fredag, mars 30, 2007

Ein gong må vera den første..

På søndag har me invitert med oss svigermor til Aberdeen på "some heavy shopping". Joey skal opp til husvertane, og Ayla skal på kennel. Needless to say, så gruer eg meg forferdelig til det. Kva om me ødelegger alt me har jobbe sånn for? Kva om ho blir endå meir skeptisk til framande etter oppholdet? Kva om alt går feil vei??

Det er nesten sånn at eg angrer på at me bestilte tur... :-(

Eg sverga for meg sjølv at ho ikkje skulle på kennel før ho var to år, og det bryter eg nå. Ho er bare 20 mnd.. Akk, den impulsiviteten min...

Nysgjerrighet


Ayla: "Atte, du? Koffor står denne kjekke hundesenga her? Midt på golvet, liksom?"
Eg: "Det er ikkje hundeseng, Ayla, det er ein koffert."
Ayla: "Koffert? Ka det e da?"
Eg: "Det e sånn så me legge tingå våre oppi når me ska ut og reise"
Ayla: "Ka då for nåken ting?"
Eg: "Tja, sånne ting så me trenge, vel..."















Ayla: "Javel ja. Og ting så dåkken e glae i? Ska dei også oppi her?"
Eg: "Ja, dei også"
Ayla: "Men eg vett ikkje om både eg OG Joey får plass oppi her, altså?"










Ayla: "Nope, her e det bare plass te meg. Joey får vær heime.
Kor er det me ska, forresten? E der andre hundar der?"


Det tok cirka sytten klikk fra kofferten kom på golvet og til ho låg oppi. Eg brukte "Legg deg" for å få henne til å legge seg, men eg klikka henne oppi først med eine foten, så med andre, og så gjekk ho heilt oppi. Fantastisk!! :-)

tirsdag, mars 27, 2007

Koselig tur langs sjøen

I dag tok me med oss begge hundane på tur igjen. Joey har vore litt roligare nå i det siste, så me håpte me ikkje skulle få ein reprise fra fredagen. Det fekk me ikkje :-)

For første gong i år fann eg fram joggeskoa og hadde IKKJE stilongs på meg! Ayla gjekk ved sida av meg absolutt heile turen, bortsett frå då eg sa ho måtte snuse litt også. Halvveis slapp eg ho laus, og ho svinsa likevel rundt føtene på oss.

Me gjekk 3,2 km og var ute i over halvannan time, og heilt på slutten av turen fann eg fram XL ballen. Vetle og Joey stod litt i bakgrunnen, og eg holdt Ayla i selen mens eg heiv ballen ut i terrenget. Rett før den landa, slapp eg henne, og ho fauk ut for å finne den.

Som vanlig sprang ho ikkje langt nok, men leita utrulig godt! Etterkvart kom ho seg ut der ballen låg, tok han i munnen, løfta hovudet og kikka etter meg. Eg ropte jaaaaaaaaa og klappa i hendene (som eg pleier å gjera når ho finn det ho leitar etter), og ho kom storfornøyd inn til meg og fekk drakamp som belønning!

Me heiv ballen ein gong til, men då fann ho hann ikkje. Ho gjekk faktisk for langt ut den gongen! Det er jo eit luksusproblem, vil eg tru!

Det eg observerte av jobbinga hennar er eg særdeles fornøyd med! Ho stansa opp innimellom for å sjå kor eg var hen, og søkte vidare to sekund seinare.

Brått sprang ho på tvers av stien og begynte å leite på andre sida. Då gjekk eg ut til ballen og ropte henne inn. Farten var såpass at eg ikkje kunne la vær å belønne med drakamp. :-D

Eg er berre nøydd til å bruke nasen hennar meir, lære meir om spor og bruks generelt, for det er heilt tydeleg at ho elskar å jobbe slik! Då er ho ikkje klengete eller noko, og kan jobbe sjølvstendig langt ute, og over tid. Med tid meiner eg at ho ikkje berre spring ut, leitar i eitt sekund og så kjem inn att. Ho er veldig mammadalt, og det liker eg ved henne, men når ho jobber på denne måten, treng ho berre få bekrefta at eg ser henne og at eg ikkje går frå henne.

Me møtte forresten ei dame også, og null bjeffing!

