fredag, desember 15, 2006

Tur uten bånd igjen, og stoooor flo!

I går tok me same 2,8 km turen igjen uten bånd. Neste gong skal eg ha med og på langline, sånn at ho ikkje går for langt framføre meg.

Då me kom ned til sjøen, var der så høg flo som eg aldri har sett før. Ikkje der, i alle fall! På ei lita strand som me har pleid å vera på om sommaren, gjekk bølgene nesten heilt opp til steingjerdet. Det plar vera 7-8 meter fra gjerdet og ned til sjøen!

Det gjekk plutselig opp for meg i går kvifor me har så rare hundar. :-)

Eg er 33 år. Trettitre. Men då eg stod på den stranda i går var eg 7.

Eg og Ayla stod nemlig og såg på bølgene i lag, og når dei trakk seg utover, sprang med ned mot dei, og snudde då dei kom tilbake. Ho var heilt med!! Kikka på meg, så sprang med ned, snudde, og sprang opp igjen. Ho kikka på meg og venta på mitt initiativ, me sprang ned til bølgene, snudde då dei snudde, og sprang opp igjen.

Så byrja bølgene å bli betrakteleg større, og me måtte springe vekk frå heile stranda for å ikkje bli våte på beina! Me sprang att og fram nokre gonger, men så blei bølgene så store at me ikkje rakk det lenger.

Eg hadde det så løye med henne der nede ved stranda, at eg hadde ikkje lyst til å gå derfrå. :-)

____________________________________

Dei to siste morgonane nå har ho skrapt på døra i fem-halv seks tida... ikkje bra, altså!

torsdag, desember 14, 2006

SITT fungerer for ALT!

Ayla har blitt grundig opplært i at når ho vil oppnå eit eller anna, fungerer det å sette seg. Om ho vil ut døra, om ho vil leike med meg, om ho vil ha kos, ja sjølv om ho er aldri så overlykkeleg for at me kjem heim etter jobb så veit ho at ho må setje seg før me helser på henne.

På lørdag hadde Swejsan stoppa opp, og berre stod der. Eg såg på Ayla at ho ville at han skulle springe meir så ho kunne springe etter han, og jammen satte ho seg ned! Swejsan begynte å springe med ein gong, så ho fekk bevist nok ein gong at det å setje seg fungerer for alt! :-)

lørdag, desember 09, 2006

Tur på Bråstein med Vetle, Olaug, jentene og Swejsan.

Det var så fint vær i dag at me MÅTTE bare ta oss ein tur på Bråstein. Olaug og jentene ville også vera med, og det var så kjekt! :-)

Me møttest på parkeringsplassen og rusla innover.

Swejsan og Ayla sprang og koste seg i lag, og ensa mest ikkje dei andre hundane.
Me møtte på ei dame med rottweilertispe, og Ayla gjekk heilt bort til dama og dama klappa henne. Eg sa ingenting, og såg at Ayla lente seg inntil dama og syns det var heilt ok å bli kost med. Klikk til meg for at eg ikkje avbrøyt helsinga! :-)

Rottweilertispa og Ayla gjekk for å helse på ei lita vorstehertispe som kom gåande, og så begynte begge to å buldre og mobbe den nyankomne. Eg såg føre meg all verdens grusomme bilder påvirket av media, der to rottweilerar som kom samen dreper alt som krysser deira veg. Eg var skikkelig usikker på kva eg skulle gjera, men eg ville IKKJE gå inn i mølja og hente henne ut.

Det roa seg, og vorstehertispa blei plukka opp i armane av eigaren sin, noko som tirra dei to rottweilertispene, men då gjekk eg bort og tok Ayla roleg i halsbandet, og så var alt over.

Det høyres 100 gonger verre ut en det er, men eg var litt forbausa over at EG skulle vera så påvirka av media sin omtale av favorittrasen min... Hmm... betenkelig...

