mandag, september 28, 2009

Bruk bur i bil!

http://www.dagbladet.no/2009/09/27/nyheter/trafikksikkerhet/innenriks/trafikk/bil/8310893/

Her står det å lese at ein bråstopp i 50 km/t forvandler din 20 kg tunge hund til ei kraft på 600 kg som blir slengt fram i bilen, enten på deg som førar, eller din medpassasjer. For ikkje å tenke på kva det vil gjer med hunden din når den blir kasta gjennom frontruta.

Har du berre ein bitteliten hund, seier du? Vel, gang vekta til hunden din med 30, så har du den krafta hunden blir forvandla til ved ein bråstopp i 50.

Kor ofte køyrer me forresten i 50?



http://www.tryggtrafikk.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=3241

Her kan du også lese om hund i bil og sjå film av kor galt det kan gå.

onsdag, september 23, 2009

Grundig sjekk av skjelettet

I går var me til veterinæren for grundig kontroll av alt som kunne vera galt med foten til Ayla.
Eg hadde så smått begynt å frykte beinkreft igjen (det same som Tinka døydde av), men veterinæren sa at då ville det vore STOR forandring frå ho først starta å halte. Og det har det jo ikkje vore, så eg blei beroliga der.

Ho blei dopa ned, ingen problemer, og mens ho sov, benytta eg sjansen til å få klipt klør og sjekka øyrebetennelsen hennar.
Ørtiførti bilder blei tatt av henne; hofter, rygg, kne, anklar, tær, og dyrlegen kunne ikkje sjå NOKO som helst som kunne resultere i slik halting som eg beskreiv.
Me måtte bare halde henne i ro i eit par nye mnd og gi Metacam, og ha i bakhovudet at kortison kunne vera noko å prøve om det ikkje var endring til november.

Det var ikkje akkurat det eg hadde lyst til å høyre, for både Ayla og eg er leie av å ta det roleg.

tirsdag, september 15, 2009

Rask oppdatering

Lite skjer, og eg føler eg repeterer meg sjølv i kvart blogginnlegg.

Sidan sist har me vore på rallytrening eit par gonger, men Ayla har ikkje fått vore med og trent så veldig mykje. Forrige mandag som var, hadde eg henne gjennom ein liten bane, og det meste sit framleis. Eg er litt fortvila over denne foten hennar som ikkje ser ut til å bli betre. Og eg veit liksom ikkje kva eg skal gjer for å finne ut kva som er gale. Ved liten aktivitet går det framleis greit, men med ein gong ho beveger seg litt meir, starter haltinga.


Ute på småturar har me fått trent på å gå i bue, og har framleis ikkje hatt utfall.

Elles har nytt kvalpekurs starta, og eg ser fram til å sjå utviklinga der utover hausten!

Rally grunnkurset starter på mandag som kjem, og der er det til nå fem påmeldte. Opplegget eg har laga der er eit eg sjølv ville likt å oppleve på kurs, så det blir spanande å sjå om det er gjennomførbart!

Elles har eg vore sjuk sidan fredag. Dermed blei det ingen trening på mandag, og i dag hadde eg eigentleg begynt å bli betre.. heilt til i kveld.. Då starta kroppen å verke, og kaldsvettinga tok til. Dermed blir eg muligens heime i morgon også. 
Så lenge eg blir frisk til fredag når Olaug og eg skal på Kristian Valen revy, så er eg nøgd :-) 

Håper eg snart kan begynne å oppdatere bloggen med skikkelige treningsresultater, for eg er lei av å stå i stampe slik som dette nå.

16. november har Ghita invitert til Rallystevne, så då har me i det minste noko å trene mot! Problemet er berre ein bane med hinder...