fredag, april 30, 2010

Bilder fra andre praksiskveld på kvalpekurset.

DSC05580
Her er me på vei til kvalpeslepp.

 

DSC05583
Her trener me kontakt før kvalpeslepp.

 

DSC05604 
Han har blikket klistra på meg.

 

 DSC05626DSC05624   DSC05628
Emil er den aller første hunden eg har sett som buster nedover halve halen. Denne litle krabaten stod litt for seg sjølv og likte seg ikkje godt. Kva kan ha vore grunnen til all denne busten hjå Emil?

 DSC05616
Her rister faktisk Emil seg etter at dei to andre har sprunge forbi.

 

DSC05634 DSC05635 DSC05640

Her er den litle brune krabaten framleis årak til busting, men halen er i det minste oppe til tider..

 

DSC05680
Ro-trening etter kvalpesleppet. Me setter oss på huk og stryker kvalpen på brystet. Emil er vane med slik behandling, så han roa seg med ein gong, og dermed kunne me jobbe vidare med kontakten.

 

DSC05686
Finfin kontakt igjen etter kvalpesleppet.

 

DSC05733 DSC05697
Her trener me på å gå bakover med kontakt. Ikkje eit problem for Emilen min :-)
DSC05704 DSC05712

 

DSC05750
Sjølv om me kom litt nærme ein av dei andre kvalpane, klarte Emil å konsentrere seg!

DSC05800DSC05816
Iveren er det ingenting å seie på, og me fekk til og med til å trene litt dekk der ute på plenen blant alle dei andre kvalpane! :-)

DSC05760
Han er så fiiiiiin!!

 

    DSC05859 DSC05861 
Innkallingstrening. Instruktør Anna held Emil mens eg går eit stykke frå. Så roper eg på Emil og Anna slepper han.

 

DSC05877DSC05879
Når han så kjem heilt inntil meg, skal han få masse masse belønning mens eg tar han på nakken og selen/halsbandet.

 

DSC05858
Kan jo ikkje anna enn å smile med ein sjarmør som Emil ved sida av meg på kvalpekurs, vel? :-)

torsdag, april 29, 2010

Besøk og sosialisering og andre praksiskveld på kvalpekurs

Me er aktive om dagane, og det blir ikkje mykje overskudd til flytteplanar og pakking. I helgene går det greit å få lade batteriene, men i vekene når me er på jobb, krever Emil mykje oppmerksomhet og tålmodighet frå oss tobeinte.
Han er veldig veldig flink til å vera heime mens me er på jobb, og no går eg på jobb klokka sju, kjem heim og mater og lufter han klokka tolv sånn cirka, og så kjem eg som regel heim for godt frå jobb rett over halv tre. Fem timar klarer han litle krabaten å halde seg tørr på dagtid, og åtte på nattestid. På kveldane må han av og til ut og tisse mange gonger i timen, men i det store og det heile er han veldig god på å halde seg.

Me har så smått starta med ligg-trening. Han tipper, som eg har nevnt tidlegare, lett over i frustrasjonslydar når ting ikkje skjer fort nok, så eg må halde klikkertommelen beint på klikkeren for å ikkje forsterke lydane han kjem med.

Ellers har me vore på besøk hjå Carita og Oliver, og nok ein gong erfarte eg kor roleg kvalp han er. Sjølv om Oliver protesterte på urettferdigheten det var å ikkje få leike inne, sat Emil berre og kikka roleg på han. Når Oliver blei geleida inn og ut av time-out, var det berre undring og ro å augne hjå Emil. Flinke hunden min!! :-) Det betyr mykje for meg å få behalde håpet om ein roleg hund som kan vera med på besøk uten å mase og kave.
Forrige gong Oliver og Emil møttes, var dei like store, men ikkje no lenger. Var forresten innom dyrlegen for å vege Emil, og 14 veker gamal vog han 13,9 kilo. Store guten! :-)



Då begge hundane hadde roa seg, tok me oss ein tur ut i kulda og blåsten. Gjekk opp til eit jorde der først Oliver fekk springe frå seg, og så slapp eg Emil også. Og det var kjekt!!! Dei sprang og herja og byta på å ligge underst og øverst og sprang litt til. Det var vått i graset, så Oliver stakkar såg litt pjusken ut etterpå :-) Emil blei god og sliten, og fekk legge seg i bilen då me kom tilbake. Ein kjekk og koselig kveld for både Emil og eg. :-)