Fotograf på dette bildet er Vetle.


Etter turen hadde me to stk hundar som låg som slakt resten av kvelden! :-D Sånne hundar liker me!! (ja, altså... når det er ein naturlig grunn til det.. og når me har hatt x antal dagar med piping og hyling pga løpetid..)

mandag, mars 26, 2007

Diverse nyheter dei siste dagane.

Først må eg bare sei at eg fant ein link i dag, og den skal eg printe ut og henge opp ved do, sånn at eg leser den ofte!

http://www.clickerdogs.com/trainingreminders.htm

Så fant eg bloggen til ein av instruktørane på Hundeeierskolen:

www.etologi.no


_________________________________


Sånn, då var det unnagjort.

Fredag hadde Vetle og eg det me i ettertid har navngitt "Turen fra Helvete" med Joey og Ayla. Felles kosetur med hannhund og tispe er eit konsept som opphøyrer å eksistere dersom den eine av hundane har løpetid og er høgløpsk. Joey hylte heile forbaska turen, og dei som traff oss lurte heilt sikkert på om me gjekk med pigghalsbånd på han... Ayla koste seg, så ein av fire fekk i det minste noko godt ut av turen...

På lørdag sendte eg Ayla og Vetle ut på egenhånd, men først måtte eg instruere Vetle i båndtreningens verden. Joey og eg skulle rydde og vaske på kjøkkenet imens.

Fem minutter etter at Vetle hadde parkert kom der ei melding på mobilen min: "Her er det så mye folk at jeg vet ikke hvem dette er mest terapi for! :-)" Han skriver nemlig på bokmål til meg, sidan han er sørlending, stakkars ;-)

Dei gjekk og sulla i sentrum av Stavanger rundt to timar, og alt gjekk godt heilt til slutten av turen. Då kom det ein wheaten i flexiline nesten heilt bort til henne, og då bjeffa ho og drog mot hunden.
Eg har kome fram til at ho ikkje er hundeaggressiv, for om ho går laus, eller på trening, så bryr ho seg jo ikkje. Det er stort sett når ho ikkje få helse at ho hopper fram i båndet og bjeffer.

På søndag, i går altså, var det så fint vær at me hadde frokosten ute! Det var så deilig! Eg sat i singlet og me hadde ein og ein hund ute laus.

Litt utpå ettermiddagen kom det ein mann og skulle kjøpe villaks av husverten, og av ein eller annan grunn merka ikkje Ayla han. Då ho endeleg såg han, gjekk ho bort og slikka litt på buksa og skoen og fingrane, og rusla vekk igjen. Fem minutter seinare skulle mannen gå, og gjekk frå garasjen mot vegen. DÅ bjeffa Ayla og sprang bort og stengde vegen! Den høna, altså! Eg ropte først på henne, så reiste eg meg og gjekk halvveis bort dit, og så kom ho. Avreagerte rimelig kjapt, og så var det orden i rekkene igjen. Mannen tok det kjempefint! Takk og pris for det!



I kveld er det trening igjen, men ryggen har skapt seg heilt vrang, og eg veit ikkje om eg klarer å trene hund i kveld. Ikkje med band på, i alle fall, så kan hende me går bort til lyktestolpen og trener for oss sjølv heller.

torsdag, mars 22, 2007

Seminar med Bob Bailey!!

I kveld meldte eg meg på Seminar med Bob Baily og Kathy Sdoa!! Vetle og eg drar til Oslo helga etter bursdagen min, og der skal eg på seminar med ovannevnte, og Vetle skal sulle rundt i Tigerstaden. Weeee!!!!

tirsdag, mars 20, 2007

Ein time og tre kvarters lykke.

I dag skulle me vore på fellestrening, men eg fekk ikkje svar kven som skulle, så då uteblei eg også. I staden tok eg med meg Ayla på langtur, og valgte ein runde på ca 5 km. Omtrent halvveis slapp eg ho laus, og hadde som vanleg musikk på øyra. Høgt. Brått stansa ho opp og kikka bak meg, og kom bort til meg. Eg kikka bakover og der kom ein joggar! Og ho bjeffa ikkje eller noko!

Ein halv time seinare traff me den dama som Ayla plar bjeffe på, men ikkje ein lyd på henne heller. Så traff me ein mann, og ikkje eit pip frå Ayla.

