søndag, mars 23, 2008

Påsken 2008


Påsken er snart over, og det har blitt særdeles lite trening. Kun kos. Me har hatt svigermor på besøk, og ho reiste torsdag. Etter det har Vetle vore på langtur med Ayla. Eg lvote at dei knapt ville sjå folk på turen, sidan været ikkje var heilt fint, men dei hadde truffe nærmare tredve stykker til saman. Pluss nokre hundar.

Aylagullet hadde ikkje kome med EIN lyd!
Og på kvelden var det ingen halting! Sjølv om den turen er lenger enn dei ho har halta etter tidlegare.



I dag tok eg same turen, og håpte å treffe på folk. Eg har nemlig begynt å følge med på Ayla når me går, i staden for å sette "radaren" på og vite lenge før Ayla kor folka kjem frå. Ho har blitt så flink på å sladre, at sjølv når ho går laus, framfor meg, og det kjem syklistar bakfrå, så stopper ho opp og venter til eg kjem inntil henne. Dersom syklisten sykler så fort at ho ser at eg ikkje rekker fram til henne før syklisten er forbi, kjem ho springande tilbake til meg. Flinke hunden! :-)

Me traff: eit par, så eit par til, så fire mannfolk og to ungar, så ein familie, så eit par med hund, så eit eldre par (desse gjekk me forbi, dei andre passerte mens Ayla sat ved sida av meg), så to voksne og to ungar, så eit par med hund, og til slutt ei dame med hund. Nokre av passeringane av folk var så nære som ein meter. Ayla var heilt avslappa og ikkje stressa i det heile.
Då hundane passerte ( på ca 3-4 meters avstand) var der ikkje minste teikn til at ho ville bort og helse. Heldigvis bjeffa ingen av dei andre hundane, ellers ville ho nok hatt eit ord med i laget, men sånn generelt sett kjenner eg at eg svulmer av stolthet over arbeidet mitt. For det ER jo mitt arbeid, det er ikkje til å stikke under ein stol..

Ei veke igjen til operasjonen, og den veka MÅ eg bruke til å trene! Det blir nok ikkje så mykje av det etter operasjonen og før Hundeeierskolenhelga om to veker. Vetle blir med opp, så eg ikkje overanstrenger meg.
Eg trur eg vil konsentrere meg om apporten, og så får eg heller bite i det sure eplet og faktisk skrive kriterieplan og treningslogg over det. Blæh...

mandag, mars 17, 2008

Tør eg håpe?


Ayla, svigermor, og Joey.


Forrige søndag halta Ayla ei kort stund etter turen.

Nå har me svigermor på besøk, og tok same turen igjen i dag. Joey fekk også springe laus i dag, og han koste seg masse!

Han er dessverre stiv som ein stokk i kveld, men Ayla halter ikkje! :-)
Me har bestilt time hos veterinæren igjen i morgon, men den trur eg me kan avbestille.

Sånn bortsett fra det, så blir det nærmast INGEN trening om dagane. Dette trur eg vil endre seg litt nå når ho er ferdig med løpetida, og kanskje allerede nå når eg har så mange dagar fri i påsken. :-)

Men eg er altså VELDIG fornøydd med at ho ikkje halter i kveld! Juhu!! (bank i bordet)

søndag, mars 09, 2008

Tur med alle fire.



Nam nam ferske grasspirer!!






Denne MÅTTE eg bare ta bilde av! Ein blomst i bløming, og det er IKKJE snøklokke! :-)








































































Egentlig hadde eg tenkt å få rydda i klesskapet mitt i dag, men så såg været så nydelig ut, at me bare MÅTTE ut og gå litt.

Joey og Ayla fekk vere med, og Vetle også. :-)

Det dråpa litt til å begynne med, men så skein sola. Heilt på slutten av turen åpna slusene seg, og me rakk akkurat å bli skikkelig våte før me fekk redda oss i hus.

Joey har ikkje vore med på denne turen før, og det var veldig tydeleg at han har blitt gammal. Han er nå 12 år og 3 mnd, og han måtte ha hjelp til å komme opp eit par plasser.

lørdag, mars 08, 2008

Joey er på flørtaren..

Joey er på flørtaren, og Ayla beviser ein gong for alle at rottweilerar er ein pratsom rase. :-)



Bilder...

Poster litt bilder, eg.








Vetle og Lea på 7 mnd.