mandag, mai 26, 2008

Hundeeierskolen, Modul 5








Denne helga skulle me ha om språk og signaler, og sjå nærmare på forholdet mellom hund og menneske.

Forelesningane har gått på kvifor me har kjæledyr, barn og hund, når hunden dør, dyremishandling, hundeeigar sin personlighet, og så såg me deler av The Language of Dogs     på søndagen. Den har eg nå bestilt, sidan dollaren er så sinnsjukt låg... Den, to bøker og ein til DVD... Jadda...




Praksisen lørdag blei via stå under marsj, sidan eg er såpass godt i gong med den øvelsen. Eg jobba ein del med at ho skulle stå i ro mens eg bevegde meg rundtomkring, og forsøkte å følge oppskrifta i LTP (Lydighetstrening i teori og praksis).

Eg fekk litt meir hjelp denne helga, og det ga resultater, for nå er det verkelig ikkje mykje igjen før den sitter. Då er det faktisk bare tannvisninga og fellesdekken igjen før eg føler me er klare for konkurranse. Ja, og å strekke fri ved foten då, og allslags andre ting, når eg tenker meg om.. Men ståen er det vanskeligaste for meg og Ayla. Eller kanskje det er tannvisninga... 




Videosnutten i forrige innlegg var under lunsjen ein av dagane. Fram til då hadde allslags hundar og folk passert oss, men så hadde det vore stille ei stund. Så kom EI dame med passe liten hund akkurat idet eg skulle til å filme gjengen som stod borte ved bilane. Før eg visste ordet av det HANG Ayla i bandet. På filmen høyrer me stemmen min, forbausande rolig, for eg skvatt skikkelig der eg sat! Dei gongene eg seier "atatatatatat" trekker ho pusten og stramer leppene for å bjeffe igjen. Då filmen var ferdig, var også Ayla ferdig med reaksjonen. Jupp.

Fire gonger reagerte ho på hundar i helga, og det er laaaaaangt meir enn eg er vant til. Me gjekk tur saman med ein jamngammal golden, og så kom det ein groenendal forbi, og då reagerte ho også. Men like fort som det kjem, så er det over igjen.

For meg er utagering på hundar IKKJE eit nederlag. Eg greier aldri å forutsei når ho kjem til å reagere, så det kan bli spennande å begynne å trene på dette her. 

Søndagen, etter filmen, skulle me ha ut eit par hundar for å sjå etter diverse signaler. Eg tenkte at det jo ikkje kunne vera skadelig for Ayla å "bli utsatt for", så eg spurte om me kunne bli tatt fram. Dei andre stod rundt oss i ring, og Britt filma for meg. Den blei over 80 Mb, så eg veit ikkje om den kanskje er for stor til å leggas ut, men eg skal prøve. Eg må dessuten høyre med Fjellanger om eg får legge ut klippet, for det var ein del av undervisninga. Det andre klippet eg har frå kurshelg er jo berre meg og Ayla.

Ho fekk først ta heile runden og helse på alle. På ei av dei som stod rundt, fant ho BAR HUD, må vite!! Den måtte slikkas på!! :-)

Så skulle eg stille meg i midten, laust band, og stå heilt stille. Dei andre skulle sjå etter signaler. Dei såg etter om Ayla slikka seg rundt munnen, vandra kvilelaust, løfta poten, slikka seg på tissen, korleis øyrene var, halen, augene, om ho laga lyd - i tilfelle KVA lyd, o.s.v.
Størstedelen av tida var ho konsentrert mot meg. Ho forsøkte diverse adferder for å få meg til å klikke, stakkar, men ho virka ikkje veldig stressa av inaktiviteten. :-D Folka takla ho gullfint, så eg var i grunnen veldig fornøyd!






Heilt på slutten av søndagen hadde me forelesning om "Når hunden dør", og det fekk meg til å tenke på mykje rart på veg heim. Me snakka også om opptaksprøven til instruktørdelen, og eit av spørsmåla me kunne komme til og måtte svare på var "Kvifor har du hund?"  Den tenkte eg lenge og hardt på langs grønkledde åsar nedover frå Bergen.

Då eg kom heim, hadde Vetle laga tacos til middag, og då var det jammen godt å vera heime igjen!

Slik har helga mi stort sett vært...




Meir utdjupande referat kommer litt seinare i kveld...

fredag, mai 23, 2008

Multimedia message

Me er nå på Midttun motell, og ting er annleis denne gongen. Der er fullt av folk, og dei sitter ute og røyker og griller og plystrer og smatter på Ayla når me går forbi. Me måtte passere ein som stod og røykte... på 20 cm avstand! Me kom oss heilskinna tilbake igjen, og nå ligger Gullet ved sengeenden og sover etter tur og middag. Coyote Ugly på tv, og ein aldri så liten sjokolade i magen min. ;-) Den VAR så god!

torsdag, mai 22, 2008

Tid for ny kurshelg i Bergen.