Då me var midt mellom sjøen og Vistnestunet, kom der ei dame gåande. Der bjeffer Ayla ALLTID på folk. Dama stoppa og spurde om vegen til gapahuken, og eg tenkte nå må eg snart snakke høgt for å overdøyve Ayla. Men, nei. Ikkje ein bitteliten lyd då heller. Eg forklarte kor gapahuken var, dama takka, og gjekk frå oss same vegen som me skulle. Ayla ville gå litt fortare for å snuse og sånt, men det var alt.

Oppe ved ridebanen kom det ei jente, ca 12-14 år gammal. Eg leidde Ayla litt vekk frå jenta, sånn av hensyn til jenta, men ho kom bort og ville klappe. Eg tok sjansen, og det gjekk heilt fint. Jenta bøyde seg ned til Ayla og spurte om ho kunne få nuss, og Ayla nussa. Hehe… den nussen ville ikkje eg hatt, for å sei det slik… Ho hadde jo nettopp fått hestebæsj som belønning.. Jenta reiste seg opp med eit ubetalelig uttrykk i ansiktet, men var strålande fornøyd likevel. Det var eg også!!!

Så traff me Rolf og ein gutunge, og det var bare guten som var kjekk i dag. Rolf betydde ingenting, så Ayla var utrulig sliten av turen. Deilig!!!!

Deretter kom ei mor med ei jente på 2-3 år, og eg slapp Ayla bort til dei. Jenta fekk seg eitt slikk på kjaken og blei såååå glad og ivrig og det var såååå kjekke hund, altså! Ayla gjekk også bort til mora for å snuse på handa og det gjekk også greit.

Me kunne gå rett forbi voksne damer og ting var ok. Då me kom heim og skulle tørke skitten av magen og beina, sette Ayla seg ned og var heilt gåen. Men så hadde ho snust og vore interessert i ting og tang på absolutt HEILE turen!

Denne turen varte i ein time og tre kvarter. Om nokon skulle sett oss under heile turen, kunne dei ALDRI sagt at me jobber med adferdsting. Me ville sett heilt usedvanlig harmoniske ut, og Ayla ville sett ut som ein perfekt hund som gir matmor oppmerksomhet til den store gullmedaljen.

Ho trakk ein del i bandet fordi ho gjekk i selen, men det driiitegi! I ein time og tre kvarter var Ayla den perfekte hunden!!

Sånne dagar gjer at alt arbeidet er verdt strevet og tårene.


Gledestårer er også tårer...

tirsdag, mars 13, 2007

Tur i sol og kald vind.

Kort og godt fortalt:


Tur med Ayla, halvannan time, sol, møtte ei jente - gjekk greit, ein joggar - gjekk greit, ei dame som stoppa opp - bjeffa to gonger - ikkje varselsbjeffing og ikkje redd bjeffing, møtte ei jente til - gjekk greit, traff endene - gjekk strålande, heime - snorksoving.



Og så kommer bildene:








På denne stranda er det Ayla og eg spring om kapp med bølgene når me trur oss heilt åleine i mils omkrets. :-)










mandag, mars 12, 2007

Mandagstrening.

Den høgt elska og æra Frosken. Han har mista ein fot, men det er framleis lyd i pipedingsen, utruleg nok!


Når eg ser dette på dashbordet mitt, er eg litt i seinaste laget for å nå det til nøyaktig klokka seks. Desse tala gjer meg ørlite stressa, med andre ord.

Framsetet mitt under hundetrening.


Hundetrening ved Austrått. Mandag 12. mars 2007








Me var fire i kveld. Veslemøy, Else, Ellen Beate og eg.

Været var "ruskje", som me seier, for det blåste kaldt og regna godt. I alle fall til å begynne med.

Me trente både for oss sjølv og ikkje i kveld, og her er Ellen Beate med Kira i lineføring.

Ayla og eg trente på stå under baklengs marsj, og eg prøvde meg også på stå under vanlig marsj, men gjekk nok litt for fort fram og signaliserte for mykje med kroppen min når Ayla skulle stoppe. Veslemøy kom med gode treningsforslag, og så gjekk ting på skinner igjen. Me nytta også sjansen til litt desensitiveringstrening, og eg syns det gjekk skikkelig bra!

