søndag, mai 29, 2011

Litt forskjellig

Det blir lite fornuftig trening nå, med knekt arm. Torsdag var eg til kontroll og spurde legen om han kunne avkrefte min mistanke om at det ikkje berre var det tjukkaste beinet i armen somm hadde brudd, men det kunne han ikkje. Der var brudd i det andre også. Det fortelde den første legen ingenting om, så eg har gått og følt meg nokså pysete denne veka. Eg fortelde også at eg hadde ganske vondt, og etter nok ein kikk på røntgenbileta, så kunne han godt forstå akkurat det. Eg følte meg straks litt betre då Smilefjes

Elles har eg avmeldt oss frå passeringskurset i Stavanger, og heller meldt oss på passeringskurs hjå Amokk i august.

Og så nokre bilete:

SAM_1227
Smiley har fanga ein vånd


SAM_1231
Emil og Ayla i hagen… eller det som er att av den..
SAM_1231b
Eg har fått meg nytt fotoredigeringsprogram Smilefjes med åpen munn


SAM_1234
Emil syns dette er eit heilt perfekt tidspunkt å be Vetle med på leik


SAM_1238
Emil ser sitt snitt til å prøve lukka i matdunken, men når heldigvis ikkje ned.


SAM_1244
Den flekken som er like foran pupillen hennar er eit mysterium..


SAM_1250

mandag, mai 23, 2011

Dommarelev i Bø

Den opprinnelige planen min var å reise på hytta på fredagen, så til Bø på lørdagen for å sjå på Marit og Vinja gå konkurransane sine den dagen, og så vera hjelpedommar dagen etter på begge stevnene. Vetle skulle på kurs på lørdagen, så han og Ayla skulle komme opp etter at han var ferdig.

Men så brakk eg altså armen og måtte endre desse planane. Dermed blei eg nødt til å vente til lørdag med å reise opp til hytta, så Vetle kunne vera sjåfør for meg. Men først måtte me finne ei lur løysing på korleis eg skulle kunne notere på kritikkane. Eg kan nemleg ikkje nytta venstrearmen til noko endå. Saman kom me opp med denne ideen:

 

Før me var komne til Evje, hadde eg så vondt i armen at eg hadde mest lyst til å snu! Eg hadde aldri klart å køyre sjølv…

Lørdag morgon var me oppe klokka seks, for det er halvannan time å køyre til Bø frå hytta. Klokka sju sat alle fire i bilen, og ti over halv ni var me framme på Sanda Camping.
Der var banen allereie satt opp, og då eg hadde ordna meg til med innretningen min, var det tid for briefing i Klasse 1. Innretningen funka fint den, og i løpet av dagen fikk eg mange kommentarar på kor genial den var. Eit par gonger gløymde eg meg ut, og forsøkte å hindra ark i å blåse vekk med vinden – med den gipsa handa, og slikt kan verkeleg ikkje anbefalast!!

Eg fekk dømt  alle klassar i dag, og eg må sei at det var ekstra kjekt å vera med å dømme Marit og Vinja til 198 poeng på det siste stevnet. For ein flott innsats!

I tillegg fekk eg dømma ein svaksynt deltakar med hjelpar i Elite, og ein i rullestol i Klasse 1. Det var eit par justeringar som måtte til i banane, men elles tykkjer eg det gjekk glatt.

Bø og Sauherad Hundeklubb var arrangør og frå min ståstad var alt veldig velorganisert! Hovuddommar Irene Rogstad Heggen var også nøgd med korleis BSH hadde lagt opp til desse fire stevnene. Klubben veit også korleis dei skal stelle fint med dommarane, for då eg gjekk bort til kiosken for å kjøpe ei pølse, fekk eg beskjed at sidan eg var dommarelev skulle eg få det gratis! Juhu for dei små gledene i livet!!  :-)

Dagen sett under eitt har vore svært lærerik for meg. Eg har fått diskutera litt med Irene, som er ein veldig flink dommar, eg har fått sjå andre måtar å teikne banar på enn Ghita sine og mine – for eksempel at visse skilt er vanskelege når dei står i ein viss kombinasjon, eg har fått tips om kva eg skal hugse på når eg skal lære Emil momentene i dei høgare klassane (for eksempel at ved fremadsending til kjegle, kan det være lurt å trene på at visse hinder kan  stå like ved, og at han likevel skal gå til kjegla og ikkje hinderet), at å dømma eit rallystevne med eit tredagar gamalt armbrot er ganske smertefullt, og mykje rundt det å vera hoveddommar på eit større stevne.
Dei tinga me lærte på dommarseminaret i januar og som eg dengong ikkje hadde erfaring til å forstå den fulle betydninga av, detter på plass for kvar gong eg får anledning til å dømma.