Resten av turen gjekk heilt fint, bortsett fra at ho kjefta på først ein skikkelig frekk og ufyselig amstaff-hann, og så ei innpåsliten rottweilertispe. Han med sistnevnte hund stod og klappa og snakka til hunden sin mens Ayla bjeffa på henne... Kjempelurt.. Det heile varte kanskje fem sekund og så var det over.

Må legge merke til om det helst er når Swejsan er med at ho skal tøffe seg, eller om ho generelt blir verre. Ho har ikkje kjefta slik før med mindre den andre hunden har gått bort til meg og fått kos.

Me gjekk nesten til endes, og traff ikkje så mange hundar til tross for det fine været.

Veldig fornøyd med at då det kom ein mann utan hund, kikka ho knapt på han før ho sprang vidare. Ingen busting, eller bjeffing, INGEN teikn til at ho syns han var skummel! Juhu!!

____________________________

Etterpå køyrde me og åt lunsj hjå Olaug og dei, og så hadde eg min første jamsession med Anders på piano og eg på saksofon (sjølvsagt). Eg og Olaug hadde også ein laaaang jamsession! Kjempekjekt!!!

torsdag, desember 07, 2006

Kven er me?

Kari Anne
profilepictureMitt namn er Kari Anne, eg er sambuar, bur i Iveland Kommune i Aust-Agder, og her har me budd sidan mai 2010. Nærmaste hundeklubb er Vennesla Hundeklubb som har treningsområde berre ti minutters køyretur heimefra.
Eg har instruktørutdanning hjå Fjellanger, og har holdt kvalpekurs og rallylydighetskurs.
Av interesser kan eg nevne i fleng: Klessøm, scrapping, kortlaging, snekring,musikk, film, bøker, hekling, baking, data og sjølvsagt HUND! Innan temaet hund er eg veldig opptatt av atferd, stress, kvardagslydighet, hundespråk, bruks (spor og rundering), rallylydighet og LP.




Ayla
Ayla er født med namnet Kimuras Femme Fatale den 27. juli 2005. Ho starta tidleg å vise teikn til å vera usikker på folk, og eg visste ikkje korleis eg skulle hjelpe henne. Trass i hennar usikkerhet, har me vore rundt og kursa oss i Rallylydighet, spor, feltsøk, klikkertrening, freestyle, aCIMG0646tferd, aktivisering, og ho har vore demohund på eit par av kursa eg sjølv har haldt.






I 2008 fekk Ayla ei skade i foten me etter mykje om og men fant ut var slark i korsbåndet i bakfoten. Etter månader med ro blei ho god igjen, og fekk eit halvt år utan halting før det kom att i andre foten. Nye månader med ro førte til ny god periode, men då ho starta å halte igjen, førte grundige CIMG0652undersøkelsar i både Sandnes og Bergen til funn av skada korsbånd i begge bakføtene. 


Dei var ikkje avslitne, og me valgte vekk operasjon fordi begge var skada og me difor ville risikert avsliting av det uopererte korsbåndet medan det opererte var til rekonvalens.







resize_image_-1214634245
Ayla fekk starte på kortison, fordi me trudde ho ikkje ville leve så veldig lenge, men med kortisonen blei ho betre og betre, og då me flytta til Iveland i mai 2010 hadde me håp om at ho ville leve til første snøfall. Det kom i oktober det året, og ho var framleis i god form. Eg gjekk gjennom ein lang periode med sorg over knuste draumar, og innsåg at Ayla nok fekk bli pensjonert. I januar 2011 fekk ho Calcinosis Cutis, etter bruk av kortisonen..





CIMG0667I skrivande stund, desember 2011, har ho eit godt liv utan smertestillande, ho får rusle på tur i lag med Emil og meg, og ho får leite på myra etter ballar i lag med Emil. I sommar og haust har humøret hennar blitt betre og betre, og ho leiker og herjer med Emil på ein måte eg ikkje har sett hjå henne sidan ho var unghund!