Så tok me faktisk full tannvisning i utgangsstilling med Veslemøy (Veslemøy har ikkje helst så mykje på Ayla før, så me kan nesten sei at det var tannvisning av fremmed i utgangsstilling. Nesten.) :-)

På slutten tok me ein fellesdekk, og den går betre og betre for kvar gong. Snart kan me begynne å trene på den når ho er meir gira, men førebels vil eg vente til slutten av treninga og tenke Pavlov.

Til neste gong skal eg trekke ut stå under baklengs marsj og få den sikrare enn den er i dag.


Ellers fekk Ayla løpetida si omsider. Søndag såg eg første bloddråpen...

lørdag, mars 10, 2007

Videoklipp av Ayla som lukker kjøkkendøra.




Det kan ta bittelitt tid å laste ned filmen, men den er verdt å vente på. :-)

P.S. Skru ned volumet...

onsdag, mars 07, 2007

Spor på Vistnes

Har jo heilt gløymt å fortelje om sporet me gjekk onsdag sjuande mars!


Eg skulle vera flink og gå bort på parkeringsplassen for å trene når bilane kom og leverte jenter til riding. Me gjekk bort og trente og sånt, altså, men det blei ikkje veldig strukturert trening. Dette til tross for at eg hadde lest i Lydighet i teori og praksis på forhånd. Jaja... kan ikkje vera perfekt i ALLE samanhenger, heller!! :-)


Etter at me ENDELIG hadde fått til litt stå under marsj, ga me oss, og eg bandt Ayla i lyktestolpen for å legge eit spor. Det hadde blitt mørkt, og alle bilane hadde kjørt.


Sporet var ca 150-170 meter, låg i to timar, og det var ein del vind i løpet av dei timane.
Ho plukka ikkje opp sporet i starten, men kom seg til slutt på det. Deretter tok ho første vinkelen perfekt, andre også, og så tulla ho VELDIG nedover mot neste vinkel. Tredje vinkel tok ho ein snarveg, og då ho kom til første gjenstanden, stansa ho opp og plukka den når eg roste. Me lekte ei stund med den før ho skulle gå vidare. Siste vinkelen tok ho også greit, og då var det beine vegen til frosken som ho plukka opp med ein gong ho fant han.
Eg merker at eg har veldig lyst til å gå fleire kurs i bruks, for det er så utruleg givande og interessant! Ho trivs så godt med å jobbe med nasen sin, og eg syns jo det er SÅ kjekt å sjå henne arbeide så godt!!!
Men så koster det jo penger, då..


mandag, mars 05, 2007

Fellestrening veke 10

I morges tok eg litt kjapp stimuluskontrollrepetiosjon på sitt'en til Ayla. Ho trengte det, for å sei det mildt.

På trening på kvelden var det bare Ellen Beate og meg som dukka opp. Me bur i same retningen, to mil unna, og blei skjønt enige om at det ikkje var vits i å reise så langt for at me to skulle trene i lag. Det fins jo haugevis av plasser å trene som er nærmare, liksom. :-)

Me hadde ein effektiv treningskveld, alle fire (EB og Kira og meg og Ayla).
Eg valgte å trene på dekk under marsj, for det er lenge sidan eg trente på det sist. Første økta med dekk under marsj gjekk strålande. Andre økta tenkte eg på kommentaren til Siv og stilte meg opp ved sidan av Ayla og begynte å få litt dekk fra utgangsstilling. Så begynte eg å med små små skritt for å sjå om ho klarte å tilby det ved sida av meg og at me var i bevegelse. Det gjorde ho!! :-)


Kira trente på stå under baklengs marsj, og hadde fabelaktig framgong i løpet av hennar økter!




Det er nett som om noko har falt på plass i hovudet til Ayla i det siste, 19 mnd gamal. Ho er veldig gira på å trene, og eg føler me har utrulig god kontakt. :-) Håper det varer!!

torsdag, mars 01, 2007

Eg fekk mail i dag!!!

"Hei

Vi har registrert søknaden din og vil sende deg faktura pålydende depositum à kr 2000.-. Når den er betalt er du registrert som deltager på Hundeeierskolen 2008."



Jippiiiiii!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!