Det blei ikkje kurs i bronsemerket, for det var for få påmeldte. Det kom to ekte mannfolk med kvar sin unghund, og me fekk nå trent litt den kvelden likevel. Dei skal samle saman ein gjeng, og når det er gjort, skulle eg komme tilbake. For eit område dei hadde fått seg, Collieklubben avd Rogaland! Ein bonde like ved har inngjerda eit svææært område, og han klypper også plenen for dei! Det er neimmen ikkje mange som har muligheten til å trene fritt på inngjerda svæææær grasplen!!

Her er utsikten fra grasplenen:






Og her er "kursdeltakarane"






Eg var dessuten på trening på mandag, for første gong på nesten to mnd. Det var godt!! Ayla var flink, syns eg, til å knapt ha sett folk på like lenge, for det passerte folk og hundar heile tida, og det kom ikkje ein einaste lyd! Me trente på fri ved foten, mest, men også litt stå under baklengs marsj.

Her heime har eg begynt å la klikket utebli når ho ikkje stopper raskt nok, og det funker faktisk!Utruleg nok! :-) I tillegg begynner DEKK å bli nydelig!

I morgon drar me til Bergen igjen, også denne helga ligg me på motell, for hos kompis er det altfor mange trapper for eit Gull med korsbåndskade som skal haldas i ro tre veker til..

Eg har planar om å få tatt meir film i helga, og maaase på den eg trener samen med om å filme.. Det er så mykje enklare å sjå kva eg treng å jobbe med då.


Og så må eg gratulere Siv med seieren i rekruttklassen i helga, og Elin (som har tre (!) veker til termin)  med opprykk til klasse 2!! Det er vel fortjent, jenter!!

lørdag, mai 17, 2008

Kurs i bronsemerkeøvelsar.

Det begynner å nærme seg kurshelg i Bergen igjen, og eg er spent på korleis det skal gå denne gong. Me har kome ein del vidare på stå under mars, og ho stopper nå når eg seier "TÅ", står i ro mens eg går frå henne, og eg kan snu meg og vera på vei tilbake til henne. Lenger har eg ikkje gått, men eg held på å forsøke å lokke henne utav ståen ved å halde godbit fra m mot henne. Når ho ikkje kjem fram for å hente den, klikker eg og hiver godbitane bak henne. Eg vil ikkje ha nokon framdrift mot meg. 
Dessverre tør eg ikkje å belønne med leik, for ho skal jo endå halde seg i ro i ein mnd.

Ellers har eg begynt å legge på ny kommando for kjapp neddekk. Eg har til nå brukt "Legg deg" som en universalkommando for all bevegelse ned.

Neste kurshelg håper eg at eg får litt meir hjelp frå instruktørane enn eg har fått til nå, sånn at eg også kan komme meg litt vidare.



Når det er sagt, har eg blitt spurt om å halde kurs i bronsemerkeøvelsar. Jepp. HALDE kurs. Planlegginga er i full gong, men eg er ikkje heilt sikker på oppstart endå. Det blir uansett veldig spennande, og ein særdeles verdifull erfaring for meg å få med meg.

Ellers håpar eg flystreiken er over til fredag om to veker, for då skal me jo til Oslo på seminar! Det blir ein forsommar fullpakka med hundeting, dette her! :-) Herleg!!


Og Ayla har ikkje halta.

Joey har fått hjartehoste, så han skal me ta med til veterinæren og få sjekka.

fredag, mai 09, 2008

Travle tider



Det er travle tider i den nye jobben. Nå denne veka har eg jobba til klokka åtte kvar kveld, og det har blitt lite tid til hundetrening. Eg har vore dønn gåen på kveldane, men her på onsdag la Vetle eit 480 meter langt spor til oss som me gjekk då eg kom heim halv ni. Det låg i to timar, og Ayla gjekk det som om ho aldri skulle gjort anna! Halvveis tok me eit par minutter pause før eg sa SØK og ho gjenopptok søket så lett som bare det! Vetle er grøn, og Ayla og eg er gule...













Første helga i mai var me nedover til Lyngdal for å dra på Willie Nelson konsert. Me drog nedover på fredagen, og kom til eit draumehus! Me var heilt åleine på den sida av vegen, og hundane gjekk lause heile helga! Me koste oss heilt vilt masse!! Det blei ein tur ned til Handlers som tilfeldigvis hadde 30% avslag på ALT i butikken! Ehm.. det gjekk nokre lappar, ja...




















Når eg er på hytter og sånt, så syns eg alltid det er så kjekt å lese gjestebøker for å sjå kva andre har notert ned, og gjort, og korleis dei har hatt det under opphaldet. GJestebøkene i dette feriehuset var fulle av illustrasjonar, tørka blomster, og andre kreative innslag.

Og eg kunne jo ikkje vera dårligare enn at eg også forsøkte meg på eit kreativt innslag:



















I løpet av helga var me både på Lindesnes og Lista Fyr, men begge plasser var omhylla i havdis, så me hadde null utsikt der.



















Konserten på søndagen overgjekk alle mulige forventningar me hadde! Willie Nelson kom på scenen ca halv ni, og spelte i eitt bankande kjør til klokka var godt over ti!






Eg havna framme ved scenen og sat fire meter frå den største levande countrylegenden EG veit om, i alle fall!


















Mandag kjørte me heim, og eg var på jobb fra eitt til ni.