emil stuper og hopper og svømmer som ein annan delfin.

Her kjem nokre bilete frå dagen.

 DSC08011
Neste år skal det sjå heilt annleis ut her. Etter å ha vore i tre hagar tidlegare i veka, tre nesten ferdige hagar (alle hagar er jo work in progress), ser min hage ganske sjaber ut. Eg kan ingenting om hage, gjødsling, overvintring, såing, stiklingar, jord/sand forhold eller andre finesser for å få ein fin hage. Etter mandagens hagevandringar kunne eg meir, og neste søndag kan eg heilt sikkert endå litt til, for då skal me ein gjeng til ei dame i Nissedal som har vore i Norsk Ukeblad og greier :-)


 DSC08017
Det er ikkje så ofte hundane ligg ved sida av kvarandre slik dei gjer her, så dette måtte jo forevigas.


 DSC08035
Me har stansa ved Fiskelausvatn, og som dei veloppdregne hundane dei er, venter dei på lov til å komme ut av bilen (that's my story and I'm sticking to it)


 DSC08041
Emil stuper uti etter ballen


 DSC08049
Ayla forsøker å mane ballen bort til seg. Dette er så djupt ho går.


 
DSC08050
Så kjem Emil hoppande forbi henne, og då han kom inn att med ballen, stjal ho den frå han og kom til meg og leverte den, sleipe rottweileren...


 DSC08051
Her var der ingen ball å hente eingong, han berre hoppa uti, han.


 
DSC08059
Han er så FIN!!!


DSC08063 
Her  ligna han på ein isbjørn, syns Vetle.


DSC08079
Ayla på grasetingstokt.

 

DSC08081
Etter badeturen kom Emil smygande opp i fanget mitt og ville kose. Eg tolka det som eit takk for turen :-) *smelt* Søndagsfrisyren min er altså så strålande vakker! :-)


DSC08085
Vetle og eg er veldig enige om at Emil har mange av Joey sine fakter. Ein av Joey sine ting var nemlig å legge seg oppå eller oppi ting som eigentleg var for små til å ligge på eller i, og Emil gjer det same.


DSC08089
Ho er så FIN!!!!


DSC08093
Litt avslapping på altanen i nyinnkjøpte hagemøbler som me har fått av mor til Vetle. Deilig lang klessnor i bakgrunnen, kleda blir tørre på ein blunk!


DSC08094
Eg har laga meg bed i dag. I morgon kjem plantene oppi. Oppå stubben skal det stå to krukker med eit eller anna oppi.

 
DSC08096
Me har masse flygemaur her for tida...

 
DSC08105
Emil er med Vetle og luker. Ved vegen bak dei var det forresten dei gutemennene stansa for å tisse den natta.

DSC08112
Ayla er sliten etter ein lang dag i hagen og ligger og støtter seg på bordbeinet mens ho snorker HØGT!