Emil
Jam.web6vEmil er fødd med namnet Searover Pearl Jemil den 18. januar 2010. Eit par veker før det hadde me fått beskjeden om Ayla sine korsbånd, og me trudde me hadde det travelt med å få oss overlappingshund. Eg hadde kikka på Searover Kennel sine heimesider og hadde nok bestemt meg for at det var damer eg stolte på. I mars reiste eg til Sverige og såg Emil for første gong i levande live, og falt pladask for denne gule, litle svensken!






Jemil6vweb
Medan eg var der, viste han teikn til å vera litt usikker på miljøet rundt seg, men eg bestemte meg for å ta han med meg heim likevel. Det måtte jo vera enklare å jobbe med miljøberørthet enn usikkerhet på folk!?
Joda, det har det vore, men det er ikkje berre berre å ha ein 30 kg hund som ikkje klarer heilt å slappe av på tur i meir urbane strok. Sjølv om me var og miljøtrente like mykje som med Ayla, og kanskje meir også, så har det ikkje heilt kurert berørtheten hans.


P200211_14.270002
Emil er spretten, rask, elsker å svømme, elsker snøen, elsker å vera med på langtur, elsker å vera med på trening, elsker å trene Ruta, elsker når me legg oss ned på golvet og gøymer andletet så han kan finne det og slikke oss, elsker å legga hovudet oppå foten min og sovne slik, ELSKER ELSKER ELSKER mat (men held seg heldigvis unna andre etelige ting)







PausehundEmil har også vore på ein del kurs allereie, og me har veldig lyst til å prøve på agility ein eller annan gong. Til nå har me vore innom rally, spor, rundering, LP og triks.


Mine draumar for Emil i framtida er å konkurrere i både LP og rally, og hvis me får dreisen på spor, kanskje også konkurrere i bruks. Enn så lenge driver Emil og virrer voldsomt i sporet, og får eg ikkje bukt med det, kan me berre gløyme å konkurrere.


SAM_1398bTrass i dystre utsikter ein periode, har Emil blitt ein behageleg innehund, samanlikna med slik Ayla var då ho var lita. Ho sov aldri, ho låg på hurtiglading.
Emil kan sove og sove og sove dersom EG sit i ro. Dersom eg beveger meg, følger han etter.

onsdag, desember 06, 2006

2,8 km tur uten bånd!!

Jepp, i går gjekk eg 2,8 km med Ayla uten å ha på henne bandet ein einaste gong! Ved den raude ringen bur me, og ved den rosa ringen bur det ein gneldrete beagle som står ute i band. Den gjekk me forbi ved hjelp av klikker og kalkunpølse.

Det kom to bilar, ein framanfrå og ein bakfrå. Begge gongene stansa ho litt, og så kom ho pilande inntil mi venstre side. Der bruker eg ikkje klikker lenger dersom eg ser at ho er roleg og ho tar godbitane roleg.

Der ved beagelen kom det ei dame ut av huset og gjekk bort til hunden, og Ayla snudde og skulle springe bort. Eg sa roleg: "Må komma her", og så snudde ho og kom tilbake. Juhu!!


Kvelden var nydelig med fullmåne og klar himmel. Ingen vind, men ganske kraftige bølger likevel. Dagen før var eg også ute med hundane, og då klarte eg knapt sette foten bein ned framføre meg! Sjølv langt inne på land fekk eg sjøsprøyt i ansiktet!

Men ikkje denne kvelden. Då var det berre månen, Ayla og meg. Van Morrison på øyra, og lommene fulle av pølsesmakande løfter til ein rottweiler som tok kontakt heile tida. Eg rekk ikkje å gøyme meg lenger, for ho har full peiling på kor eg er til alle tider. I alle fall når me går aleine.

I morgon blir det travelt, då skal eg til saksofontime klokka fem, og rett på lønningspils og bowling etterpå. Fredag har Vetle og eg fri og har planlagt ein julegavehandletur til Haugesund. Me tar Ayla med, og Joey blir hos husvertane. Det er i alle fall planen akkurat nå.

