mandag, juni 29, 2009

Innhaldsrik tur til veterinæren.

I dag måtte me til dyrlegen igjen. Ho har ikkje blitt betre over helga. Sjølv om ho har fått auka apetitten, har diareen ikkje gitt seg. Eg har sove på sofaen kvar natt og latt døra stå åpen, for ho har ikkje klart seg meir enn to tre timar uten å gå på do.

Formen ellers har faktisk vore bra, og ho har til og med hatt lyst til å leike med meg.

Vetle (snille snille Vetle) tilbaud seg å dra på jobb i går, sånn at han kunne ta i dag fri, og det sa jo ikkje eg nei til! :-) Med ein gong dyrlegen åpna, ringte eg ned og fekk time. Den blei ganske tidlig på dagen, og dei sa at me sikkert kunne setje henne der til oppstalling, så kunne dei ta prøvar og røntgen og det dei trengte. Eg merka eg blei litt hønemor og hadde ikkje det minste lyst til å forlate henne der. Ho er jo slik ho er, og det tryggaste er om Vetle eller eg er der og kan lese henne og beskytte henne best mulig for ukule opplevelsar. 
Me har klart å halde veterinærkontoret fritt for uhyggelige erfaringar, og Ayla har sett ut til å like seg riktig så godt der.

Kvart på elleve ringte Vetle og sa han hadde gått fra henne i oppstallingsrommet, og at ho var åleine der, og at alt såg ut til å vera gode greier.
Ein time seinare ringte dei frå dyrlegen med beskjed om at ein av oss måtte komme så raskt me kunne, for Ayla hadde blitt engstelig. 

Engstelig?

Eg ringte til Vetle og ga beskjed om at kor enn han var, måtte han snu og kjøre rett til dyrlegen igjen. Så ringte eg tilbake til dyrlegen for å forhøyre meg om kva dei meinte. Eg kom til ei anna enn ho som hadde ringt meg, og eg spurte om kva dei meinte med engstelig. Jo, kunne dama fortelje, det betydde at ho ville ta dei som skulle behandle henne. Hjarta sank i meg.. Etter den setningen såg eg føre meg ei livredd Ayla inntrengt i eit hjørna med halen klistra til magen, mens ho flekka tenner og glefsa etter dyrlegen og assistentane som prøvde å behandle henne. Eg begynte nesten å grine.. 

Så høyrde eg nokre stemmer i bakgrunnen, og deretter kom dyrlegen i telefonen. Ho fortelte at ho måtte bryte inn i samtalen og korrigere litt på det eg hadde fått meddelt nettopp. Det som hadde skjedd, var at dei hadde tatt munnbind på Ayla for å legge henne på røntgenbordet, og det hadde gått fint. Altså heilt utan dop. Så hadde dei tatt av munnbindet igjen for å gi henne kontrastvæske. Men då dei skulle ha på munnbindet igjen, viste Ayla teikn til at ting var ukult. I staden for å tvinge henne, hadde dei ringt til oss. Dette fordi dei var veldig klar over kva arbeid me held på  med med Ayla, og at ho er ei "stor jente me ikkje hadde lyst til å pushe til å gjer noko ho ville angre på seinare, for å sei det slik" sitat slutt. :-) Ho kalte Ayla ei sart sjel, og forsikra meg om at ingenting hadde skjedd. Ingen utfall, ingen bjeffing, ingenting. Det var rett og slett for å vere føre var. Dermed hadde dei latt henne vere åleine på det rommet, og festa lapp utanpå døra om at ingen måtte gå inn. :-D 

Det tok ikkje lange tida før Vetle var der, og då kraup ho faktisk opp på fanget hans, noko ho ALDRI gjer til vanleg. Vidare hadde ho rundslikka og helst på alle ho fekk tak i på kontoret der. 

Ikkje mindre enn fire røntgenbilder med ca ein times mellomrom blei tatt. Og det viste seg at det ligg nokre småsteinar inni der. Akkurat kor dei ligg fekk eg ikkje med meg, men ho trengte i det minste ikkje å operere. Me fekk til og med dekka 800 kroner på forsikringa, så ENDELEG fekk me noko att! :-) 
Me fekk ros for å ha gjort alt rett i korrekt rekkefølge, og dei syns observasjonane og detaljene me kunne komme med var verdifulle. 