Eit par hendingar som Vetle ikkje fekk fanga med kameraet, var ein liten Staffordshireterrier som la seg strekk ut på magen med bakbeina bakover då matmor sa Dekk, og rottweileren som heiv seg rundt på rygg i ein heftig ryggklø-på-plenen-session ved øvelsen Dekk-Gå rundt. Begge hundane fekk oss alle til å flire godt! :-)

 

fredag, mai 20, 2011

Det er farlig med drivhus.

P200511_07.520001

Her sitter eg med knekt hånd, og lurer på kva som eigentleg skjedde i går ettermiddag.

Eg og Vetle holdt på å pusle drivhus (då Vetle opna pakka frå Plantasjen, var kommentaren: “Ikea, go home”), og var ferdig med alle sidene då me blei enige om at vinden var for sterk til at me ville prøve å setje det opp endå.

Difor sette me heller i gong med å ordne til rundt grunnmuren, og fylte opp med grus der det var behov for det. Eg gjekk og rakte og trampa ned denne grusen i takt til “I shot the sheriff”, då Vetle kom med eit nytt stort lass med grus. Eg skulle berre flytte meg litt, og rygga bakover. Der låg det nokre store steinar me hadde flytta på tidlegare, så eg snubla bakover og tok ein liten piruett på veg ned, og landa med heile vekta oppå mitt bøyde håndledd. Smertene likna veldig på dei eg fekk i kneet under sporkurset i 2007. Eg heiv meg rundt mens eg hylgrein, og låg igjen på bakken og vrei meg. Vetle kom styrtande til, med uhemma fortviling og omsorg i stemmen spurde han om eg klarte å reise meg opp. Han visste jo ikkje kor eg hadde slått meg..P200511_08.100001

Eg klarte å formidle til han kor eg hadde slått meg, og spurte om han kunne hente is å ha på håndleddet. Då Olaug brant seg så stygt på denne turen i 2009, kjøpte me inn sånne icepack posar til å ha med oss i førstehjelpsputa.

Det lindra litt, men verkte grundig framleis, så me ringte til  legevakta og fekk beskjed om å komme med ein gong. Der blei eg sendt vidare til røntgen ved Sørlandets Sjukehus med mistanke om brudd. Etter røntgen då eg sat hjå legen (som forøvrig kalte meg “ei ung kvinne”, og dermed vann min tillit umiddelbart), ymta han frampå om mogleg narkose grunna fragmenter i bruddet. Eg blir alltid kvalm og uvel etter narkose, og håpa sjølvsagt at det ikkje blei operasjon. Heldigvis blei dette ikkje noko av etter CTundersøking.

Då eg skulle få på gipsen, blei eg spurt om eg ville ha farge eller ikkje. Det blei knall raud, og eg var den første som hadde gått derfrå med farga gips, sa ho som la den på. Juhu!!

Dette kunne ikkje skjedd på eit meir irriterande tidspunkt. I helga skulle eg vore i Bø begge dagar for å sjå på og vera dommarelev, men må nøye meg med det siste. Neste helg skal eg til Stavanger på passeringskurs og til røntgen på mandagen. Helga etter er det Stavanger igjen for treningslørdag, og dommareksamen på mandagen.

Og eg må innrømme at sjølv om gipsen er raud og fin, skulle eg gjerne vore forutan… Idag kjenner eg meg forslått og vond, og merker at det ikkje berre var handa som fekk seg ein smell i går..

mandag, mai 16, 2011

Rallyhelg på Sola.

Ja, då er helga over, og eg må sei eg er veldig nøgd med alt eg har lært. For slik er det faktisk, at for kvart kurs eg held, lærer eg nye ting sjølv også. Takka vera alle dei ulike hundane og kva den enkelte treng, må eg forsøke å finne løysingar som kan passe best for akkurat denne ekvipasjen.

Denne helga var ikkje noko unntak i så måte, for det var seks ganske ulike ekvipasjar som denne helga fekk innføring i rallylydighetens gleder og hundetreningens frustrasjonar.
Det var toy-, mellom- og storpuddel, cocker spaniel, rottweiler og pinscher. Tre av dei var kjent med rally frå før, dei tre andre ikkje. Nokre klikkertrente, andre ikkje.