___________________________


I dag bestilte eg Click your way to rally obedience , Positive solutions for solving standard behavioral problems DVD og Help for your fearful dog - a step by step guide. Måtte benytte sjansen nå når dollaren er så låg... :-)

mandag, desember 04, 2006

Ei heil veke uten oppdateringar... Skamme seg, Kari Anne...

Ja, det har altså gått over ei veke uten oppdateringar i bloggen, og slikt går ikkje an!

Kva har me gjort sidan sist då?

Jo, me var på ein kveldstur på fredag, og då me kom til Vistnestunet, frå sjøen, var det fullt i folk der. Eg begynte å bli nervøs allerede nede ved sjøen, og fant ut at det beste var å la Ayla gå i laust band der ho ville, og Joey tett ved sida av meg. Joey kan jo finne på å bjeffe både på ungar og voksne menn, så eg tenkte at han fekk halde seg inntil meg.

Då me kom inn på gårdstunet, såg Elna oss og sa til ungane at dei ikkje måtte gå bort til hundane som kom gåande. Thank you Elna!!! :-)

Så skulle me gjennom porten, og på andre sida stod det MINST åtte voksne, inkludert Rolf som Joey ALLTID bjeffer infernalsk på. Den kvelden kom det ikkje ein lyd! Ayla derimot, sprang bort og helste med låg hale, og blei tilbedt og klappa og ruska på av Rolf. Beina mine skalv sånn at eg skjønner ikkje at eg klarte å stå oppreist. Eg frykta det verste; at Joey skulle begynne å bjeffe og på den måten få Ayla til å tru at alt var skummelt.
Istadenfor så stod han berre der ved sida av meg og var storfornøyd med alle godbitane han fekk. Det stod til og med ein mann bare halvannen meter fra han, men han brydde seg ingenting.

Då Ayla hadde fått tilstrekkelig med kos og klapp, sa eg med forbausande klar stemme: "Må du komma, Gullet, nå ska me heim", og alle syns ho var sååå søt. :-) Enten det, eller så flirte dei av meg som kalla den svære rottweileren for Gullet.
Eg svevde nesten heim...


_____________________________
Ellers har det blitt lite organisert trening.
Me tar eit par utgangsstillingar på kvar luftetur, og eg har begynt å bruke håndteikn når eg vil ho skal kome og gå ved sida av meg. Då går ho dønn ved mi venstre side og kikker opp på meg.


Vetle har gått meir tur med henne i det siste, og nå har eg ikkje lenger frimerke inne. Nå kan ho faktisk gå inn på dataromet og legge seg i sofaen der! For å sove!

_____________________________

Lørdag hadde me besøk av Olaug og Anders, og ho helste fint då dei kom inn. Eg var litt bekymra for Anders, for han har ikkje vore her på lenge. Det gjekk strålande!
Ho var roleg og fin heile kvelden, og når besøket skulle ut for å ta røykepausar, blei ho med for å leike med Swejsan som låg i bilen. Dei koser seg så når dei får springe i lag! Det er ei lyst å sjå på!



Og natt til søndag var det stille i 9,5 timar!
_____________________________

Ellers har eg begynt å trene på at ho skal ligge med hovudet i golvet mens eg et frokost. Tidlegare har ho fått ein og annan smule ved å enten lukke kjøkkendøra, gå inni buret, rygge, dekke kjapt, sitte, kva som helst. Nå får ho berre om ho ligg paddeflatt. Og det funker finfint! Juhu!

Ho stjel framleis tøflene mine, men nå legg ho seg i stolen og legger hovudet oppå tøffelen før ho sovner. Først då går me og henter den. Ho tygg ikkje lenger på dei, så me er rimelig trygge på at ho gjer det for å få oppmerksomhet.

_____________________________

Kva ellers?

Ja, ho bryr seg ikkje om lyden frå saksofonen lenger, heller. Til å begynne med sprang ho rundt i stova og oppførte seg rart når eg spelte. Nå rusler ho inn på datarommet og legg seg hos Vetle.

Hmm.. rart at alle rømmer stova når eg speler.... :-)