Onsdag var det tid for kvalpekurs igjen, og eg var så heldig at eg klarte å overbevise Vetle om at det ville bli veldig kjekt for han hvis han tok med seg kameraet og blei med på kurs. :-D
Og så lokka eg med å gå på "vindusshopping" etter spisestuemøbler på Bohus etterpå ;-)

Me parkerte bilen i same sekund som klokka slo halv seks. Eg sprang inn for orientering, og då me skulle ha hundane ut or bilen, skulle me trene burtrening. Det inneber å belønne hunden for ro i buret mens me åpner døra. Emil må ha fått belønning for slikt i heile sitt forrige liv, han, for når eg åpner døra, strekker han seg, og ligg eller sit og ser på meg med logrande hale. Ikkje før eg går til sides for døråpninga eller legg ein godbit utanfor buret kjem han ut. Og sjølv då har han siiiiirup i bevegelsane sine. Han har då all verdens tid! :-)
Så derfor tar me burtreninga på vårt eige vis, me.. Han blir gjerne med ut og trener, men går like villig inn i bilen igjen.

Programmet var som følger: Kontakt, kvalpeslepp, rotrening, kontakt, kontakt baklens gange, innkalling, kontakt baklengs gange. Emil konsentrerte seg finfint sjølv om det var hundar som bjeffa og masse folk og masse hundar.
På kvalpesleppet hadde han hanekam frå panna til halvveis utpå halen då han helst på ein av kvalpane. For når han buster, så er det faktisk berre ei tynn tynn stripe pels midt på ryggen som står opp. Han ser litt komisk ut :-)

Det blei mange bilete frå kurset, men dei kjem i eige innlegg med kommentarer :-)



Når det gjeld spisebord, fant me dette som me likte veldig godt

tirsdag, april 27, 2010

14 veker og personligheten veks fram.

Emil er nå 14 veker, og me forsøker å fylle dagane med meiningsfullt innhald.
I går fekk han bli med på rallytrening med det formål at eg skulle begynne å trene med han mens dei andre hadde hundane sine ute. Me var på ein ny plass, nemlig parkeringsplassen utanfor Oljedirektoratet på Ullandhaug, og der var det kjekt! Masse god plass, heilt for oss sjølv, og med muligheten for å gå tur i Sørmarka etterpå.

Emil fekk bli med og sette opp skilta og helste på alle som hadde møtt opp. Han har ikkje endra måten å helse på; det er framleis "hei hei" og så ferdig. Då banen var nesten ferdig, merka eg at Emil blei litt kjapp i rørslene sine og litt sånn fandeinvoldsk i blikket, så då fekk han hoppe inn i bilen igjen og kvile seg.

Ei stund seinare henta eg han ut og starta å trene litt kontakt. Han konsentrerte seg fint, og me fekk trent litt sitt og bli, følge etter bakover og så gjekk eg bort i skogen for å sjå om han skulle tisse. Det skulle han ikkje.

Like etterpå fekk eg god hjelp i oppryddinga og så køyrde me heimover.

På veg heim såg eg ein liten kvalp saman med ei ti-tolv år gamal jente utanfor ein butikk. Ei anna jente hadde kome bort og stod og klappa kvalpen som viste på alle vis at dette var driiiitskummelt ved å krype og logre med halen mellom beina, slikke seg febrilsk rundt munnen, og til slutt legge seg ned på bakken mens begge jentene bøyde seg over kvalpen og klappa og koste. Kommunikasjonsproblemer er triste saker.. :-(

I dag har eg hatt fri frå jobb, og då Emil blei litt vel "ållstren", som me seier, rusla me oss bort til Vistnestunet ein tur. Der var det ein skuleklasse på besøk. Og dei gjekk i andre klasse, fortelde dei. Emil takla dei heilt eksemplarisk, og det var ikkje før heilt på slutten at han blei rask i rørslene og då rusla me derifrå. Måtte først snuse på ei død kalkun, men så var det heim for litt lunsj.

Vel heime sov han ei stund før me skulle trene litt. Det er jo første felles praksiskveld i morgon, og me hadde litt lekse frå forrige onsdag. Først trente me litt sitt med begynnande stimuluskontroll før eg ville forsøke å få han til å legge seg, og sat i sofaen og trente på sitt. Me har prøvd dette litt dann og vann, og han veit at det kan lønne seg å gjere noko anna enn å sitte. Då eg drøyde klikket i påvente av at han skulle legge seg, begynte han å krafse på føtene mine mens han bjeffa med HØGE skingrande bjeff. Dei skjærer verkeleg i øyrene, og det held hardt å ikkje reagere på det.
Til slutt tok han teikninga, og eg fekk maaaaange finne nedliggar av han. Me bevegde oss ut på golvet, og fortsatte der. Då eg skulle avslutte treninga og ville sette meg i sofaen, gjekk han etter meg og tilbaud meir ligg. Eg hadde jo bestemt meg for å avslutte treninga, og dermed kom bjeffinga igjen.

Han tippar med andre ord lett over i lyd, og det er eg ikkje heilt sikker på korleis eg skal gripe an. Eg har vore veldig bortskjemt med Ayla ..(Joey var ille då han var ung, litt betre som vaksen, og heilt taus som gamal)

Seinare i kveld har me tenkt oss ein tur til Carita og Oliver på besøk, så nå ligg Emil og lader opp til det...CIMG4582Stolpen på senga har fått gjennomgå 

 


CIMG4593

Metallskåla er ikkje farlig, syns Emil, og han foretrekker å passe på den sjølv
i tilfelle det skulle dukke opp mat i den.
 CIMG4586

søndag, april 25, 2010

Miljøtrening og sosialisering på Åsen + triste observasjonar rundt banen.

I dag hadde eg fått tips om at det skulle vera lydighetsstevne på Åsen. Siv og Kry skulle gå konkurranse nemlig, så då kunne eg slå tre fluer i ein smekk: sosialisering, miljøtrening og helse på Siv som eg ikkje har sett på altfor lenge :-)

Då eg kom dit kvart på elleve, kom Nina bort og helste på Emil. Ho har sjølv jaktlabrador som ho trener opp til å bli redningshund, og dermed fekk eg MASSE kjekk input om jaktlabrador :-) Det satte eg utrulig stor pris på, og det var kjempekjekt å få så masse skrøyt av Emilgutten :-) Han helste fint og ivrig på alle som ville helse på han, og ellers forholdt han seg rolig og observerande. Etter halvannan time ved sida av ringen, gjekk eg bort til agilityhindera. Der blei han veldig interessert i tunellen, og rusla seg innover:
                          CIMG4736
Etterpå fekk han seg ein pause i bilen, og det trengte han, for han fekk raptusfakter på veg bort :-)

Då eg henta han igjen, var han rolig og fin igjen, og me gjekk rett inn på området. Eg hadde med meg ein liten trebeint stol denne gongen, og sette meg i den. Emil sat eller låg og kikka på alle hundane som gjekk forbi oss og trente bak oss og lekte med eigarane sine. Ingen tendenser til å springe vekk frå meg og bort til dei andre, berre rolige rørsler og avslappa kropp.

På eit tidspunkt dukka det opp tankar om dette eigentleg var stress, for då også kan hundar oppføre seg slik - med det resultat at eigarane er strålande fornøydde uten å ane at hunden ligg og har det heilt grusomt stressande.
Men han tok godbitar med same laushet i munnen som heime, og øyrene framover mot det han kikka på. Samtidig 

 

CIMG4743 CIMG4719 CIMG4722 CIMG4723 CIMG4733 CIMG4734 CIMG4737 CIMG4738

Rundt banen sat det folk og kikka på, og sjølv om det har gått nokre år sidan eg var noko særleg deltakande i lydighetsmiljøet på Åsen, såg det dessverre ikkje ut til at ting hadde endra seg. Hundar blei løfta etter nakkeskinnet,  rista, kløpe i øyra, knøvla, slått på snuten, kjefta på og brølt til. Ei av dei eg sat og observerte, sat og strøyk hunden over pelsen og det såg riktig så idyllisk ut. Brått klapsa ho til hunden heilt utan at eg kan fatte og begripe kvifor.