Me starta på fredagen med teori, og til dette kurset hadde eg førebudd video av alle øvelsane i Klasse 1. Dette trur eg gjorde til at det blei forbausande lite feil då deltakarane skulle starte på skilta dagen etter. Lørdagen regna det heile dagen, og me blei våte og kalde, både to- og firbeinte. Søndagen blei det derimot strålande sol, så då blei det tatt litt bilder også. Eg er ikkje så flink til å huske å ta bilete når eg sjølv er instruktør, men her er nokre:











 

Tusen takk til Carita for glimrande innsats som assistentinstruktør, og tusen takk til alle deltakarane for ei gild og kjekk helg!

Her har tre av deltakarane blogga om helga:
http://corasblogg.blogspot.com/2011/05/rallykurs-sola-13-15mai.html
http://gunnasheim.blogspot.com/2011/05/rally-kurs.html
http://olaugsinblogg.blogspot.com/2011/05/rallylydighetskurs.html

Og her har Carita, hjelpeinstruktør, blogga:
http://oliversforunderligeverden.blogspot.com/2011/05/rally-lydighets-kurs-carita-prver-seg.html

onsdag, mai 11, 2011

Ting går i hundre!

Jepp, ting går i hundre for tida. Og slik er det vel å ha hobbyar som har toppsesong på denne årstida.

Til helga skal eg opp til Stavanger og halde rallykurs, og har brukt mykje tid på å førebu meg til det. Nå i helga som var jobba eg på spreng for å bli ferdig med alt eg skulle printe og dei siste detaljene, pluss at eg teikna ein haug med banar og planla kva skilt som skulle introduseras når, og korleis me skulle legge opp dagane. 
Og så er det slik at eg har fått meg ny laptop med Windows 7, og var vel eigentlet veldig nøgd med den. Heilt til søndags kveld. Då fraus skrivebordet så eg måtte tvinge den til restart. Dette sette igong ein kveld med tårer (ja, eg sutra litt då eg forstod kva som hadde skjedd), fortviling, sinne, forbannelsar, og matthet. Det som skjedde, var at heilt maskina sletta ALT som var gjort, lagra, eller registrer i løpet av heile søndagen. ALT var vekke. Og ingenting av det eg kunne, hjalp. Eg brukte kvelden på å leite meg fram til informasjon og mogleg løysing på nett, men fant ut at dette visstnok er ein feil i Windows 7 som Microsoft ikkje har laga fix til. Jippi. NOT!!

Difor måtte eg til på nytt. Sa eg at eg hadde brukt stort sett HEILE søndagen på å arbeida med kursmaterialet?

I tillegg er mappa mi med alle setta rallyskilt sporlaust forsvunne, så eg måtte printe og laminere på nytt. Og TING TAR TID, det er sikkert! Her er ein liten snutt som viser Dobbel åtte med forstyrrelsar Smilefjes



Tidlegare i veka har eg brukt ein del tid på å filme alle skilta i Klasse 1 og korleis dei skal utførast. Resultatet er på underkant av 10 minutter, men jaggu tok det betraktelig meir tid å få det bra nok!

Mandag tok eg med meg Emil til der eg var på lørdag. Og denne gongen tenkte eg at eg skulle gi han noko å jobbe med med ein gong me starta. Dette fungerte greit, men han MÅ ha noko å gjera kontinuerlig med ein gong han kjem ut av bilen, ellers dukkar Operasongaren opp. Etter ei kort stund ved bilen kunne me gå bortover fortauet eit stykke. Me stod litt i sida og trente sitt og omvendt lokking då ei russejente gjekk forbi i lag med nokre venninner. Dei gjekk veldig nært oss, og kikka på Emil, og eg høyrde ho sa:” Ååå, se den fine hunden!” Og idet ho passerte, snuste Emil på handa hennar, og ho fniste og sa hei til han i forbifarten.
Ei kvardagsleg hending for dei fleste, men det gjekk opp for meg at eg ikkje var NOKO redd for at han skulle bjeffe på henne, slik Ayla defintivt ville gjort! Det var slik ein deilig følelse at eg svevde resten av turen vår som varte i ein time! Me gjekk bortover fortauet eit stykke, og så sette eg meg ned på eit rekkverk og lot Emil sitte og kikke rundt seg til han roa seg, før me returnerte til bilen.

Så var det heim igjen og jobbe vidare på kursmaterialet før det var kino på kvelden: Rango.

Tirsdag jobba eg vidare på kursgreiene, og på kvelden skulle eg treffe Marit og Vinja for litt trening. Før me skulle ned dit, lot eg Emil få eit heftig søk etter frisbee ute på den tørre myra ved huset her, og han leita og leita og leita og sprang og fauk lågt over myrtuene her. Etterpå blei han så varm og tørst at han måtte nedi bekken for å bli svart og og våt og utørst.