Vidare behandling nå er å fortsetje med ZooLac og skånefor, og i tillegg har ho fått antibiotika. Til kvart måltid skal ho dessutan få ein boks med kvite asparges for å hjelpe småsteinane ut. 

Nå i kveld har ho vore roleg og avslappa og dønn sliten. Kveldsmåltidet såg verkeleg ekkelt ut, men ho slukte rubbel og bit. Der er ganske mange aspargesspirer i ein slik boks!

Nå får me bare ta tida til hjelp og håper inderlig på at steinane kjem ut RASKT!

Ein god ting oppi alt dette her: Ho haltar ikkje lenger, sjølv om ho ikkje får smertestillande! :-D

søndag, juni 28, 2009

Eg ønsker meg ein frisk hund!

Det har vore mykje helsemessige utfordringar den siste mnd, og torsdagsmorgon vakna eg av lydar både i gongen og utanfor vindauga. Stod opp, og kjente ei umiskjennelig drittlukt. Me bur jo på landet, og trøytt som eg var, tenkte eg at ein eller annan bonde hadde spreidd møkk i løpet av natta og at vindauga i stova hadde stått oppe. 

Eg registrerte såvidt at Vetle var ute med hundane då eg gjekk gjennom stova og inn på badet for å dusje. Då eg kom ut i stova att, hadde Vetle og hundane kome inn frå lufting. Han kunne då fortelje at Ayla hadde vore uheldig og bæsja på golvet mens han dusja. Ute hadde ho hatt veldig flytande avføring, og då eg lufta henne ein halvtime seinare, stod spruten frå henne. 

Kvart på elleve reiste eg heim frå jobb for å ta lunsjen heime, og dei første femten minutta eg var heime, hadde ho gått på do seks gonger og spydd tre-fire gonger. Det var også begynt å kome blod etter at ho var ferdig å bæsje. Eg kunne ikkje reise frå henne slik, og var heime til Vetle kom heim. Resten av dagen var ho sikkert på do tjue, tredve gonger. Eg ringte til dyrlegen og fortelte koss det stod til, men fekk beskjed om å sjå det an. 
Den natta sov eg i stova med henne, og lot ytterdøra stå åpen, og var med henne ut ein gong i blant for å sjå korleis ting hadde utvikla seg. Vetle stod GRYtidlig opp og fekk unnagjort arbeidet sitt på rekordtid og var heime igjen rett over åtte slik at eg kunne gå på jobb.

Mens eg var på jobb på fredagen ringte eg til dyrlegen igjen, for Ayla hadde blitt veldig slapp i løpet av natta, syns eg. Vetle reiste med henne, og ho blei undersøkt opp og i mente av ikkje mindre enn to dyrlegar. Me fekk syrebalanserande tablettar, kvalmestillande tablettar (til 110 kroner stykket!), og ZooLac hadde me jo fått oss dagen før.
Ayla oppførte seg eksemplarisk også her, stakkar...

Utover dagen slutta ho å spy, for tidlegare spydde ho kvar gong me var ute. Det virka som om ho blei kvalm MENS ho var på do, for kvar gong ho krøka seg saman, begynte spyttet å renne i munnen på henne. Natt til idag blei også tilbrakt i stova, med åpen ytterdør. Den natta gjekk ho berre ut to eller tre gonger som eg fekk med meg.

I dag har ho ete litt, og har fått tilbake matlysten. Litt, i alle fall. 
Nå i kveld har ho vakna litt til liv igjen, men framleis kjem det blod frå rumpa når ho er på do. 

Eg kjenner at eg er lei av å ha sjuk hund eg ikkje kan gjere noko saman med. Og så er det vondt å sjå henne så pjusk :-(

søndag, juni 21, 2009

Ein rottweilers leikeknurring

For ein fersk hundeeigar kan denne lyden høyras veldig skummel ut, og det er viktig å lære seg å kjenne lydane til sin eigen hund. Fordi eg kjenner Ayla, og fordi eg har observert forskjellen på leikeknurring og advarselsknurring, fins eg ikkje redd når eg høyrer denne lyden frå henne.

På Ayla er leikeknurring djupare og meir melodiøs enn advarselsknurring. Eg har ikkje høyrt advarselsknurring mot mennesker, berre mot andre hundar, og den knurringa høyres dessuten ut til å innehalde ein god del meir spytt.

Me skal ikkje vera så redde for å høyre knurring hos hundane våre, og me skal uansett ALDRI ALDRI ALDRI straffe knurring. Knurring er ikkje noko anna enn informasjon, og me må lære oss kva den informasjonen betyr for oss, og handle deretter. 