Eg syns det er så utrulig trist, men innser vel at eg like greit kan venne Emil til at folk rundt oss KAN komme til å vera ugreie med hundane sine. Ayla syns ikkje det er kult når andre hundar blir knøvla, og Joey som var trent slik heilt i byrjinga, han datt heilt saman når nokon andre kjefta på hunden sin. Slik har eg ikkje lyst til at Emil skal reagere, så eg får vel frekventere desse miljøa igjen..

Og dei som ikkje var så kule med hundane sine, hadde også hundar som dempa HEILE tida inne i ringen.

Bortsett frå dette, var dagen heilt strålande med fint og mildt vær, eksemplarisk Emil,  koselige samtalar, og ekstra koselig gjensyn med Siv og Kry:

CIMG4802                    CIMG4784
KRY

lørdag, april 24, 2010

Det nærmar seg D-dagen..

Ja, det nærmar seg den dagen då tida for miljøtrening og sosialisering er over. Eller ikkje over, men alle seier jo at innan kvalpen er 12 eller 16 veker må den aller meste miljøtreninga og sosialiseringa vera gjennomført. Etterpå blir det meir vedlikehald. Og tida nærmar seg, som sagt. Med stormskritt!!

Derfor har me vore og gått litt på nye plasser, treft to nye trygge vaksne hundar, vore på besøk hjå eit par venninner av meg, og i mens vokser Emil for kvar einaste dag.

Det eg ser er at han er berørt av nye miljø. I starten. Då hopper han opp på låra mine og held på slik til han enten går lei, eller tilvenner seg den nye plassen.
Han kan starte med hoppinga om me bevegar oss vekk frå tomta også. Eller når han er trøytt.

Generelt er det utelukkande kjekt å ha kvalp igjen, for Emil er verkeleg drøymekvalpen. Nei, han er Drøymekvalpen! :-)
Jovisst, han et skiten på jordene, og han tisser i gongen sjølv om han nettopp har vore ute, han stjeler sokkar og sko og det han kan få tak i, herjer med Ayla kvar einaste sjanse han får, snapper etter hake og nase når me bøyer oss ned til han, og ein heil haug andre ting. Men ALT er kvalpegjerningar som han vil vokse av seg.

Torsdag var me hjå ein kollega og dotter hennar, og Emil oppførte seg perfekt. Roleg, kosete, leiken, og etter ein times tid sovna han på golvet ved beina mine.

CIMG4613 CIMG4614CIMG4611

 

Fredag hadde eg fri og då var me ein tur til jobben til Vetle. På veg heim fant eg ut at eg hadde VELDIG lyst til å besøke Ellen Beate og Kira, og heldigvis passa det at me kom :-)
Kira var kjempesnill med ein litt usikker Emil, og det ordna seg heilt fint til slutt. Etter ein bitteliten tur saman, tok me begge hundane inn i stova, og sjølv om Emil sprang litt villmann inne i stova, syns Kira han var særdeles sjarmerande. Brått låg dei begge og sov på golved rundt oss :-)

Det er utruleg deilig å ha ein hund som kan slappe så godt av sjølv om me er i framande stover og i lag med framande hundar. Det er eg ikkje van med, og eg ønsker inderleg at det fortsetter slik!

Idag, lørdag, hadde eg avtalt med John og Odin om å treffe dei ein eller annan stad. Det passa seg best slik at dei kom hit til oss, og då Emil kom ut og såg Odin, kom busta opp med ein gong. Han sprang ikkje og gøymde seg, men busta forblei oppe ei stund. Og han får sånn kul hanekambust! Kanskje eg skal kalle det det frå no av :-) Hanekam :-)

I allefall, her er nokre bilete frå leikestund på jordene på Vistnes:

 CIMG4636 CIMG4637 CIMG4638 CIMG4639 CIMG4640 CIMG4648 CIMG4653 CIMG4657 CIMG4674 CIMG4679 CIMG4683 CIMG4685 CIMG4686 CIMG4687 CIMG4688 CIMG4690 CIMG4693 CIMG4694 CIMG4696 CIMG4697  CIMG4698CIMG4718