Då me kom dit me skulle trene, og han fekk komme ut litt, var han jo reine drømmehunden! Ingen lyd, ingen hopping, bare drømmehund!!
Det skal seiast at ingen andre hundar var ute akkurat då, men det har jo ikkje stoppa han før..

Utover kvelden gjekk eg full rallybane med han, og syns han gjorde det godt. Me trente på Dekk-Stå og Stå under marsj. I tillegg fekk eg til litt Ligg og Bli og Sitt og Bli, og var i det heile ganske så fornøyd med kvelden. Tre timar seinare køyrde me heim og fant Vetle og Ayla i full gong med å støype grunnmur til drivhuset mitt! Smilefjes Juhu!! Nå er det ikkje lenge til det kan setjast opp!

I dag har eg vore på privattime hjå ei dame i Vennesla som kontakta meg tidlegare i vinter, og det var så uendelig kjekt å sjå at ho har jobba jamt og trutt og eg kunne sjå TYDELEG endring i dag!

Ellers trener me vidare på stå under marsj, og eg skal begynne på ruta når eg kjem att frå Stavanger etter helga.

Kva meir? Jo! Eg har fått bestilt time til HDrøntgen til Emil, og skal gjer det mandagen etter passeringskurset i Stavanger. Den helga er det dessuten Mentalbeskrivelse der oppe, så det har eg også meldt oss på. Greit å få det gjort, liksom, og få sjå kva som bur i han.

Då var det ikkje meir å fortelje. I morgon vender eg nasen mot Stavanger utan ein einaste hund, og DET skal bli rart, det.

lørdag, mai 07, 2011

misMot i brystet, uVett i pannen, BLY i bein og armar

Prosjekt Brumlebasse fortsetter for fullt, og det motet eg fekk i Arendal har sakte men sikkert svunne hen. I helga er det NKK utstilling i Kristiansand, og uklok av skade, utrusta eg meg med leiker, godbitpølser og pågangsmot og reiste ned for å trene på parkeringsplassen.

Først var eg ikkje sikker på om eg var på rette parkeringsplassen, for eg høyrte ikkje ein einaste hund rundt meg. Ikkje såg eg ein einaste bil med bur inni heller.
Emil fekk komme ut likevel, og eg brukte litt omvendt lokking for å vise han at det ville lønne seg å forholde seg rolig. Han var svært lite opptatt av meg og godbitane, og under den omvendte lokkinga, såg eg at han sat og snuste ut i lufta og såg nesten gjennom meg.

Etter busting og brumling og boffing, fekk han ein kort pause i bilen før me prøvde oss på nytt. Denne gongen gjekk det betre, men han var høg framleis, og her tok eg mi første av ei rekke dårlege avgjersler. Eg låste bilen og bevegde meg bortover til ein stad der eg hadde god oversikt over kor det kunne komme hundar mot oss og forbi oss.

Han såg ein curlycoated retriever, ein leonbergerkvalp, ein golden, fire GD, tre bedlington, to cairn, ein dachs, ein BC, ein blandingshund, ein kleiner münsterländer, to labradorar og ein brun eg ikkje veit kva er. Innimellom alle desse hundane dukka Operasongaren opp med jevne mellomrom.

Då me hadde vore der i nærmare tre kvarter, hadde han roa kroppen såpass at han kunne sjå hundar passere på 10-15 meter utan å bli stram i maska eller reagere på nokon som helst måte. Då dachsen kom, var den så nærme som 5-6 meter, framleis utan annan reaksjon enn at han la seg ned og seinare klynka litt då han skjøna at dachsen ikkje ville komme bort til han.

Så kom BCen, og medan me sat rolig og kikka på den, dukka den ukjente brune opp i blindsona mi. Brått var den der berre, og eg rakk berre såvidt å tenke at eg må reise meg og gå, men armane var blytunge, og beina også. Emil sat dessuten ganske roleg, heilt til den andre hunden var på veg til å passere , berre to meter unna. Emil gjorde utfall, og busta frå nakke til hale, og forblei høg ei stund etterpå. Eg VILLE ikkje la det bli det siste me opplevde, så eg sat ei stund til. Då labradorane kom, måtte eg reiser meg og trekke meg lenger vekk, og då blandingshunden passerte, kunne me sette oss tilbake. Münsterländeren var den siste me såg denne dagen, og då kikka han på hunden, kikka på meg igjen, kikka på hunden, kikka på meg igjen, heilt til hunden hadde passert. Uten stram munn og uten bust.