Joey har knurra til Vetle ved fleire anledningar, dersom Joey har blitt invitert opp i sofaen og i fanget mitt. Når då Vetle kjem bort til oss, kan Joey knurre til han. Vetle tolker dette som informasjon om at Joey ikkje har lyst til å ha han der, og at Joey vil vera i fred saman med meg. Vetle går då ut på golvet, og roper Joey til seg. Joey går ned a vsofaen, bort til Vetle og så koser dei seg på golvet litt før Joey får beskjed om å gå i stolen sin eller på teppet sitt. Hadde ikkje Vetle tatt desse signala på den måten, og gått inn i ein diskusjon med Joey mens Joey var i sofaen, kunne situasjonen ha enda opp med eit glefs.

Eit anna teikn som fortel meg at det er leikeknurring, er at når eg trekker handa til meg, følger ho etter og forsøker å legge ballen i handa mi. Ein hund som varselknurra, ville ha snudd seg vekk og forsøkt å hindre tilgong til ballen.

Herlig lyd!! :-)

 


Oppdatering på Ayla si halting

Der er bare ein ting å skrive, og det er at ho haltar framleis. Etter ei veke på smertestillande og fullstendig ro ( ALLE lufteturar i band), haltar ho altså framleis tydeleg på høgre bakfot. Derfor har me time hos dyrlegen for røntgen på mandag. 

Nokre gonger er det ingen halting, andre gonger tydeleg halting. Ute på lufting haltar ho sjeldan, men inne, etter ho har kvilt seg, varierer det om ho haltar eller ikkje. Dersom ho har fått til eit byks etter ho har vore på do, haltar ho når ho kjem inn. Av og til.

Håper dyrlegen finn ut kva som er gale, og at det er noko me kan fikse. :-) 

lørdag, juni 13, 2009

Gratulerer, Ghita!!

Gratulerer med godkjent A-rundering, Ghita!! 

Godt jobba!!! Nå er det bare resten igjen!! ;-)

fredag, juni 12, 2009

Juhu!

Nå kan eg (med tillatelse fra NRL) kalle meg rallylydighetsinstruktør! Juhu!

Var hos dyrlegen med foten til Ayla i dag (ja, hu var med, hu også, altså), og frykta VELDIG å få høyre at korsbåndet var gåent, men foten blei klemt på, trøkt på, bøyd og strekt uten at Ayla viste det minste teikn til smerte. Ingen hovne knær som skulle tilsei korsbåndskade heller.

Me fekk smertestillande og beskjed om ro og avventing til over helga. Hvis ingenting er endra til mandag, blir det røntgen. 
Og inne hos dyrlegen oppførte ho seg som om ho aldri hadde vore skeptisk til eit einaste menneske, og logra og syns alt var heilt strålande! Det er tydeligvis særdeles kjekt å vera hos dyrlegen :-)

Eg har dessuten fått låne meg homeopatmedisiner av Ellen Beate, og håper at alt strevet blir verdt det til slutt. Enn så lenge er nok rallykonkurransen på mandag avlyst for vår del. Det betyr at eg kan vera med og hjelpe til og skrive og ta tida og slikt hvis sånt trengs, og det er jo også ei erfaring å ta med seg.

Ny hundeutstyrsbutikk i Tananger!

Ghita og Kristin (Agilityshop.no)har åpna butikk i Tananger! Nærmare bestemt Havnealleen 20!

Gratulerer, Ghita og Kristin!!   :-)

Her fins det meste av det ein aktiv hundeførar kan ønske seg, og om det ikkje fins der frå før, er det bare å spørje, så kan dei mest sannsynlig skaffe det! DET er sørvis, det! :-)

onsdag, juni 10, 2009

Bronsemerkeprøve!!


Så var endelig dagen her!

Dei siste dagane har eg prøvd å terpe litt på beine innsittar, og dei har kome seg betraktelig! I tillegg har me trent masse på å ligge i ro lenge, og eg har vore nøye med å stå likt kvar gong. Eg står ikkje rett opp og ned, men meir kvilande på høgre hofta og venstrefoten bøyd. 

Eg steikte ni karbonader i ovnen i dag, og kyllingkjøttboller også, og dette hadde eg altså med meg til apellplassen.
Me kom dit i god tid (halv sju), og me reiste alle fire. Til og med Joey måtte bli med. Regnet hølja ned, og det såg verkeleg ganske så trist og grått ut!

Omtrent i same augneblinken den første fellesdekken skulle i gong, stoppa det å regne og sola kom fram. Dette lova jo bra! :-)

Totalt var me ni stykker som skulle ta bronsemerket denne kvelden, og eg skulle sist i ilden. Dei andre som gjekk, hadde gått kurs. Dei var flinke, alle saman, og eg kjende det var skikkelig kjekt å sitje på sidelinja med sommarfuglar i magen igjen!

Det blei lenge å vente, men då klokka blei kvart på ni var det endeleg Ayla og eg som skulle få gå! Eg hadde gleda meg lenge då, allereie!

Det holdt på å starte heilt gale, for nokre av deltakarane som var ferdige, hadde samla seg på plenen lenger borte og lot hundane leike saman. Takk og pris var det mogleg å be om at dei gjekk ein annan plass, ellers er eg redd me ikkje hadde kome særlig langt...

Tannvisninga sat ho og logra heilt til Ghita gjekk frå oss :-)
Lineføring starta halvkonsentrert, men eg smilte og tenkte at det var god trening. 
Fri ved foten gjekk betre, her smilte eg også.
Dekk fra holdt var heilt perfekt,
Innkallinga måtte eg rope på henne to gonger. Men då ho først reagerte, så var det som ein eksplosjon! Innsitten var bein! Juhu!
Stå under Marsj var også heilt perfekt, for me har ikkje EIN EINASTE GONG trent på at ho skal setje seg når eg stiller meg inntil henne. Eg stolte rett og slett på at ho ville setja seg når eg sa sitt, og det gjorde ho!
Enkeltdekk i to minutter var også heilt perfekt, og då me var ferdige med den, fekk ho springe bort til godbitveska igjen. 

Resultat:
Tannvisning: 10
Lineføring: 9 
Fri ved fot: 9
Dekk fra holdt: 10
Innkalling: 8
Stå under marsj: 10
Heilhetsinntrykk: 10
Totalt: 172 poeng av 180 mulige, og fekk dermed høgast poengsum denne kvelden! Klokka er halv to på natta nå, og eg har satt saman ein film frå kvelden. Når eg tenker meg om, har eg ikkje slutta å smile endå :-D 

Videosnutten blei stor, men EG syns den er verdt å vente på! :-)

Me fekk ein svæææær pokal og ein sånn ballkastearm som er SÅ kjekk!! Me må vente litt før me kan kose oss med den, men når Ayla er heilt friskmeldt og foten hennar er fin igjen, så skal me kose oss med premien :-)

Alt i alt er eg særdeles fornøydd, spesielt med tanke på at det er dag 11 sidan sterilisering i dag, og at ho likevel gjekk så fantastisk bra! Etter min standard, vel å merke ;-)

mandag, juni 08, 2009

Planane endrer seg kjapt.


Då er stinga fjerna, og det var enklare enn eg frykta. Eg måtte vise bittelitt autoritet (type: Dette må me bare gjer, vennen min) og bruke leverposteitube, så var det gjort på eit blunk!

Eg ser at ho skal få vere heime frå trening i dag, for det ser heilt annleis ut etter at stinga forsvant. Eg vil IKKJE risikere skader nå, det ville jo vore heilt idiotisk :-) Så får me sjå koss det heile ser ut i morgon til apellprøven. I følge dyrlegen skulle ei innkalling ikkje gjer nokon skade, men me ser det an :-)

søndag, juni 07, 2009

Forsiktig trening til bronsemerket på tirsdag

I går og i dag har me trent forsiktig på FVF og fellesdekk (enkeltdekk, for Joey skal IKKJE jobbe nå når han har blitt pensjonist). Eg har jobba litt med å strekke FVF og har ikkje terpa veldig på posisjon. Holdtane er fine nok, syns eg, men eg kan nok pirke ein GOD DEL på posisjon, spesielt under springmarsj. 

Dei tre siste dagane nå har eg tjuvtrent på å strekke dekk og bli også, og i går låg ho i to minutter! Etter ein liten tur, vel og merke, men det var TO minutter!
I går var forresten aller første turen sidan operasjonen, og me brukte nesten ein heil time på halvannan km! Ho stoooorkoste seg, og nøyt kvar meter av turen! Heldigvis gjekk ho i band heile turen, for halvveis kom me over to rådyr som hoppa og spratt framføre oss. Endå eit stykke nærmare heime stod eit til og kikka på oss like ved stien. 

I dag reiste Vetle, Joey, Ayla og eg til Tananger og trente litt på basketballbanen der, og Vetle kommanderte meg. Eg merker at eg ikkje er fullt så nervøs nå, og klarer betre å konsentrere meg om korleis eg fotar meg.

Eg har aldri gått så lenge uten å belønne som eg gjorde i dag, og eg merka ingenting på konsentrasjonen til Ayla. Derfor trur og håper eg (og ber inderlig om) at det vil vera slik på tirsdag også. 

Dekk fra holdt og stå under marsj og innkalling har me omtrent ikkje repetert i det heile tatt. Det er ho så flink på at det er eg hundre prosent sikker på vil holde til godkjent karakter. Tannvisninga trener me jo på heile tida uansett, så det er eg heller ikkje redd for. Me er jo så heldige at det er Ghita som skal dømme bronsemerkeprøven, og kven er det me har trent myyykje tannvisning med gjennom dei siste månadane?? Jo, Ghita! :-D


Kanskje, hvis dette her går bra og gir meirsmak, så starter eg kanskje kanskje kanskje i klasse 1 ein gong i framtida? Det hadde vært'no! :-)

I morgon er det forresten dag 10, så då skal stinga ut.. Tenk om alt bare åpner seg og velter ut då???? Usj... Neida, det gjer nok ikkje det. :-) 
Alt i alt har ting gått i likaste laget, og Ayla har vore såååå tapper og flink og tålmodig! Natt til lørdag flytta eg inn på soverommet igjen, og det såg ut til at både Joey og Ayla var heilt fornøydde med å få sove på rommet sitt igjen etter ei veke med meg i stova. :-)Heldigvis er sofaen vår veldig god å sove på :-)

Etter tirsdag er det forresten hardtrening fram til Rallykonkurranse mandag 15. juni. Eg har ikkje heilt bestemt meg om eg skal starte i klasse 1 eller 2. Det blir nok 2, men me får sjå ;-)

fredag, juni 05, 2009

Ei veke etter sterilisering

Nå begynner det å bli skikkelig vanskelig å holde Ayla i ro. Ho sliter med rastlaushet, og den tar tak i henne av og til og sender henne avgårde på tulltak som det er vanskelig å hindre henne i. 

Etter ein sykkeltur i kveldinga (uten hund, altså) var ho så sprekkfull av energi at me tok ei økt fri ved foten med kommandering i oppkjørsla her. Vetle kommanderte, og eg merka godt at det er lenge sidan, ja!! 

Eg lot det med vilje gå lang tid før eg belønte, for å sjå korleis ho reagerte på det. Eg kunne ikkje merke nokon endring, og kunne ta fleire øvelsar etter kvarandre uten at ho minka intensiteten i jobbinga. Dersom me nå klarer å somla oss til å trene på å strekke dekken til enkeltdekken, så kan det gå greit på tirsdag om eg bestemmer meg for å prøve på apellmerket.

onsdag, juni 03, 2009

Dag fem etter sterilisering.

I dag har det vore vanskelig å halde henne i ro. Ho er skikkelig i form, og er like kjapp og brulten i bevegelsane sine som ho alltid er. Lite slikking og generell interesse for såret. Siste dose med smertestillande i kveld, og så er det stopp. 

Dersom ho viser at det fortsatt er vondt, skal ho sjølvsagt få meir, men planen er å slutte etter dosen i kveld. Dei siste nettene har vore roligare enn dei første, og eg har bare trengt å be henne slutte å slikke to-tre gonger kvar natt. 

Dersom ho fortsetter med denne fantastiske framgongen, kan det hende me kan delta på apellprøven på tirsdag likevel. Me har jo alle øvelsane inne, bortsett frå fellesdekk i to minutter, men det kan me jo vitterlig trene på sjølv om ho er sjukmeldt. 
Og så får eg bare få Vetle til å kommendere meg uten hund, for der kjenner eg at eg blir nervøs bare ved tanken.

Men alt i alt syns eg det går bra nå, størrelsen av operasjonen tatt i betraktning. Ho er tapper og flink og utrulig tålmodig i all denne stillesittinga ho er tvungen til å halde ut. Eg trur at inni seg, så gler ho seg vilt til ho er ferdig med sjukemeldinga. :-)