Eg har fått ein dato på når eg skal debutere i LP ringen, og det er 23. oktober, men i dag føles det som eit umulig mål. Kvifor får alle andre det til??

fredag, mai 06, 2011

Tur og trening i ett

I dag var det på høg tid at Emil og eg rusla oss innover grusvegen igjen. Det er lenge sidan no, og han trengte det verkeleg!

Sidan Emil syns det er teit å ha på seg bandet, og har STOR tendens til å hoppe opp og bite i det når me er ute blant folk, har eg begynt å ha det på han oftare her heime. Når me går og rusler i hagen eller skal trene her ute, får han på seg halsband og bandet,og eg syns han har blitt roligare med det på.
Difor blei også starten på turen MED band på, så fekk me litt bandtrening i tillegg til turen. Dette var sårt tiltrengt, fant eg ut, for vanligvis får han jo springe som han vil idet me går ut porten.  Etter nokre hundre meter ringte Vetle, og eg stoppa då opp for å snakke med han. Emil stod tålmodig og venta uten lyd og uten å bite i bandet, og då samtalen var over, gjekk me vidare eit lite stykke før han fekk springe laus.

Smiley bestemte seg for å bli med oss, men då me støtte på dette etter ein halv kilometer, fekk me han ikkje med oss vidare:
SAM_1019
For før eg fekk sukk for meg, hadde Smiley tennene i ei mus, nemlig.

 

Eg og Emil gjekk vidare, og som alltid når me er på tur, syns eg det er fryktelig spennande å forsøke å gøyme meg for han. Han går lenger frå meg i år, så sjansane for at eg skal klare å komme meg ut i terrenget eit stykke er STOR!
Han er flinkare til å finne meg i år, og har skjønt at han må ut i terrenget for å finne meg. Dei gongene eg trur eg klarer å stikke av før han ser meg, men ser han snu seg akkurat idet eg skal til å trø ut i lyngen, då boblar det av spenning i meg! SÅ kjekk er den leiken for meg! :-)

Ein gong eg klarte å stikke av, sette eg meg nesten OPPÅ han her:
SAM_1024
Ein av dei desidert lengste stålormane eg har sett, og eg har sett mange etterkvart. Først skvatt eg litt, for tankane streifa innom hoggorm (som eg til dags dato endå ikkje har sett på tur med hund i løpet av dei 15 åra eg har vore hundeeigar). Eg slengte nokre godbitar til Emil lenger nede i lyngen, så han ikkje skulle tråkke på ormen.

Me måtte sjølvsagt innom vatnet og kjøle ned den gule kulingen min, og i fjor hadde eg ikkje hatt sjangs i havet til å be han sitje og bli mens eg heiv ein pinne uti vatnet, men sjå her:

Emil sitter fint og venter ETTER at eg har kasta pinnen på vatnet! Juhu!

Me tok ein liten omveg heim, og sette oss ned på ein stubbe som ropte på meg:
SAM_1035
Her fekk Emil også ein pause i band, og han roa seg fint etter ei liiiita stund. Eg er ikkje heilt sikker på kor lenge me skal ha slike pausar for at han skal lære å roe seg kjapt, men han låg og tygde på litt bark og kikka seg rundt og høyrde på fuglelydane. Me rusla vidare då eg syns han hadde ei fin avslappande holdning, omtrent som dette:
SAM_1040

Ned mot Fiskelausvatn går det ein ganske lang og forholdsvis bratt bakke som eg jo må gå OPP på veg heim. Denne bakken har fått eit ikkje så fint tilnamn av meg, og eg gruer meg alltid for akkurat den bakken på veg heim. I dag genierklærte eg meg då eg kom på at Emil skulle gås ned etter den heftige springinga i lyng og fjell og bakkar og svømming og sånt, og difor måtte i band. Bandtrening er jo som kjent ei stopp-start-stopp-start øving, og dermed kunne eg få pausar med jevne mellomrom oppover bakken!!

Juhu, tenkte eg og gjekk på med friskt mot og Emil i band.
Heilt til han brått og uventa gjekk KANONfint i band og eg ikkje kunne stoppe ein einaste gong!! Teite hund, altså! Forvirret smilefjes
På toppen av bakken kom redninga mi, for Smiley hadde venta ved fjøra og kom ruslande etter oss, og då måtte eg jo stoppe og vente på han… Smilefjes med åpen munn Phew!!
Har aldri påstått at EG er i god form sjølv om Emil er det…

Då me var nesten heime, festa blikket mitt seg på denne karen her:
SAM_1051
Har du sett så nydeleg!?

Vel heime hugsa eg å tøye både bak- og frambein, og Emil stod heilt avslappa og fin Rødt hjerte

Og så til slutt ei lita oppsummering av turen: